3 Fiskeriavtalane for 2017
3.1 Oversikt over avtalane
Med bakgrunn i det havrettslege rammeverket fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land om forvaltninga av felles fiskeriressursar. Noreg inngår både tosidige og fleirsidige avtalar om forvaltninga av bestandar vi deler. I tillegg blir det inngått avtalar i dei internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonane der Noreg deltek.
Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora:
Å fremje ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming.
Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar.
Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregima der Noreg tek del.
Tosidige avtalar
Noreg har ført forhandlingar og inngått avtalar for 2017 med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er òg ført forhandlingar og inngått avtalar med EU, på vegne av Danmark og Sverige, om fiske i Skagerrak og Kattegat og med EU, på vegne av Sverige, om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. Noreg har også samarbeidd med Island om kvotebyte og oppfølging av Smottholavtalen.
Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar
Noreg har teke del i kyststatsforhandlingar om dei store vandrande bestandane makrell, norsk vårgytande sild (nvg-sild) og kolmule for 2017. I tillegg er det forhandla om fleirsidige avtalar om forvaltninga av snabeluer i Irmingerhavet, Barentshavet og Norskehavet med ulike partar.
Noreg forhandlar òg med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.
Forhandlingane om kyststatsavtalane gjeld forvaltning og fordeling.
Internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar
FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne hav å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar. Noreg legg stor vekt på det internasjonale samarbeidet om fiskeriforvaltning og deltek i fleire regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar – dei såkalla RFMOane. I tillegg deltek vi aktivt i nokre globale organisasjonar. Ei oversikt over organisasjonane Noreg deltek i finst i figur 3.4.
Delegasjonane
Når Nærings- og fiskeridepartementet utnemner delegasjonar til dei forskjellige fiskeriforhandlingane, ligg det ei balansert vurdering til grunn. Det blir lagt vekt på at partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Sjømat Norge og Norges Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund og Sametinget vore medlemmar av delegasjonen til dei tosidige forhandlingane med Russland. Det vert vurdert frå år til år kven forhandlingane er relevante for.
3.2 Tosidige avtalar
3.2.1 Noreg – Russland
Fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland er formalisert gjennom avtalen 11. april 1975 om samarbeid innan fiskerinæringa og avtalen 15. oktober 1976 om gjensidig fiskerisamarbeid. Avtalane regulerer ei gjensidig plikt til samarbeid om praktiske spørsmål innanfor fiskeriforvaltninga og til å gjennomføre konsultasjonar om desse spørsmåla, med særleg vekt på tiltak for å ta vare på bestandane og koordinere fiskerivitskapleg forsking.
Med bakgrunn i avtalane, har Noreg og Russland gjennom Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ført årlege forhandlingar om totalkvotar og reguleringstiltak for bestandane vi deler i Barentshavet. Til fellesbestandane reknar vi nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde. Partane er einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner, men drøftar resultata frå felles forskingsinnsats om krabben på dei årlege sesjonane. Partane er einige om at snøkrabben er ein sedentær art underlagt høvesvis norsk og russisk sokkeljurisdiksjon, og at eit uttrykkelig samtykke frå kyststaten er nødvendig for å kunne drive fiske på arten.
Partane fastset totalkvotar og fordeler kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Partane avtalar også gjensidig rett til å delta i fisket i kvarandre sine soner og byter kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. I tillegg omfattar avtalane harmonisering av teknisk regelverk og det vert utarbeidd felles fiskerivitskapleg forskingsprogram.
Noreg og Russland har forvaltningsreglar for torsk, hyse og lodde som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. I 2016 vart reglane reviderte. Det vart vedteke ny forvaltningsregel på torsk, medan dei gjeldande reglane for hyse og lodde vart vidareført. Alle forvaltningsreglane skal liggje fast i 5 år.
Det er einigheit mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter at det er fastsett kvote til tredjeland blir kvotane for nordaust-arktisk torsk og nordaust-arktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane Russland og Noreg. Loddekvoten er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland. Kvoten for blåkveite er fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. I 2014 vart Noreg og Russland også einige om fordelinga av snabeluerbestanden. Etter dette er snabeluerkvoten fordelt med 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland og 10 prosent til tredjeland.
Dei siste åra er det lagt stor vekt på å utvikle felles tekniske reguleringstiltak for fisket i Barentshavet og Norskehavet. Tiltaka er basert på vitskaplege analysar. Det er også utvikla ein felles metodikk for å analysere det totale uttaket av torsk og hyse i Barentshavet.
2017-avtalen
Kvoteavtalen for 2017 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Moss 20. oktober 2016, på den 46. sesjonen til Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Den avtalte totalkvoten for fellesbestandane og fordelinga mellom Noreg, Russland og tredjeland er ført opp i tabell 3.1. Tabellane 3.2 og 3.3 på neste side viser ei oversikt over norske kvotar i russisk økonomisk sone og russiske kvotar i norsk økonomisk sone.
Partane vart einige om ei totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 890 000 tonn i 2017. Totalkvoten er fordelt mellom Noreg, Russland og tredjeland etter same mønster som tidlegare år. Den norske kvoten for 2017 er 399 523 tonn, inkludert 21 000 tonn kysttorsk.
For nordaust-arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ei totalkvote på 233 000 tonn. Dette er ein nedgang på 11 000 tonn frå 2016. Den norske hysekvoten er med dette 113 564 tonn.
Noreg og Russland vedtok også å vidareføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvoten til neste år, eller fiske inntil 10 prosent av neste års kvote på forskot.
Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i vår økonomiske sone. Dette er både fordi fisken er større lenger vest og fordi ei vestleg fordeling av fisket gjer kontrollen enklare. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen, er Noreg og Russland òg for 2017 einige om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Avtalen for 2017 gir mellom anna partane rett til å fiske inntil 200 000 tonn torsk i kvarandre sine soner.
Totalkvoten for blåkveite er 24 000 tonn i 2017. Det er ein auke på 2 000 tonn frå 2016.
På grunn av låg gytebestand vart det vedtatt å ikkje opne for kommersielt loddefiske i 2017.
Det er fastsett ein totalkvote for snabeluer på 30 000 tonn for 2017. Det er ei vidareføring av kvoten frå 2016.
Partane vart einige om gjensidig tilgang for kvarandre sine fiskefartøy for fangst av snøkrabbe på norsk og russisk kontinentalsokkel i Smottholet ut 2016, og har ein intensjon om å drøfte å gi vidare løyve til å fiske snøkrabbe i kvarandre sine soner i Smottholet når nødvendige reguleringar er på plass.
Tabell 3.1 Fastsette kvotar1 for fellesbestandane i Barentshavet i 2017 (tonn)
Fiskeslag | TAC | Kvotar til Noreg | Kvotar til Russland | Kvotar til tredjeland |
---|---|---|---|---|
Nordaust-arktisk torsk2 | 890 000 | 378 523 | 387 523 | 123 954 |
Nordaust-arktisk hyse | 233 000 | 113 564 | 104 564 | 14 872 |
Blåkveite | 24 000 | 12 225 | 10 785 | 900 |
Snabeluer | 30 000 | 19 600 | 7 400 | 3 000 |
1 Kvotar etter byte av kvotar, men før tilbakeføring av ubrukt tredjelandskvote.
2 Inklusive forskingsfangst, eksklusive norsk kysttorsk.
Tabell 3.2 Norske kvotar i russisk økonomisk sone i 2017 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Torsk | 200 000 |
Hyse | 47 000 |
Blåkveite | 11 475 |
Snabeluer | 19 600 |
Reker | 4 000 |
Grønlandssel | 7 000 |
Steinbit | 2 500 |
Flyndre | 200 |
Andre artar | 500 |
Tabell 3.3 Russiske kvotar i norske havområde i 2017 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Torsk | 200 000 |
Hyse | 47 000 |
Blåkveite | 10 125 |
Sei | 12 000 |
Steinbit | 5 000 |
Uer og snabeluer | 7 400 |
Kolmule | 23 364 |
Norsk vårgytande sild | 82 827 |
Andre artar | 2 500 |
Kontrollsamarbeid
Noreg og Russland har sidan starten av 1990-talet gradvis utvida fiskerisamarbeidet til å omfatte forvaltnings- og kontrollspørsmål. I 1993 vart Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren (DPU) etablert under Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. DPU er eit samarbeid mellom dei utøvande fiskeristyresmaktene i begge land. I dag samarbeider kontrollstyresmaktene i dei to landa tett og utvekslar informasjon om fangst- og landingsdata. Dette inkluderer løypande utveksling av informasjon om omlastingar til havs og landingar i tredjelands hamner av fisk som tilhøyrer fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet.
Noreg og Russland er einige om å halde fram med samarbeidet om inspeksjonar av fiskefartøy både i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet. Begge landa gir difor inspektørar høve til å opphalde seg på den andre parten sine fartøy for å observere under gjennomføring av inspeksjonar.
Noreg og Russland er òg einige om å vidareføre arbeidet i 2016 i analysegruppa, som består av representantar frå Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for Barentshavet og Kvitsjøen og Russlands sikkerheitsstyresmakt (FSB) si grenseavdeling i Murmansk fylke. Analysegruppa samkøyrer informasjon på fartøynivå både for norske og russiske fartøy og har vore sentral i arbeidet mot ulovleg fiske i Barentshavet, som var eit stort problem fram til midten av 2000-talet. Det er i åra 2009–2015 ikkje avdekt ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet.
Ulike grupper under Fiskerikommisjonen har dei siste åra arbeidd med å harmonisere det tekniske regelverket for fisket i Barentshavet og Norskehavet og med spørsmål knytt til utkast av fisk. På den 45. sesjonen vart partane einige om at DPU skal sjå nærmare på norsk og russisk fiskeriregelverk om utkast. Dette arbeidet held fram i 2017.
Partane vart også einige om at arbeidet med å lage felles retningslinjer for korleis inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet skal gå føre seg, foreløpig skal verte stansa, då skilnader i partane sine nasjonale lovverk gjer at ein ikkje har klart å gjennomføre denne oppgåva.
3.2.2 Noreg – EU
Fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland
Strukturen i avtalane
På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen.
Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.
Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået er òg avhengig av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka kraftig, medan bestandar EU gir Noreg som motyting ikkje har gjort det same. Dette gjer at Noreg i 2017 har halde tilbake litt over 13 000 tonn torsk.
Etablering av forvaltningsplanar og betring av skattleggingsmønsteret
Noreg er i ein kontinuerleg prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Sjølv om vi ikkje gjer alt likt har Noreg og EU eit godt og tett samarbeid på fiskeriforvaltningsområdet.
Noreg og EU har forvaltningsplanar for fellesbestandane i Nordsjøen som skal ivareta omsynet til ei forsvarleg forvaltning og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er vanlegvis eit viktig verktøy for forvaltarane. På grunn av interne avgjerdsprosessar i EU har det vore utfordrande å revidere desse planane. Noreg og EU skal møtast i 2017 for å konsultere om nye planar.
I arbeidet med å forbetre skattleggingsmønsteret i Nordsjøen, har utkast av fisk vore ei utfordring. EU har til no praktisert eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg.
Gjennom forvaltningssamarbeidet med EU har vi etter kvart blitt einige om tiltak for å redusere utkast, mellom anna har EU innført forbod mot utsortering (high-grading). Noreg og EU har også kvar sine system for stenging og opning av fiskefelt for å verne yngel og småfisk.
EU har vedteke ein reform av sin felles fiskeripolitikk som mellom anna inneber forbod mot utkast av fisk. Sjølv om reformvedtaket inneheld fleire unntak er det eit viktig steg i rett retning. Forbodet har blitt implementert stegvis og vil vere ferdig i 2019.
Internt i EU er vedtak av forvaltningsplanar no ein del av medråderettsprosedyrane med Parlamentet. I tillegg blir fleire avgjersler no gjenstand for regionale prosedyrar. Dette kan bli ei utfordring i vårt samarbeid om forvaltningsplanar for fellesbestandane.
Kontroll
Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket er ei viktig oppgåve. Dette skjer til dømes ved å utveksle fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeaktivitet frå tredjeland, ved å utveksle observatørar som kontrollerer og overvaker og ved satellittsporing av fiskefartøy. I tillegg til satellittsporing er elektronisk fangstrapportering viktig i samband med kontroll. Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner. Det blir lagt særleg stor vekt på kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Noreg og EU er einige om å halde fram med samarbeidet om kontroll.
2017-avtalen
Noreg og EU underteikna 2. desember 2016 ein kvoteavtale for 2017. Kvotane er noko endra i forhold til 2016. Kvotane for torsk og sei er auka, medan kvotane for hyse og sild er minka. Byteavtalen vart balansert. For Noreg er det kvotane på sei, sild og torsk som er viktigast. Sjå tabell 3.4 på neste side for ei oversikt over kvotane for dei felles forvalta bestandane i Nordsjøen i 2017. Tabellane 3.5–3.7 viser byte av kvotar mellom Noreg og EU, kvotar til EU på norske bestandar nord for 62ºN og kvotar til Noreg frå EU i Grønland si sone.
Tabell 3.4 Kvotar for felles forvalta bestandar i Nordsjøen i 2017 (tonn)1
Fiskeslag | TAC | Kvotar til Noreg | Kvotar til EU |
---|---|---|---|
Torsk | 39 220 | 6 667 | 32 553 |
Hyse | 33 643 | 7 238 | 26 405 |
Sei | 100 287 | 52 399 | 47 888 |
Kviting | 16 003 | 1 300 | 14 703 |
Raudspette | 129 917 | 9 094 | 120 822 |
Norsdsjøsild | 481 608 | 139 666 | 341 942 |
1 Tala inkluderer overføring av 500 tonn hyse og 300 tonn kviting frå Noreg til EU og 250 tonn sei frå EU til Noreg.
Tabell 3.5 Byte av kvote mellom Noreg og EU i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane (tonn)
Fiskeslag | Kvotar til Noreg i EU-sona | Kvotar til EU i norsk sone |
---|---|---|
Augepål | 25 000 | |
Sei | 510 | |
Blålange | 150 | |
Lange | 6 500 | 1 350 |
Brosme | 2 923 | 170 |
Brisling | 10 000 | |
Blåkveite | 1 100 | |
Kombinert kvote | 250 | |
Reker | 205 | |
Hestmakrell | 3 550 | |
Andre artar | 5 250 | 9 500 |
Tunge | 10 | |
Breiflabb | 1 500 | |
Sjøkreps | 1 000 | |
Kolmule | 110 000 |
Tabell 3.6 Kvotar til EU på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2017 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Norsk-arktisk torsk | 23 002 |
Norsk-arktisk hyse | 1 200 |
Sei | 2 550 |
Blåkveite (bifangst) | 50 |
Anna (bifangst) | 350 |
Tabell 3.7 Kvotar til Noreg frå EU i Grønland si sone i 2017 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Reker | 1 750 |
Blåkveite | 1 150 |
Uer | 740 |
Skolest og isgalt | 90 |
Fisket i Skagerrak/Kattegat
EU forhandlar om fiske i Skagerrak på vegne av Danmark og Sverige.
Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.
Noreg og EU vart 2. desember 2016 einige om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2017. Kvotane står i tabell 3.8. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 6 659 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2017. Norske fiskarar kan i 2017 fiske inntil 50 prosent av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.
Tabell 3.8 Kvotar i Skagerrak og Kattegat i 2017 (tonn)
Fiskeslag | TAC | Kvotar til Noreg | Kvotar til EU |
---|---|---|---|
Torsk | 5 744 | 186 | 5 558 |
Hyse | 2 069 | 87 | 1 982 |
Kviting | 1 050 | 19 | 1 031 |
Raudspette | 17 639 | 353 | 17 286 |
Reker | 7 000 | 3 262 | 3 738 |
Sild | 50 740 | 6 767 | 43 973 |
Brisling | 33 280 | 2 496 | 30 784 |
Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har tidlegare bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. Ifølgje denne avtalen var farvatnet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som opne hav. I dag har Noreg territorialfarvatn på 12 nautiske mil og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje opne hav i Skagerrak. Med sikte på å endre rammeverket, slik at det vart i tråd med moderne havrett, starta Noreg difor ein prosess som etter kvart resulterte i at Noreg sa opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten tok slutt 7. august 2012. Ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak vart endeleg signert 15. januar 2015.
Sverige
Utvidinga av norsk fiskerijurisdiksjon i 1977 fekk også noko å seie for svenske fiskarar som hadde hatt eit tradisjonelt fiske i Nordsjøen i område som etter 1977 inngjekk i Noregs økonomiske sone. Desse fiskarane hadde ikkje alternativt driftsgrunnlag langs svenskekysten. Dette var bakgrunnen for at Noreg tilbaud Sverige ein såkalla nabolandsavtale om fiskeri, som sikra svenske fiskarar retten til å halde fram med fisket i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskarar får tildelt kvotar på torsk, hyse, kviting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk. Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje blitt opna for nye fiskeri.
Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2017 vart underskriven av Noreg og EU 2. desember 2016. Sjå tabell 3.9 for ei oversikt over kvotane. Kvotane er med nokre få små endringar ei vidareføring av nivået frå 2016.
Tabell 3.9 Kvotar til Sverige i norske farvatn i 2017 (tonn)
Norsk økonomisk sone sør for 62ºN | Kvotar |
---|---|
Torsk | 382 |
Hyse | 707 |
Sei | 880 |
Lyr og kviting | 190 |
Reker | 123 |
Sild | 1 151 |
Makrell | 328 |
Industrifisk (øyepål, kolmule, tobis) | 800 |
Andre fiskeslag skal vere på eit tradisjonelt nivå.
3.2.3 Noreg – Færøyane
Noreg og Færøyane vart 16. desember 2016 einige om ein tosidig avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte for 2017. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1979 om gjensidige fiskerettar. Strukturen i byttet går grovt sett ut på at Færøyane får torsk, sei og hyse i Barentshavet, medan Noreg får botnfisk og kolmule av Færøyane.
Norske fiskarar får ein kvote for 2017 på 2 000 tonn lange/blålange, 1 700 tonn brosme, 567 tonn sei, 800 tonn andre artar som bifangst, samt 4 979 tonn makrell. Makrellkvoten kan også fiskast i Noreg si økonomiske sone eller på det opne hav. I tillegg kan norske fartøy fiske 34 800 tonn kolmule av Noregs kolmulekvote i færøysk fiskerisone. Færøyane får ein kvote på 4 410 tonn torsk, 1 025 tonn hyse, 500 tonn sei og 200 tonn andre artar i norsk økonomisk sone. Av kvotar som dei har fått gjennom byteavtalen med Russland, kan Færøyane i tillegg fiske opp til 4 000 tonn torsk og 350 tonn hyse i norske farvatn.
3.2.4 Noreg – Grønland
Noreg og Grønland vart 9. desember 2016 einige om ein tosidig avtale om gjensidige fiskekvotar i 2017. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1992. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt, og omfattar også kontrollsamarbeid og forskingssamarbeid. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.
Grønlandske fiskarar kan fiske følgjande kvanta i norske jurisdiksjonsområde i 2017: 3 700 tonn nordaust-arktisk torsk, 900 tonn nordaust-arktisk hyse, 500 tonn norsk-arktisk sei og inntil 300 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Dei grønlandske kvotane i Noreg si økonomiske sone er noko endra frå 2016 til 2017. Som ein del av avtalen kan grønlandske fiskarar ta delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN, under føresetnad av at Russland godtek ei slik ordning.
I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sitt jurisdiksjonsområde.
Dei norske kvotane i Grønlands økonomiske sone er noko endra frå 2016 til 2017.
I 2017 kan Noreg fiske følgjande kvanta i Grønland si sone:
Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland kan trålfisket berre skje sør om 64º30'N.
Ved Aust-Grønland: 400 tonn blåkveite, 800 tonn uer fiska med botntrål/line, 340 tonn brosme, 10 tonn kveite og 150 tonn bifangst av andre artar.
Ved Aust- og Vest-Grønland: 1 200 tonn torsk.
Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareført i 2017. Partane er òg einige om å vidareføre samarbeidet om å etablere elektronisk fangstdagbok med intensjon om å oppnå gjensidig rapportering i kvarandre sine soner så snart som mogleg.
Forskingssamarbeidet vert vidareført for blåkveite, torsk, uer og makrell. Partane har også blitt einige om å utvide dette samarbeidet gjennom eit prosjekt om klimaendringane sin effekt på fiskebestandane i Vest-Norden.
3.2.5 Noreg – Island (Smottholavtalen)
Noreg, Island og Russland inngjekk i 1999 ein trepartsavtale om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen). Gjennom denne avtalen greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet.
Ein protokoll til Smottholavtalen regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg. Etter denne protokollen kan Island i sesongen 2017 fiske 8 121 tonn nordaust-arktisk torsk i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 prosent.
Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone. Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for nordaust-arktisk torsk. For 2016/2017 er loddekvoten 31 165 tonn, det same som i fjor.
Smottholavtalen er gyldig i fire år, og neste tidspunkt det kan vere aktuelt å reforhandle den er i 2018.
3.3 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar
3.3.1 Forvaltninga av norsk vårgytande sild
Norsk vårgytande sild (nvg-sild) har vore den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. Bestanden er no på eit lågare nivå enn tidlegare.
18. januar 2007 vart det underteikna ein ny kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltninga av nvg-sild. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av nvg-silda. Avtalen inneheldt òg den same langsiktige forvaltningsplanen partane vart einige om under den tidlegare avtalen frå 1996. Partane var i tillegg einige om tosidige avtalar om sonetilgang.
Dei siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten. Det færøyske kravet førte til at heile spørsmålet om delinga mellom partane blei opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.
I 2013 og 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda. For 2015 og 2016 har partane derimot ikkje inngått nye firepartsavtalar.
I oktober 2016 blei kyststatane (Færøyane inkludert) samde om å føre vidare den opphavelege forvaltningsplanen for nvg-silda frå 1999. Partane blei også samde om å basere kvoteuttaket i 2017 på ICES si rådgjeving, noko som inneber eit uttak som er noko lågare enn maksimalt berekraftig nivå. I mangel av ny einigheit om fordeling, vert partane sine kvotar fastsett unilateralt. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om nvg-silda si sonetilhøyrsle, har Noreg sett ein kvote for 2017 som inneber ein eigarpart på 67 prosent.
I mangel på semje mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 1. desember 2016 ein bilateral avtale om nvg-sild og kolmule for 2017. Avtalen gir begge partar tilgang til å fiske sine tradisjonelle delar av kyststatskvotane i kvarandre sine farvatn. Det går også fram av avtalen kva slags kvote Noreg og EU har fastsett for 2017. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar. Norsk kvote for 2017 er på 432 870 tonn (etter overføringar og kvotebytte). Dette svarar til 67 prosent av den totale kvoten (TAC) som er fastsett av kyststatane.
I ein situasjon utan avtalar om deling av andelar for 2017 er det positivt at Noreg og EU har ein avtale som gir noko stabilitet for 2017. I tillegg gir Noreg Russland tilgang til å fiske den russiske kvoten i norsk sone for å unngå fiske på småfisk i russisk sone.
3.3.2 Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen
Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underteikna 12. juni 1989. Etter dette har rammeavtalen om reguleringane i loddefisket vorte forhandla på nytt tre gonger. Dei mest sentrale elementa i denne avtalen omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.
Island valde å seie opp trepartsavtalen i 2002, med verknad frå mai 2003. På grunn av oppseiinga vart det opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane førde fram til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Avtalen gjeld no berre for eitt år om gongen, i motsetnad til den gamle avtalen som var gjeldande for tre år om gongen.
Etter forhandlingane mellom Island, Grønland og Noreg i 2015 vart Island og Noreg mellom anna einige om betre vilkår for det norske vinterfisket i den islandske økonomiske sona (IØS) for sesongen 2015/2016. No kan 100 prosent av den norske kyststatsdelen av lodda fiskast i IØS, mot tidlegare 35 prosent. Noreg kan også fiske overføringar av lodde frå Grønland/EU i islandsk sone. Fiskeperioden er utvida med ei veke.
Grønland meiner at sonetilhøyrslerapportar viser at dei har krav på ein større del av den totale kvoten enn det dei har per i dag. Partane møttest difor til forhandlingar to gongar i 2016, der sonetilhøysle, deling og forvaltning har vore hovudtema. Partane har ikkje kome i mål med desse spørsmåla enno, og det er planlagt eit nytt møte i Reykjavik i januar 2017.
Basert på resultat etter tokt i september-oktober 2016 er det ikkje sett noka kvote på lodde for sesongen 2016/2017. Det er gjennomført eit nytt tokt i januar 2017, men her er resultata førebels ikkje klare.
3.3.3 Forvaltninga av kolmule
Etter fleire år med forhandlingar inngjekk kyststatane EU, Noreg, Island og Færøyane ein rammeavtale om forvaltninga av kolmule 16. desember 2005. Dette har vore følgt opp med årlege kvoteavtalar. Fordelinga var slik at ein først sette ei viss mengd til fiske i internasjonalt farvatn (Russland og Grønland) og så delte kyststatane det resterande kvantumet.
Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten krev EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev også ein høgare del. Kyststatane har forhandla i fleire rundar dei seinaste åra om ei ny deling av totalkvoten. Fram til no har dette ikkje lykkast. I forhandlingane for 2017 greidde partane likevel å verte samde både om storleiken på totalkvoten og ein ny forvaltningsplan for fisket. Dette sikrar at alle kyststatane har eit felles utgangspunkt når dei fastsett sine respektive kvotar. Planen er evaluert av ICES og reknast for å vere innanfor føre-var-rammer.
I mangel på einigheit mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 1. desember 2016 ein bilateral avtale om nvg-sild og kolmule for 2017. Avtalen gir begge partar tilgang til å fiske sine tradisjonelle delar av kyststatskvotane i kvarandre sine farvatn. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar. I ein situasjon utan avtalar for 2017 gir tilgangsavtalen noko stabilitet for 2017. Norsk kvote for 2017 er på 410 892 tonn (etter overføringar og kvotebytte). Dette svarar til 26,245 prosent av delen til partane i avtalen.
3.3.4 Forvaltninga av makrell
Noreg, Færøyane og EU inngjekk i perioden 1999–2009 årlege trepartsavtalar om forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Partane vart ikkje einige om ein ny avtale for 2010. Bakgrunnen var at Færøyane ønskte ein større del av totalkvoten. I tillegg la Island fram krav som kyststat. Noreg og EU inngjekk difor 26. januar 2010 ein tiårig prinsippavtale om forvaltninga av makrell. Avtalen omfattar mellom anna fordeling mellom Noreg og EU og gjensidig sonetilgang.
I perioden 2010–2014 gjennomførde Noreg, EU, Færøyane og Island 20 rundar med drøftingar utan at partane vart samde om ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning av makrell. Russland deltok som observatør. I mangel på fullverdige kyststatsavtalar, inngjekk Noreg og EU årlege tosidige avtalar om forvaltning av makrell for åra 2010–2013.
Då det i mars 2014 vart klart at ein heller ikkje for 2014 vart samde om ein kyststatsavtale, inngjekk Noreg, EU og Færøyane i staden ein trepartsavtale. Ein ny rammeavtale mellom dei tre partane om fordeling og forvaltning av makrell vart difor underteikna 12. mars 2014. Avtalen gjeld for fem år og partane er samde om å halde fast på den relative fordelinga seg imellom i avtaleperioden. I tilknyting til trepartsavtalen vart Noreg og Færøyane samde om gjensidig sonetilgang. Den gjensidige sonetilgangen som Noreg har hatt med EU gjennom den tosidige avtalen er også vidareført.
Ein har seinare gjort fleire forsøk på å inkludere Island i trepartsavtalen, men ikkje lykkast med dette. Grønland har òg delteke i dei årlege forhandlingane, då det har utvikla seg eit makrellfiske i grønlandsk farvatn, men utan at vi har blitt samde om ein felles avtale.
Noreg, EU og Færøyane har difor inngått årlege avtalar om forvaltning av makrell for 2015, 2016 og 2017 i tråd med rammeavtalen frå 12. mars 2014. Hausten 2015 vart dei tre partane dessutan samde om ein forvaltningsplan for makrell. ICES skal i 2017 gjennomføre eit såkalla benchmark for makrell, som er ein gjennomgang av forskingsmetodane dei brukar i bestandsvurderinga. På bakgrunn av denne benchmarken, skal partane evaluere og eventuelt endre forvaltningsplanen. Med utgangspunkt i forvaltningsplanen frå 2015 fastsette dei tre partane ein totalkvote for 2017 på 1 020 996 tonn. Innanfor dette kvantumet er det sett av eit kvantum på 15,6 prosent til andre kyststatar og fiskeripartar – i praksis Grønland, Island og Russland. Norsk kvote for 2017 er på 229 821 tonn, som svarar til 26,67 prosent av delen til dei tre partane i avtalen.
3.3.5 Forvaltninga av uer
Det finst fleire artar av uer i Nordaust-Atlanteren. Det er størst kommersiell interesse knytt til snabeluerbestandane i Irmingerhavet, i Barentshavet og i Norskehavet. Desse blir utnytta av fleire statar.
Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet
I 2005 starta eit nytt fiskeri etter snabeluer på det opne hav i Norskehavet. Bestanden som det blir fiska på er hovudsakleg i norsk sone, men delar av bestanden dreg på næringsvandring i område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon i om lag tre månader om hausten. ICES har for 2017 tilrådd ein kvote på 30 000 tonn.
NEAFC sette i 2008 i gang ei uavhengig utgreiing med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på rundt 74 prosent. Russland er også kyststat til snabelueren, og Noreg og Russland vart i oktober 2014 einige om ein fordeling av kyststatslotten: 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland, 5,9 prosent til det opne hav i Norskehavet og 4,1 prosent til tredjeland sin bifangst i fiskevernsona rundt Svalbard.
Det har vore halde fleire møter, seinast i oktober 2016, under NEAFC med sikte på å verte einige med ikkje-kyststatane om kor stor del av kvoten som skal setjast av til fiske på det opne hav i Norskehavet. Island støtta det norske og russiske synet, men EU og Færøyane stod framleis langt frå kyststatane sin posisjon, og møtet vart utan resultat. Følgeleg vart partane heller ikkje einige om ei regulering for det opne hav under årsmøtet i NEAFC (sjå nærmare omtale av dette i kapittel 3.4.1). Arbeidet med å få aksept i NEAFC for den avsettinga Noreg og Russland er einige om til fiske på det opne hav, og såleis ei betre forvaltning av ueren, vil halde fram. Noreg har sett ein kvote på 21 600 tonn til fiske i eiga sone.
Snabeluer i Irmingerhavet
Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland og Island vart i november 2016 einige om å ikkje hauste meir enn 7 500 tonn i 2017. Russland var ueinig i forslaget. Island avstod frå å røyste fordi dei primært meiner at fisket bør stansast fullt ut. Noreg har 3,85 prosent av den samla kvoten.
Det samla uttaket har i lang tid vore altfor høgt. Uttaket var òg i 2016 vesentleg høgare enn ICES si tilråding, fordi Russland, som ikkje godtek fordelingsnøkkelen og ICES si rådgjeving, har gitt seg sjølv ein svært høg kvote. Russland er heller ikkje part i avtalen for 2017.
3.4 Internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar
3.4.1 NEAFC
Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen skal sørgje for ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal leggje til rette for ei samfunnsøkonomisk optimal og miljøvennleg utnytting av fiskebestandane. Partane til NEAFC er Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sekretariatet ligg i London.
Den viktigaste oppgåva til NEAFC er å vere med på å utvikle ei meir økosystembasert forvaltning av havområda og gode regionale kontrollregime. Myndigheitsområda til NEAFC (vanlegvis kalla reguleringsområdet) er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor partane sine økonomiske soner. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor partane sine økonomiske soner, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at det blir sett i verk eit reguleringstiltak. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet. Unntaket er sjøpattedyr og langtmigrerande artar dersom dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (til dømes tunfisk).
Evaluering
I åra 2012–2014 vart det gjort ei uavhengig evaluering av NEAFC sitt arbeid. Dette var andre gong NEAFC gjennomførte ein såkalla performance review og eit utvalt ekspertpanel leverte sin rapport i oktober 2014. Evalueringsrapporten gav ein gjennomgang av NEAFC si måloppnåing samanlikna med dei overordna prinsippa fastlagt i NEAFC-konvensjonen av 2006 og relevante globale fiskeriavtalar. Panelet kom med ei rekkje forslag til endringar i strukturen og arbeidsforma til NEAFC innanfor forvaltning, handheving, avgjerdsmyndigheit og tvisteløysing, internasjonalt samarbeid samt finansielle og administrative forhold. Forslaga vart drøfta i eit ekstraordinært NEAFC-møte som vart halde i to sesjonar i 2015.
Som oppfølging av evalueringa vart kommisjonen mellom anna einige om å opprette to arbeidsgrupper; éi som skal sjå nærmare på fastsetjing av generelle fordelingskriterium for alle bestandar i Nordaust-Atlanteren og éi som skal sjå på fastsetjing av retningslinjer for korleis forhandlingsprosessar skal gå føre seg. Dei to arbeidsgruppene møttes fleire gonger i 2016, og arbeidet held fram i 2017.
Kommisjonen vart vidare einige om å gje Sekretariatet ei meir proaktiv rolle i implementeringa av NEAFC sitt kontroll- og handhevingsregelverk. NEAFC si faste kontrollarbeidsgruppe fekk styrka si rolle tilsvarande for å betre kunne følgje opp regelverksetterlevinga frå kontraktspartane.
Fiskerireguleringar for 2017
NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Det blir vanlegvis inngått kyststatsavtalar for desse bestandane. Dei er omtala ovanfor.
Gjennom kyststatsavtalane for kolmule, nvg-sild og makrell, blir det sett av ein del til fiske i NEAFC sitt reguleringsområde for ikkje-kyststatar. I tillegg til dette kan kyststatane fiske sine delar av totalkvotane av dei enkelte artane i internasjonalt farvatn. Basert på forslag frå kyststatane, vedtek kommisjonen regulering av fisket etter dei enkelte artane i internasjonalt farvatn.
I tråd med kyststatsavtalen for kolmule for 2017, vedtok årsmøtet ein kvote for fiske i internasjonalt farvatn på 106 834 tonn, fordelt på Danmark (for Grønland) og Russland. Årsmøtet vedtok også ei regulering av fiske av norsk vårgytande sild basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 646 075 tonn. Når det gjeld makrell, er kyststatane ikkje einige om ein avtale for 2017 som omfattar alle partar. Årsmøtet vedtok derfor ei regulering for internasjonalt farvatn utan kvantumsavgrensingar. Reguleringa sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av partar som ikkje er kontraktspartar til NEAFC.
Noreg og Russland er kyststatar til snabelueren i Norskehavet og vart i oktober 2014 einige om ei fordeling av bestanden på bakgrunn av ein sonetilhøyrslerapport utarbeidd av forskarar frå NEAFC-landa. Avtalen inneheld også ein kvote til internasjonalt farvatn. I tråd med tilrådinga frå ICES og kvoten som er sett av i avtalen, la difor Noreg og Russland fram forslag om ei NEAFC-regulering for 2017. Forslaget fekk ikkje fleirtal fordi dei andre NEAFC-partane ikkje er einige i kvoten som Noreg og Russland har avsett til fiske i internasjonalt farvatn. Resultatet av dette er at det ikkje er fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet for 2017.
Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane, og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland og Island vart under årsmøtet i 2016 einige om å ikkje hauste meir enn 7 500 tonn i 2017. Island avstod frå å stemme, då dei primært meiner at fisket bør stansast fullt ut. Russland er ikkje einig i spørsmålet om fordeling eller ICES si rådgjeving, og støtta difor ikkje forslaget.
På årsmøtet i 2016 vart NEAFC sitt forbod mot å fiske pigghå, som har vore på plass sidan 2009, vidareført for 2017. Likeeins vart innsatsreguleringa av fisket etter djuphavsartar, regulering om stenging av gytefelt for blålange for bunnfiske og forbod mot fiske etter djuphavshaiar vidareført. To nye reguleringar om djuptlevande bruskfisk, det vil seie forbod mot fiske etter høvesvis djuphavsskater og djuphavshavmus, vart også vedtatt. Kontraktspartane vart også, mot éi stemme, einige om reguleringar for skolestfiskeria i NEAFC sitt reguleringsområde. Partane vart ikkje einige om å vidareføre forbodet mot fisket etter rød keiserfisk (Hoplostethus atlanticus, engelsk: orange roughy).
Områdeforvaltning
NEAFC vedtok for første gong i 2004 å stenge enkelte område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne sårbare marine økosystem. I dei følgjande åra har kommisjonen med jamne mellomrom gjort justeringar i områda og stengt nye område i tråd med tilrådingar frå ICES. Det er no i alt 13 område innanfor NEAFC sitt reguleringsområde som er stengt for botnfiske (sjå kart i kapittel 2.5 om internasjonale havmiljøprosessar).
Alle tiltaka som er vedtekne om marine verneområde og botnfiske er element i NEAFC si oppfølging av fiskeriresolusjonen til FN frå 2006 og FAO sine retningslinjer om botnfiske frå 2008. NEAFC vedtok i 2014 eit nytt og betre regelverk for botnfiske. I tillegg til å liste opp dei stengte områda, definerer regelverket kva for område som per i dag er rekna for å vere eksisterande fiskeområde, og dermed opne for fiske. For å kunne fiske i områda som ligg utanfor eksisterande fiskeområde, men som ikkje er stengde for å verne sårbare marine økosystem, stiller regelverket strenge krav. Det er krav som seier at det skal gjennomførast konsekvensutgreiingar før det er aktuelt å vurdere eit forsøksfiske. Dersom fartøy støyter bort i sårbare marine økosystem (korallar og svamp) pliktar dei å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare økosystem.
Noreg og Russland er einige om at snøkrabben er ein sedentær art som skal forvaltast i tråd med havretten sine reglar for sokkeljurisdiksjon. Det betyr at heile den delen av NEAFC sitt reguleringsområde som ligg i Smottholet er underlagt sokkelstatane sin nasjonale jurisdiksjon når det gjeld snøkrabbe.
Kontrollsamarbeid
Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske har vore høgt prioritert i NEAFC i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satelittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll og svartelisting. Etter at kommisjonen på årsmøtet i 2014 vedtok å utvide verkeområdet for NEAFC sitt system for hamnestatskontroll, er dette no fullt på linje med den internasjonale hamnestatsavtalen som er forhandla fram under FAO.
I 2009 vedtok NEAFC eit forbod mot utkast av fisk i NEAFC sitt reguleringsområde for dei viktigaste artane som blir regulerte av NEAFC. EU røysta imot tilrådinga, og har reservert seg mot vedtaket.
3.4.2 NAFO
Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å bidra til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har i alt 12 medlemsland frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia. Fire av medlemslanda er kyststatar i konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegne av Saint-Pierre og Miquelon) og Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Dartmouth i Canada.
NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen og innført nødvendige endringar av NAFO-konvensjonen. Den nye konvensjonen frå 2008 tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvaltning, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Noreg har ratifisert den reviderte konvensjonen, men den har enno ikkje tredd i kraft.
Fastsette kvotar for 2017
Etter ti år med fiskeforbod (moratorium) vart direktefisket etter torsk i reguleringsområde 3M (sjå kart i figur 3.11) opna igjen i 2010. Total fangst for 2016 og 2017 er sett til 13 931 tonn, som er eit gjennomsnitt av forskarane si anbefaling for desse to åra. Noreg sin del er på 9,25 prosent.
Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Kapp. Det har gått føre seg to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3M og eitt i reguleringsområde 3L. På grunn av den dårlege bestandssituasjonen vedtok NAFO, i tråd med havforskarane si tilråding, å stoppe rekefisket i område 3M i 2011. Forskarane har sidan stadfesta den sviktande bestandssituasjonen i rådgjevinga, og tilrådd ei vidareføring av moratoriet. Under årsmøtet i NAFO i fjor blei det vedtatt å følgje denne tilrådinga i 2016 og 2017.
I åra før 2011 låg totalkvoten for reker i reguleringsområde 3L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere den totale fangsten. Partane har i åra etter vore einige om behovet for ein reduksjon, men har ikkje blitt einige om å redusere den totalt tillate fangsten like mykje som forskarane har tilrådd. Noreg og fleire land har røysta imot å fastsetje høgare rekekvotar enn det tilrådinga frå forskarane seier. På årsmøtet i 2014 vart partane einige om å innføre fiskeforbod også for denne bestanden. Rådgjevinga for 2017 stadfesta den sviktande bestandssituasjon og årsmøtet i NAFO vedtok ei vidareføring av moratoriet for 2017.
Noreg har kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten.
Bestandsevalueringa for blåkveite har lenge vore usikker. Ei arbeidsgruppe har difor vurdert alternative forvaltningsstrategiar og haustings-reglar, og haustingsregelen vil bli revidert i 2017. For 2016 vart det fastsett ein totalt tillatt fangst på 14 799 tonn. Den blei vidareført for 2017. Noreg har ingen del i denne bestanden, men når totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir har Noreg rett til å fiske på ein eigen kvote som setjast av til land utan fast kvotedel.
NAFO vedtok på årsmøtet i 2016 å innføre forbod mot haifinning til havs.
Regulering av fiske med botnreiskapar
I tråd med fiskeriresolusjonen som FN vedtok i 2006 (UNGA 61/105), har NAFO dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. NAFO har òg arbeidd med å setje i verk FAO sine retningslinjer for djuphavsfiske på det opne hav.
Ulike område i konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande fiskeområda. Det blir stilt særleg strenge krav til fisket i nye område, men også i noverande fiskeområde er det strenge miljøkrav. Det gjeld særleg dersom ein ønskjer å nytte nye reiskapstypar eller dersom ny vitskapleg informasjon seier at dagens fiskepraksis bør endrast.
I dag er i alt 21 NAFO-område stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også seks område med undersjøiske fjell i det opne hav utanfor kontinentalsokkelen.
NAFO har i tillegg vedteke regelverk for kva fartøya skal gjere dersom reiskapar kjem i kontakt med sårbare økosystem under fiske. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem. I utgangspunktet er fiske med botnreiskapar ikkje tillate i dei nye områda. Det er likevel høve til eit forsøksfiske, men dette er strengt regulert. Mellom anna er det plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord. På grunnlag av rapportar frå forsøksfiske og vitskapleg rådgjeving kan NAFO opne for generelt fiske i avgrensa område.
Kontrollsamarbeid
Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske har hatt høg prioritet i NAFO i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satellittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll, svartelisting og eit observatørprogram.
NAFO vedtok på årsmøtet i 2016 endringar i reglane om hamnestatskontroll som inneber implementering av den globale FAO-avtalen.
3.4.3 IWC
Noreg er ein av dei opphavlege partane til konvensjonen om regulering av kvalfangst av 1946, som regulerer fangst og bevaring av større kvalartar. Konvensjonen har i dag 88 partar. Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) er overvakingsorganet til konvensjonen. IWC har som hovudoppgåve å sikre ei berekraftig forvaltning og bevaring av dei større kvalartane. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunde av det. Frå 1994 til 2006 forsøkte IWC utan å lukkast å få på plass eit revidert forvaltningsregime for å opne for kommersiell kvalfangst.
Forskarane i IWC har etablert prosedyrar for å vurdere dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellane er konservative for å sikre ei føre-var-tilnærming. Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. For 2016 hadde Noreg fastsett ein kvote på 880 vågekval. Årets kvote er på 999 vågekval. Kvoten kan fangast i heile forvaltningsområdet til IWC, som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det også kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.
I tråd med kvoteberekningsmodellen skal vågekvalbestanden vurderast på nytt i vitskapskomiteen til IWC kvart sjette år på grunnlag av teljingar som er gjennomførde dei siste seks åra. Samtidig skal oppdelinga av havområdet i underområde vurderast på nytt (sjå figur 3.4). Vitskapskomiteen starta i 2014 ein ny gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget. Oppdelinga i småområde vart grundig diskutert under møtet i vitskapskomiteen i Slovenia i mai 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gir grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet (EB), Svalbardområdet (ES) og Norskehavet (EW). Komiteen ønskte derimot at Nordsjøen (EN) framleis skal vere eit eige underområde. Bestandsvurderinga som norske forskarar presenterte, vart også i hovudsak godteke, men komiteen ønskte at det skal utførast ytterlegare nokre kontrollberekningar før neste års møte i vitskapskomiteen. Det leggjast til grunn at komiteen vil avslutte sine vurderingar med omsyn til vågekval i våre område sommaren 2017.
3.4.4 NAMMCO
Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO) vart etablert i 1992. Hovudgrunnane for å etablere organisasjonen var å leggje til rette for internasjonalt samarbeid på dei områda der Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) ikkje har kompetanse (småkval, sel og kvalross), samt sikre ein internasjonal samarbeidsstruktur i tilfelle IWC skulle bryte saman.
Hovudoppgåva til NAMMCO er å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men omfattar òg dei store kvalartane. Noreg, Færøyane, Grønland og Island er medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidsgruppene.
NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar – eit arbeid som er av interesse langt utover medlemslanda i organisasjonen. Representantar frå alle dei nordiske landa, samt Japan, deltek i dette arbeidet. Resultata gir grunnlag for å forbetre jaktmetodane og setje standardar for jakt på sjøpattedyr, og Noreg har no utarbeidd ein standard for bruk av våpen i vågekvalfangsten. Vitskapskomiteen i NAMMCO gir råd og deltek i forskinga på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Komiteen deltek også i arbeidet med å lage ein plan for å organisere og gjennomføre teljetokt for kval som omfattar heile Nord-Atlanteren.
3.4.5 CCAMLR
Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR) forvaltar konvensjonen med same namn. CCAMLR-konvensjonen vart vedteken i 1980 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Konvensjonen er ein del av Antarktistraktaten og vart gjeldande frå 1982. Sekretariatet og hovudkvarteret til kommisjonen ligg i Hobart på Tasmania i Australia. Hittil er 36 land partar i CCAMLR-konvensjonen, medan EU og 24 land er medlem i CCAMLR-kommisjonen.
CCAMLR sitt mandat om å forvalte dei marine ressursane på ein balansert måte ligg i føremålsparagrafen. Det inneber at prinsippa om vern og rasjonell bruk av ressursane er sidestilte. Føresegna viser at ein ønskjer å leggje til rette for berekraftig fiske i konvensjonsområdet.
CCAMLR har heilt frå starten vore ein viktig aktør i utviklinga av internasjonal havressursforvaltning, og har hatt stor suksess i kampen mot ulovleg og uregulert fiske etter patagonisk tannfisk.
Fiskeri
Interessa for å fiske i Antarktis gjeld i hovudsak bestandane av krill og tannfisk. CCAMLR vedtek årleg totalkvotar for dei ulike artane, basert på tilrådingar frå vitskapskomiteen til kommisjonen. Kommisjonen kan også på vitskapleg grunnlag fastsetje forbod mot å fiske på enkelte fiskeslag innan eit eller fleire underområde. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmane. Det er såleis ope for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket blir stoppa når totalkvotane er tekne.
Det er store krillressursar i Sørishavet. Ein reknar biomassen til 60 millionar tonn i det området der det blir fiska i dag. I dette området har vitskapskomiteen i CCAMLR tilrådd ein fangst på 5,61 millionar tonn, fordelt på nokre underområde. Dei siste åra har totalfangsten av krill vore mellom 100 000 og 270 000 tonn.
Den norske flåten fiskar årleg om lag 60 prosent av den samla fangsten av krill i Sørishavet. Dei norske krillfartøya har alltid med seg ein internasjonal observatør.
Det samla fisket etter tannfisk i Antarktis er avgrensa, og har dei siste åra lege kring 10 000 tonn årleg. Det er eit svært lågt fangstnivå sett i eit internasjonalt perspektiv. Tannfisken blir fiska på djupt vatn, mellom 500 og 2 000 meter. Dette er eit lite, men nokså lønnsamt fiskeri. Noreg har ikkje notifisert fartøy for dette fisket i 2017.
Miljø og forsking
Vitskapskomiteen i CCAMLR er sentral i utviklinga av forskingsplanar i Sørishavet, og dette gjeld også forskinga på krill. Noreg yter viktige bidrag til dette arbeidet. Havforskingsinstituttet starta mellom anna i 2011 eit overvakingsprogram av krill ved Sør-Orknøyane. Ved hjelp av fartøy frå krillindustrien gjennomfører dei eit tokt ei knapp veke i året etter eit fast mønster og med vitskapleg akustisk instrumentering for å vurdere mengda og samansettinga av krillbestanden.
CCAMLR si samla vurdering av krillbestanden er grunna på data frå ei stor basisundersøking så langt tilbake som i år 2000. Seinare er kunnskapen supplert med ei rekkje enkeltstudiar. Dei viktigaste blir gjennomførde årleg i dei tre beste fiskeområda. Ein av desse studiane er det norske toktet med fiskefartøy. Desse undersøkingane dekkjer berre avgrensa deler av utbreiingsområdet til krillen. CCAMLR er likevel trygg på at uttaket av krill er berekraftig i høve til storleiken på bestanden, då fisket er avgrensa samanlikna med både kvotane og bestandsvurderinga. Det viktigaste elementet i reguleringa av krillfisket i dag er omsynet til artar som pingvin og sel, fordi dei konkurrerer med fiskarane om ressursane i nokre område. Dersom vi ønskjer å auke ressursuttaket i Antarktis, krev det vitskaplege undersøkingar som kan gje ei kvantitativ berekning på mengd og konkurransetilhøve.
Under årsmøtet i 2011 vedtok CCAMLR forvaltningstiltak CM 91/04. Tiltaket legg fast eit rammeverk for etableringa av marine verneområde i Antarktis.
Etter fleire års arbeid, vart det under årsmøtet i 2016 fatta vedtak om å etablere eit marint verneområde i Rosshavet. Det marine verneområdet dekkjer eit areal på 1,55 millionar kvadratkilometer. Av dette er 1,12 millionar kvadratkilometer (72 prosent) underlagt strengt vern, som betyr at berre eit visst forskingsfiske er tillate.
Verneområdet beskyttar sårbare dyregrupper, inkludert landbaserte toppredatorar som sel og pingvinar, som er avhengig av tilgang til mat i nærleiken av områda dei forplantar seg i. Sårbare bunnhabitat og oppvekstområde for yngel og ungfisk blir også ivaretatt.
Verneområdet er utvikla i tråd med den beste tilgjengelege kunnskapen og i tråd med norske prinsipp. Området gir eit godt grunnlag for balanse mellom vern og berekraftig hausting av marine ressursar i Sørishavet.
3.4.6 ICCAT
Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) vart etablert i 1969. Noreg har vore medlem sidan 2004. Denne regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. ICCAT har 51 avtalepartar, inkludert EU på vegne av medlemslanda. Ansvarsområdet til organisasjonen omfattar kring 30 artar, mellom anna makrellstørje, som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvanta langs Norskekysten. Overfisket førte til ein kraftig reduksjon i bestanden og førekomstane i våre farvatn var i fleire tiår nærast ikkje-eksisterande. Dei seinaste åra har bestanden likevel tatt seg opp att og det er igjen makrellstørje i norske farvatn.
På bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten var sett høgare enn tilrådd, hadde Noreg forbod mot fiske og landing av makrellstørje i perioden 2007-2013. Vitskapskomiteen har no klare indikasjonar på at den negative trenden er snudd og at tilstanden til bestanden er mykje betre, men er likevel tilbakehalden med å tilrå store kvoteaukingar. ICCAT vedtok i 2014 totalkvotar for treårsperioden 2015–2017. Totalkvoten for 2015 vart sett til 16 142 tonn, medan kvoten for 2016 vart auka med 20 prosent til 19 296 tonn og kvoten for 2017 vart auka med ytterlegare 20 prosent til 23 155 tonn. Det vil bli vedteke ein ny revidert forvaltningsplan for makrellstørje på årsmøtet i ICCAT i 2017.
På grunn av dei positive meldingane frå vitskapskomiteen, og sidan ICCAT dei seinaste åra har fastsett totalkvotane i tråd med råda, opna Noreg for fangst av den norske kvoten i 2014. Den norske kvoten var på 43,71 tonn i 2016 og auka til 52,48 tonn for 2017. I 2016 vart eit ringnotfartøy gitt løyve til å delta i direktefisket etter makrellstørje, og fartøyet fikk tildelt ein kvote på 32 tonn. Resten av kvoten blei sett av til bifangst. Fartøyet som blei tildelt kvote fiska 39,64 tonn makrellstørje i eit kast. Det blei tatt 4,15 tonn makrellstørje som bifangst i fisket etter andre artar i 2016.
ICCAT har òg vedteke reglar for bifangst av pelagiske haiartar i fisket etter tunfisk og tunfiskliknande artar i heile konvensjonsområdet. Reguleringane omfattar påbod om utkast, men i dei seinaste vedtaka finst det unntak for partar som har ilandføringspåbud som ein del av den generelle fiskerilovgjevinga. For å styrkje forvaltninga i ICCAT er det sett i gong ein prosess for å fornye konvensjonsteksten, for at konvensjonen skal harmonisere betre med moderne havrett. Dette arbeidet skulle etter planen vere ferdigstilt i 2016, men partane er framleis ikkje einige om delar av konvensjonsendringane.
3.4.7 SEAFO
Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen (SEAFO) vart etablert i 2001 og har hovudsete i Namibia. Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i Søraust-Atlanteren. Partane pliktar å innføre tiltak i konvensjonsområdet for å nå dette målet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.
SEAFO-konvensjonen vart underteikna av dei fire søraustatlantiske kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegne av St. Helena) og Sør-Afrika, i tillegg til EU, Island, Noreg og USA. Den tok til å gjelde 13. april 2003. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Konvensjonen er òg ratifisert av Angola, Japan, Namibia, Sør-Afrika, Sør-Korea og EU-kommisjonen.
For tida er det ikkje norske kommersielle interesser i SEAFO-området. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan ha i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeressursar, og deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. SEAFO var òg den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen som vart etablert etter FN-avtalen om fiske på det opne hav, og vart då eit viktig forum for å setje i verk prinsippa i FN-avtalen. Noreg arbeider for å harmonisere tiltak som dei ulike organisasjonane set i verk. Trass i at det ikkje er norsk fiske i dette området for tida, har vi mellom anna ut frå bistandsomsyn halde fram med å delta i organisasjonen.