Forslag til vedtak om lån frå den norske staten til den latviske staten
I
I statsbudsjettet for 2010 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
(NY) 1646 | Lån til utlandet: | ||
90 | Lån til Republikken Latvia, blir løyvd med | 1 837 000 000 |
II
Stortinget samtykkjer i at den norske staten i 2010 kan inngå ein avtale om lån til den latviske staten innanfor ei ramme på 378 mill. euro, i samsvar med dei vilkåra som det er gjort greie for i Prop. 112 S. (2009–2010).