Forslag til lov om endring i lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)
I
I lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) gjer ein følgjande endring:
§ 23 første ledd første punktum skal lyde:
Ein person eller eit føretak kan per kalenderår ikkje omsetje fangst som er teken med fartøy som ikkje er merkeregistrert, eller frå land, for meir enn den summen som er fastsett i lov 19. juni 2009 nr 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven) § 2-1 første ledd første punktum.
II
Endringslova tek til å gjelde straks.