Prop. 137 LS (2009–2010)

Trygdeoppgjeret 2010 og endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)

Til innhaldsliste

A Forslag til lov om endringar i lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)

I

I lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg skal § 5 første ledd lyde:

Full supplerande stønad skal vere

  1. 2,0 gonger grunnbeløpet for einslege stønadstakarar

  2. 2,5 gonger grunnbeløpet for personar med ektemake under 67 år

  3. 1,85 gonger grunnbeløpet for kvar av ektemakane når begge har fylt 67 år.

II

Lova her trer i kraft straks og blir gitt verknad frå 1. mai 2010.

Til forsida