5 Oppnådde mål, styring og kontroll
5.1 Innleiing
I samband med innføring av nytt økonomiregelverk for staten foreslo departementet i St.prp. nr. 1 (1996-1997) eit gradert styrings- og kontrollsystem for forvalting av løyvingane frå departementet som Stortinget slutta seg til, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (1996-1997).
Tilskot til knutepunkta er definert innanfor «Type 1: Tilskot til institusjonar som inngår i funksjonsdelingssystemet og aksjeselskap der staten eig meir enn 50 pst.»
Sjå omtale av dette også i St.prp. nr. 1 (2007-2008), kap. 7 Tilskuddsforvaltning – gradert styrings- og kontrollsystem .
På denne bakgrunnen har departementet fastsett mål- og resultatkriterium for tilskot til kunst- og kulturverksemder innanfor dei ulike budsjettområda. I kapittel 3 Høyringom justerte kriterium for og vurdering av knutepunktoppdrag , er det gjort greie for hovudmåla på eit generelt nivå.
Dei fleste knutepunkta tilhøyrer musikkområdet og mottek tilskot under statsbudsjettet sitt kapittel 323 Musikkformål. For tilskot under dette kapitlet er hovudmåla formulerte slik:
gjere musikk av høg kunstnarleg kvalitet tilgjengeleg for flest mogleg
fremje kunstnarleg utvikling og fornying
målrette verksemda og utnytte ressursane best mogleg.
Til kvart av dei tre hovudmåla er det knytt delmål og resultatkriterium, og knutepunkta og andre mottakarar av tilskot rapporterer årleg til departementet i samsvar med resultatkriteria om publikumstal og konsertar, om urframføringar, framføring av norske og utanlandske samtidsverk, om strategiplanar og tiltak for å sikre god ressursutnytting.
I denne meldinga er innhaldet i omgrepet knutepunkt og mål- og resultatkrava til festivalar og festspel som har knutepunktstatus, utvikla og presiserte til forankring til ein stad, festivalaktivitet kvart år, kunstnarleg leiande, koordinering og samarbeid, nasjonal og internasjonal orientering, nyskapande og utviklingsorientert, publikumsutvikling, god ressursutnytting og regional medverknad, jf. kapittel 4 Departementets vurdering av kriterium for knutepunktstatus . Innhald og krav som presiseringa inneber, kjem i tillegg til dei generelle mål- og resultatkriteria som er nemnde ovanfor.
Eit anna hovudpunkt i denne meldinga er innføring av evaluering av kunstnarleg og fagleg kvalitet i tillegg til vurdering på grunnlag av kvantitative målkriterium.
5.2 Evaluering
Knutepunktevalueringa skal ta utgangspunkt i dei presiserte mål- og resultatkriteria som ligg til grunn for statens tilskot til knutepunktet.
Det inneber vurdering av oppnådde resultat når det gjeld:
forankring til ein stad
festivalaktivitet kvart år
kunstnarleg leiande
koordinering og samarbeid
nasjonal og internasjonal orientering
nyskapande og utviklingsorientert
publikumsutvikling
god ressursutnytting
regional medverknad.
Det inneber også måling av kvantitative kriterium som tal på publikum og tal på arrangement, medrekna arrangement retta mot særskilde publikumsgrupper. Vidare vil det seie å ta omsyn til om det aktuelle knutepunktet har eit særskild ansvar innanfor sin sjanger, sitt verkeområde eller sin region.
Departementet vil leggje knutepunkta sine eigne, årlege rapportar til departementet til grunn for evalueringane. For å få fagleg og kunstnarleg kompetente vurderingar av i kva for grad knutepunkta har nådd dei totale måla for tilskotet til institusjonen, medrekna kunstnarlege prestasjonar og utvikling, vil det vere naudsynt å engasjere fagekspertise. I tillegg til norske ekspertar kan det vere aktuelt å innhente kompetanse frå andre land, i første rekkje andre nordiske land.
For å kunne gjennomføre komparative vurderingar av knutepunkta mot andre festivalar, vil det kunne vere naudsynt å innhente informasjon om andre festivalar på ein systematisk måte.
Evalueringane bør gjennomførast kvart fjerde år og på grunnlag av oppnådde resultat sidan førre evaluering. Også for den første evalueringa bør ein leggje til grunn eit fireårsperspektiv.
Departementet reknar med at evaluering av oppnådde kvalitative mål vil tilføre kunnskap om og utdjupe forståinga av knutepunkta sine kunstnarlege resultat.
Det er viktig at opplegg og gjennomføring av evalueringane blir gjort på ein måte som er tilpassa det einskilde knutepunktet. Det gjeld også verksemda sitt formål, eigenart og økonomiske ressursar.
Evalueringa skal kunne medverke til kunstnarleg så vel som økonomisk og administrativ utvikling, og med det gjere institusjonen betre i stand til å nå dei oppsette måla. For at evalueringa skal bli ein læreprosess og gi grunnlag for utvikling for dei involverte, må vurdering av resultata og i kva grad måla er nådde, bli lagt opp slik at knutepunkta er aktive medspelarar. Dei regionale tilskoltspartane må også ha oppgåver i samband med evalueringsprosessen. Tilskotspartane skal i samråd bidra til å utvikle sentrale problemstillingar og til gjennomføring av evalueringa.
Det einskilde knutepunktet må etter at alle evalueringsrapportane ligg føre, bli invitert til ein dialog med departementet og dei regionale og lokale tilskotspartane om resultata.
Tildeling av status som knutepunkt kan bli trekt tilbake. Ved starten av ei evaluering må det bli gjort klart for knutepunkta at dersom dei oppsette måla gjennomgåande berre i liten grad er oppnådde, kan dette medføre tap av knutepunktstatus.
Verksemdene som har knutepunktstatus, jf. omtale under kapittel 2.6 Knutepunkt , må bli gjevne rimeleg tid til å omstille seg og innrette verksemda for å kome kriteria for det justerte knutepunktoppdraget til møtes.
For fleire av knutepunkta vil det også vere naudsynt å styrkje det økonomiske grunnlaget for verksemda. Det vil like vel vere merkbare forskjellar mellom knutepunkta både når det gjeld offentlege stilskot og det høvet dei har til å generere eigeninntekter. Forventningane til dei ulike institusjonane vil derfor måtte bli graderte. Dersom regionen reduserer sitt tilskot vil statens tilskot bli redusert tilsvarande slik at fordelingsnøkkelen 60/40 mellom stat og region står ved lag.
I samsvar med det etablerte funksjonsdelingssystemet for finansiering av kulturinstitusjonar, jf. St.meld. nr. 61 (1991-1992) Kultur i tiden og Innst. S. nr. 115 (1992-1993) er finansieringa av knutepunkt delt 60-40 for stat/region i Sør-Noreg og 70/30 i Nord-Noreg. Nye knutepunkt vil bli etablerte i dialog og forståing med det regionale leddet og eventuelt Sametinget. Nye avtalar mellom staten og regionale/kommunale styringsorgan blir inngått med ein 4 års horisont som forpliktar staten og dei regionale tilskotspartane i perioden.
Mykje taler for at første evaluering først bør bli gjennomført to år etter at reviderte krav er fastsette. Det vil i alle tilfelle vere viktig å leggje vekt på læringsaspektet slik at evalueringa eventuelt blir eit bidrag til å omstille verksemda i ei retning som sikrar betre måloppnåing i tråd med føresetnadene for status som knutepunkt.
5.3 Oppnemning av styre og val av organisasjonsform
Det er i dag ein føresetnad for det statlege tilskotet til knutepunkta at staten får oppnemne styreleiar og eitt styremedlem med vararepresentantar.
Departementet vil understreke det viktige ved at knutepunkta har kompetente og velfungerande styre. Det er vanskeleg å få eit styre med for mange medlemer til å fungere godt. Offentlege styresmakter bør leggje seg dette på sinnet og medverke til at styra blir funksjonsdyktige.
Departementet ser ikkje oppnemning av styremedlem som ein styringsreiskap, men som eit bidrag til å sikre at knutepunkta får kompetente styre som kan sjå til at forvaltinga av verksemda følgjer lover og reglar og at knutepunkta lever opp til dei føresetnadene som staten har sett for tilskotet.
Med referanse til St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn – regional framtid, og Stortinget si handsaming av meldinga, jf. Innst. S. nr. 166 (2006-2007), gjer departementet framlegg om at regionane skal ha større ansvar for oppnemning av styreleiarar og stymemedlemer til region-/landsdelsinstitusjonar og knutepunkt frå 2010. Hovudregelen skal vere at det nye regionale forvaltingsnivået har ansvar for å nemne opp styreleiar og eventuelt nokre av eller alle styremedlemene, men at regjeringa i særskilde høve kan vike frå denne regelen. I kvart enkelt tilfelle må ein gjennomgå og ta stilling til nøyaktig fordeling.
Medan ein ventar på at dette blir gjennomført, vil departementet gå inn for at staten nemner opp eitt styremedlem med varamedlem til styre for knutepunkta.
Staten vil konsentrere si styring av knutepunkta gjennom føresetnadene for statstilskotet til desse verksemdene. Departementet vil like vel understreke det viktige i at det ved styreoppnemning blir lagt stor vekt på å oppnemne kompetente styre slik at styret som kollegium har brei kompetanse, både når det gjeld verksemda sine faglege oppgåver og dei økonomiske og administrative oppgåvene.
Dagens knutepunkt er i hovudsak organiserte som stiftingar. Denne organisasjonsforma har ein funne tenleg som rettsleg ramme for samarbeidsprosjekt innanfor kulturforvaltinga.
Departementet legg til grunn at stifting framleis skal vere den vanlege organisasjonsforma for eit knutepunkt. Ein vil like vel ikkje sjå bort frå at andre organisasjonsformer kan bli vurderte i særskilde tilfelle.
Det er under alle omstende ein føresetnad at verksemda er organisert slik at det er mogleg å kontrollere at tilskotet blir brukt i samsvar med formålet.
5.4 Styret og leiinga sitt ansvar for oppfølging og kontroll
Det er styret og den administrative leiinga som har ansvaret for at forvaltinga av verksemdene til ei kvar tid skjer i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, jf. mellom anna lov av 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskap, lov av 15. juni 2001 nr. 59 om stiftingar, lov av 17. juli 1998 nr. 56 om årsrekneskap m.m.
Styret har ei særskild plikt til å passe på at knutepunkta har gode og kvalitetssikra rutinar for å utarbeide budsjett og andre planverkty og at rekneskap og forvalting av formue blir underlagt gode kontrollrutinar. Den interne kontrollen kan ikkje bli erstatta av den revisjonen som blir utført av ekstern revisor.
Styret må sørgje for at verksemda etablerer, held ved like og etterlever system for god forvalting og kontroll av økonomien slik at det til ei kvar tid er full oversikt over den økonomiske situasjonen, og slik at tilhøvet mellom budsjetterte og faktiske utgifter og inntekter heile tida er under kontroll. Det må også bli sett av tilstrekkelege midlar til fri eigenkapital som tryggleik mot uventa kostnads- og inntektssvingingar uavhengig av organiseringa av knutepunktet.
Styret må sjå til at eigeninntektene blir realistisk budsjetterte. Eit eventuelt underskot må dekkjast gjennom overføringar frå fri eigenkapital eller over driftsbudsjettet i etterfølgjande budsjettår.
Styret har handlingsplikt når ein har grunn til å meine at eigenkapitalen er lågare enn forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda.
Vidare har styret ei særskild plikt til å sjå til at verksemda blir drive i samsvar med statens føresetnader i tilskotsbrevet.