Meld. St. 24 (2011–2012)

Finansmarknadsmeldinga 2011

Til innhaldsliste

7 Verksemda til Finanstilsynet i 2011

7.1 Innleiing

Finanstilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane steller seg slik at lover og forskrifter vert følgde. Etter finanstilsynslova § 8 andre ledd skal Finansdepartementet kvart år gje ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Finanstilsynet organisatoriske tilhøve, rekneskap, tilsynsarbeidet allment og arbeidet på kvart tilsynsområde. Årsmeldinga til Finanstilsynet er utrykt vedlegg til denne meldinga.

Etter finanstilsynslova § 1 har Finanstilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, som femner om forretnings- og sparebankar, kredittføretak, livs- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsselskap, forsikringsformidlarar, børsar og andre regulerte marknadsplassar. Etter finanstilsynslova § 1 nr. 14, jf. verdipapirhandellova § 15-1, har Finanstilsynet ansvar for å føra tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar og sjå til at reglane i verdipapirhandellova vert følgde. Finanstilsynet har òg ansvar for kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 8-1, kontrollen med inkassoverksemd etter lov om inkassoverksemd § 30, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter lov om verdipapirfond § 8-2, tilsynet med revisorar og revisjonsføretak etter finanstilsynslova § 1 nr. 9, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. finanstilsynslova § 1 nr. 12, og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. finanstilsynslova § 1 nr. 7. Finanstilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter finanstilsynslova § 1 nr. 18. Finanstilsynet fører òg tilsyn med verksemda til filialar av kreditt- og andre finansinstitusjonar frå andre statar i dei tilfella styresmaktene i heimlandet ikkje gjer det. Finanstilsynet fører dessutan tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.

Finanstilsynet skal etter finanstilsynslova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, fungerer tenleg og trygt i samsvar med lover og føresegner og med det føremålet og dei vedtektene som kvar einskild institusjon har. For å utføra tilsynsoppgåvene skal Finanstilsynet granska rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane, og elles gjera dei undersøkingane om stillinga og verksemda deira som Finanstilsynet meiner trengst, jf. finanstilsynslova § 3.

7.2 Leiing og administrasjon

Styret i Finanstilsynet har etter lova det overordna ansvaret for verksemda i Finanstilsynet og handsamar mellom anna viktige fagsaker i samband med forskrifter og løyve, budsjett og tiltaksplanar. Styret har fem medlemer. Medlemene og varamedlemene vert oppnemnde av Finansdepartementet for periodar på fire år.

Slik er det noverande styret sett saman:

  • advokat Endre Skjørestad, leiar

  • assisterande direktør Vivi Lassen, nestleiar

  • professor Hilde C. Bjørnland, styremedlem

  • professor Mette Bjørndal, styremedlem

  • tidlegare banksjef Harald Indresøvde, styremedlem

  • professor Beate Sjåfjell, fyrste varamedlem

  • avdelingsdirektør Jostein Skaar, andre varamedlem

Direktør i Noregs Bank, Birger Vikøren, var observatør i 2011. Direktør Kristin Gulbrandsen er ny observatør i styret frå 5. januar 2012. Direktør Arild J. Lund er vararepresentant.

To representantar som er valde av og blant dei tilsette, supplerer styret når administrative saker skal handsamast. Frå februar 2011 har desse representert dei tilsette:

  • tilsynsrådgjevar Aud Kogstad

  • spesialrådgjevar Anders N. Kvam

Vararepresentantar var tilsynsrådgjevar Ole-Jørgen Karlsen, tilsynsrådgjevar Anne-Kari Tuv og spesialrådgjevar Jo-Kolbjørn Hamborg.

Direktøren for Finanstilsynet vert oppnemnd av Kongen i statsråd for periodar på seks år. Bjørn Skogstad Aamo gjekk av i april 2011 etter å ha vore tilsynsdirektør i 18 år. Direktør for finans- og forsikringstilsyn i Finanstilsynet, Emil R. Steffensen, vart 13. april 2011 konstituert av Finansdepartementet som finanstilsynsdirektør i perioden 15. april til 15. august 2011.

Morten Baltzersen vart i statsråd 1. april 2011 tilsett som ny finanstilsynsdirektør for ein periode på seks år, og han tok til i stillinga 15. august.

Ved utgangen av 2011 var det 275 fast tilsette i Finanstilsynet, mot 261 ved utgangen av 2010. Av dei fast tilsette er 52 pst. kvinner. 89 pst. av dei tilsette har høgare utdanning.

Likestillingsarbeidet er forankra i arbeidsmiljø- og likestillingsutvalet. Ein eigen tillitsvald for likestilling møter fast i utvalet. Utvalet handsamar jamleg lønsstatistikk for kvar stillingsgruppe og for heile Finanstilsynet for å følgja med på utviklinga i likeløn. Det er eit prioritert område i den interne lønspolitikken. Utvalet handsamar òg andre spørsmål om likestilling. Tilsynet sin handlingsplan for likestilling vart vedteken i februar 2007 og byggjer på eit breitt likestillingsomgrep som femner om både etnisk bakgrunn, funksjonshemming og alder.

Sentralt i løns- og personalpolitikken til Finanstilsynet står tiltak for å rekruttera, utvikla og ta vare på medarbeidarar med høg kompetanse innanfor tilsynsområda. Det er viktig at Finanstilsynet har den kompetansen som trengst for å utføra oppgåvene godt og effektivt.

Ved utgangen av 2011 hadde Finanstilsynet 71 medarbeidarar med lang røynsle (normalt meir enn fem års arbeid) frå bransjane under tilsyn. Utskiftingsprosenten blant medarbeidarane var på 6,5 i 2011, mot 9 i 2010.

7.3 Nærare om verksemda

7.3.1 Arbeidet med finansiell stabilitet

Finanstilsynet har lang røynsle med å vurdera finansiell stabilitet. Finanstilsynet etablerte i 1994 eit program for makroøkonomisk overvaking av risiko i det finansielle systemet. Programmet hjelper Finanstilsynet med å halde oversyn over utviklinga i konjunkturar og marknader, og over strukturen i finansmarknaden. Finanstilsynet har kvart halvår sidan 1995 utarbeidd rapportar med oversyn over risikotilhøve. Her vert òg makroøkonomiske tilhøve og utsiktene for finansiell stabilitet vurderte. Rapportane har vorte sende til Finansdepartementet og Noregs Bank sidan 1995. Frå 2002 har vurderingane vorte offentleggjorde gjennom den årlege rapporten Tilstanden i finansmarkedet. For å få betre fram at rapporten òg ser framover, heiter han no Finansielt utsyn. Sidan hausten 2010 har tilsynet òg utarbeidd halvårsrapporten Finansielle utviklingstrekk.

Rapportane skildrar tilstanden og utviklinga i dei viktigaste institusjonane under tilsyn og peikar på dei risikoområda som Finanstilsynet følgjer med på. I rapportane som vart offentleggjorde i 2011, vart det i omtala av internasjonal økonomi særleg trekt fram at uvissa kring den økonomiske utviklinga er uvanleg stor.

Finanstilsynet undersøkte i 2011 bankane si eksponering mot skipsfart og næringseigedom og endringar i risikoen frå året før. Resultata vart publiserte i Finansielt utsyn 2012 og synte at bankane vurderte risikoen i skipsfart som stabil samla sett. Men det var store skilnader mellom segmenta. Risikoen hadde auka for tørrlast, tank og konteinar og gått ned for offshore. Innanfor næringseigedom vart risikoen vurdert som noko lågare.

For å medverka til ei meir robust bustadfinansiering fastsette Finanstilsynet i mars 2010 retningsliner for god utlånspraksis til bustadføremål. Her vert det gjeve rettesnor både for lånegrad og evna til å greia gjelda. Retningslinene vart innskjerpa frå 1. desember 2011 på grunn av stoda på bustadmarknaden, eit tematilsyn våren 2011 om korleis bankane følgjer retningslinene, og Finanstilsynet si bustadlånsundersøking hausten 2011. I 2012 og åra frametter vert det ein viktig del av Finanstilsynet sitt arbeid med finansiell stabilitet å følgja opp desse retningslinene, i fyrste omgang med stadlege tilsyn, men òg med andre verkemiddel om det trengst.

Finanstilsynet gjennomfører detaljerte stresstestar av bankane sine utlån til næringslivet, og desse testane vert nytta i samband med tilsyn og risikovurderingar. I rapporten Finansielt utsyn i mars 2012 vart slikt stress òg teke med i ein sensitivitetsanalyse av kapitaldekninga i dei store bankane. Referansebana for den økonomiske utviklinga er basert på prognosar frå Statistisk sentralbyrå og er samanlikna med ein djup og langvarig økonomisk nedgang som kan samanliknas med konjunkturutviklinga under bankkriseåra på slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet. Stresstesten viste at det er ein risiko for at den reine kjernekapitaldekninga i norske bankar ved eit alvorleg tilbakeslag vil kunna vorte vesentleg svekka som følgje av auka utlånstap.

DNB deltok i 2011 som fyrste norske bank i ein felleseuropeisk stresstest, der eit hovudføremål var å vurdera om europeiske bankar er tilstrekkeleg kapitaliserte. Den europeiske tilsynsstyresmakta (EBA) har gjennomført stresstesten i samarbeid med Den europeiske sentralbanken (ECB), Det europeiske rådet for systemrisiko (ESRB), EU-kommisjonen og dei nasjonale tilsynsstyresmaktene.

Hausten 2011 offentleggjorde EBA ein plan for oppkapitalisering av dei største europeiske bankane, inkludert DNB, etter at ein på ministernivå i EU i oktober 2011 vart samde om at europeiske storbankar bør ha ei rein kjernekapitaldekning på minst 9 pst. innan 30. juni 2012. Dessutan skal bankane ha reservar som dekkjer differansen mellom bokførd verdi og marknadsverdi på statspapir. Finanstilsynet legg til grunn at alle norske bankar vil ha ei rein kjernekapitaldekning på minst 9 pst. innan 30. juni 2012.

Oppfølginga av bankane si likviditetsstyring vert gjord gjennom stadlege tilsyn, analysar, rapportering på likviditetsområdet, møte med dei største bankane og annan tett kontakt. På likviditetsområdet er det nært samarbeid mellom Finanstilsynet og Noregs Bank.

Finanstilsynet har i lengre tid rekna ut ulike likviditetsindikatorar for bankane. Den langsiktige likviditetsindikatoren som vert berekna på konsernnivå, har felles trekk med det føreslegne internasjonale kvantitative kravet til langsiktig finansiering. Som ein del av førebuingane til dei nye krava rapporterer alle norske bankar likviditetsbuffer, medan dei 17 største bankane òg rapporterer langsiktig stabil finansiering.

Risikoen og soliditeten til bankane vert mellom anna følgd gjennom stadlege tilsyn, Finanstilsynet si vurdering av kapitalberekningane til bankane (ICAAP) og ymse analysar. I tillegg vert bankane følgde gjennom den regulære rapporteringa. I vurderingane av kapitalkravet for kvar bank byggjer Finanstilsynet på risikoen i kvar einskild bank og i økonomien som heilskap. I vurderingane av kapitaltilhøva i kvar bank legg ein såleis vekt både på den risikoen banken står andsynes som følgje av den makroøkonomiske utviklinga, og den risikoen for økonomien og marknadene som bankane kan skapa gjennom si samla framferd.

Finanstilsynet vil halda kontakt med tilsynsstyresmaktene i dei andre nordiske landa med sikte på samordning av tilpassingar til dei nye reglane om krav til kapital og likviditet. I 2012 vil Finanstilsynet fremja tilråding til forskriftsendringar etter at reglane er endeleg utforma og vedtekne i EU.

Finanstilsynet vil i 2012 vidareutvikla arbeidet med finansiell stabilitet og makrotilsyn og byggja på det samarbeidet som er etablert mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet.

7.3.2 Tilsyn med bankar og kredittinstitusjonar

Stadlege tilsyn er viktige for å avdekkja problem i einskildbankar i ein tidleg fase. Finanstilsynet gjennomfører dei stadlege tilsyna på grunnlag av risikomodular baserte på internasjonale tilsynsstandardar. Modulane vert nytta for å kartleggja kredittrisikoen, marknadsrisikoen, likviditetsrisikoen, den operasjonelle risikoen og den overordna styringa og kontrollen i bankane. Innanfor alle risikoområda vurderer Finanstilsynet både risikonivået og banken sitt system for styring og kontroll av risikonivået. Inspeksjonane tek utgangspunkt i skriftlig materiale innsendt på grunnlag av Finanstilsynets inspeksjonsvarsel. Modulane er tilgjengelege på nettstaden til Finanstilsynet.

I 2011 vart det gjennomført 51 inspeksjonar i bankar og finansieringsføretak. Åtte av inspeksjonane var tematilsyn om korleis bankane følgjer retningslinene for forsvarleg utlånspraksis for bustadlån. To av inspeksjonane var IT-tilsyn.

I dei mindre og mellomstore bankane er det i dei fleste tilfella gjennomført generelle inspeksjonar som dekkjer alle hovudrisikoområda, men det er lagt særleg vekt på kreditt- og likviditetsrisiko.

Når det gjeld kredittrisikoen i dei større bankane, vart det i 2011 lagt særleg vekt på utlånsporteføljar som ein ventar er særskilt påverka av finanskrisa. Det gjeld mellom anna shipping, næringseigedom og oppkjøpsfinansiering. I dei mindre og mellomstore bankane har ein lagt vekt på gjennomgang av einskildengasjement, vurdering av utlånspraksisen til bankane og etterlevinga av interne retningsliner. Overfor somme bankar har ein peika på høg risiko i utlånsporteføljen, ofte knytt til konsentrasjon i einskildbransjar eller einskildengasjement. Desse bankane er bedne om å innføra strammare rammer for slik eksponering.

Bankane som gruppe klarte i dei tre fyrste kvartala å halda oppe den delen av finansieringa som har lengre løpetid enn eitt år. Somme bankar har fått melding om at dei bør auka likviditetsindikatorane eller innskotsdekninga. Dei er òg bedne om å setja klårare rammer for storleiken på likviditetsbufferen og for kvaliteten på dei likvide midlane i bufferen.

7.3.3 Tilsyn med forsikring og pensjon

7.3.3.1 Livsforsikringsselskap

Det vart gjennomført seks stadlege tilsyn i livsforsikringsselskap i 2011. Eitt av tilsyna var tematilsyn på forsikringsområdet, og to var IT-tilsyn. Tilsyna vart gjennomførde med utgangspunkt i risikomodulane som er utarbeidde for å dekkja ulike risikoområde i forsikringsselskapa.

I tilsyna vart det lagt vekt på styrings- og kontrollsystema på overordna nivå. Blant saker som vart tekne opp, var kapitalsituasjonen, kostnadsoverskridingar innanfor somme bransjar/produkttypar, auka levealder og behov for større avsetningar i 2011, og risiko og sårbarheit i samband med utkontraktering av viktige funksjonar. Det er gjeve merknader om risikoramme/risikotoleranse for kapitalforvaltninga og manglande strategi for forsikringsområdet.

7.3.3.2 Pensjonsføretak

I 2011 vart det gjennomført tilsyn i to pensjonskasser. Finanstilsynet påpeika mellom anna brot på kapitaldekningskravet og solvensmarginkravet. Det vart gjeve merknader til svak risikostyring og behov for ei samla risikovurdering. Manglande oppfølging av dårlige uføreresultat og manglande erstatningsavsetning vart kommentert. Rammestruktur og uavhengigheit mellom forvaltar og kontrollfunksjonar fekk òg merknader. I tillegg var det manglar ved stresstestane og prosessar knytte til dei. Andre merknader galdt handlingsreglar ved brot på overordna risikorammer, overvaking av interne retningsliner/lovkrav og styrerapportering.

7.3.3.3 Skadeforsikringsselskap

I 2011 vart det gjennomført stadlege tilsyn i seks skadeforsikringsselskap og i eitt sjøtrygdelag. To av skadeforsikringsselskapa hadde svake resultat. I desse selskapa påpeika Finanstilsynet brot på krav til kapitaldekning og solvensmarginkapital i tillegg til manglar ved styring av kapitalforvaltninga og problem med avstemming av rekneskapen. Dessutan vart det gjeve merknader til utilfredsstillande strategiske mål for vekst og inntening og til integrasjonsproblem med ny eigar. I dei fire andre skadeforsikringsselskapa vart det mellom anna peika på manglar ved styring av kapitalforvaltninga og utilstrekkelig dokumentasjon av utkontrakteringsavtaler. Dessutan var føretaka sårbare for tap av nøkkelpersonell. Andre ting som vart kommenterte, var manglande tiltak mot sviktande marknadsgrunnlag, maksimumsgrense for eksponering, måling av operasjonell risiko og habilitetsproblem for styremedlemer.

I sjøtrygdelaget handla merknadene om svake resultat gjennom fleire år og behov for tiltak for å betra inntening og soliditet.

Det var òg tilsyn i eit aktuarkonsulentselskap som er godkjent som ansvarshavende aktuar for fleire selskap. Finanstilsynet såg på korleis den utkontrakterte aktuarverksemda vart utførd, og vurderte korleis to skadeforsikringsselskap styrde og kontrollerte den utkontrakterte aktuarverksemda.

7.3.3.4 Forsikringsformidlingsføretak

Det vart gjennomført sju stadlege tilsyn i forsikringsformidlingsføretak i 2011. Det vart peika på veikskapar i risikostyring og internkontroll. Behov for betre rutinar, retningsliner og kontrollar vart kommentert. Tilsynet avdekte brot på både provisjonsforbodet og opplysningsplikta overfor Finanstilsynet i tillegg til manglande kontroll med utkontraktert verksemd. Andre tilhøve som vart påpeika, var skort på rutinar for høvelegheitsvurdering av kompetansen til dei tilsette, skort på kontroll av fullmaktstilhøve og skort på krav om ansvarsforsikring for aktløyse i yrket.

7.3.4 Tilsyn med verdipapirføretak

Dei stadlege tilsyna som Finanstilsynet gjennomfører, skal medverka til å gjera verdipapirføretaka medvitne om risiko. Dei skal òg fremja godt kundevern på verdipapirmarknaden ved at føretaka følgjer krava til god forretningsskikk. Tilsyna skal òg medverka til å sikra integriteten til marknadene. Verdipapirføretaka varierer mykje i storleik, organisering og investeringstenester. Finanstilsynet nyttar mellom anna risikobaserte kriterium for å velja ut føretak til stadleg tilsyn. Slike kriterium kan vera finansielle tilhøve som likviditet, kapitaldekning, endringar i inntekter og lønsemd, eller det kan dreia seg om forvaltning og åtferd med utgangspunkt i klager frå kundar eller mistanke om brot på føresegner om god forretningsskikk.

I 2011 vart det gjennomført 18 stadlege tilsyn i verdipapirføretak og eitt tilsyn retta særskilt mot IT-løysingane i eit verdipapirføretak.

7.3.5 Tilsyn med forvaltningsselskap for verdipapirfond

Tilsynet med forvaltningsselskapa vart utøvd gjennom både stadleg og dokumentbasert tilsyn. I 2011 vart det gjennomført fire stadlege tilsyn i forvaltningsselskap for verdipapirfond. Dette noko meir enn åra før, sidan rådgjevingssegmentet har vorte prioritert etter gjennomføringa av verdipapirmarknadsdirektivet (MiFID) i norsk rett.

7.3.6 Tilsyn med åtferdsreglane i verdipapirmarknaden

Det overordna målet med tilsyn og overvaking av dei generelle åtferdsreglane er å stø opp om omdømmet til den norske marknaden og dermed den funksjonen marknaden har som kapitalkjelde. Reglane som omfattar ulovleg innsidehandel, marknadsmanipulasjon og forsvarleg informasjonshandtering, er sentrale. Finanstilsynet følgjer òg opp reglar om listeføring, undersøkingsplikt og forbod mot urimelege forretningsmetodar og om meldepliktig og flaggepliktig verdipapirhandel. Dette inneber at tilsynet er retta mot ein vid krins: investorar, rådgjevarar og utferdarar av finansielle instrument og deira samarbeidspartnarar, inkludert verdipapirføretaka. Målet er å avdekkja og forfølgja ulovlege tilhøve på verdipapirmarknaden og, så langt åtferdsreglane gjeld, på marknadene for varederivat. Gjennom tilsynsarbeidet skal potensielle lovbrytarar gjerast kjende med at lovbrot er risikabelt, noko som kan ha ein preventiv verknad. Finanstilsynet undersøkte ei mengd saker i 2011. Mange av desse sakene var oversende frå Oslo Børs eller rapporterte til Finanstilsynet frå verdipapirføretaka. Tilsynet sette òg i gang ei rekkje undersøkingar på bakgrunn av marknadshendingar eller oppslag i media.

7.3.7 Tilsyn med infrastrukturverksemder på verdipapirområdet

Tilsynet med infrastrukturen i verdipapirmarknaden omfattar ulike slags marknadsplassar for finansielle instrument (regulerte marknader, medrekna børs, og multilaterale handelsfasilitetar (MHF)), oppgjerssentralar, verdipapiroppgjerssystem og verdipapirregisteret. Verdipapirsentralen ASA fører verdipapirregisteret og er operatør for det sentrale verdipapiroppgjerssystemet i Noreg (VPO). Velfungerande marknader føreset at handel, avrekning og oppgjer fungerer godt, og at infrastrukturføretaka har tillit hjå aktørane. Det er òg med på å tryggja den finansielle stabiliteten. I 2011 gjennomførde Finanstilsynet tilsyn i Verdipapirsentralen ASA og Icap Energy ASA. I tillegg blei det gjennomført IT-tilsyn hos VPS og Oslo Clearing.

7.3.8 Tilsyn med revisorar

Finanstilsynet kontrollerer om revisjonsarbeidet er godt nok utført, om revisoren oppfyller krava til sjølvstendigheit, og om dei andre krava til revisjonsverksemd er oppfylt . Tilsynet kontrollerer òg at pliktene etter kvitvaskingsregelverket vert oppfylte, og at revisorar og revisjonsselskap leverer eigen rekneskap og sjølvmelding i rett tid.

Avgjerder om tilsyn vert tekne på bakgrunn av risikovurderingar, innrapporteringar eller andre signal, til dømes medieoppslag. Tilhøve som vert avdekte som ledd i det finansielle tilsynet på andre område, kan òg føra til nærare vurdering av arbeidet til ein revisor. Minst kvart sjette år skal Finanstilsynet gjennomføra periodisk kvalitetskontroll av revisorar som reviderer årsrekneskapar for revisjonspliktige. Sidan 2002 har den periodiske kvalitetskontrollen vore samordna med den kontrollen som Den norske Revisorforening gjennomfører av sine medlemer.

Dersom revisorforeininga finn tilhøve som kan kvalifisera for vedtak om tilbakekalling av godkjenning som revisor, vert saka oversend til Finanstilsynet for oppfølging. Finanstilsynet kontrollerer òg ikkje-medlemer, slik at alle som reviderer årsrekneskaper for revisjonspliktige, vert underlagde kvalitetskontroll innanfor seksårsperioden. Kontroll av revisorar og revisjonsselskap som reviderer føretak av ålmenn interesse, skal skje kvart tredje år. Frå 2011 er kontrollane gjennomførde av Finanstilsynet. Kontrollane kjem i tillegg til Finanstilsynets tilsynsarbeid retta mot desse revisorane elles. Finanstilsynet gjennomførde 47 stadlege tilsyn hjå revisorar i 2011. I tillegg vart det i 2011 gjennomført eit dokumentbasert tilsyn med alle godkjende revisorar og revisjonsselskap.

7.3.9 Tilsyn med rekneskapsførarar

Finanstilsynet kontrollerer om krava som gjeld for rekneskapsførarverksemd, er oppfylte. Mellom anna undersøkjer tilsynet kvalitetskontrollen av arbeidet i føretaka i tilfelle der det vert nytta medarbeidarar som ikkje er autoriserte rekneskapsførarar. Vidare kontrollerer ein at pliktene etter rekneskapslova, bokføringslova og kvitvaskingsregelverket vert oppfylte, og at rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap leverer eigen rekneskap og sjølvmelding i rett tid. Fordi det finst så mange rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap, legg Finanstilsynet i proriteringa av korleis tilsynet med rekneskapsførarar skal gjennomførast, vekt på det kontrollarbeidet som Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) gjennomfører andsynes sine medlemer kvart sjuande år. Det er utarbeidd retningsliner for samarbeidet med NARF. Finanstilsynet gjennomførde 56 stadlege tilsyn innanfor rekneskapsverksemd i 2010.

7.3.10 Tilsyn med eigedomsmekling

I 2011 vart det gjennomført 93 stadlege tilsyn med eigedomsmeklingsføretak. Her vart det særleg kontrollert korleis meklingsføretaka oppfyller dei nye kompetansekrava som tok til å gjelda 1. juli 2011. Mekling av nye bustader i prosjekt vart òg kontrollert nøye.

7.3.11 Tilsyn med inkasso

I 2011 vart det gjennomført 11 stadlege tilsyn i framandinkassoføretak. Inkassorutinene i føretaka vart kontrollerte for å sjå om det vart praktisert god inkassoskikk i inndrivinga av krava.

7.3.12 IT-tilsyn

I 2011 gjennomførde Finanstilsynet 23 IT-tilsyn og tilsyn med system for betalingstenester i bankar, forsikringsselskap, finansieringsføretak og verdipapirinstitusjonar og hjå revisorar, rekneskapsførarar og inkassoføretak. IT-tilsyna omfatta òg tilsyn hjå IKT-leverandørar med grunnlag i IKT-forskrifta § 12 om utkontraktering av IKT-verksemd. Dei felles betalingstenestene til bankane, som vert ivaretekne av Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO) på vegner av bankane, vart òg gjennomgått. Bankane har etablert sjølvregulering på dette området gjennom FNO. I tillegg til dei stadlege IT-tilsyna vart det gjennomført 27 forenkla IT-tilsyn som ein del av ordinære tilsyn.

Finanstilsynet har etablert eit eige vernebuingssystem for å kunna handtera kriser som måtte oppstå i det norske finansielle systemet. Tilsynet har motteke 221 rapportar om hendingar i 2011.

Ein viktig del av vernebuingssystemet er Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI), som skal sikra god samordning av vernebuinga i den finansielle infrastrukturen. BFI er samansett av representantar frå ulike forvaltningsorgan, bankar og andre sentrale brukarar av norsk finansiell infrastruktur. Finanstilsynet har ansvar for leiing av og sekretariat for BFI.

BFI har i 2011 hatt tre ordinære møte, eitt ekstraordinært møte og to vernebuingsøvingar. Hovudsakene i dei ordinære møta har vore å gå gjennom a) Finanstilsynets rapportar frå finansføretak om IKT-relaterte hendingar og hendingar knytte til betalingstenestene, b) hendingsrapportering frå avrekningssystemet til bankane, Norwegian Interbank Clearing System (NICS) og frå Noregs Banks oppgjerssystem (NBO). Det ekstraordinære møtet vart halde i juni 2011 for å drøfta konsekvensane av ein mogleg streik i finansnæringa. Dei to vernebuingsøvingane omfatta høvesvis ein test av rutinane til BFI for umeld møteinnkalling og ei scenarioøving. Scenarioøvinga inneheldt ein gjennomgang av åtte samanhengande scenario med tekniske og likviditetsmessige hendingar innanfor betalingsformidlinga i Noreg.

BFI har i 2011 arbeidd vidare med vernebuingsløysingar som kan etablerast om betalingssystema skulle liggja nede i lengre tid. Konklusjonane frå arbeidet i BFI er sende til Finansdepartementet.

I 2011 har betalingssystema i Noreg vore stabile. Faren for kriminalitet retta mot nettbank og kortbruk gjennom phishing, trojanaråtak og ID-tjuveri er aukande, jf. omtala av operasjonell risiko i kapittel 2.

Tabell 7.1 Tal på stadlege tilsyn etter institusjonstype (inkl. IT-tilsyn*)

2007

2008

2009

2010

2011

Bank/finans

49

37

58

70

51

E-pengeføretak

Holdingselskap

Forsikringsselskap

6

6

8

12

13

Forsikringsformidlingsføretak

3

3

7

6

7

Pensjonskasser og -fond

2

6

4

8

2

Verdipapirføretak

20

19

21

24

19

Andre verdipapirinstitusjonar (inkl. forvaltningsselskap for verdipapirfond)

6

1

3

5

8

Revisorar

22

29

47

87

47

Rekneskapsførarar

41

60

49

58

56

Eigedomsmeklarar

51

66

30

49

93

Inkassoføretak

6

13

12

13

11

Datasentralar/IKT-leverandørar

4

4

2

4

Andre

1

* Det vart gjennomført 23 IT-tilsyn, anten separat eller i samband med ordinære tilsyn i føretaka. Dessutan vart det utført 27 forenkla IT-tilsyn og handsama 4 meldingar mottekne etter betalingssystemlova, etter undersøking om meldeplikta.

7.4 Rekneskap og budsjett

Stortinget fastset budsjettet til Finanstilsynet som ein del av statsbudsjettet. Budsjettet for 2011 var opphavleg på 303,9 mill. kroner.

I tillegg vart det løyvd 2,5 mill. kroner som kompensasjon for lønsoppgjeret, 1,3 mill. kroner til å dekkja auka kontingentar for deltaking i tilsynsstyresmaktene i EU, 1,8 mill. kroner til oppgradering av system for utveksling av elektroniske transaksjonsrapportar med andre EØS-land og 0,6 mill. kroner til å dekkja meirverdiavgiftsplikta for utgifter som Finansinspektionen i Sverige vidarefakturerer til Finanstilsynet i Noreg. Medrekna overførde midlar på 7,6 mill. kroner frå 2010 og refusjonar på 3,8 mill. kroner i foreldre- og sjukepengar var den samla disponible utgiftsramma etter dette 321,5 mill. kroner. Dei samla utgiftene kom på 311,5 mill. kroner, ein auke på 6,3 pst. Dei samla lønsutgiftene auka med 10,5 pst., og utgiftene til varer og tenester gjekk ned 3,1 pst. Dei samla utgiftene til Finanstilsynet var 10,0 mill. kroner mindre enn det disponible budsjettet. Ubrukte midlar vart overførde til 2012.

Til liks med andre statlege verksemder som inngår i statsrekneskapen, fører Finanstilsynet rekneskapen etter kontantprinsippet. Rekneskapen vert førd etter kontoplanen for statsrekneskapen, som byggjer på ei artsgruppering av utgifter og inntekter. Finanstilsynet har med utgangspunkt i denne planen sett opp ei føremålsgruppering av utgiftene. Hovudgruppering etter føremål går fram av tabell 7.2.

I det avsluttande revisjonsbrevet av 25. mai 2011 om rekneskapen for 2010 går det fram at Riksrevisjonen ikkje hadde vesentlege merknader til rekneskapen eller måten Finanstilsynet hadde gjennomført budsjettet på.

Tabell 7.2 Rekneskap. Tal i heile tusen kroner.

2009

2010

2011

Lønsutgifter

175 516

202 491

223 685

Av dette:

Løn og sosiale utgifter (alle stillingar)

169 745

197 486

220 094

Ekstrahjelp/vikarar

4 975

4 002

2 792

Andre lønsutgifter (styre / råd / andre honorar)

796

1 003

799

Varer og tenester

91 220

90 553

87 794

Av dette:

Driftsutgifter

43 957

38 780

29 762

Informasjon

2 728

2 154

1 843

Administrative reiser og møte, kontingentar

7 863

8 355

9 988

Inspeksjonsreiser og anna tilsynsarbeid

3 754

3 467

2 972

OU-arbeid, leiar- og kompetanseutvikling

4 318

5 657

5 511

IKT-utgifter

28 600

32 140

37 818

Sum utgifter

266 736

293 044

311 479

Utlikning

217 034

246 508

280 541

Prospektgebyr

3 775

7 151

Overførde midlar

8 200

5 237

7 627

Refusjon foreldre- og sjukepengar

6 556

4 407

4 272

Sum inntekter

231 790

259 927

299 591

Tal i heile tusen kroner

Dei samla utgiftene i 2011 var 6,3 pst. høgare enn i 2010. Det er særleg lønsutgiftene som aukar. Det kan forklarast med fleire tilsette og den generelle lønsauken. Nedgangen i driftsutgifter var på 9 mill. kroner og skriv seg frå at Finanstilsynet i åra 2009 og 2010 hadde store kostnader i samband med etablering i nye lokale. Auken i IKT-kostnader må sjåast i samanheng med auka internasjonale krav til elektroniske system, både til innrapportering, analyse og arbeidsprosessar.

Utgiftene til Finanstilsynet vert etter finanstilsynslova § 9 dekte av institusjonar som er under tilsyn i budsjettåret. Stortinget vedtek difor ei inntektsløyving som er lik utgiftsløyvinga. Etter lova skal utgiftene fordelast på dei ulike institusjonsgruppene etter omfanget av tilsynsarbeidet. Utgiftene vert difor kravde inn etterskotsvis. Det vert òg kravd bidrag frå filialar av føretak frå andre EØS-statar.

Utlikningsbeløpet for 2010, som skulle innbetalast i 2011, utgjorde 286,1 mill. kroner. At den utlikna summen er mindre enn dei rekneskapsmessige utgiftene, kjem av at utlikninga tek utgangspunkt i budsjettløyvinga, at overførde midlar frå året før vert trekte frå, og at ein del av utgiftene vert dekte av folketrygda gjennom fødsels- og sjukepengerefusjonar. Forslaget til utlikning for 2010 vart godkjent av Finansdepartementet 15. juni 2011 etter høyring hjå dei aktuelle bransjeorganisasjonane.

I alt 13 407 tilsynseiningar vart omfatta av utlikninga for 2010. Av dei var 76 filialar av utanlandske føretak. Den største tilsynsgruppa er rekneskapsførarar, med 9437 einingar. I 2009 var det til saman 12 684 einingar.

Samla utlikna beløp for 2010 auka med 15,8 pst. frå 2009. Det er fleire grunnar til auken, fyrst og fremst at det trengst stadig meir ressursar for å oppfylla plikta til å gjennomføre reguleringar og tilsynssamarbeid innanfor EØS.

Figur 7.1 Utlikning fordelt på tilsynsgrupper

Figur 7.1 Utlikning fordelt på tilsynsgrupper

Kjelde: Finanstilsynet.

Til forsida