Forslag
til vedtak om utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån
I
Stortinget samtykker i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av utbygging av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad). Vilkåra går fram av denne proposisjonen.
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å redusere takstane i Vegpakke Harstad basert på lågare berekneteknisk rente i tråd med føringane i føreliggjande proposisjon. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i innkrevjingsopplegget i Vegpakke Harstad frå tovegsinnkrevjing til einvegsinnkrevjing etter ein dialog med lokale styresmakter.
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å redusere takstane i prosjekt som tidlegare er handsama av Stortinget, men der innkrevjinga ikkje er starta opp pr 20. juni 2014. Denne fullmakta skal gjelde for dei prosjekta som er omtala i pkt. 7.2, og vere basert på lågare berekneteknisk rente og i tråd med føringane i føreliggjande proposisjon. Det er ein føresetnad at det ligg føre vedtak frå garantistane i det aktuelle prosjekt om dette.