8 Garantiar
Som det går fram av kap. 3, har Harstad kommune og Troms fylkeskommune fatta vedtak om å stille ein garanti for eit lån på til saman 745 mill. kr.
Den kommunale og fylkeskommunale garantien er føresett godkjent av høvesvis fylkesmannen i Troms og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Garantistane sine utlegg kan dekkast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.