5 Verksemda til Kredittilsynet i 2006
Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.
Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærmare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.
Etter § 1 i kredittilsynslova har Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, under dette forretnings- og sparebankar, liv- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsføretak, forsikringsformidlarar, børsar og autoriserte marknadsplassar. Etter kredittilsynslova § 1 nr. 13, jf. verdipapirhandellova § 12-1, har Kredittilsynet ansvar for å føre tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og tilsyn med at reglane i verdipapirhandellova blir følgde. Det same gjeld kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 2-7, kontrollen med inkassoverksemd etter lov om inkassoverksemd § 24, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter lov om verdipapirfond § 8-2, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 15, tilsynet med revisorar og revisjonsselskap etter kredittilsynslova § 1 nr. 9, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 11 og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 7. Kredittilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter rekneskapsførarlova § 13. Kredittilsynet fører òg tilsyn med verksemder til filialar av kreditt- og andre finansinstitusjonar frå andre statar i dei høve slikt tilsyn ikkje blir ført av styresmaktene i heimlandet. Det blir dessutan ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.
Kredittilsynet skal etter lova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på ein formålstenleg og trygg måte i samsvar med lov og føresegner og med det formålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføre tilsynsoppgåvene, skal Kredittilsynet granske rekneskap og andre oppgåver frå institusjonane og elles gjere dei undersøkingane om deira stilling og verksemd som Kredittilsynet finn nødvendig, jf. kredittilsynslova § 3.
Kredittilsynet blir leidd av eit styre på fem medlemmer, oppnemnt av Kongen for ein periode på fire år, jf. kredittilsynslova § 2 andre ledd. Ein ny periode starta 1. mars 2006.
Styret i Kredittilsynet har i 2006 vore samansett slik:
Sivilingeniør Finn Hvistendahl, leiar
Advokat Endre Skjørestad, nestleiar
Tingrettsdommar Marianne Berg, styremedlem
Førsteamanuensis Hilde C. Bjørnland, styremedlem
Advokat Eli Aas, styremedlem
Førsteamanuensis Mette Bjørndal, første varamedlem
Avdelingsdirektør Lasse Ekeberg, andre varamedlem
Representantar for dei tilsette:
Seniorrådgivar Lisbeth Strand
Seniorrådgivar Angela Nygaard
Fagdirektør i Noregs Bank, Birger Vikøren, har vore observatør i styret. Fagdirektør Arild J. Lund har vore varamedlem.
Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga:
«Ved utgangen av 2006 var det 202 fast tilsette i Kredittilsynet, mot 196 ved utgangen av 2004. Av dei fast tilsette er det 51 prosent kvinner. Blant dei tilsette har 86 prosent høgare utdanning.
Mens Kredittilsynet hadde 24 medarbeidarar med god erfaring (normalt meir enn fem års arbeid) frå bransjane under tilsyn i 1995, var det fleire enn 50 ved utgangen av 2005.»
Dei samla utgiftene til Kredittilsynet i 2005 var i underkant av 172 millionar kroner, ein auke på 6,8 pst frå 2005. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige.
Sjå Kredittilsynet si årsmelding for nærmare omtale av administrative tilhøve o.a. i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld også Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn. Det er vidare gitt ein omtale av ei brukarundersøking blant verksemdene som er under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til meldinga. Samstundes med årsmeldinga for 2006 la Kredittilsynet fram ein eigen rapport om «Tilstanden i finansmarkedet».