5 Utbygging og finansieringsopplegg
Finansieringa av Vegpakke Harstad er basert på innkrevjing av bompengar, samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1.
Tabell 5.1 Finansieringsplan
mill. 2014-kr | |||
---|---|---|---|
2014–2017 | 2018–2023 | Sum | |
Statlege midlar | 356 | 184 | 540 |
Fylkeskommunale midlar1 | 41 | 12 | 53 |
Kommunale midlar | 20 | 11 | 31 |
Bompengar2 | 736 | 190 | 926 |
Sum | 1 153 | 397 | 1 550 |
1 Ekskl. fylkeskommunale midlar på 40 mill. kr til auka kollektivtilbod i bompengeperioden.
2 Inkl. bygging av bomstasjonar.
Statlege midlar
Riksvegprosjekta i Vegpakke Harstad er kostnadsrekna til 1 184 mill. kr. Av dette er det lagt til grunn 540 mill. kr i statlege midlar til tiltak innafor programområda, fordelt med 356 mill. kr i perioden 2014–2017 og 184 mill. kr etter 2017. Samanlikna med dei lokalpolitiske vedtaka har staten etter avtale med lokale styresmakter auka det statlege bidraget med om lag 370 mill. kr inkl. kompensasjon for auka meirverdiavgift etter opphevinga av vegfritaket.
Fylkeskommunale midlar
Dei fylkeskommunale prosjekta er kostnadsrekna til 162 mill. kr. I tråd med vedtak av 7. juni 2011, pkt. 4, har Troms fylkeskommune vedteke å løyve 64 mill. kr til prosjektet i 2014-prisar. Av dette skal 40 mill. kr nyttast til å auke kollektivtilbodet og 24 mill. kr til fylkeskommunale prosjekt i pakka.
Den fylkeskommunale løyvinga er vedteken før ny meirverdiavgiftsordning. Etter opphevinga av vegfritaket er det venta at total meirverdiavgiftsbelastning for dei fylkeskommunale prosjekta blir på om lag 29 mill. kr. Fylkeskommunen får kompensasjon frå staten for betalt meirverdiavgift. I finansieringsplanen er det difor føresett at fylkeskommunen dekker meirverdiavgifta på dei fylkeskommunale prosjekta.
Kommunale midlar
Dei kommunale prosjekta er kostnadsrekna til 164 mill. kr som i utgangspunktet er føresett finansiert med bompengar. Etter oppheving av vegfritaket er det venta at total meirverdiavgift for dei kommunale prosjekta blir på om lag 31 mill. kr. I finansieringsplanen er det difor føresett at kommunen dekker meirverdiavgifta på dei kommunale prosjekta.
Bompengar og bompengeopplegg
I tråd med lokalpolitiske vedtak er det lagt opp til parallellinnkrevjing av bompengar i 8 automatiske bomstasjonar (AutoPASS). Det er føresett innkrevjing i begge retningar. Som vist i figur 4.1 er det lagt opp til bomstasjonar på følgjande stader:
Rv 83 ved Kanebogen
Skaunveien
Steinveien
Kongsveien 10
Rv 83 ved Lokket
Tunnel/ny veg
Skolegata (etter ny rundkjøring på veg mot sentrum)
Samasjøveien
Det er lagt opp til å starte innkrevjinga i 2015.
Det er lagt til grunn følgjande bompengetakstar (2014-kr):
Lette køyretøy: | 11 kr |
Tunge køyretøy (over 3 500 kg): | 22 kr |
Bompengetakstane er føresett justerte i samsvar med prisutviklinga.
Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn for vurdering av bompengepotensialet:
Innkrevjingsperiode: om lag 15 år
Trafikkgrunnlag: 59 400 køyretøy per døgn
Årleg trafikkvekst: 0,4 pst.
Årleg prisstiging: 2,5 pst.
Lånerente: 6,5 pst.
Bruk av brikke: 80 pst.
Årlege innkrevjingskostnader: 24 mill. kr
I dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn ein rabatt på 20 pst. ved bruk av brikke og forskotsbetaling. I Meld. St. 26 (2012–2023) er det lagt opp til ei flat rabattordning med 10 pst. rabatt for alle køyretøy ved bruk av brikke. Samferdselsdepartementet legg difor til grunn ein rabatt på 10 pst. ved bruk av brikke, både for lette og tunge køyretøy.
Rabatt- og fritaksordningar blir etter dette som følgjer:
Bruk av brikke: 10 pst. rabatt
Timesregel: bilistane betaler berre for ei passering per time
Passeringstak: bilistane betaler for maksimum 60 passeringar per køyretøy i kalendermånaden
Elles er det føresett rabattar/fritak for betaling i samsvar med gjeldande takstretningsliner. Alle rabatt- og fritaksordningar føreset bruk av brikke.
Med 3 pst. tunge køyretøy er gjennomsnittleg inntekt per passering rekna til 4,85 kr i første året med bompengeinnkrevjing.
Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er dei samla bompengeinntekter rekna til om lag 1 700 mill. kr i 2014-prisar. Av dette er om lag 890 mill. kr føresett nytta til investeringar i prosjekt og tiltak innafor Vegpakke Harstad, om lag 40 mill. kr til etablering av bomstasjonar, om lag 410 mill. kr til å dekke finansieringskostnader og om lag 360 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.
Som omtalt i Prop. 97 S (2013–2014), legg regjeringa opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. Det overordna målet for dei nye selskapa er å sørgje for effektiv bompengefinansiering av transportinfrastruktur gjennom effektiv innkrevjing og gode finansieringsvilkår. For å spare bilistane for å dekke store løpande finansieringskostnader, vil regjeringa òg innføre ei rentekompensasjonsordning for bompengelån, samt ei overgangsordning for denne, jf. nærare omtale i pkt. 7.
I samband med KS2 for Vegpakke Harstad tilrådde ekstern kvalitetssikrar at det blir vurdert ei noko anna innretning på bompengeopplegget, mellom anna einvegs innkrevjing.
Samferdselsdepartementet legg i første omgang til grunn eit bompengeopplegg som omtalt ovanfor, med tovegs innkrevjing i 8 innkrevjingspunkt, i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka. Departementet legg likevel opp til at det kan gjerast endringar i takst- og innkrevjingsopplegget for Vegpakke Harstad, jf. mellom anna ekstern kvalitetssikrar si tilråding av einvegsinnkrevjing, og overgangsordninga for rentekompensasjonsordning i pkt. 7.
Tabell 5.2 viser kalkulerte bompengetakstar, finansieringskostnader og innkrevjingskostnader ved ulike rentesatsar ved tovegs- og einvegs bompengeinnkrevjing. Bompengebidraget til investeringar, inkl. etablering av bomstasjonar, er føresett uendra. Alternativ rente på 2,8 pst. er sett ut frå gjeldande 10-års statsobligasjonsrente.
Tabell 5.2 Takstnivå ved ulike føresetnader
mill. 2014-kr | ||||
---|---|---|---|---|
Tovegs innkrevjing | Einvegs innkrevjing | |||
Lånerente | 6,5 pst. | 2,8 pst. | 6,5 pst. | 2,8 pst. |
Takst | 11 kr | 9,40 kr | 21,40 kr | 18,10 kr |
Finansieringskostnader | 410 mill. kr | 160 mill. kr | 410 mill. kr | 160 mill. kr |
Innkrevjingskostnader | 360 mill. kr | 360 mill. kr | 300 mill. kr | 300 mill. kr |
Dersom effekten av ein reduksjon i lånerenta frå 6,5 pst. til 2,8 pst. i staden blir nytta til å redusere innkrevjingsperioden, er det rekna med at dette vil føre til om lag to år kortare nedbetalingstid.