7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Det administrative arbeidet knytt til det foreslåtte statslånet til Latvia blir gjort i Finansdepartementet. Det er venta at arbeidsbyrda blir avgrensa og kan dekkjast innanfor eksisterande budsjettrammer. Lånet blir finansiert gjennom lån i marknaden eller ved trekk på statens kontantbehaldning.
Det er lagt opp til at finansieringskostnader, administrative kostnader og kompensasjon for kredittrisiko blir dekt gjennom den avtala renta. Finansdepartementet reknar ikkje med at det er behov for å be om løyving til tapsavsetning. Statens fordringar på den latviske staten har truleg prioritet etter IMFs fordringar, sidan IMF i tråd med hevdvunnen praksis har ein særleg status ved ei eventuell reforhandling av Latvias gjeld, og likt med andre fordringar på den latviske staten.
Regjeringa ber i denne proposisjonen om fullmakt til å inngå ein avtale om lån på 378 mill. euro frå den norske staten til den latviske staten knytt til Latvias IMF-program. Med utgangspunkt i valutakursen 8. april tilsvarer det om lag 3,0 mrd. norske kroner. I inneverande budsjettår blir utbetalingar under låneavtalen anslått til 231 mill. euro, tilsvarande 1 837 mill. kroner basert på valutakursen den 8. april. I tråd med dette foreslår Regjeringa ei løyving på 1 837 mill. kroner i statsbudsjettet for 2010 på kap. 1646 Lån til utlandet, post 90 Lån til Republikken Latvia.