St.meld. nr. 23 (2006-2007)

Kredittmeldinga 2006

Til innhaldsliste

1 Saker som er behandla av Finansdepartementet i 2006 etter finansieringsverksemdslova, forsikringsverksemdslova, banklovene og enkelte andre lover

Oversikta gir opplysningar om søkjar/klagar, vedtak, heimel, dato, saksnummer og om det er stilt vilkår. Oversikta er ikkje fullstendig. Det er mellom anna ikkje teke med vedtak om oppnemning til råd og verv, innsyn i dokument, fritak frå teieplikt o.a.

Forkortingar:

børsl. – lov 17. november 2000 nr. 80 om børsvirksomhet m.m. (børsverksemdslova)

fbl. – lov 24. mai 1961 nr. 2 om forretningsbanker

finl. – lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsverksemdslova)

forsvl. – lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet (forsikringsverksemdslova)

forsikringslova – lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv. (forsikringslova)

spbl. – lov 24. mai 1961 nr. 1 om sparebanker

vphl. – lov 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel

Fem løyve til å drive forsikringsverksemd og endring av vilkår

13.01.2006 – 05/2894

Storebrand Livsforsikring AS. Samtykke til endring av vilkår.

Heimel: Finl. § 2a-7 andre ledd første punktum, jf. kgl. res. 6. desember 1991 nr. 782.

18.01.2006 – 03/3538

Gard Marine & Energy Limited. Løyve til å endre depotbank.

Heimel: Forsvl. § 13-8 tredje ledd, jf. kgl. res. 25. august 1989 nr. 825, forsvl. § 12-4 og § 12-6.

29.09.2006 – 06/4451

Kommunal Landspensjonskasse. KLP Innskudds- og Foretakspensjon AS (seinare endra til KLP Pensjonsforsikring AS) fekk løyve til å drive forsikringsverksemd. KLP Gjensidige Forsikringsselskap fekk samstundes løyve til å eige 100 prosent av aksjane i KLP Innskudds- og Foretakspensjon AS. Løyve til endring av konsernstruktur. Samtykke til at KLP og KLP Innskudds- og Foretakspensjon AS har identisk kontrollkomité. Vilkår.

Heimel: Forsikringslova § 2-1, finl. §§ 2a-3 andre ledd, 2a-6 andre ledd fyrste punktum, jf. 3-5, 2a-11 fjerde ledd.

08.11.2006 – 06/4185

Nordenfjeldske Personforsikring AS. Løyve til å gjere om verksemda til livsforsikringsverksemd, og løyve til samanslåing med systerselskapet Danica Fondsforsikring AS. Vilkår.

Heimel: Forsikringslova §§ 2-1 og 3-6 og finl. § 2a-7.

20.12.2006 – 06/3655

Hammersborg Forsikring AS. OBOS fekk løyve til å etablere dotterselskapet Hammersborg Forsikring AS med Hammersborg Holding AS som morselskap i delkonsern. Hammersborg Forsikring AS. Løyve til å drive forsikringsverksemd. Vilkår.

Heimel: Forsikringslova § 2-1.

To løyve til å drive finansieringsverksemd og endring av vilkår

13.09.2006 – 04/1066

Samvirkelagenes garantifond A/L. Godkjenning av endringar i vedtekter.

Heimel: § 17 i vedtekta.

13.10.2006 – 01/2657

Landkreditt. Delvis medhald i søknad om endring av konsesjonsvilkår.

Heimel: Finl. § 2-3.

Fire vedtak i samband med finanskonsernreglane

16.01.2006 – 05/4392

DnB NOR ASA. Godkjenning til å erverve ca. 97,3 prosent av aksjane i Monchebank og til å endre konsernstruktur som følgje av dette. Vilkår.

Heimel: Finl. §§ 2a-3 fjerde ledd og 2a-7 andre ledd.

31.03.2006 – 06/637

Gjensidige Forsikring. Godkjenning til å erverve alle aksjar i Fair Financial Ireland Limited og til å endre konsernstruktur som følgje av dette. Vilkår.

Heimel: Finl. §§ 2a-3 fjerde ledd og 2a-7 andre ledd.

28.06.2006 – 06/2658

Gjensidige Forsikring. Godkjenning til å erverve alle aksjar i JSC Parex Insurance Company og til å endre konsernstruktur som følgje av dette. Vilkår.

Heimel: Finl. §§ 2a-3 fjerde ledd og 2a-7 andre ledd.

02.10.2006 – 06/2186

Gjensidige Forsikring. Løyve til å etablere forretningsbank og holdingselskap. Løyve til å gjere endringar i konsernstruktur. Vilkår.

Heimel: Finl. §§ 2a-3 fyrste ledd, 2a-6 andre ledd bokstav b, 2a-7 andre ledd.

To fusjonar mellom finansinstitusjonar

24.07.2006 – 06/2786

Ofoten Sparebank og Tjeldsund Sparebank. Løyve til å slutte seg saman, med Ofoten Sparebank som overtakande bank. Vilkår.

Heimel: Spbl. § 47 fyrste ledd, jf. § 5 og kgl. res. 22. september 1961.

01.11.2006 – 06/4188

Grong Sparebank og Verran Sparebank. Løyve til å slutte seg saman, med Grong Sparebank som overtakande bank.

Heimel: Spbl. § 47 fyrste ledd, jf. § 5 og kgl. res. 22. september 1961.

Tre vedtak om oppretting av filial og dotterselskap i utlandet

23.01.2006 – 05/4872

Imarex ASA. Løyve til å opprette dotterselskap i USA og til å drive verksemd i USA gjennom dotterselskapet. Vilkår.

Heimel: Børsl. § 2-5.

19.09.2006 – 06/3433

Santander Consumer Bank AS. Løyve til å opprette dotterselskap i Finland og til endring av konsernstrukturen som følgje av oppretting av dotterselskapet. Vilkår.

Heimel: Finl. § 2a-3 fjerde ledd og § 2a-7 andre ledd.

20.10.2006 – 06/3456

Oslo Pensjonsforsikring AS. Løyve til å opprette dotterselskap i Irland. Løyve til endring av konsernstrukturen som følgje av oppretting av dotterselskapet. Vilkår.

Heimel: Finl. § 2a-3 fjerde ledd og § 2a-7 andre ledd.

Fire vedtak om avvikling og overdraging av verksemd

14.03.2006 – 05/4559

Gjensidige NOR Kredittforsikring. Løyve til å av­vikle verksemda. Vilkår.

Heimel: Forsikringslova § 10-1 første ledd første punktum.

07.07.2006 – 06/3145

Dato for vedtak: 7. juli 2006

Sjøtrygdgruppen Gjensidig Skadeforsikringsselskap. Godkjenning av vedtak om oppløysing.

Heimel: Forsikringslova § 13-1.

15.12.2006 – 05/4746

Vesta Forsikring AS. Løyve til å avhende verksemd i Vesta Forsikring AS til norsk filial av det danske forsikringsselskapet Tryg Forsikring A/S. Tryg Forsikring A/S fekk løyve til å erverve 100 prosent av aksjane i Enter Forsikring AS. Endringane i organiseringa av konsernet blei godkjende. Vilkår.

Heimel: Forsikringslova § 3-6 andre ledd, finl. §§ 2-3 og 2a-7.

19.12.2006 – 06/2845

Fokus Bank ASA. Løyve til å overdra verksemda til Danske Bank A/S ved den norske filialen deira. Vilkår.

Heimel: Fbl. § 31 og finl. § 2-7 andre ledd.

Fem vedtak i samband med verdipapirhandel

29.08.2006 – 06/3051

VPS Clearing ASA. Løyve til å drive verksemd som oppgjerssentral for derivat og plikter i samband med lån av finansielle instrument, likevel unnateke derivat som har varer som underliggjande. Vilkår.

Heimel: Vphl. § 6-1 fyrste ledd.

29.08.2006 – 06/3059

International Maritime Exchange ASA. Løyve til å drive autorisert marknadsplass for varederivat med maritime fraktkontraktar som underliggjande. Vilkår.

Heimel: Børsl. § 2-1 fyste ledd.

29.08.2006 – 06/3059

Imarex NOS ASA. Løyve til å eige NOS Clearing ASA som heileigd dotterselskap.

Heimel: Vphl. § 6-1 sjuande ledd.

05.09.2006 – 06/3155

Pareto Securities ASA. Dispensasjon til å drive valutaverksemd når det skjer i samanheng med finansieringstenester.

Heimel: Finl. § 4a-1 tredje ledd.

20.12.2006 – 06/3424

Oslo Børs. Løyve til å drive verksemd som autorisert marknadsplass for finansielle instrument. Vilkår.

Heimel: Børsl. § 2-1.

Til forsida