3 Bestillingsfullmakter
Det er føreslått auke i bestillingsfullmakter i 2014:
Bestillingsfullmakter under kap. 1731 Hæren, post 01 Driftsutgifter, er føreslått redusert med 100,000 mill. kroner, frå 130,000 mill. kroner til 30,000 mill. kroner. Reduksjonen kjem som følgje av at bestillingane nå vert tekne hand om av FLO.
Bestillingsfullmakter under kap. 1732 Sjøforsvaret, post 01 Driftsutgifter, er føreslått auka med 100,000 mill. kroner, frå 810,000 mill. kroner til 910,000 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak ein allereie inngått kontrakt med Bergen Group i samband med hovudoverhaling av fregatten KNM Otto Sverdrup.