Meld. St. 15 (2016–2017)

Eit moderne og framtidsretta NRK — Finansiering og innhaldsplikter

Til innhaldsliste

3 Ny NRK-plakat

3.1 Innleiing

Departementet viser til oppmodingsvedtak (nr. 493) som blei fremma i samband med Stortingets behandling av allmennkringkastingsmeldinga Meld. St. 38 (2015-2016) Open og opplyst, der regjeringa blir bedd om å «fremme forslag om ny NRK-plakat og komme tilbake til Stortinget på egnet måte». Til oppmodingsvedtaket har familie- og kulturkomiteen komme med merknader om detaljgraden i den nye NRK-plakaten. Komiteen har i tillegg bedd om konkrete endringar i NRK-plakaten.

Departementet anbefaler i dette kapittelet endringar i detaljgraden i NRK-plakaten og i dei konkrete innhaldspliktene i plakaten. Departementet vurderer i tillegg behovet for ytterlegare endringar i innhaldspliktene til NRK. Ny NRK-plakat følgjer til sist i kapittelet.

Departementet presiserer at endringar i detaljgraden og dei konkrete innhaldspliktene i NRK-plakaten nedanfor må ta omsyn til det redaksjonelle sjølvstendet til NRK.

3.2 Bakgrunn

NRK-plakaten inneheld Stortinget sine overordna krav og rammer for NRK og fastset dermed fellesskapet sine forventingar til NRK sitt tilbod. Stortinget vedtok plakaten i 2007, og sidan er han blitt endra fleire gonger. Introduksjonen av NRK-plakaten blei grunngitt mellom anna med eit ønske om at dei overordna krava Stortinget har til NRK si allmennkringkastingsverksemd er samla i eitt dokument. Det blei vidare framheva at NRK-plakaten skulle fungere som eit politisk styringsdokument og eit utgangspunkt for diskusjonar på politisk nivå.1 Ved at overordna krav til NRK sitt allmennkringkastaroppdrag blir avgjorde i Stortinget, sikrar ein òg ein demokratisk prosess rundt oppdraget.

NRK-plakaten er det politiske styringsdokumentet for allmennkringkastingstilbodet og verksemda til NRK. Generalforsamlinga står for den formelle eigarstyringa av NRK. Det inneber at heile NRK-plakaten må takast inn i selskapsvedtektene for å bli formelt bindande for NRK. Plakaten legg på denne måten føringar for generalforsamlinga sitt høve til å fastsetje meir detaljerte reglar i vedtektene.

3.3 Endringar i NRK-plakaten

3.3.1 Ein meir overordna NRK-plakat

Det går fram av Stortingets innstilling til allmennkringkastingsmeldinga at komitéfleirtalet «ønsker en mer overordnet og forenklet NRK-plakat vedtatt i Stortinget. Flertallet viser til dagens NRK-plakat og ønsker følgende justeringer: […]» Kulturdepartementet forstår Stortinget slik at dagens NRK-plakat er utgangspunktet for innhaldsjusteringane som er etterspurde, men at departementet sine forslag til forenkling og innhaldsjusteringar i allmennkringkastingsmeldinga kan leggjast til grunn.

Dagens NRK-plakat er relativt detaljert og inneheld 38 punkt med overordna og detaljerte føringar for NRK si verksemd. Heile plakaten er teken inn i vedtektene til NRK. I allmennkringkastingsmeldinga la departementet opp til eit skilje mellom NRK-plakaten og NRK sine vedtekter ved at oppdraget til NRK blir fastsette i ein meir overordna NRK-plakat, mens meir detaljerte reglar for oppdraget til NRK heller burde komme fram av vedtektene. NRK-plakaten departementet la fram var mindre detaljert, men vidareførte i all hovudsak innhaldet i den gjeldande NRK-plakaten med nokre få justeringar. Plakaten blei redusert frå 38 til 12 punkt. Departementet tok inn ei føresegn som presiserte at NRK har eit sjølvstendig ansvar for mediemangfaldet. Vidare blei det understreka at NRK har eit særleg beredskapsansvar. Departementet tok óg inn eit generelt prinsipp om universell utforming av allmennkringkastingstilbodet, og ville at NRK sin tilgang til å ha reklame på internett blir fjerna. Departementet la i tillegg til at allmennkringkastingsoppdraget til NRK skal oppfyllast ved å tilby tenester som i hovudsak er av redaksjonell karakter.

Departementet legg til grunn at NRK-plakaten blir oppheva og erstatta med ein ny og meir overordna plakat i tråd med den plakaten som blei lagt fram i allmennkringkastingsmeldinga. Ny NRK-plakat blir presentert i punkt 3.5 til sist i kapittelet. Prinsippa som følgjer av denne plakaten, skal takast inn i vedtektene til NRK og leggjast til grunn for meir detaljerte føresegner i vedtektene som generalforsamlinga i NRK fastsett.

Boks 3.1 Departementet sin konklusjon om detaljgrad for ny NRK-plakat

  • NRK-plakaten skal opphevast og erstattast av ein ny og meir overordna NRK-plakat.

  • NRK-plakaten skal takast inn i vedtektene til NRK og leggjast til grunn for meir detaljerte føresegner som generalforsamlinga i NRK fastsett.

3.3.2 Endring av innhaldsplikter i NRK-plakaten

Familie- og kulturkomiteen har i merknadene sine bedd om enkelte konkrete endringar i NRK-plakaten. I tråd med merknadene vurderer departementet endringar knytte til mediemangfald, geografisk nærvær, beredskap og reklame og innhaldstilbod på internett.

3.3.2.1 Reklame på internett

Komitéfleirtalet meinte at «[d]agens adgang til reklame på nett bør fjernes», og at NRK-plakaten bør justerast i tråd med dette. Vidare går det fram av ein fleirtalsmerknad at «NRK ikke skal ha inntekter fra reklame».

Den gjeldande NRK-plakaten § 16b har eit forbod mot reklame på radio, fjernsyn og tekst-tv. Allmennkringkastingstilbodet skal heller ikkje innehalde spesielle salsfremjande tilvisingar til tenesta og produkta til konsernet. Ifølgje NRK-plakaten § 16c kan NRK på nærmare oppgitte vilkår ha reklame på internett, med unntak for nettsider som har barn som målgruppe. NRK har frå 2010 ikkje nytta seg av tilgangen til å ha reklame på internett.

Departementet viser til forslaget i allmennkringkastingsmeldinga om å fjerne NRK sitt løyve til å ha reklame på internett. Det blei då foreslått å ta føresegna om forbod mot reklame inn i selskapsvedtektene. Departementet la til grunn at NRK i all hovudsak bør finansierast med kringkastingsavgifta, og at NRK er i ein særeigen posisjon i den norske mediemarknaden fordi selskapet ikkje treng å ta kommersielle omsyn i den daglege drifta. Omsynet til dei kommersielle konkurrentane til NRK, som i motsetning til NRK er avhengige av marknadsfinansiering, tilseier at NRK i stor grad bør avstå frå kommersielle inntekter. Vidare viste departementet til at det er ønskjeleg å markere prinsippet om at NRK i størst mogleg grad skal vere ikkje-kommersiell, med å fjerne det formelle løyvet til å tilby reklame. Det er mellom anna positivt for mediemangfaldet at NRK har tilbod til publikumsgrupper som skil seg frå publikumsgruppene som dei reklamefinansierte aktørane siktar seg inn mot.

NRK sitt generelle forbod mot reklame i alle medium bør vere tydeleg spegla i eit forbod i NRK-plakaten mot reklame på internett. Departementet tar derfor inn ei føresegn i NRK-plakaten som generelt forbyr reklame i allmennkringkastingstilbodet til NRK.

3.3.2.2 Innhaldet i allmennkringkastaroppdraget på internett

Komitéfleirtalet peiker på at «viktigheten av å ivareta allmennkringkasteroppdraget på nett bør utdypes og presiseres», og ønskjer at NRK-plakaten blir justert i tråd med dette. Komiteen legg vidare vekt på at «NRK – som andre medier – bør ha full frihet til å ta i bruk de plattformer de ønsker, for å nå ut til befolkningen».

Departementet viser til at NRK sin posisjon på internett, mellom anna den nasjonale nyheits- og aktualitetstenesta, blei drøfta i allmennkringkastingsmeldinga. Departementet meiner det er viktig at NRK kan nå ut på dei plattformene publikum bruker. Det gjer det lettare for selskapet å vere innovativt og relevant for publikum. NRK må få rom til å utvikle innhaldstilbodet sitt i tråd med interessene til publikum, og dei må ha fridom til å publisere innhaldet sitt der dei ønskjer, jf. òg Stortinget sine merknader på dette punktet.

NRKs tilgang til å etablere nye tenester på nett er elles avgrensa av kravet til førehandsgodkjenning av framtidige tenester som vesentleg skil seg frå det eksisterande allmennkringkastingstilbodet til NRK, jf. kringkastingsforskrifta § 6-1. I samsvar med kringkastingslova § 6-1a er det Kongen i statsråd som kan førehandsgodkjenne nye NRK-tenester. I allmennkringkastingsmeldinga varsla departementet at det vil vurdere å flytte kompetansen til å førehandsgodkjenne nye NRK-tenester frå Kongen i statsråd til Medietilsynet. Departementet vil komme tilbake til dette spørsmålet i samband med den varsla revisjonen av kringkastingslova.

Departementet anbefaler at NRK sitt allmennkringkastaroppdrag på nett blir synleggjort i NRK-plakaten i ei føresegn om at NRK skal vere til stades og utvikle nye tenester på alle viktige medieplattformer, også internett, for å nå breiast mogleg ut med det samla programtilbodet.

3.3.2.3 Mediemangfald

I innstillinga til allmennkringkastingsmeldinga påpeiker komitéfleirtalet at «et selvstendig ansvar for å bidra til mediemangfold bør understrekes» i NRK-plakaten.

Departementet viser til konklusjonen i allmennkringkastingsmeldinga om å presisere NRK sitt ansvar for mediemangfaldet i NRK-plakaten. Departementet understreker at NRK skal fungere som eit korrektiv til marknaden ved å tilby innhald og program som kommersielle aktørar ikkje tilbyr. Vidare bør NRK halde ved like eller styrkje mediemangfaldet ved å ta omsyn til kommersielle aktørar. Det kan mellom anna gjerast ved at NRK er tilbakehaldne med å sitere saker som kommersielle medium har lagt bak ein betalingsmur, eller ved at NRK i større grad lenkjer til andre medium når ein siterer frå saker.

Departementet vil vidareføre konklusjonen frå i allmennkringkastingsmeldinga. Føresegna presiserer at NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet, som skal takast inn i NRK-plakaten.

3.3.2.4 Nærvær i alle fylke

Komitéfleirtalet meiner at eit «krav om tilstedeværelse i alle fylker bør inkluderes» i NRK-plakaten. Komiteen viser til «viktigheten av at allmennkringkastere dekker det geografiske mangfoldet i Norge, både gjennom distriktstilbud på radio, tv, nett og ved lokalt nærvær».

Den gjeldande NRK-plakaten § 14a) krev at «NRK skal reflektere det geografiske mangfoldet i Norge og ha et godt lokalt tilbud og lokal tilstedeværelse». I allmennkringkastingsmeldinga foreslo departementet å vidareføre denne føresegna i NRK-plakaten.

NRK er alt representert i alle fylke. Av omsyn til sjølvstendet og ønsket om å ha ei mest mogleg rasjonell drift bør NRK framleis ha handlefridom til sjølv å bestemme korleis distriktskontora skal organiserast. På dette grunnlaget presiserer departementet at kravet om nærvær i alle fylke ikkje kan lesast som at NRK til dømes skal ha eit eige distriktskontor i kvart enkelt fylke.

Departementet vil presisere eit krav om at NRK skal vere til stades i alle fylke i NRK-plakaten.

3.3.2.5 Beredskap

Komitéfleirtalet ønskjer at «NRKs beredskapsansvar konkretiseres i plakaten».

I allmennkringkastingsmeldinga foreslo departementet å tydeleggjere det særskilde beredskapsansvaret til NRK. Følgjande ordlyd blei derfor foreslått i NRK-plakaten: «NRK skal legge til rette for at styremaktene kan nå ut til befolkningen med informasjon over kringkastingsnett ved nasjonale kriser og katastrofer.» NRK har som offentleg finansiert allmennkringkastar særskilde plikter under beredskap og krig. NRK er etter kringkastingslova § 2-4 pålagd å sende meldingar frå statsmyndigheiter når det har vesentleg betyding. Vidare har NRK plikt til å treffe særskilde beredskapstiltak for å sikre at informasjon frå regjeringa når befolkninga under beredskap og krig, jf. forskrift om beredskapspliktene til NRK § 12. Av den same føresegna følgjer det at NRK skal ta beredskapsomsyn når dei byggjer ut anlegget sitt. NRK er òg pålagd ei aktivitetsplikt knytt til utarbeiding av relevante beredskapsplanar, planlegging av eigne anlegg med tanke på beredskap og deltaking i øvingar som ledd i det sivilmilitære samarbeidet om totalforsvaret.

Departementet vil på dette grunnlaget, i samsvar med oppmodinga frå Stortinget, vidareføre ordlyden om beredskap i NRK-plakaten frå allmennkringkastingsmeldinga, samtidig som det blir understreka at NRK skal ha eit særleg beredskapsansvar.

Boks 3.2 Departementet sine konklusjonar om innhaldspliktene i NRK-plakaten

Plakaten som blei lagt fram i allmennkringkastingsmeldinga vidareføres med følgjande justeringar:

  • Det blir innført eit krav om at NRK skal vere til stades i alle fylke.

  • Det blir presisert at NRK skal ha eit særleg beredskapsansvar.

  • Det blir teke inn ei føresegn om at NRK skal vere til stades på, og utvikle nye tenester på, alle viktige medieplattformer, også internett, for å nå så breitt som mogleg ut med sitt samla programtilbod.

  • Det blir teke inn ei føresegn om at NRKs allmennkringkastingstilbod skal vere reklamefritt og ikkje skal innehalde spesielle salsfremjande tilvisingar til dei kommersielle tenestene og produkta til konsernet.

3.4 Vurdering av andre innhaldsplikter

Departementet har i punkt 3.3.2 lagt fram endringar i NRK-plakaten på bakgrunn av merknader frå Stortinget. Stortinget har i tillegg knytt merknader til enkelte andre tema i innhaldstilbodet til NRK som departementet vurderer nedanfor.

3.4.1 Norskspråkleg musikk

Komitéfleirtalet viser til at «den norske musikkbransjen står overfor flere utfordringer som potensielt kan påvirke eksponeringen og konsumet av norsk musikk. […] NRK har et særskilt, kulturpolitisk grunngitt ansvar for å fremme norsk kultur. Flertallet støtter meldingens forslag om at plikten til å sende norsk musikk i NRK P1, P2 og P3 blir økt fra 35 prosent til 40 prosent». Komitéfleirtalet meiner at «det også bør vurderes om en andel av dette skal være norskspråklig musikk».

Kulturdepartementet har i vurderinga av eit eventuelt innhaldskrav om norskspråkleg musikk henta inn tal frå NRK, som viser at prosentdelen norsk språk i kategorien norsk musikk er 66,3 for P1, 18,6 for P2 og 29,23 for P3. NRK kommenterer at norskspråkleg musikk er godt eigna for radiomediet, for lyttarane opplever då musikken, artisten og innhaldet som nærmare. Vidare peiker NRK på at rolla deira er å spegle det norske musikklivet, og at det er formålstenleg å sjå norsk musikk i eit større perspektiv med ein global marknad for å bidra til å skape store artistar frå Noreg.

NRK viser at selskapet er bevisst på rolla som viktig bidragsytar til det norske musikklivet. Ein stor del av den norske musikken NRK speler i P1, P2 og P3, er norskspråkleg. NRK viser til at musikkindustrien er stadig meir globalisert, og mange norske artistar når langt ut over landegrensene med musikken sin – fortrinnsvis på engelsk. Eit eventuelt krav om ein større prosentdel norskspråkleg musikk vil kunne gjere det vanskelegare å løfte fram norske artistar med eit internasjonalt potensial. Departementet vil derfor ikkje fastsetje ei plikt for NRK til å spille ein viss prosentdel norskspråkleg musikk.

3.4.2 Nye talent og lokale artistar

Komitéfleirtalet ønskjer at «NRK forpliktes til å ta et større ansvar for å løfte frem nye talenter og lokale artister, for eksempel i distriktssendingene».

NRK prioriterer i dag å presentere ukjende norske artistar både på P1, P2 og P3 i tillegg til i nye kanalar. Døme på program er Nitimen, Norsk på norsk, Musikksjefen, Stjernepose og Spillerom. NRK arrangerer òg P3 Gull – eit musikkshow og ei prisutdeling som når igjennom til eit stort ungt nasjonalt publikum med nye stjerner innanfor popmusikk. Programma på nye kanalar er ei utviding av musikktilbodet til NRK og kan dermed vere ein døropnar for nye norske talent. Eit meir etablert tilbod for nye talent er Urørt. Programmet kårar vekas, månadens og årets Urørt og sørgjer for at talenta blir eksponerte på riksdekkjande radio. Til dømes er artistar som Kygo og Lars Vaular blitt eksponerte gjennom Urørt.

For lokale artistar er distriktssendingane til NRK viktige. NRK har gjennom lokalkontora kontakt med lokale musikkmiljø i distrikta. Distriktskontora samarbeider med musikkredaksjonen i Trondheim for å fange opp musikk i distriktet sitt.

Departementet meiner det er viktig at NRK bidreg til å løfte fram nye talent og lokale artistar. NRK har allereie eit omfattande programtilbod som vernar om nye talent og lokale artistar. Omsynet til det redaksjonelle sjølvstendet tilseier at NRK ikkje bør bli pålagd meir detaljerte føringar på dette punktet. Departementet ser det derfor ikkje som formålstenleg med ei meir spesifikk føring for NRK om å løfte fram nye talent og lokale artistar.

3.4.3 Tilbod til personar som ikkje meistrar norsk

Komitéfleirtalet viser til at

«meldingen nevner at NRK har lavere oppslutning i innvandrerbefolkningen enn i befolkningen totalt sett. Siden meldingen ble lagt frem, har situasjonen knyttet til flyktninger, mangfold og integrering blitt aktualisert ytterligere. Det er mange som ikke behersker det norske språket, og i enkelte tilfeller er det også en realitet at slik språkmestring ikke kommer til å finne sted i resten av levetiden. Komiteen ønsker at allmennkringkasterrollen kan benyttes til å gi informasjon om norske tilstander og norsk offentlig debatt også til dem som ikke mestrer norsk».

Departementet understrekar at NRK har ein viktig demokratisk funksjon for heile det norske samfunnet. Det er derfor naturleg å vurdere i kva grad NRK skal vere tilgjengeleg for den delen av den norske befolkninga som ikkje meistrar norsk, slik Stortinget ber om. I allmennkringkastingsmeldinga presiserte departementet at NRK kontinuerleg må vurdere korleis dei best formidlar kunnskap om det fleirkulturelle Noreg og speglar mangfaldet i befolkninga. I samband med det poengterte departementet at det er viktig at NRK har fokus på å nå ut til heile befolkninga.

Departementet har bedd NRK om å greie ut om i kva grad tilbodet skal gjerast tilgjengeleg for dei som ikkje meistrar norsk. NRK har opplyst at dei våren 2016 kartla behov og moglegheiter for å lage eit innhaldstilbod for denne gruppa. NRK er no i gang med å teste ut enkelte prosjekt som er berekna på grupper som ikkje meistrar norsk. Mellom anna arbeider NRK med å leggje til rette aktuelle saker frå norsk kvardagsliv som skal sendast ein gong i veka. Innhaldet vil hovudsakleg bestå av «Norge i dag»-reportasjar, som NRK Skole lagar nye versjonar av på ulike språk og publiserer på nettsida si. Vidare har NRK starta prosjektet «Skole for flere», som er retta mot einslege mindreårige asylsøkjarar (12–18 år) som sit på mottak, og som skal få eit alternativt undervisningsopplegg på sitt eige språk. NRK tilbyr her utvalde program og innslag dubba på fem forskjellige språk (arabisk, pashto, dari, kurmanji og tigrinja).

NRK Super jobbar med ein nettstad som inneheld ein digital velkomstpakke til barn som er nye i Noreg. Her skal barna få informasjon om ulike sider av livet i Noreg – på barna sine premissar. Målgruppa er barn i alderen 4–12 år. Nettstaden vil ha innhald som er spesielt produsert for dette formålet, og lenkjer til anna relevant innhald. Ambisjonen er å bidra til at barn som er nye i Noreg, opplever at dei blir sette og forståtte – og at dei får hjelp til å finne den nye identiteten som barn i Noreg. Lanseringstidspunktet for nettstaden er ikkje klart.

Departementet meiner at NRK gjennom dei nemnde prosjekta ovanfor viser at dei arbeider med å lage innhald for personar som ikkje meistrar norsk. Det viser mellom anna til at det går fram av § 14c i NRK sine vedtekter at «NRK skal formidle kunnskap om ulike grupper og om mangfoldet i det norske samfunnet. NRK skal skape arenaer for debatt og informasjon om Norge som et flerkulturelt samfunn». Departementet meiner derfor at det ikkje er behov for ytterlegare plikter om å ha eit tilbod til personar som ikkje meistrar norsk.

Boks 3.3 Ny NRK-plakat

Nedanfor følgjer ein ny versjon av departementet sitt forslag til NRK-plakat. Endringane frå forslaget i allmennkringkastingsmeldinga er kursiverte.

§ 1

NRK skal ha som formål å oppfylle demokratiske, sosiale og kulturelle behov i samfunnet.

§ 2

NRK skal vareta ytringsfridom og ytringsvilkår for borgarane. NRK skal vere redaksjonelt uavhengig og vere balansert over tid. NRK skal bidra til å fremje den offentlege samtala og medverke til at heile befolkninga får tilstrekkeleg informasjon til å kunne vere aktivt med i demokratiske prosessar.

§ 3

NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet.

§ 4

NRKs allmennkringkastingstilbod skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga. NRK skal ta omsyn til funksjonshemma i utforminga av tilbodet sitt.

§ 5

NRK skal styrkje det norske og dei samiske språka, og styrkje norsk og samisk identitet og kultur. Ein stor del av tilbodet skal ha norsk forankring og avspegle det kulturelle mangfaldet i folket. NRK skal ha daglege sendingar for den samiske befolkninga. NRK skal ha program for nasjonale og språklege minoritetar.

§ 6

NRK skal formidle norsk kultur og ein brei variasjon av norske kunstuttrykk frå mange ulike kunstnarar, ubundne miljø og kulturinstitusjonar. NRK skal formidle norsk musikk, film og drama og stimulere norske produksjonsmiljø.

§ 7

NRKs tilbod skal spegle Noregs religiøse arv og mangfald av livssyn og religion i det norske samfunnet.

§ 8

NRKs tilbod skal i hovudsak ha norskspråkleg innhald, og minst 25 pst. av innhaldet skal vere på nynorsk.

§ 9

NRK skal reflektere det geografiske mangfaldet i Noreg og ha eit godt lokalt tilbod. NRK skal vere til stades i alle fylke.

§ 10

NRKs tilbod skal i hovudsak vere av redaksjonell karakter. NRK skal streve etter høg kvalitet, mangfald og nyskaping. NRKs tilbod skal ha tematisk og sjangermessig breidde. NRKs tilbod skal appellere til alle aldersgrupper.

§ 11

NRK skal fremje borns rett til ytringsfridom og informasjon, og skjerme borna mot skadelege former for innhald. NRK skal ha norskspråklege program for born under 12 år, jamlege norskspråklege program for unge, og jamlege program for born og unge på dei samiske språka.

§ 12

NRK skal ha eit særleg beredskapsansvar. NRK skal leggje til rette for at styremaktene kan nå ut til befolkninga med informasjon over kringkastingsnett ved nasjonale kriser og katastrofar.

§ 13

NRK skal vere til stades på, og utvikle nye tenester på, alle viktige medieplattformer, også internett, for å nå så breitt som mogleg ut med sitt samla programtilbod.

§ 14

NRKs allmennkringkastingstilbod skal vere reklamefritt og skal ikkje innehalde spesielle salsfremjande tilvisingar til dei kommersielle tenestene og produkta til konsernet.

Fotnotar

1.

St.meld. nr. 6 (2007–2008) NRK-plakaten – Noe for alle. Alltid

2.

Forskrift om virksomheten i Norsk rikskringkasting under beredskap og i krig.

Til forsida