7 Økonomiske og administrative konsekvensar
For staten vil dei økonomiske konsekvensane som følgjer av stortingsmeldinga, vere ei gradvis opptrapping av tilskotet til knutepunkta, og først og fremst til dei knutepunkta som no har låge offentlege tilskot. Desse utgiftene vil bli dekte innanfor dei årlege løyvingane til kulturformål.
For dei regionale og lokale tilskotspartane vil tilskotet vere 40 pst. av det samla offentlege tilskotet til knutepunkt i Sør-Noreg og 30 pst. av det samla offentlege tilskotet til knutepunkt i Nord-Noreg. I samsvar med det etablerte funksjonsdelingssystemet for finansiering av kulturinstitusjonar blir det inngått avtale mellom staten og fylkeskommunale/kommunale styresmakter med 4 års horisont om finansieringa av m.a. knutepunkta.
Fylkeskommunane og kommunane inngår slike avtaler om finansiering på sjølvstendig grunnlag. Ei gradvis opptrapping av det statlege tilskotet til knutepunkt, har også ei gradvis opptrapping av det fylkeskommunale og kommunale tilskotet som vilkår.