Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn

Til innhaldsliste

3 Tiltak til handlingsplanen for perioden 2023–2026

Hovudmålet med handlingsplanen er å motverke digital utanforskap, spesielt blant personar med manglande eller mangelfulle digitale ferdigheiter. Først blir tverrgåande tiltak presenterte. Deretter kjem tiltaka under kvart av dei fem innsatsområda frå strategien:

  • Den digitale grunnmuren
  • Tilgjengeleg IKT-utstyr
  • Grunnleggjande digitale ferdigheiter
  • Brukarvennlege digitale tenester
  • Digital dømmekraft

Innsatsen er retta mot dei som opplever dei største barrierane for digital deltaking.

3.1 Tverrgåande tiltak

Tiltak

1

Etablere eit samarbeidsforum for digital inkludering

  • Etablere eit samarbeidsforum for offentlege, frivillige organisasjonar og næringslivet for å koordinere ein felles innsats retta mot hovudutfordringane i handlingsplanen. Deltakarar skal vere på operativt nivå.
  • Samarbeidsforumet skal også jobba for å leggja til rette for tenester for ikkje-digitale brukarar.
  • Mandat og organisering av samarbeidsforumet skal utarbeidast, inkludert eventuell sekretariatsfunksjon.
  • Første forum blir gjennomført i 2023, ansvar KDD

2

Styrke IT-støtte og brukarstøtte – «IT-fiksere»

  • Utgreie etablering av ei ordning for at brukarar som kan ha behov for grunnleggande IT-støtte får tilbod om enkel IT-støtte og hjelp med installasjon av appar, digitale tenester og sosiale medium. Som ein del av utgreiinga, skal ei prøveordning settast i verk i utvalde kommunar. Ordninga skal ikkje omfatte installasjon og brukarstøtte som leverandørar tilbyr. Ordninga må vareta informasjonssikkerheit og personvern. Dei som tilbyr brukarstøtte må ha nødvendig opplæring. Utgreiing blir sett i gang i 2023 med moglegheit for pilotar frå 2024. Ansvar: KDD.
  • Initiere bransjesamarbeid (evt. med involvering av frivillige organisasjonar eller kommune) for å sikre tilbod om god støtte til etablering/setje opp utstyr. Blir sett i gang i 2023, ansvar KDD.

3

Greie ut og styrke koordinering av den nasjonale innsatsen

  • Evaluere noverande innsats for auka digital deltaking og kompetanse i befolkninga, inkludert aktuelle tilskotsordningar (jf. Kartlegging av støtte- og tilskuddsordninger for digital kompetanse og deltakelse) og mottakarar av finansiering og driftsstøtte. Evalueringa skal inkludere forslag til justeringar og endringar for å styrke den samla innsatsen på området, inkludert roller og ansvar og kva tiltak har størst effekt.
  • Innsatsen skal også vareta behov til ikkje-digitale brukarar.
  • Vurdere innretning, omfang og effekt av KDD si tilskotsordning for å gjennomføre tiltak i handlingsplanen.
  • Utgreie om éin offentleg instans skal ha overordna ansvar for å koordinere den nasjonale innsatsen for auka grunnleggande digital kompetanse i heile befolkninga.
  • Blir sett i gang i 2023, ansvar KDD

4

Nasjonal hjelpetelefon for eldre

  • Telefonteneste for eldre over 65 år som treng bistand til enkle tips og rettleiing i bruk av offentlege digitale tenester.
  • Vurdering av oppstart av ein pilot vil bli gjort i samarbeid med fleire departement i 2024, ansvar KDD

5

Synleggjere behov for tilbod og tenester for ikkje-digitale brukarar

  • Sørge for at offentleg sektor tilbyr rettleiing i bruk av digitale løysingar til brukarar med ingen eller svake digitale ferdigheiter. Offentleg sektor har eit ansvar for å levera offentlege tenester til alle, også til dei som ikkje er digitale.
  • Synleggjere Kontakt- og reservasjonsregisteret der innbyggjarar på ein enkel måte kan gi beskjed om at dei ønskjer å få vedtak og viktige brev frå stat og kommune på papir.
  • Oppmode til vidareutvikling av fleire bransjenormer for å vareta ikkje-digitale brukarar, som til dømes Bransjenorm finansiell inkludering.
  • Ansvar: KDD i samarbeid med relevante departement, KS og næringslivet.

3.2 Den digitale grunnmuren (infrastruktur og nettilgang)

Tilgang til gode, rimelege og framtidsretta mobil- og breibandstenester i heile landet er ein av føresetnadene for at alle innbyggarar skal kunne delta aktivt i eit digitalisert samfunn. Ein velfungerande infrastruktur for eID er ein av grunnpilarane for at offentlege tenester kan digitaliserast, og at alle har høve til å samhandle digitalt med offentleg sektor.

Tiltak

6

Sørge for at alle husstandar og verksemder i Noreg skal ha tilbod om raskt breiband med 100 Mbit/s innan utgangen av 2025

  • Vidareføre den statlege støtteordninga for breiband.
  • Legge til rette for at alle innbyggere har internettilgang som gir mulighet til å bruke offentlige og private digitale tjenester
  • Sikre at barn og ungdom under offentleg omsorg har god tilgang på breiband og IT utstyr.
  • Ansvar: KDD i samarbeid med relevante departement

7

Forbetre infrastruktur og tilgang

  • Evaluere effekten av rettleiaren til offentlege aktørar for å effektivisere prosessane for utbygging av mobilnetta og vurdere behov for justeringar.
  • Kartlegge årsaker til at husstandar som har tilgang til fiber, ikkje er tilkopla.
  • Kartlegge om det er behov for meir målretta eller spesifikke ordningar for å sikre telefoni og breibandstilknyting med tilstrekkeleg god hastigheit til grupper som ikkje har økonomiske moglegheiter til å prioritere dette.
  • Ansvar: KDD i samarbeid med AID

8

Etablere forbrukarportal som eitverkemiddel for å hjelpe forbrukarane i å ta informerte val og med det styrke konkurransen

  • Etablere ein eller fleire forbrukarportalar for breiband, med moglegheiter for samanlikning av prisar for ulike breibandstilbod.
  • Ansvar: KDD og underliggjande etatar

9

Sikre og stabile løysingareID-området

  • Vidareføre og styrke pågåande modernisering av løysingane innanfor eID-området for å sørge for sikker og stabil drift, større innovasjonspotensiale, brukskvalitet og bidrag til å realisere digitale tenester.
  • Ansvar: KDD

10

Sikre eIDtilstrekkelegsikkerheitsnivå til alle relevante brukargrupper

  • Samarbeide med næringslivet og marknadsaktørane på eID-området for å inkludere fleire innbyggarar i digitale tenestetilbod, inkludert nykomne flyktningar og innvandrarar. Marknadsaktørane på eID-området er særleg viktige for å sikre utbreiing av eID på nivå høgt til brukargrupper som i dag ikkje har dette.
  • Samarbeide med KS om rettleiing for å auke befolkninga sin kompetanse om bruk av eID, med vekt på personvern og informasjonssikkerheit.
  • Tiltaka vert følgde opp i handlingsplan for Strategi for eID i offentleg sektor.
  • Ansvar: KDD

3.3 Tilgjengeleg IKT-utstyr

Trass i generelt god tilgang til IKT-utstyr i Noreg, er det fleire eldre, og barnefamiliar med låge inntekter, som verken har tilgang til, eller råd til å kjøpe det utstyret som ein treng for å kunne delta digitalt. Det krevst nokre generelle tekniske ferdigheiter og forståing for å kunne kjøpe inn og ta i bruk ulikt IKT-utstyr, som for eksempel å sete opp ruter, kople seg til nett, bruke PC og abonnere på ei nettavis.

Tiltak

11

Etablere fleireordningar for ombruk av IKT-utstyr

  • Tenester for gjenbruk av IKT-utstyr bør bli tilgjengeleg fleire stader. Dette inneber mottak av brukt IKT utstyr, som blir sortert, reingjort, reparert og klargjort for sal i tråd med regelverket. OK:data er eit døme på ei slik teneste
  • Vurdere moglegheiter for å inkludere ombruk av IT-utstyr som er universelt forma ut og spesialtilpassa for brukargrupper med nedsett funksjonsevne.
  • Auke kjennskap til eksisterande ombruksordningar i marknaden.
  • Vurdere ordningar for utlån av IKT-utstyr som inkluderer barn og unge.
  • Ansvar: KDD i samarbeid med relevante departement

3.4 Grunnleggjande digitale ferdigheiter

For å ta i bruk internett og IKT-utstyr, og kunne nytte seg av digitale offentlege og private tenester må ein ha grunnleggande digital kompetanse.

Tiltak

12

Styrke innsatsen mot opplæring av eldre som gjerest av organisasjonar

  • Auke innsatsen retta mot opplæring i grunnleggande digitale ferdigheiter retta mot eldre over 65 år.
  • Rette innsatsen mot regionar som har ikkje har etablert opplæringstilbod.
  • Ansvar: KDD

13

Etablere fleire kommunale opplæringslærings- og rettleiingstilbodinnan digital kompetanse

  • Arbeide for at flest mogleg av kommunane har eit rettleiingstilbod til innbyggarane innan utgangen av 2025.
  • Ein ny samarbeidsavtale mellom KDD og KS om etablering av kommunale hjelpetilbod for å auke den digitale kompetansen til innbyggarane. Avtalen gjeld frå 2022 t.o.m. 2025.
  • Materiell som blir utvikla i samband med kommunale rettleiingstilbod, skal gjerast tilgjengeleg gratis.
  • Ansvar: KDD i samarbeid med KS

14

Nasjonale retningslinjer for kvalitetssikring av hjelpetilbod i kommunen

  • Implementere tilrådingar og retningslinjer som gjer det enklare for kommunar å etablere eit kommunalt opplærings- og rettleiingstilbod i grunnleggande digitale ferdigheiter til innbyggarane.
  • Blir fullført i 2023, ansvar KDD

15

Auke kjennskapen til Digidel-tenesta

  • Auke kjennskapen til opplæringsressursar via HK-dir si Digidel-teneste blant offentlege instansar.
  • Forenkle moglegheitene for næringslivsaktørar til å dele opplæringsressursar via HK-dir si Digidel-teneste, mellom anna gjennom auka kjennskap til tenesta.
  • Oppdatere opplæringsressursar på Digidel.no til å inkludere fleire språk (mest nytta).
  • Ansvar: KDD

16

Arbeide for at leverandørar av digitale tenester har kundeservice som er tilgjengeleg for alle, spesielt dei som har vanskar med å bruke digitale løysingar

  • Arbeid for at tilbydarar av mobil og breiband har ein kundeservice som er tilgjengeleg for alle, spesielt sårbare brukarar.
  • Vurdere å stille krav om at kundeservice må vere mogleg å nå på andre måtar enn chat, krav til språk, opningstid, svartid osb. Alternativt offentleggjere statistikk for ulike kvalitetsparametrar på kundeservice.
  • Vidareføre tilbod om hjelp og rettleiing på telefon, e-post og chat til innbyggarar som har behov for bistand til innlogging i digitale fellesløysingar som ID-porten og Altinn. Det vert også ytt bistand til dei som ikkje kan få eller bruke eID.
  • Ansvar: KDD i samarbeid med relevante departement

17

Betre digitale ferdigheiter i bruk av velferdsteknologi i helse- og omsorgstenestene

  • Styrke digitale ferdigheiter i bruk av teknologi i helse- og omsorgstenestene, særleg for eldre, barne- og unge og menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Ansvar: HOD i samarbeid med KDD

18

Styrke utviklinga av digital kompetanse for barn og unge

  • Arbeide for at elevar utviklar digital kompetanse i tråd med læreplanverket og for at den digitale praksisen til barnehagen bidreg til leiken, kreativiteten og læringa til barna i tråd med rammeplan for barnehagen.
  • Ansvar: KD

3.5 Brukarvennlege digitale tenester

For at alle innbyggarane, inkludert menneske med nedsettfunksjonsevne, skal kunne ta i bruk digitale tenester frå det offentlege og privat sektor, må dei digitale løysingane vere universelt utforma og bruke klart språk utan for mykje framandord og fagterminologi. Brukarvennleg utforming av dei digitale brukargrensesnitta er viktig for å sikre at innbyggarane kan ivareta rettane sine og utøve plikter i samfunnet. Digitalisering av tenester bør innebere forenkling, slik at dei kan forståast og takast i bruk utan byråkratisk kompetanse eller spesialkompetanse.

Tiltak

19

Styrke tilsyn og kontroll av etterleving av regelverket for universell utforming av ikt

  • Auke talet på kontrollar og risikobaserte tilsyn i privat og offentleg sektor. Prioriterte område er dei med stor sannsynlegheit for brot på regelverket og der regelverksbrot får store konsekvensar for brukarane
  • I 2023 skal det førast tilsyn med digitale løysingar som vert brukte av barn og unge under utdanning.
  • I 2024 startar arbeidet med årlege kontrollar av etterleving av regelverket for uu av ikt, med særleg vekt på nye krav som følgje av EU-direktiv 2016/2102.
  • Ansvar: KDD

20

Styrke rettleiing om regelverket og beste praksis for universell utforming av ikt

  • Gi informasjon og rettleiing om regelverkskrav og standardar for universell utforming av nettstader, appar og sjølvbeteningsautomatar, inkludert løysingsforslag og testmetodar.
  • I 2023 skal det utarbeidast rettleiing særleg innretta mot universell utforming av ikt i opplærings- og utdanningssektoren.
  • Ansvar: KDD

21

Implementeretilgjengelegheitserklæring for offentleg sektor

  • Sikre at offentlege verksemder får tilgang til Digdir si løysing for tilgjengelegheitserklæringar frå 1. februar 2023. Tilgjengelegheitserklæringane skal vise i kva grad nettstader og appar er universelt utforma. Erklæringane skal ha funksjonalitet for at verksemdene kan ta i mot meldingar frå brukarane om tilgjengelegheitsutfordringar.
  • I 2023 startar kontrollar av at offentleg sektor publiserer tilgjengelegheitserklæringar. Det vert også sett i verk kontroll av at innhaldet i erklæringane er i tråd med krav til uu av ikt.
  • I løpet av 2023 skal det vurderast om også privat sektor, inkludert frivillige organisasjonar, skal kunne nytte Digdir si løysing for tilgjengelegheitserklæringar.
  • Ansvar: KDD i samarbeid med relevante departement

22

Gjennomføre kartleggingar

  • Ny befolkningskartlegging av digitale ferdigheiter skal gjennomførast i 2024 som oppfølging av tilsvarande undersøking publisert i 2021. Bostedssentralitet bør inngå som ein faktor og ta utgangspunkt i SSBs sentralitetsindeks.
  • Kartleggingar og analysar av status for etterleving av regelverket for universell utforming av ikt. I 2023, er kartlegging av universell utforming av digitale løysingar i skule og utdanning prioritert.
  • Kartleggingar og analysar av digital deltaking og digitalt utanforskap, m.a.
    • Data frå DFØ sine innbyggarundersøkingar med vekt på digital deltaking
    • Data frå SSB sine ikt-relaterte undersøkingar
  • Bidrag til den årlege kartlegginga IT i praksis.
  • Ansvar: KDD

23

Følgje opp regelverk og standardar

  • Sikre eit oppdatert og relevant regelverk for universell utforming av ikt, inkludert systematisk førebuing av innføring og handheving av framtidig regelverk.
  • Følge opp krav om tilgjengelegheit for varer og tenester under EUs tilgjengelegheitsdirektiv som trer i kraft 28. juni 2025. Noreg er i prosess med å innlemma direktivet i nasjonalt regelverk.
  • Ansvar: KDD og KUD

24

Sikre og brukarvennlege digitale fullmaktsløysingar

  • Utvikle sikre og brukarvennlege digitale fullmaktsløysingar som gir tilgang til digitale tenester på vegne av ein annan brukar (digital representasjon og autorisasjonsløysingar)
  • Utarbeide rettleiing i bruk av digitale fullmaktsløysingar.
  • Ansvar: KDD

25

Utvikle samanhengandetenester og livshendingar

  • Vidareføre arbeidet med å realisere dei sju livshendingane i Én digital offentlig sektor: Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019–2025.
    1. Få barn
    2. Alvorleg sjukt barn
    3. Miste og finne jobb
    4. Ny i Noreg
    5. Starte og drive ei bedrift
    6. Dødsfall og arv
    7. Starte og drive ein frivillig organisasjon
  • Gi brukarretta og situasjonsbestemt rådgiving tilknytt livshendingane for å løyse nasjonale, tverrgåande, behov. Heilskapleg informasjon til sluttbrukar er eit prioritert område.
  • Vurdere å utvide arbeidet med sammenhengende tjenester ved å inkludere fleire livshendingar som for eksempel å bli myndig, å bli pensjonist.
  • Livshendingane vert følgde opp i handlingsplanen for Digitaliseringsstrategien.
  • Ansvar: KDD i samarbeid med relevante departement

26

Auka brukskvalitet i offentlege digitale tenester på tvers

  • Utforske og prøve ut brukarvennlege løysingar på tvers, med gjenkjennelege modular for brukaroppgåver, felles samla oversikt over oppgåver og informasjon om korleis brukarar kan få hjelp digitalt av venner, pårørande eller offentlege hjelparar på ein sikker og brukarvennleg måte.
  • Utvikle retningslinjer for design av samanhengande tenester for meir like og gjenkjennelege interaksjonsmønster
  • Utforske korleis vi kan styrke den personlege hjelpa til brukarane og gjere den meir tilgjengeleg.
  • Ansvar: KDD

27

Styrke arbeidet med klart språk for å få betre digitale tenester og auka systemforståing

  • Styrke klarspråkarbeidet i stat og kommune i samarbeid med KS, Digdir og Språkrådet.
  • Rettleie verksemder i bruk av metodikk om klart språk som verktøy i digitaliseringsprosjekt og i prinsippa for klart språk i digitale tenester.
  • Bidra til kompetanseheving og informasjonsformidling om ressursar og rettleiingsmateriell som bidreg til klart språk i digitale løysingar, brevtekstar og annan informasjon frå det offentlege.
  • Ansvar: KDD

28

Utarbeide lett tilgjengeleg informasjon om offentlegtenestetilbod og ansvarsområde

  • Utgreie korleis behovet for heilskapleg informasjon om offentlege tenester på tvers av sektorgrenser, kan løysast på ein føremålstenleg måte.
  • Utarbeida lett tilgjengeleg informasjon på dei mest aktuelle innvandrarspråka.
  • Greie ut kva for nokre gjenståande hindringar som må fjernast for å kunna gi eit fullverdig digitalt tilbod til brukarar av samiske språk i Noreg.
  • Sikre at det samiske perspektivet blir teke med i eit tidleg stadium for utvikling av digitale tenester
  • Ansvar: KDD

29

Auke kjennskap til tilbodinnan elektronisk kommunikasjonsutstyr og tenester for brukarar med nedsett funksjonsevne og brukarar med særskilde behov

  • Auke kjennskap til oversikt over tilbod for brukarar med nedsett funksjonsevne og brukarar med særskilde behov, under dette tenesta GARI som gir informasjon om tilgjengelegheitsfunksjonar i mobiltelefonar, nettbrett, appar, smartklokker og smart-TV.
  • Ansvar: KDD

30

Sørgje for god brukartesting ved utvikling av digitale tenester

  • Sikre at menneske med ulike føresetnader og behov blir tidleg involverte i utvikling av digitale tenester. Å planlegge for tilgjengelegheit og brukarvennlegheit frå prosjektstart, er den beste strategien for å sikre at digitale tenester fungerer godt for alle brukarar.
  • Ansvar: KDD i samarbeid med relevante departement

3.6 Digital dømmekraft

Digital dømmekraft handlar om evne til kritisk refleksjon mellom anna om personvern, informasjonssikkerheit og opphavsrett, og heng saman med kritisk medieforståing. Digital dømmekraft omfattar også evne til samhandling, respekt for andre og etisk refleksjon.

Tiltak

31

Styrke kompetanse og forbetrelæringsressursar om personvern og informasjonssikkerheit

  • Forbetre læringsressursane på digidel.no og KS si rådgivingsteneste Digihjelpen om personvern og informasjonssikkerheit.
  • Forbetre kompetanse om personvern blant lærarar og skuleleiarar.
  • Utarbeide fleire opplæringsressursar tilrettelagt for ulike målgrupper, innan temaet desinformasjon.
  • Ansvar: KDD i samarbeid med relevante departement og KS

32

Auke kunnskap om personvern og informasjonssikkerheit

  • Jobbe for eit forpliktande samarbeid med elektronikkbransjen og IKT-selskap for å betre kunnskapen om personvern og informasjonssikkerheit i informasjons- og rettleiingsmateriellet deira.
  • Auke deltaking og samarbeid om digital sikkerheit retta mot innbyggarane bl.a. gjennom NorSIS og sikkerheitsmånaden.
  • Gjere nettvett.no og liknande tenester meir synlege.
  • Ansvar: KDD i samarbeid med relevante departement og KS

3.7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Handlingsplanen vil følgjast opp av Kommunal- og distriktsdepartementet som har det overordna ansvaret for koordineringa av IKT-politikken til regjeringa. Gjennomføringa av tiltaka i handlingsplanen føreset eit omfattande tverrsektorielt samarbeid mellom departement, statlege verksemder, kommunesektoren, frivillige organisasjonar og næringslivsaktørar innanfor digitale tenester og produkt.

KDD har ein samarbeidsavtale med KS, interesseorganisasjonen til kommunane, som legg til rette for utvikling av lokale rettleiingstilbod innan digital kompetanse i heile landet.

Økonomiske og administrative konsekvensar knytt til gjennomføringa av tiltaka i handlingsplanen blir dekte innanfor departementets og dei ulike aktøranes gjeldande budsjettrammer.

Tiltak som krev ekstra løyvingar vil bli handtert i den ordinære budsjettprosessen.