Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn

Til innhaldsliste

1 Forord

Digitalisering gir nye moglegheiter, også moglegheiter for å inkludere fleire i fellesskapet. Men viss vi ikkje legg til rette for at flest mogleg skal delta etter evne, risikerer vi å bidra til digital utanforskap.

Digitalisering er eit middel til å inkludere fleire i samfunnet, ikkje eit mål i seg sjølv. Vi har ansvar for å levere offentlege tenester til alle, også til dei som ikkje kan eller ønsker å bruke digitale verktøy og tenester.

For dei fleste av oss gjer teknologien kvardagen enklare. Det gir oss også tilgang på offentlege teneste frå vår eigen heim, same kvar vi bur i landet. Digitale løysingar vil også vere viktig i ei framtid der ein lågare del av befolkninga er i yrkesaktiv alder.

Digitale løysingar legg opp til stor grad av «sjølvbetening». Derfor er det viktig at både offentlege og private aktørar lagar digitale tenester som er enkle å bruke og forstå, slik at ein ikkje treng byråkratisk kompetanse eller spesialkompetanse for å ta dei i bruk. For nokon blir terskelen for høg. Då er det lett å falle utanfor.

Det er også store variasjonar i befolkninga. Det er eit mål at alle skal ha mest mogeleg lik tilgang til grunnleggjande digitale løysingar, og at alle som ønskjer det har kunnskap om korleis løysingane kan brukast.

Denne handlingsplanen gjeld frå 2023 til 2026. Målet med handlingsplanen er å motverke digital utanforskap og legge til rette for at alle blir inkludert i samfunnet.

Sigbjørn Gjelsvik kommunal- og distriktsminister