Meld. St. 28 (2016–2017)

Noregs fiskeriavtalar for 2017 og fisket etter avtalane i 2015 og 2016

Til innhaldsliste

2 Det internasjonale fiskerisamarbeidet

Noreg har teke ei aktiv rolle i internasjonalt havarbeid, både når det gjeld utvikling av internasjonalt regelverk og for forvaltning av fiskeriet og havmiljøet. Erfaring frå dei siste åra viser at Noreg har stor innverknad gjennom faglege bidrag. Dette kapitlet gjer greie for viktige tema og omgrep i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Vi startar med ei kort omtale av ulike konvensjonar og avtalar som utgjer det rettslege rammeverket på havet (kapittel 2.1). Deretter følgjer ei innføring i dei viktigaste omgrepa i den vitskaplege rådgjevinga (kapittel 2.2).

Internasjonale havmiljøprosessar set rammevilkår for forvaltning av marint biologisk mangfald og grip såleis inn i fiskeripolitikken. Vi gjer greie for desse prosessane i kapittel 2.3.

Norske styresmakter legg stor vekt på arbeidet mot ulovleg fiske og fiskerikriminalitet både nasjonalt og internasjonalt, og temaet er difor grundig omtala i kapittel 2.4. Til slutt omtalar vi anna internasjonalt fiskerisamarbeid, med vekt på utviklingssamarbeidet.

2.1 Det havrettslege rammeverket

Havrettskonvensjonen

FN sin havrettskonvensjon frå 1982 blir kalla «havets grunnlov» og er det overordna folkerettslege rammeverket for all aktivitet som føregår til havs, frå fiske og oljeutvinning til miljøaktivitetar, ferdsel og landegrenser. Arbeidet som til slutt resulterte i dagens havrettskonvensjon, tok til allereie på slutten av 1940-talet. Den teknologiske og økonomiske utviklinga etter andre verdskrig gjorde det mogleg for statane i stadig større grad å utnytte havet og havbotnen og ressursane der. Denne utviklinga skapte behov for rettsreglar for å avklare statane sine rettar og plikter, mellom anna for å unngå tvistar mellom statar.

Havrettskonvensjonen slår mellom anna fast prinsippet om 200 nautiske mils økonomiske soner. Ein kyststat si økonomiske sone er ei havsone som ligg utanfor og støyter opp til sjøterritoriet. I den økonomiske sona har kyststaten suverene rettar til å utnytte naturressursane både på havbotnen og i havområda over.

Noreg oppretta si økonomiske sone i 1976, ei fiskevernsone rundt Svalbard i 1977 og ei fiskerisone rundt Jan Mayen i 1980. Sonene er vist i figur 2.1.

Figur 2.1 Kart som viser dei ulike fiskerisonene i Nordaust-Atlanteren

Figur 2.1 Kart som viser dei ulike fiskerisonene i Nordaust-Atlanteren

Fisken i havet følgjer ikkje dei nasjonale grensene, men vandrar på tvers av økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Etter havrettskonvensjonen har kyststatane difor ei plikt til å samarbeide for å bevare og utvikle bestandar som vandrar mellom to eller fleire kyststatar sine økonomiske soner, eller mellom økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette kan gjerast direkte gjennom tosidige eller fleirsidige avtalar mellom kyststatane, eller gjennom regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar.

I daglegtale seier vi ofte at ein stat er kyststat til ein bestand. Dette er likevel ikkje eit rettsleg definert omgrep, men blir nytta om ein kyststat som har den aktuelle bestanden i si økonomiske sone. Kyststaten har då etter havrettskonvensjonen rett til å utnytte bestanden, men er samstundes pålagt ei plikt til å samarbeide om forvaltninga med andre kyststatar som også har bestanden i sine økonomiske soner.

Havrettskonvensjonen inneheld også reglar om kontinentalsokkelen. Kontinentalsokkelen er ei forlenging av landmassene ut i havet. Alle kyststatar har utan vidare ein kontinentalsokkel på 200 nautiske mil ut frå kysten, dersom den ikkje vert avgrensa mot andre land sin sokkel. Mange kyststatar har ei forlenging av landmassene under havet som strekk seg lenger enn 200 nautiske mil. For å få rettar utover 200 nautiske mil, må kyststaten dokumentere sokkelen si utstrekning for Kontinentalsokkelkommisjonen (CLCS)1 i New York. Kontinentalsokkelkommisjonen gir anbefalingar som i sin tur gir kyststaten rett til å fastlegge sokkelen si yttergrense i tråd med Kommisjonen si anbefaling. Etter havretten har alle kyststatar suveren rett til naturforekomstar på kontinentalsokkelen. Dette inneber ikkje berre rett til å utforske og utvinne mineral og andre førekomstar på og under havbotnen, men også retten til dei såkalla sedentære artane, slik som for eksempel snøkrabbe. Kyststaten sin suverene rett betyr i denne samanhengen at ingen kan utforske eller utvinne desse naturforekomstane utan uttrykkeleg samtykke frå kyststaten.

Fiske på det opne hav

Eit veksande fiske i internasjonalt farvatn på 1980-talet viste at havrettsregimet ikkje var konkret nok til at ein kunne få til dekkjande reguleringar av verksemda utanfor dei økonomiske sonene. Dette førde til forhandlinga av FN-avtalen om fiske på det opne hav (UN Fish Stocks Agreement) frå 1995 som eit supplement til havrettskonvensjonen. FN-avtalen pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne hav å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar, og inneheld detaljerte reglar om oppretting av regionale organisasjonar og korleis samarbeidet i organisasjonane skal gå føre seg.

Avtalen slår vidare fast forvaltningsprinsipp som statane skal ta omsyn til for å sikre langsiktig bevaring og berekraftig bruk av vandrande og langtmigrerande fiskebestandar. Mellom anna pålegg avtalen statane å bruke ei føre-var-tilnærming i fiskeriforvaltninga og viser til kravet om å bevare biodiversitet og drive ei økosystembasert forvaltning. Avtalen gjeld i hovudsak berre på det opne hav, men slår også fast at det skal vere samsvar mellom forvaltninga av fiskeressursane på det opne hav og i dei tilgrensande nasjonale farvatna. Dette inneber at ein ved forvaltninga av det opne hav skal ta omsyn til dei forvaltningstiltaka som kyststatane har fastsett innanfor dei økonomiske sonene, og ikkje undergrave desse. Avtalen inneheld også reglar om handheving og kontroll.

Rammeavtalar

Sjølv om opprettinga av dei økonomiske sonene gav kyststaten suverene rettar til å fiske i si sone, ville slike reine nasjonale fiskeri skape store endringar i det tradisjonelle fiskemønsteret. Noreg valde difor å inngå langsiktige rammeavtalar – som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde og norsk fiske i andre land sine havområde. Rammeavtalane er langsiktige overordna avtalar som dreg opp prinsippa for det enkelte samarbeidet. Noreg har inngått slike avtalar med Russland, EU, Færøyane, Grønland og Island.

Målet med avtalane var å oppnå ein rimeleg balanse i det gjensidige fisket mellom avtalepartane. Avtalane med EU og Russland inneheld i tillegg reglar for samarbeid om forvaltninga av fellesbestandane i Nordsjøen og Barentshavet. Noreg har også avtale med EU om fiske i Skagerrak og svensk tilgang til fiske i norsk sone.

Årlege avtalar med andre land

I tråd med det rammeverket som er gjort greie for ovanfor, fører Noreg årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og bevaring av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve og fiskekvotar, og om einsidig løyve for nokre land til å fiske i norske jurisdiksjonsområde. Noreg har utover dette i aukande grad teke del i samarbeidet i relevante internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar. I kapittel 3 gjer vi greie for arbeidet i organisasjonane.

Regulering av utanlandsk fiske i norske farvatn

Utover det utanlandske fisket i norske farvatn som er avtalt i dei årlege fiskeriavtalane, har Noreg fastsett eit generelt forbod mot utanlandsk fiske i norsk økonomisk sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen. Det er krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i desse områda, for å sikre at fangstinnsatsen er i samsvar med dei tildelte kvotane, og for å gjere det mogleg med ein effektiv kontroll. Det avtalte utanlandske fisket er vidare regulert gjennom forskrifter, og utanlandske fartøy skal sende fangstrapportar til norske styresmakter.

Sjølv om det ikkje er noko rettsleg hinder for at Noreg kan vedta tilsvarande reguleringar for fiskevernsona ved Svalbard som i økonomisk sone, har Noreg førebels ikkje gjort det generelle forbodet for utanlandske fiskarar gjeldande i fiskevernsona. Forskrifter for fiskevernsona er i praksis sette i verk på eit ikkje-diskriminerande grunnlag for både norske og utanlandske fartøy, trass i at området er underlagt norsk fiskerijurisdiksjon. I etablerte fiskeri, der også utanlandske fartøy tradisjonelt har drive fiske, har ein fordelt kvotar/talet på fiskedøgn i tråd med historisk fiske. Per i dag er det fastsett reguleringar av fisket etter torsk, reker, blåkveite, sild, lodde, uer, hyse og snøkrabbe i fiskevernsona ved Svalbard.

2.2 Det vitskaplege grunnlaget for avtalane

Noreg legg stor vekt på å sikre eit best mogleg vitskapleg grunnlag for fiskeriforvaltninga. Både den nasjonale forvaltninga og dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er i hovudsak baserte på rådgjevinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Havforskingsinstituttet deltek med store ressursar i ICES sitt arbeid med bestandsvurdering og rådgjeving. Dette kapitlet presenterer sentrale omgrep i den vitskaplege rådgjevinga.

Bestandsvurdering

Forskarane bruker vanlegvis ein kombinasjon av informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt for å vurdere bestandssituasjonen. I tillegg til å vurdere kor stor bestanden er, ser forskarane på den relative fordelinga av aldersgrupper for å vurdere reproduksjonsevna til bestanden i åra som kjem. Prøver av mageinnhaldet til fisken fortel kva fisken har ete, og over tid gir dette forskarane kunnskap om viktige samanhengar i økosystemet. Lange tidsseriar med data aukar presisjonen i kunnskapen år for år, slik at forskarane får betre innsyn i korleis bestandane endrar seg over tid. Likevel vil bestandsvurderingane alltid vere noko usikre, og dei siste åra i tidsserien er meir usikre enn dei lengre attende i tida. Artane lever i store havområde og blir påverka av mange faktorar i tillegg til fisket. Det er også forskjellar i datagrunnlaget for ulike bestandar. Sjølv for dei viktigaste kommersielle bestandane kan datagrunnlaget vere mangelfullt, særleg når det gjeld volumet og alderssamansetjinga av fangstane.

Boks 2.1 ICES – Det internasjonale råd for havforsking

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i konvensjonsområdet. ICES vart danna i 1902 og har i dag 20 medlemsland på begge sider av Nord-Atlanteren (sjå globus). ICES sekretariatet ligg i København. Noreg saman med Danmark og Sverige var grunnleggarar av ICES.

ICES arbeider for å fremje den vitskaplege forståinga av dei marine økosystema. Målet er å gje styresmaktene råd basert på den beste tilgjengelege vitskapen, slik at dei kan ta kunnskapsbaserte val om berekraftig bruk av dei marine miljøa og økosystema.

ICES har eit nettverk av meir enn 4 000 forskarar frå over 350 marine forskingsinstitutt. Det vitskaplege arbeidet blir styrt av vitskapskomiteen til organisasjonen.

Den rådgjevande komiteen ACOM gir kvart år råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren. Råda er baserte på data og vitskaplege analysar frå ei rekkje ekspertgrupper. Kartet under viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

Figur 2.2 Medlemslanda i ICES

Figur 2.2 Medlemslanda i ICES

Figur 2.3 ICES sine fiskeristatistiske område

Figur 2.3 ICES sine fiskeristatistiske område

Råda frå ICES er offentlege, og både råd og dokumentasjon finst på internettsida til organisasjonen. Havforskingsinstituttet presenterer også råda til ICES på norsk på sine heimesider, saman med eigne vurderingar.

Føre-var-prinsippet

Føre-var-tilnærming til forvaltning av naturressursar er fastsett i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Gjennom føre-var-forvaltning vil ein sikre seg mot at det blir fiska så hardt på ein bestand at det på sikt kan føre til samanbrot i bestanden.

I føre-var-forvaltning blir det definert grenseverdiar, eller såkalla referansepunkt, for gytebestanden og fiskedødsraten til ein bestand. Storleiken til gytebestanden er ein indikator på reproduksjonsevna til bestanden, medan fiskedødsraten er ein indikator på om bestanden blir hausta berekraftig.

Fordi talfestinga av grenseverdiar alltid er usikre definerer ICES både ei absolutt grense og ei føre-var-grense. Føre-var-grensa uttrykker ein tryggleiksmargin. Storleiken på tryggleiksmarginen blir bestemt av kor sikker bestandsvurderinga er og kor mykje bestanden varierer naturleg.

Sidan 1998 har ICES definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Så lenge gytebestanden og fiskedødsraten til ein bestand er innanfor føre-var-verdiane, vil ICES seie at bestanden er hausta berekraftig og har god reproduksjonsevne. Om verdiane er mellom føre-var-verdiane og dei absolutte ytre grensene, vil det vere risiko for at bestanden har sviktande reproduksjonsevne eller ikkje blir hausta berekraftig. ICES vil då råde forvaltarane til å setje i verk tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå. Dersom gytebestanden er lågare eller haustingsgraden høgre enn dei absolutte grenseverdiane, vil det vere stor risiko for dårleg rekruttering.

Maksimalt berekraftig utbytte (MSY)

Føre-var-forvaltning skal sikre at ein bestand ikkje bryt saman, men denne tilnærminga legg ikkje grunnlag for å gje råd om korleis vi kan sikre det høgste moglege utbyttet av ein bestand over lang tid. Omgrepet «maksimalt berekraftig utbytte (MSY)» er eit uttrykk for forvaltarane sitt ønskje om å hauste mest mogleg innanfor berekraftige rammer. I praksis er MSY bestemt av vekstrate, naturleg dødsrate og reproduksjonsrate i bestanden.

Populasjonar må oppretthaldast innanfor sikre biologiske grenser etter føre-var-prinsippet for å gjere MSY mogleg. MSY-tilnærminga vil innanfor desse grensene finne det nivået av gytebestand og fiskedød som fremmar størst mogleg produksjon over tid.

Økosystembasert forvaltning

Forvaltninga har dei seinare åra endra seg frå berre å sjå på ein bestand om gongen til i større grad å sjå fleire bestandar i eit økosystem i samanheng, noko som gjerne blir kalla «økosystembasert forvaltning». Ingen fiskebestand lever isolert frå andre bestandar; dei konkurrerer om same føda, eller ein bestand lever av å beite på ein annan bestand. Dette må vi ta omsyn til i fiskeriforvaltninga. Etter som dei ulike bestandane endrar storleik av naturlege årsaker eller på grunn av fiskeria, vil det også påverke kor mykje vi kan fiske av andre bestandar i same området.

Figur 2.4 Havforskarane Elena Eriksen (tv.) frå Noreg og Tatjana Prokhorova frå Russland sorterer botndyr under eit økosystemtokt i Barentshavet.

Figur 2.4 Havforskarane Elena Eriksen (tv.) frå Noreg og Tatjana Prokhorova frå Russland sorterer botndyr under eit økosystemtokt i Barentshavet.

Foto: Gunnar Sætra, Havforskingsinstituttet

Sjølv om ei integrert økosystembasert forvaltning har vore ein uttalt ambisjon i mange år, er det langt igjen før vi kan nå dette målet fullt ut. Dei marine økosystema er komplekse og mange samanhengar er dårleg kjende. Ei rådgjeving som tek omsyn til alle elementa i økosystemet vil krevje kunnskap vi ikkje har i dag, og som føreset store nye investeringar både i overvaking og forsking. Det er heller ikkje likefram å drive forvaltning på basis av slike råd, sidan sjølve rådgjevinga i større grad då blir ulike moglege kombinasjonar av kvotar enn eit konkret kvoteråd for kvar art. Det at ulike land kan ha ulike prioriteringar og mål for forvaltninga av bestandar som ein deler, kompliserer biletet ytterlegare. Ei økosystembasert forvaltning er like fullt eit klart mål, og som vi nærmar oss stegvis.

Forvaltningsplanar og haustingsreglar

Mot slutten av 1990-talet og tidleg på 2000-talet starta arbeidet med å utvikle forvaltningsplanar for mange bestandar. Dette var eit stort steg i retning av meir føreseieleg fiskeriforvaltning, både når det gjeld kvoterådgjeving, fastsetjing av kvotar og andre reguleringar av fisket.

Ein forvaltningsplan er ei konkretisering av forvaltningsstyresmaktene sine målsetjingar for forvaltninga av ein bestand, uttrykt gjennom haustingsreglar. Det er forvaltarane sitt ansvar å vedta haustingsreglar, men reglane blir ofte laga i samarbeid mellom forvaltarar og forskarar. Før nye haustingsreglar blir endeleg vedtekne, sender kyststatane dei gjerne til ICES som vurderer om reglane er i tråd med føre-var-tilnærminga og faktisk fører til at forvaltarane kan nå dei måla som er sette. Når det ligg føre vedtekne forvaltningsreglar, startar ICES med å gje sine råd i tråd med desse reglane.

I byrjinga skulle haustingsreglane i all hovudsak berre tilfredsstille føre-var-tilnærminga; dei skulle kort sagt ta vare på berekraft-prinsippet. Etter kvart har målsetjinga i fiskeriforvaltninga endra seg meir i retning av maksimalt langtidsutbyte av bestandane (MSY-tilnærming). Andre generasjons haustingsreglar tek vare på begge desse føremåla.

Vi har no fått på plass planar for dei fleste viktige bestandane i våre farvatn, og det er ei målsetting å ha ei regelmessig oppdatering av desse planane. Vi er også i ferd med å revidere fleire forvaltningsplanar både i Nordsjøen og i Barentshavet, mellom anna for nordaust-arktisk torsk.

2.3 Internasjonale havmiljøprosessar

Sidan starten på 2000-talet har havmiljøspørsmål vekt aukande interesse i FN si generalforsamling, i globale miljøkonvensjonar og i opinionen. Havretten utviklar òg nye prinsipp for å sikre biologisk mangfald og berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane er innført i internasjonale instrument og i norsk rett.

Kunnskapen om den samla verknaden av alle typar påverknader på det marine miljø aukar. Klima- og miljøutfordringane i havet spenner frå tradisjonell forureining, via mengda av plastavfall og mikroplast som blir ete av fisk og sjøfugl, til verknadane klimaendringane har på havforsuring, temperaturauke og etterfylgjande endringar i bestandsutbreiinga. Fiskeri påverkar økosystemet og etterlet seg eit fotavtrykk på linje med andre næringsaktivitetar.

Dei internasjonale havmiljøprosessane, mellom anna FN sine årlege resolusjonar om havmiljø og fiskerispørsmål, set rammevilkår for forvaltning av marint biologisk mangfald. Dei påverkar dermed handlingsrommet for utforminga av norsk havressursforvaltning og igjen lønnsemda i norsk fiskerinæring. Noreg deltek difor breitt og koordinert i dei globale avgjerdsprosessane for havmiljøspørsmål. Vi vil halde fram arbeidet for at meir av sjøarealet skal kunne nyttast til berekraftig matproduksjon, både innan fiskeri og havbruk. Havet representerer eit stort potensial for auka matproduksjon. Det utgjer 70 prosent av jorda si overflate, men står for mindre enn fem prosent av den globale matproduksjonen.

Fiskeriaktivitet har fått mykje negativ merksemd i ulike internasjonale samanhengar. Dette tek vi på alvor, og nyttar vår kunnskap og erfaring til å arbeide for ei betre fiskeriforvaltning. Etter mykje fokus kring skadar frå fiske på havbotnen har FN dei siste 10 åra vedteke ei rekkje resolusjonar der dei ber FAO og dei internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonane redusere skadeverknader på sårbare botnhabitat. FNs revisjon i 2016 viste lovande resultat for dei områda norske fartøy fiskar i. Globalt er det tillate botnfiske i berre éin prosent av arealet utanfor nasjonal jurisdiksjon.

Tilstanden til dei marine økosystema blir ikkje betre av regelverk og resolusjonar åleine. Noreg har difor teke til orde for å leggje større vekt på å sikre at statar implementerer eksisterande regelverk, enn å stadig utvikle nytt. Det kan samtidig vere formålstenleg å raffinere gjeldande regelverk for å gjere det lettare for statane å innarbeide det i sitt eige regelverk.

På oppdrag frå FN si generalforsamling arbeider ein førebuande komité med å framforhandla element til ei ny såkalla implementeringsavtale for å tette hòl i eksisterande miljøregelverk for internasjonalt farvatn, der ein tek høgde for utfordringar på tvers av sektorar. Noreg fekk saman med fleire andre store fiskerinasjonar gjennomslag for at ei slik avtale ikkje skal underminere eksisterande avtalar, som til dømes under FNs internasjonale maritime organisasjon IMO, eller dei eksisterande implementeringsavtalar under havrettskonvensjonen, medrekna FN-avtalen om fiske på det opne hav (UNFSA) og regelverk under den internasjonale havbotnmyndigheita (mineralressursar). Det er semje om at avtalen skal vere juridisk bindande og omfatte utnytting av marine genetiske ressursar, bruk av marine verneområde og konsekvensutgreiingar. Den førebuande prosessen skal rapportere til FNs generalforsamling i 2017. Generalforsamlinga vil i 2018 avgjere om forhandlingar av sjølve avtalen skal settast i gang i ein såkalla diplomatkonferanse.

FN fastsette i 2015 17 mål for ei berekraftig utvikling. Mål 14 omfattar havspørsmål, og målet er å bevare og bruke hav og marine ressursar på eit vis som fremmer ei berekraftig utvikling. Målet har ti tilhøyrande delmål og tiltak for eit reinare hav, mot overfiske og ulovleg, urapportert og uregulert fiske inngår.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), Konvensjonen om internasjonal handel med trua plante- og dyreartar (CITES) og Konvensjonen om migrerande artar (Bonnkonvensjonen) er alle eksempel på globale miljøavtalar som får verknad for forvaltninga av kommersielle fiskeartar. Blant anna har konvensjonane verna seintveksande migrerande artar som haiar og skater. Både Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) og Konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege Atlanterhavsområdet (OSPAR) har oppretta beskytta område (Marine Protected Areas) i internasjonalt farvatn. NEAFC har stengt område for fiske som dekkjer eit areal større enn Storbritannia og Irland til saman, jf. figur 2.5. I 2008 oppretta dei to organisasjonane eit formelt samarbeid og til saman regulerer dei ei rad ulike aktivitetar.

Figur 2.5 NEAFC si stenging av botnfiske i internasjonalt farvatn

Figur 2.5 NEAFC si stenging av botnfiske i internasjonalt farvatn

Fiskeriforvaltninga set også i verk andre tiltak for å beskytte ressursane, til dømes forbod mot å fiske med visse reiskapar, tidsavgrensa fiske, opning og stenging av fiskefelt og arealbaserte reguleringar (som korallvern og forbod mot botnfiske). Til saman medverkar alle dei nemnde tiltaka til eit viktig vern for sårbare marine område og økosystem.

Marine verneområde og andre arealbaserte forvaltningstiltak inngår no i oppfølginga av det globale målet vedteke på Johannesburg-konferansen i 2002 om å beskytte 10 prosent av kyst- og havområde innan 2020. Målet vart stadfesta i FN sine nye mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Noreg har innført ulike arealtiltak i omkring 50 prosent av det samla sjøarealet på 2 millionar km2.

Fiskeriforvaltningsorganisasjonane som Noreg er medlem i, som NEAFC, NAFO og SEAFO, har vedteke arealbaserte stengingar mot fiskeri.

2.4 Kontroll og handheving

Ei berekraftig hausting av fiskeressursane krev at ein kan regulere den totale fiskeriaktiviteten og ha kontroll med det faktiske fisket. Det er utfordrande og krev stor grad av internasjonalt samarbeid, fordi fiskefartøy opererer innanfor jurisdiksjonsområda til mange ulike land og også i opne havområde.

Den siste studien som har blitt gjort av det globale omfanget av ulovleg fiske, har rekna ulovleg fiske til å vere om lag 15 prosent av all fangst2. Rapporten viser dermed at ulovleg fiske er eit alvorleg trugsmål mot fiskeressursane. Det viser seg også at fiskerikriminalitet i ein del tilfelle har bindeledd til anna organisert kriminell verksemd som smugling av narkotiske stoff, menneskehandel, korrupsjon og økonomisk kriminalitet.

Kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) har stått høgt på dagsorden dei seinare åra. Det gjeld både i det kontrollsamarbeidet Noreg har med andre land, i FNs matvareorganisasjon (FAO) og i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane (RFMOar).

Norske styresmakter legg stor vekt på arbeidet mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet, og Noreg arbeider med å sikre at internasjonale avtalar er tilstrekkeleg innarbeidde i den nasjonale lovgjevinga. Særleg gjeld dette pliktane våre gjennom RFMOane, dei ulike avtalane og den globale hamnestatsavtalen som er inngått under FAO.

Dei seinare åra har det vore klart at den omfattande fiskerikriminaliteten må takast på alvor og behandlas på same vis som annan grenseoverskridande organisert kriminalitet. FN sitt kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC) og INTERPOL har difor teke tak i arbeidet mot fiskerikriminalitet dei siste åra.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. Saman utarbeider dei nasjonale, strategiske risikovurderingar for å sikre at kontrollressursane blir sette inn der det er mest sannsynleg at lovbrot skjer, og der følgjene av lovbrotet er størst. Etterforsking av fiskerikriminalitet har politi og påtalemakt ansvar for.

Kystvakta og Fiskeridirektoratet har i ei årrekkje samarbeidd om å kartleggje og analysere fiskerikriminalitet i norske havområde. Politiet, skattestyresmaktene, Kystverket, Arbeidstilsynet og tollstyresmaktene er òg med i arbeidet, som omfattar systematisk innsamling av informasjon om mogleg grenseoverskridande fiskerikriminalitet der aktørar med ulik nasjonalitet er involverte. Fiskeridirektoratet og Kystverket samarbeider også om ei analyseeining som ligg ved Kystverkets trafikksentral i Vardø. Analyseeininga analyserar data og informasjon om fartøyaktivitetar for avdekkje ulovleg fiske og transport på havet.

Kontrollsamarbeid med andre land

Noreg har tosidige avtalar om kontrollsamarbeid med alle land som har interesser i norske havområde. Kontrollavtalane inneber at partane skal samarbeide om å kjempe mot ulovleg fiske og omfattar mellom anna rapportering av landingar av fisk frå fartøy frå tredjeland.

Desse avtalane har vore viktige for nedgangen i UUU-fiske i Nordaust-Atlanteren dei siste åra. Ikkje minst har det norsk-russiske samarbeidet hatt mykje å seie for å få kontroll med det ulovlege fisket i Barentshavet. Noreg og Russland utvekslar mellom anna kvoteoversikter og landingsstatistikk gjennom året. Kring årsskiftet gjennomfører partane felles analysar av uttak knytt til enkeltfartøy og av totaluttaket. Noreg og Russland utvekslar òg inspektørar og observatørar ved kontrollar på havet og i land.

Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner. Det er seinare inngått tilsvarande avtalar med Island, Russland og Færøyane. Gjeldande avtale med Island trådde i kraft 1. januar 2014. Avtalen med Færøyane tredde i kraft 10. januar 2017. Det er førebels ikkje bestemt når avtalen med Russland vil tre i kraft.

Utvida sporing og elektronisk fangstrapportering er viktige element i kampen mot ulovleg fiske. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren.

Figur 2.6  Kystvakta kontrollerer at fisket skjer på lovleg vis ved å måle maskestorleiken på trålen

Figur 2.6 Kystvakta kontrollerer at fisket skjer på lovleg vis ved å måle maskestorleiken på trålen

Foto: Kystvakta

Svartelister og hamnestatskontroll

Dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane (RFMOane) er viktige aktørar i kampen mot UUU-fiske. Noreg har vore ein pådrivar for å få organisasjonane vi er medlem av til å opprette svartelister over fartøy som driv UUU-fiske.

Fordi fartøy som driv UUU-fiske ofte opererer globalt, og fangsten gjerne blir landa utanfor området der fangsten vart teken, har Noreg òg arbeidd for at ulike RFMOar skal godta kvarandre sine UUU-lister. NEAFC fører til dømes i dag fartøy på si svarteliste dersom CCAMLR, NAFO eller SEAFO kan stadfeste at fartøyet har vore involvert i UUU-fiske.

Avtalen om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske er eit viktig instrument som skal bidra til betre kontroll med fisket. Avtalen vart vedteken 22. november 2009 og tredde i kraft 16. juni 2016. Noreg er ein av 30 statar og organisasjonar (inkludert EU på vegne av dei 28 medlemslanda; per 30. desember 2016) som har ratifisert avtalen og arbeider for at fleire statar skal slutte seg til.

Etter avtalen skal partane krevje at informasjon om fartøy og fangst blir sendt til hamnestaten før fartøyet får tilgang til hamna. Denne informasjonen skal styresmaktene i hamnestaten bruke til å forsikre seg om at fartøyet ikkje har vore involvert i UUU-fiske.

Noreg har arbeidd aktivt for at RFMOane skal vedta reglar om hamnestatskontroll og for at desse reglane skal utvidast i samsvar med den globale avtalen. Både NEAFC, NAFO, CCAMLR, SEAFO og ICCAT har vedteke reguleringar om hamnestatskontroll.

Den globale avtalen om hamnestatstiltak er eit viktig supplement til andre reaksjonar mot ulovleg fiske. Det kan vere kontrollaktivitetar, å føre inn fartøy og andre straffeprosessuelle eller administrative skritt mot dei som kontrollerer eller eig fartøyet.

Globale retningslinjer om flaggstatsansvar

Som eit ledd i kampen mot UUU-fiske vedtok FAO sin fiskerikomité (COFI) globale retningslinjer for flaggstatsansvar i juni 2014. Retningslinjene inneheld mellom anna kriterium for evaluering av flaggstaten samt eit kapittel om samarbeid mellom flaggstatar og kyststatar.

Retningslinjene er ikkje folkerettsleg bindande, og skapar dermed ikkje nye plikter for statane, men konkretiserer korleis ansvarlege flaggstatar bør opptre. Dei kan vere til hjelp for statar som ønskjer å ta ansvar som flaggstat og bidra til å identifisere statar som ikkje opptrer ansvarleg.

Figur 2.7 Analyseeininga i Vardø er eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystverket for å analysere og overvake avvik på havet

Figur 2.7 Analyseeininga i Vardø er eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystverket for å analysere og overvake avvik på havet

Marknadstiltak – fangstsertifikat

Eit fangstsertifikat dokumenterer at fisken er fanga på lovleg vis i samsvar med gjeldande krav. EU har sidan 2008 stilt krav om at fangstsertifikat skal følgje med når villfanga fisk blir importert. Seinare har fleire statar kravd det same.

Noreg har ein eigen avtale med EU om krava som gjeld når norskfanga fisk skal importerast til EU. Liknande avtalar er inngått med Kina og Ukraina. Tunfiskorganisasjonen ICCAT har i fleire år kravd fangstdokumentasjon ved fangst av makrellstørje, storauga tunfisk og sverdfisk. CCAMLR har også eit system for elektroniske fangstsertifikat for patagonisk tannfisk.

I COFI – FAO sin fiskerikomité – er det sett i gang ein prosess for å utarbeide globale retningslinjer for fangstsertifikat. Noreg har teke til orde for å få på plass enklare og meir effektive modellar som ikkje utgjer tekniske hinder for handel. Komiteen har slutta seg til at marknadsretta tiltak skal vere klare, enkle, rettferdige og gjennomsiktige.

Forsterka arbeid mot fiskerikriminalitet

Sjølv om tiltak som hamnestatskontroll og fangstsertifikat gjer det vanskelegare å få ulovleg fanga fisk på marknaden, er desse verkemidla ikkje tilstrekkelege til å få bukt med den omfattande fiskerikriminaliteten i verda. Den globale kampen mot fiskerikriminalitet er komplisert og involverer både politiet, påtalemakta og kontrollstyresmaktene.

Alle fiskeriresolusjonar frå generalforsamlinga i FN frå 2008 peikar på at det kan vere sambandslinjer mellom UUU-verksemd og annan grenseoverskridande organisert kriminalitet. For å ha ei heilskapleg tilnærming til UUU-spørsmåla må vi ta organisert kriminalitet i fiskerinæringa med i vurderinga av framtidige tiltak.

Fiskeriforvaltningas analysenettverk

Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) har sidan 2009 arbeidd mot organisert kriminalitet knytt til ulovleg fiske. FFA ligg under Nærings- og fiskeridepartementet og er eit samarbeid på tvers av ei rekkje departement og etatar. Analysenettverket er samansett av fagpersonar frå Politiet, Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Kystverket, Tolldirektoratet, Arbeidstilsynet og Skattedirektoratet. Nettverket lagar oppdaterte, tverretatlege analysar om ulovleg uttak av fisk frå havet og annan fiskerirelatert kriminalitet, som til dømes ulovleg kapitalflyt som stammar frå omsetning av ulovleg fanga fisk. Gjennom eit bistandsprosjekt i samarbeid med INTERPOL hjelper FFA også utviklingsland med å handtere fiskerikriminalitet og å koordinere ein felles innsats mot denne aktiviteten.

Fiskerikriminalitet inneber ofte grov økonomisk kriminalitet, og for å nedkjempe dette må ein følgje pengestraumane. Fiskeridirektoratet, Økokrim, Skattedirektoratet og Tolldirektoratet har dei siste åra utvikla gode rutinar og styrka samarbeidet, mellom anna gjennom arbeidet i FFA. Fisk er ei global handelsvare, og kunnskap om kva ruter som blir nytta og på kva måte den ulovlege fisken blir transportert, vil gje oss eit meir heilskapleg bilde av aktørane som er involverte.

Boks 2.2 Internasjonalt politisamarbeid

Internasjonalt politisamarbeid har vist seg å vere eit nyttig verktøy i kampen mot fiskerikriminalitet. I september 2013 bad Noreg, som det fyrste landet i historia, INTERPOL om å utstede ein «lilla notis» om eit fiskefartøy. Skipet Viking, som på den tida het Snake, hadde vore ettersøkt internasjonalt i meir enn ti år for å ha fiska ulovleg i farvatnet rundt Antarktis.

Gjennom lillanotisen bad Noreg om informasjon som kunne bidra til å stanse Viking. Fleire land og sivile organisasjonar bidrog med informasjon og i mars 2016 blei Viking arrestert i Indonesia då det vart stadfesta som statslaust. Noreg og Canada bistod Indonesia mellom anna med å hente inn bevis og informasjon frå fartøyet. Skipet blei destruert og kapteinen og nokre av mannskapet fekk bøter for brot på fiskerilovgjevinga og er framleis i varetekt i Indonesia.

Viking-saka er eit godt eksempel på korleis INTERPOL kan bidra til auka utveksling av etterretningsinformasjon mellom land, samt til at fartøy som er involvert i fiskerikriminalitet blir stansa. Sidan 2013 har 14 fiskefartøy blitt ettersøkt gjennom INTERPOL.

Noreg gjer ein stor innsats i INTERPOL sin arbeidsgruppe mot fiskerikriminalitet. Analyseprodukta som brukas i arbeidsgruppa vert levert frå FFA og Fiskeridirektoratet. Me ser òg ei auke i operativ aktivitet i ei rekkje andre land, med betre utveksling av etterretningsinformasjon og koordinert operativ innsats.

Figur 2.8 Sigurd Richardsen (tv.) frå Fiskeridirektoratet, Eve de Coning frå Kripos og Sølvi Albrigtsen frå Skatteetaten går om bord på Viking for å hente inn bevis

Figur 2.8 Sigurd Richardsen (tv.) frå Fiskeridirektoratet, Eve de Coning frå Kripos og Sølvi Albrigtsen frå Skatteetaten går om bord på Viking for å hente inn bevis

Foto: Sigurd Richardsen, Fiskeridirektoratet

UNODC

FNs kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC) i Wien er den globale arenaen for å førebyggje og nedkjempe kriminalitet. Dei siste åra har organisasjonen auka merksemda om fiskerikriminalitet, mellom anna etter ein FN-studie av grenseoverskridande organisert kriminalitet i fiskerinæringa. FN sin kriminalitetskommisjon, som er det styrande organet for UNODC, har no etablert ei ekspertgruppe om organisert kriminalitet på havet. UNODC har også nyleg teke med fiskerikriminalitet som ein del av organisasjonen sitt program mot miljøkriminalitet. Desse tiltaka er viktige bidrag til arbeidet mot fiskerirelatert kriminalitet i framtida. Noreg tek aktiv del i dette arbeidet og bidreg også økonomisk.

I november 2016 inngjekk Noreg ei fireårig avtale med UNODC for å kjempe mot transnasjonal organisert fiskerikriminalitet. Avtalen er ein del av Fisk for utvikling-programmet og vil hjelpe utviklingsland med å oppdatera lovgjevinga og bidra til kompetanse- og kapasitetsbygging hos politiet, kontroll- og påtalestyresmaktene.

INTERPOL

INTERPOL er verdas største internasjonale politiorganisasjon og bidreg med koordinering og bistand til land ved grenseoverskridande operasjonar. Dei har oppretta ei eiga permanent arbeidsgruppe og to program som skal arbeide mot fiskerikriminalitet.

Fiskerikriminalitetsarbeidsgruppa arbeider med deling av etterretningsopplysningar, operasjonar mot ulovlege aktivitetar og kapasitetsbygging. Noreg har bidrege med analyseverktøy og sporingsanalysar til denne gruppa.

Det første INTERPOL-programmet mot fiskerikriminalitet vart offisielt lansert i Lyon i februar i 2013, og norsk politi og forvaltning deltok saman med representantar frå 62 andre statar. Det andre INTERPOL-programmet, som handlar om bistand til utviklingsland i kampen mot fiskerikriminalitet, starta i april 2014. Noreg tek aktivt del i og har gitt finansielle bidrag til begge programma.

ILO

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO), som har ansvar for ein konvensjon mot tvangsarbeid og arbeider mot tvangsarbeid i fiskerinæringa i samarbeid med INTERPOL og UNODC. ILO arrangerte i november 2015 eit ekspertmøte i Oslo om utnytting av arbeidskraft i fiskerisektoren i Atlanterhavsregionen.

Noreg ratifiserte ILO konvensjonen om arbeidsvilkår i fiskerisektoren i januar 2016. Denne skal sikre at arbeidstakarar i fiskerisektoren får betra arbeidsmiljø og helse til sjøs, og kan bidra til å minske risikoen for tvangs- og barnearbeid. Konvensjonen har blitt ratifisert av ti land og vil tre i kraft i november 2017.

NA-FIG

I 2015 vart Nord-atlantisk fiskerietterretning (NA-FIG) oppretta for å kartlegge økonomisk kriminalitet i fiskeindustrien i Nord-Atlanteren. NA-FIG er ei regional tverretatleg gruppe knytta til OECD og er samansett av representantar frå medlemslanda sine fiskeri-, toll- og skattestyresmakter. I 2016 fekk NA-FIG tildelt finansiell støtte frå Nordisk Ministerråd til eit prosjekt som har til hensikt å stimulere til tverretatleg samarbeid mot fiskerikriminalitet, både i og mellom dei nordiske landa.

2.5 Anna internasjonalt fiskerisamarbeid

Fisk er mat

Tilgang til mat er ein viktig menneskerett, og har stått sentralt i FN sitt arbeid med strategiske utviklingsmål. Generalforsamlinga i FN har peika på global matsikkerheit som den mest krevjande utfordringa i samband med befolkningsveksten. Verdas matvareorganisasjon FAO har anslått at innan 2050 vil behovet for mat i verda vore auka med 100 prosent.

Potensialet for produksjon frå havet er undervurdert og underutnytta. Difor har Noreg lagt særleg vekt på fisk som mat i alle relevante globale fora dei seinare åra. Dette er eit langsiktig strategisk arbeid. Det gjeld å få på plass den politiske erkjenninga av at auka produksjon av fisk er eit viktig bidrag i arbeidet for å fjerne svolt. Det er dessutan viktig å få fram kunnskap om verdien av marin mat i ein sunn diett. Som global hovudaktør innan sjømat er det også i norsk sjømatnæring si interesse at etterspørselen etter fisk aukar.

Deklarasjonen frå FNs konferanse om berekraftig utvikling i Rio de Janeiro i 2012 (Rio+20) understreka den grunnleggjande retten til mat og fiskeri og akvakultur si viktige rolle i arbeidet for betre matsikkerheit og ernæring. Dette var ein milepæl i arbeidet med å anerkjenne fisken si rolle i global matforsyning.

Etter norsk initiativ behandla FN sin komité for global matsikkerheit (CFS) hausten 2014 for første gong mat frå havet som eit eige tema. CFS fatta då eit vedtak kor dei sentrale elementa var:

  • Fisken sitt bidrag til matsikkerheit og ernæring.

  • Fisken må takast med når ernærings- og matpolitikken blir utforma.

  • Matsikkerheit og ernæringsomsyn må integrerast i strategiar og politikk innan fiskeri og akvakultur.

Nærings- og fiskeridepartementet vil halde fram innsatsen i FN og andre globale fora for å fremje forståinga for kva fisk har å seie for matsikkerheit og ernæring. Samtidig bidreg Noreg praktisk, gjennom utviklingssamarbeid, med å hjelpe fram auka produksjon av fisk i andre delar av verda. Norsk fiskeri- og havbruksnæring bidreg også direkte med mat. I tillegg tener den norske forvaltninga som eit eksempel på korleis andre land på berekraftig grunnlag kan auke produksjonen av sjømat.

Frå norsk side har ein auka merksemda om matsvinn. I 2015 blei det satt i gang eit nasjonalt samarbeid med matkjedene for å bidra til at mat blir pakka, selt og konsumert på ein slik måte at mindre mat blir kasta. Partane held på med å lage ein avtale om konkrete reduksjonsmål.

Internasjonalt har Noreg røyst problemstillinga om matsvinn i ulike fora. FAO har berekna at 35 prosent av all fisk som blir fiska og oppdretta går tapt. Det utgjer om lag 50 millionar tonn mat. Det er ei utfordring å auke den globale matforsyninga samstundes med at ein etterlèt seg små fotavtrykk i naturen. Å auke mattilførsla gjennom redusert svinn vil vere den mest miljøvenlege metoden. På COFI sin sesjon i juli 2016 blei det etter norsk initiativ vedtatt å utvikle ein praktisk retta handlingsplan og manual for å redusere tap av mat innanfor fiske- og akvakultur i alle ledd av kjeda. Fangst, oppbevaring, produksjon, transport og konsum inkludert. Noreg delfinansierer dette arbeidet.

Utviklingssamarbeid

Norsk havressursforvaltning nyt stor respekt internasjonalt og har spelt ei sentral rolle i utforminga av internasjonale fiskeriregelverk, inkludert avtalar om botnfiske, hamnestatskontroll, utkast og bifangst. Noreg får difor mange førespurnader frå utviklingsland om å bidra til å utvikle deira fiskeri- og havbruksnæring.

Det er Utanriksdepartementet som har forvaltningsansvaret for norsk fiskeribistand – både geografisk og tematisk. Slik bistand blir i dag gjeven til ei rekkje land i Afrika, og til nokre land i Asia og Sentral-Amerika.

Figur 2.9 Forskingsfartøyet Dr. Fritjof Nansen har vore eit viktig verktøy for estimering av fiskeribestandar

Figur 2.9 Forskingsfartøyet Dr. Fritjof Nansen har vore eit viktig verktøy for estimering av fiskeribestandar

Foto: Inger Marie Beck, Havforskingsinstituttet

For å følgje opp ønskjer og oppmodingar frå utviklingsland trekkjer Utanriksdepartementet og Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) på norsk fiskerifagleg kompetanse. Samarbeid mellom fagfolk i søsterinstitusjonar i utviklingsland og i Noreg har vist seg å fungere særs bra. Slikt institusjonelt samarbeid fremjar fagleg kompetanse og kapasitetsbygging. Norad byggjer si eiga rådgjeving på norsk fiskerikompetanse sett i samanheng med forholda i utviklingsland, og har ein rammeavtale med Havforskingsinstituttet, som igjen trekkjer vekslar på andre sentrale forskings- og forvaltningsinstitusjonane på fiskeriområdet: Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, Norsk institutt for ernærings- og sjømatforsking og Veterinærinstituttet.

Fiskeribistanden følgjer dei same føringane som gjeld for norsk bistand generelt og omfattar samarbeid på ei rekkje område, inkludert: fiskeripolitikk, administrasjon, lovgjeving, regelverk, forsking, ressurskartlegging og overvaking, forbetring av teknologi, samt arbeidet mot ulovleg fiske og fiskerikriminalitet. Kapasitetsbygging er eit gjennomgåande tema i all bistand på området. Utover EAF Nansen-programmet (sjå boks 2.3) er samarbeidstiltak på fiskeriområdet i hovudsak basert på etterspørsel etter norsk ekspertise.

Boks 2.3 EAF Nansen-programmet

Nansen-programmet har vore ein hjørnestein i norsk fiskeriutviklingssamarbeid heilt sidan 1970-talet. Programmet er tufta på ein avtale inngått med FNs matvareorganisasjon (FAO) om at Noreg skal byggje og drifte eit fiskeriforskingsfartøy. Skipet, som fører både norsk flagg og FN-flagg, utgjer hovudverktøyet for ressursprogrammet. Sidan 1975 har over 60 land i Afrika, Asia, Mellom-Amerika og Sør-Amerika fått assistanse til kartlegging og overvaking av fiskeressursar, og med opplæring og utdanning. For mange land har slik kartlegging gitt eit særs viktig datagrunnlag for berekraftig fiskeriforvaltning og investeringsplanar i flåte og industri. Ressurskartlegginga frå Nansen-programmet er i mange område dei einaste bestandsoversiktene som eksisterer.

I tråd med moderne krav til fiskeriforvaltning har programmet endra seg og utvikla seg i retning av ei økosystembasert fiskeriforvaltning. Nansen-programmet vart difor i 2007 avløyst av eit nytt program: «Ecosystem Approach to Marine Fisheries Management in Development Countries» – det såkalla EAF Nansen-programmet. EAF Nansen-programmet har følgjande hovudoppgåver:

  • Stønad til nasjonal og regional fiskeriforvaltning ved å planlegge og innføre nye forvaltningssystem i samsvar med EAF-prinsipp (Ecosystem Approach to Fisheries Management).

  • Økosystemvurderingar og overvaking.

  • Kapasitets- og kompetansebygging i nasjonale institusjonar og lokale organisasjonar.

Ansvaret for planlegging, økonomi, gjennomføring og rapportering under EAF Nansen-programmet ligg hos FAO. Havforskingsinstituttet i Noreg er ansvarleg for drifta av forskingsfartøyet og hovudansvarleg for den vitskaplege delen av programmet. Det første skipet, F/F Dr. Fridtjof Nansen, vart bygd i 1974. Skipet blei erstatta av eit nytt fartøy i 1993. I 2016 blei dette skipet overtatt av Nærings- og Fiskeridepartementet og etter ei omfattande oppussing innlemma i den norske forskingsflåten. Det tredje «Dr. Fridtjof Nansen» blei bygd i Spania og overteke av Norad i januar 2017. Etter installering av utstyr og utprøving i norske farvatn, vil skipet dra på tokt i Det indiske hav i 2018 og langs vestkysten av Afrika i 2019.

Figur 2.10 Det nye fartøyet F/F Dr. Fridtjof Nansen

Figur 2.10 Det nye fartøyet F/F Dr. Fridtjof Nansen

Foto: Havforskingsinstituttet

Norsk fiskeriforvaltning og fiskeriforsking har frå midt på 1990-talet bygd opp rammeverket for fiskeriforvaltninga (lovverket) og gitt forvaltningsstønad gjennom langsiktige program i Namibia, Sør-Afrika og Vietnam. I tillegg har det vore bistandsprosjekt innanfor fiskeriforvaltning og fiskeriforsking i Kina, Indonesia, India, Sri Lanka, Mosambik, Tanzania og Angola. Norsk fiskeribistand støttar også regionale program og fiskeriforvaltningsmekanismar som samsvarar med norsk fiskeripolitikk og norsk utanrikspolitikk.

Eit nytt samarbeidsprosjekt for utviklinga av fiskeriforvaltninga i Sri Lanka er sett i gang. Prosjektet kom i stand etter ynskje frå begge land. Nærings- og Fiskeridepartementet vil inngå ein tosidig samarbeidsavtale med fiskeristyresmaktene i Sri Lanka, og vere rådgjevar i utviklinga av ein ny nasjonal politikk for fiskeri- og akvakultursektoren i landet. Prosjektet blir regulert av ein bistandsfinansiert institusjonell avtale. Det starta i januar 2017 og skal vare ut 2019.

Figur 2.11 Representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet i Sri Lanka

Figur 2.11 Representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet i Sri Lanka

Anna tosidig fiskerisamarbeid

Norske fiskeristyresmakter har tosidige samarbeidsavtalar med fleire land, såkalla MoUar (Memorandum of Understanding). Avtalane med USA, Canada og India er dei kor det er mest aktivitet.

Basert på MoUane har Noreg årlege møter med fiskeristyresmaktene i USA og Canada. Møta gir høve til å drøfte saker der det er usemje, samt til å diskutere initiativ og samarbeid i internasjonale forum som FAO, OECD, WTO og i aktuelle RFMOar. I det tosidige forholdet med USA er det særleg spørsmål om UUU-fiske og oppfølging av vedtak i internasjonale forum som FAO og forskingssamarbeid som står sentralt.

Figur 2.12  Møte mellom Noregs delegasjon og fiskeristyresmaktene i USA i september 2016

Figur 2.12 Møte mellom Noregs delegasjon og fiskeristyresmaktene i USA i september 2016

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Noreg og India sitt samarbeid på fiskeriområdet har røter tilbake til 1952. Arbeidet vart vitalisert med ein ny MoU i 2010. Samarbeidet omfattar forsking, utstyr og teknologi, fiskeri- og havbruksforvaltning, kvalitet, fiskehelse og miljø, samt samarbeid gjennom globale organisasjonar og prosessar. I det vidare samarbeidet vil det bli lagt særleg vekt på å utvikle marint oppdrett i merdar og overføre norsk teknologi og utstyr.

Det norsk-brasilianske samarbeidet tok fart etter ein felles MoU i 2009. Det brasilianske fiskeridepartementet ønskte eit fagleg samarbeid med Noreg for å utvikle ei kunnskapsbasert og miljømessig berekraftig fiskeri- og akvakulturforvaltning i Brasil. Sidan 2011 har både fiskeriministrane, forskarar og folk frå forvaltninga i dei to landa møttest fleire gonger. Fagleg har samarbeidet vore konsentrert om kunnskapsoverføring og kompetansebygging i fiskeoppdrett, fiskeriforvaltning, havrett, fiskehelse og samarbeid i internasjonale organisasjonar og prosessar, særleg i FAO. Departementsstrukturen i Brasil er no endra, og det er uklart kva som vil skje med dette samarbeidet framover.

I tillegg deltar norsk fiskeriforvaltning med sine fagekspertar i bistandsfinansierte prosjekt i ei rekkje land, som til dømes Uruguay, Cuba, Vest-India, Pakistand, Myanmar, Thailand og Øst-Timor.

Fotnotar

1.

CLCS - Commission on the Limits of the Continental Shelf

2.

Agnew et al.: Estimating the Worldwide Extent of Illegal Fishing. PLOSOne, 2009: http://www.plosone.org/article/infoprosent3Adoiprosent2F10.1371prosent2Fjournal.pone.0004570

Til forsida