Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn

Til innhaldsliste

2 Innleiing

Alle innbyggjarar skal få likeverdige offentlege tenester, uavhengig av bakgrunn, språkkunnskapar, alder osv. Tilgang til likeverdige offentlege tenester handlar om å ha like sjansar til å delta og å bidra i samfunnet. I praksis handlar det om at alle offentlege styresmaktar på alle forvaltningsnivå må ta inn over seg, og tilpasse seg til, at befolkninga er mangfoldig med mange ulike ressursar og behov.

Handlingsplanen for auka inkludering i eit digitalt samfunn rettar seg primært mot dei gruppene som opplever digitale barrierar og digital utanforskap. Handlingsplanen skal sikre tiltak som bidreg til at dei som ønskjer å delta digitalt, lettare kan finne støtte og hjelp til å skaffe seg nødvendig digitale verktøy og ferdigheiter.

Ein forsterka innsats for å vareta flyktningars behov for digital kompetanseheving har vorte ytterlegare aktualiserte i samband med mottaket av fleire tusen flyktningar frå Ukraina.

Digital utanforskap har store konsekvensar for den enkelte, men også for samfunnet. Blir for mange ståande utanfor den digitale utviklinga, er det fare for at eksisterande skilje i samfunnet blir forsterka.1

Det vil alltid finnast nokre som ikkje kan, eller ikkje ønskjer, å bruke digitale løysingar eller kommunisere digitalt. Styresmaktene har ansvar for å legge til rette for gode offentlege tenester, både digitale og analoge. Dei som ikkje bruker digitale verktøy, skal ha eit alternativ, for eksempel via brev, telefon eller fysiske møte.

Noreg ligg langt framme i digitaliseringa. Dei aller fleste tenestene frå det offentlege og private går i hovudsak i digitale kanalar. Undersøkingar viser at dei fleste er i stand til å bruke dei digitale tenestene. Tal frå SSB2 viser at heile 93 prosent mellom 9 og 79 år brukte internett ein gjennomsnittsdag i 2022. Andelen blant dei eldste i aldersgruppa 67-79 år som bruker internett dagleg er 84 prosent og har aldri vore høgare. Tida denne aldersgruppa bruker dagleg på internett har auka frå 64 minutt i 2021 til 105 minutt i 2021.

For første gong inkluderer statistikken frå SSB dei som er over 80 år og cirka halvparten (48 prosent) i denne aldersgruppa seier at dei blir brukte internett dagleg. Sjølv om dei fleste i landet er digitale, er det nokon som framleis står utanfor.

Å sikre ei brei tilknyting til og deltaking i offentlegheita er ei viktig føresetnad for ytringsfridommen. Det same gjeld tiltak mot desinformasjon. Denne handlingsplanen bidrar derfor også til å følgje opp nokre av vurderingane og tilrådingane i Ytringsfridomskommisjonen si utgreiing (NOU 2022: 9), som vart overlevert til Kultur- og likestillingsministeren 15. august 2022. Til dømes vert tiltak som dreier seg om universell utforming og tiltak som fremjar kritisk medieforståing også tilrådd av Ytringsfridomskommisjonen i høvesvis kapittel 6 og 9 i utgreiinga.

2.1 Barrierar som hindrar digital deltaking

Digitale ferdigheiter og kompetanse er avgjerande for å kunne delta i arbeid, utdanning, samfunnsliv og sosiale samanhengar. Svært mange og stadig fleire i Noreg har god digital kompetanse og ferdigheiter. Samstundes viser funn frå SSB sin rapport Digital sårbarheit3 at det er tre grupper som skil seg med tanke på risiko for å falle utanfor digitalt. Godt integrerte innvandrarar har gjennomgåande låg risiko for digitalt utanforskap. Unge studentar og lite integrerte utanlandske kvinner har ein mykje høgare risiko for å ikkje få tilgang til offentlege tenester. SSB peikar på at det i hovudsak er fire forhold som påverkar grad av digital sårbarheit:

  • tilgangsbarrierar
  • digitale ferdigheiter
  • byråkratisk kompetanse
  • helse- og livssituasjon.

Rapporten IT i praksis for 20224 set søkelys på digital utanforskap. Det er særleg tre grupper som står i fare for å falle utanfor digitalt:

  • dei med høg alder
  • dei med låg inntekt
  • dei som står utanfor arbeidsstyrken

Ifølgje rapporten utgjer gruppa som vurderer at dei har dårleg eller svært dårleg digital kompetanse og ferdigheiter, rundt 10 prosent av befolkninga.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) gjennomførte i 2020 ei kartlegging av digitale kompetanse og deltaking i befolkninga.5 To grupper har svakare digitale ferdigheiter enn befolkninga elles:

  • personar som er 60 år og eldre
  • personar utanfor arbeid og utdanning (ikkje-sysselsette)

2.1.1 Innsikt i forvaltninga

SSB går ut frå at studentar har tilstrekkelege digitale ferdigheiter, men lågare innsikt i forvaltninga, manglande kunnskap om oppbygging og forvaltningsspråk Mangel på forvaltningskompetanse kan hindrebruk av digitale tenester. Dette er påpeika i fleire rapportar.6 Manglande byråkratisk kompetanse kan vere eit vel så stor hinder for digital deltaking enn svake digitale ferdigheiter.

2.1.2 Helserelaterte barrierar

Helse- og livssituasjon kan stå i vegen for digital deltaking. Det kan vere mellombelse eller varige funksjonsnedsetjingar, fysiske eller kognitive hinder og redusert meistringstru og sjølvtillit.

Helserelaterte fysiske hinder kan vere

  • utfordringar med å fokusere på skjerm
  • å vere ømfintleg for lys
  • skjelving eller smerter
  • redusert impulskontroll
  • andre svekte funksjonelle ferdigheiter

Kognitive hinder og reduserte funksjonelle ferdigheiter omfattar konsentrasjon, minne, problemløysing, avgjerdsevne, orienteringsevne og forhold som påverkar evna til å orientere seg i, respondere raskt nok på og fullføre digitale oppgåver.

Undersøking av helsekompetansen i befolkinga viser at digital helsekompetanse (evna til å søkje og finne digital helseinformasjon og evne til å ta i bruk digitale helsetenester) varierer med kjønn, alder, utdanningsnivå og langvarig sjukdom. Menneske med langvarig sjukdom har svakare ferdigheiter enn andre både når det gjeld dei generelle digitale ferdigheitene og når det gjeld å ta dei i bruk.7

2.1.3 Barrierar for unge

Bruken av digitale læremiddel aukar gjennomgåande i opplæring og utdanning. Teknologien bidreg til inkludering og gir nye moglegheiter til undervisningspersonell og elevar/studentar. Ei undersøking utført av Oslo Economics og Useit Consulting8 på oppdrag frå Bufdir, handlar om grunnskulen. Den teknologiske utviklinga går svært raskt. Dei siste åra har det vakse fram eit stort omfang digitale løysingar som i varierande grad er universelt utforma. Dette gjeld også digitale læremiddel. Når det gjeld status for elevar med funksjonsnedsetjingar, er inntrykket at digitale læremiddel vert opplevde som lite universelt utforma per i dag, sjølv om det er variasjonar leverandørane i mellom. Utviklinga synest å gå i rett retning. Manglande digital inkludering kan likevel ha store konsekvensar både for den enkelte og samfunnet samla sett. I særleg grad gjeld dette for barn som vert stengde ute allereie i grunnskulen.

Barn og unge 12-16 år

Ungdom har rett til å nytte helsetenester både sjølvstendig og i samspel med foreldra sine. Dei har god digital kompetanse, men kan førebels ikkje nytte dei personlege tenestene som er etablert på helsenorge.no. For å logge inn på helsenorge.no er det krav om eID på høgt tryggleiksnivå. For å få eID på høgt tryggleiksnivå er det krav om godkjenning frå foreldre for barn under 18 år. Dei fleste som tilbyr dette nivået har også aldersgrense 13 år. Helsetenesta treng å kommunisere meir direkte med ungdom, ikkje berre via foreldre slik tenestene er bygd opp i dag. Dette gjeld også i tilfelle der behandlarar har behov for å kommunisere direkte med barn utan at foreldre veit om det.

Norsk helsenett SF ser på moglegheiten for at ungdom mellom 12-16 år skal få tilgang til digitale helsetenester. Ungdom skal enkelt kunne finne fram og vere i kontakt med helsetenesta, gjennom digitale tenester dei har tillit til. Ungdom skal kunne følgje opp si eiga helse og ta aktiv del i eigne forløp.

I Redd Barnas rapport Har alle ungdom moglegheit til å delta digitalt?9 blir det identifisert sju barrierar som kan stå i vegen for at ungdom mellom 13 og 18 år skal kunne delta på lik linje med jamaldra som er digitalt aktive:

  • dårleg tilgang til nett
  • dårleg IKT-utstyr
  • digitale tenester som ikkje er tilgjengelege
  • mobbing og hatprat på nett
  • manglande foreldrestøtte
  • negativ sosial kontroll
  • levekår og buforhold.

Vi må jobbe målretta for å sikre gode moglegheiter for digital deltaking for alle, også for barn og ungdom.

Fosterforeldre

Fosterforeldre tek hand om omsorga for barn i fosterheim på vegne av barnevernstenesta. Dette inkluderer å sørgje for at barnet får nødvendig helsehjelp, men per i dag har ikkje fosterforeldre tilgang til opplysingar om barnet på den digitale innbyggjarportalen helsenorge.no. Tilgang til slike opplysingar er i dag knytt til foreldreansvar og barnet si bustadsadresse. Konsekvensen er at generelle helsetenester som tilgang til prøvesvar, bestille legetime, frikort og fornying av resept er utilgjengeleg for fosterforeldra. Barne- og familiedepartementet har gitt oppdrag til Bufdir om å utgreie alternative tilgangsløysingar for fosterforeldre til helseopplysingar for barn dei har omsorgsansvar for på helsenorge.no. Skatteetaten, Direktoratet for e-helse, Norsk helsenett SF og Helsedirektoratet bidreg inn i arbeidet.

2.1.4 Låg tillit, språklege-, sosiale- og kulturelle barrierar

Det er ulike barrierar knytt til tillit til teknologi, internett og samfunnet. I rapporten Digital ekskludering i NAV10 blir det vist til at brukarar har låg tillit til samfunnet, internett og/eller dei digitale tenestene, eller at dei har ulike former for bekymringar og skepsis til bruk av digitale tenester. Dette fordi personar kan vere redde forteknologi eller for eigen bruk av digitale tenester. Det kan vere usikkerheit om kva som skjer med personleg informasjon. Låg tillit kan også komme av negative erfaringar med offentlege tenester. Innvandrarar frå land der tilliten til sentrale og lokale styresmakter er låg kan vere meir skeptiske enn dei som er fødde og oppvaksne i Noreg, eller har budd i Noreg i lang tid. Innvandrarar kan og komme frå land der det er lite eller ingen digital opplæring. Innbyggarar i alle aldrar kan ha lite erfaring og kunnskap om korleis lokale og sentrale styresmakter fungerer.

SINTEF sin rapport peikar også på at språklege og kulturelle barrierar kan gjere det vanskeleg å bruke og forstå digitale løysingar. Dette handlar om utfordringar med terminologi eller mangelfulle lese og skriveferdigheiter. Sosiale forhold som familieforhold, økonomi og busituasjon kan også gjere det vanskeleg å ta i bruk digitale tenester.

Ei utfordring er at mange av dei digitale verktøya som brukast, ikkje er tilrettelagde for samisk språk. Sameloven § 1–5 slår fast at samisk og norsk er likeverdige språk. I forvaltningsområdet for samisk språk er samisk og norsk likestilte språk i samsvar med føresegnene i samelova kapittel 3.

For å sikra målet til regjeringa om éin digital offentleg sektor er det viktig at offentlege system snakkar med kvarandre. Offentleg sektor går gjennom ei utvikling der stadig fleire system blir integrerte med kvarandre. Mange integrerte system kompliserer overgangen til nytt felles teiknsett som inkluderar teikna ein bruker på samisk, og det blir ofte argumentert med at ein må nytta eit eldre avgrensa teiknsett fordi det er det dei samhandlande systema nyttar. Det er derfor viktig å leggja om til felles teiknsett så raskt som mogleg.

I rapporten «Utanforskap i Forbrukarmarknadene»11 frå Forbrukerrådet svarte 43 prosent at dei jamleg må hjelpe familie eller nær omgangskrins med å bestille varer eller tenester.

Helsetenester, offentlege velferdstenester og transporttenester blir opplevd som meir vanskeleg tilgjengeleg for forbrukarar enn andre delmarknader. I tillegg til manglande digital kompetanse som hovudårsak, peiker Forbrukerrådet på andre barrierar som til dømes manglande tilgang til nett, utfordringar med kvitvaskingsregelverket og krav til identifisering for å få bankID. Funn frå undersøkinga visar at det er dei yngre (16-34 år) som i størst grad gjev opp å ha problem med å bestille eller betale for varer og tenester, men årsakene til dette er ikkje undersøkt nærare. Rapporten viser òg at ein stor andel av dei som ikkje bruker digitale verktøy grunngjev valet med ønske om å ikkje bli spora. Dei høgaste andelene slike svar kjem frå dei som opplyser at dei ikkje bruker bankID (22 prosent), smarttelefon og appar (19) og Vipps (17).

Rapporten peiker også på at mangel på interesse og digital kompetanse og ei frykt for å gjere feil er dei viktigaste grunnane forbrukarane gjev opp til at dei ikkje nyttar dei digitale instrumenta for å bestille eller betale. Mange svarer også at dei føretrekkjer å betale med kontantar, og at dei ikkje ønskjer å bli spora.

2.1.5 Kriminalomsorg

Vellykka tilbakeføring til samfunnet etter enda straffegjennomføring kan betre blir sikra ved å auka domfeltes digitale ferdigheiter. Etter lengre opphald i fengsel, eller ved straffegjennomføring i samfunnet med restriksjonar, er det risiko for at domfelte kan sakka akterut i møte med eit meir digitalisert samfunn og bruk av offentlege tenester. Samtidig er fleire av aktivitetstilboda og velferdstenestene som innsette og domfelte har krav på, basert på digitale løysingar. Døme er auka digitalisering i grunnopplæringa og høgare utdanning og dessutan sjølvbeteningsløysingar frå NAV og helsesektoren. Særleg for innsette i fengsel står krav om auka «obligatorisk» bruk av digitale velferdstenester ofte i kontrast til omsynet til tryggingsmessige vurderingar og i avgrensingar domfelte har i å bruka internett. Denne målkonflikten, som Riksrevisjonen, i undersøkinga si om helse-, opplærings- og velferdstenester til innsette, hausten 2022, også peikar på, har vore kjent over tid, men er komplisert å løysa.

2.2 Korleis møte ikkje-digitale innbyggarar

Teknologisk utvikling og digitalisering pregar stadig samfunnet vårt og stiller krav til digital kompetanse og deltaking. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (tidlegare Kompetanse Noreg) gjennomførte på oppdrag for departementet ei befolkningsundersøking om digital kompetanse og deltaking i 2020.12

Undersøkinga viste at tre prosent av befolkninga (ca. 130 000) i alder 16 år og oppover bruker ikkje internett eller digitale verktøy (smarttelefon, datamaskin og nettbrett), medan elleve prosent har svake grunnleggjande digitale ferdigheiter (ca. 470 000). Så godt som alle dei som ikkje bruker nokon digitale verktøy er seniorar.

Eit stadig meir digitalisert samfunn inneber ei felles forplikting frå både offentleg, privat og frivillig sektor til å hjelpe dei innbyggarane som av ein eller annan grunn har problem med å nytte seg av det digitale tilbodet, eller som ikkje kan eller ønsker å bruke digitale verktøy og tenester. Til dømes er folkebiblioteka viktige arenaer der innbyggjarar med lav digital kompetanse kan få rettleiing og opplæring innan grunnleggjande digitale ferdigheiter.

Handlingsplanen skal bidra til auka digital inkludering og deltaking for dei som har lyst og ønsker dette. Handlingsplanen skal òg vareta behovet til dei ikkje-digitale innbyggarane slik at dei kan utøve rettane og pliktene sine i samfunnet, for eksempel å delta i det offentlege ordskiftet. Ikkje-digitale innbyggarar skal på same måte som andre kunne få kunnskap om plikter og rettar knytt til blant anna folkestyre, val, personvern og rettstryggleik.

For at alle innbyggarane skal få utbytte av tenester frå offentlege og private tilbydarar, må det finnast alternative analoge løysingar, som telefon, brev og liknande, for dei som ikkje bruker digitale verktøy. Tenesteleverandørane må òg gi god rettleiing i bruk av dei digitale løysingane, slik at dei varetar behova og interessene til innbyggarane. Det må vere aksept og forståing for at ikkje alle er digitale brukarar.

Fleire av dei tverrgåande tiltaka i handlingsplanen skal bidra til å vareta interessene og behova til innbyggarar som ikkje bruker digitale verktøy eller har svake digitale ferdigheiter.

2.3 Noverande innsats

2.3.1 Tilskotsordningar

Departementet har sidan 1999 bidrege med årleg driftsstøtte til Seniornett Norge, slik at dei kan drive opplæring av eldre over 65 år som manglar grunnleggande digitale ferdigheiter, via fleire enn 200 lokalforeiningar over heile landet.

Departementet har sidan 2012 kunngjort tilskot til ulike tiltak knytt til digital kompetanse i befolkninga. Dei siste åra har tilskota vore innretta mot kommunane, med sikte på å bidra til etablering av lokale lågterskel hjelpetilbod. Meir enn 100 kommunar har mottatt støtte for å etablere eit Digihjelpen-tilbod som tilbyr rettleiing innan grunnleggande digitale ferdigheiter.

I 2014 innretta departementet fleire tiltak og aktivitetar for innbyggarar med låg eller manglande digital kompetanse mellom anna i samarbeid med Seniornett, HK-dir og KS.

På oppdrag frå KDD driftar og vidareutviklar HK-dir ulike opplæringsressursar som kan brukast kostnadsfritt av alle som tilbyr kurs og opplæring innan grunnleggande digitale ferdigheiter. I mars 2022 inngjekk KDD og KS ein ny samarbeidsavtale om etablering av kommunale hjelpetilbod for å auke den digitale kompetansen til innbyggarane. Avtalen varer ut 2025. Departementet forvaltar ei tilskotsordning som skal bidra til auka digital deltaking og kompetanse i befolkninga. Tilskotet vart auka frå 2 til 8 mill. kroner i 2022.

Det har vist seg at digital informasjon verkar fragmentert for flyktningar til Noreg og at det er vanskeleg å orientera seg. Behovet blir støtta opp under av innsiktarbeid og forsking (NiBR 2022). Ei arbeidsgruppe har foreslått korleis informasjon til flyktningane kan presenterast heilskapleg, på tvers av mange verksemder og sektorar. Forslaget er inspirert av informasjonsarbeid i andre europeiske land. Arbeidsgruppa har vorte leidd av NAV.

2.3.2 Universell utforming av IKT

Noreg var svært tidleg ute med å stille krav om at ikt-løysingar i privat og offentleg sektor skal vere universelt utforma. EU følgde etter i 2018 med tilsvarande regelverk, men då avgrensa til offentleg sektor. Formålet er å fremme likeverdig samfunnsdeltaking, bygge ned og hindre nye digitale barrierar og hindre diskriminering

Sidan 2014 er regelverket i Noreg handheva gjennom tilsyn med etterleving i privat og offentleg sektor, pålegg og annan reaksjonsbruk ved brot på regelverket og rettleiing til verksemdene som skal etterleve regelverket. I tilsynsrolla inngår også områdeovervaking i form av analyse og kartleggingar for å auke kunnskapen om status for etterleving og konsekvensar i form av digitalt utanforskap ved manglande universell utforming.

Frå 1.februar 2023 er regelverket utvida for offentleg sektor med fleire krav til universell utforming av nettstader, appar og dokument. I tillegg skal alle verksemder i offentleg sektor årleg publisere oppdaterte tilgjengelegheitserklæringar som viser i kva grad nettløysingane deira er universelt utforma, der brukarane av digitale løysingar også kan melde frå om tilgjengelegheitsutfordringar. Digitaliseringsdirektoratet utvikla i 2022 ei sentral løysing for tilgjengelegheitserklæringane som er obligatorisk for verksemdene i offentleg sektor å bruke.

Det er lang veg å gå for å sikre universell utforming av digitale løysingar som nettsider, appar og sjølvbeteningsautomatar. Uu-tilsynet har avdekka brot på regelverket om universell utforming i 49 av 51 tilsyn og i 43 av 46 uttalesaker om diskriminering på ikt-området. Regelverksbrota famnar breitt. Digitale løysingar som ikkje kan brukast saman med hjelpemiddelteknologi, mangelfulle tekstalternativ til medieinnhald og illustrasjonar, vanskar med tastaturnavigasjon, mangelfulle instruksjonar i søknadsskjema, svak kontrast mellom tekst og bakgrunn med meir, gjer det vanskeleg eller umogleg å bruke digitale løysingar for personar med nedsett funksjonsevne. Det gir også dårlegare brukskvalitet for alle brukarar.

2.3.3 Elektronisk kommunikasjon

Tilgang til sikre og robuste nett og tenester og fungerande konkurranse er blant dei sentrale målsetjingane i arbeidet med digital inkludering, men har også vore målsetjingar på området for elektronisk kommunikasjon lenge, jf. seinast Meld. St. 28 (2020–2021) – Vår felles digitale grunnmur. På sikkerheitsområdet blir det vist særleg til rapporten Robuste transmisjonsnett for Noreg mot 2030, medan det på konkurranseområdet blir vist til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheits (Nkom) lovpålagde oppgåver med å analysere og regulere marknader for elektronisk kommunikasjon i tråd med lovgiving basert på felles rammeverk for EØS-området. Tiltaka på desse områda er ikkje med i denne handlingsplanen, med unntak av enkelte nye tiltak som har vorte foreslått under arbeidet med denne handlingsplanen.

Det er ei utfordring for flyktningar å få tilgang til digitale tenester så lenge dei ikkje har eID på høgt nivå. D-nummer (mellombels identitetsnummer) er ikkje tilstrekkeleg for å få utskrive eID. Då er det også utfordrande å få BankID. Alle aktørar som gir tenester til flyktningar må bidra til at flyktningane får eID, mellom anna gjennom informasjonsarbeid.

2.3.4 Ny nasjonal strategi for eID

KDD jobbar med å utarbeide ein ny nasjonal strategi for eID i offentleg sektor. Målet med strategien er at flest mogleg skal kunne skaffe seg ein eID som kan brukast for dei tenestene dei har behov for, og at dei som ikkje sjølv kan opptre digitalt, må kunne la seg representere av andre – også i ei digital verd.

Mangel på brukarvennlege fullmaktsløysingar gjer at pårørande eller verjer opplever store utfordringar med bruk av eID på vegne av andre – med manglande tilgang til digitale tenester frå det offentlege som resultat.

2.3.5 Kriminalomsorga

Kriminalomsorga, i samarbeid med andre forvaltningssamarbeidspartnarar, jobbar med fleire tiltak for å møta utfordringane for personar under deira ansvarsområde:

  • Digital skule – det blir jobba med pilotering av moderne, digital plattform for skule som varetek tryggingsomsynet.
  • Nasjonal utrulling av digitale sjølvbeteningsløysingar for innsette.
  • Kartlegging av moglegheitsrom for auka digital samhandling med forvaltningssamarbeidspartnarar.

Sjølv om det arbeids med fleire tiltak, er det behov for å vidareutvikla heilskaplege løysingar som kan integrerast mellom velferdsetatane, for å sikra domfelte og innsette dei digitale tenestene dei har krav på.

2.3.6 Andre strategiar og planverk

Ein oversikt over dei mest sentrale strategiane, planverk og aktørar som omhandlar digital kompetanseheving gjennom ulike livsfasar vart publisert i samband med utarbeidinga av strategien Digital hele livet hausten 2021. Denne oversikten er oppdatert i forbindelse med handlingsplanen og gjort tilgjengeleg på KDDs nettside der kor handlingsplanen blir publisert.