Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2014 under Samferdselsdepartementet
I
I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
1320 | Statens vegvesen: | ||
23 | Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., kan overførast, kan nyttast under post 29, post 30, post 31 og post 72, blir auka med | 109 600 000 | |
frå kr 9 704 500 000 til kr 9 814 100 000 | |||
26 | Vegtilsyn, blir redusert med | 3 000 000 | |
frå kr 16 000 000 til kr 13 000 000 | |||
30 | Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 23, post 29, post 31 og post 72, blir auka med | 66 000 000 | |
frå kr 10 531 700 000 til kr 10 597 700 000 | |||
(NY) | 34 | Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, kan overførast, blir løyvd med | 78 000 000 |
1350 | Jernbaneverket: | ||
23 | Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med | 225 000 000 | |
frå kr 6 104 900 000 til kr 6 329 900 000 | |||
30 | Investeringar i linja, kan overførast, blir redusert med | 257 000 000 | |
frå kr 8 653 700 000 til kr 8 396 700 000 | |||
(NY) | 34 | Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, kan overførast, blir løyvd med | 44 000 000 |
1360 | Kystverket: | ||
30 | Nyanlegg og større vedlikehald, kan overførast, blir redusert med | 10 000 000 | |
frå kr 539 260 000 til kr 529 260 000 | |||
(NY) | 34 | Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, kan overførast, blir løyvd med | 10 000 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
4320 | Statens vegvesen: | ||
02 | Diverse gebyr, blir auka med | 82 500 000 | |
frå kr 317 500 000 til kr 400 000 000 | |||
03 | Refusjonar frå forsikringsselskap, blir auka med | 87 100 000 | |
frå kr 32 900 000 til kr 120 000 000 | |||
4370 (NY) | Posttenester | ||
70 | Tilbakebetaling post- og banktenester, blir løyvd med | 2 055 000 | |
4380 | Post- og teletilsynet: | ||
01 | Diverse gebyr, blir redusert med | 4 400 000 | |
frå kr 157 100 000 til kr 152 700 000 | |||
51 | Frå reguleringsfondet, blir auka med | 6 789 000 | |
frå kr 10 000 000 til kr 16 789 000 | |||
5577 | Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet | ||
74 | Sektoravgifter Kystverket, blir auka med | 12 545 000 | |
frå kr 773 453 000 til kr 785 998 000 |
Fullmakter til å pådra forpliktingar for staten utover gitte løyvingar
II
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2014 kan:
forplikte staten for framtidige budsjettår utover gitt løyving på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, post 31 Skredsikring, post 36 E16 over Filefjell og post 37 E6 Vest for Alta, for investeringsprosjekt som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, likevel slik at samla ramme for gamle og nye forpliktingar ikkje overstig 3 800 mill. kr.
forplikte staten for framtidige budsjettår utover gitt løyving på kap. 1350 Jernbaneverket, post 30 Investeringar i linja og post 31 Nytt dobbeltspor Oslo – Ski, for investeringsprosjekt som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, likevel slik at samla ramme for gamle og nye forpliktingar ikkje overstig 950 mill. kr.
Andre fullmakter
III
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2014 kan tilføye stikkordet «kan overførast» på:
kap. 1321 Utbyggingsselskap for veg, post 96 Aksjekapital.
kap. 1380 Post- og teletilsynet, post 71 Tilskott til breibandsutbygging.
IV
Overføringar til og frå reguleringsfondet
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2014 kan overføre inntil 17 mill. kr til eller frå Post- og teletilsynets reguleringsfond.
V
Kostnadsramme
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre investeringsprosjektet E39 Hove – Sandved innanfor ei kostnadsramme på 770 mill. kr.
VI
Forlenging av innkrevjingsperiode
Samferdselsdepartementet samtykkjer i at innkrevjingsperioden for bompengar for heile E18 gjennom Vestfold blir forlengd frå 15 til 20 år.