1 Saker som er handsama av Finansdepartementet i 2011 etter finansieringsverksemdslova, forsikringsverksemdslova, børslova og verdipapirhandellova
Oversikta gjev opplysningar om søkjar/klagar, vedtak, heimel, dato, saksnummer og om det er sett vilkår i saker som er handsama av Finansdepartementet etter reglane i finansieringsverksemdslova, forsikringsverksemdslova og verdipapirhandellova i 2011. Oversikta er ikkje fullstendig. Det er mellom anna ikkje teke med vedtak om oppnemning til råd og verv, innsyn i dokument, fritak frå teieplikt o.a.
Forkortingar:
finansvl. – lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsvirksomhetsloven)
forsvl. – lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv. (forsikringsvirksomhetsloven)
vphl. – lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven)
To løyve til å driva forsikringsverksemd og endring av vilkår
18.10.2011 – 11/979
Obos Skadeforsikring. Utvida løyve til skadeforskringsverksemd. Vilkår. Heimel: forsvl. § 15-8 tredje ledd.
21.11.2011 – 07/4028
Storebrand Livsforsikring AS. Endring av vilkår i løyve 16. november 2007 til overtaking av SSP-gruppen. Heimel: finansvl. § 2-9 a sjuande ledd.
Eit løyve til å driva finansieringsverksemd og endring av vilkår
21.06.2011 – 11/1402
Sparebank 1 SR-Bank. Løyve til omskiping frå sparebank til ålmennaksjeselskap, og skiping av sparebankstifting. Vilkår. Heimel: finansvl. §2c-13 andre ledd.
To vedtak i samband med finanskonsernreglane
28. 06. 2011 – 10/4318
DNB Bank ASA, Løyve til å overta 100 pst. av aksjane i dotterbankane til Bank DNB NORD A/S i Latvia, Litauen og Polen. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2a-3 fjerde ledd.
30.11.2011 – 11/4140
DNB Bank ASA, Løyve til å overta 100 pst. av aksjane i SC Finans AB. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2a-3 fjerde ledd.
To fusjonar mellom finansinstitusjonar
24.10.2011 – 11/3201
Rygge-Vaaler Sparebank og Halden Sparebank. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2c-2 fyrste ledd.
25.10.2011 – 11/3200
Sparebanken Vest og Sparebanken Hardanger. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2c-2 fyrste ledd.
Eit vedtak om skiping av filial og dotterselskap i utlandet
30. 11. 2011 – 11/3067
DNB Bank ASA. Løyve til å skipa dotterselskap i Brasil. Heimel: finansvl. § 2a-3 fjerde ledd.
To vedtak i samband med verdipapirhandel
01.11.2011 – 11/2238
Agilis Group AS, klagesak. Tilbakekall av løyve som verdipapirføretak.
01.11.2011 – 11/1661
Spar Kapital ASA, klagesak. Tilbakekall av løyve som verdipapirføretak.
Eit løyve til forsikringsselskap til å ta over eigardel i anna selskap
7.11.2011 – 11/3740
Kommunal Landspensjonskasse. Løyve til overtaking av 15 pst. av aksjane i TrønderEnergi Nett AS. Vilkår. Heimel: Forsvl. § 6-2 fyrste ledd.