10 Produktavgift på førstehandsomsetning av fisk
Av næringsinntekt skal det normalt svarast 11 pst. trygdeavgift, mens satsen er 7,8 pst. for lønnsinntekt. Næringsdrivande i primærnæringane betaler også 7,8 pst. trygdeavgift. I fiskerinæringa blir mellomlegget opp til 11 pst. dekt av ei særskilt produktavgift. Det skal svarast produktavgifta av all fangst frå norskregistrerte fartøy. Produktavgifta skal, forutan å dekkje mellomlegget i trygdeavgifta, òg dekkje kollektiv medlemspremie til yrkesskadetrygd, kollektiv forsikring for tilleggssjukepengar for manntalsførte fiskarar og utgifter i samband med stønad til arbeidsledige i næringa. I statsbudsjettet for 2010 blei det vedteke å setje produktavgifta til 2,9 pst. for 2010. I brev 30. april 2010 tilrår Fiskeri- og kystdepartementet at satsen blir oppjustert med 0,2 prosentpoeng til 3,1 pst. frå og med 1. juli 2010. I brevet frå Fiskeri- og kystdepartementet heiter det mellom anna:
«Fiskeri- og kystdepartementet har innhentet ny mengde- og prisprognose for 2010, oppdaterte opplysninger om innbetalt produktavgift, kostnader knyttet til utbetalt syketrygd og arbeidsledighetstrygd for fiskere.
Den reviderte prognosen for 2010 tilsier at det er grunnlag for å endre avgiftssatsen for produktavgiften for andre halvår 2010 i forhold til tidligere prognoser. (...)
De nye beregningene på grunnlag av revidert prognose over førstehåndsverdi og utgiftssiden viser at riktig sats på produktavgiften vil være 3,0 % (avrundet fra 2,97) for hele 2010, noe som ville gitt en avgift på 3,1 % for andre halvår. Dette er en økning på 0,2 prosentpoeng i forhold til opprinnelig sats.»
Fiskeri- og kystdepartementet gjer merksam på at ein vanlegvis ikkje har endra satsen midt i året dersom avviket frå den gjeldande satsen har vore mindre enn 0,5 prosentpoeng. Når ein i år likevel går inn for ei slik endring, heng det saman med at det over fleire år har vore ubalanse mellom inn- og utbetalingar i ordninga, slik at tidligare overskott er brukt opp.