3 Langsiktig og berekraftig ressursforvaltning
Utvinning av mineral og metall frå havbotnen kan i framtida bli ei ny og viktig næring for Noreg og samtidig bidra til å sikre den globale tilgangen på viktige metall. Gjennom opning av område kan også kommersielle aktørar bidra til å få avklart om det finst norske havbotnmineralressursar som er kommersielt attraktive å vinne ut og om utvinning kan gå føre seg på forsvarleg og berekraftig vis.
Undersøking og utvinning av havbotnmineral er i Noreg regulert gjennom havbotnminerallova. Havbotnminerallova er utforma innanfor rammene av den moderne havretten og basert på erfaringar frå den norske verksemda på kontinentalsokkelen elles. Lova legg til rette for undersøking etter og utvinning av mineralførekomstar på norsk kontinentalsokkel i samsvar med samfunnsmessige målsetjingar, slik at ein varetek omsynet til verdiskaping, miljø, tryggleik ved slik verksemd, anna næringsverksemd og andre interesser. Lova slår fast at staten har eigedomsretten til mineralførekomstar på kontinentalsokkelen og eksklusiv rett til ressursforvaltning. Før eit område er opna for mineralverksemd, er det berre staten som kan drive slik verksemd.
Det er dermed først etter at det er gjennomført ein styresmaktstyrt opningsprosess med tilhøyrande konsekvensutgreiing, at det kan tildelast løyve etter lova. Prosessen for å opne for mineralverksemd på havbotnen er eit første steg i ei langsiktig og forsvarleg ressursforvaltning. Formålet med opningsprosessen er å få fram eit oppdatert og samanstilt kunnskapsgrunnlag, slik at ei avgjerd om å opne område for ny næringsaktivitet på sokkelen kan takast på eit så godt fakta- og kunnskapsgrunnlag som mogleg. Sidan dagens kunnskapsgrunnlag har viktige manglar knytte til både livet på havbotnen, havstraumar og korleis ei framtidig utvinning vil skje, vil prosessen etter opning bli lagd opp som ei stegvis utvikling tilpassa kunnskapsgrunnlaget. Kunnskapsgrunnlaget, inklusive miljøkunnskapen, skal styrkjast gjennom både kommersiell aktivitet og statleg finansiert innsats fram mot eventuell utvinning.
Hovudmålet for forvaltninga av havbotnmineral er å leggje til rette for lønnsam utvinning av mineralførekomstar på norsk kontinentalsokkel innanfor berekraftige rammer. Noreg har lang tradisjon for ei heilskapleg, kunnskapsbasert og langsiktig forvaltning av naturressursane der ein ser ulike aktivitetar i samanheng innanfor rammer som tek vare på miljøet. Naturressursane blir forvalta etter etablert sektorlovgiving og gjennomført på ein måte som inneber at ein tek inn over seg oppdatert kunnskap til kvar tid. Ei heilskapleg forvaltning skal sikrast gjennom omfattande og systematiske prosessar der kunnskap om miljø og næringsverksemd blir lagd til grunn for dei avvegingane som blir gjorde. Forvaltningsmodellen er bygd opp slik at alle avgjerder, samtykke og løyve til aktivitet skal baserast på den best moglege kunnskapen som til kvar tid finst. For å dekke dei kunnskapsmanglane som ligg føre, vil regjeringa setje i gang ein prosess for innhenting av miljøkunnskap om områda som blir opna for havbotnmineral.
Oljedirektoratet er departementets fagetat for havbotnmineral og har dei seinare åra bygd opp kompetanse om havbotnmineral på norsk sokkel og forvaltninga av desse. Oljedirektoratet har over fleire år, saman med akademia, samla inn data om ressurspotensialet for havbotnmineral på sokkelen og gjort slike data tilgjengelege for interesserte industriaktørar. I Noreg er det lang tradisjon for å dele relevante data med industriaktørane. Dermed kan fleire få nytte av store mengder data og såleis bidra til både betre og meir effektiv utnytting av desse. For å finne ut om havbotnmineralverksemd kan drivast på berekraftig vis og sikre ei forsvarleg forvaltning, er det avgjerande at miljø- og ressursfaglege etatar også på dette området jobbar tett saman for å gjennomføre den politikken som blir vedteken av Stortinget og regjeringa.
3.1 Sektorregelverk og anna relevant regelverk
Stortinget vedtok lov 22. mars 2019 nr. 7 om mineralvirksomhet på kontinentalsokkelen (havbotnminerallova) basert på Prop. 106 L (2017–2018), jf. Innst. 150 L (2018–2019) og lovvedtak 39 (2018–2019). Energi- og miljøkomiteen viste i innstillinga si til at lova var eit viktig steg for å kunne leggje til rette for verdiskaping innanfor ei ny næring til havs. Komiteen viste også til at havnæringane er ei betydeleg kjelde til inntektene til staten og verdiskapinga og eit område som alltid har vore viktig for Noreg, og at allereie eksisterande kompetanse vil kunne vere ein berebjelke for å skape berekraftige løysingar innanfor ei ny havnæring. Vidare skreiv komiteen i innstillinga at det er viktig at lova om mineralverksemd på kontinentalsokkelen bidreg til klare og føreseielege rammer for ny næringsutvikling, og at lova skal leggje til rette for kommersiell undersøking etter og utvinning av mineralførekomstar på norsk kontinentalsokkel. Komiteen viste vidare til at mineralutvinning må skje innanfor forsvarlege og berekraftige rammer, og at sameksistensen med andre verksemder skal varetakast.
Havbotnminerallova tredde i kraft 1. juli 2019. Formålsregelen i lova er å «[…] legge til rette for undersøkelse og utvinning av mineralforekomster på kontinentalsokkelen i samsvar med samfunnsmessige målsettinger, slik at hensynet til verdiskaping, miljø, sikkerhet ved virksomheten, øvrig næringsvirksomhet og andre interesser blir ivaretatt». Det følgjer av formålsregelen at lova skal fremje forsvarleg forvaltning og uttak av mineralressursane på kontinentalsokkelen gjennom verdiskaping innanfor forsvarlege miljø- og tryggingsmessige rammer.
Havbotnminerallova inneheld mellom anna føresegner om opning av område for undersøking og utvinning av mineral på havbotnen. Før eit område blir opna, skal det gjennomførast ei konsekvensutgreiing som skal bidra til å belyse dei ulike interessene som gjer seg gjeldande på det aktuelle området, slik at dette kan liggje til grunn når det skal takast stilling til om, og eventuelt på kva vilkår, området kan opnast for mineralverksemd. Konsekvensutgreiinga skal belyse kva verknader ei eventuell opning kan få for miljøet, og antatte næringsrelaterte, økonomiske og sosiale verknader. På basis av den faglege utgreiinga og ei avveging mellom ulike omsyn avgjer styresmaktene om aktuelle område bør opnast for mineralverksemd, og eventuelle vilkår for opninga.
Mineralverksemd etter havbotnminerallova skal gå føre seg på ein forsvarleg måte og vareta omsynet til tryggleik for personell, miljø og dei økonomiske verdiane som innretningar og fartøy representerer, jf. havbotnminerallova § 1-7. Føresegna set krav til forsvarleg mineralverksemd, inkludert å gjere alle rimelege tiltak for å unngå skade på naturmangfaldet i havet eller kulturminne på havbotnen og for å unngå forureining og forsøpling.
Etter ei avgjerd om opning, har styresmaktene i hovudsak fire avgjerdspunkt for mineralverksemda, det første er ved utlysing av område, det andre ved ev. tildeling av løyve til verksemd, det tredje er ved behandling av plan for utvinning og det fjerde er ved behandling av plan for avslutning. Ved alle desse avgjerdspunkta gjer styresmaktene vedtak som er naudsynte for at rettshavarane kan halde fram verksemda.
Styresmaktene gjer ei vurdering av kva vilkår som ev. skal gjelde innanfor området som løyvet dekkjer, for å sikre at verksemda kan gjennomførast på forsvarleg og berekraftig vis.
Etter at område er opna, kan det tildelast undersøkingsløyve og utvinningsløyve til kommersielle aktørar. Løyveregimet er basert på dei same hovudtrekka som i petroleumslova. Rettshavaren til eit undersøkingsløyve kan samle inn data og kan selje desse til selskap som vil søkje om utvinningsløyve. Eit undersøkingsløyve er ikkje-eksklusivt og vil vere avgrensa geografisk og i tid. Den aktiviteten som kan skje i medhald av eit undersøkingsløyve, er venta å ha små miljøkonsekvensar, og lova krev derfor ikkje eiga konsekvensutgreiing for slik aktivitet. Departementet kan likevel gi forskrift om eller fastsetje i det enkelte løyvet kva vilkår som blir knytte til løyvet, som krav til teknologi, påkravde tryggingstiltak og krav om å melde inn aktivitetar.
Eit utvinningsløyve er eksklusivt og vil også vere avgrensa geografisk og i tid. Utvinningsløyvet gir såleis einerett til undersøking og til å søkje om godkjenning av plan for utvinning innanfor området som er omfatta av løyvet. Eit utvinningsløyve blir gitt for ein initial periode på inntil ti år med ei tilhøyrande arbeidsforplikting, som inkluderer leiteaktivitet og etterfølgjande avgjerdspunkt for vidareføring eller tilbakelevering. Eineretten som utvinningsløyve gir, legg til rette for langsiktige investeringar i leiteaktivitet og ev. utvinning av havbotnmineral.
Det følgjer av havbotnminerallova § 4-1 at det før tildeling av eit utvinningsløyve som hovudregel skal skje ei utlysing av det området det kan søkjast om løyve for. Det kjem fram av forarbeida at formålet med ei slik offentleg utlysing særleg er å sikre at det blir konkurranse om utvinningsløyve slik at tildelinga skjer «til det selskapet som samlet sett anses best egnet».
Som del av arbeidet med utlysinga vil departementet vurdere om det bør stillast vilkår/krav til korleis rettshavarane skal handtere naturverdiar knytte til sjølve havbotnen. Formålet er å ta omsyn til areal med sårbar natur og skåne viktige miljøverdiar. Grunnlaget for vurderingane blir utarbeidd av fagetatane, slik at dei er baserte på all tilgjengeleg, oppdatert kunnskap.
Etter utlysinga skal alle dei innkomne søknadene evaluerast. Utvinningsløyva skal tildelast på grunnlag av saklege og objektive kriterium når ein tek omsyn til dei aktuelle mineralførekomstane. Kva kriterium tildelinga av utvinningsløyve skal skje på grunnlag av, og kva fristar og vilkår som gjeld, skal gå fram av utlysinga. Havbotnminerallova § 4-2 set krav til kva som skal inngå i søknaden om utvinningsløyve. Det inkluderer kva mineralførekomstar som er identifiserte i området, og kva mineralførekomstar det er planar om å vinne ut. Søknaden skal seie noko om ressurspotensialet dersom det er kjent, og kva område søkjaren ønskjer at løyvet skal omfatte. Vidare skal søknaden seie noko om den finansielle evna, den teknologiske kompetansen og den tekniske gjennomføringsevna til søkjaren og kva utvinningsløysing søkjaren foreslår.
Føresegnene i havbotnminerallova om utvinningsløyve og tilbakelevering av delar av området for eit løyve inneber mellom anna at dersom arbeidsforpliktinga er oppfylt og har leidd til innlevering av ein plan for utvinning, kan rettshavaren krevje å få utvinningsløyvet forlengd med inntil 20 år. Kor stor del av området for løyvet ein kan krevje slik forlenging for, og kor stor del som må leverast tilbake, skal departementet fastsetje ved tildelinga av løyvet. Områda det blir vunne ut frå, vil vere avgrensa samanlikna med områda for det opphavlege løyvet.
Utvinningsløyve gir ikke ein vilkårslaus rett til utvinning sjølv om det skulle bli gjort drivverdige funn. Før ein kan setje i gang med utvinning, må departementet ha godkjent ein utvinningsplan som rettshavarane har utarbeidd, inkludert ei tilhøyrande prosjektspesifikk konsekvensutgreiing som må ut på høyring. Departementet legg til grunn at utvinningsplanen og den tilhøyrande konsekvensutgreiinga må syne at verksemda kan skje på forsvarleg og berekraftig vis, for at planen skal kunne godkjennast.
Utvinningsplanen skal gjelde eit definert foreslått prosjektområde og ei bestemd utvinningsløysing. Havbotnminerallova slår fast at beskrivinga av utvinninga mellom anna skal gjere greie for dei aktuelle tekniske løysingane og økonomiske, ressursrelaterte, tekniske og tryggingsrelaterte forhold knytte til utbygginga og drifta. Konsekvensutgreiinga skal i tillegg omfatte mellom anna nærings- og miljørelaterte forhold, som førebyggjande og avbøtande tiltak.
Havbotnmineralverksemd er ei ny og umoden verksemd, og det er i dag avgrensa kunnskap om potensielle miljøverknader av ei slik verksemd. Konsekvensutgreiingsprosessen – som består av ein programfase og ein utgreiingsfase – blir viktig for å belyse alle relevante miljørelaterte forhold. Gjennom denne prosessen blir det mellom anna avklart kva for konkrete undersøkingar, utgreiingar og vurderingar utbyggjaren må gjere av miljørelaterte forhold for å gi departementet eit godt avgjerdsgrunnlag.
Styresmaktene vil samanfatte kunnskap og vurdere behovet for miljømessige vilkår for det aktuelle området før sluttbehandling av ev. søknader om godkjenning av utvinningsplanar frå rettshavarane. I departementets vurdering av om ein utvinningsplan skal godkjennast etter havbotnminerallova, vil fordelane og ulempene ved prosjektet bli vegne opp mot kvarandre. Bevaring av naturmangfaldet vil inngå i konsekvensutgreiinga og i departementets skjønnsutøving etter havbotnminerallova. Det inneber at miljøkonsekvensane ved utbygginga blir vurderte i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv. Føresegna i naturmangfaldlova § 7 og prinsippa i same lov §§ 8-10 vil bli lagde til grunn som retningslinjer for saksbehandlinga.
Departementet skal i eit eige dokument gjere greie for og grunngi vedtaket om å godkjenne eller ikkje godkjenne ein utvinningsplan. I grunngivinga skal det mellom anna komme fram kva miljøvilkår som eventuelt er knytte til godkjenninga, og kva tiltak som eventuelt skal avbøte vesentlege negative miljøverknader.
Relevante rammer som er sette for havbotnmineralverksemda, vil også bli tekne inn i dei heilskaplege forvaltningsplanane for havområda.
Dei ulike avgjerdspunkta for leiting etter og utvinning av havbotnmineral etter havbotnminerallova går fram av figur 3.1.
Som det går fram, er havbotnminerallova ei omfattande og heilskapleg lov for havbotnmineralverksemd. Regelverket kan detaljerast vidare ved å bruke forskriftsheimlane i havbotnminerallova. Det er også mogleg å knyte vilkår til konkrete løyve etter havbotnminerallova.
Mineralverksemd kan også vere avhengig av løyve etter andre regelverk enn havbotnminerallova. Til dømes gjeld forureiningslova verksemd på kontinentalsokkelen. Etter lova er det forbode å forureine med mindre det er tillate i lov, forskrift eller særskilt løyve. Mineralverksemd kan såleis krevje løyve etter forureiningslova. Slike løyve er det Miljødirektoratet som behandlar. Det er mogleg å stille konkrete vilkår for løyve. Ved vurderinga av om ein skal gi løyve, og på kva vilkår, skal det leggjast vekt på forureiningsmessige ulemper ved tiltaket samanstilt med fordelar og ulemper ved tiltaket elles. Det er også mogleg å stille vilkår knytte til sjømattryggleik.
Frå 1. april 2022 vart ansvaret for tryggleik og beredskap for havbotnmineralverksemd lagt til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Det konstitusjonelle ansvaret vart med verknad frå 11. mai 2023 overført frå arbeids- og inkluderingsministeren til olje- og energiministeren, og det er lagt opp til at ansvaret på dette området skal overførast til Olje- og energidepartementet med verknad seinast frå 1. juli 2023. Petroleumstilsynet er delegert styresmakt for tryggleik og beredskap for havbotnmineralverksemd.
Mykje av kunnskapen frå petroleumsverksemda vil venteleg kunne overførast til planlegging og gjennomføring også av mineralutvinning. Teknologiutvikling og eit robust HMS-regelverk tilpassa verksemda som faktisk skal skje, er sentrale føresetnader for også å kunne drive forsvarleg verksemd knytt til havbotnmineral. Styresmaktene vil utvikle eit funksjonelt og verksemdstilpassa HMS-regelverk som stiller tydelege krav til tryggleik og styring av verksemda. Eventuelle industristandardar som blir utvikla av næringa, kan bidra til å utfylle regelverket.
Regjeringa vil
forvalte havbotnmineralressursane innanfor forsvarlege og berekraftige rammer basert på føre-var-prinsippet og ei økosystem-basert tilnærming
sikre at omsynet til miljø blir vareteke i alle fasane av mineralverksemda. Utvinning vil berre bli godkjend dersom rettshavarens utvinningsplan godtgjer at den planlagde utvinninga kan skje på berekraftig og forsvarleg vis, slik at omsynet til miljø, tryggleik og ev. anna verksemd til havs i det aktuelle området er godt tekne hand om, og slik at sameksistensen med andre verksemder blir vareteken
ta relevante rammer som blir sette for havbotnmineralverksemda inn i dei heilskaplege forvaltningsplanane for havområda
Boks 3.1 Anna internasjonalt regelverk
Oslo-Paris-konvensjonen (OSPAR) er ein konvensjon for bevaring av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren. OSPAR-konvensjonen tredde i kraft 25. mars 1998. Partane i OSPAR er Belgia, Danmark, Finland, Frankrike, Irland, Island, Luxembourg, Nederland, Noreg, Portugal, Spania, Sveits, Sverige, Storbritannia og Tyskland, i tillegg til EU. Konvensjonspartane pliktar å ta alle moglege steg for å hindre forureining og gjere nødvendige tiltak for å verne og beskytte havområdet mot verknadene av menneskelege aktivitetar. Partane er forplikta til å følgje føre-var-prinsippet når dei følgjer opp forpliktingane under konvensjonen. OSPAR er ein rammekonvensjon som omfattar alle menneskelege aktivitetar med unntak av fiskeri og skipsfart.
OSPAR-kommisjonen er det øvste organet til konvensjonen og har myndigheit til å vedta bindande avgjerder og ikkje-bindande tilrådingar til konvensjonspartane. OSPAR kan regulere miljøforhold i OSPAR-området, og nokre av desse reguleringane kan få innverknad på havbotnmineralverksemd.
Naturavtala under biodiversitetskonvensjonen vart vedteken i desember 2022. Avtala inneheld mellom anna eit globalt mål om at minst 30 % av land og hav på jorda skal bevarast innan 2030, og eit anna globalt mål om at all natur skal forvaltast på berekraftig vis. Korleis ein vil følgje opp dei globale måla i naturavtala frå norsk side vil bli fastlagt i ei eiga melding til Stortinget.
3.2 Norsk regelverk i lys av folkeretten
Etter havrettskonvensjonen omfattar kontinentalsokkelen til kyststaten havbotnen og undergrunnen i dei undersjøiske områda som strekkjer seg ut over sjøterritoriet gjennom heile den naturlege forlenginga av landterritoriet til ytterkanten av kontinentalmarginen, men ikkje kortare enn 200 nautiske mil frå grunnlinjene.
Der to statar har overlappande kontinentalsokkel, må det trekkjast ei avgrensingslinje. Noregs kontinentalsokkel er definert i tråd med havretten i lov 18. juni 2021 nr. 89 om Noregs kontinentalsokkel § 1.
For forvaltning av mineralressursane i område utanfor nasjonal jurisdiksjon er det under konvensjonen etablert eit organ, Havbotnstyresmakta. Styresmakta skal gi reglar om undersøking og utvinning av ressursane på havbotnen og undergrunnen utanfor nasjonal jurisdiksjon («Området»), jf. kapittel 2.3.1. Statane i Havbotnstyresmakta forhandlar for tida om eit slikt regelverk for utvinning.
Etableringa av Havbotnstyresmakta rokkar ikkje ved dei rettane kyststatane har ifølgje havrettskonvensjonen. Kyststaten har suverene rettar til å utforske og utnytte levande og ikkje-levande ressursar på sokkelen.
Havrettskonvensjonen har i artikkel 208 eigne reglar for forureining frå havbotnverksemd underlagd nasjonal jurisdiksjon. Føresegna krev at statane skal vedta regelverk og gjere andre tiltak for å hindre, avgrense og kontrollere havforureining frå nasjonal havbotnverksemd som ikkje er mindre effektive enn internasjonale reglar. For utvinning av havbotnmineral på norsk sokkel inneber det at tiltak for å beskytte miljøet etter det norske systemet må vere minst like effektive som Noregs forpliktingar etter havrettskonvensjonen, inkludert relevant regelverk vedteke innanfor rammene av Havbotnstyresmakta. Når statane i Havbotnstyresmakta har ferdigstilt regelverket for Området, vil det såleis ha innverknad på kva som er påkravd etter havrettskonvensjonen artikkel 208.
Den suverene retten kyststaten har til å utnytte naturressursane på sokkelen, inneber at kyststaten har einerett til å regulere verksemda som er knytt til slik utnytting. Dette inkluderer retten til å bestemme at naturressursane skal vere underlagde eigedomsretten til staten, og kva vilkår som elles skal gjelde for slik utnytting. Slike vilkår kan gjelde kven som skal ha rett til å drive havbotnmineralverksemd, kvar slik aktivitet kan skje, kva tid verksemda skal skje, og på kva vilkår ein kan drive slik verksemd. Innanfor dei folkerettslege rammene havrettskonvensjonen set, har Noreg regulert desse spørsmåla i nasjonal lovgiving gjennom havbotnminerallova.
Havbotnminerallova som er omtalt i kapittel 3.1 er utforma innanfor rammene av den moderne havretten og Noreg sine forpliktingar under havrettskonvensjonen. Regelverket er utforma i tråd med langvarig norsk forvaltningstradisjon som sikrar dei høgaste standardar også når det gjeld å ta vare på naturmiljøet. Regelverket vil bli utvikla vidare gjennom forskrifter ved behov.
Noregs forpliktingar under havrettskonvensjonen sikrast gjennom dei ulike prosessane, vurderingane og avgjerdspunkta det samla norske regelverket krev; frå opning av område, via tildeling av løyve med arbeidsprogram, oppfølging av leiteaktiviteten til selskapa, kravet om utarbeiding av utvinningsplan som blir godkjent av styremaktene berre dersom den planlagde utvinninga kan skje berekraftig og forsvarleg, oppfølging av utvinningsverksemd og fram til avslutning av utvinninga i eit område.
Utgangspunktet for det internasjonale utvinningsregelverket i Området er havrettskonvensjonens artiklar 145 og 150. Artikkel 150 handlar om grunnlaget for mineralaktivitet i Området og seier mellom anna at ein skal sikre utvikling av ressursane og auke tilgangen på naudsynte mineral. Artikkel 145 krev at når det gjeld slik aktivitet skal det gjerast naudsynte tiltak for å sikre effektivt vern av det marine miljøet mot skadelege verknader. Det kan leggjast til grunn at regelverket som er under utarbeiding vil krevje at mineralutvinning i Området skal gjennomførast basert på føre-var-prinsippet og ei økosystem-basert tilnærming. Det vil bli stilt krav til prosjektspesifikke konsekvensutgreiingar og overvaking av potensielle skadeverknader på det marine miljøet.
Regelverket under Havbotnstyresmakta skil seg frå det norske ved at det mellom anna ikkje inneheld nokon opningsprosess slik det er krav om i norsk lovverk. Alle område i det internasjonale havbotnsområdet er i prinsippet opne for verksemd.
Det internasjonale utvinningsregelverket som er under utarbeiding, legg heller ikkje opp til konsesjonsrundar for tildeling av løyve slik ein er vand med frå andre havbaserte næringar i Noreg, der styresmaktene vel ut kva for område innanfor opningsområdet som skal gjerast tilgjengelege for søknader, og på kva vilkår, basert på ei stegvis tilnærming. I det internasjonale havbotnområdet er det lagt opp til eit «open dør»-system der ein kontraktør til kvar tid sjølv kan peike ut område han ønskjer å søkje på for å drive leiting og påfølgjande utvinning når regelverket for utvinning ligg føre. Det kan likevel leggjast til grunn at det etter regelverket til Havbotnstyresmakta vil bli krav om at miljøforvaltningsplanar må liggje føre for områda før utvinning kan setjast i verk. Miljøforvaltningsplanane vil mellom anna inkludere ulike områdebaserte rammer tilpassa ressurstypane i det aktuelle området. I forslaget til miljøforvaltningsplan som er til behandling i Havbotnstyresmakta, og som gjeld sulfid i eit område på den midtatlantiske ryggen, er det mellom anna teke inn forslag om forbod mot utvinning av påviste aktive hydrotermale kjelder, og det er identifisert område der utvinning ikkje skal skje, i tillegg til område der kontraktørane skal ha ei føre-var-tilnærming til aktivitet inntil det på basis av kartlegging og kunnskapsinnhenting blir avklart om det kan drivast utvinning.
I utarbeidinga av desse miljøforvaltningsplanane er Havbotnstyresmakta avhengig av data frå leiteverksemda til kontraktørane og frå internasjonal havforsking. Styresmakta har ikkje eigne midlar til å drive målretta datainnsamling i eigen regi til ressursforvaltninga si.
Regjeringa har ambisjon om at Noreg skal vere verdsleiande når det gjeld ei fakta- og kunnskapsbasert forvaltning av havbotnressursane som er heilskapleg, berekraftig og forsvarleg. Dette vil bli lagt til grunn for all verksemd i heile opningsområdet. Heile reguleringa må sjåast i samanheng. I samsvar med norsk havforvaltning, relevant norsk regelverk og forvaltningstradisjon skal mineralverksemda på norsk kontinentalsokkel gjennomførast basert på føre-var-prinsippet og ei økosystembasert tilnærming. Det vil bli stilt krav til prosjektspesifikke konsekvensutgreiingar og overvaking av moglege skadeverknader på det marine miljøet, slik det venteleg også vil bli gjort i regelverket til Havbotnstyresmakta.
Før andre enn staten kan drive mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel, må eit område konsekvensutgreiast og opnast. Som del av konsekvensutgreiinga skal det identifiserast ev. vilkår som skal setjast for opning. Etter opninga vel styresmaktene kva for område som skal gjerast tilgjengeleg for søknader i konsesjonsrundar, og ev. på kva vilkår for å sikre miljøomsyn som til dømes sårbare artar og habitat innanfor rammene som blir sette for verksemda. Områda som er foreslått utlyste, blir sende på offentleg høyring, inkludert til miljøstyresmaktene og relevante fagmiljø. Område som ikkje er inkluderte i ein konsesjonsrunde, er ikkje tilgjengelege til å søkje på, og i desse områda gjeld altså eit forbod mot utvinningsverksemd.
På norsk kontinentalsokkel vil utvinningsløyve bli tildelt med eit arbeidsprogram der styresmaktene vil stille krav om at rettshavarane samlar kunnskap og data over tid også om miljøforhold i områda. Styresmaktene skal ha prøver og kopi av alle data som vert samla inn. På den måten vil ein heile tida samle ny kunnskap om dei områda som er opna for mineralutvinning. Denne kunnskapen vil bli nytta til vurderingar av om og ev. kva for vilkår som skal gjelde for utvinning av mineral i dette området. Dersom kunnskapen viser at naturverdiane i området må bevarast, vil det kunne bli forbod mot å utvinne mineral i dei aktuelle delane av området for utvinningsløyvet. Den nye kunnskapen vil bli lagd til grunn for neste konsesjonsrunde og val av kva for område som skal gjerast tilgjengeleg. Dersom ny kunnskap tilseier at utvinning ikkje kan skje innanfor eit område, vil dette område ikkje bli inkludert i utlysinga og det vil ikkje kunne setjast i gang utvinningsverksemd i området. På denne måten sikrar ein at ny kunnskap som er samla inn heile tida blir lagd til grunn for nye avgjerder om kva for område som skal gjerast tilgjengelege for tildeling av utvinningsløyve og ev. utvinning. Departementet vil i samband med kvar utlysing av område basere seg på ny, oppdatert kunnskap innhenta både av statlege og av kommersielle aktørar. Departementet vil gjere ei vurdering av om det er behov for å unngå utlysing av spesifikke område ut frå omsynet til naturmiljøet. Dette kjem i tillegg til dei avgrensingane som allereie gjeld for verksemda. Regjeringa vil når kunnskapsbyggingja på statleg og privat hand har komme lenger og ein har hausta erfaring med reguleringa av næringa, på nytt vurdere om det er formålstenleg og behov for å fastsetje områdespesifikke rammer for verksemda som eit verkemiddel for å beskytte miljøverdiar på regionalt nivå i området som blir opna. Ein tek sikte på at ei slik vurdering vil bli gjord før første søknad om utvinningsplan blir godkjend.
Konsekvensutgreiinga har vist at leiteverksemd har små miljøkonsekvensar. Før ein rettshavar kan starte utvinning, må søknad om godkjenning av plan for utvinning godkjennast. Ein utvinningsplan vil berre bli godkjend dersom rettshavaren kan godtgjere at utvinninga kan gjennomførast på berekraftig og forsvarleg vis. Ein sentral del av ein slik plan er å gjennomføre ein konsekvensutgreiingsprosess. Både programmet for denne og sjølve utgreiinga skal sendast på offentleg høyring. Programmet for utgreiinga skal fastsetjast av departementet. Søknaden om godkjenning av utvinningsplanen skal innehalde nødvendig informasjon for at styresmaktene kan ta stilling til om foreslått utvinning vil vere forsvarleg og berekraftig. Departementet kan stille vilkår og krav for å sikre at dette vil vere tilfellet.
For aktivitet under eit utvinningsløyve som kan medføre fare for forureining, må rettshavarane ha løyve frå miljøstyresmaktene etter forureiningslova. Her fastset ein mellom anna kva bruk av kjemikaliar som er tillaten, korleis avfall skal handsamast og kva teknologi som er tillaten.
Parallelt med ev. leiteverksemd frå private aktørar vil kunnskapsinnhentinga i statleg regi halde fram og bli styrkt. For å styrkje utsiktene for å gjennomføre ei tilfredsstillande vurdering av eventuelle søknader om godkjenning av ein utvinningsplan, er auka kunnskap om regionale og lokale havstraumar, utbreiing og konsentrasjon av biomasse, og bento-pelagiske samanhengar i dei ulike djupa i Norskehavet og Grønlandshavet særleg viktig. Privat leiteverksemd og vidare statleg innsats innanfor kunnskapsinnhenting og forsking og utvikling vil saman styrkje kunnskapsgrunnlaget fram mot behandling av ev. søknad om godkjenning av utvinningsplanar.
Den innsamla kunnskapen vil bidra til kunnskapsgrunnlaget også for arbeidet med dei heilskaplege forvaltningsplanane for dei norske havområda. Relevante rammer som blir sette for havbotnmineralverksemda, vil også bli tekne inn i dei heilskaplege forvaltningsplanane.
Denne tilnærminga, saman med ei stegvis utvikling av verksemda i opningsområdet vil vareta Noregs forpliktingar under havrettskonvensjonen. Den norske havbotnminerallova og systemet for havforvaltning gir grunnlag for å beskytte område ut frå natur- og miljøforvaltningsomsyn som er minst like effektive for å hindre, avgrense og kontrollere havforureining frå norsk havbotnverksemd som det havrettstraktaten krev. Havbotnmineralverksemd under havbotnminerallova vil bli gjennomført innanfor relevante internasjonale forpliktingar som Noreg har slutta seg til: under dette havrettskonvensjonen og konvensjonen for biologisk mangfald.
Regjeringa vil
at Noreg skal vere verdsleiande når det gjeld ei fakta- og kunnskapsbasert forvaltning av havbotnmineralressursane som er heilskapleg, berekraftig og forsvarleg
vidareutvikle det norske regelverket for å sikre at havbotnmineralverksemd under havbotnminerallova til kvar tid blir gjennomført innanfor relevante internasjonale forpliktingar som Noreg har slutta seg til: under dette havrettskonvensjonen og konvensjonen for biologisk mangfald
3.3 Klare og føreseielege rammevilkår
For å leggje til rette for ny næringsverksemd vil ei hovudoppgåve for styresmaktene vere å etablere og halde ved like eit rammeverk for verksemda som gjer at det er i eigeninteressa til selskapa å utnytte ressursane på ein måte som også er til beste for samfunnet. Dette er viktig for å få til ei god forvaltning av mineralressursane. God ressursforvaltning sikrar høgast mogleg verdiskaping for samfunnet innanfor berekraftige rammer, og legg til rette for at det norske folket gjennom skattesystemet blir sikra ein del av denne verdiskapinga.
Forvaltninga av havbotnmineral vil byggje på dei same hovudprinsippa som forvaltninga av anna næringsverksemd i Noreg, med ei klar rolle- og ansvarsfordeling mellom styresmaktene og næringa. Styresmaktene styrer gjennom rammer, som mellom anna består av lover, forskrifter og konsesjonar, som gir rettshavarane på norsk sokkel rettar og plikter. For å få til god ressursforvaltning er det viktig at selskapa, innanfor rammeverket styresmaktene set, har økonomiske insentiv til å skape størst mogleg verdiar av ressursane på ein berekraftig måte.
Departementet er oppteke av å bidra til klare, føreseielege og kunnskapsbaserte rammer for havbotnmineralverksemda. Havbotnminerallova utgjer grunnpilaren i dette. Slike rammer er avgjerande for å leggje til rette for lønnsam mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel, sidan den operative leitinga, utbygginga og drifta skal skje i regi av kommersielle aktørar. Dei viktigaste rammene for aktørane er knytte til arealpolitikken og skattlegginga av verksemda.
Utvinning av havbotnmineral er ei kapitalintensiv og langsiktig verksemd, og det er derfor viktig at rammene for verksemda er heilskaplege, klare, føreseielege og stabile over tid. For å leggje til rette for ny næringsverksemd og sikre at denne verksemda er berekraftig, er det ei hovudoppgåve for styresmaktene å etablere og halde ved like eit rammeverk som er tilpassa behovet til den næringsverksemda som blir utvikla over tid og som tek omsyn til miljøet og ny kunnskap. Departementet vil opptre føreseieleg med basis i fakta og oppdatert kunnskap overfor næringsaktørane, i tråd med beste norske tradisjon. Sidan ein i dag har lite kunnskap om miljøet på havbotnen og om moglege konsekvensar av utvinning, vil regjeringa leggje til grunn ei stegvis tilnærming i utviklinga av verksemda.
At område blir opna, er ein føresetnad for kommersiell havbotnverksemd. Vidare er det avgjerande for aktørane at dei kan byggje opp ein portefølje for aktivitet slik at verksemda kan halde fram over tid. Det betyr regelmessig tilgang til attraktivt areal. Det vil derfor regelmessig bli lyst ut avgrensa område innanfor det opna området.
I tillegg til føresegnene i havbotnminerallova om tilbakelevering av delar av området for eit utvinningsløyve vil departementet også vurdere om det eventuelt bør fastsetjast ei arealavgift som gir rettshavaren insentiv til å levere tilbake areal som han ikkje arbeider aktivt med. Det er lagt til grunn at ei slik avgift kan fastsetjast i dei årlege stortingsvedtaka om særavgift til statskassen.
Utvinningsplanar vil vere spesifikke for eit definert foreslått prosjektområde og ei utvinningsløysing. Som del av utvinningsplanen skal det gjennomførast ei prosjektspesifikk konsekvensutgreiing for den konkrete utvinningsaktiviteten ein søkjer om godkjenning for. Relevante avbøtande tiltak skal identifiserast og vurderast. Det må etablerast god kunnskap om lokale forhold, som fysiske miljøforhold og naturressursar. Ein føresetnad for godkjenning av utvinningsplanar er at rettshavaren godtgjer i utvinningsplanen at utvinninga kan gjennomførast på forsvarleg og berekraftig vis.
Ulike delar av norskbasert industri har kompetanse som er relevant for havbotnmineralverksemd og har gjennom det eit godt utgangspunkt for å vinne konkurransar om oppdrag som gjeld lønnsam utnytting av ressurspotensialet på norsk kontinentalsokkel. Havbotnmineralaktivitet på norsk sokkel vil derfor kunne leggje grunnlag for aktivitet i fastlandsøkonomien med tilhøyrande arbeidsplassar og positive ringverknader. Å utnytte ressurspotensialet vil også bidra til forskingsaktivitet og kompetansebygging og slik leggje til rette for internasjonal konkurransekraft for norskbasert industri innanfor mineralverksemd til havs.
Då Stortinget vedtok havbotnminerallova, uttrykte fleirtalet ei forventning om at det blei lagt fram eit forslag til skattereglar for selskapa i denne næringa. Fleirtalet gav vidare uttrykk for at naturressursar bør skattleggjast slik at overskotet går til fellesskapet, samtidig som det ikkje hindrar lønnsam leite- og utviklingsaktivitet og teknologiutvikling.
Regjeringa ser ikkje at det på det noverande tidspunktet er aktuelt verken å etablere eigne skattereglar for havbotnmineralverksemd eller at staten deltek direkte i slik aktivitet. Særskilde skattereglar vil bli vurdert på eit seinare tidspunkt dersom det over tid viser seg å vere grunnrente i næringa. Ved produksjon av mineral i område som ligg utanfor 200 nautiske mil frå grunnlinjene, er Noreg etter FNs havrettskonvensjon frå og med det sjette produksjonsåret forplikta til å yte eit årleg bidrag gjennom Havbotnstyresmakta. Rettshavaren kan bli pålagd å dekkje utgifter i samband med dette.
For å sikre forsvarleg verksemd er det viktig at relevante operasjonelle uvisse- og risikofaktorar er godt forståtte og handterte før ein set i gang utvinningsaktivitetar knytte til mineralverksemd på havbotnen. Eit arbeid med å identifisere og greie ut operasjonelle uvisse- og risikofaktorar ved slik verksemd må gjennomførast i samarbeid mellom relevante aktørar og styresmakter etter ei eventuell opning.
Mineralverksemda skal ikkje unødvendig eller i urimeleg grad vanskeleggjere eller hindre skipsfart, fiske, luftfart eller anna verksemd, eller valde skade eller fare for skade på røyrleidningar, kablar eller andre undersjøiske innretningar. Når fleire aktivitetar skal skje på kontinentalsokkelen, er eit velregulert og velfungerande forhold mellom dei ulike brukarane nødvendig for å få til god ressursforvaltning og høg samla verdiskaping. Rettshavaren skal, som del av ei prosjektspesifikk konsekvensutreiing som del av ein plan for utvinning også greie ut konsekvensar for andre næringar. Dagens kunnskap tilseier at det er eit avgrensa potensial for konflikt mellom havbotnmineralverksemd og andre næringar.
Regjeringa vil
etablere og vedlikehalde klare og føreseielege rammevilkår for havbotnmineralverksemda
føre ein arealtildelingspolitikk som gjer at kommersielle aktørar gradvis kan byggje opp ein portefølje for aktivitet, slik at verksemda kan halde fram over tid
leggje til rette for konkurranse om oppdrag i næringa, slik at konkurransedyktige norskbaserte aktørar kan delta i konkurransen om oppdrag knytte til leiting, utbygging og drift av havbotnmineral på norsk sokkel
leggje til rette for god sameksistens mellom havbotnmineralverksemd og eksisterande og potensielle nye havnæringar
3.4 Vegen frå opning til utvinning – stegvis, effektiv utforsking
Å opne område for mineralverksemd er ein føresetnad for at kommersielle aktørar skal kunne drive leiteaktivitet. Leiteaktivitet på norsk kontinentalsokkel blir gjennomført av selskapa. Slik leiteaktivitet er nødvendig for å avklare både kva faktiske ressursar som finst på kontinentalsokkelen, og om dei vil vere lønnsame å hente opp. Samtidig må natur- og miljøforhold kartleggjast og miljøverknader greiast ut. Gjennom opning vil staten styrkje grunnlaget for å auke kunnskapen om kva ressursar og verdiar landet faktisk sit på i det aktuelle området. Det gjev kommersielle aktørar høve til å drive utforskings- og kunnskapsinnhentingsverksemd på norsk kontinentalsokkel.
At staten opnar eit område for mineralverksemd, betyr ikkje at ei gitt næringsverksemd blir sett i gang. Det blir sett i gang mineralverksemd berre om og når aktørane i næringa har søkt om og fått tildelt eit løyve frå staten og kjem til at det er rekningssvarande å drive leiteaktivitet i det tildelte arealet. Å opne eit område er altså eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg vilkår for at aktørane skal bruke ressursar på verksemd i eit område.
Den norske kontinentalsokkelen er kartlagd for petroleumsressursar gjennom stegvis utforsking. Departementet vil leggje den same tilnærminga til grunn for havbotnmineral. Det inneber at sjølv om store område blir opna for aktivitet, er planen ei stegvis tildeling av løyve.
Forventa areal i eit utvinningsløyve vil vere svært avgrensa i forhold til opningsområdet. Blir det påvist lønnsame ressursar og det blir godtgjort at utvinning kan skje på berekraftig og forsvarleg vis, vil normalt berre delar av området som utvinningsløyvet dekkjer, vere omfatta av utvinningsplanen. Anna areal skal leverast tilbake til staten. Det er derfor venta at berre ein svært avgrensa del av opna areal vil bli omfatta av ein utvinningsplan, jf. figur 3.2.
Avgrensa område som inneheld dei mest interessante leiteområda, blir først gjorde tilgjengelege for kommersiell kartlegging. Det vil typisk skje ved å tildele utvinningsløyve med eit arbeidsprogram for leitefasen. Desse områda blir identifiserte i kontakt med industrien. Slike løyve med eigna arbeidsprogram vil bidra til å byggje kunnskap om ressursar og naturverdiar også for staten som ressurseigar og -forvaltar.
Nøkkelen i ein slik strategi er å opne dei områda som ut frå dagens kunnskap, kan innehalde dei mest lønnsame ressursane. Når det gjeld havbotnmineral på norsk kontinentalsokkel, er dette store område. Ved å opne større område vil ein sikre at dei områda som aktørane forventar skal vere mest prospektive, blir opna og kan utforskast først. Dette vil særleg staten som ressurseigar vere tjent med. Særleg viktig er ei slik tilnærming så lenge kunnskapsgrunnlaget om ressursbasen er avgrensa. Samtidig sikrar ein gjennom tildelingspolitikken ei effektiv og målretta utforsking gjennom stegvis tildeling av område, der ein startar med å lyse ut utvalde, prospektive område. Alle løyva blir tildelte innanfor dei arealmessige rammene som til kvar tid gjeld for verksemda.
Departementet set etter ei eventuell avgjerd om opning i gang ein prosess for å tildele løyve innanfor det opna arealet. Som ein del av denne prosessen får moglege søkjarar høve til å komme med innspel til kva område dei ønskjer å kunne søkje på. Ein slik prosess kan bidra til å avklare interessa for å søkje om løyve og kva område som er vurderte som ressursmessig mest interessante å søkje på. Departementet får dermed meir informasjon om det potensielle søkjebiletet før områda blir lyste ut. Utlysinga av areal i det opna området vil skje stegvis/sekvensielt, slik at det blir lyst ut mindre areal i det opna området om gongen.
Departementet vil leggje til grunn dei lovfesta krava til innhald i søknader i vurderinga av kva kriterium som er relevante for tildeling. Forarbeida til lova peikar på at det også kan leggjast vekt på andre saklege og objektive kriterium, for eksempel omsynet til nasjonal tryggleik, folkehelse og miljøvern som kriterium for tildeling av løyve.
Den tryggingspolitiske situasjonen i dag gjer at Noreg står overfor eit skjerpa trussel- og risikobilete og blir utfordra av statar med tryggingspolitiske ambisjonar som ikkje samsvarer med våre nasjonale tryggingsinteresser. Den geopolitiske konkurransen i framtida rundt energitilgang kan i aukande grad handle om å sikre tilgang til kritiske mineral. Førekomstar av sjeldne jordartar kan til dømes vere ei drivkraft bak den tryggingstruande etterretningsverksemda til enkelte statar som er retta også mot norsk næringsliv og norske næringslivsaktørar. For å førebyggje at uønskte aktørar får innsikt i, kontroll over og innverknad på verdiar som har noko å seie for nasjonal tryggleik, kjem nasjonal tryggleik til å bli vurdert ved tildelingar av løyve under havbotnminerallova.
Storleiken på området som blir tildelt, kor lenge løyvet varer, og forpliktingane som følgjer med ei slik konsesjonstildeling, vil vere resultat av ei konkret vurdering av søknaden, styresmaktene sine eigne vurderingar og eventuelle andre relevante forhold. Storleiken på områda kan også variere avhengig av om det er sulfidførekomstar eller manganskorper som er aktuelle for aktiviteten i området.
Departementet ser det som sentralt at det skjer aktivitet i tildelte areal. Det tildelte området skal kartleggjast og avgrensast gjennom eit arbeidsprogram. Arbeidsprogrammet som blir gitt, må ikkje vere så ambisiøst at det hindrar lønnsam utforsking.
Saman med intern kunnskapsbygging vil ein for seinare tildelingar byggje på den nye, oppdaterte kunnskapen og erfaringa. På denne måten blir det etablert ein utforskingsstrategi der ein først går etter dei områda som er forventa å vere mest prospektive, og der ein gradvis byggjer kompetanse og erfaring og dermed legg til rette for ei gradvis og kostnadseffektiv utforsking av områda som er opna. Tilgjengeleg informasjon blir såleis nytta til vidare leiting, og dette bidreg til ei rasjonell kartlegging av dei geologisk mindre kjende områda av sokkelen.
Departementet vil leggje til rette for ein arealpolitikk som over tid blir tilpassa utviklinga i næringa, samtidig som ein sikrar omsynet til effektiv og rasjonell utforsking gjennom å gå stegvis fram. For at utvinning skal bli godkjend, må utvinningsplanen vise at det kan skje på berekraftig og forsvarleg vis.
Boks 3.2 Heilskaplege forvaltningsplanar for havområda
I St.meld. nr. 12 (2001–2002) Rent og rikt hav blei det bestemt at det skal utarbeidast forvaltningsplanar for dei norske havområda. Formålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursane og økosystemtenestene i havområda og samtidig halde oppe strukturen, verkemåten, produktiviteten og naturmangfaldet i økosystema. Det er det gjeldande sektorregelverket, inkludert havbotnminerallova, som ligg til grunn for reguleringa av aktivitet i forvaltningsplanområda.
Som ein del av arbeidet med forvaltningsplanane er det identifisert særleg verdifulle og sårbare område (SVO). Særleg verdifulle og sårbare område er område som har vesentleg betydning for det biologiske mangfaldet og den biologiske produksjonen i havområdet, også utanfor områda. Særleg verdifulle og sårbare område gir ikkje direkte verknader i form av avgrensingar for næringsverksemd, men signaliserer at det er viktig å vise særleg aktsemd i desse områda. For å beskytte miljøverdiane i slike område kan det, med heimel i gjeldande regelverk, bli stilt særlege krav til aktivitet som blir utøvd.
Delar av opningsområdet overlappar eller er nær SVO-ane den arktiske front, iskantsona, Jan Mayen og Eggakanten. Nærare omtale av dette finst i Meld. St. 20 (2019–2020). Det vil bli gjort ei revidering av SVO-ane i samanheng med neste oppdatering av forvaltningsplanane i 2024.
Regjeringa vil
leggje til rette gjennom arealtildelingspolitikken for ei stegvis, kunnskapsbasert og rasjonell utforsking av opna areal
setje i gang ein prosess for å lyse ut og tildele løyve under havbotnminerallova. Gjennom tilhøyrande arbeidsprogram vil tildeling av løyve bidra til kunnskapsoppbygging rundt havbotnmineralverksemd
sikre at omsynet til nasjonal tryggleik blir vareteke ved tildelingar av løyve under havbotnminerallova
3.5 Vidare kunnskapsinnhenting og -oppbygging
I tillegg til leiteaktivitet som kommersielle aktørar driv, vil staten som ressurseigar halde fram med kartlegginga av norske havbotnmineral og setje i gang ein prosess for innhenting av miljøkunnskap også i statleg regi for områda som blir opna for havbotnmineralverksemd for å leggje til rette for ei effektiv og stegvis utforsking frå næringa og for å styrkje kunnskapsgrunnlaget til staten.
Det er stor kunnskapsmangel om natur- og miljøforhold knytt til havbotnmineral og opningsområdet. Det meste av kunnskapen som er relevant for mineral- og miljøspørsmål er frå dei to siste tiåra. Dei første undersøkingane av vulkanske område ved hjelp av fjernstyrte undervassfarkostar vart gjennomførte i 1999, og dei første funna av fossile mineralavsetningar vart gjorde det same året. Dei første aktive hydrotermiske felta vart lokaliserte i 2005. Faktagrunnlaget består såleis for det meste av kunnskap som er kommen fram ved forsking i området frå tusenårsskiftet fram til i dag.
Regjeringa vil arbeide for å styrkje kunnskapsgrunnlaget gjennom kunnskapsinnhenting og -oppbygging både frå statleg side og gjennom å opne for at kommersielle kan drive havbotnmineralverksemd. Gjennom kommersiell verksemd vil rettshavarar til utvinningsløyve som blir tildelte, innhente kunnskap både om ressursar, miljøverdiar og moglege miljøverknader for konkrete utvinningsprosjekt. Omfanget av dette vil bli fastsett for leitefasen gjennom dei arbeidsprogramma rettshavaren blir pålagd ved tildeling av slik løyve.
Relevante data som rettshavarar samlar inn, deriblant relevante miljødata, vil i samsvar med havbotnminerallova, bli delte med styresmaktene, deriblant også Mareano-programmet. Eit oppdatert kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for god sameksistens.
I tillegg til kartlegginga frå private aktørar, vil departementet ta initiativ til ein prosess med sikte på å auke kunnskapsgrunnlaget for staten. For å styrkje utsiktene til å gjennomføre ei tilfredsstillande vurdering av eventuelle søknader om godkjenning av ein utvinningsplan, er auka kunnskap om regionale og lokale havstraumar, utbreiing og konsentrasjon av biomasse, og bento-pelagiske samanhengar i dei ulike djupa i Norskehavet og Grønlandshavet særleg viktig. Det går i dag føre seg kartlegging i statleg regi utført av statens eigne etatar, inkludert Oljedirektoratet og gjennom Mareano-programmet. Mareano utførte akustisk djupnekartlegging i 2019 i område som primært var innretta mot å gi eit representativt utval av naturtypar. Nokon kjende område med mineralførekomstar vart inkluderte. Mareano har allereie identifisert moglege framtidige område for kartlegging særleg relevant for havbotnmineral. Miljøforhold i områda som er relevante for mineralverksemd vil bli kartlagt gjennom Mareano-programmet.
Som det kjem fram av konsekvensutgreiinga eksisterer det god kunnskap om dei generelle hydrografiske forholda og havstraumar i Dei nordiske hava,1 men det manglar detaljert kunnskap av høg romleg oppløysing i topografiske komplekse område som rundt midthavsryggene. For å styrkje kunnskapen om havstraumar blir Havforskingsinstituttet gitt eit oppdrag om å auke kunnskapen om regionale og lokale havstraumar i dei ulike djupa i Norskehavet og Grønlandshavet.
For å styrkje kunnskapen om natur- og miljøforhold i opningsområdet vil det i samband med kartlegging av ressurspotensialet for havbotnmineral på norsk kontinentalsokkel i regi av Oljedirektoratet og gjennomføring av ressurskartleggingstokt også normalt bli samla inn miljødata i samarbeid med relevante fagmiljø som ved Universitetet i Bergen. Saman vil privat leiteverksemd og vidare statleg innsats innanfor kunnskapsinnhenting og forsking og utvikling styrkje kunnskapsgrunnlaget for styresmaktene si forvaltning av havbotnmineral og behandling av eventuelle søknader om godkjenning av utvinningsplanar. Deling og tilgjengeleggjering av data vil også vere viktig i denne samanhengen.
Regjeringa vil
halde fram kartlegginga av norske havbotnmineral og setje i gang ytterlegare kartlegging av natur- og miljøforhold for å leggje til rette for ei effektiv og stegvis utforsking frå næringa og for å styrkje kunnskapsgrunnlaget til staten
kartleggje miljøforhold i områda som er relevante for mineralverksemd, gjennom Mareanoprogrammet
sikre at relevante data som rettshavarar samlar inn, deriblant relevante miljødata, i samsvar med havbotnminerallova blir delte med styresmaktene, deriblant også Mareano-programmet
gi Havforskingsinstituttet eit oppdrag om å auke kunnskapen om regionale og lokale havstraumar i dei ulike djupa i Norskehavet og Grønlandshavet
at det i samband med kartlegging av ressurspotensialet for havbotnmineral på norsk kontinentalsokkel i regi av Oljedirektoratet og gjennomføring av ressurskartleggingstokt også normalt blir samla inn miljødata i samarbeid med relevante fagmiljø som ved Universitetet i Bergen
3.6 Behov for forsking og utvikling
Forsking og utvikling er eit sentralt element for eit nytt nærings- og forvaltningsområde, og det er avgjerande at FoU-innsatsen kjem inn så tidleg som mogleg. Staten har ei viktig rolle i å bidra til kunnskapsbygging gjennom å satse på FoU innanfor havbotnmineralverksemd.
Noregs forskingsråd gjennomførte på oppdrag frå Olje- og energidepartementet i 2019 ein studie for å vurdere kunnskapsgrunnlaget for forsking og teknologiutvikling knytt til havbotnmineral. Studien viser potensialet for kunnskaps- og teknologioverføring frå olje- og gassektoren, når det gjeld både utforsking og utvinning. Samtidig peikar studien på behov for meir forsking i heile verdikjeda frå geologiske undersøkingar til effektiv og berekraftig utvinning, og dessutan påverknad på ytre miljø og økosystem. Meir spesifikt peikar studien på behovet for meir kunnskap om
ressursgrunnlaget – korleis geologiske ressursar blir danna på/i havbotnen, korleis dei samspelar med biologiske ressursar, og korleis ressursane blir brotne ned eller tildekte over tid
miljørisiko og konsekvensar knytte til verksemda – slik kunnskap har betydning for verksemda nasjonalt, men vil også vere viktig for utviklinga av denne næringa internasjonalt
teknologisk forsking – slik forsking kan medverke til å modne ressursar til reservar, og kan gjere ei framtidig næringsverksemd mogleg. Demonstrasjon av eksisterande teknologi på nye bruksområde er viktig.
Noreg har lang erfaring med næringsverksemd og har sterke forskings- og teknologimiljø knytte til olje- og gassverksemda, havet og ressursane i havet. Dette er eit godt utgangspunkt for å kunne utvikle lønnsam mineralverksemd på havbotnen. Norskbaserte miljø har gjennom mange års verksemd klart å ta leiande posisjonar i globale havnæringar. Noreg har dermed gode føresetnader for å bli kunnskaps- og teknologileverandør til ei ny, global næring basert på utnytting av havbotnmineralførekomstar.
Det har til no ikkje vore øyremerkt midlar til å støtte forskings- og innovasjonsprosjekt innanfor havbotnmineral. Slike prosjekt kan likevel søkje om støtte gjennom dei opne arenaene til Noregs forskingsråd, som brukarstyrt innovasjonsarena, innovasjonsprosjekt i næringslivet, skattefunn og grøn plattform. Det har også vore tildelt støtte til havbotnprosjekt gjennom det målretta programmet MARINFORSK, jf. boks 3.3. Prosjektporteføljen i Forskingsrådet er likevel liten og fragmentert, og det er behov for å etablere ein meir målretta aktivitet som vil vere meir synleg og dermed bidra til ei tydelegare profilering av moglegheitene for FoU innanfor berekraftig utvinning av havbotnmineral.
Boks 3.3 Eco-Safe Ridge Mining-prosjektet
Eco-Safe Ridge Mining er eit treårig forskingsprosjekt leidd av Universitetet i Bergen med norske og internasjonale partnarar frå universitets- og instituttsektoren og næringslivet. Prosjektet får støtte gjennom Noregs forskingsråds MARINFORSK-program. Det tek sikte på å gjennomføre studiar som er nødvendige for å kunne vurdere moglege miljøpåverknader av mineralutvinning på havbotnen, og å identifisere best moglege tilnærmingsmåtar for slik verksemd. Prosjektet har søkjelys på djuphavhabitat på den midt-atlantiske spreiingsryggen, der massive sulfidførekomstar på havbotnen produsert av aktivitet frå varme kjelder er moglege mål for kommersiell utvinning av strategisk viktige metall. For å karakterisere tilstand og naturlege miljøvariasjonar før ei eventuell utvinning startar, gjennomfører prosjektet grunnleggjande økologiske undersøkingar av botndyr knytte til område i og i nærleiken av massive havbotnsulfidførekomstar. Målretta vitskapleg forsking blir også utført for å føreseie moglege økosystemverknader av habitatfjerning og metallhaldige undersjøiske straumar som kan tenkjast å inntreffe under utvinning av mineral på midthavsryggen. Studiane omfattar kvantitativ karakterisering av biologisk mangfald og struktur, økosystemfunksjonar og rekoloniseringsmoglegheitene til artar og dessutan effektane av metallhaldige vasstraumar. Forskinga blir utført innanfor eit rammeverk for miljørisiko. Det blir gjort for å sikre at forskingsdataa bidreg til relevant informasjon for utviklinga i industrien av teknologi som sikrar miljømessig forsvarleg drift. Det blir vidare gjort for å danne eit grunnlag for norske styresmakter når dei skal etablere forskrifter for mineralverksemd i djupvassområde under norsk jurisdiksjon.
Før ein kan vinne ut havbotnmineral, må ein påvise ressursane og greie ut det kommersielle potensialet, og sjølve utvinninga må skje på ein effektiv og berekraftig måte. Ei styrkt satsing på FoU for å auke kunnskapsgrunnlaget for mogleg utvinning av havbotnmineral er viktig for å finne fram til kostnadseffektive og berekraftige løysingar for utvinninga. Det vil vere naturleg å leggje satsinga til Noregs forskingsråd.
Det vil vere viktig å etablere ei verdikjede der grunnleggjande strategisk forsking byggjer opp under interessene og behova til næringslivet. Samarbeid mellom næringsliv og forskingsorganisasjonar er derfor sentralt. Desse kan i dialog med styresmaktene komme med innspel til utforminga av forskingsinnsatsen. Vidare bør internasjonalt samarbeid vere ein del av det. Dette er eit næringsområde i startfasen internasjonalt. Noreg har høve til å ta ein viktig posisjon basert på kompetanse frå olje- og gassektoren og maritim sektor.
Tiltaka til regjeringa kjem til å gi kunnskap og teknologi som bidreg til at utvinninga av havbotnmineral kan skje effektivt og lønnsamt og på ein måte som gir auka tryggleik for at verksemda kan skje på ein miljømessig akseptabel måte. Tiltaka vil auke kompetansenivået hos både styresmaktene og næringslivet. Dei kjem til å gi ein stor norsk leverandørsektor fleire bein å stå på, anten det gjeld å etablere nye selskap med utspring i olje- og gassektoren eller diversifisering i meir etablerte selskap i olje- og gassnæringa og innanfor havbotnkartlegging.
Dette er ein heilt ny næringssektor, men det er likevel klart at det eksisterer eit stort potensial for overføring av kompetanse og teknologi frå både olje- og gassverksemd og maritim verksemd.
Tilgang på prøver og data og moglegheiter for teknologisk testing er viktig i utviklingsløpet. Oljedirektoratet er i ferd med å kartleggje dette. Det ligg føre eit prøve- og datagrunnlag mellom anna gjennom tidlegare forskingsprosjekt og gjennom internasjonalt samarbeid som for eksempel International Ocean Discovery Program (IODP), der Noreg deltar. Dette er eit godt utgangspunkt for nye forskings- og innovasjonsprosjekt.
Regjeringa vil
opprette ei målretta og heilskapleg satsing i regi av Noregs forskingsråd på forsking og innovasjon for å styrkje kunnskapen om miljø- og naturverdiar i djuphavet og føresetnadene for berekraftig utvinning av havbotnmineral, inkludert berekraftige teknologiar og løysingar
etablere ein møteplass for dialog mellom næring, forskingsmiljø og styresmakter som kan gi innspel til korleis forskingsinnsatsen best kan målrettast