1 Europarådet – ein felles innsats for menneskerettane, rettsstaten og demokratiet
Regjeringa ser samarbeidet i Europarådet som ein viktig del av europapolitikken. Samarbeidet er sentralt for å fremje demokratiet, menneskerettane og rettsstatsprinsippa i heile Europa, medrekna Russland og Kaukasus. Europarådet er på denne måten med på å leggje grunnlaget for fred og tryggleik i vår del av verda.
Regjeringa ser arbeidet i Europarådet i nær samanheng med innsatsen elles for å byggje opp stabile og opne demokrati og gjennomføre politiske reformer på Balkan og i SUS-området (Samveldet av uavhengige statar). Noreg har teke konkrete initiativ til å styrkje den evna Europarådet har til å hjelpe deltakarlanda med å gjennomføre naudsynte reformer.
Regjeringa ser det som svært viktig å samordne og koordinere norsk politikk og det bilaterale engasjementet elles med den multilaterale innsatsen. På norsk hald er ein særleg oppteken av å styrkje samarbeidet og skape synergi i tilhøvet mellom dei multilaterale organisasjonane som Europarådet, Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE), NATO og FN.
Europarådet har særleg kompetanse når det gjeld menneskerettar, demokratisering, lokaldemokrati og statsrettslege tilhøve og kan både gje råd og rettleie medlemslanda på desse områda. Regjeringa arbeider for at Europarådet skal få betre kompetanse på desse områda og ikkje spreie seg for breitt til andre område. Noreg har difor teke til orde for at samarbeidet med andre organisasjonar må styrkjast samtidig som Europarådet konsentrerer innsatsen sin om dei områda der organisasjonen har særskilte fortrinn.
Arbeidet med Europarådet femner vidt på norsk side. Utanriksdepartementet har ansvaret for dei overordna prioriteringane og koordineringa og samarbeider nært med dei departementa som deltek i det faglege samarbeidet i Strasbourg. Det er særleg viktig å sikre ei brei forståing for dei overordna prioriteringane for samarbeidet, særleg behovet for å styrkje Europarådet sitt kjernearbeid med menneskerettar og demokrati. Regjeringa søkjer vidare å styrkje kontakten med frivillige organisasjonar om relevante saker i europarådsarbeidet.
Under ministermøtet i Strasbourg i mai 2006 understreka utanriksministeren at oppfølging av handlingsplanen frå det tredje toppmøtet i Warszawa i 2005 må liggje til grunn for arbeidet i Europarådet framover. Frå norsk side vil hovudprioriteringa vere å betre den vanskelege situasjonen for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg. Det er urovekkjande at det ved utgangen av 2006 låg bortimot 90 000 saker til handsaming i domstolen, ein auke på 12 % frå året før. Utanriksministeren la vekt på behovet for at EMK protokoll 14 trer i kraft raskt, noko som vil opne for meir effektive prosedyrar i handteringa av innkomne klager og som ein reknar med vil føre til at domstolen kan handtere 25 % fleire klager per år. Det er svært beklageleg at protokollen framleis ikkje har tredd i kraft fordi Russland som einaste land enno ikkje har ratifisert han. Regjeringa meiner det er påkravd med reformer hos domstolen og vil vere aktive i å følgje opp ytterlegare tiltak for å betre arbeidsvilkåra for domstolen. Siktemålet må vere semje om reformer som kan gje ei varig løysing på dei utfordringane domstolen står overfor.
Utanriksministeren la vidare vekt på det ansvaret landa har for å gjennomføre forpliktingane i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Han tok til orde for at Noreg skal opprette eit fond (Trust Fund) for menneskerettar i Europarådet. Fondet skal brukast til å støtte reformarbeidet innan justissektoren i enkeltland. Europarådets utviklingsbank vil forvalte fondet, og ein tek sikte på å setje i verk dei første prosjekta ein gong i 2007. Etter at fondet er etablert, vil regjeringa arbeide for at dei andre medlemslanda sluttar seg til.
Russland prega i stor grad samarbeidet i Europarådet i 2006, då landet for første gong tok over formannskapen. Det russiske formannskapsprogrammet hadde som tema «eit sameint Europa utan skiljelinjer» og var prega av ønsket om at samarbeidet i Europarådet skal medverke til å modernisere dei nye demokratia. Russland åtvara spesielt mot å isolere Kviterussland og oppmoda til dialog både med styresmaktene og opposisjonen. Russland la vekt på den bindande karakteren samarbeidet har og at siktemålet må vere å utvikle eit felles rettsområde for heile Europa. Særleg prioriterte Russland arbeidet med menneskerettane, samarbeidet på det juridiske området, sosial utjamning med vekt på svake grupper, demokrati, godt styresett og interkulturell dialog. Det uttalte målet til Russland var å styrkje Europarådet si evne til å møte nye samfunnsutfordringar i ei tid med globalisering. Det er etter norsk syn positivt at Russland gjennom formannskapen stadfesta den vekta landet legg på samarbeidet i Europarådet.
Frå norsk side la vi stor vekt på å samarbeide godt med Russland i formannskapsperioden, mellom anna gjennom felles arrangement som ein konferanse for funksjonshemma i St. Petersburg i september 2006. Noreg bidrog òg til ein konstruktiv dialog mellom Russland og EU under forhandlingane om den nye samarbeidsavtalen mellom Europarådet og EU.
Den russiske formannskapen blei samtidig prega av det generelt vanskelegare tilhøvet mellom EU og Russland og dessutan av uro over den politiske utviklinga internt i Russland, og då særleg vilkåra for menneskerettane. Fleire enkeltsaker med høg profil blei tekne opp i Europarådet, mellom anna drapet på journalisten Anna Politkovskaja i oktober 2006. Det blei òg stilt krav frå fleire hald om at Russland må oppfylle forpliktingane sine overfor Europarådet og syte for ei stabil utvikling av demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.
Tilhøvet til EU er svært viktig for den vidare utviklinga til Europarådet. Den såkalla Juncker-rapporten, utarbeidd av den tidlegare statsministeren i Luxembourg, tilrår eit mykje tettare samarbeid mellom Europarådet og EU. Det er påkravd med eit tettare samarbeid for å sikre den vidare utviklinga i Europarådet, og Noreg har difor teke aktivt del i forhandlingane om den nye samarbeidsavtalen. Regjeringa har såleis arbeidd for tettare konsultasjonar mellom Europarådet og EU, medrekna ei etablering av faste samordningsmøte mellom Europarådet, EU-kommisjonen og medlemslanda. Regjeringa meiner at eit slikt samarbeid er viktig for at innsatsen for menneskerettane, rettsstaten og eit godt styresett i dei nye demokratia skal bli meir samordna. Det er dessutan venta at avtalen vil opne for tettare prosjektsamarbeid i dei nye demokratia.
Regjeringa legg òg stor vekt på å styrkje samordninga og koordineringa mellom Europarådet og andre internasjonale organisasjonar som FN og OSSE. På norsk side er vi tilfredse med at samarbeidet mellom Europarådet og OSSE har utvikla seg positivt sidan samarbeidsavtalen mellom dei to organisasjonane blei inngått etter norsk initiativ i 2004. Samarbeidet er i første rekkje knytt til å nedkjempe internasjonal terrorisme, menneskehandel, rasisme og framandfrykt, og dessutan til støtta til nasjonale minoritetar. Frå norsk side arbeider vi likevel for å utvide samarbeidet til fleire område, som arbeidet for toleranse og interkulturell dialog, og å betre samordninga i felt.
Noreg arbeider òg for å styrkje informasjonsutvekslinga og samarbeidet med FN, særleg med FNs organisasjon for utdanning og kultur (UNESCO) og FNs barnefond (UNICEF), mellom anna om kampanjen for barns rettar. Vi har òg arbeidd for å styrkje kontakten med det nye FN-menneskerettsrådet i Genève som heldt sin første sesjon i juni 2006.
Generalsekretæren i Europarådet, Terry Davis, har ved fleire høve vist vilje til å gripe inn i tilhøve som har med medlemslanda si etterleving av EMK å gjere. Særleg omtalte er dei undersøkingane generalsekretæren sette i verk i 2005 etter påstandar om at CIA hadde brukt europeiske land til transport og internering av fangar på veg til Guantánamo-basen på Cuba. Regjeringa svarte på førespurnaden med å slå fast at Noreg ikkje aksepterer at ufråvikelege menneskerettar og internasjonal humanitærrett blir krenkt på norsk territorium. Samtidig uttrykte Noreg sterk uro over rapportar om at det kan ha funne stad transport av ulovleg pågripne fangar via europeiske lufthamner, og om at det kunne finnast hemmelege interneringssenter på europeisk territorium. Regjeringa slo vidare fast at det ikkje er grunn til å tru at norsk territorium har vore nytta til slik aktivitet, og at kampen mot terror må førast i fullt samsvar med internasjonal humanitærrett og menneskerettane, at tortur ikkje under noko omstende kan rettferdiggjerast og at grunnleggjande rettstryggleiksprinsipp må respekterast fullt ut. Regjeringa stadfesta vidare at dei er villige til å halde fram dialogen med Europarådet om å gjennomføre føresegnene i menneskerettskonvensjonen på best mogeleg måte.
Generalsekretæren tok etter kartlegginga og dei etterfølgjande undersøkingane i regi av Europarådets parlamentarikarforsamling opp spørsmålet om Europarådet burde utvikle nye juridiske instrument for å styrkje kontrollen med dei hemmelege tenestene og med luftrommet. Noreg, saman med ei rekkje andre medlemsland, meiner at Europarådet her bør vere tilbakehaldne fordi det går ut over mandatet og den normale verksemda til Europarådet. Fleire land meiner òg at det ikkje er behov for nye standardar eller juridiske instrument.
Regjeringa er oppteken av å styrkje det arbeidet Europarådet driv for å motverke framandfrykt og spreie kunnskap om andre kulturar. Striden om Muhammed-karikaturane medverka til eit større fokus på dette arbeidet, som er eit av kjerneområda til Europarådet. Europarådet har allereie sett i verk ei rekkje konkrete tiltak på dette området, mellom anna innanfor utdanning, ungdomssamarbeid og interkulturell og interreligiøs dialog, og dessutan samarbeid med media og frivillige organisasjonar. Ei kvitbok som vil ta dette arbeidet vidare, er under utarbeiding. Noreg vil halde fram med å arbeide for å gjere Europarådet meir synleg og profilert på dette området. Etter regjeringa sitt syn er særleg arbeidet for å sikre inkludering og mangfald i utdanningssektoren og i ungdomsarbeidet eit fortrinn for Europarådet. Frå norsk side ser vi på om det lèt seg gjere å opprette eit Europarådssenter for demokratiutdanning og interkulturell dialog i Noreg.
Etter eit nordisk-baltisk initiativ stiller handlingsplanen frå Warszawa-toppmøtet krav om at Europarådet må effektivisere organisasjonen og arbeidsmetodane og skape større openheit. Samtidig er det avgjerande å sikre auka ressursar til domstolen. Dette tvingar fram ein gjennomgang av prioriteringane og arbeidsformene i organisasjonen. Regjeringa har den haldninga at reformene må vidareførast, og at vi må sjå på både strukturen og ei mogeleg utfasing av aktivitetar som ikkje bidreg til kjerneområda i Europarådet.
Regjeringa ser det som viktig å styrkje den regionale dimensjonen i samarbeidet i Europa og har støtta framlegget om å opprette eit Europarådssenter for regionalt samarbeid i St. Petersburg. Noreg har formannskapen i Kongressen for lokale og regionale styresmakter i 2006–2008, og regjeringa ser dette som eit godt høve til å medverke til å auke fokuset på at det er viktig med eit europeisk samarbeid på lokalt og regionalt nivå. Det planlagde byråmøtet for lokalkongressen i Tromsø i juli i år vil vere eit godt høve til å presentere regjeringa si nordområdesatsing og bidra med våre erfaringar frå dei regionale samarbeidsfora som er oppretta.
Europarådet har òg ei viktig rolle når det gjeld å skape merksemd om situasjonen for sårbare grupper. Her har Noreg medverka aktivt til europarådskampanjane, som den treårige kampanjen mot kvardagsvald, den treårige handlingsplanen for barns rettar, oppfølginga av Europakonvensjonen mot menneskehandel og det tiårige handlingsprogrammet for likestilling for funksjonshemma.
Som følgje av Noreg sitt langvarige engasjement i Midtausten er Noreg blitt oppmoda om å hjelpe Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgjeving (Venezia-kommisjonen) med å utvikle eit samarbeid med Unionen av arabiske konstitusjonsdomstolar. Noreg har ei positiv innstilling til eit slikt samarbeid og vil særleg arbeide for at programmet blir retta inn mot dei palestinske sjølvstyremaktene.
Noreg nyttar òg stillinga som leiar av arbeidsgruppa for menneskerettsforkjemparar ( Human Rights Defenders) aktivt til å auke merksemda om å betre vernet av menneskerettsforkjemparar. Europarådets menneskerettskommissær er sentral i dette arbeidet.