2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå
Kap. 1700 Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 371 578 | 374 885 | 431 142 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 56,257 mill. kroner.
Løyvinga på posten er føreslått auka med 50,000 mill. kroner i samband med vidarefakturering av lønsutgifter, driftsutgifter relatert til bruk av informasjonsteknologi og utgifter knytte til eigedom, bygg og anlegg (EBA), husleige mv., sjå kap. 4700. Posten er vidare føreslått auka med 1,220 mill. kroner, omdisponert frå kap. 1719, post 01, knytt til upårekna mykje bruk av overtid etter handtering av terrorberedskapen i sommar og andre ekstraordinære situasjonar i 2014. Posten er vidare føreslått auka med 0,600 mill. kroner, omdisponert frå kap. 1719, post 01, i samband med at særavtalen om økonomiske vilkår for personell som tenestegjer ved stasjonar, NATO-stabar og andre einingar i utlandet er revidert.
Det er vidare føreslått å auke posten med 1,000 mill. kroner, omdisponert frå kap. 1719, post 21, knytt til drift av sekretariatet for klagenemnda for kompensasjonsordninga for veteranar. Vidare er det føreslått å auka posten med 1,000 mill. kroner, omdisponert frå kap. 1719, post 43, til å dekkje utgifter til eit utval som skal utreda modernisering av verneplikten i tråd med Forsvarets behov. Det er føreslått ein auke av posten på 2,500 mill. kroner grunna meirutgifter i samband med leige av Militærhospitalet på Grev Wedels plass 1.
Posten er føreslått redusert med 0,063 mill. kroner som omdisponerast til kap. 1723 i samband med oppretting av kurssenter for førebyggjande tryggleik.
Kap. 4700 Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 2 246 | 2 246 | 52 246 |
Post 01 Driftsinntekter
Det er føreslått å auka posten med netto 50,000 mill. kroner. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside, og medfører såleis ein parallell auke av utgiftsramma på kap. 1700, post 01. Bakgrunnen for auken er innføring av ny standard kontoplan frå 1. januar 2014 som inneber ein endring i rutinane for budsjettering av inntekter. Omlegginga er ein teknisk endring og medfører ingen reell endring av Forsvarsbudsjettet si utgiftsside.
Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 3 034 794 | 3 060 248 | 3 083 185 |
46 | Ekstraordinært vedlikehald og komponentutskifting | 164 366 | 164 366 | 190 366 |
47 | Nybygg og nyanlegg | 1 588 411 | 1 679 811 | 1 654 811 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 22,937 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 50,000 mill. kroner frå kap. 1761, post 47 og kap. 1760, post 45 til dekking av meirbehov til pensjonsforpliktingar.
Posten er vidare føreslått redusert med 0,063 mill. kroner som er omdisponert til kap. 1723 for oppretting av kurssenter for førebyggande tryggleik. Posten er redusert med 27,000 mill. kroner grunna reduksjon av inntektsanslaget på kap. 4710, post 47.
Post 46 Ekstraordinært vedlikehald og komponentutskifting
Løyvinga på posten er føreslått auka med 26,000 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 26,000 mill. kroner frå kap. 1710, post 47 for å dekkje utgifter til ekstraordinært vedlikehald på fire festningsverk.
Post 47 Nybygg og nyanlegg
Løyvinga på posten er føreslått redusert med 25,000 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 1,000 mill. kroner som er omdisponert frå kap. 1760, post 45 for å ferdigstille prosjekt Datarom i Forsvarsdepartementet.
Posten er føreslått redusert med 26,000 mill. kroner som er omdisponert til kap. 1710, post 46, for å dekkje inn utgifter til ekstraordinært vedlikehald på fire festningsverk.
Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 3 882 404 | 3 882 404 | 3 828 709 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 53,695 mill. kroner.
Posten er føreslått redusert med 27,000 mill. kroner som følgje av redusert inntektsanslag på NATO sitt Investeringsprogram for Sikkerhet. Posten er vidare føreslått redusert med 50,667 mill. kroner grunna ein teknisk reduksjon av kapitalelementet. Utgiftssida for ymse kapittel er redusert tilsvarande. Posten er vidare auka med 23,972 mill. kroner som følgje av verknaden av lønsoppgjeret i 2014.
Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 254 421 | 270 592 | 264 851 |
21 | Spesielle driftsutgifter, | 135 875 | 267 875 | 366 875 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | 14 830 | 14 830 | 2 627 |
71 | Tilskudd til organisasjonar | 71 865 | 69 365 | 69 225 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 5,741 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 0,140 mill. kroner, omdisponert frå kap. 1719, post 71 knytt til ymse historiske markeringar i inn- og utland.
Posten er føreslått redusert med 0,480 mill. kroner for å dekkje meirutgifter i samband med auka timeprisar frå Aerospace Industrial Maintenance Norway (AIM), og ein reduksjon på 0,800 mill. kroner, omdisponert til kap. 1740 post 01, til kjøp av jernbanevogner for frakt av tungt gods. Posten er føreslått redusert med 1,220 mill. kroner, omdisponert til kap. 1700 post 01. Posten er vidare føreslått redusert med 0,600 mill. kroner, omdisponert til kap. 1700 post 01, i samband med revidert særavtale om økonomiske vilkår for personell som tenestegjer i utlandet. Posten er redusert med 2,781 mill. kroner for å tilpasse Forsvarsbyggs faktiske avsetjing til kapitalelementet.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 99,000 mill. kroner
Det er føreslått ein auke av posten på 100,000 mill. kroner grunna meirutgifter i samband med den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar med psykiske belastningsskadar.
Det er vidare føreslått å gruppere om 1,000 mill. kroner til kap. 1700, post 01 knytt til drift av sekretariatet for klagenemnda for kompensasjonsordninga for veteranar.
Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet
Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 12,203 mill. kroner.
Midlane er føreslått omdisponerte til følgjande kapittel:
1,000 mill. kroner til kap. 1700 til dekking av utgifter til vernepliktsutvalet.
1,064 mill. kroner til dekking av meirutgifter drivstoff og CO2-avgift.
0,356 mill. kroner til kap. 1733 for delvis dekking av meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM.
8,500 mill. kroner til kap. 1732 for å dekkje auka utgifter knytt til ny Memorandum of Agreement for Joint Warfare Centre ved KNM Harald Hårfagre.
1,203 mill. kroner til kap. 1732 for å dekkje utgifter i samband med nærvær av ein korvett i Cardiff, Wales under NATOs toppmøte.
0,080 mill. kroner til eit forskingsprosjekt om Andre Verdskrigen ved Institutt for forskingsstudiar.
Post 71 Tilskot til organisasjonar
Løyvinga på posten er føreslått redusert med 0,140 mill. kroner.
Det er føreslått at 0,140 mill. kroner er overførte til kap. 1719, post 01 knytt til historiske markeringer i inn- og utland.
Kap. 1720 Felles leiing og kommandoapparat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 3 872 711 | 3 776 183 | 3 840 556 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 64,373 mill. kroner
Posten er føreslått auka med 37,140 mill. kroner knytt til opprettinga av alarmsentralen på Haakonsvern, sentralfinansiering av nettverksbasert forsvar-prosjekter samt auka utgifter for innleige av konsulentar til Helpdesk for Forsvaret, ei auking på 25,500 mill. kroner som følgje av meirutgifter alliert trening ved Alliert treningssenter (ATS), med tilhørande meirinntekter (kap. 4720), og ein auke på 4,400 mill. kroner frå kap. 1792, der midlane er føreslått nytta til oppretting av jegertropp for kvinner ved Forsvarets spesialkommando.
Posten er vidare føreslått auka med 3,520 mill. kroner frå kap. 1792 som følgje av auka grunnlønsutgifter ved internasjonale operasjonar, 3,614 mill. kroner frå kap. 1731 som følgje av justert fordeling knytt til reinhald og intern effektivisering i samband med oppretting av Forsvarets spesialstyrker som eigen driftseining i Forsvaret. Det er vidare føreslått ein auking på 6,764 mill. kroner omdisponert frå kap. 1731 knytt til fellesoperative øvingar, 0,700 mill. kroner er føreslått omdisponert frå kap. 1792 til dekking av meirutgifter til førebuing og rekognosering ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) i samband med NATO-landbidraget i Latvia. Det er vidare føreslått ein auke med 15,000 mill. kroner frå kap. 1760, postane 44, 48 og 75, og 10,000 mill. kroner omdisponert frå kap. 1760, post 01 for å finansiere innføring av Forsvarets nye system for personellforvaltning og kompetansestyring (HRM-prosjektet) i 2014. Posten er tilført 0,080 mill. kroner frå kap. 1719, post 01 knytt til ein vidareføring av forskinga på omstilling ved Institutt for forsvarsstudiar.
Posten er vidare føreslått redusert med 6,537 mill. kroner til dekking av Luftforsvaret sine meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM. Det er føreslått ein reduksjon av posten med 12,006 mill. kroner som er omdisponert til kap. 1733 som følgje av etablering av Nasjonalt luftoperasjonssenter (NAOC)/Luftforsvaret, ein reduksjon på 8,594 mill. kroner som er omdisponert til kap. 1725 for å dekkje deler av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn og bonus til avdelingsbefal, samt ein reduksjon på 2,400 mill. kroner som er føreslått omdisponerte til kap. 1731 er knytt til kurs for operasjoner under vintertilhøve. Vidare er 1,600 mill. kroner omdisponerte til kap. 1731 (0,850 mill. kroner) og 1733 (0,750 mill. kroner) i samband med eit PhD-stipendiat ved Krigsskulen og Luftkrigsskulen.
Vidare er det føreslått ein reduksjon på 1,500 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1721, post 01 som følgje av at utgiftene i samband med oppretting av kap. 1721 feilaktig vart budsjetterte på kap. 1720, men belasta kap. 1721. Vidare er det føreslått ein reduksjon av posten med 2,390 mill. kroner knytt til kurs, velferdstenesta, tenestehundar, personell i internasjonal teneste og overføring av eit årsverk frå FOH til E-tenesta. Posten er redusert med 7,318 mill. kroner for å tilpasse Forsvarsbyggs faktiske avsetjing til kapitalelementet.
Kap. 4720 Felles leiing og kommandoapparat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 67 925 | 102 925 | 132 325 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 29,400 mill. kroner.
Inntektene er føreslått auka med 29,400 mill. kroner knytt til inntekter frå alliert trening ved Alliert treningssenter. Inntektene har ein tilsvarande utgiftsside, og medfører difor ein parallell auke av Forsvarets utgiftsramme på kap. 1720 og kap. 1721.
Kap. 1721 Felles leiing av Forsvarets spesialstyrkar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 32 363 | 33 280 | 38 415 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 5,135 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 3,900 mill. kroner knytt til meirutgifter frå alliert trening ved Alliert treningssenter, med ein tilsvarande inntektsside, sjå kap. 4720. Vidare ein auke på 1,500 mill. kroner som er føreslått omdisponerte frå kap. 1720 som følgje av at utgiftene i samband med oppretting av kap. 1721 feilaktig vart budsjetterte på kap. 1720, men belasta kap. 1721.
Posten er føreslått redusert med 0,058 mill. kroner til dekking av Luftforsvarets meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM. Posten er vidare føreslått redusert med 0,207 mill. kroner knytt til oppretting av alarmsentralen på Haakonsvern, sentralfinansiering av nettverksbasert forsvar-prosjekter samt auka utgifter for å leige inn konsulentar til Helpdesk for Forsvaret, innleige av konsulentar, samt avgang med redusert løn og bonus til avdelingsbefal.
Kap. 1723 Nasjonalt tryggingsorgan
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 198 466 | 205 011 | 215 101 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 10,090 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 9,100 mill. kroner, som følgje av meirinntekt på kap. 4723 post 01, til dekking av utgifter til avhaldne kurs, tenester til betalande medlemmer i NorCert og andre tenester med brukarbetaling. Posten er vidare føreslått auka med 1,026 mill. kroner frå kap. 1700, 1710 og 1725 for etablering av ei stilling ved nytt kurssenter for førebyggande tryggleik.
Posten er redusert med 0,036 mill. kroner for å tilpassa Forsvarsbyggs faktiske avsetjing til kapitalelementet.
Kap. 4723 Nasjonalt tryggingsorgan
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 4 868 | 4 868 | 13 968 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 9,100 mill. kroner.
Auken skuldast refusjon av reiseutgifter (0,800 mill. kroner), refusjon av lønsutgifter (1,200 mill. kroner), innbetaling av ikkje-budsjetterte kursavgifter (2,300 mill. kroner), meirinntekt knytt til betalande medlemmer og partnarar i Nasjonal tryggingsorgan (NSM) NorCERT (2,300 mill. kroner) samt annan brukarbetaling (2,500 mill. kroner).
Meirinntektene medfører ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og –utgifter under Forsvarsstaben
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 2 013 488 | 2 057 634 | 2 100 216 |
70 | Renter låneordning | 5 793 | 5 793 | 7 193 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 42,582 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 60,939 mill. kroner for finansiering av meirutgifter knytte til bustad og kvarter i Oslo-området samt avgang med redusert løn og bonus for avdelingsbefal.
Posten er vidare føreslått redusert med 2,464 mill. kroner til dekking av Luftforsvaret sine meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM. Posten er føreslått redusert med 7,000 mill. kroner knytt til oppbygging av chemical, biological, radiological and nuclear (CBRN)-lagsatsar vedrørande styrking av CBRN-vern kapasitet, ein reduksjon på 3,833 mill. kroner knytt til oppretting av alarmsentralen på Haakonsvern, sentralfinansiering av nettverksbasert forsvar-prosjekter samt dekking av auka utgifter for innleige av konsulentar til Helpdesk for Forsvaret på kap. 1720. Videre ein reduksjon på 1,400 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1725, post 70 for finansiering av auka utgifter til rentestønad for å dekkje differansen mellom utlånsrenta i Befalets låneordning og markedsrenta.
Vidare er det føreslått ein reduksjon på 1,753 mill. kroner for etablering av institusjonen Krigskorset og meirutgifter ved Norsk Militær Tattoo 2014, samt ein reduksjon på 0,620 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1733 post 01 for kurs og stabsutdanning i USA. Posten er føreslått redusert med 0,900 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1723, post 01 til etablering av kurssenter for førebyggande tryggleik. Posten er føreslått redusert med 0,387 mill. kroner for å tilpasse Forsvarsbyggs faktiske avsetjing til kapitalelementet.
Post 70 Renter låneordning
Løyvinga på posten er føreslått auka med 1,400 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 1,400 mill. kroner omdisponert frå post 01 som følgje av auka utgifter til rentestønad for å dekkje differansen mellom utlånsrenta i Befalets låneordning og markedsrenta.
Kap. 1731 Hæren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 5 240 804 | 5 488 786 | 5 510 301 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med netto 21,515 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten på 0,102 mill. kroner, til dekking av høgare drivstoffutgifter og auka CO2-avgift enn føresetnaden var på tidspunktet for budsjettering. Midlane er omdisponerte frå kap. 1760, post 45. Posten er føreslått auka med 8,156 mill. kroner knytt til kurs, velferdstenester og omorganisering av bedriftshelsetenesta, ein auke på 3,256 mill. kroner knytt til tenestehundar, prosjekt vakt og sikring og eit PhD-stipendiat ved Krigsskulen, samt ein auke på 2,828 mill. kroner frå kap. 1792 som følgje av auka grunnlønsutgifter ved internasjonale operasjonar. Posten er vidare føreslått auka med 39,300 mill. kroner som er omdisponerte frå kap. 1792 for meirutgifter til NATO-landbidrag i Latvia. Det er føreslått ein auka på 25,000 mill. kroner som følgje av auka utgifter knytt til drift av kjøkken og messer, med ein tilsvarande auka på inntektsside, sjå kap. 4731.
Posten er vidare føreslått redusert med 6,059 mill. kroner til dekking av Luftforsvarets meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM. Det er føreslått ein reduksjon av posten med 21,553 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1725, post 01 for å dekkje deler av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn og bonus for avdelingsbefal, samt ein reduksjon på 9,482 mill. kroner knytt til opprettinga av alarmsentralen på Haakonsvern, sentralfinansiering av nettverksbasert forsvarsprosjekter samt auka utgifter for innleige av konsulentar til Helpdesk for Forsvaret.
Vidare er det føreslått ein reduksjon på 12,324 mill. kroner. knytt til fellesoperative øvingar, personell i internasjonal teneste, kurs og ein korrigering som følgje av feil fordeling knytt til reinhold og intern effektivisering i samband med oppretting av Forsvarets spesialstyrkar som eigen driftseining i Forsvaret. Posten er føreslått redusert med 7,709 mill. kroner for å tilpasse Forsvarsbyggs faktiske avsetjing til kapitalelementet.
Kap. 4731 Hæren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 62 998 | 62 998 | 87 998 |
Post 01 Driftsinntekter
Det er føreslått ein auke av inntektskapitlet med 25,000 mill. kroner som følgje av auka salsinntekter knytt til drift av kjøkken og messer.
Meirinntektene medfører ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1732 Sjøforsvaret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 3 427 384 | 3 504 752 | 3 554 502 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 49,750 mill. kroner.
Auken skuldast meirbehov på 38,871 mill. kroner, etter høgare drivstoffutgifter og auka CO2-avgift enn det som vart lagt til grunn på tidspunktet for budsjettering. Midlane er omdisponerte frå kap. 1760, post 45.
Posten er føreslått auka med 3,277 mill. kroner som følgje av auka grunnlønsutgifter ved internasjonale operasjoner og ein auke på 3,018 mill. kroner som følgje av ein nivåjustering av løn og grad for vernepliktig akademisk befal samt kurs ved Sjøkrigsskulen.
Det er vidare føreslått at posten er tilført 22,500 mill. kroner frå kap. 1792 som følgje av at fregattvåpenet har fått ein uventa auke i vedlikehaldsutgifta på våpensystema. Posten er vidare føreslått auka med 8,500 mill. kroner, omdisponerte frå kap. 1719, post 43, som følgje av auke i utgifter knytt til ny Memorandum of Agreement for Joint Warfare Centre ved KNM Harald Hårfagre og 1,203 mill. kroner frå kap. 1719, post 43 i samband med nærvær av ein korvett i Cardiff, Wales under toppmøte i NATO.
Posten er vidare føreslått redusert med 3,372 mill. kroner til dekking av Luftforsvaretsmeirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM. Det er føreslått ein reduksjon av posten med 11,108 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1725, post 01 for å dekkje delar av meirutgiftene knytte til avgang med redusert løn og bonus for avdelingsbefal, ein reduksjon på 4,224 mill. kroner knytt til sentralfinansiering av nettverksbasert forsvars-prosjekter samt auka utgifter for innleige av konsulentar til Helpdesk for Forsvaret, og ein reduksjon på 1,642 mill. kroner knytt til kurs, omorganisering av bedriftshelsetenesta, personell i internasjonal teneste og prosjekt vakt og sikring. Posten er føreslått redusert med 7,273 mill. kroner for å tilpasse Forsvarsbyggs faktiske avsetjing til kapitalelementet.
Kap. 1733 Luftforsvaret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 4 403 498 | 4 553 291 | 4 770 264 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 216,973 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke på posten med 89,997 mill. kroner frå kap. 1760, post 45 til dekking av høgare drivstoffutgifter og auka CO2-avgift som ikkje var føresett på tidspunktet for budsjettering. Posten er vidare føreslått auka som følgje av auka inntekter på 35,000 mill. kroner knytt til refusjonar frå Rygge sivile lufthamn, som ein konsekvens av utsett overdraging av verksemda og ein auke på 10,000 mill. kroner som følgje av sal av drivstoff til allierte ved øving i Noreg.
Det er også føreslått ein auke av posten med 52,000 mill. kroner knytt til overføring av midlar frå kap. 1790 kor midlane nyttast til operativ testing og evaluering av NH90, ein auke på 12,006 mill. kroner som følgje av ein overføring av J3 Luft/FOH til etablering av NAOC/Luftforsvaret og ein auke på 1,370 mill. kroner knytt til PhD-stipendiat ved Luftkrigsskulen og stabsutdanning i USA.
Posten er vidare føreslått tilført 48,000 mill. kroner knytt til meirutgifter ved kjøp av tenester frå AIM. Midlane er føreslått omdisponerte frå ei rekkje andre kap. Meirbehovet kjem fram som følgje av høgare timeprisar frå AIM enn føresetnaden på tidspunktet for budsjettering.
Vidare er det føreslått ein reduksjon av posten med 10,348 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1725, post 01 for å dekkje deler av meirutgiftene knytte til avgang med redusert løn og bonus for avdelingsbefal, ein reduksjon på 5,953 mill. kroner knytte til oppretting av alarmsentralen på Haakonsvern, sentralfinansiering av nettverksbasert forsvar-prosjekter og auka utgifter for innleige av konsulentar til Helpdesk for Forsvaret, samt ein reduksjon av posten med 2,903 mill. kroner knytt til kurs, velferdstenester, personell i internasjonal teneste, prosjekt vakt & sikring og ein omorganisering av bedriftshelsetenesta. I tillegg er det føreslått ein reduksjon på 2,890 mill. kroner som følgje av ei nivåjustering av løn og grad for vernepliktig akademisk befal og utgifter til tenestehundar og kurs ved Sjøkrigsskulen. Posten er føreslått redusert med 9,306 mill. kroner for å tilpasse Forsvarsbyggs faktiske avsetjing til kapitalelementet.
Kap. 4733 Luftforsvaret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 175 133 | 240 133 | 285 133 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er føreslått totalt auka med 45,000 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 35,000 mill. kroner som følgje av auka refusjonar frå Rygge sivile lufthamn som ein konsekvens av utsett overdraging av verksemda.
Det er vidare føreslått ein auke av inntektene med 10,000 mill. kroner som følgje av sal av drivstoff til allierte ved øving i Noreg.
Meirinntektene medfører ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1734 Heimevernet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 1 190 838 | 1 258 007 | 1 249 708 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 8,299 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 0,674 mill. kroner omdisponerte frå kap. 1760, post 45 til dekking av auka CO2-avgift som ikkje var føresett på tidspunktet for budsjettering, samt ein auke på 0,236 mill. kroner knytt til fellesoperative øvingar.
Posten er vidare føreslått redusert med 1,934 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1725, post 01 for å dekkje deler av meirutgiftene knytte til avgang med redusert løn og bonus for avdelingsbefal, ein reduksjon på 1,515 mill. kroner knytt til opprettinga av alarmsentralen på Haakonsvern, sentralfinansiering av NBF-prosjekter, auka utgifter ved innleige av konsulentar og ein reduksjon på 0,885 mill. kroner knytt til kurs, velferdstenester og personell i internasjonal teneste. Posten er vidare føreslått redusert med 1,000 mill. kroner til dekking av Luftforsvarets meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM. Posten er føreslått redusert med 3,875 mill. kroner for å tilpasse Forsvarsbyggs faktiske avsetjing til kapitalelementet.
Kap. 1735 Etterretningstenesta
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
21 | Spesielle driftsutgifter | 1 145 733 | 1 160 246 | 1 158 674 |
Post 21 Spesielle driftsinntekter
Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 1,572 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 0,400 mill. kroner knytt til overføringa av eit årsverk frå FOH til etterretningstenesta.
Vidare er det føreslått ein reduksjon av posten med 0,661 mill. kroner knytt til opprettinga av alarmsentralen på Haakonsvern, sentralfinansiering av nettverksbasert forsvar-prosjekter samt auka utgifter for innleige av konsulentar til Helpdesk for Forsvaret. Posten er vidare føreslått redusert med 1,103 mill. kroner til dekking av Luftforsvarets meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM. Posten er vidare føreslått redusert med 0,208 mill. kroner for å tilpasse Forsvarsbyggs faktiske avsetning til kapitalelementet.
Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 2 087 765 | 2 157 130 | 2 348 113 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 190,983 mill. kroner.
Posten har meirutgifter med direkte tilknyting til tilsvarande meirinntekter på 204,895 mill. kroner, sjå kap. 4740. I tillegg er det føreslått ei omdisponering til posten frå kap. 1720 på 7,000 mill. kroner knytt til oppbygging av materiell for styrking av CBRN-vern kapasitet.
Posten er vidare føreslått med ein auke på 2,900 mill. kroner frå kap. 1760, post 01, til dekking av meirutgifter som følgje av ny avtale om førehandslagring av amerikansk materiell i Noreg, The bilateral Marine Corps Prepositioning Program-Norway. Det er og føreslått ein auke på 0,800 mill. kroner, omdisponerte frå kap. 1719, post 01, til kjøp av jernbanevogner i samband med effektivisering av transporttenesta i Forsvaret.
Vidare er posten føreslått tilført 0,265 mill. kroner til dekking av auka CO2-avgift som ikkje var føresett på tidspunktet for budsjettering.
Det er føreslått ein reduksjon av posten med 9,285 mill. kroner knytt til opprettinga av alarmsentralen på Haakonsvern, sentralfinansiering av NBF-prosjekter, auka utgifter for innleige av konsulentar og ein reduksjon på 4,392 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1725, post 01 for å dekkje delar av meirutgiftene knytte til avgang med redusert løn og bonus for avdelingsbefal samt kurs og velferdstenester. Posten er vidare føreslått redusert med 4,265 mill. kroner til dekking av Luftforsvarets meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM. Posten er føreslått redusert med 10,935 mill. kroner for å tilpasse Forsvarsbyggs faktiske avsetting til kapitalelementet.
Det er føreslått ei rammeoverføring på 4,000 mill. kroner frå Justis- og beredskapsdepartementets kapittel 400, post 01 til Forsvarsdepartementets kapittel 1740, post 01. Rammeoverføringa gjeld etablering av graderte videokonferansesystem som skal leverast av Forsvaret.
Kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 130 384 | 130 384 | 335 279 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 204,895 mill. kroner.
Det er føreslått å auke inntektskravet på kapitlet som følgje av sal av drivstoff til allierte ved øving i Noreg (155,791 mill. kroner), utleige av basesett til Sverige for bruk i FN-operasjonen i Mali (39,500 mill. kroner), auka salsinntekter ved kjøkken og leigeinntekter på Base Kjeller (6,175 mill. kroner), sal av ammunisjon til politiet (1,500 mill. kroner), sal av renovert kvartermateriell til Forsvarsbygg (1,000 mill. kroner) og refusjonar frå Forsvarsdepartementet knytt til prosjekt for attraktive våpen og ammunisjon (0,929 mill. kroner).
Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 1 017 568 | 1 081 393 | 1 074 950 |
44 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar, nasjonalfinansiert del | 38 302 | 27 302 | 21 302 |
45 | Større utstyrsskaffingar og vedlikehald | 7 908 100 | 6 168 100 | 6 065 941 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar, fellesfinansiert del | 26 500 | 20 500 | 20 561 |
75 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for sikkerheit | 88 085 | 88 085 | 70 899 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått redusert med 6,443 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten med 2,100 mill. kroner knytt til ein tilpassing av NSMs prosjektportefølje, kor NSMs tildeling på kap. 1760, post 45 er redusert tilsvarande. Posten er føreslått auka med 6,700 mill. kroner, omdisponerte frå kap. 1760, post 45, knytt til prosjekt Levetidsforlenging av kystvaktskip Nordkapp-klassen. Posten er vidare føreslått auka med 0,995 mill. kroner som følgje av forventa inntekter knytt til utlegg Forsvaret har hatt på prosjekt nye helikopter.
Posten er føreslått redusert med 2,900 mill. kroner omdisponerte til kap. 1740 post 01. Posten er føreslått redusert med 10,000 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1720 for finansiering av P2813 HRM-prosjektet. Posten er vidare føreslått redusert med 1,349 mill. kroner til dekking av Luftforsvarets meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM. Posten er føreslått redusert med 0,082 mill. kroner for å tilpasse Forsvarsbyggs faktiske avsetjing til kapitalelementet. Posten er vidare føreslått redusert med 0,972 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1725 for å dekkje meirutgifter knytt til avgang med redusert løn og bonus for avdelingsbefal, samt ein reduksjon av posten med 0,935 mill. kroner knytt til oppretting av alarmsentralen på Haakonsvern, sentralfinansiering av NBF-prosjekter og auka utgifter for innleige av konsulentar.
Post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del
Løyvinga på posten er føreslått redusert med 6,000 mill. kroner.
Posten er føreslått redusert med 6,000 mill. kroner på grunn av forsinka godkjenning av nye prosjekter i NATO. Midlane er føreslått overført til kap. 1720, post 01.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald
Løyvinga på posten er føreslått redusert med 102,159 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke med 32,945 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet. Posten er vidare føreslått auka med 12,186 mill. kroner frå kap. 1760, post 75.
Posten er føreslått redusert med 19,900 mill. kroner til dekking av Luftforsvarets meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM. Posten er vidare føreslått redusert med 6,700 mill. kroner, omdisponerte til kap. 1760, post 01, knytt til prosjekt Levetidsforlenging av kystvaktskip i Nordkapp-klassen. Posten er føreslått redusert med 2,100 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1760, post 01 for å tilpasse NSMs portefølje på kap. 1760. Posten er vidare føreslått redusert med 1,000 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1710, post 47 for sluttføring av prosjekt Datarom i Forsvarsdepartementet. Vidare er posten føreslått redusert med 107,590 mill. kroner for å dekkje kostnadane til auka CO2-avgift som ikkje vart føresett på tidspunktet for budsjettering. Posten er føreslått redusert med 10,000 mill. kroner, som omdisponerast til kap. 1710, post 01, til dekking av pensjonsutgifter i Forsvarsbygg.
Post 48 Fellesfinansierte bygge- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del
Løyvinga på posten er føreslått auka med 0,061 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 4,061 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 4760, post 48.
Det er føreslått ein reduksjon på posten med 4,000 mill. kroner grunna forseinka godkjenning av nye prosjekt i NATO. Midlane er omdisponerte til kap.1720, post 01.
Post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik
Løyvinga på posten er føreslått redusert med 17,186 mill. kroner som følgje av at samla produksjon og forbruk i NATO er redusert i forhold til gjeldande prognose. Midlane er føreslått omdisponerte til kap.1720, post 01 (5,000 mill. kroner) og kap. 1760, post 45 (12,186 mill. kroner).
Kap. 4760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 1 035 | 1 035 | 2 030 |
45 | Store nyskaffingar | – | 8 340 | 41 285 |
48 | Fellesfinansierte investeringar, inntekter | 26 500 | 32 000 | 36 061 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 0,995 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke i inntektskravet på posten med 0,995 mill. kroner. Auka skuldast inntekter knytte til refusjonar for utlegg relatert til felles nordiske representantar i samband med prosjekt nye helikopter.
Meirinntektene medfører ein parallell auke av Forsvarets utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Post 45 Store nyskaffingar
Løyvinga på posten er føreslått auka med netto 32,945 mill. kroner.
Auka skuldast inntekter knytte til sal av BV-206 til Finland (14,687 mill. kroner), inntekter knytte til royalties (13,015 mill. kroner), inntekter knytte til P4387 Multinational Geospatial Co-production Program (4,100 mill. kroner), inntekter knytte til konvensjonalbøter (1,035 mill. kroner) og ymse mindre inntekter (0,108 mill. kroner).
Meirinntektene medfører ein parallell auke av Forsvarets utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Post 48 Fellesfinansierte investeringar, inntekter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 4,061 mill. kroner som skyldast høgare refusjon frå NATO etter godkjent rammeauke på SINDRE II-prosjekta.
Meirinntektene medfører ein parallell auke av Forsvarets utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1761 Nye kampfly med baseløysing
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 83 257 | 82 916 | 82 849 |
47 | Nybygg og nyanlegg | 152 902 | 265 002 | 225 002 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått redusert med 0,067 mill. kroner.
Posten er føreslått redusert med 0,067 mill. kroner til dekking av Luftforsvarets meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM.
Post 47 Nybygg og nyanlegg
Løyvinga på posten er føreslått redusert med 40,000 mill. kroner.
Posten er føreslått redusert med 40,000 mill. kroner grunna utsatt kjøp av Håberg skule. Midlane er føreslått omdisponerte til kap. 1710, post 01 til dekking av pensjonsforpliktingar til Forsvarsbygg.
Kap. 1790 Kystvakta
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 1 028 239 | 1 056 831 | 1 039 407 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått redusert med 17,424 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 0,687 mill. kroner frå kap. 1792 som følgje av auka utgifter til grunnløn ved internasjonale operasjonar. Posten er føreslått tilført 37,519 mill. kroner frå kap. 1760, post 45 til dekking av høgare drivstoffutgifter og auka CO2-avgift som ikkje var føresett på tidspunktet for budsjettering.
Posten er føreslått redusert med 52,000 mill. kroner som følgje av ei teknisk justering der midlane er omdisponerte til kap.1733, post 01 knytt til operativ testing og evaluering av NH90.
Vidare er det føreslått ein reduksjon på 2,159 mill. kroner som er omdisponerte til kap.1725, post 01 for å dekkje deler av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn og bonus for avdelingsbefal og ein reduksjon på 0,809 mill. kroner knytt til kurs, sentralfinansiering av NBF-prosjekter samt auka utgifter ved innleige av konsulentar på Helpdesk mv.
Posten er vidare føreslått redusert med 0,662 mill. kroner til dekking av Luftforsvarets meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM.
Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 857 541 | 862 890 | 769 116 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 93,774 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 6,226 mill. kroner frå kap. 1760, post 45 til dekking av høgare drivstoffutgifter og auka CO2-avgift som ikkje var føresett på tidspunktet for budsjettering.
Posten er føreslått redusert med 100,000 mill. kroner grunna mindrebehov i 2014 i samband med oppdateringsprogrammet Sea King 2020. Inntektssida er redusert tilsvarande.
Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 794 292 | 795 492 | 699 245 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er netto redusert med 96,247 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 3,753 mill. kroner som følgje av verknaden av lønsoppgjeret i 2014.
Posten er føreslått redusert med 100,000 mill. kroner grunna mindrebehov i 2014 i samband med oppdateringsprogrammet Sea King 2020. Utgiftssida er redusert tilsvarande.
Kap. 1792 Norske styrker i utlandet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 851 525 | 856 809 | 724 777 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått redusert med 132,032 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 8,350 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet som følgje av Noregs Lead Nation-rolle og derav refusjonar frå andre nasjonar gjennom inngått Memorandum Of Understanding i Afghanistan knytt til forpleining, forlegning og drift. Vidare er det føreslått ein auke på 2,304 mill. kroner knytt til lønsutgifter for personell i internasjonal teneste.
Posten er føreslått redusert med 131,900 mill. kroner som følgje av ny innretning i Afghanistan. Reduksjonen er i samsvar med føresetnaden i langtidsplanen til dekking av andre høgt prioriterte oppgåver i Forsvaret. Fordelinga er føreslått som følgjer:
39,300 mill. kroner er føreslått tilførde kap.1731 for deltaking med ein hærstyrke til NATO-øving i Latvia.
0,700 mill. kroner er føreslått tilførde kap. 1720 til dekking av meirutgifter for planlegging og rekognosering før deltaking med ein hærstyrke til NATO-øving i Latvia.
22,500 mill. kroner er føreslått tilførde kap. 1732 som følgje av at fregattvåpenet har fått ein uventa auke i vedlikehaldsutgifter på våpensystema.
65,000 mill. kroner til dekking av auka drivstoffprisar og CO2-avgifter som ikkje var føresett på tidspunktet for budsjettering.
4,400 mill. kroner er føreslått tilførde kap. 1720 knytt til oppretting av jegertropp for kvinner ved Forsvarets spesialkommando.
Posten er vidare føreslått redusert med 10,312 mill. kroner som følgje av auka utgifter til grunnløn ved internasjonale operasjoner, ein reduksjon på 0,474 mill. kroner knytt til materiellspesifikke kurs og auka utgifter for innleige av konsulentar.
Kap. 4792 Norske styrkar i utlandet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 10 368 | 10 368 | 18 718 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 8,350 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 8,350 mill. kroner som følgje av Noregs Lead Nation-rolle og derav refusjonar frå andre nasjonar gjennom inngått Memorandum Of Understanding i Afghanistan knytt til forpleiing, forlegning og drift.
Meirinntektene medfører ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 268 307 | 282 912 | 284 719 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 1,807 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 2,244 mill. kroner med ein tilsvarande auke av inntektskapitlet som følgje av meirinntekter knytte til Forsvarets musikk og inntekter ved omvisning og sal i butikken på Akershus slott. Vidare er det føreslått at posten aukast med 1,532 mill. kroner knytt til etablering av institusjonen Krigskorset.
Posten er føreslått redusert med 0,439 mill. kroner som er omdisponerte til kap. 1725 for å dekkje deler av meirutgiftene knytte til avgang med redusert løn og bonus for avdelingsbefal og ein reduksjon på 0,445 mill. kroner knytt til oppretting av alarmsentral på Haakonsvern, sentralfinansiering av NBF-prosjekter samt auka utgifter for innleige av konsulentar.
Posten er vidare føreslått redusert med 0,328 mill. kroner til dekking av Luftforsvarets meirutgifter i samband med auka timeprisar frå AIM. Posten er føreslått redusert med 0,757 mill. kroner for å tilpasse Forsvarsbyggs faktiske avsetting til kapitalelementet.
Kap. 4795 Kulturelle og allmennyttige formål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2014 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 9 256 | 16 756 | 19 000 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er føreslått auka med 2,244 mill. kroner.
Posten er føreslått auka med 2,244 mill. kroner som følgje av inntekter ved auka sal av bilettar, støtte ved arrangement av konsert knytt til Forsvarets musikk og inntekter ved omvisning og sal i butikken på Akershus slott.
Meirinntektene medfører ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.