St.meld. nr. 10 (2007-2008)

Knutepunkt— Kriterium for knutepunktstatus og vurdering av gjennomføring av knutepunktoppdraget

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

I samband med Stortingets handsaming av St.meld. nr. 61 (1991-1992) Kultur i tiden , vart det fastsett ny funksjonsdeling mellom staten og dei regionale og lokale styresmaktene for institusjonar innanfor kulturfeltet for å oppnå best mogleg samsvar mellom oppgåveløysing og økonomisk ansvar, jf. Innst. S. nr. 115 (1992-1993), St.prp. nr. 1 (1994-1995) og Innst. S. nr. 1 (1994-1995).

Kulturmeldinga frå 1992 la opp til ei tredeling av institusjonane som skulle inngå i det nye funksjonsdelingssystemet, med nasjonale institusjonar, region-/landsdelsinstitusjonar og knutepunkt. Staten tok over heile det offentlege tilskotsansvaret for dei nasjonale institusjonane. For region-/landsdelsinstitusjonar og knutepunkt vart det gjort vedtak om eit delt finansieringsansvar mellom staten og regionale/lokale styresmakter.

2.1 Om knutepunkt

I St.meld. nr. 61 (1991-1992) Kultur i tiden , vart omgrepet knutepunkt definert slik:

«Knutepunktinstitusjonene er tenkt å få en fremtidig rolle som bærere av et nasjonalt kulturansvar og samtidig ha en regional og lokal tilknytning. Den største utfordringen for disse institusjonene vil, foruten å ivareta egen utvikling, produksjon og formidling, være å utvikle ideer, tilbud og kompetanse som kan komme hele regionen til gode og bidra til å styrkje kontakt og faglig miljø innenfor de respektive landsdeler. Samtidig er tanken at nettverksfunksjonene skal koble dem tettere både til andre institusjoner og til statlige og regionale myndigheter.»

Knutepunkta skal ha ei felles statleg og fylkeskommunal/kommunal finansiering etter ei fordeling 60-40 pst. mellom stat og fylkeskommune/kommune. For Nord-Noreg endra Stortinget fordelinga til 70-30 pst, med 100 pst. statleg finansiering for Nordnorsk Kunstmuseum.

Det vart vidare sagt i St.meld. nr. 61 (1991-1992) at det er ei viktig oppgåve å sikre formidling av kunst og kultur på eit høgt nivå over heile landet. Dette er eit ansvar som riksinstitusjonane, dei nasjonale institusjonane og knutepunktinstitusjonane er venta å ta hand om gjennom eit formidlingsnettverk som skal dekkje heile landet.

I St.meld. nr. 61 (1991-1992) vert det dessutan under omtalen av budsjettkapitlet «Billedkunst og kunsthåndverk » vist til at ein framleis står overfor uløyste oppgåver når det gjeld formidling av biletkunst- og kunsthandverk, fleire enn på mange av dei andre kulturområda. Eit av dei verkemidla som vert trekt fram, er ei klårare ansvarsdeling og eit sterkare statleg ansvar for ei rekkje institusjonar på området.

Under Stortinget si drøfting av Kulturmeldinga frå 1992 vart det gjort ein del justeringar av kva for institusjonar som var omfatta av den nye funksjonsdelinga, og kva for status dei var tildelt. Ein del av dei knutepunkta det var forslag om, fekk såleis status som nasjonal eller region-/landsdelsinstitusjon. Det vart også tatt inn ein del institusjonar i funksjonsdelingssystemet som det ikkje var framlegg om i St.meld. nr. 61 (1991-1992). Nokre av desse fekk status som knutepunkt.

Totalt 13 institusjonar fekk status som knutepunkt. Størsteparten av desse var å finne på biletkunstområdet, jf. pkt. 2.2 Endringar 1995-2008 under.

Ein viktig føresetnad for forslaget om funksjonsdeling i St.meld. nr. 61 (1991-1992) var å sikre formidling av kunst og kultur, oppleving og deltaking på eit høgt kvalitativt nivå over heile landet. Dette var i første rekkje eit ansvar for riksinstitusjonane og dei nasjonale institusjonane. Men også knutepunkta var tiltenkte ei sentral rolle i det formidlingsnettverket som måtte til for å dekkje landet fullstendig.

Meldinga la til grunn at både riksinstitusjonane og knutepunkta måtte ta hand om viktige formidlingsoppgåver, dels ved å vere med på formidling på tvers av fylkesgrenser og med det ta vare på Noreg som eitt rike, og dels ved å vere ein part i utviklinga av det regionale tilbodet. Det vart særleg peika på behovet for ei systematisk utbygging av formidlingstilbodet innanfor biletkunst og kunsthandverk.

I Nasjonal plan for formidling av billedkunst og kunsthåndverk (1994) vart omgrepet knutepunktinstitusjon konkretisert. Med sin plass på det nasjonale og regionale nivået skulle knutepunktinstitusjonane ha ei rekkje viktige oppgåver og som hovudregel ha:

  • ei fast samling av biletkunst og/eller kunsthandverk med regional profil der dette var mogleg

  • kvalifisert kunstfagleg personale

  • sakkunnig innkjøpskomité

  • ansvar for utveksling av vandreutstillingar med andre institusjonar i det nasjonale nettverket

  • tilrettelegging av formidling til barn og unge

  • museums- og formidlingsfaglege rådgjevingsoppgåver for sin region.

Med bakgrunn i dei dokumenta som er nemnde ovanfor, sette Kulturdepartementet i desember 1994 ned ei arbeidsgruppe som mellom anna fekk i oppgåve å greie ut innhaldet i omgrepet knutepunkt, gje faglege retningsliner, målsetting og eventuelt fellesnemnarar for knutepunkta.

Rapporten vart lagt fram i mars 1995 etter innspel frå dei fylkeskommunane og kommunane som var bidragsytarar til dei ulike knutepunkta. Rapporten konkluderte med følgjande generelle kriterium for status som knutepunkt:

  • Ei kvalitativt betre formidling må vektleggast som oppgåve for knutepunkta.

  • Det må vere ein føresetnad at knutepunkta har eit primæransvar for ein region, som for mange av dei vil vere eit større geografisk nedslagsfelt enn dei har hatt tidlegare.

  • Barn og unge er eit satsingsområde. Derfor vil det vere naturleg å krevje at knutepunkta skal ha eit spesielt ansvar for desse gruppene.

  • Det må vere ein føresetnad at eit knutepunkt har kvalifisert personale innanfor sitt fagområde.

  • Det er forventa at kvart knutepunkt tek vare på sitt særpreg. Såleis er det ikkje slik at kvart knutepunkt skal løyse alle oppgåver som blir definert inn i omgrepet.

  • Det er ikkje tanken at institusjonens virkeområde eller formålsparagraf skal bli endra som konsekvens av knutepunktstatus.

  • Det er ein føresetnad at deler av dei nye oppgåvene kan bli ivaretatt innanfor eksisterande ressursrammer. Nettverkssamarbeidet skal hjelpe institusjonane til å gjere eit betre formidlingsarbeid enn tidlegare.

For biletkunst- og kunsthandverkinstitusjonane var det i tillegg lagt følgjande kriterium til grunn:

  • Knutepunkta skal syta for eiga utvikling, produksjon og formidling.

  • Innanfor regionen/landsdelen skal knutepunkta utvikle idear, tilbod og kompetanse og gjere sitt til å styrkje kontakt og fagleg miljø.

  • Knutepunkta skal vere i samspel med nasjonale og regionale nettverk innanfor same kunstgrein samt offentlege styresmakter.

Rapporten hadde eit særskilt fokus på biletkunst- og kunsthandverkinstitusjonane. For knutepunkt innanfor musikk og film, vart dei generelle krava lagt til grunn. Dette både fordi det i St.meld. nr. 61 (1991-1992) ikkje vart gjennomført ei særskilt utgreiing av musikk- og scenekunstfeltet og fordi det heller ikkje låg føre ein overordna plan for desse områda.

Rapporten gjekk inn som grunnlag for departementet si utforming av eit mål- og resultatstyringssystem, som det vart gjort greie for i St.prp. nr. 1 (1995-1996) og St.prp. nr. 1 (1996-1997), jf. punkt 2.3 Institusjonsinndelingar og 2.5 Oppnemning av styre i knutepunkt .

2.2 Endringar 1995-2008

Etter Stortinget si drøfting av St.meld. nr. 61 (1991-1992) Kultur i tiden fekk følgjande institusjonar kunstepunktstatus i 1995:

Biletkunst og kunsthandverk:

  • Nordnorsk Kunstmuseum, Tromsø

  • Nordnorsk Kunstnersentrum, Svolvær

  • Trøndelag Kunstgalleri, Trondheim

  • Lillehammer Kunstmuseum, Lillehammer

  • Bergen kommunenes kunstsamlinger, Bergen

  • Rogaland Kunstmuseum

  • Christianssands Billedgalleri/Sørlandets Kunstmuseum, Kristiansand

  • Galleri F15, Moss

  • Vestlandske Kunstindustrimuseum, Bergen

  • Kunstindustrimuseet i Oslo

Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim fekk status som nasjonal institusjon, men skulle ha oppgåver på like line med dei kutepunkta som er nemnde ovanfor.

Musikk:

  • Festspillene i Bergen

  • Festspillene i Nord-Norge

Film:

  • Nordnorsk Filmsenter AS, Honningsvåg

Sidan 1995 er det gitt knutepunktstatus til følgjande verksemder:

Musikk:

  • Olavsfestdagene i Trondheim, 1999

  • Molde Internasjonale Jazz Festival, 2000

  • Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, 2005

  • Ultima Oslo Contemporary Music Festival, 2006

  • Festspillene i Eleverum, 2006

  • Notodden Blues Festival, 2007

Litteratur:

  • Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene, 2006

Med St.prp. nr. 1 (2006-2007) vart det i tillegg foreslått å setje av midlar til å inngå ei avtale om knutepunktstatus for ein rockfestival i løpet av 2007.

I St.prp. nr. 1 (2007-2008) er det foreslått knutepunktstatus til Per Gynt-stemnet og Stiftelsen Horisont/Mela.

Med unnatak av Nordnorsk Kunstnersentrum (no Nordnorsk Kunstnarsenter) er alle knutepunkta frå 1995 på biletkunst- og kunsthandverkområdet i dag del av det nasjonale museumsnettverket og er tilskotsmottakarar under statsbudsjettets kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Etableringa av dette nettverket har bakgrunn i St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving – Om arkiv, bibliotek og museum i ei IKT-tid og om bygningsmessige rammevilkår på kulturområdet. For å medverke til ei fagleg, administrativ og økonomisk styrking av musea, skisserte meldinga ei strukturell reform med regionale samanslåingar av mindre museum og etablering av eit nasjonalt nettverk av dei konsoliderte musea.

Etter reforma er Bergen kommunes kunstsamlinger og Vestlandske Kunstindustrimuseum del av Kunstmuseene i Bergen, Galleri F15 er ein del av Punkt Ø og Kunstindustrimuseet i Oslo er ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Dermed eksisterer dei ikkje lenger som sjølvstendige institusjonar.

Etter opprettinga av det nasjonale museumsnettverket, der både tidlegare nasjonale institusjonar, knutepunkt og museum som fekk statstilskot via fylkeskommunane no inngår på lik line, er det ikkje lenger naturleg å oppretthalde funksjonsdelinga mellom institusjonane. Departementet set dei same føresetnadene for og faglege krava til alle museum som har fått status som konsoliderte einingar og som mottek statstilskot som del av det nasjonale museumsnettverket. Ein tek derfor sikte på å avvikle knutepunktavtalar for dei institusjonane som fortsatt har slike.

I det nasjonale museumsnettverket er det ein føresetnad at statstilskotet som hovudregel ikkje skal overstige 60 pst. av det samla offentlege tilskotet og at reigonen skal bidra med minst 40 pst. For dei tidlegare knutepunktinstitusjonane betyr derfor innlemminga i museumsnettverket inga endring i tilskotsfordelinga.

I tillegg til dei biletkunst- og kunsthandverksinistitusjonane som blir nemnde ovanfor, blir dette feltet teke hand om av sju museum i det nasjonale museumsnettverket. Det er også eit tjuetals formidlingsarenaer for biletkunst og kusthandverk som mottek statstilskot over kap. 322, post 78, for eksempel Vestfossen kunstlaboratorium og Galleri Bomuldsfabrikken. Ein samla presentasjon av biletkunst- og kunsthandverkfeltet omfattar i tillegg Nasjonalmuseet si rolle som nav i eit landsdekkjande formidlingsnettverk.

På bakgrunn av dette må ein sjå tilskot til biletkunst og kunsthandverk i samanheng med heilskapen på feltet og dei aktuelle strukturane desse aktørane går inn i, noko som fell utanfor rammene for denne meldinga. Dette saksfeltet blir derfor ikkje drøfta nærare i dette dokumentet.

På bakgrunn av dette vil ikkje institusjonane med knutepunktstatus innanfor biletkunstfeltet bli drøfta vidare i meldinga. Dei vil heller ikkje bli omfatta av kriteria som her blir drøfta for knutepunktoppdrag.

2.3 Institusjonsinndelingar

I St.prp. nr. 1 (1996-1997) vart det gjort greie for tilskotsdelinga mellom staten og regionane:

«Etter den nye funksjonsdelinga har staten ansvar for 100 pst. av driftstilskotet til dei nasjonale institusjonane. For region-/landsdelsinstitusjonane har staten ansvar for 70 pst. medan regionen (fylkeskommune og/eller kommune) har ansvar for 30 pst. For knutepunktinstitusjonane i Sør-Noreg har staten ansvar for 60 pst., i Nord-Noreg for 70 pst. Regionen har ansvaret for resten av tilskotet.…»

For institusjonar som inngår i funksjonsdelingssystemet, er det inngått avtaler om finansieringa mellom staten og dei regionale tilskotspartane.

Styringsdialogen med institusjonar som inngår i funksjonsdelingssystemet, er formalisert gjennom standardavtaler med andre tilskotspartar, krav om statleg styrerepresentasjon, krav til budsjettsøknader og rapportering, rekneskapsrapport og årsrekneskap stadfesta av revisor. Styringa av institusjonane har eit langsiktig perspektiv ved at institusjonane skal utarbeide utviklingsplanar av langsiktig karakter.

2.4 Statstilskot til knutepunkt, festivalar og festspel

For 2008 er det under Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett gitt tilskot til institusjonar med knutepunktstatus under fagkapitla 322 Billedkunst, kunsthåndverk og offentlig rom, 323 Musikkformål, 324 Scenekunstformål og kap. 328 Museums- og andre kulturvernformål, jf. vedlegg 1 for oversikt over desse institusjonane.

I tillegg vert det i 2007 gitt tilskot til 80 festivalar frå tilskotsordninga for musikkfestivalar under kap 320 Allmenne kulturformål, post 50 Norsk kulturfond. Nokre festivalar og festspel får også fast årleg tilskot utan å ha status som knutepunkt.

I St.prp. nr. 1 (2007-2008) legg departementet til grunn at institusjonar og verksemder som får fast årleg tilskot, sjølv tek ansvar for å skape rom innanfor sine budsjett for tiltak som kan fremje forsøk og utvikling i eiga verksemd. Som hovudregel skal slike verksemder ikkje kunne søkje Norsk kulturråd om tilskot. I St.prp. nr. 1 (2006-2007) vart det varsla at departementet vil ta initiativ til ein gjennomgang av funksjonsdelinga mellom Norsk kulturfond og andre budsjettområde. Inntil ein har konklusjonane frå den varsla gjennomgangen, legg departementet til grunn at Norsk kulturråd, som unnatak frå hovudregelen, berre i spesielle tilfelle kan gi tilskot til verksemder som får årleg tilskot over statsbudsjettet sitt kapittel 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskudd til tiltak under Norsk kulturråd, og tiltak som budsjettmessig er plasserte på post 78 Ymse faste tiltak under kapitla 320 Allmenne kulturformål, 322 Billedkunst, kunsthåndverk og offentlig rom, 323 Musikkformål, 324 Scenekunstformål og 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål.

2.5 Oppnemning av styre i knutepunkt

Med utgangspunkt i drøftinga av spørsmålet om knutepunkt i St.meld. nr. 61 (1991-1992) Kultur i tiden , vart det i St.prp. nr. 1 (1996-1997) gjort framlegg om ei ny ordning for oppnemning av styremedlemmer i institusjonar som kjem inn under funksjonsdelinga:

«Gjennomføring av ny styreordning

Det har i 1996 vore arbeidd med å oppnemne statlege styrerepresentantar i tråd med den nye styreordninga som Stortinget har ønskt for dei institusjonane som er med i ordninga. For dei nasjonale institusjonane og region-/landsdelsinstitusjonane vil dette seie at staten no i regelen har styrefleirtal og styreleiar. For knutepunktinstitusjonane inneber det at staten som hovudregel har styreleiar, og i tilegg ein eller to styrerepresentantar.»

Staten hadde ikkje tidlegare sett krav om oppnemning av representantar til styre for institusjonar med statleg støtte.

Oppnemning av styre i knutepunkta vart presisert i St.prp. nr. 1 (2006-2007):

«Staten skal oppnevne styreleder og minst ett styremedlem og vararepresentant for disse. Offentlige myndigheter skal sammen oppnevne et flertall av styremedlemmene.»

Oppnemning av styrerepresentantar er også drøfta i St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn – regional framtid . Her heiter det:

«For å styrke den regionale innflytelsen, kan ansvaret for å oppnevne styreleder og eventuelt noen eller alle av styremedlemmene overføres til regionene. Styrene skal påse at forvaltningen av institusjonene skjer etter gjeldene lover og forskrifter og forutseninger for det offentlige tilskuddet. Det må derfor fortsatt vektlegges å oppnevne profesjonelle styrer.»

Stortinget si drøfting av St.meld. nr. 12 (2006-2007) gav støtte til forslaget om å gi regionane større innverknad på dei lokale og regionale kulturinstitusjonane gjennom auka styrerepresentasjon og oppnemning av styreleiar, jf. Innst. S. nr. 166 (2006-2007), side 19.

2.6 Knutepunkt

I St.prp. nr. 1 (2007-2008) er det gitt tilskott som knutepunkt til tolv festivalar og festspel innanfor musikk, teater og litteratur, ti av desse på musikkfeltet og ein for kvart av områda scenekunst og litteratur, jf. omtale under pkt. 2.2. Endringar 1995-2005 , der det blir slege fast at institusjonane med knutekunststatus innan biletkunstfeltet ikkje blir omfatta av dei kriteria for knutepunktoppdrag som denne meldinga legg opp til.

Nedanfor følgjer ein presentasjon av det einskilde knutepunktet basert på institusjonen sine vedtekter, årsmelding for 2006 og budsjettsøknad for 2008.

2.6.1 Festspillene i Bergen

Festspillene i Bergen vart stifta 6. november 1951. Det første festspelet vart arrangert i 1953.

Festspillene i Bergen fekk knutepunktstatus frå og med 1995, jf. St.prp. nr. 1 (1994-1995). Tilskotet var i 1995 på 4,5 mill. kroner. Tilskotet til festspela frå Kultur- og kyrkjedepartementet er for 2008 på 15,5 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) kap. 323 Musikkformål, post 72 Knutepunktinstitusjoner.

Festspillene i Bergen er ei stifting med følgjande formål:

«Stiftelsen Festspillene i Bergen har som formål innenfor et bestemt tidsrom å organisere kunstneriske arrangementer på høyt nasjonalt og internasjonalt nivå.

  • Arrangementene skal gi et bilde av de beste norske og internasjonale kunstfrembringelser, vesentlig innfor musikk, men også ballett, opera, teater, folklore og andre kunstarter.

  • Festspillenes målsetting er å være den fremste norske manifestasjon i sitt slag, med internasjonal gjennomslagskraft.»

Festspillene i Bergen har sidan 2006 blitt presentert med ny kunstnarleg og visuell profil, «Nordiske Impulser». Målet er å bli den viktigaste møtestaden i Norden og Baltikum for utøvande og skapande kunstnarar. Det blir mellom anna lagt vekt på å presentere fleire eigne produksjonar. Festspillene skal presentere eit program med høgast mogleg kvalitet, vere inkluderande og rette seg mot alle. Festspillene skal også i større grad reflektere samtidas kunstuttrykk og vere ein møtestad for fordjuping.

Rekneskapstala for 2006 viser at driftskostnadene for Festspillene i Bergen for 2006 var på tilnærma 42 mill. kroner. Tilskotet frå Kultur- og kyrkjedepartementet var på 12,5 mill. kroner og det regionale tilskotet var same året på 8,7 mill. kroner. Festspillene hadde 40 233 publikumarar på tilstellingar med billett i 2006 og gjennomførte totalt 194 arrangement.

2.6.2 Festspillene i Nord-Norge

Festspillene i Nord-Norge vart første gang arrangert i 1965. Festspela fekk status som knutepunktinstitusjon i 1995, jf. St.meld. nr. 61 (1991-1992) Kultur i tiden . Det statlege tilskotet var på 2,7 mill. kroner. For 2008 er tilskotet frå Kultur- og kyrkjedepartementet på 10,8 mill. kroner til Festspillene i Nord-Norge, inkludert Festspillene-Turné, som tidlegare fekk tilskot frå løyvinga til Landsdelmusikerordningen i Nord-Norge, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) kap. 323 Musikkformål, post 72 Knutepunktinstitusjoner.

Festspillene i Nord-Norge er ei stifting som har til formål å:

  • «arrangere årlige festspill

  • bidra til å styrke kulturliv og kunstnerisk virksomhet i landsdelen

  • reflektere menneskers livsvilkår i Nord-Norge og på Nordkalotten

  • være møtested og eksponeringsforum for aktører, organisasjoner og institusjoner innen regionalt, nasjonalt og internasjonalt kulturliv.»

Festspillene i Nord-Norge blir arrangert i juni kvart år. Aktivitetane er i stor grad lokaliserte til Harstad kommune i Nordland, sjølv om det også blir lagt vekt på at aktivitetar vert spreidde over heile landsdelen. Festspelprogrammet baserer seg på eit breitt samarbeid med andre aktørar i og utanfor Nord-Noreg.

Festspillene sin visjon er å vere Nord-Noreg sitt viktigaste kulturarrangement. Ifølgje måldokumentet for 2005-2008 for Festspillene i Nord-Norge er hovudstrategien å lage ein attraktiv festival med nasjonal merksemd og appell, som utfordrar spenningsfeltet mellom det mytiske og det moderne.

Festspillene prøver så langt som råd er å få til ei blanding av regionale, nasjonale og internasjonale kunstnarar og programpostar. Det blir lagt vekt på å utvikle programidear i nært samarbeid med landsdelen sine eigne institusjonar og utøvarmiljø. Det er vidare eit mål å utvikle arrangørkompetansen lokalt. Festspillene har ei omfattande verksemd retta mot barn og unge. Programmet femner om ein eigen Barnas Festival og parallelt med festspela blir ungdomsfestivalen Nuk+ arrangert.

Rekneskapstala for 2006 viser at Festspillene i Nord-Norge i 2006 hadde driftskostnader på 13,6 mill. kroner. Det statlege driftstilskotet utgjorde 7 mill. kroner og det regionale 3 mill. kroner. ­Talet på publikum på tilstellingar med billett i 2006 var 15 320, fordelt på totalt 149 arrangement.

2.6.3 Olavsfestdagene i Trondheim

Dagens festival fører vidare tradisjonen frå Olavsdagene som starta opp i 1962. Olavsfestdagene blir haldne i Trondheim i juli kvart år og fekk knutepunktstatus i 1999, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (1998-1999). I 1999 var det statlege tilskotet på 3,2 mill. kroner. For 2008 er tilskotet frå Kultur- og kyrkjedepartementet på 6,3 mill kroner til Olavsfestdagene i Trondheim, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) kap. 323 Musikkformål, post 72 Knutepunktinstitusjoner.

Av vedtektene går det fram at:

«Stiftelsen Olavsfestdagene i Trondheim har til formål å gjenreise og styrke Trondheim som et nasjonalt kirkelig og kulturelt kraftsentrum.

Stiftelsen skal hvert år arrangere Olavsfestdagene i Trondheim i tilknytning til Olsok.

Stiftelsen skal arrangere kurs i kammermusikk og tidlig musikk og videreutvikle kirkelige og kulturelle arrangement i byen, og initiere og engasjere seg i nye tiltak i pakt med stiftelsens formål.

Som knutepunktinstitusjon skal Olavsfestdagene i Trondheim videreføres med vektlegging på konserter, folkelivsprogram, utstillinger, kurser, familieprogrammer og den kirkelige Olsokfeiringa i Nidarosdomen, herunder pilegrimsvandringer.»

I løpet av Olavsfestdagane blir det arrangert ei rekkje konsertar innan ulike musikksjangrar. Det blir også arrangert seminar, konferansar, pilegrimsvandringar, gudstenester og eigne aktivitetar for barn og unge. Olavsfestdagane si historiske forankring er dyrkinga av Olav den heilage. Pilegrimar frå mange land vitjar pilegrimsmålet Nidarosdomen under festivalen, som er eitt av få pilegrimsmål i Nord-Europa.

I handlingsprogrammet for 2000-2010 heiter det at Olavsfestdagane vil utvide samarbeidet med kyrkjemusikarar, sette kyrkjeopera inn i programmet, styrkje barneprogramma og vidareutvikle pilegrimssatsinga. Saman med Trondheim kommune vil samarbeidet med dei andre festivalane i regionen bli styrka. Det er vidare eit ønske om å samle kurs-, foredrag- og seminarverksemda i eit eige «St. Olav akademi».

Rekneskapstala for 2006 viser at Olavsfestdagene i 2006 hadde driftskostnader på 28,7 mill. kroner. Det statlege driftstilskotet utgjorde 4,9 mill. kroner og det regionale 3,3 mill. kroner. Talet på publikum på tilstellingar med billett i 2006 var 43 117 fordelt på totalt 135 arrangement.

2.6.4 Molde International Jazz Festival

Jazzfestivalen i Molde vart arrangert for første gong i 1961 og skal vere den eldste jazzfestivalen i Europa som har vore i kontinuerleg drift.

Festivalen fekk knutepunktstatus i 2000, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (1999-2000). Det statlege tilskotet utgjorde då 1,7 mill. kroner. For 2008 er tilskotet på 4,6 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) kap.323 Musikkformål, post 72 Knutepunktinstitusjonar.

I vedtektene for stiftinga heiter det at:

«Stiftelsen Molde International Jazz Festival er en ideell organisasjon med formål å øke kunnskap om og interesse for jazz og beslektede kunstuttrykk. Dette søkes primært oppnådd ved å arrangere en årlig jazzfestival forankret i jazz fra fortid, nåtid og fremtid, med vekt på samtidsmusikalske uttrykk fra inn- og utland.

Stiftelsen skal videre stimulere til jazzrelaterte aktiviteter lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Lokalt skal Stiftelsen blant annet bidra med teknisk, administrativ og/eller økonomisk bistand ved arrangement og andre aktiviteter utenom jazzfestivalen.»

Molde International Jazz Festival legg i sitt program vekt på å få fram utviklinga i norsk og internasjonal jazz. Ambisjonen til festivalen er å presentere det ypparste frå den internasjonale jazzscena og at alle stilartar innanfor jazzen skal vere representerte. Like eins skal programmet inkludere ulike generasjonar jazz, innåtvend og utåtvend jazz, kjente og ukjente namn, prosjekt og faste band, europeisk og amerikansk jazz. I festivalen inngår eit «Artist in Residence»- program der det blir veksla mellom internasjonalt kjende musikarar og unge norske musikarar som fortener særskild merksemd. Det blir vidare lagt vekt på prosjekt i samarbeid med andre profesjonelle formidlingsinstitusjonar i Molde. Festivalen har eit stort internasjonalt nettverk og tek del i samarbeid om booking og erfaringsutveksling. Årleg har festivalen eit stort innslag av konsertar for barn og unge og samarbeider internasjonalt om presentasjon av unge utøvarar på sentrale festivalar.

Rekneskapstala for 2006 viser at Molde International Jazz Festival i 2006 hadde ein samla driftskostnad på 21,8 mill. kroner. Det statlege tilskotet var på 4,2 mill. kroner og det regionale driftstilskotet på 2,8 mill. kroner. Totalt tal på publikum var 27 801 fordelt på 141 arrangement.

2.6.5 Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival vart arrangert første gong i 1990. Festivalen held til i Førde i Sogn og Fjordane og er ein årleg festival i juli månad. Festivalen fekk knutepunktstatus i 2005, jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005) med eit statleg tilskot på 2 mill. kroner. For 2008 er tilskotet på 3,2 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) kap. 323 Musikkformål, post 72 Knutepunktinstitusjoner.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ei ideell stifting som har i oppgåve å gjennomføre ein internasjonal folkemusikkfestival i Førde kvart år.

Målet er

  • «å fremje kunnskap om og interesse for norsk og internasjonal folkemusikk og dans gjennom konsertar, kurs og andre tiltak

  • å vere med på å auke generell kunnskap om andre lands kultur og medverke til fred og forståing mellom ulike folk og nasjonar ved å gjere Førde og Sogn og Fjordane til ein møtestad for utøvarar frå heile verda

Den årlege festivalen skal ha folkemusikk og folkedans som hovudinnhald. I tillegg knytast andre kulturuttrykk og aktivitetar til arrangementet, som kan sjåast i naturleg samanheng med hovudføremålet. Stiftinga kan òg stå for arrangement i samsvar med hovudformålet andre stader i fylket og utanom tida for sjølve festivalarrangementet.»

Festivalen engasjerer artistar frå fleire land og kulturar og sikrar gjennom det at ulike musikalske uttrykk vert presenterte. Dette omfattar både spel, song og dans saman med ulike stilretningar innanfor etniske musikkuttrykk. Festivalen har eit variert programtilbod som spenner frå konsertar og dansetilstellingar til kurs, musikkverkstader og andre kunstuttrykk som biletkunstutstillingar og filmframsyningar.

I tillegg til tiltak retta spesielt mot barn og unge legg festivalen til rette for tiltak på tvers av generasjonar. Festivalen tek også del i samarbeidsprosjekt med skoleverket og med kulturskolane i regionen om kurs året igjennom. Festivalen har gjennom fleire år hatt samarbeid med Sogn og Fjordane Teater om å få fram nye sceneproduksjonar med norsk folkemusikk og folkedans. Festivalen er også med i konsertverksemd gjennom heile året.

Rekneskapstala for 2006 viser at Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i 2006 hadde driftskostnader på 6,9 mill. kroner. Det statlege tilskotet utgjorde 2 mill. kroner og det regionale 1,4 mill. kroner. Talet på publikum på tilstellingar med billettar var 14 295 i 2006, fordelt på 102 arrangement.

2.6.6 Ultima Oslo Contemporary Music Festival

Ultima Oslo Contemporary Music Festival vart arrangert for første gong i 1991. Festivalen blir arrangert i oktober kvart år i Oslo. Ultima fekk knutepunktstatus i 2006 med 3,5 mill. kroner i statleg tilskot, jf. St.prp. nr. 1 (2005-2006). For 2008 er tilskotet på 3,8 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) kap. 323 Musikkformål, post 72 Knutepunktinstitusjoner.

Stiftinga sine vedtekter seier at:

«Stiftelsen ULTIMA Oslo Contemporary Music Festival skal ha til formål å arrangere en årlig internasjonal samtidsmusikkfestival på høyt kunstnerisk nivå i Oslo.»

Ultima ønskjer å fremje kunstnarleg utvikling og fornying ved å vere eit møtepunkt for leiande norske og internasjonale kunstnarar innanfor samtidsmusikken og relaterte kunstartar. Målet er å stimulere til nyskaping og gi høve til lansering og utvikling for unge talent. Vidare er det eit mål å søkje etter nye presentasjonsmåtar for kunst og gi rom for generasjonsoverskridande produksjonar. Ultima har eit råd med representantar frå atten institusjonar som samla representerer eit breitt utval institusjonar innanfor kunst, utdanning og informasjon, og som stiller ressursar til rådvelde for den årlege festivalen. Ultima arrangerer Master Class i komposisjon for studentar ved Norges musikkhøgskole. Gjennom Ultima Ung blir norske og utanlandske utøvarar presenterte.

I dei seinare åra har pedagogiske aktivitetar for dei yngste vore ei viktig satsing. Dei siste ti åra har Ultima Film med serien Dans for Kamera regelmessig stått på programmet, og har blitt eit viktig innslag i festivalprogrammet. I tillegg kjem konferansar og seminar. Ultima har eit omfattande samarbeid blant anna innanfor nettverket Réseau Varèse og European Festivals Association.

Rekneskapstala viser at festivalen i 2006 hadde driftskostnader på 7,6 mill. kroner. Det statlege tilskotet var på 3,5 mill. kroner og det kommunale på 2,3 mill. kroner. Talet på publikumarar på tilstellingar med billettar var 9 392, fordelt på 47 arrangement.

2.6.7 Festspillene i Elverum

Festspillene i Elverum vart etablert i 1973 og blir arrangert i august kvart år. Dei fekk knutepunktstatus i 2006 med eit statleg tilskot på 1,6 mill. kroner, St.prp. nr. 1 (2005-2006). For 2008 er tilskotet på 1,7 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) kap. 323 Musikkformål, post 72 Knutepunktinstitusjoner.

I vedtektene for stiftinga heiter det at

«Stiftelsen har som formål å arrangere festspill ved å gi et kvalitetstilbud innen musikk og andre kunstarter på et høyt kunstnerisk nivå. Det legges særlig vekt på presentasjon av unge talentfulle og lovende kunstnere.»

I strategiplanen for Festspillene i Elverum 2006-2010 er målet å presentere minneverdige opplevingar på høgt kunstnarleg nivå innanfor musikk og andre utvalde kunstartar. Det inneber at Festspillene i Elverum skal arbeide for at publikum, sponsorar og utøvarar oppfattar dei som ein attraktiv, spanande og velrenommert kulturinstitusjon, og vere ei inspirasjonskjelde for unge kunstnarar i Norden. Dei unge kunstnarane skal her møte interesse for sitt talent og bli sette i stand til å utvikle seg vidare i samspel med profesjonelle kunstnarar. Festspillene skal vere ein kulturinstitusjon som blir støtta og opplevd som ein møteplass og vekstimpuls for kulturliv, folkeliv og næringsliv, spesielt reiseliv i innlandet og i media, både nasjonalt og internasjonalt. Festspillene ønskjer samarbeid med underleverandørar og samarbeidspartnarar som er opptekne av å levere produkt og tenester med høg kvalitet. Arrangementa skal finne stad i innlandet i Noreg, med eit kunstnarleg og geografisk tyngdepunkt i Elverum.

«Ungdomssymfonikerne» har sine sommarsamlingar under Festspillene i Elverum. Orkesteret blir sett saman på nytt kvart år og rekrutterer om lag 100 musikkstudentar frå heile Noreg i tillegg til nordiske og europeiske studiestader.

Rekneskapstala for 2006 viser at dei totale driftskostnadene var på 5,4 mill. kroner. Det statlege tilskotet var på 1,6 mill. kroner. Regionalt tilskot var på 1,1 mill. kroner. Talet på publikumarar på tilstellingar med billettar var 10 306 i 2006, fordelt på 36 arrangement.

2.6.8 Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene

Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene vart etablert i 1995. Festivalen er lokalisert til Lillehammer og fekk status som knutepunkt frå 2006 med eit statleg tilskot på 1,3 mill. kroner. Det statlege tilskotet kjem via Maihaugen, jf. St.prp. nr. 1 (2005-2006) kap. 328 Museums- og andre kulturvernformål, post 70 Det nasjonale museumsnettverket. I 2008 er tilskotet på 1,6 mill. kroner.

I vedtektene for festivalen heiter der:

«Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene er en alminnelig stiftelse med ideell karakter. Stiftelsens formål er å gjennomføre en fast årlig kultursatsing med sikte på å øke kunnskapen om og interessen for norsk litteratur, nasjonalt og internasjonalt. I tillegg skal festivalen presentere internasjonal litteratur og forfattere.

Stiftelsen skal stå ansvarlig for gjennom­føringen av Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene på Lillehammer i et nært samarbeid med det litteraturfaglige miljøet i Norge skal arrangeres:

Seminarer for norske og utenlandske forfattere og fagfolk, åpne arrangement for litteraturinteresserte og andre tiltak for å styrke festivalen i kontakt med et bredt publikum.»

Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene er Noregs største litteraturfestival med hovudvekt på norsk samtidslitteratur og samspelet mellom litteratur og samfunn. Dei siste åra har festivalen fått ein meir internasjonal profil. I 2007 var det særleg fokus på Norden. Festivalen har hovudvekt på litterære program (forfattarmøte, opplesingar, samtalar, foredrag) i tillegg til konsertar, film og utstillingar. I 2007 auka satsinga på barn og unge med eit eige program kalla Pegasus.

Rekneskapstala for 2006 viser at festivalen det året hadde eit totalt driftsbudsjett på ca. 4. mill. kroner. Av dette var 1,3 mill. kroner tilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet og 0,5 mill. kroner frå regionen. I 2006 vitja om lag 17 000 personar festivalen. Talet på arrangement var 135.

2.6.9 Notodden Blues Festival

Notodden Blues Festival vart etablert i 1988 og blir arrangert på Notodden i august kvart år. I statsbudsjettet for 2007 vart det lagt inn 1,5 mill. kroner til ein bluesfestival, jf. St.prp. nr. 1 (2006-2007) kap. 323 Musikkformål, post 72 Knutepunktinstitusjoner. I august 2007 vart det gjort kjent at Notodden Blues Festival ville bli foreslått som knutepunktinstitusjon. I 2008 er tilskotet på 1,6 mill. kroner.

I vedtektene for festivalen heiter det at:

«Notodden Blues Festival har som formål å fremme blues som musikkform i Norge. Festivalens visjon lyder: Notodden Blues Festival – Europas største bluesopplevelse.»

Notodden Blues Festival er i dag eit medlemslag, men vil bli organisert som ei stifting. I 1992 vart Stiftelsen Notodden Blues Festival skipa med det formålet å bidra økonomisk til å sikre drifta av festivalen. Den praktiske gjennomføringa av festivalen er basert på dugnadsinnsats frå frivillige gjennom ulike lag. Festivalen har som målsetting å spreie blues som musikkform til nye målgrupper, sørgje for utvikling og nyskaping innanfor sjangeren, oppretting av ein eigen norsk rekrutteringsscene under festivalen og styrkje Notodden Blues Festival som eit europeisk tyngdepunkt innanfor bluesrelaterte aktivitetar. Dette vil skje gjennom ein seriøs fagleg og musikalsk profil og satsing på nyskaping og næringsutvikling.

Notodden Blues Festival er representert i styret for interesseorganisasjonen Blues Foundation. Gjennom vennskapsbyen Clarksdale i Mississippi, USA, samarbeider festivalen med utveksling av musikarar og dokumentasjon av bluesområdet. Notodden Blues Festival har dei to siste åra hatt eit offisielt samarbeid med staten Mississippi gjennom deira Tourism Division.

Rekneskapstala for 2006 viser at festivalen det året hadde driftskostnader på vel 12 mill. kroner. Det statlege tilskotet var på 0,9 mill. kroner, kanalisert gjennom Norsk kulturfond. Det regionale tilskotet utgjorde 0,6 mill. kroner. Festivalen selde 23 000 billettar i 2006. Talet på publikumarar var 42 000.

2.6.10 Per Gynt-stemnet

Per Gynt-stemnet går tilbake til 1928 og blir arrangert i august kvart år i friluft ved Gålåvatnet i Oppland. Per Gynt-stemnet har fått statleg tilskot frå Norsk kulturråd under kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskudd til tiltak under Norsk kulturråd. Per Gynt-stemnet vil ha knutepuktstatus frå 2008 med eit statlig tilskot på 2,5 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) kap. 324 Scenekunstformål, post 72 Knutepunktinstitusjoner.

I tillegg til teateroppsettinga og danseframsyningar femner stemnet mellom anna om fjellkonsert, kunstutstilling, kåseri og foredrag. Sceneframsyninga av Peer Gynt er hovudarrangementet under stemnet som blir gjennomført med hjelp av lokale aktørar, vaksne og barn og ungdom frå amatørteatermiljøet i regionen. Hovudrollene blir spela av skodespelarar frå dei profesjonelle hovudscenene i landet.

I samband med Ibsen-året 2006 vart det også sett opp ei grensesprengjande danseframsyning med unge, lovande profesjonelle dansarar i lag med lokale utøvarar i ekstremsport og luftakrobatikk.

Det statlege tilskotet til Per Gynt-stemnet var i 2006 på 1,5 mill. kroner. Det regionale tilskotet utgjorde 1,6 mill. kroner. Talet på arrangement i 2006 var 88. Talet på publikumarar var 60 000.

2.6.11 Stiftelsen Horisont/Mela

Festivalen Mela vart etablert av Norsk kulturråd i 2000, og den første festivalen vart halden same året. Festivalen blir no arrangert i Oslo i august kvart år med Stiftelsen Horisont som ansvarleg arrangør. Stiftelsen Horisont/Mela har motteke fast årleg tilskot frå Norsk kulturråd under kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskudd til tiltak under Norsk kulturråd. I tillegg har Stiftelsen Horisont motteke prosjektstøtte frå fleire departement til gjennomføring av festivalen. Stiftelsen Horisont/Mela har knutepunktstatus frå 2008 med eit statleg tilskot på 3 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) kap. 323 Musikkformål, post 72 Knutepunktinstitusjoner, og i tillegg 0,5 mill. kroner frå Utanriksdepartementet.

«Stiftelsen Horisont skal arbeide for:

  • kompetanseheving og økt deltakelse av minoriteter i kunst- og kulturlivet

  • utvikling av nye metoder i kulturutveksling, primært med de land norske etniske minoriteter kommer fra

  • å ta i bruk offentlige arenaer som kulturelle møteplasser mellom minoriteter og majoritet.»

Gjennom året samarbeider Stiftelsen Horisont med kunstnarar med minoritetsbakgrunn, etablerte offentlege arenaer og organisasjonsliv som ønskjer å prioritere kulturelt mangfald. Dette skjer gjennom seminar, foredrag, konsertar, utstillingar, publikasjonar og rådgjeving.

Det sentrale elementet i verksemda er festivalen Mela. Mela tyder «møteplass» og har røter i Sør-Asia. I si moderne form er Mela ein festival basert på kunstnarlege og kulturelle uttrykk, buer med mat og informasjon og varer av ulike slag. Dei fleste av arrangementa er gratis.

I 2006 fekk Stiftelsen Horisont/Mela eit samla statleg tilskot frå ulike departement på 3,3 mill. kroner, av dette 0,9 mill. kroner frå Kultur- og kyrkjedepartementet via Norsk kulturråd. Då Mela vart arrangert i 2006, samla festivalen om lag 300 000 menneskje.

2.6.12 Knutepunkt for rock

I St.prp. nr. 1 (2006-2007) er det lagt inn midlar til ein knutepunktfestival for rock. I desember 2007 har Øyafestivalen i Oslo får tilbod om knutepunktstatus. Knutepunktstatusen gjeld frå og med 2008 og inneber at festivalen vil få 1,5 millionar kroner i statleg støtte. Dei formelle vilkåra for knutepunktstatusen er venta å bli avklart i byrjinga av 2008 og på bakgrunn av dialog med festivalen og med Oslo kommune som har vore positivt innstilt til knutepunktstatus for festivalen.

Til forsida