Prop. 22 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2014 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Føremål og hovudoversikt

1.1 Føremål

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2014. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2014 vart vedteke.

På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verkty for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama samla og formaliserte på rett måte. Regjeringa er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som kravet om realistisk budsjettering er handsama.

Omgrupperingsproposisjonen for 2014 tek føre seg naudsynte budsjettekniske endringar. I tillegg er meirinntekter for 2014 føreslåtte formaliserte og tilleggsløyvingar føreslåtte. Totalt utgjer omgrupperinga for 2014 ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 340,823 mill. kroner. I tillegg føreslår regjeringa å auke enkelte bestillingsfullmakter.

1.2 Tilleggsløyvingar

Militærhospitalet

Forsvarsdepartementet ved Forsvarsbygg har inngått ein leigekontrakt med Stiftelsen Militærhospitalet om leige av Militærhospitalet på Grev Wedels plass 1 frå 15. august 2014 og i 10 år framover. Bygninga sitt bulege, dvs. nærleiken til Forsvarsdepartementet og lokalane til Statsministerens kontor (SMK), gjer at det av tryggleiksmessige årsaker er ønskeleg å ha kontroll over bygninga og bruken av ho.

Leigeutgifta utgjer 5,500 mill. kroner pr. år. I tillegg kjem fellesutgifter på 0,940 mill. kroner pr. år. For 2014 utgjer dette meirutgifter på 2,500 mill. kroner som søkjast tilleggsløyvd på kap. 1700, post 01 i 2014.

Bruken av lokalane er foreløpig ikkje vedteken. Forsvarsdepartementet har likevel som målsetjing at bygget skal leigast ut, og at inntektene skal dekkje Forsvarsdepartementets meirutgift knytt til bygninga.

Det er på denne bakgrunnen føreslått at forsvarsramma på kap. 1700, post 01, aukast med 2,500 mill. kroner i 2014.

Særskilt kompensasjonsordning for psykiske belastningar

Den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar med psykiske belastningsskadar er ei ordning kor veteranar har rett på å få fortløpande utbetalingar, baserte på den til ein kvar tid behandla og godkjende mengden søknadar. Forsvarsdepartementet har ingen innverknad på det beløpet som årleg betalast ut.

Det er fleire forhold som har ført til at ordninga har blitt meir omfattande enn ein først antok. Det har blitt fremma vesentleg fleire krav etter ordninga, og i dei sakane som er gitte medhald, har den varige ervervsuførleiken vist seg å vera høgare enn kva som opphavleg var venta. Statens pensjonskasse har vidare justert sin handsaming av saker etter klagenemnda si praksis, noka som har resultert i høgare og fleire utbetalingar etter 65 G-ordninga.

SPK har i sin rapport for september informert Forsvarsdepartementet om at det er fremma færre tal på søknadar om kompensasjon enn tidligare. Kombinert med at saker er behandla raskare medfører dette at talet på saker under arbeid går ned. Det kan også presiserast at ordninga gjeld for personell som har tenestegjort i perioden 1978–2010, og at det dermed er eit fast tal personer som vil omfattast av ordninga.

Det føreslås på denne bakgrunn at forsvarsramma på kap. 1719, post 21, aukast med 100,000 mill. kroner i 2014.

1.3 Rammeoverføring – utstyr til gradert videokonferanse

Statsministeren sitt kontor nyttar Forsvaret sitt system for gradert videokonferanse. I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2014 blei løyvinga under kapittel 400, post 01 auka med 4,000 mill. kroner for at Justis- og beredskapsdepartementet skal kunne ta i bruk graderte videokonferansar i forbindelse med utøving av rolla som fast leiardepartement i sivile kriser. Leveransane vil skje i regi av Forsvaret. Justis- og beredskapsdepartementet har gjort dei naudsynte, tekniske førebuingane og har bestilt dei aktuelle systema av Forsvarsdepartementet. Det er på bakgrunn av dette føreslått å auke løyvinga under Forsvarsdepartementet, kapittel 1740 Forsvaret logistikkorganisasjon , post 01 Driftsutgifter med 4,000 mill. kroner, mot å redusere løyvinga under kapittel 400, post 01 tilsvarande.

1.4 Grunnlaget for omgrupperinga

1.4.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedteke budsjett for 2014, midlar overførte frå 2013 og seinare endringar gjorte av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2014.

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2014, kjem fram slik (i 1 000-kroner):

Saldert budsjett 2014

43 029 086

Innst. 260 S (2013–2014) til Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014 (RNB)

391 345

Innst. 307 S (2013–2014) til Prop. 117 S (2013–2014) Endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap» («soldatproposisjonen»)»

10 719

Innst. 278 S (2013–2014) til Prop. 98 S (2013–2014) Endringar i «Gjennomføring av Joint Strike Missile utvikling trinn 3»

200 000

Prop. 7 S (2013–2014) Endringar i «Håndtering av terrortrusselen mot Norge sommeren 2014 og skogsbrannhelikopter»

8 740

Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2014

392 914

= Faktisk løyving før omgruppering

44 032 804

+ Midlar overførte frå 2013

3 823 290

= Disponible midlar i 2014 før omgrupperinga

47 856 094

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2014, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Saldert budsjett 2014

5 449 825

Innst. 260 S (2013–2014) til Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014 (RNB)

128 495

Prop. 7 S (2013–2014) Endringar i «Håndtering av terrortrusselen mot Norge sommeren 2014 og skogsbrannhelikopter»

1 200

= Løyvingar før omgruppering

5 579 520

1.4.2 Inntekter i 2014

I høve til saldert budsjett for 2014, med dei seinare endringane gjorte av Stortinget, er ei meirinntekt på 262,048 mill. kroner, kor 234,323 mill. kroner er føreslått lagt til utgiftsida. Den budsjettmessige verknaden av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2014 er 27,725 mill. kroner. Desse midlane vart fordelte på utgiftssida i samband med lønsoppgjeret. Meirinntektene medfører ein parallell auke av Forsvarets utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2013–2014) under romartalsvedtak II. Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og beskriven i detalj under pkt. 2 under.

1.4.3 Løyvingsbehov

Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytte til omgrupperinga for 2014.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førte til utgiftssida

234 323

Tilleggsløyvingar

102 500

Rammeoverføring

4 000

= Sum behov ved omgrupperinga

340 823

+ Løyvingar før omgrupperinga

44 032 804

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

44 373 627

+ Midlar overførte frå 2013

3 823 290

= Samla disponible midlar i 2013 etter omgrupperinga

48 196 917

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1000 kroner):

Meirinntekter

262 048

+ Løyvingar før omgrupperinga

5 579 520

= Løyvingar etter omgrupperinga

5 841 568

På bakgrunn av dette føreslår regjeringa under forslag til vedtak, at utgiftsramma er auka med 340,823 mill. kroner, og at inntektsramma er auka med 262,048 mill. kroner.