1 Innleiing
Samferdselsdepartementet foreslår i denne proposisjonen endringar i løyvingar under programkategoriane 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål, 21.60 Kystforvaltning og 22.10 Post og telekommunikasjonar.
1 Innleiing
Programkategori 21.30 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.
Flaum på Vestlandet
Flaum på Vestlandet i slutten av oktober 2014 påførte riksvegnettet i Hordaland og Sogn og Fjordane skadar. Førebels er desse skadane berekna til om lag 15 mill. kr. Av dette gjeld 10 mill. kr akuttiltak under og rett etter flaumen, og utgiftene kjem til utbetaling i 2014. Departementet foreslår å løyve 10 mill. kr til dette formålet, fordelt med om lag 3 mill. kr til Sogn og Fjordane og 7 mill. kr til Hordaland.
Regjeringa vil vurdere løyvingane knytt til flaum når ein har fått betre oversikt over konsekvensane og ev. komme tilbake til Stortinget med ein proposisjon med forslag om tilleggsløyving.
Realistisk budsjettering av inntekter
På grunn av endra inntektsoverslag på kap. 4320, post 02 Diverse gebyr, og post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med til saman 169,6 mill. kr, jf. omtalen under kap. 4320, postane 02 og 03.
Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift
Ved behandlinga av Prop. 118 S (2013–2014) og Innst. 311 S (2013–2014) blei det løyvd 70 mill. kr til tiltak på riksveg som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift i Nordland, Troms og Finnmark. Denne løyvinga blir foreslått ført på ein eigen post, og løyvinga på post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m. blir foreslått redusert med 70 mill. kr, jf. omtale under kap. 1320, post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift.
Oppsummering
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med i alt 109,6 mill. kr.
Post 26 Vegtilsyn
For 2014 er det løyvd 16 mill. kr på post 26 Vegtilsyn. Ein gjennomgang viser at Vegtilsynets behov for midlar i 2014 vil bli lågare enn løyvinga. Mindrebehovet gjeld m.a. kjøp av konsulenttenester og andre varer og tenester. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på post 26 Vegtilsyn, med 3 mill. kr.
Post 30 Riksveginvesteringar
Grunnerverv E18 Ramstadsletta – Lysaker
I Prop. 21 S (2013–2014) Endringar i statsbudsjettet 2013 under Samferdselsdepartementet orienterte Samferdselsdepartementet om at det for prosjektet E18 Lysaker – Ramstadsletta i Akershus har funne det riktig å lempe på vilkåret i gjeldande fullmakt om at det må liggje føre vedteken reguleringsplan før grunnerverv kan setjast i gang. Departementet har gitt Statens vegvesen fullmakt til å starte ordinært grunnerverv på grunnlag av godkjent kommunedelplan. Vedteken kommunedelplan for strekninga E18 Lysaker – Ramstadsletta ligg no føre.
Interessa frå grunneigarane har vore større enn tidlegare føresett. Departementet foreslår 40 mill. kr til dette formålet.
Grunnerverv rv 110 Simo – Ørbekk i Østfold
For å sikre nødvendig framdrift i førebuingane til anleggsstart for prosjektet rv 110 Simo – Ørbekk som inngår i Bypakke Nedre Glomma, må ei rekkje næringseigedomar langs traseen løysast inn før anleggsstart. Grunnervervet må gjennomførast så raskt som mogeleg, og fortrinnsvis i 2014, for å sikre tilstrekkeleg framdrift for prosjektet. Bompengeproposisjonen er planlagd lagt fram i desember 2014. Statens vegvesen har anslått at det i 2014 er behov for om lag 10 mill. kr til grunnerverv for prosjektet rv 110 Simo – Ørbekk.
Det blir foreslått 10 mill. kr til dette grunnervervet.
Sidevegstiltak i Østfold
Under planlegging av E18 på strekninga Krosby – Knapstad i Spydeberg kommune blei det avklart at fv 115 Vamma – Ringnesdalen (tidlegare rv 115) skulle byggjast i staden for eit planlagt kryss mellom ny E18 og vegen mellom Spydeberg og Skiptvet fv 122. Dette skjedde i 2003. Det var først og fremst Spydeberg som ikkje ønskte krysset mellom ny E18 og fv 122. I protokoll frå møte nr. 3/2009 i Kontaktutvalget for planlegging og bygging av ny E18 i Østfold heiter det at avgjerda om å erstatte krysset mellom E18 og fv 122 med utbygging av fv 115 Vamma – Ringnesdalen, skulle følgjast opp med ein auke av ramma til sidevegstiltak langs E18 med 40 mill. 2004-kr. Dette var anslåtte kostnader for krysset mellom E18 og fv 122.
I St.prp. nr. 1 (2008–2009) blei det orientert om at det var lagt opp til anleggsstart på prosjektet i 2009. Før anleggsstart blei Kontaktutvalget orientert om kostnadsaukar på prosjektet. I møte nr. 3/2010 gjekk Kontaktutvalget inn for at anleggsarbeida skulle startast opp sjølv om det ikkje var avklart korleis meirkostnadene skulle dekkjast. Prop. 131 S (2010–2011) Revisjon og sluttføring av Østfoldpakka – Utbygging og finansiering av prosjektet E18 Melleby – Momarken i Østfold inneheld ein detaljert omtale av midlane til sidevegstiltak langs E18. Ramma har blitt auka fleire gonger sidan 1999, m.a. med dei 40 mill. 2004-kr til fv 115 Vamma – Ringnesdalen. Det var derfor ønskeleg å få klargjort endeleg omfang og kva som stod att å finansiere. I Prop. 131 S (2010–2011) er det føresett at ev. kostnader på prosjektet fv 115 Vamma – Ringnesdalen ut over desse midlane skal dekkjast innanfor fylkeskommunen sine ordinære rammer til investeringar på fylkesvegnettet, ev. innanfor gjenståande midlar til sidevegstiltak.
Sluttoppgjeret med entreprenør blei avslutta med ein samla kostnad på 106 mill. kr. Dette inneber at det står att å dekkje 47 mill. 2014-kr. Det opphavlege krysset som inngjekk i prosjektet E18 Krosby – Knapstad, var føresett delfinansiert med statlege midlar. Samferdselsdepartementet meiner det derfor kan forsvarast at delar av kostnadene knytt til fv 115 Vamma – Ringnesdalen blir delfinansiert med statlege midlar, og at meirkostnaden på 47 mill. kr blir delt likt mellom statlege midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar. Ei tredeling vil innebere om lag 16 mill. kr på kvar av partane.
Samferdselsdepartementet foreslår ei løyving på 16 mill. kr. Ein føresetnad for løyvinga er at lokale styresmakter aksepterer ei tredeling av kostnadene. Departementet vil ev. komme tilbake med forslag om å utvide bompengeopplegget.
Oppsummering
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, med i alt 66 mill. kr.
Post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift (ny)
I Prop. 118 S (2013–2014) Endringer i statsbudsjettet 2014 (endring av den differensierte arbeidsgiveravgiften og kompenserendetiltak) blei det foreslått å løyve 70 mill. kr på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., til tiltak på riksveg som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift i Nordland, Troms og Finnmark, jf. Innst. 311 S (2013–2014). For 2015 er det i Prop. 1 S (2014–2015) foreslått å føre kompensasjonen på ein eigen post.
For å få betre oversikt over bruken av alle løyvingane som blir gitte som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, foreslår departementet å opprette ein ny post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, på kap. 1320 Statens vegvesen.
Kompensasjonen til Statens vegvesen skal dekkje både tiltak på riksveg og auka statleg kjøp etter gjeldande avtalar. I 2014 utgjer kompensasjonen for statleg kjøp av riksvegferjetenester 8 mill. kr.
Departementet foreslår derfor å løyve 78 mill. kr på kap. 1320 Statens vegvesen, post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, jf. også kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn.
Kap. 4320 Statens vegvesen
Post 02 Diverse gebyr
I budsjettet for 2014 er det budsjettert med inntekter frå diverse gebyr på 317,5 mill. kr.
Tenester i Statens vegvesen med gebyr omfattar praktiske og teoretiske førarprøver, utskriving av førarkort, bilete til førarkort, utskriving av ADR-kompetansebevis og kompetansebevis for yrkessjåførar, utlevering av inndratte kjennemerke, myndigheitskontrollar, utskriving av digitalt fartsskrivarkort, typegodkjenning av køyretøy og utskriving av internasjonale fellesskapslisensar.
Det kan vere vanskeleg å fastsetje nivået på inntektene ved budsjetteringa. Volumet for praktiske førarprøver og utskriving av fartsskrivarkort for tunge køyretøy blir i 2014 høgare enn lagt til grunn ved budsjetteringa. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2014 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320 Statens vegvesen, post 02 Diverse gebyr, med 82,5 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.
Post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap
I budsjettet for 2014 er det budsjettert med refusjonar frå forsikringsselskap på 32,9 mill. kr.
Statens vegvesen mottek innbetalingar frå forsikringsselskap. Dette gjeld faktiske utgifter for skadar som køyretøy har påført m.a. vegutstyr. Refusjonane har ei tilsvarande utgiftsside. Inntektene kan variere frå år til år, noko som gjer at det kan vere vanskeleg å fastsetje nivået ved budsjetteringa.
På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2014 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320 Statens vegvesen, post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap, med 87,1 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.
Kap. 1321 Utbyggingsselskap for veg
Post 96 Aksjekapital – tilføying av stikkord
Etablering av utbyggingsselskap for veg er omtalt i Prop. 97 S (2013–2014) Ein del saker om luftfart, veg og jernbane, Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014 og Prop. 1 S (2014–2015).
Samferdselsdepartementet tek sikte på å etablere utbyggingsselskapet i løpet av 2015, og at det er operativt med planlegging og utbygging av konkrete riksvegprosjekt snarast mogleg etter etableringa. Departementet prioriterer arbeidet med å etablere selskapet og vil på eigna måte leggje fram for Stortinget avklaringar knytte til styring, finansiering, oppstartsportefølje og andre oppgåver for utbyggingsselskapet. Vidare vil lovendringar m.m. bli lagt fram for Stortinget.
I Prop. 93 S (2013–2014) varsla departementet at det tok sikte på å opprette eit interimsselskap hausten 2014. Interimsselskapet skal førebu og leggje til rette for at utbyggingsselskapet kan vere operativt snarast mogeleg etter etableringa. Det vil vere ein viktig samarbeidspart for departementet fram til utbyggingsselskapet er etablert. Nødvendige avklaringar for å få etablert interimsselskapet ligg ikkje føre. Departementet foreslår derfor at kap. 1321, post 96 Aksjekapital, får tilføydd stikkordet «kan overførast».
Auka fullmaktsgrense for investeringsprosjekt ikkje omtalt med kostnadsramme
Samferdselsdepartementet har i 2014 fullmakt til å pådra staten forpliktingar for framtidige budsjettår for investeringsprosjekt på riksveg som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, men slik at samla ramme for gamle og nye forpliktingar ikkje overstig 2 700 mill. kr, jf. Prop. 1 S (2013–2014) og Innst. 13 S (2013–2014). Ein gjennomgang av kontraktforpliktingane viser at det er behov for å auke ramma for forpliktingar til 3 800 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Årsaka til auken i fullmaktsbeløpet er at det i budsjettet for 2014 ikkje er teke omsyn til at terskelverdi for å omtale eit prosjekt i Prop. 1 S blei auka frå 200 til 500 mill. kr, jf. Meld. St. 26 (2013–2014) Nasjonal transportplan 2014–2023. Vidare er det i 2014 starta prosjekt som ikkje var med i berekninga av fullmaktsbeløpet for 2014, jf. m.a. Prop. 93 S (2013–2014).
E39 Hove – Sandved i Rogaland
Prosjektet er m.a. omtalt i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 som del av prosjektet E39 Ålgård – Sandved, og Prop. 1 S (2014–2015), side 103. Prosjektet er ein del av Nord-Jærenpakka, jf. Prop. 28 S (2011–2012) Forlenging av bompengeordninga i Nord-Jærenpakka i Rogaland.
Som omtalt i Prop. 1 S (2014–2015), viste nye kostnadsvurderingar basert på ferdig konkurransegrunnlag at kostnadene for prosjektet blir vesentleg høgare enn tidlegare rekna med. Det er derfor føresett at Samferdselsdepartementet skal komme tilbake med ny styrings- og kostnadsramme for prosjektet så snart arbeidet med forenkla ekstern kvalitetssikring (KS2) er avslutta og før anleggsstart.
Den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet er no gjennomført. Kvalitetssikrar og Statens vegvesen er samde om styrings- og kostnadsramma. Samferdselsdepartementet har slutta seg til vurderingane og legg etter dette til grunn ei ny styringsramme på 730 mill. 2014-kr og ei kostnadsramme på 770 mill. 2014-kr, jf. forslag til romertalsvedtak. Dette inneber at den nye styringsramma er noko høgare enn prognosen for sluttkostnad på 727 mill. 2015-kr i Prop. 1 S (2014–2015). Kostnadsramma som no blir foreslått, er på same nivå som kostnadsramma opplyst om i Prop. 1 S (2014–2015).
Det er lagt opp til anleggsstart så tidleg som råd i 2015. Prosjektet er venta opna for trafikk i 2017.
Forlengd bompengeinnkrevjing på E18 gjennom Vestfold
Samferdselsdepartementet har ved behandlinga av Prop. 119 S (2013–2014) Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån, jf. Innst. 308 S (2013–2014), fått fullmakt til å redusere takstane i prosjekt som tidlegare har vore behandla av Stortinget, men der innkrevjinga ikkje er starta opp pr. 20. juni 2014. Fullmakta er basert på lågare berekningsteknisk rente enn 6,5 pst.
Vestfold fylkeskommune har i samband med overgangsordninga for rentekompensasjonsordninga, jf. Prop. 119 S (2013–2014), ønskt eit nytt takstopplegg for E18 gjennom Vestfold basert på ei berekningsteknisk rente på 4,5 pst. Fylkeskommunen har samstundes ønskt å utvide innkrevjingstida frå 15 til 20 år. Dette vil gi ein samla bompengetakst på om lag 57 kr gjennom fylket, mot 88 kr i dag.
Fullmakta som Samferdselsdepartementet fekk i samband med overgangsordninga for rentekompensasjonsordninga, gjeld ikkje forlenging av bompengeperioden med fem år. Bompengeperioden blei sett til 15 år ved behandlinga av Prop. 123 S (2012–2013) Utbygging og finansiering av E18 på strekningen Bommestad – Sky i Vestfold, jf. Innst. 349 S (2012–2013). Departementet foreslår at innkrevjingsperioden for heile E18 gjennom Vestfold blir forlengd frå 15 til 20 år, jf. forslag til romartalsvedtak. Det vil framleis vere mogleg for bompengeselskapet å forlenge innkrevjinga med ytterlegare fem år og auke realtakstane med 20 pst. viss økonomien i bompengeselskapet blir dårlegare enn rekna med. Departementet tek atterhald om Kommunal- og moderniseringsdepartementets godkjenning av ev. nye fylkeskommunale garantivedtak.
Det er ein føresetnad at heile E18-prosjektet blir lagt inn under eit av dei nye bompengeselskapa når dei er etablerte. Samferdselsdepartementet vil vurdere trafikkmønstra som følgje av takstreduksjonen. I samband med ferdigstillinga av strekninga mellom Bommestad og Sky som er planlagt opna for trafikk i 2017, vil departementet vurdere på nytt takstnivå og -struktur, innkrevjingsperiode og talet på bompengesnitt.
Bompengeselskap for nye bompengeprosjekt i perioden fram til ny organisering av sektoren
Etter gjeldande retningslinjer er hovudregelen at det blir etablert eitt bompengeselskap pr. bompengeprosjekt. Bakgrunnen for dette er å sikre at det ikkje førekjem kryssubsidiering mellom prosjekta. Prinsippet har ved enkelte tilfelle vore avvike. Dette gjeld prosjekt som naturleg heng saman, og der dette har vore eksplisitt omtalt/spesifisert i proposisjonsteksten/innstillinga. I dei tilfella der fleire prosjekt blir lagt til same selskap, krev dette særskilt oppfølging.
I Prop. 97 S (2013–2014) Ein del saker om luftfart veg og jernbane varsla regjeringa ei omorganisering av bompengesektoren, der det blir teke sikte på at eit fåtal bompengeselskap får ansvaret for bompengeinnkrevjinga i Noreg. Samferdselsdepartementet ønskjer å leggje til rette for pragmatiske og effektive løysingar for organiseringa av bompengefinansiering av nye prosjekt i overgangsperioden fram til den nye organiseringa av sektoren er på plass. Samstundes er det viktig at bompengesektoren er ryddig i denne perioden og unngår utryggleik rundt kva for retningslinjer som skal liggje til grunn.
For å ivareta dei ulike omsyna legg Samferdselsdepartementet til grunn at bompengefinansieringa/-innkrevjinga for nye prosjekt kan bli lagt til allereie eksisterande selskap viss fylkeskommunar er majoritetseigar i det aktuelle selskapet. I tillegg må lokale styresmakter også forplikte seg til å leggje prosjekta inn under eit av dei nye selskapa når dei er på plass. Vegdirektoratet er blitt beden om å følgje opp dette overfor lokale styresmakter.
Plassering av innkrevjingspunkt for bompengar på E16 Kongsvinger – Slomarka
Strekninga Kongsvinger – Slomarka på E16 i Hedmark er planlagt opna for trafikk hausten 2014. Prosjektet er delvis finansiert med bompengar, jf. Prop. 104 S (2010–2011) Finansiering og utbygging av rv 2 Kongsvinger (Kurusand) – Slomarka i Hedmark. I proposisjonen er det lagt opp til bompengeinnkrevjing både på ny E16 og på sidevegane, dvs. fv 175 og dagens E16. I proposisjonen skriv Samferdselsdepartementet: «Grunnen til at det blir føresett bomstasjonar på fv 175 og noverande rv 2 [omskilta til E16 hausten 2012] er for å hindra at desse vegane blir nytta i staden for ny rv 2 [E16]. Samferdselsdepartementet legg vekt på at fylkeskommunane er samde om denne løysinga.»
Lokalt har det vore ønske om ny gjennomgang av bompengeopplegget på denne strekninga. Diskusjonen har dreia seg om plasseringa av innkrevjingspunkta på lokalvegane og at enkelte område ville komme svært uheldig ut med den planlagde plasseringa. På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet ny plassering av bomstasjonane på lokalvegane. Dette inneber desse justeringane samanlikna med Prop. 104 S (2010–2011):
bomstasjonen på dagens E16 ved Øyset blir flytta til Fulu
bomstasjonen på fv 175 blir flytta til fv 298 Kraftverksvegen nær Fulukrysset.
Lokale styresmakter slutta seg til den foreslåtte endringa av plasseringa av bomstasjonane på dagens E16 i 2013. Den foreslåtte flyttinga av bomstasjonen frå fv 175 til fv 298 føreset nye lokalpolitiske vedtak.
Det er lagt til grunn 10 pst. rabatt for alle køyretøy med elektronisk brikke, som føresett i Prop. 104 S (2010–2011). For å lette belastinga for dei som bur i Fuluområdet, opnar Samferdselsdepartementet for at det kan innførast passeringstak for lette køyretøy (med elektronisk brikke) på 30 passeringar i månaden i bomstasjonen på dagens E16.
Endringane det er vist til over, gjer at det er behov for ei ny rekning av takstane. I Prop. 104 S (2010–2011) er det lagt til grunn ei lånerente på 6,5 pst. ved vurdering av takstane. Sidan prosjektet er omfatta av overgangsordninga fram til ei rentekompensasjonsordning for bompengelån er etablert, jf. Prop. 119 S (2013–2014) Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån, har lokale styresmakter høve til å leggje til grunn ei lågare rekneteknisk rente. Det er ein føresetnad at Akershus og Hedmark fylkeskommunar opprettheld garantivedtaka sine. Vidare er det ein føresetnad at lokale styresmakter forpliktar seg til å leggje prosjektet inn i eit av dei nye bompengeselskapa når desse er etablerte.
Bompengeinnkrevjing i Trøndelag
I Trøndelag har det vore eit nært samarbeid mellom Trøndelag Bomveiselskap AS og Bomvegselskapet E39 Øysand – Thamshamn AS, der selskapa har stått fram som ei felles eining overfor bilistane. Dette har vore mogleg fordi selskapa har samarbeidd om kjøp av eksterne driftstenester.
Trøndelag Bomveiselskap AS som er eigd av Sør-Trøndelag fylkeskommune og Nord- Trøndelag fylkeskommune, blei opphavleg etablert som bompengeselskap for prosjektet E6 Trondheim – Stjørdal. I ettertid er òg bompengeinnkrevjinga for prosjekta Miljøpakke Trondheim og fv 714 Stokkhaugen – Sunde, trinn 1 (Laksevegen) lagt til selskapet. For prosjekta E6 Trondheim – Stjørdal og fv 714 Laksevegen er det lagt opp til ein rabattstruktur som krev innbetaling av forskott.
Ein rabattstruktur med forskott er også vedteken for prosjektet E39 Øysand – Thamshamn. Bomvegselskapet E39 Øysand-Thamshamn AS som står ansvarleg for innkrevjinga til dette prosjektet, er eigd av kommunane som er omfatta av utbygginga.
For at bilistane skal oppnå rabattar på fv 714 Laksevegen er det i tråd med gjeldande takstvedtak sett krav om innbetaling av eit eige forskott til prosjektet. For prosjekta E6 Trondheim – Stjørdal og E39 Øysand – Thamshamn har det utvikla seg ein praksis der bilistane oppnår full rabatt på begge prosjekta ved innbetaling av eitt forskott. Dette er i strid med føringane frå Stortinget og dei takstvedtaka som er fatta av Vegdirektoratet.
Innkrevjinga av bompengar til prosjektet E39 Øysand – Thamshamn vil etter planen bli avvikla i 2017 når prosjektet blir ferdig betalt. Sidan det er relativ kort tid att av innkrevjingsperioden og for å unngå auka forskottskrav for bilistane i Trøndelagsfylka, legg Samferdselsdepartementet opp til at selskapa i denne perioden kan vidareføre dagens praksis med at bilistane betalar inn eit felles forskott som gir rabatt både på E6 Trondheim – Stjørdal og E39 Øysand – Thamshamn.
Fv 545 i Stord og Fitjar kommunar i Hordaland
Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 1 (2001–2002) slutta Stortinget seg til delvis bompengefinansiert utbygging av delstrekningar på E39 over Stord. Innkrevjinga skulle gjennomførast ved påslag på ferjetakstane i sambandet E39 Halhjem – Sandvikvåg. Bompengeinnkrevjinga starta i 2002 og var føresett avslutta ved utgangen av 2008.
Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 1 (2008–2009) blei bompengeperioden forlengd med fire år til utgangen av 2012. For å delfinansiere prosjekt og tiltak på fv 545 i Stord og Fitjar kommunar, på vestsida av Stord slutta Stortinget seg til å forlenge bompengeperioden med to år til, jf. Prop. 149 S (2011–2012) Finansiering av fv 545 i Fitjar og Stord kommunar i Hordaland.
I Prop. 149 S (2011–2012) blei det vist til at fv 545 er omkøyringsveg ved stenging av E39 og at ein del av trafikken i ferjesambandet E39 Halhjem – Sandvikvåg er trafikk til og frå Fitjar. I tillegg til bompengar blei det lagt til grunn fylkeskommunale midlar. Det var vurdert som aktuelt å gjennomføre fire prosjekt. Eitt er gjennomført, men noko restarbeid står att. Dei tre andre prosjekta er ikkje gjennomførte.
Etter initiativ frå Stord kommune er det søkt om å forlenge innkrevjinga i ferjesambandet E39 Halhjem – Sandvikvåg med ytterlegare to år til utgangen av 2016. Søknaden er utarbeidd av Stord og Fitjar kommunar i samarbeid med Statens vegvesen. Bakgrunnen for den nye søknaden er kostnadsauke grunna auka standardkrav og endra løysingar. I tillegg er det ønske om å utvide pakka med ytterlegare eit prosjekt på fv 545. Samanlikna med Prop. 149 S (2011–2012) er det ingen endringar i omfanget av fylkeskommunale midlar. Godkjenning av søknaden vil føre til ein samla bompengeperiode på 15 år.
Hordaland fylkeskommune og Fitjar og Stord kommunar har slutta seg til den foreslåtte utvidinga av bompengeprosjektet. Os kommune har gått imot forslaget.
Samferdselsdepartementet viser til at dagens retningslinjer for bompengeprosjekt føreset at det skal vere samanheng mellom nytte og betaling. Dei som betalar bompengar, skal ha nytte av det aktuelle vegprosjektet. Denne samanhengen går også andre vegen, slik at dei som har nytte av eit vegprosjekt, også skal betale bompengar, jf. Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, side 93.
Samferdselsdepartementet vil peike på at det aller meste av trafikken i ferjesambandet Halhjem – Sandvikvåg skal vidare på E39. Dessutan er innkrevjinga av bompengar i ferjesambandet E39 Halhjem – Sandvikvåg alt utvida to gonger. Som omtalt i Prop. 149 S (2011–2012), blei det rekna med at trafikken til og frå Fitjar utgjer i storleiksorden 15 pst. av trafikken i ferjesambandet. Inntektene frå to år av ein innkrevjingsperiode på 13 år utgjer om lag 15 pst. av dei samla inntektene. Ut frå nytteprinsippet blei det derfor vurdert som rimeleg å nytte inntektene ved ei forlenging på to år til prosjekt og tiltak på fv 545. Dersom innkrevjinga blir utvida med to år til og innkrevjinga i fire år av ein samla bompengeperiode på 15 år går til fv 545, blir samanhengen mellom nytte og betaling mindre god. Ut frå samanhengen mellom nytte og betaling meiner departementet at det ikkje er akseptabelt å forlenge bompengeperioden ytterlegare. Samferdselsdepartementet har derfor ikkje tilrådd den føreslåtte forlenginga.
Programkategori 21.50 Jernbaneformål
Kap. 1350 Jernbaneverket
Post 23 Drift og vedlikehald
Flaum på Vestlandet
Flaum på Vestlandet i slutten av oktober 2014 førte til at både Bergensbanen og Flåmsbanen blei stengde for trafikk. Skadane etter flaumen er berekna til å utgjere 12 mill. kr i 2014 og gjeld opprydding og istandsetting av dei to banane. Utgiftene er fordelte med 6 mill. kr på kvar av strekningane. Bergensbanen blei opna for trafikk 3. november 2014, medan Flåmsbanen er planlagd opna att 21. november 2014.
Regjeringa vil vurdere løyvingane knytt til flaum når ein har fått betre oversikt over konsekvensane og ev. komme tilbake til Stortinget med ein proposisjon med forslag om tilleggsløyving.
Omdisponering frå post 30
Framdrifta på ein del investeringsprosjekt på jernbane har i 2014 blitt lågare enn det som var lagt til grunn i Prop. 1 (2013–2014), jf. omtale under kap. 1350, post 30 Investeringar i linja. Prognosane viser at det vil bli eit mindreforbruk på post 30 i 2014. Både post 23 og post 30 har stikkordfullmakta «kan nyttast under» slik at Jernbaneverket kan omdisponere midlar frå post 30 til post 23. Jernbaneverket har valt å omdisponere 257 mill. kr til post 23 Drift og vedlikehald, for å auke aktivitetsnivået til fornyinga av jernbaneinfrastrukturen. Dei omdisponerte midlane har blitt brukt til:
å ruste opp den sørlege delen av Numedalsbanen etter oppstart av tømmertrafikk på banestrekninga
å bytte skinner og svillar på Gjøvikbanen og på Alnabru
å forsere fornying av kontaktleidningsanlegget på Sørlandsbanen
å utbetre Dovrebanen etter flaumen i 2013
å utbetre transmisjons- og fiberkabel
fornying av plattform på Greverud stasjon.
Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift
Ved behandlinga av Prop. 118 S (2013–2014) og Innst. 311 S (2013–2014) blei det løyvd 44 mill. kr til tiltak på jernbane som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift i Nordland, Troms og Finnmark. Denne løyvinga blir foreslått ført på ein eigen post, og løyvinga på post 23 Drift og vedlikehald, blir foreslått redusert med 44 mill. kr, jf. omtale under kap. 1350, post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift.
Oppsummering
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350 Jernbaneverket, post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 225 mill. kr.
Post 30 Investeringar i linja
Framdrifta på ein del investeringsprosjekt på jernbane har i 2014 blitt lågare enn det som var lagt til grunn i Prop. 1 S (2013–2014). Prognosane viser derfor at det vil bli eit mindreforbruk på post 30 i 2014.
Det har vore lågare framdrift og utsett produksjon på m.a.:
Steinberg stasjon
Holmen godskapasitet – forseinka avklaring med Drammen kommune
nytt dobbeltspor Hell-Værnes – pålegg frå Norges vassdrags- og energidirektorat
Oslo-prosjektet – ny konkurranse på grunn av for dyre tilbod
utsett inngåing av rådgivarkontraktar på InterCity-prosjektet for å avklare kontraktstrategi.
På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å redusere løyvinga på kap. 1350 Jernbaneverket, post 30 Investeringar i linja, med 257 mill. kr.
Post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift (ny)
I Prop. 118 S (2013–2014) Endringer i statsbudsjettet 2014 (endring av den differensierte arbeidsgiveravgiften og kompenserendetiltak) blei det foreslått å løyve 44 mill. kr på kap. 1350 Jernbaneverket, post 23 Drift og vedlikehald, til tiltak på jernbane som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift i Nordland, Troms og Finnmark, jf. Innst. 311 S (2013–2014). For 2015 er det i Prop. 1 S (2014–2015) foreslått å føre kompensasjonen på ein eigen post.
For å få betre oversikt over bruken av alle løyvingane som blir gitte som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, foreslår departementet å opprette ein ny post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, på kap. 1350 Jernbaneverket.
Departementet foreslår derfor å løyve 44 mill. kr på kap. 1350 Jernbaneverket, post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, jf. også kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald.
Auka fullmaktsgrense for investeringsprosjekt ikkje omtalt med kostnadsramme
Samferdselsdepartementet har i 2014 fullmakt til å pådra staten forpliktingar for framtidige budsjettår for investeringsprosjekt på jernbane som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, men slik at samla ramme for gamle og nye forpliktingar ikkje overstig 800 mill. kr, jf. Prop. 1 S (2013–2014) og Innst. 13 S (2013–2014). Ein gjennomgang av kontraktforpliktingane viser at det er behov for å auke ramma for forpliktingar til 950 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Jernbaneverket vil i fjerde kvartal 2014 inngå fire større kontraktar om planlegging av InterCity-utbygginga til ein samla verdi på 550 mill. kr. Kontraktane er nødvendige for å kunne halde den planlagde ferdigstillinga av prosjekta, jf. Nasjonal transportplan 2014–2023. Strategien for planlegginga av InterCity-utbygginga er nærmare omtalt i Prop. 1 S (2014–2015), side 144.