6 Direktesending av store idrettshendingar
6.1 Innleiing og bakgrunn
I samband med at Stortinget behandla allmennkringkastingsmeldinga Meld. St. 38 (2015–2016) Open og opplyst, blei det gjort eit oppmodingsvedtak (vedtak nr. 500) der Stortinget ber «regjeringen legge fram en sak om hvordan direktesending av store idrettsbegivenheter av nasjonal betydning i framtiden kan være tilgjengelig for det norske folk på en allmennkringkaster eller annen åpen kanal».
Bakgrunnen for oppmodingsvedtaket går fram av familie- og kulturkomiteen si innstilling til meldinga, Innst. 178 S (2015–2016), der komiteen viser til:
«(...) at store idrettsarrangementer av nasjonal interesse gjennom tidene har vært en viktig del av allmennkringkasternes tilbud og samlende begivenheter for det norske folk. Det er sterk konkurranse om tv-rettighetene til store internasjonale idrettsarrangementer, og det blir en større utfordring å sikre at slike er tilgjengelige for hele det norske publikum. Komiteen ser det som et mål at slike begivenheter bør være tilgjengelig på en allmennkringkaster, eventuelt en annen åpen kanal. Dette kan sikres gjennom samarbeid mellom norske og nordiske kringkastingsaktører der det er naturlig. Det kan også kreve andre virkemidler og være avhengig av økonomiske prioriteringer.»
I tråd med oppmodinga frå Stortinget vurderer departementet i det følgjande om store idrettshendingar som er av nasjonal interesse, i framtida bør vere tilgjengelege for det norske folket på ein allmennkringkastar eller ein annan open kanal.
6.2 Gjeldande regelverk
6.2.1 Formål og heimel for reguleringa
I 2013 blei det vedteke reglar om utnytting av rettane til fjernsynsoverføring av hendingar som er viktige for samfunnet.1 Formålet med reglane er å leggje til rette for at hendingar som er viktige for samfunnet sendast på vederlagsfritt fjernsyn som ein stor del av fjernsynssjåarane får inn.
Reglane er vedtekne med heimel i kringkastingslova § 2-8.2 Kringkastingslova § 2-8 gjennomfører AMT-direktivet3 artikkel 14 om listeføring av hendingar av vesentleg samfunnsmessig interesse. I samsvar med AMT-direktivet artikkel 14 kan den enkelte EØS-medlemsstaten sørgje for at fjernsynsselskap som er underlagde jurisdiksjonen til denne staten, ikkje utnyttar einerettar til fjernsynsoverføring av hendingar som medlemsstaten reknar som viktige for samfunnet, på ein slik måte at store delar av befolkninga blir hindra i å kunne følgje slike hendingar på vederlagsfritt fjernsyn. Det er opp til medlemslanda sjølve å ta stilling til om dei ønskjer å innføre eit slikt regelverk. I tråd med føresegnene i direktivet, har mellom anna Belgia, Finland, Frankrike, Irland, Italia, Litauen og Storbritannia listeført store idrettsarrangement og enkelte kulturelle hendingar.
AMT-direktivet pliktar medlemsstatane å sikre at fjernsynskanalar som er under medlemsstaten sin jurisdiksjon, ikkje utnyttar einerettar på ein slik måte at ein «betydelig del av seerne» i ein annen medlemsstat ikkje får sjå hendingar som denne andre medlemsstaten har sett på ei liste som er godkjend av EU-kommisjonen eller EFTA sitt overvakingsorgan. Dei norske reglane blei godkjende av EFTA sitt overvakingsorgan i 2013.4 Det vil seie at til dømes fjernsynskanalen TV3, som er under britisk jurisdiksjon, må rette seg etter det norske regelverket om hendingar som er viktige for samfunnet.
6.2.2 Hendingane på lista
Minst to av dei fire kriteria som EU-kommisjonen har utforma5 må vere oppfylte for at ei hending skal kunne listeførast:
Hendinga er tradisjonelt blitt send i vederlagsfritt fjernsyn og har vore følgd av ein stor del av fjernsynssjåarane i den aktuelle medlemsstaten.
Hendinga er av særleg allmenn kulturell vekt for befolkninga i den aktuelle medlemsstaten som ein del av den kulturelle identiteten til medlemsstaten.
Eit nasjonalt lag deltek i ei større internasjonal hending.
Hendinga har særleg allmenn vekt i den aktuelle medlemsstaten og ikkje berre for dei sjåarane som vanlegvis følgjer aktiviteten.
I samsvar med kringkastingsforskrifta § 5-1 er følgjande hendingar å rekne som hendingar som er viktige for samfunnet i Noreg:
Heile OL, både sommar- og vinterleikane, arrangert av Den internasjonale olympiske komité (IOC)
Heile VM i fotball for menn, inkludert kvalifiseringskampar med norsk deltaking, arrangert av Fédération Internationale de Football Association (FIFA)
Heile EM i fotball for menn, inkludert kvalifiseringskampar med norsk deltaking, arrangert av Union of European Football Associations (UEFA)
Heile VM i handball for kvinner, arrangert av International Handball Federation (IHF)
Heile EM i handball for kvinner, arrangert av European Handball Federation (EHF)
Cupfinalen i fotball for menn, arrangert av Norges Fotballforbund (NFF)
Heile VM på ski i nordiske greiner, arrangert av Det internasjonale skiforbundet (FIS)
Heile VM i alpint, arrangert av Det internasjonale skiforbundet (FIS)
Holmenkollen FIS World Cup Nordic
Heile VM i skiskyting, arrangert av International Biathlon Union (IBU)
6.2.3 Kvalifiserte fjernsynskanalar
Ein fjernsynskanal kan bli motteken av ein betydeleg del av sjåarane på vederlagsfritt fjernsyn dersom minst 90 prosent av sjåarane kan få han inn utan ekstra kostnader i tillegg til kringkastingsavgifta og/eller ei grunnpakkeavgift, jf. kringkastingsforskrifta § 5-2. I praksis vil det seie at fjernsynskanalar som ligg i grunnpakkane hos satellittoperatørane eller RiksTV, er kvalifiserte, sidan desse distribusjonsnetta kvar for seg har ei teknisk dekning på over 90 prosent. Dekningskravet er teknologinøytralt. Det vil seie at dekninga blir berekna etter tv-kanalen si samla dekning i alle nett som kan distribuere fjernsyn, inkludert distribusjon av fjernsynskanalar over internett.
6.2.4 Rettar og plikter
Regelverket inneber ikkje at kvalifiserte fjernsynskanalar har ei plikt til å kjøpe rettane til hendingane på lista. Kvalifiserte fjernsynskanalar har heller ikkje fortrinnsrett til å kjøpe rettane til hendingane på lista. Andre fjernsynskanalar (ikkje-kvalifisertefjernsynskanalar) kan dermed skaffe seg eksklusive senderettar til hendingane på lista. Dersom det skjer, inneber likevel regelverket ei plikt for den ikkje-kvalifiserte fjernsynskanalen å selje senderettane til ein kvalifisert tv-kanal så sant tv-kanalen ber om rettane innan ti månader før hendinga skal finne stad, og er villig til å kjøpe desse til marknadspris, jf. kringkastingsforskrifta § 5-3 bokstav e. Det følgjer av dette at dersom rettane blir tilbydde mot rimeleg vederlag og det blir takka nei, vil ikkje føresegna vere broten. I slike tilfelle kan ein ikkje-kvalifisert fjernsynskanal fritt utnytte eksklusive senderettar til hendingane på lista.
Dersom partane ikkje blir einige om vederlag for senderettane til hendingane på lista, kan kvar av partane seinast seks månader før hendinga skal finne stad, be Medietilsynet om å fastsetje vederlag for rettane til hendinga, jf. kringkastingsforskrifta § 5-3 bokstav d. Medietilsynet har vedteke retningslinjer for å fastsetje vederlag ved vidaresal av rettane i samsvar med marknadsmessige prinsipp.6
Kvalifiserte fjernsynskanalar som har erverva rettane til ei av hendingane på lista frå ein ikkje-kvalifisert kringkastar med heimel i § 5-3, må sende hendinga på lista direkte med mindre sendinga er om natta mellom klokka 24.00 og klokka 06.00, hendinga består av fleire parallelle hendingar, eller andre forhold tilseier at det vil vere av allmenn interesse at hendinga blir send delvis direkte eller heilt eller delvis i opptak. Andre forhold vil til dømes vere at ei direktesending kolliderer med ekstra nyheitssendingar eller andre forhold som tilseier at det er i sjåarane si interesse at sendinga blir send delvis direkte eller heilt eller delvis i opptak.
6.3 Departementet si vurdering
Etter departementet si vurdering tek det gjeldande regelverket om hendingar som er viktige for samfunnet, vare på formålet med oppmodingsvedtaket til Stortinget. Formålet med reglane er å leggje til rette for at dei store idrettshendingane som er av størst nasjonal interesse, blir viste på fjernsynskanalar som folk flest får inn.
Departementet er einig med komiteen om at prisane for tv-rettane til ei rekkje idrettsarrangement har auka dei siste åra. Men sidan regelverket tok til å gjelde 1. juli 2014, er likevel alle hendingane på lista blitt viste på tv-kanalar som folk kan få inn utan ekstra kostnader i tillegg til kringkastingsavgifta og/eller grunnpakkeavgifta. For framtidige idrettshendingar viser departementet til at NRK og TV 2 saman har fått rettane til å vise fotball-VM for menn i 2018 og 2022, og at TV 2 har kjøpt rettane til alle EM- og VM-kvalifiseringane i fotball for menn frå 2018 til 2022. Discovery (som eig den norske kanalen TVNorge og dei britiske kanalane Fem, Max og Vox, som rettar sendingane sine mot Noreg) har kjøpt alle OL-rettane for perioden 2018 til 2024. NRK har kjøpt dei internasjonale rettane til VM i nordiske greiner og VM i alpint fram til 2021. Departementet legg derfor til grunn at mange av dei store idrettshendingane som er av nasjonal interesse, vil vere tilgjengelege for det norske folket utan ekstra kostnader dei nærmaste åra. Departementet reknar òg med at idretten sjølv ønskjer at store idrettsarrangement skal nå ut til heile befolkninga.
Departementet registrerer at Stortinget ønskjer ei vurdering av korleis store idrettshendingar kan gjerast tilgjengelege for det norske folket på ein «allmennkringkaster eller annen åpen kanal». Departementet viser her til at blant dei etablerte tv-kanalane i Noreg, er det berre NRK sine tv-kanalar folk kan få inn ope og ukryptert utan særskild brukarbetaling. Enkelte nettaktørar, til dømes VGTV, tilbyr òg i nokon grad større idrettshendingar gratis over internett. Det er likevel ein forretningsmodell med avgrensa omfang. Departementet vil derfor åtvare mot ei løysing der tilgjengeleggjering av store idrettshendingar skal avgrensast til ein «open kanal», for i praksis vil det berre omfatte NRK og nokre få nettbaserte tv-tenester. Departementet vil av same grunn åtvare mot ei avgrensing til allmennkringkastarar. Departementet viser til at definisjonen av vederlagsfrie tv-kanalar i det gjeldande regelverket omfattar kanalar som 90 prosent av befolkninga kan få inn utan ekstra kostnader i tillegg til kringkastingsavgifta og/eller grunnpakkeavgifta (den billegaste kanalpakken som fjernsynsdistributørane tilbyr eller krev at ein abonnerer på). Regelverket omfattar derfor kanalar som folk flest får inn, og som det i liten grad er økonomisk belastande å abonnere på. Samtidig opnar denne definisjonen for at fleire kanalar blir rekna som «kvalifiserte». Det bidreg til at regelverket er proporsjonalt, og avgrensar eventuelle uheldige konkurranseverknader av regelverket. Konkurransetilsynet har åtvara mot etableringa av regelverket fordi det vil kunne få uheldige konkurransemessige verknader, mellom anna for konkurransen mellom fjernsynskanalane.7 Dersom regelverket eventuelt skulle ha blitt endra til berre å omfatte «opne kanalar eller allmennkringkastarar», ville det avgrense talet på kvalifiserte kanalar og kunne svekkje konkurransen mellom fjernsynskanalane. Det ville vidare kunne redusere inntektene til idretten. Det kan òg vere EØS-rettslege hindringar mot å gjere dette.
Komiteen peiker på at tilgangen til store idrettsarrangement kan sikrast gjennom samarbeid mellom norske og nordiske kringkastingsaktørar der det er naturleg. Komiteen meiner vidare at tilgang til hendingane òg vil krevje andre verkemiddel og vere avhengig av økonomiske prioriteringar. Departementet viser til at det finst døme på samarbeid mellom norske kringkastarar om kjøp av rettar til store idrettsarrangement; som nemnt har NRK og TV 2 samarbeidd om å kjøpe rettane til fotball-VM i 2018 og 2022. Departementet har ingen motførestillingar mot slikt samarbeid, verken på norsk eller nordisk nivå, så lenge det ikkje strir mot konkurranseretten. Departementet meiner likevel at slikt samarbeid må initierast av kringkastarane sjølve, utan innblanding frå myndigheitene. Det same gjeld økonomiske prioriteringar. Departementet meiner at til dømes NRK si oppfylling av allmennkringkastingsoppdraget bør skje ut frå selskapet sine eigne redaksjonelle prioriteringar, og at det vil vere uheldig for den redaksjonelle fridommen til NRK om staten som eigar skal leggje detaljerte føringar for dei økonomiske prioriteringane til selskapet.
Boks 6.1 Departementet sine konklusjonar om direktesendingar av store idrettshendingar
Dagens forskriftsføresegn om utnytting av rettane til fjernsynsoverføring av hendingar som er viktige for samfunnet, dekkjer formålet med oppmodingsvedtaket til Stortinget.
Fotnotar
Forskrift 28. februar 1997 nr. 153 om kringkasting og audiovisuelle medietjenester (kringkastingsforskrifta), kapittel 5
Lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting og audiovisuelle medietjenester (kringkastingslova)
Europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/13/EU om audiovisuelle medietjenester (AMT-direktivet)
EFTA Surveillance Authority Decision No 309/13/COL of 16 July 2013
European Commission Working Document CC TVSF (97) 9/3
Retningslinjer juli 2014 – Fastsettelse av vederlag for senderettigheter av vesentlig samfunnsmessig betydning
Konkurransetilsynets høringsuttalelse – listeføring av begivenheter av vesentlig samfunnsmessig betydning