4 Verksemda til Noregs Bank i 2006
4.1 Årsmeldinga for 2006
Årsmeldinga 2006 for Noregs Bank blei behandla og godkjend i hovudstyremøtet 7. februar 2007. Etter § 30 i «lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet» (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje dei fram for Kongen og gjere dei kjende for Stortinget. Etter § 15b i instruks skal Riksrevisjonen «rapportere til Stortinget mulige bemerkninger til statsrådens myndighetsutøvelse overfor Norges Bank». Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.
Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd andre punktum at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks». Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden:
«snarest mulig etter at Norges Banks årsregnskap og årsberetning er mottatt i departementet oversende til Riksrevisjonen:
bankens årsregnskap, fastsatt av representantskapet, med revisjonens beretning
hovedstyrets årsberetning
representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og eventuelt om andre forhold vedrørende banken, og
statsrådens beretning vedrørende departementets og regjeringens myndighetsutøvelse i saker som gjelder Norges Bank.»
Departementet sender dokumenta som er nemnde i instruksen § 12 a-c, til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får også gjenpart av den korrespondansen som skjer mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og saker der ein let vere å instruere. Noregs Bank blei ikkje instruert med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd i år 2006.
4.1.1 Leiing og administrasjon
4.1.1.1 Hovudstyret
Hovudstyret har sju medlemmer som er oppnemnde av Kongen, jf. § 6 i sentralbanklova. Sentralbanksjefen er leiar og visesentralbanksjefen nestleiar i hovudstyret. Hovudstyret blir supplert med to medlemmer som representerer dei tilsette i banken, når styret har oppe administrative saker. Hovudstyret hadde 17 møte i 2006.
Hovudstyret var ved utgangen av 2006 samansett slik (vararepresentantar i parentes):
Sentralbanksjef Svein Gjedrem, leiar
Visesentralbanksjef Jarle Bergo, nestleiar
Avdelingsdirektør Vivi Lassen (siviløkonom Kari Broberg)
Administrerande direktør Liselott Kilaas (førsteamanuensis Aage Thor Falkanger)
Dagleg leiar Brit K. Rugland (cand.polit. Berit Tennbakk)
Professor Øystein Thøgersen (førsteamanuensis Ingunn Myrtveit)
Professor Asbjørn Rødseth (direktør Eirik Wærness)
Representantar for dei tilsette:
Sonja Blichfeldt Myhre (Einar Alnes)
Jan Erik Martinsen (Sven Odd Rotbæk)
4.1.1.2 Representantskapet
Stortinget oppnemner eit representantskap med 15 medlemmer og vel leiar og nestleiar for to år, jf. sentralbanklova § 7.
Representantskapet var ved utgangen av 2006 sett saman slik (vararepresentantar i parentes):
Mary Kvidal, leiar (autorisert rekneskapsførar Lars Gjedebo)
Kommunalråd Liv Røssland, nestleiar (prosjektleiar Frode Klemp)
Dagleg leiar Solveig Nordkvist (skoleassistent Liv Stave)
Kommunalråd Terje Ohnstad (rådgivar Herdis Maihack Engen)
Direktør Tom Thoresen (statsautorisert revisor Hans Kolstad)
Fylkesrådsleiar Reidar Åsgård (ordførar Ola Røtvei)
Rådgivar Anne Strifelt (seksjonssjef Inger Spangen)
Ordførar Frank Sve (administrasjonssjef Erland Vestli)
Oskar Grimstad (varaordførar Pål Morten Borgli)
Siviløkonom Terje Johansen (administrerande direktør Torild Skogsholm)
Rektor Eva Karin Gråberg (LO-sekretær Jan Elvheim)
Lektor Runbjørg Bremset Hansen (student Camilla Bakken Øvald)
Dekan Hans Petter Kvaal (politisk rådgivar Arent Kragh)
Konsulent Kåre Harila (rektor Liv Sandven)
Salsleiar Trond Lode (ordførar Ivar B. Prestbakmo)
4.1.1.3 Bruken av ressursar i Noregs Bank – intern kontroll og risikostyring
Noregs Bank har i brev 20. februar 2007 til Finansdepartementet gjort greie for utviklinga i ressursbruken og om arbeidet med å styrkje den interne kontrollen og risikostyringa. Der står det mellom anna:
«Noregs Bank legg vekt på at sentralbanken skal utføre oppgåvene sine med høg kvalitet og til låge kostnader. Verksemda skal vere veldriven, prega av høgt etisk medvit og i samsvar med beste internasjonale praksis. Banken skal vise vilje og evne til endring.
Ressursbruken
Banken har dei siste åra konsentrert verksemda om kjerneoppgåvene pengepolitikk, finansiell stabilitet og kapitalforvaltning, samt drifts- og støtteoppgåver i samband med desse funksjonane. Dette har resultert i betydelege omstillingar. Kontanthandteringa blei skild ut i eit eige selskap i 2001, og bankens aksjar vart selde i januar 2006. Den Kongelege Mynt blei seld i 2003. Setelproduksjonen i banken vil bli avvikla i løpet av første halvår i 2007, og det er i 2006 gjort avtale med to utanlandske seteltrykkeri om leveranse av setlar. IT-funksjonar i samband med Noregs Banks oppgjerssystem er sett ut til andre. Gjennom 2006 var det ei vidare tilpassing av organisasjonen med konsentrasjon om kjerneoppgåvene. Statistikkverksemda i Noregs Bank er overført til Statistisk sentralbyrå (SSB) med verknad frå 1. januar 2007. Det er starta prosessar med sikte på å redusere dei sentrale stabs- og støttefunksjonane i banken fram mot 2010.
Ved utgangen av 2006 var det i alt 542 fast tilsette i Noregs Bank, mot 547 ved utgangen av 2005. Talet på tilsette er redusert med om lag 600 frå siste del av 1990-talet. Det har skjedd samstundes som ressursbruken er auka på bankens kjerneoppgåver. I kapitalforvaltninga har det vore ein auke i talet på tilsette dei siste åra. Dette kjem særleg av den sterke veksten i forvaltningskapitalen i Statens pensjonsfond – Utland med utvida satsing på aktiv forvaltningsstrategi internt i organisasjonen. Talet på fast tilsette i kapitalforvaltninga ved utgangen av 2006 var 128. Som følgje av den betydelege veksten i kapital under forvaltning dei næraste åra og endringar i oppgåvenes kompleksitet, vil det måtte leggast opp til ein sterk auke i talet på tilsette i denne delen av bankens verksemd dei næraste åra.
Omstillingane i banken har konsekvensar for dei tilsette. Banken har teke i bruk ulike personalpolitiske tiltak, så som sluttvederlag, utdanningspermisjon, venteløn og førtidspensjon. I perioden frå 1999 til utgangen av 2006 blei det inngått i alt 312 avtaler om avgang ved bruk av personalpolitiske tiltak. I 2006 fekk 7 medarbeidarar i ulike delar av banken godkjent søknader om avgang ved bruk av slike tiltak, mot 24 året før.
Dei samla kostnadene ved omstilling i perioden 1999 til 2006 utgjer om lag 391 millionar kroner. Hovudtyngda skriv seg frå avtaler som kom i stand i 2000 og 2001. Det har dei seinare åra vore ein markant nedgang i omstillingskostnadene. Det er i rekneskapen sett til side 127 millionar kroner til finansiering av omstillingane.
Omstillingane og nedgangen i talet på tilsette har ført med seg at det blir ledige lokale ved hovudkontoret. Noregs Bank er oppteken av at bygget blir forvalta best mogleg, og at ledige areal blir forsvarleg og lønsamt utnytta. Mellom anna blei matsalen i banken flytta for å bruke areala meir effektivt. Det er i 2006 dessutan gjort avtale med Kredittilsynet om utleige av store delar av dei areala som blir ledige etter at verksemda til seteltrykkeriet blir avvikla i 2007. Leigeavtala krev omfattande ombyggingar. Mellom anna blir seteltrykkeriets noverande industrilokale bygd om til kontorlokale. Under behandlinga av budsjetta for 2006 og 2007 gav representantskapet si tilslutning til fleire prosjekt for å nytte arealet i banken, prosjekt som til saman har ei løyvingsramme på 305 millionar kroner. Dei ombygde lokala skal etter planen stå ferdige for innflytting hausten 2008.
Netto ressursbruk til bankens eiga drift har reelt sett, målt mot prisindeks for offentlege utgifter, falle med om lag 30 prosent sidan 1998. Omstillingskostnadene er da haldne utanfor. Netto ressursbruk viser ein viss auke frå 2005 til 2006. Auken er særleg knytt til kjøp av mynt og kostnader ved forvaltning av dei langsiktige valutareservane. Kostnadene ved forvaltninga av Statens pensjonsfond - Utland blir dekte gjennom inntekter frå forvaltningsavtala med Finansdepartementet.
Nedgangen i ressursbruken dei siste åra kjem av effektivisering, meir korrekt prising av tenester, og at oppgåver er fasa ut.
Styrking av den interne kontroll og risikostyring - Tilpassingar i revisjonsordningane.
Den interne kontrollen og risikostyringa er sentral i bankens verksemd, og er ein integrert del av bankens ordinære linjeansvar. Hovudstyret får årleg melding om risikobildet og kvaliteten i den interne kontrollen for dei enkelte verksemdsområda.
Utviklinga, særleg innanfor forvaltninga av Statens pensjonsfond – Utland, men og i bankens andre kjerneoppgåver, har medført auka operasjonell risiko og omdømerisiko. Dette stiller banken overfor nye utfordringar. Hovudstyret hadde på denne bakgrunn i 2006 ein særleg gjennomgang av systema for risikostyring og kontrollen med bankens samla verksemd. For å styrke si oppfølging vedtok hovudstyret hausten 2006 å etablere ein revisjonskomité og organisere ein særskild internrevisjon under hovudstyret. Revisjonskomitéen består av tre av dei eksterne medlemane i hovudstyret. Han skal i første rekke fungere som saksførebuande organ for hovudstyret på utvalde område; i hovudsak knytte til styrets tilsynsfunksjonar og ansvaret for risikostyring og kontroll. Også den særskilde internrevisjonen blir fagleg lagt under hovudstyret og vil vere sekretariat for revisjonskomiteen. Internrevisjonen skal vere operativ i løpet av 2007. Endringane blir gjennomførde i samråd med representantskapet, men rører elles ikkje ved representantskapets kompetanse og ansvar etter sentralbanklova for å føre tilsyn med bankens drift og for organiseringa av sentralbankrevisjonens verksemd.
Parallelt med etableringa av hovudstyrets revisjonskomité og internrevisjon har representantskapet på si side hatt ein brei gjennomgang av bankens revisjonsordning. Som ledd i dette vedtok representantskapet ny strategi for sentralbankrevisjonen, med sikte på å reindyrke denne som bankens eksterne revisjon. For å styrke sin kompetanse og møte dei særlege ufordringane i den finansielle revisjonen av kapitalforvaltninga har representantskapet gitt si tilslutning til at det blir etablert eit samarbeid med eit av dei store internasjonale revisjonsselskapa.»
Departementet har merka seg at representantskapet ser behov for styrka kompetanse for å møte dei særlege utfordringane i den finansielle revisjonen av kapitalforvaltninga. Departementet ser dette i samband med at forvaltninga av fondet har auka både i storleik og kompleksitet, slik at det er naudsynt med revisjonsressursar på høgt internasjonalt nivå.
For vidare omtale av ressursbruken og tilpassingane av revisjonsordningane osv. i Noregs Bank viser vi til banken si årsmelding for 2006.
4.1.2 Nærmare om verksemda til Noregs Bank i 2006
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank mellom anna vere utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremme eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. I det følgjande blir det gitt ei framstilling av verksemda til Noregs Bank i 2006. Framstillinga byggjer i stor grad på årsmeldinga frå Noregs Bank. Sjå årsmeldinga for ein meir utfyllande gjennomgang.
4.1.2.1 Kapitalforvaltning
Noregs Bank forvaltar valutareservane og er av Finansdepartementet gitt i oppdrag å sørgje for den operative forvaltninga av Statens pensjonsfond – Utland. I tillegg forvaltar Noregs Bank Statens petroleumsforsikringsfond for Olje- og energidepartementet. Ved utløpet av 2006 forvalta Noregs Bank 2 047 milliardar kroner i dei internasjonale kapitalmarknadene, på grunnlag av rekneskapsførte verdiar i Noregs Banks rekneskap. Dei to største porteføljane er Statens pensjonsfond – Utland og Noregs Banks valutareservar.
Forvaltninga av Statens pensjonsfond – utland vil bli omtalt i ei eiga melding til Stortinget som vil bli fremma i vår.
Noregs Banks hovudstyre har fastsett retningslinjer for forvaltninga av valutareservane. Investeringsporteføljen utgjer den største delen av valutareservane. Dei to andre delporteføljane er pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen. I november 2005 vedtok hovudstyret å auke aksjedelen i investeringsporteføljen frå 30 til 40 prosent. Gjennomføring av auka aksjedel blei avslutta 30. april 2006. Med verknad frå 1. januar 2006 vedtok hovudstyret å auke maksimal eigardel i eit enkelt selskap til 5 prosent.
I 2006 var avkastninga på investeringsporteføljen 7,30 prosent målt i den valutakorga som svarer til samansetninga av referanseporteføljen. Målt i norske kroner var avkastninga 5,18 prosent. Forskjellen kjem av at den norske krona styrkte seg i forhold til valutakorga for referanseporteføljen. Forvaltninga gav ei meiravkastning på 0,13 prosentpoeng målt i forhold til kva ein ville fått ved å investere i referanseporteføljen. Det er ingen endringar i forvaltninga av pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen.
Marknadsverdien av Statens petroleumsforsikringsfond var ved utgangen av 2006 på 15,2 milliardar kroner. Fondet hadde i 2005 ei avkastning på 2,17 prosent målt i utanlandsk valuta, og 1,34 prosent når ein måler i norske kroner. Dette var 0,03 prosentpoeng høgare enn avkastninga på den referanseporteføljen som Olje- og energidepartementet har definert.
Det er bygd opp kontrollapparat for investeringsverksemda både innanfor områda for kapitalforvaltning og pengepolitikk, og i andre delar av sentralbanken.
Noregs Banks valutareservar og plasseringane for Statens pensjonsfond - Utland inngår i Noregs Banks årsrekneskap som blir revidert av Noregs Banks revisjon.
Noregs Banks revisjon utfører revisjonen av kapitalforvaltninga. Riksrevisjonen har ansvaret for den overordna revisjonen av Statens pensjonsfond - Utland og byggjer arbeidet sitt på mellom anna materialet frå Noregs Banks revisjon. Statens petroleumsforsikringsfond blir rekneskapsført av Noregs Banks revisjon i sin revisjon av dette fondet. Noregs Banks revisjon gir si revisjonsmelding til Noregs Banks representantskap. Noregs Banks revisjon uttalar seg om retningslinjene for porteføljane er følgde.
Det er gjort nærmare greie for kapitalforvaltninga i Noregs Bank i banken si årsmelding og i ei eiga årsmelding for kapitalforvaltninga. Forvaltninga av Statens pensjonsfond er også omtala i statsrekneskapen.
4.1.2.2 Finansiell stabilitet – overvaking av finansmarknadene
Det finansielle systemet er samansett av finansinstitusjonar, finansmarknader og betalingssystem.
Overvakinga av finansmarknadene blir framstilt i rapporten «Finansiell stabilitet», som blir gitt ut to gonger i året. Formålet med rapporten er å gi ei samla vurdering av situasjonen i og utsiktene for finansiell sektor med særleg vekt på bankane og deira evne til å møte kraftige forstyrringar i økonomien. Hovudkonklusjonane i rapporten blir oppsummerte i eit eige brev til Finansdepartementet. Rapporten skal òg medverke til dialog med finansnæringa om tilhøve som kan skape ubalansar i det finansielle systemet, og informere allmenta om denne typen spørsmål.
Finansmarknadene i ulike land er blitt meir integrerte. Det stiller sterkare krav til samarbeid om beredskap og behandling av kriser. Sentralbankane og tilsynsstyresmaktene i Norden held fram med å samarbeide om tilsyn og behandling av kriser i grensekryssande bankar. Samarbeidet mellom Noregs Bank, Kredittilsynet og Finansdepartementet er kort omtala i kapittel 2.1.
4.1.2.3 Betalingssystem og betalingsmiddel
Noregs Bank arbeider med å fremme effektive og robuste betalingssystem gjennom å:
Medverke til sikkert og effektivt oppgjer av betalingar mellom bankane på deira konti i Noregs Bank.
Ta hand om konsesjons- og tilsynsansvar for system for avrekning og oppgjer av pengeoverføringar mellom bankane og overvake risikoen bankane tek på seg når dei tek del i systema.
Leggje til rette for best mogleg samband med internasjonal betalingsformidling.
Medverke til robuste beredskapsløysingar.
Informere allmenta om betalingssystema, blant anna gjennom den årlege rapporten om betalingssystem.
Noregs Banks oppgjerssystem
Eit oppgjerssystem som fungerer godt, er viktig for å fremme finansiell stabilitet. Betalingar mellom bankane blir gjort opp endeleg gjennom posteringar på bankane sine konti i Noregs Bank. 145 bankar hadde konto i Noregs Bank ved utgangen av 2006. Oppgjer i sentralbankpengar er utan kreditt- og likviditetsrisiko fordi Noregs Bank utferdar pengar. Derfor er renta på sentralbankpengar ein basis for rentedanninga i heile økonomien.
Noregs Bank yter lån til bankane mot pant i verdipapir. Desse låna medverkar til å gjere gjennomføringa av pengepolitikken og betalingsoppgjera meir effektiv. Verdipapir som er utgitt av bankar, kan ikkje utgjere meir enn 35 prosent av det samla pantet som ein bank stiller for låna sine. Denne grensa blei redusert frå 45 prosent i 2006 i samsvar med plan som var vedteken tidlegare. Dessutan blei det opna for å godkjenne verdipapir som er gitt ut av låntakarar i nokre land utanfor EØS-området som pant for lån i Noregs Bank.
Noregs Bank har inngått avtale med ErgoGroup AS om levering av drifts- og forvaltningstenester for IT-løysingane for Noregs Banks oppgjerssystem. Avtalen gjeld til 1. februar 2008. Noregs Bank har rett til å forlengje han med to år. Kvaliteten på IT-drifta har vore tilfredsstillande i 2006 og om lag på same nivå som i åra før.
Arbeidet med å fornye Noregs Banks oppgjerssystem er ført vidare i 2006. Noregs Bank skreiv i mars 2006 under ein avtale med det italienske selskapet SIA S.p.A. om levering av programvare til eit nytt interbankbasert oppgjerssystem. Leverandør blei vald i samsvar med lova om offentlege innkjøp etter at det blei innhenta tilbod gjennom konkurranse i EØS-området. SIA S.p.A. har levert systemløysingar til sentralbankar og andre aktørar i finansiell sektor i fleire land. Noregs Bank og leverandøren har arbeidd saman for å tilpasse den nye systemløysinga til Noregs Banks krav og gjere henne klar til bruk, i tida etter at kontrakten blei underskriven. Dette arbeidet held fram i 2007 med sikte på at det nye interbankbaserte oppgjerssystemet skal setjast i drift i 2008.
I samband med fornyinga av oppgjerssystemet blei det etablert ei særskild løysing for IT-drifta av statens konsernkonto. Noregs Bank skreiv i februar 2006 under ein avtale med EDB Business Partner ASA om levering av driftstenester for konsernkontosystemet. Det blei innhenta tilbod frå fleire moglege leverandørar i samsvar med lova om offentlege innkjøp før avtalen blei inngått. Den nye system- og driftsløysinga blei sett i drift i november 2006. Avtalen gjeld i tre år frå 2007, men Noregs Bank har rett til å forlengje han med to år om gongen i til saman inntil seks år. Det har vore nær kontakt med Finansdepartementet og Senter for statleg økonomistyring under arbeidet med å innføre ny løysing for statens konsernkonto.
Risiko i betalingssystema
Deltaking i betalingssystema kan utsetje bankane for risiko. Dei viktigaste formene for risiko er kredittrisiko, likviditetsrisiko, juridisk risiko og operasjonell risiko.
Kredittrisiko i betalingssystema oppstår dersom bankane godskriv kundane før dei sjølv har motteke oppgjer for ein betalingstransaksjon. Bankane godskriv normalt kundane etter oppgjer. Kredittrisikoen i betalingssystema er derfor betrakteleg redusert.
Likviditetsrisiko oppstår dersom ein bank ikkje får tilført likviditet fordi eit betalingsoppgjer ikkje blir gjennomført som planlagt. Noregs Bank har laga analysar som viser at bankane generelt har tilstrekkeleg likviditet til å møte slike hendingar.
Dersom det ikkje er klart kva deltakarane har rett og plikt til i systemet, oppstår det juridisk risiko. Etter at betalingssystemlova med blant anna krav til avtalane i betalingssystem med konsesjon blei sett i kraft, ser Noregs Bank på den juridiske risikoen som låg.
Operasjonell risiko kan kome av mangelfulle prosedyrar, feil i datasystem og telekommunikasjon, brot på regelverk o.a. Kvar systemeigar har ansvar for å lage rutinar, reserveløysingar, kompetanse og beredskap som set han i stand til å handtere den operasjonelle risikoen. Dei siste åra er det sett i verk moderniseringsprosjekt som vil gjere stabiliteten og effektiviteten i det norske betalingssystemet betre.
Konsesjonsregulering og tilsyn med interbanksystem
Lov om betalingssystem gir Noregs Bank konsesjons- og tilsynsansvar for avrekning og oppgjer av pengeoverføringar mellom bankar. Norwegian Interbank Clearing System (NICS), Gjensidige NOR Sparebank og DnB fekk konsesjon til å drive interbanksystem i 2001. Konsesjonane til dei to sistnemnde bankane blei erstatta av ein ny konsesjon til DnB NOR Bank frå april 2006.
Tilsynet har vore ført vidare i 2006 etter same opplegget som i tidlegare år. Stabiliteten i systema blir følgd opp gjennom driftsrapportar frå konsesjonshavarane. Noregs Bank har jamleg kontakt med konsesjonshavarane i tillegg til dei faste tilsynsmøta. Omlegginga av systema i DnB NOR Bank og NICS har vore viktige spørsmål i 2006.
Sparebanken Midt-Noreg vil ta over som oppgjersbank for ei gruppe sparebankar frå og med 2007. Banken søkte om fritak for konsesjon i 2006. Søknaden blei godkjend av Noregs Bank fordi systemet har avgrensa verknad på den finansielle stabiliteten. Banken er pålagd å rapportere årleg om verksemda.
Frå og med 2006 rapporterer også Noregs Banks eige oppgjerssystem om drifta på same måten som dei oppgjers- og avrekningssystema som har konsesjon. Desse rapportane blir følgde opp på same måten.
Utviklinga i bruk av ulike betalingsinstrument
Noregs Bank gir kvart år ut «Årsrapport om betalingssystem» som beskriv viktige utviklingstrekk i betalingsformidlinga. Bruken av elektroniske tenester i Noreg har auka gjennom fleire år, samstundes som bruken av papirbaserte tenester har blitt redusert. Elektroniske tenester blir produserte til lågare kostnader og gjer det mogleg å gjennomføre betalingane raskare enn papirbaserte tenester. Overgangen til elektroniske betalingsløysingar heldt fram i 2005. Som ei følgje av utviklinga har effektiviteten i det norske betalingssystemet blitt betre.
I «Årsrapport om betalingssystem» blir det framheva at det er samanheng mellom prissetjinga for betalingstenester og effektiviteten i betalingssystema. I Noreg har prisar som reflekterer dei relative skilnadene på kostnadene for bruken av dei ulike betalingsinstrumenta, medverka til ein raskare overgang til elektroniske betalingstenester.
Bankane sine gjennomsnittlege listeprisar for elektroniske betalingstenester har lege lågt og nokså stabilt dei siste åra, mens prisane på blankettbaserte tenester har auka kraftig. Meir informasjon og statistikk er gitt i «Årsrapport om betalingssystem 2005».
Internasjonal betalingsformidling
Betalingar som kryssar landegrenser, krev meir ressursar enn innanlandske betalingar. Kvart einskilt land har sitt eige betalingssystem, slik at grensekryssande betalingar involverer fleire bankar og betalingssystem. Det kan vere utfordrande å gjere slike betalingar meir effektive, blant anna fordi dei ofte har eit betrakteleg innslag av manuelle oppgåver.
Prisane for grensekryssande betalingar er mykje høgare enn prisane for innanlandske betalingar. EU har innført eit direktiv som fastset at prisane på grensekryssande betalingar i euro ikkje skal vere høgare enn tilsvarande innanlandske eurobetalingar. Forordninga blei gjord gjeldande i norsk lov frå 1. januar 2005. Noregs Bank har følgt prisutviklinga på dette området for å sjå om forordninga har ført til at eurobetalingar frå Noreg til EU-/EØS-land er blitt rimelegare. Resultata er lagde fram i «Årsrapport om betalingssystem 2005», og viser at prisane for nokre tenester har falle i 2005.
EU-kommisjonen la i 2005 fram eit direktivforslag som har som formål å skipe eit moderne og harmonisert lovgrunnlag for ein integrert betalingsmarknad i EU. Framlegget blir framleis behandla av EUs parlament og råd. Eit endeleg vedtak er venta i 2007. Direktivet skal styrkje konkurransen i dei nasjonale betalingsmarknadene og samstundes medverke til at det blir eit harmonisert regelverk som verkar til openheit både for leverandørar og brukarar. Direktivet vil gjelde alle EU-land og deira valutaer og vil skape ei lovmessig plattform for utviklinga mot eit felles europeisk betalingsområde. EU-kommisjonen har merkt framlegget som EØS-relevant. Det vil derfor bli gjort framlegg om at direktivet blir teke inn i norsk lov eller forskrift.
Beredskap i finansiell sektor
Noregs Banks arbeid med beredskap i finansiell sektor er ein del av sentralbankens generelle arbeid overfor sektoren. I tillegg har Noregs Bank eit ansvar for å følgje opp sivilt beredskapssystem i finansiell sektor. Internt gjeld beredskapsarbeidet blant anna forsyning av setlar og myntar og drifta av bankens oppgjerssystem. Eksternt gjeld det generelt for den finansielle infrastrukturen, særleg sentralbankens rolle ved likviditetskriser i finansiell sektor og ansvaret etter banksikringslova. Det blir regelmessig halde øvingar for å teste beredskapen.
Finansmarknader og finansinstitusjonar
Ulike organ i EU har hatt høg aktivitet i 2006 for å styrkje evna til å kunne handtere ei finansiell krise som omfattar fleire land. Arbeidet har delvis gått føre seg i «Committee of European Banking Supervisors» (CEBS) og dels i «Banking and Supervision Committee» (BSC). På grunn av EØS-avtalen og den tette integrasjonen mellom banksystema i EU-, EØS- og EFTA-landa tek styresmaktene i Noreg, Island og Liechtenstein del i arbeidet. Noregs Bank og Kredittilsynet har vore observatørar i CEBS sidan 2004. Frå 2006 har dei to institusjonane blitt inviterte til møte i BSC, som drøftar saker av felles interesse, blant anna arbeid med beredskap og krisehandtering.
I Noreg vil spørsmål om beredskap bli drøfta i trepartsmøte mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank som blei formelt skipa i 2006. Ei arbeidsgruppe som blei nedsett av Bankenes sikringsfond, la i september 2006 fram ein rapport om administrasjon av bankar i krise. Rapporten drøftar både rollene til ulike styresmakter før og mens ein bank er sett under offentleg administrasjon, og kva for følgjer dette vil ha for Bankenes sikringsfond, banken og kundane. Noregs Bank deltok i arbeidsgruppa.
Finansiell infrastruktur
For at finansielle transaksjonar skal kunne gjennomførast, må aktørar og system i den finansielle infrastrukturen vere i funksjon. Desse systema må vere robuste og effektive blant anna ved å ha stabile og gode reserve- og beredskapsløysingar.
For å medverke til at beredskapsarbeidet blir best mogleg samordna mellom aktørane i finansiell infrastruktur, blei Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur skipa i oktober 2000. Noregs Bank leier utvalet og utfører sekretariatsarbeidet. Kredittilsynet, bankane og sentrale leverandørar av IKT-tenester til finansnæringa er representerte i utvalet. Finansdepartementet deltek med ein observatør.
Beredskapsutvalet har halde tre ordinære møte i 2006 og drøfta spørsmål om driftsstabilitet, risiko og sårbarheit i finansiell infrastruktur. Det har òg drøfta erfaringar frå avvikssituasjonar, testar av reserveløysingar og beredskapsøvingar.
Utvalet heldt i mai 2006 ei øving der utviklinga av ein arbeidskonflikt i banknæringa med bruk av den såkalla stengjedoktrinen blei drøfta. I juni blei det varsla om ei utviding av ein arbeidskonflikt i finansnæringa. Då gjekk utvalet gjennom moglege konsekvensar på førehand.
Beredskapsutvalet har i 2006 behandla ein rapport med framlegg om kva for aktørar og funksjonar i finansiell infrastruktur som bør ha prioritert tilgang til straumforsyning og telekommunikasjon i ein beredskapssituasjon. Utvalet har òg oppretta ei arbeidsgruppe for å vurdere alternative løysingar når ordinære betalingsmiddel ikkje kan nyttast, og for å utarbeide eventuelle tiltak i denne samanhengen. Det har dessutan uttala seg til Justis- og politidepartementet om ei offentleg utgreiing om vern av den kritiske infrastrukturen i landet og dei kritiske samfunnsfunksjonane, mellom anna bank og finans, jf. NOU 2006:6: «Når sikkerheten er viktigst».
På grunn av endringar i den finansielle infrastrukturen har beredskapsutvalet gått inn for at dei to største bankane får oppnemne eigne medlemmer til utvalet frå 2007.
Setlar og myntar
Den gjennomsnittlege verdien av setlar og myntar i omløp har stige dei siste tre åra, etter ein svak nedgang frå 2000 til 2003. I 2006 steig verdien av omløpet med litt over sju prosent til om lag 49,2 milliardar kroner som gjennomsnitt for året.
Den gjennomsnittlege verdien av setlar i omløp var nesten 44,5 milliardar kroner i 2006. Det er over sju prosent meir enn i 2005. 500-kronesetelen har auka sin del av omløpet noko, samstundes som 1000-kronesetelen har fått ein mindre del av omløpet. Verdien av myntar i sirkulasjon var gjennomsnittleg 4,7 milliardar kroner i 2006. Det er ein auke på meir enn fire prosent frå 2005. Samansetjinga av valørar i myntomløpet har nesten ikkje vore endra i det siste året.
Det blei gitt ut ein 20-kronemynt med spesialpreg for å markere Ibsen-året i 2006. Det blei ikkje gitt ut minnemyntar i gull eller sølv i 2006. Retningslinjene for å gi ut jubileums- og minnemyntar i medhald av sentralbanklova § 16 blei fastsette i samband med at Noregs Bank fekk fullmakt til å fatte vedtak om slike utgivingar i 1994. Stortinget har slutta seg til retningslinjene. Noregs Bank vedtok i november 2006 å skipe ein komité som skal gi Noregs Bank råd om kva for hendingar som kan oppfylle krava som blir stilte i retningslinjene, og den praksisen som er etablert.
Talet på falske setlar som blei beslaglagde, auka frå midten av 1990-åra og nådde ein topp i 2000 med 3064 falske setlar. Auken kom av at det blei mange fleire fargekopimaskinar, avlesarar og skrivarar for personlege datamaskinar i samfunnet. I åra 2002 til 2004 oppgraderte Noregs Bank 100- og 200-kronesetlane med metalliske element som er lette å sjå for publikum og vanskelege å etterlikne. 50-kronesetelen blei òg oppgradert og gjord tryggare. Etter oppgraderingane har talet på falske setlar blitt redusert til eit særs lågt nivå, om lag 500 setlar kvart år i 2003–2006.
Noregs Bank kjøper behandlingstenester som er knytte til sentralbankoppgåvene frå Norsk Kontantservice AS (NOKAS AS). Selskapet blei stifta med Noregs Bank og private bankar som eigarar i 2001. NOKAS utfører kontantbehandlingstenester i konkurranse med andre tilsvarande selskap. Noregs Bank selde aksjane sine i NOKAS i januar 2006.
Noregs Bank har gått gjennom rolla si i kontantforsyninga i dei siste åra. Utgangspunktet har vore eit ønske om at arbeids- og ansvarsdelinga mellom dei ulike aktørane skal bli så effektiv som mogleg, og at skilnaden mellom dei ulike typane tenester skal bli klarare. Sentralbanken ønskjer å ha ei grossistrolle i kontantforsyninga slik at dei private bankane utfører den vidare omdelinga av kontantar i samsvar med det dei treng. Noregs Bank endra vilkåra for bankane sine innskott og uttak av kontantar i 2005 for å oppnå dette. Talet på sentralbankdepot blei redusert frå elleve til fem i løpet av 2005. Etter det har Noregs Bank hatt sentralbankdepot i Bergen, Oslo, Stavanger, Tromsø og Trondheim.
I juli 2005 blei det innført ei ordning som inneber at bankane kan skipe private kontantdepot ut frå kva dei sjølv treng. Noregs Bank kan ut frå vilkår som er fastsette, betale rentekompensasjon for kontantar som bankane eig, og som blir lagra i private depot. Ved utgangen av 2006 var det skipa seksten private kontantdepot rundt om i landet.
Noregs Bank vedtok i 2003 å avvikle verksemda i Noregs Banks Seteltrykkeri i 2007. Etter nedlegginga må Noregs Bank kjøpe setlar frå andre seteltrykkjeri. Det blei gjennomført eit prosjekt i 2006 for å avgjere kven Noregs Bank skal kjøpe pengesetlar frå i framtida. I desember blei det skrive under avtalar med De La Rue International Limited i England og Francois-Charles Oberthur Fiduciaire i Frankrike. Desse to blei valde etter ein omfattande prosess der Noregs Bank fekk tilbod frå fleire godkjende seteltrykkjeri. Det var definert ei rekkje tekniske og funksjonelle krav, og valet blei gjort på grunnlag av desse og den prisen som blei tilboden.
Dei to som blei valde, er store trykkjeri. Dei har godt renommé og trykkjer pengesetlar for svært mange andre land. Avtalen som blei inngått, gjeld for åra 2007 – 2012. Dei første leveringane vil venteleg skje i 2008. Det blei vedteke å inngå kontraktar med to trykkjeri fordi det blir vurdert som nyttig å ha samband med ulike miljø blant anna av beredskapsmessige årsaker.
Noregs Bank vil framleis avgjere korleis norske setlar skal sjå ut og stille krav til kvalitet og tryggingselement. Setlane som blir produserte i utlandet, vil sjå ut og ha eigenskapar som dagens setlar, om ikkje Noregs Bank av andre årsaker skulle vedta noko anna.
Noregs Banks kostnader med å utferde setlar og myntar er samansette av kostnader til framstilling av nye setlar og myntar, kostnader til å halde ved like kvaliteten på setlar og myntar i omløp og kostnader ved distribusjon til bankane. Kostnadene for å halde ved like den nødvendige kvaliteten er knytte til veksling av slitne setlar og destruksjon av skadde, slitne og utgåtte setlar og myntar. Distribusjonen omfattar transport til sentralbankens depot, lagring og betening av bankane ved inn- og utleveringane deira.
Frå 2005 til 2006 har Noregs Banks kostnader med å ta hand om ansvaret for å skrive ut setlar og myntar auka frå 116,4 til 146,8 millionar kroner. Auken kjem i hovudsak av at talet på innkjøpte myntar har auka, og at metallprisane har vore vesentleg høgare i 2006 enn i 2005.
4.1.2.4 Statistikkproduksjon
Noregs Bank produserte i 2006 statistikk om penge-, kreditt- og valutamarknadene for ein stor del etter same mønster som året før. Verksemda var i andre halvår sterkt prega av førebuingar til at Statistisk sentralbyrå skulle overta ansvaret for statistikkproduksjonen i Noregs Bank frå og med 2007.
Overføring av statistikkproduksjonen til Statistisk sentralbyrå
Våren 2006 drøfta Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank planar om å overføre produksjonen av finansmarknadsstatistikk, som Noregs Bank har hatt ansvaret for, til Statistisk sentralbyrå, og i august 2006 vedtok dei to institusjonane overføringa. Overføringa, som omfattar 27 medarbeidarar og nærmare 30 statistikkprodukt, skjedde 1. januar 2007. Dei fleste av desse statistikkane er offisiell statistikk og blir frå 2007 publiserte på www.ssb.no. Nokre statistikkar er spesielt retta mot verksemda i Noregs Bank. Statistisk sentralbyrå vil samle inn data til desse statistikkane på vegner av Noregs Bank, som vil publisere dei.
Finans- og verdipapirstatistikk
I 2006 produserte og publiserte Noregs Bank rekneskapsstatistikk for bankar og andre finansføretak og indikatorar for utviklinga i publikum si gjeld og i pengemengda. Noregs Bank etablerte i 2006 ein ny statistikk for bankane sin valutahandel. Noregs Bank har også produsert statistikk for verdipapir som er registrerte i VPS, for emisjonar av obligasjonar og sertifikat og for verdipapirfond. Statistikk om betalingsformidling blir publisert i den årlege rapporten frå Noregs Bank om dette temaet. Finans- og verdipapirstatistikken er frå byrjinga av 2007 flytt til Statistisk sentralbyrå.
Finansielle sektorrekneskapar (FINSE)
Statistikken for kvartalsvise finansielle sektorrekneskapar (FINSE) byggjer på rekneskapsstatistikken for bankar og andre finansføretak, statistikken for verdipapirmarknadene og andre kjelder. Årlege data frå FINSE blir rapporterte til Eurostat som del av EØS-avtalen. Denne statistikkverksemda er frå byrjinga av 2007 flytt til Statistisk sentralbyrå.
Internasjonal rapportering og samarbeid
Noregs Bank har hatt ei omfattande rapportering av statistikk til internasjonale organisasjonar. Banken har rapportert til BIS, Eurostat, IMF og OECD.
Noregs Bank har delteke i forum der utviklinga av internasjonale statistikkstandardar og internasjonal rapportering blir drøfta. Dette skjer blant anna i EØS-komiteen Committee on Monetary, Financial and Balance of Payments Statistics og i arbeidsgrupper under denne .
Noregs Bank si internasjonale rapportering og samarbeid om statistikk er frå byrjinga av 2007 flytt til Statistisk sentralbyrå.
4.1.2.5 Internasjonalt samarbeid
Noregs Bank forvaltar dei finansielle rettane landet har, og oppfyller dei pliktene som følgjer av at Noreg er med i Det internasjonale valutafondet (IMF). Banken er også sekretariat for IMF-arbeidet i Noreg. Dette er ei oppgåve banken utfører på vegner av Finansdepartementet. Verksemda til IMF er nærmare omtala i kapittel 6 i meldinga.
Bank for International Settlements (BIS) har til oppgåve å fremme samarbeidet mellom sentralbankar. Sentralbanksjefen deltek jamleg på møte i BIS.
Noregs Bank har regelmessig kontakt med Den europeiske sentralbanken (ESB) og med andre sentralbankar i EU. Banken har eit omfattande samarbeid med dei nordiske sentralbankane på ei rekkje felt.
4.1.2.6 Kommunikasjonsverksemd
Noregs Bank har ei plikt etter sentralbanklova til å «informere offentligheten om penge-, kreditt- og valutaforholdene». I tillegg ønskjer banken gjennom ei aktiv kommunikasjonsverksemd å oppnå breiast mogleg forståing for den pengepolitikken som blir ført, for dei mekanismane som verkar til finansiell stabilitet, og for utføringa av kapitalforvaltninga.
Noregs Bank legg stor vekt på å møte aukande interesse gjennom å vere open og pårekneleg. Direkte video-overførte pressekonferansar på Internett er derfor ei fast ordning etter rentemøta i hovudstyret og ved offentleggjering av inflasjonsrapportane, rapportane om finansiell stabilitet og års- og kvartalsrapportane til Statens pensjonsfond – Utland. I 2006 blei det òg gjennomført ei prøveordning med podcast av pressekonferansane og direktesendt mobil-tv. Det var 16 pressekonferansar i 2006. Føredrag som leiinga i Noregs Bank held, blir dessutan offentleggjorde i manuskript på internettsidene til banken samtidig som dei blir haldne. I 2006 blei det lagt ut 23 føredrag.
Bruk av Internett er ein viktig del av bankens informasjonsstrategi. Internettsidene er under stadig utvikling. I tillegg til nyhendemeldingar og det som er nemnt over, har sidene mellom anna fyldig informasjon om banken sine oppgåver og ei stor mengd finansiell statistikk. Her finn ein òg elektroniske versjonar av publikasjonane som banken gir ut. Statistikk over bruken viser at det i gjennomsnitt var 518 000 sidevisingar pr. månad.
Ut over årsmeldinga, internettinformasjonen og rapportane som er nemnde over, gir Noregs Bank ut desse publikasjonane: tidsskriftet Penger og Kreditt og den engelske versjonen Economic Bulletin blir utgitt kvartalsvis. Ein rapport om betalingsformidling kjem årleg. Forskingsprosjekt blir dokumenterte i arbeidsnotat (Working Paper). Det blei tretten hefte i 2006. Somme av desse blir seinare trykte som artiklar i eksterne bøker og tidsskrift. Staff Memo inneheld annan dokumentasjon eller utgreiingar som inngår i banken sitt arbeid med sentrale problemstillingar, og kom med sju utgåver som blei publiserte berre på nett. I Noregs Banks skriftserie / Occasional Paper og serien Doctoral Dissertations var det ingen utgivingar i 2006.
4.2 Utøvinga av pengepolitikken i 2006
4.2.1 Innleiing
I St.meld. nr. 13 (2005–2006) Kredittmeldinga 2005, som blei lagd fram 7. april 2006, blei det gitt ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken i 2005. I denne meldinga ser ein på utøvinga av pengepolitikken i 2006. I punkt 4.2.2 blir det gitt ein omtale av retningslinjene for pengepolitikken. I punkt 4.2.3 følgjer ein omtale av Noregs Banks eiga vurdering av utøvinga av pengepolitikken i 2006, basert på årsmeldinga frå banken. Punkt 4.2.4 gir så ein omtale av andre analysar og vurderingar av pengepolitikken, mellom anna frå OECD og Norges Bank Watch. Departementet sine vurderingar følgjer i punkt 4.2.5.
4.2.2 Retningslinjene for pengepolitikken
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere eit utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.
I St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken, som blei lagd fram 29. mars 2001, trekte ein opp dei noverande retningslinjene for pengepolitikken. Retningslinjene blei fastsette i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon av 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jf. boks 4.1.
Boks 4.6 Forskrift om pengepolitikken
Fastsatt ved kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med hjemmel i sentralbankloven § 2 tredje ledd og § 4 annet ledd.
I
§ 1.
Pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den norske krones nasjonale og internasjonale verdi, herunder også bidra til stabile forventninger om valutakursutviklingen. Pengepolitikken skal samtidig understøtte finanspolitikken ved å bidra til å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting.
Norges Bank forestår den operative gjennomføringen av pengepolitikken.
Norges Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med første ledd rettes inn mot lav og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken skal være en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 pst.
Det skal i utgangspunktet ikke tas hensyn til direkte effekter på konsumprisene som skyldes endringer i rentenivået, skatter, avgifter og særskilte, midlertidige forstyrrelser.
§ 2.
Norges Bank skal jevnlig offentliggjøre de vurderingene som ligger til grunn for den operative gjennomføringen av pengepolitikken.
§ 3.
Den norske krones internasjonale verdi fastlegges på grunnlag av kursene i valutamarkedet.
§ 4.
Norges Bank gir på statens vegne de meddelelser om kursordningen som følger av deltagelse i Det internasjonale valutafond, jf. lov om Norges Bank og pengevesenet § 25 første ledd.
II
Denne forskrift trer i kraft straks. Samtidig oppheves forskrift av 6. mai 1994 nr. 0331 om den norske krones kursordning.
I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Noregs Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samtidig også medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000–2001) står det vidare at det er venta at konsumprisveksten som ein hovudregel vil liggje innanfor eit intervall på +/– eitt prosentpoeng rundt målet for prisstiginga. Noregs Banks rentesetjing skal vere framoverretta i tid og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når Noregs Banks hovudstyre fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får effekt, og sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ikkje blir vurderte å påverke den underliggjande pris- og kostnadsveksten.
Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gi økonomien eit nominelt ankerfeste. Låg og stabil inflasjon er ein viktig føresetnad for at økonomien over tid fungerer på ein måte som medverkar til vekst og velstand. Forskrifta etablerer eit fleksibelt inflasjonsmål for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må pengepolitikken vege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing.
4.2.3 Noregs Banks vurderingar av utøvinga av pengepolitikken i 2006
4.2.3.1 Verkemiddel og avvegingar i pengepolitikken
Noregs Bank påverkar den økonomiske utviklinga ved å fastsetje rentene på innskota og låna bankane har i Noregs Bank. Renta på bankinnskot over natta i Noregs Bank – foliorenta – er det viktigaste verkemiddelet i pengepolitikken. Foliorenta har erfaringsmessig nokså sterkt gjennomslag på dei heilt kortsiktige pengemarknadsrentene, det vil seie dags- og vekesrentene. Marknadsrentene med lengre løpetider blir òg påverka av korleis marknadsaktørane ventar at foliorenta vil utvikle seg i framtida. Marknadsaktørane sine forventningar til foliorenta er avhengige av kva aktørane trur om sentralbanken sitt handlemønster i pengepolitikken og om den økonomiske utviklinga. Marknadsrentene verkar inn både på kronekursen, prisane på verdipapir, bustadprisane, etterspørselen etter lån, investeringar og forbruk. Noregs Banks styringsrente kan òg påverke forventningane om framtidig inflasjon. Gjennom alle desse kanalane har renta innverknad på dei samla etterspørsels- og produksjonsforholda og på prisar og lønner.
Det operative målet for rentesetjinga er at veksten i konsumprisane over tid skal vere nær 2,5 prosent. Målet er framoverretta. Noregs Bank rår ikkje over verkemiddel som til kvar tid kan sikre eit bestemt nivå på inflasjonen. Noregs Bank seier mellom anna følgjande om dette i årsmeldinga for 2006:
«Pengepolitikken verkar med eit tidsetterslep. Noregs Bank set renta med sikte på å stabilisere inflasjonen nær målet på mellomlang sikt. Den aktuelle horisonten vil vere avhengig av forstyrringane som økonomien er utsett for, og korleis desse vil verke inn på utviklinga i inflasjon og realøkonomi framover.»
Noregs Bank offentleggjer regelmessig analysar og vurderingar av utsiktene for økonomien. Tre gonger i året blir Pengepolitisk rapport (tidlegare Inflasjonsrapporten) publisert samtidig med renteavgjerda. Rapporten omfattar hovudstyret sine pengepolitiske vurderingar og prognosar. I årsmeldinga seier Noregs Bank mellom anna følgjande om dei pengepolitiske rapportane og banken sin renteprognose:
«Noregs Bank ønskjer at aktørane i økonomien i størst mogleg grad kan føresjå pengepolitiske avgjerder. Noregs Bank offentleggjer regelmessig vurderingar av utsiktene for økonomien ute og heime og utsiktene for styringsrenta. Når aktørane skjønar sentralbankens handlingsmønster, dannar det eit grunnlag for at marknadsrentene reagerer stabiliserande på ny informasjon om den økonomiske utviklinga.
[...]
Sidan Inflasjonsrapport 3/2005 har Noregs Bank publisert sin eigen renteprognose. Frå å nytte tekniske føresetnader eller vurderingar frå andre, har Noregs Bank teke eigarskap over rentebana. I Pengepolitisk rapport vert det publisert ein renteprognose som gir ei rimeleg avveging mellom omsynet til å bringa inflasjonen opp mot målet og omsynet til å stabilisera utviklinga i produksjon og sysselsetjing.»
På kort og mellomlang sikt må ein i utøvinga av pengepolitikken vege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. For at pengepolitikken skal vere truverdig med dei føresetnadene Noregs Bank har om den økonomiske utviklinga, må renteprognosen til banken gi ei rimeleg avveging mellom dei omsyna pengepolitikken skal ta. Når det er tillit til at Noregs Bank ønskjer å følgje den rentebanen banken publiserer, blir verknaden av pengepolitikken styrkt. Noregs Bank har utarbeidd eit sett med kriterium for å vurdere kva som er ei tilpassa framtidig utvikling i renta. Det blei første gong gjort greie for kriteria i Noregs Banks Inflasjonsrapport 1/05. Kriteria blei noko endra i Pengepolitisk rapport 1/07 der det heiter:
«Det operative målet for pengepolitikken er lav og stabil inflasjon med en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 prosent. Følgende hovedkriterier bør være oppfylt for prognosen for den fremtidige renteutviklingen:
Renten bør settes slik at inflasjonen stabiliseres nær målet på mellomlang sikt. Den aktuelle horisonten vil avhenge av forstyrrelsene økonomien er utsatt for og hvordan de vil virke inn på forløpet for inflasjon og realøkonomi fremover.
Rentebanen bør gi en rimelig avveiing mellom forløpet for inflasjonen og forløpet for kapasitetsutnyttingen.
I avveiingen tas det hensyn til at formuespriser som eiendomspriser, aksjekurser og kronkursen også kan påvirke utsiktene for produksjon, sysselsetting og inflasjon. Under forutsetning av at kriteriene over er oppfylt, er følgende tilleggskriterier til nytte:
3. Utviklingen i renten bør gi en akseptabel utvikling i inflasjon og produksjon også med alternative, men ikke urealistiske forutsetninger om den økonomiske utviklingen og økonomiens virkemåte.
4. Renten bør normalt endres gradvis og konsistent med bankens tidligere reaksjonsmønster.
5. Som en kryssjekk for rentesettingen bør eventuelle store og systematiske avvik fra enkle pengepolitiske regler kunne forklares.»
4.2.3.2 Pengepolitikken i 2006
Pengepolitikken i 2006 må sjåast med bakgrunn i utviklinga dei føregåande åra. I mars 2004 kom styringsrenta ned i 1,75 prosent og blei verande på dette nivået ut året. Inflasjonen blei svært låg gjennom heile 2004 og var låg også i 2005. Sidan forsommaren 2005 har pengepolitikken vore innretta mot at styringsrenta gradvis – i små og ikkje hyppige skritt – skal setjast opp mot eit meir normalt nivå. I inflasjonsrapporten frå november 2005 anslo Noregs Bank at prisveksten ville ta seg gradvis opp, og nærme seg målet i 2008. Produksjonsgapet – dvs. forskjellen mellom det faktiske nivået på produksjonen i økonomien og nivået som kan gå saman med stabil inflasjon over lengre tid – var venta å auke til om lag 1 prosent i 2006, for så å minke i åra framover. Ved inngangen til 2006 var norsk økonomi inne i det tredje året med ein klar oppgang. Kapasitetsutnyttinga var noko over det normale nivået.
Analysane i Inflasjonsrapport 3/05 tilsa ein renteauke i løpet av første kvartal 2006, på rentemøtet i januar eller mars, og vidare renteaukar etter dette. Etter rentemøtet 25. januar 2006 blei renta halden uendra på 2,25 prosent. Hovudstyret konkluderte med at risikofaktorane på kvar side var blitt noko meir markerte, men at det samla sett ikkje var grunnlag for å endre vurderingane av utsiktene for norsk økonomi.
Etter rentemøtet 16. mars blei renta heva med 0,25 prosentpoeng, til 2,50 prosent. Fram mot dette rentemøtet hadde prisveksten jamt over vore lågare enn venta. Samtidig var veksten i produksjonen sterk, og sysselsetjinga steig raskare enn venta. Analysane i Inflasjonsrapport 1/06, som blei offentleggjord same dag, innebar at renta skulle førast tilbake mot eit meir normalt nivå. Renteprognosen låg nær prognosen i Inflasjonsrapport 3/05. Hovudstyret peika på at framleis høg vekst i produksjon og sysselsetjing ville føre til høgare pris- og kostnadsvekst, men at det kunne ta tid. Omsynet til å føre inflasjonen tilbake mot målet og forankre inflasjonsforventningane tilsa at den ekspansive pengepolitikken skulle halde fram.
Hovudstyret heva den øvre og nedre grensa i strategiintervallet for renta dei komande fire månadene med 0,25 prosentpoeng jamført med perioden før. Dersom den økonomiske utviklinga blei om lag som anslått, skulle foliorenta dermed liggje i intervallet 2,25–3,25 prosent i perioden fram til neste inflasjonsrapport blei lagd fram i slutten av juni 2006.
Fram mot rentemøtet 26. april steig sysselsetjinga raskare enn venta. Veksten i kreditt og bustadprisar var sterk. Oljeprisen og andre råvareprisar tok seg ytterlegare opp. Utviklinga i konsumprisane hadde vore som venta. Samtidig var kronekursen sterkare enn det som var lagt til grunn. Hovudstyret meinte at det samla sett ikkje var tilstrekkeleg grunnlag for å endre utsiktene for inflasjon og produksjon eller vurderinga av risikofaktorane. Renta blei halden uendra på 2,50 prosent.
Ny informasjon fram mot rentemøtet 31. mai stadfesta at aktiviteten i norsk økonomi var høg. Sysselsetjinga auka raskare, og arbeidsløysa fall meir enn venta. Hovudstyret peika på at det no var teikn til kapasitetsskrankar i fleire verksemder. Det var venta at Noreg sine handelspartnarar ville heve rentene ytterlegare. Veksten i konsumprisane hadde teke seg raskare opp enn venta på grunn av ein markert auke i energiprisane. Utanom energivarer var prisveksten framleis låg. Det var sannsynleg at den vedvarande høge veksten i produksjon og sysselsetjing ville føre til høgare pris- og kostnadsvekst, men det kunne ta tid. Renta blei heva med 0,25 prosentpoeng til 2,75 prosent.
I pressemeldinga etter rentemøtet 29. juni peika hovudstyret på at veksten i økonomien var sterk og kapasitetsutnyttinga høgare enn tidlegare venta. Arbeidsløysa fall no raskt. Den sterke veksten og tilstramminga i arbeidsmarknaden var hovudårsaka til at renteprognosen i Inflasjonsrapport 2/06, som blei lagd fram same dag, var om lag 0,25 prosentpoeng høgare for 2007 og 2008 enn i den førre rapporten frå mars.
Hovudstyret vurderte at renta i referansebanen var tilstrekkeleg låg til å bidra til at inflasjonen kunne tilta og nærme seg målet på 2,5 prosent, samtidig som renta auka tilstrekkeleg til å motverke at kapasitetsutnyttinga blei for høg. Det var venta at produksjonsgapet ville halde seg positivt gjennom perioden. Ein gradvis renteauke ville etter kvart dempe veksten i etterspørselen. Inflasjonen var venta å vere nær målet på 2,5 prosent på tre års sikt.
Hovudstyret sin pengepolitiske strategi tilsa ei foliorente i intervallet 2,75–3,75 prosent i perioden fram til neste inflasjonsrapport i november, gitt at den økonomiske utviklinga blei om lag som venta. I første halvår av 2006 blei renta auka to gonger med 0,25 prosentpoeng. Hovudstyret si vurdering var at renta ville auke vidare om lag i same takt. Renta blei halden uendra på 2,75 prosent etter rentemøtet 29. juni.
I pressemeldinga etter rentemøtet 16. august peika hovudstyret på at kapasitetsskrankar og mangel på kvalifisert arbeidskraft var ei stadig større utfordring i fleire verksemder. Den samla konsumprisveksten hadde utvikla seg om lag som venta. Kronekursen hadde svekt seg noko, men var framleis ganske sterk. Hovudstyret meinte at det samla sett ikkje var grunnlag for å endre utsiktene for inflasjon og produksjon eller vurderinga av risikofaktorane. I tråd med strategien blei renta heva med 0,25 prosentpoeng til 3 prosent.
Hovudstyret heldt renta uendra etter rentemøtet 27. september . Hovudstyret peika på at det var lite ledige ressursar i norsk økonomi. Arbeidsmarknaden var blitt vesentleg strammare, og det var fleire teikn til at lønnsveksten ville tilta. Utviklinga i samla etterspørsel, produksjon og sysselsetjing trekte i retning av ei høgare rente. Samtidig hadde veksten i konsumprisane gått ned, og prisveksten utanom energivarer var uventa låg. Hovudstyret si vurdering var at strategien frå inflasjonsrapporten og ny informasjon samla sett tala for at renta blei halden uendra på 3 prosent.
Etter rentemøtet 1. november blei renta heva med 0,25 prosentpoeng til 3,25 prosent. Oppgangen i norsk økonomi var sterkare enn tidlegare venta, og kapasitetsutnyttinga i økonomien hadde auka. Sysselsetjinga steig raskt, og arbeidsløysa var no på linje med nivået under førre høgkonjunktur på slutten av 1990-talet. Den underliggjande prisveksten hadde vore lågare enn venta dei siste månadene, men fleire faktorar tala for at inflasjonen etter kvart ville stige. Kronekursen hadde svekt seg frå sterke verdiar. Det var teikn til avmatting i USA, men det såg likevel ut til at veksten i verdsøkonomien ville halde seg oppe.
Renteprognosen i Inflasjonsrapport 3/06, som blei lagd fram same dag, var om lag 0,50 prosentpoeng høgare enn renteprognosen i inflasjonsrapporten frå juni, målt som gjennomsnitt for åra 2007 og 2008. Låg prisvekst og utsikter til relativt moderat vekst i lønnskostnadene i 2006, sterk konkurranse i produktmarknadene, høg produktivitetsvekst og ein auke i importdelen frå lågprisland trekte isolert sett i retning av ein lågare rentebane. Den uventa sterke oppgangen og høge kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi gav ifølgje banken likevel grunn til å vente at kostnadsveksten ville tilta framover. Saman med ein svekt kronekurs trekte dette i retning av ein høgare rentebane. Med ei renteutvikling som lagd til grunn i referansebanen blei det venta ein vidare auke i kapasitetsutnyttinga og ei ytterlegare tilstramming i arbeidsmarknaden. Samanlikna med den førre inflasjonsrapporten blei det venta at auken i inflasjonen kunne kome noko seinare. Det var utsikter til at inflasjonen ville vere nær målet på 2,5 prosent på tre års sikt.
Ei foliorente i intervallet 3,25–4,25 prosent i midten av mars 2007 gav etter hovudstyret si vurdering ei rimeleg avveging mellom omsynet til å nå inflasjonsmålet og omsynet til stabilitet i realøkonomien. Renta kunne gradvis setjast opp mot eit meir normalt nivå, noko raskare enn hovudstyret til no hadde sett for seg, «men neppe ved kvart rentemøte». Slik hovudstyret såg det, ville renta dermed framleis aukast i små og ikkje hyppige skritt. Figur 4.2 viser faktisk foliorente og intervall for foliorenta ved utgangen av kvar strategiperiode.
Fram mot rentemøtet 13. desember var ny informasjon sidan det førre rentemøtet ifølgje Noregs Bank i hovudsak i samsvar med prognosane i Inflasjonsrapport 3/06. Sysselsetjinga steig raskt, og arbeidsløysa hadde falle markert. Stadig fleire verksemder opplevde mangel på arbeidskraft. Lønnsveksten såg ut til å tilta, og prisveksten hadde vore noko høgare enn venta. Kronekursen var noko sterkare enn det som var lagt til grunn. Hovudstyret si vurdering var at strategien frå inflasjonsrapporten og ny informasjon samla tala for at renta blei heva med 0,25 prosentpoeng til 3,50 prosent.
Renteavgjerdene i 2006 var i stor grad venta både av prisstillarane i finansmarknadene og av eit fleirtal av makroøkonomane i norske finansinstitusjonar. Dei førte dermed til moderate rørsler i rente- og valutamarknadene. Den største rørsla var i mai, då styringsrenta blei sett opp med 0,25 prosentpoeng, medan marknadsaktørane var usikre på om renta ville bli auka på rentemøtet i mai eller juni.
Samla blei foliorenta sett opp med 1,25 prosentpoeng i 2006. Foliorenta var ved utgangen av året 3,50 prosent.
I årsmeldinga til Noregs Bank blir rentesetjinga i 2006 samanlikna med einskilde enkle rentereglar (Taylor-regelen 1 , vekstregelen 2 og regel med utanlandsk rente 3 ). Slike rentereglar kan ikkje gi meir enn nokre indikasjonar på kva som er rett rente. Om samanlikninga seier Noregs Bank at:
«Gjennom store delar av 2006 var rentene rekna ut frå enkle pengepolitiske reglar høgare enn Noregs Bank si styringsrente [...]. I inflasjonsrapport 3/2006 nærma dei seg det faktiske rentenivået.
[...]
I utrekningane er KPI-JAE justert for reduserte maksimalprisar i barnehagar nytta. Etter Noregs Bank si vurdering er den underliggjande prisveksten noko høgare enn det denne indikatoren viser. [...]»
Foliorenta til Noregs Bank og den renta som følgjer av dei enkle rentereglane, er viste i figur 4.4.
4.2.3.2.1 Utviklinga i inflasjon, produksjon og sysselsetjing og inflasjonsforventningar
Konsumprisane (KPI) auka i gjennomsnitt med 2,3 prosent frå 2005 til 2006, medan veksten justert for avgiftsendringar og utanom energivarer (KPI-JAE), som er eitt av dei prismåla Noregs Bank bruker for å måle den underliggjande inflasjonen, var 0,8 prosent. Veksten i KPI-JAE fall frå byrjinga av 2006 og fram mot sommaren. Tolvmånadersveksten i august på 0,4 prosent var den lågaste på to år. Etter den tid har veksten i KPI-JAE teke seg opp att, og tolvmånadersveksten var 1,0 prosent i både desember 2006 og januar 2007. I årsmeldinga for 2006 skriv Noregs Banks følgjande om utviklinga i underliggjande inflasjon i 2006:
«Ser ein vekk frå utviklinga i energiprisane, blei prisveksten markert lågare enn venta, trass i den sterke utviklinga i realøkonomien. [...] Andre indikatorar for underliggande inflasjon låg noko høgare enn KPI-JAE. I slutten av 2006 blei den underliggande inflasjonen vurdert å vere i eit intervall frå knapt 1¼ prosent til opp mot 1¾ prosent.
Prisane på importerte konsumvarer fall med 0,5 prosent frå 2005 til 2006. Dette var om lag som venta. Prisveksten på innanlandske varer og tenester blei derimot vesentleg lågare enn venta. I Inflasjonsrapport 3/2005 såg Noregs Bank for seg ein innanlandsk prisvekst på om lag 2,5 prosent i 2006. Den faktiske prisveksten blei 1,6 prosent, korrigert for effekten av maksimalpris i barnehagane frå januar 2006 [...].»
Figurane 4.5 og 4.6 syner utviklinga i veksten i KPI og KPI-JAE dei siste åra samt Noregs Banks uvisseintervall for den underliggjande prisveksten.
Noregs Bank har i utøvinga av pengepolitikken lagt vekt på KPI-JAE som eit mål for underliggjande inflasjon. Noregs Bank peikar samstundes på at KPI-JAE ikkje er ein fullgod indikator i ein slik samanheng, ettersom han ikkje berre ser bort frå mellombels verknader av endra avgifter og svingingar i energiprisane, men også trendmessige endringar i desse faktorane. Dei siste ti åra har KPI-JAE undervurdert den underliggjande inflasjonen fordi energiprisane har auka meir enn andre forbruksprisar og avgiftsnivået er blitt noko høgare. Frå juni 2006 har Noregs Bank starta med å opplyse om utviklinga også for andre mål for den underliggjande inflasjonen enn KPI-JAE og å nemne eit intervall for nivået på den underliggjande inflasjonen i pressemeldingane om renteavgjerdene.
I inflasjonsrapporten i november 2005 anslo Noregs Bank at veksten i KPI-JAE ville vere 1¾ prosent i 2006. Anslaget på veksten i KPI-JAE blei nedjustert til 1 prosent i inflasjonsrapporten i mars 2006 og vidare ned til ¾ prosent i inflasjonsrapportane i juni og november 2006.
Inflasjonsmålet på 2,5 prosent er framoverretta. I årsmeldinga for 2006 skriv Noregs Bank at banken tek sikte på at veksten i konsumprisindeksen (KPI) over tid skal vere nær 2½ prosent, men at konsumprisveksten for eit kortare tidsrom ikkje gir tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere om måla i pengepolitikken over tid er nådde. Noregs Bank ser derfor på ti års glidande gjennomsnitt for årsveksten i konsumprisindeksen, jf. figur 4.7. Om vurderinga av måloppnåinga i pengepolitikken skriv Noregs Bank mellom anna:
«Inflasjonen stabiliserte seg tidleg på 1990-talet etter å ha kome ned frå eit høgt nivå i tiåret før. I tiårsperioden 1997–2006 var den gjennomsnittlege inflasjonen målt ved konsumprisindeksen 2,1 prosent. Frå 2001 til 2006 var han 1,9 prosent.
[...]
Sett over tid har inflasjonen vore låg og stabil og halde seg ganske nær, men noko under, 2,5 prosent. Avviket skuldast truleg at økonomien dei siste åra har blitt råka av ei rekkje gunstige forstyrringar på produksjonssida, mellom anna sterk vekst i produktiviteten, god tilgang på arbeidskraft frå andre land og lågare prisvekst på importvarer. Det blir avspegla i at veksten i norsk økonomi har vore sterk og sterkare enn venta, samtidig som inflasjonen har vore låg og lågare enn venta. Det tek derfor også noko lengre tid enn venta før prisveksten tek seg opp.»
BNP-veksten i fastlandsøkonomien har vore om lag 4½ prosent tre år på rad. Låge renter, sterk vekst i oljeinvesteringane og sterk vekst internasjonalt har trekt innanlandsk etterspørsel opp. Aktiviteten og innteninga i fastlandsføretaka er høg, og investeringane har auka betrakteleg. Sysselsetjinga aukar no raskt, og arbeidsløysa har falle til eit historisk lågt nivå. Den økonomiske veksten blei av Noregs Bank vurdert til å vere vesentleg høgare enn veksten i produksjonspotensialet gjennom 2006. Anslaget på produksjonsgapet i 2006 blei justert opp frå 1 prosent i Inflasjonsrapport 3/05 og 1/06 til 1½ prosent i Inflasjonsrapport 3/06. Om utviklinga i sysselsetjinga og produksjonskapasiteten i økonomien skriv Noregs Bank følgjande i årsmeldinga for 2006:
«Den økonomiske veksten blei vesentleg høgare enn venta i 2006. [...] Veksten i sysselsetjinga var klart sterkare enn venta i 2006, og arbeidsløysa fall meir enn forventa. Samtidig auka tilgangen på utanlandsk arbeidskraft.»
Eitt av omsyna i pengepolitikken er å bidra til å stabilisere den realøkonomiske utviklinga. Figur 4.8 viser Noregs Bank si berekning av utviklinga i produksjonsgapet og variasjonen i dette frå 1980 til 2006. Variasjonen i gapet er illustrert med bandet rundt anslaget på produksjonsgapet.
Tilliten til inflasjonsmålet kan ein ikkje måle direkte, men om aktørane i økonomien har tillit til at sentralbanken vil nå inflasjonsmålet, vil dei vente at inflasjonen på sikt blir lik målet. I årsmeldinga for 2006 skriv Noregs Bank følgjande om inflasjonsforventningane:
«Erfaringar syner at forventningane om framtidig inflasjon kan halde seg stabile sjølv om prisstiginga svingar ein del, så lenge renta blir brukt aktivt for å dempe utslaga og pengepolitikken blir retta inn mot at inflasjonsmålet blir nådd over tid.
[...]
På oppdrag frå Noregs Bank gjennomfører TNS Gallup kvartalsvise spørjeundersøkingar om forventa inflasjon. Spørjeundersøkinga frå 1. kvartal 2007 tyder på stabile prisforventningar. To år fram i tid ventar økonomar i finansnæringa og akademia ein årleg prisvekst på 2,4 prosent [...]. Det gjer også organisasjonane i arbeidslivet. Om fem år ventar økonomane ein prisvekst på 2,4 prosent, mens organisasjonane i arbeidslivet ventar ein prisvekst på 2,6 prosent [...].»
Figur 4.9 viser utviklinga i forventa prisvekst om fem år.
Tal frå Consensus Forecast, som samanstiller ulike institusjonar sine prognosar for konsumprisveksten i Noreg to gonger i året (april og oktober), viser noko lågare inflasjonsforventningar. I oktober 2006 blei konsumprisveksten forventa å vere 2,2 prosent både på fem og ti års sikt.
I årsmeldinga skriv Noregs Bank at indikatorane samla tyder på at det er tillit til inflasjonsmålet. Framleis er forventningane til inflasjonen på kortare sikt noko lågare enn målet, truleg på grunn av den låge konsumprisveksten dei siste åra.
4.2.4 Vurderingar frå andre
Sidan Kredittmeldinga 2005 blei lagd fram i april 2006, har det kome fleire nye rapportar som omtalar pengepolitikken:
Norges Bank Watch 2007, som blei gjort offentleg 19. februar 2007. Denne rapporten er utarbeidd av ei ekspertgruppe som er oppnemnd av Centre for Monetary Economics (CME), som er tilknytt Handelshøyskolen BI.
OECD sin landrapport om Noreg, som blei gjort offentleg 30. januar 2007. OECD vurderer pengepolitikken som ein del av ein heilskapleg stabiliseringspolitikk.
Kredittilsynet sin tilstandsrapport for finansmarknaden i 2006, som blei lagd fram 28. februar i år. Rapporten omtalar pengepolitikken si rolle i vurderingane av utsiktene for finansiell stabilitet.
Økonomisk utsyn over 2006 frå Statistisk sentralbyrå, som blei gjort offentleg 22. februar i år.
Centre for Monetary Economics ved Handelshøyskolen BI har for åttande gong invitert ei gruppe økonomar til å lage ein Norges Bank Watch-rapport. Formålet med rapporten er å evaluere utøvinga av pengepolitikken i Noreg. Norges Bank Watch 2007 -rapporten seier mellom anna følgjande:
«Based on what we have been able to ascertain, we feel Norges Bank has shown a good grasp of the issues at hand and has made reasonable choices. [...] the monetary easing of recent years seems to us generally appropriate, as does the current tightening.»
Samstundes tek gruppa til orde for at det kunne ha vore betre å redusere styringsrenta meir enn det som blei gjort i 2004, men for ein kortare periode.
Norges Bank Watch 2007 tek til orde for at ein bør greie ut ein ny konsumprisindeks som styringsparameter for innretting av Noregs Banks verkemiddelbruk, og skriv mellom anna:
«[...] The key is that monetary policy should target an index of the prices of goods and services which exhibit significant stickiness, i.e., prices that firms find too costly to adjust flexibly to changing economic conditions, to minimize the need for those prices to adjust. As a practical matter, the idea is to target an index of sticky prices in order to anchor inflation expectations and provide a firm nominal anchor for monetary policy around which flexible prices are free to adjust.
In this manner, inflation targeting makes aggregate output fluctuate much like a flexible-price real business cycle. Although the real business cycle model may have had somewhat limited success in explaining actual business cycles, we consider it an excellent normative benchmark for how the economy can function under monetary policy of successful inflation targeting. Thus, low and stable inflation is not a goal in itself, but an important means to allow the economy to make the best possible use of its resources.
[...] for our evaluation of monetary policy in Norway, we need to consider a small open economy extension of the benchmark model. In principle, the index to target should only include domestically-produced goods and services. In practice, however, especially in the Norwegian context, there may be good reasons to include at least some import prices.»
Norges Bank Watch ser positivt på Noregs Banks praksis med å publisere eigne rentebanar. Samstundes tek gruppa til orde for at Noregs Bank også bør vere meir eksplisitte på korleis ein kjem fram til prognosen for valutakursutviklinga. Vidare fremjar gruppa enkelte forslag om produksjon av korttidsstatistikk som grunnlag for den pengepolitiske styringa. Dette dreier seg mellom anna om månadleg publisering av alternative mål på underliggjande inflasjon, eit auka utval for Statistisk sentralbyrås arbeidskraftsundersøking (AKU), samt meir statistikk om utviklinga for lønner, produktivitet og kapasitetsutnytting. Norges Bank Watch meiner vidare at Noregs Bank bør publisere referat og stemmegiving frå hovudstyremøta, og at dei eksterne medlemmene av hovudstyret bør få auka tilgang til å uttale seg offentleg.
Norges Bank Watch 2007 tilrår også fleire endringar i det institusjonelle rammeverket for pengepolitikken. Mellom anna føreslår gruppa at ein tek ut tilvisinga til valutakursen i forskrifta, at ein set ned det operative målet for prisstiginga og at ein fjernar føreleggingsplikta og instruksjonsretten frå sentralbanklova. Her går vi ikkje nærmare inn på tilrådingane frå gruppa. Fleire av dei same punkta er òg drøfta i Norges Bank Watch-rapportar frå tidlegare år, nokre av dei med andre konklusjonar. Bakgrunnen for rammeverket for pengepolitikken er det gjort greie for i fleire stortingsdokument, jf. St.meld. nr. 29 (2000–2001) og Ot.prp. nr. 81 (2002–2003).
I OECD sin Economic Survey om Noreg, som blei lagd fram 30. januar 2007, viser OECD til den sterke økonomiske veksten i Noreg dei siste åra. OECD peikar mellom anna på at arbeidsløysa er låg og nærmar seg den historiske faresona for lønnsinflasjon, og at stadig fleire føretak har tilsetjingsvanskar. I rapporten heiter det følgjande om kva denne utviklinga kan ha å seie for pengepolitikken:
«[...] During the last upswing, price and cost inflation surged suddenly at the peak of the cycle, and this feature of the Norwegian economy may well remain present. Whether the forces of globalisation have reduced this risk remains untested. Hence, Norges Bank should stand ready to tighten faster than it currently envisages if wage growth picks up faster than expected, as could happen with the Spring 2007 wage rounds.»
OECD viser til at norsk økonomi dei siste åra har kunna nyte godt av den auka globaliseringa, mellom anna i form av auka import frå lågkostnadsland, sterk konkurranse i mange produktmarknader og betydeleg arbeidsinnvandring. Tilrådinga frå OECD om pengepolitikken framover er likevel klar:
«Policy should assume that the structure of the economy has not really changed, and withdraw monetary stimulus relatively quickly, aiming at anchoring inflation expectations on target and at the same time stabilising the real economy.»
OECD skriv vidare følgjande om horisonten for pengepolitikken:
«If benign supply side shocks persist and inflation expectations are well anchored at the target Norges Bank should perhaps allow itself longer than 3 years to reach its inflation target, while raising interest rates now in order to stabilise the economy.»
OECD er positiv til at Noregs Bank har publisert renteprognosen sin sidan Inflasjonsrapport 3/05 og skriv følgjande om effekten dette kan ha for finansiell stabilitet:
«By publishing its future interest path [...] the Bank is better positioned to convey the message that the low interest rate level will not prevail, besides improving the predictability of policy and its ability to influence inflation expectations more generally.»
Kvart år gir Kredittilsynet ut ein tilstandsrapport for finansmarknaden. I tilstandsrapporten for 2006, som blei lagd fram 28. februar 2007, gjer ein ei vurdering av utsiktene for finansiell stabilitet. Kredittilsynet skriv mellom anna følgjande om pengepolitikken og den store auken i bustadprisane:
«Lav prisstigning bidro til ekspansiv pengepolitikk også i 2006. [...] Mens pengepolitikken har stimulert investerings- og aktivitetsveksten i økonomien i flere år, var det først i 2006 at veksten også ga seg utslag i arbeidsmarkedet.
[...]
Til tross for at Norges Bank økte rentene og signaliserte en noe raskere renteheving, stimulerte det lave nivået på nominelle renter og realrenter etter skatt både bolig- og kredittetterspørselen også i 2006. Den tiltakende boligprisveksten i 2006 viste trolig også effekter av strukturelle endringer, med innovasjoner på tilbudssiden i kredittmarkedet og endringer i måten husholdningene tilpasser seg i boligmarkedene.»
Ein nærmare omtale av utsiktene for finansiell stabilitet er gitt i kapittel 2.
Statistisk sentralbyrå peikar i Økonomisk utsyn over året 2006 på at høgkonjunkturen i norsk økonomi forsterka seg gjennom 2006. Dei viser til at den høge veksten dei siste åra har skjedd samstundes som prisstiginga har halde seg svært låg, og utan at lønnsveksten har skote fart. Statistisk sentralbyrå skriv at renteprognosar gjer pengepolitikken meir føreseieleg og gjer det lettare å prøve anslaga i ettertid. Om utfordringane for pengepolitikken framover skriv Statistisk sentralbyrå mellom anna følgjande:
«Dersom det likevel kommer sterke ekspansive bidrag fra finanspolitikken, blir behovet for innstramming i pengepolitikken større. Handlingsrommet på dette området vil avhenge av utviklingstrekk internasjonalt. Dersom oppgangen i utlandet fører med seg økte styringsrenter, er det gode muligheter for å innrette pengepolitikken i Norge med sikte på å dempe høykonjunkturen, uten at valutakursen endres vesentlig. Dilemmaet i gjennomføringen av pengepolitikken blir vesentlig større i en situasjon der Norge og handelspartnerne kommer i ulike konjunkturfaser, og høye oljepriser i større grad skyldes forhold på tilbudssiden. Da vil Norges Bank ha større vansker med å motvirke en oljedrevet stimulans i norsk økonomi uten at det rammer tradisjonelt konkurranseutsatt næringsliv.»
4.2.5 Departementet sine vurderingar
Forskrifta for pengepolitikken, som blei fastsett 29. mars 2001, ligg fast. Det var brei semje i Stortinget om retningslinjene for pengepolitikken. Det synest å vere tillit til pengepolitikken, både blant marknadsaktørar, i dei akademiske miljøa og allment i opinionen. Departementet meiner at dei gjeldande retningslinjene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Banks utøving av pengepolitikken. Rammeverket er godt i tråd med praksis i andre land med fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. Innanfor forskrifta skal Noregs Bank utøve eit sakleg avgrensa skjønn. Ansvarsdelinga mellom dei politiske myndigheitene og Noregs Bank er etter departementet si meining formålstenleg.
Forskrifta seier at pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona, og dessutan medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. Pengepolitikken skal samstundes støtte finanspolitikken ved å medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing.
Pengepolitikken skal rettast inn mot å nå låg og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. I årsmeldinga for 2006 skriv Noregs Bank mellom anna følgjande om fleksibel inflasjonsstyring:
«Pengepolitikken i Noreg er retta inn mot å nå låg og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. [...] Det operative målet gir aktørane i økonomien eit ankerfeste for forventningar om framtidig inflasjon. Når det er tillit til inflasjonsmålet, kan pengepolitikken også bidra til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing.
Noregs Bank legg til grunn at inflasjonsstyringa skal vere fleksibel, slik at både variasjon i inflasjon og variasjon i produksjon og sysselsetjing blir lagt vekt på når renta blir sett. Den fleksible inflasjonsstyringa byggjer ei bru mellom pengepolitikken si langsiktige oppgåve, som er å halde inflasjonen på målet og forankre inflasjonsforventningane, og det meir kortsiktige omsynet til å stabilisere den realøkonomiske utviklinga.»
Budsjettpolitikken og pengepolitikken må saman medverke til ei stabil utvikling i produksjon og etterspørsel. Retningslinjene for den økonomiske politikken inneber at pengepolitikken har fått ei klar rolle i stabiliseringspolitikken. Pengepolitikken kan raskt endrast dersom utsiktene for økonomien blir endra.
Noregs Bank si styringsrente (foliorenta) blei i 2006 auka med til saman 1,25 prosentpoeng, til 3,50 prosent. Renta er framleis relativt låg, sjølv om ho i 2007 er auka vidare til 4 prosent. I Pengepolitisk rapport 1/07 anslår Noregs Bank at foliorenta kjem til å vere om lag 5 prosent ved utgangen av 2007 og om lag 5,25 prosent ved utgangen av 2008.Gjennom 2006 auka fleire sentralbankar i andre land rentene sine, mellom anna i euroområdet, USA, Storbritannia, Japan, Sverige og Danmark.
Prisveksten var moderat i fjor. I gjennomsnitt auka konsumprisane (KPI) med 2,3 prosent i 2006, mens veksten i konsumprisane justert for avgiftsendringar og rekna utanom energivarer (KPI-JAE) var 0,8 prosent. Veksten i KPI-JAE fall frå byrjinga av 2006 og fram mot sommaren, men tok seg opp igjen i andre halvår. Når ein tek omsyn til effekten av lågare maksimalpris i barnehagane frå 1. januar 2006, var veksten i KPI-JAE i 2006 om lag 1 prosent, dvs. det same som i 2005. I 2006 medverka høgare prisar på transporttenester og tenester innanfor kultur, fritid og helse og dessutan auka husleiger til å trekkje veksten i KPI-JAE opp. Fall i prisane på importerte forbruksvarer som klede, møblar og audiovisuelt utstyr trekte prisveksten ned i fjor.
Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Pengepolitikken skal vere framoverretta. Noregs Bank set renta med sikte på å stabilisere inflasjonen nær målet på mellomlang sikt. I utøvinga av pengepolitikken i 2006 har Noregs Banks hovudstyre vege omsynet til å bringe inflasjonen opp mot omsynet til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Ifølgje banken sine prognosar i Pengepolitisk rapport 1/07 kjem prisveksten til å liggje nær målet frå 2008.
Utviklinga i KPI varierer mykje frå år til år, mellom anna som følgje av store variasjonar i elektrisitetsprisane. Til dømes var veksten i KPI 1,6 prosent i 2005, og i Pengepolitisk rapport 1/07 anslår Noregs Bank ei samla prisstiging på ¾ prosent i inneverande år. Veksten i den underliggjande inflasjonen var låg i fjor og vesentleg lågare enn inflasjonsmålet. Dette var ikkje eit teikn på svak økonomisk utvikling, men mellom anna eit resultat av lågare prisar på importerte forbruksvarer og auka konkurranse i ein del produktmarknader. Ein må ta høgd for dette i vurderingane av korleis pengepolitikken er innretta.
Pengepolitikken skal medverke til stabilitet i produksjon og sysselsetjing . Dei betydelege rentekutta frå desember 2002 til mars 2004 har medverka til høg vekst i norsk økonomi dei siste åra. BNP-veksten i fastlandsøkonomien har vore om lag 4½ prosent tre år på rad. God forteneste og høg kapasitetsutnytting har medverka til sterk vekst i investeringane til fastlandsføretaka. Saman med ein kraftig auke i oljeinvesteringane har dette trekt den innanlandske etterspørselen opp. Sysselsetjinga aukar no raskt, og arbeidsløysa har kome ned på eit historisk lågt nivå. Stadig fleire næringar melder om problem med å få tak i kvalifisert arbeidskraft, og risikoen for flaskehalsar og kapasitetsproblem i økonomien har auka.
Det er grunn til å vente at den høge aktiviteten i norsk økonomi vil halde fram i 2007. I Noregs Banks Pengepolitisk rapport 1/07 er kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi venta å halde seg høg gjennom inneverande år. Produksjonsgapet er anslått til 2¼ prosent i 2007, men fell deretter gradvis i åra framover, ifølgje Noregs Banks prognosar. Biletet er godt i samsvar med anslaga til Statistisk sentralbyrå frå Økonomiske analyser 1/2007. Andre prognosemakarar, som til dømes OECD og Consensus Forecast, har og om lag den same vurderinga av utviklinga i norsk økonomi framover.
Noregs Banks rentesetjing kan òg ha innverknad på det finansielle systemet . Den låge renta dei siste åra har truleg medverka til den kraftige oppgangen i bustadprisane den siste tida og til at hushalda si gjeld har vakse klart sterkare enn inntekta. Noregs Bank har ved fleire høve peika på at analysar av utviklinga i gjeld, formuesprisar og låntakarars evne til å betale gjelda er med i grunnlaget for rentesetjinga.
Det er viktig for hushalda og andre aktørar i økonomien at kommunikasjonen frå Noregs Bank si side om vurderingane som ligg til grunn for renteavgjerdene og om den framtidige renteutviklinga, er klår, slik at ein kan tilpasse seg dette på ein høveleg måte. Noregs Bank sin praksis med å gjere offentleg sin eigen renteprognose, som byrja med Inflasjonsrapport 3/05, er ei positiv utvikling i denne samanhengen. Noregs Banks publisering av eigne anslag for renteutviklinga framover viser på ein tydeleg måte at det låge rentenivået ikkje vil halde fram. Departementet finn grunn til å minne om at også bankar som gir lån, har ei viktig plikt til å informere låntakarar som kan vere sårbare ved ei auka rente, jf. kapittel 2 om finansiell stabilitet.
Forventningane til framtidig inflasjon nokre år fram i tid ser ut til å vere godt forankra omkring inflasjonsmålet. Etter departementet si oppfatning tyder inflasjonsforventningane på at det er brei tillit til at pengepolitikken over tid vil gi ei prisstiging i samsvar med inflasjonsmålet, jf. avsnitt 4.2.3.
Med utgangspunkt i forskrifta skal pengepolitikken medverke til å stabilisere forventningane om valutakursutviklinga. Det operative målet for pengepolitikken er låg og stabil inflasjon. I samsvar med dette er det ikkje fastsett noko bestemt mål for nivået på kronekursen. Utviklinga i kronekursen har likevel vesentleg innverknad på rentesetjinga fordi ho påverkar inflasjon og produksjon, særleg i ein liten, open økonomi som Noreg. I årstala 15. februar 2007 sa sentralbanksjefen at med eit inflasjonsmål følgjer det at Noregs Bank vil vere var for korleis auka renter påverkar kronekursen når prisstiginga er låg. Han sa vidare at renteutviklinga i andre land derfor har innverknad på Noregs Bank si rente.
Uvisse om innrettinga av pengepolitikken kan gi seg utslag i krona. Gjennom 2006 har Noregs Bank tydeleg kommunisert intensjonane bak innrettinga av pengepolitikken. Utslaga i rente- og valutamarknadene har gjennomgåande vore små i samband med rentemøta, og slike utslag er reduserte dei siste åra. Publiseringa av banken sine eigne anslag for renta framover medverkar etter departementet sitt syn til å stabilisere forventningane om valutakursutviklinga.
Den underliggjande prisstiginga i 2006 var låg og vesentleg lågare enn inflasjonsmålet. Den låge inflasjonen var ikkje eit teikn på svak økonomisk utvikling, men i særleg grad eit resultat av prisfall på importerte forbruksvarer og auka konkurranse i ein del produktmarknader. Det synest generelt å vere tillit til inflasjonsmålet. Noregs Bank har anslått at prisstiginga vil kome nær 2,5 prosent frå 2008. I utøvinga av pengepolitikken i 2006 har Noregs Bank måtta vege omsynet til å bringe inflasjonen opp mot 2,5 prosent mot omsynet til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Renta har vore låg i lang tid og gitt vekstimpulsar til økonomien. Noregs Bank sette i løpet av 2006 opp styringsrenta med til saman 1,25 prosentpoeng, til 3,50 prosent. Hittil i 2007 er renta auka vidare til 4 prosent. Noregs Bank har anslått at renta framover gradvis vil bli sett opp, til om lag 5 prosent ved utgangen av 2007 og om lag 5,25 prosent ved utgangen av 2008, men anslaga er usikre. Etter ei samla vurdering har departementet ingen vesentlege merknader til Noregs Banks skjønnsutøving i pengepolitikken i 2006.
4.3 Rekneskap og budsjett for 2006
4.3.1 Balansen 31. desember 2006
Tabell 4.1 og 4.2 viser Noregs Banks balanserekneskap ved utgangen av 2006, samanlikna med tilsvarande tal for 2005.
Tabell 4.1 Eigedelane til Noregs Bank 31. desember 2006 i millionar kroner
Eigedelar | 2006 | 2005 |
---|---|---|
Utanlandske finansielle eigedelar : | ||
Verdipapir og innskot | 259 093 | 219 137 |
Utlån | 90 712 | 94 489 |
Fordringar på Det internasjonale valutafondet | 4 132 | 4 537 |
Sum internasjonale reservar | 353 937 | 318 163 |
Andre utanlandske fordringar | 146 | 113 |
Sum utanlandske fin. eigedelar ekskl. Statens pensjonsfond – Utland | 354 083 | 318 276 |
Innanlandske finansielle og andre eigedelar : | ||
Utlån bankar o.a. | 55 647 | 25 404 |
Andre innanlandske fordringar | 2 937 | 1 323 |
Varige driftsmidlar | 1 379 | 1 386 |
Gullsamling | 291 | 291 |
Sum innanlandske finansielle og andre eigedelar | 60 254 | 28 403 |
Sum eigedelar ekskl. Statens pensjonsfond – Utland | 414 337 | 346 683 |
Plasseringar for Statens pensjonsfond – Utland | 1 782 139 | 1 397 896 |
Sum eigedelar | 2 196 476 | 1 744 575 |
4.3.1.1 Noregs Banks aktiva
Brutto internasjonale reservar utgjer 354,1 milliardar kroner og inneheld mellom anna obligasjonar med gjenkjøpsavtalar. Gjenkjøpsavtalane må sjåast i samanheng med innlån frå utlandet, som medrekna pådregne renter utgjer 99,3 milliardar kroner. Netto internasjonale reservar utgjer 254,6 milliardar kroner.
Amerikanske dollar utgjorde 32,1 prosent og euro 40,4 prosent av valutareservane ved utgangen av 2006, mot respektive 36,6 prosent og 40,4 prosent året før.
Eigedomsmasse, maskinar og inventar utgjorde 1,4 milliardar kroner pr. 31. desember 2006.
Tabell 4.2 Noregs Banks gjeld og eigenkapital 31. desember 2006. Millionar kroner
Gjeld og eigenkapital | 2006 | 2005 |
---|---|---|
Utanlandsk gjeld : | ||
Innskot | 87 | 377 |
Innlån | 99 348 | 61 002 |
Anna gjeld | 402 | 334 |
Motverdien av tildelte spesielle trekkrettar | 1 575 | 1 620 |
Sum utanlandsk gjeld | 101 412 | 63 333 |
Innanlandsk gjeld : | ||
Setlar og mynt i omløp | 54 838 | 51 910 |
Innskot frå statskassa | 159 679 | 109 627 |
Innskot bankar o.a. | 24 030 | 42 699 |
Anna gjeld | 254 | 10 488 |
Sum innanlandsk gjeld | 340 213 | 214 724 |
Sum gjeld ekskl. Statens pensjonsfond – Utland | 340 213 | 278 057 |
Innskot Statens pensjonsfond – Utlands kronekonto | 1 782 139 | 1 397 896 |
Sum gjeld | 2 122 352 | 1 675 953 |
Eigenkapital: | ||
Kursreguleringsfond | 73 027 | 67 488 |
Annan eigenkapital | 1 097 | 1 134 |
Sum eigenkapital | 74 124 | 68 622 |
Sum gjeld og eigenkapital | 2 196 476 | 1 744 575 |
4.3.1.2 Noregs Banks passiva
Setlar og mynt i omløp auka i 2006 med 2,9 milliardar kroner til 54,8 milliardar kroner. Innskot frå statskassa auka i 2006 med 50,1 milliardar kroner til 159,7 milliardar kroner. Eigenkapitalen auka med 5,5 milliardar kroner til 74,1 milliardar kroner.
Etter resultatdisponeringa for 2006 utgjer kursreguleringsfondet 73,0 milliardar kroner.
Statens pensjonsfond – Utland er plassert som kroneinnskot på særskild konto i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane særskilt i bankens namn i aktiva som er denominerte i utanlandsk valuta. Forvaltninga i 2006 har vore i samsvar med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond, fastsett med heimel i «lov av 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond» § 7. Fondet utgjorde 1 782,1 milliardar kroner pr. 31. desember 2006.
4.3.2 Resultatrekneskapen for 2006
Noregs Bank hadde i 2006 eit overskot etter kursreguleringar på 5,5 milliardar kroner, mot eit overskot på 21,3 milliardar kroner året før. Hovudårsaka til dette er styrking av den norske krona mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane. I alt utgjer dette eit kurstap i 2006 på 5,0 milliardar kroner, mot ein kursgevinst i 2005 på 8,1 milliardar kroner.
Avkastninga på dei internasjonale reservane utgjer 14,6 milliardar kroner i 2006, mot 28,2 milliardar kroner i 2005.
Netto driftskostnader for Noregs Bank var i 2006 på 605 millionar kroner, mot 691 millionar kroner i 2005.
4.3.2.1 Disponering av resultatet i 2006
Retningslinjene for avsetjing og disponering av Noregs Banks resultat blei fastsette i kgl.res. 7. februar 1986. Retningslinjene er endra fleire gonger, seinast ved kgl.res. 6. desember 2002, og har følgjande ordlyd:
«Av Norges Banks overskudd avsettes til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 5 prosent av bankens fordringer i norske verdipapirer og 40 prosent av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, andre fordringer på/forpliktelser overfor utlandet og eventuelt andre engasjementer som av hovedstyret vurderes å ha ikke ubetydelig kursrisiko.
Immuniseringsporteføljen svarer til den del av Norges Banks valutareserver som er skilt ut som egen portefølje der avkastning godskrives/belastes staten i samme års regnskap. Det samme gjelder for porteføljen til Statens petroleumsfond. Dersom kursreguleringsfondet er større enn det som følger av forholdstallene nevnt i pkt. 1, første avsnitt, skal det overskytende tilbakeføres til resultatregnskapet.
Dersom kursreguleringsfondet faller under 25 prosent av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, og andre fordringer/forpliktelser overfor utlandet ved utgangen av året, skal det tilbakeføres tilgjengelige midler fra overføringsfondet til Norges Banks regnskap inntil kursreguleringsfondet når full størrelse i henhold til punkt 1.
Eventuelt overskudd etter avsetning til, eller tilførsel fra kursreguleringsfondet, avsettes til overføringsfondet.
Eventuelle underskudd i Norges Banks regnskap etter disposisjoner nevnt under punkt 2 dekkes ved overføringer fra kursreguleringsfondet.
Fra overføringsfondet overføres ved hvert årsoppgjør til statskassen et beløp svarende til en tredjedel av innestående midler i overføringsfondet.»
Tabell 4.3 Noregs Banks resultatrekneskap for 2005 og 2006
Resultatrekneskap 2006 2005 Renteinntekter og utbytte 13 025 9 190 Verdiendring finansielle instrument 6 604 10 985 Kursreguleringar på valuta -4 985 8 051 Resultat internasjonale reservar 14 644 28 226 Utbytte aksjar i BIS 19 18 Resultat andre utanlandske finansielle instrument -4 187 -3 214 Resultat innanlandske finansielle instrument - 286 -147 Rentekostnader innanlandske innskot -4 083 -2 872 Resultat anna finansiell verksemd -8 537 -6 215 Sum resultat finansiell verksemd 6 107 22 011 Resultat plasseringar for Statens pensjonsfond – Utland 96 236 162 388 Tilført Statens pensjonsfond – Utlands innskotskonto -96 236 -162 388 Driftsinntekter 1 750 1 384 Driftskostnader -2 355 -2 075 Netto driftskostnader -605 -691 Årsresultat 5 502 21 320 Overført frå kursreguleringsfondet 0 0 Overført frå annan eigenkapital 37 72 Til disposisjon 5 539 21 392 Avsett til kursreguleringsfond -5 539 -21 392 Avsett til overføringsfond 0 0 Avsett til annan eigenkapital 0 0 Sum disponeringar -5 539 -21 392
I samsvar med første punkt blir overskotet etter andre disponeringar på 5 539 millionar kroner overført til kursreguleringsfondet. Dersom kursreguleringsfondet skulle ha spegla forholdstala i første punkt i forskrifta, skulle det ha utgjort 101,3 milliardar kroner. Det var ikkje midlar i overføringsfondet, og det blei derfor ikkje overført noko til statskassa.
Fotnotar
Taylor-regelen: Rente = inflasjonsmål + likevektsrealrente + 1,5*(inflasjon – mål) + 0,5*produksjonsgap.
Produksjonsgapet blir erstatta med differansen mellom faktisk vekst og trendvekst i økonomien (vekstgapet).
Regel med utanlandsk rente = 0,5*Taylorrente + 0,5*pengemarknadsrente hos Noregs handelspartnarar.