Meld. St. 3 (2014–2015)

Statsrekneskapen 2014

Til innhaldsliste

2 Utgifter under departementa

Dette kapittelet inneheld ei kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av statlege utlån. Kapittelet syner utviklinga på programområde dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2012, 2013 og 2014 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2014. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad i tabellen. Tabell 2.1 syner utgifter sorterte etter programområde og gjev referanse til avsnitt i meldinga med nærare omtale.

Tabell 2.1 Utgifter etter programområde (tal i mill. kroner)

Programområde

Referanse til omtale

Nysaldert budsjett 2014

Rekneskap 2014

Avvik budsjett og rekneskap

00 Konstitusjonelle institusjonar

2.1

2 364,2

2 342,4

21,8

02 Utanriksforvaltning

2.2

7 044,9

7 187,8

-143,0

03 Internasjonal bistand

2.2

27 739,8

27 779,4

-39,6

04 Militært forsvar

2.15

44 373,6

46 675,4

-2 301,8

06 Justissektoren

2.5

33 113,6

34 834,9

-1 721,3

07 Kunnskapsdepartementet

2.3

59 076,5

59 400,4

-323,9

08 Kulturføremål

2.4

12 373,4

12 460,4

-87,1

09 Arbeid og sosiale føremål

2.7

35 097,5

35 273,6

-176,2

10 Helse og omsorg

2.8

130 704,6

131 312,4

-607,8

11 Barn, likestilling og inkludering

2.9

34 873,7

34 824,6

49,1

12 Klima og miljø

2.13

7 979,9

8 616,4

-636,5

13 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

2.6

174 473,3

174 423,8

49,5

15 Landbruk og mat

2.11

17 483,7

17 459,2

24,5

17 Nærings- og fiskeriføremål

2.10

11 711,1

11 767,8

-56,7

18 Olje- og energiføremål

2.16

43 112,2

41 490,1

1 622,1

21 Innanlands transport

2.12

49 679,0

50 008,9

-329,9

22 Post og telekommunikasjonar

2.12

558,4

646,5

-88,2

23 Finansadministrasjon

2.14

29 685,7

29 518,5

167,2

24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag

4.2

10 531,2

11 148,2

-617,0

26 Ymse utgifter, jf. kap. 2309, post 01

50,0

0,0

50,0

28 Foreldrepengar, folketrygda

2.9

18 092,0

18 289,3

-197,3

29 Sosiale føremål, folketrygda

2.7

331 952,8

332 105,7

-152,9

30 Stønad ved helsetenester

2.8

27 014,0

27 056,7

-42,7

33 Arbeidsliv, folketrygda (samla)

2.7/2.10

12 360,0

12 476,2

-116,2

34 Statens pensjonsfond utland (SPU)

1.7/3.1

308 944,0

311 666,6

-2 722,6

Sum utgifter utan lånetransaksjonar1)

1 430 389,1

1 438 765,5

-8 376,4

Lånetransaksjonar

1.5/2.17

195 040,4

192 855,0

2 185,3

Sum utgifter med lånetransaksjonar

1 625 429,4

1 631 620,5

-6 191,1

1) Tabell 1.6 i kapittel 1 syner ei meirutgift 7,284 mrd. kroner utan lånetransaksjonar, statleg petroleumsverksemd og overføring til Statens pensjonsfond utland. Medrekna mindreutgifter for statleg petroleumsverksemd under programområde 18 på 1,63 mrd. kroner og meirutgifter under programområde 34 SPU på 2,723 mrd. kroner, vert meirutgiftene utan lånetransaksjonar 8,376 mrd. kroner.

Som følgje av endringar i departementsstrukturen frå 2014 er samanliknbare tal for 2012 og 2013 reklassifiserte der det er vesentlege og lett sporbare endringar. Slike reklassifiseringar og kryssreferansar mellom område er omtalt i fotnotar til tabellane i avsnitta 2.1 til 2.16 nedanfor. Avsnitt 2.17 inneheld ei kort omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og Eksportkreditt Noreg AS.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. Overføringar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev eit oversyn over samla inntekter frå refusjonar og andre meirinntekter knytte til områda.

Det kan vera avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med rekneskapen.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

00.10

Kongehuset

190,6

196,2

208,1

210,6

00.30

Regjeringa

352,2

343,8

345,2

346,1

00.40

Stortinget og underliggjande institusjonar

1 593,5

1 677,2

1 810,8

1 785,7

Sum før lånetransaksjonar

2 136,3

2 217,2

2 364,2

2 342,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Konstitusjonelle institusjonar

2 136,3

2 217,2

2 364,2

2 342,4

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 21,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 32,5 mill. kroner, frå 2 364,2 mill. kroner til 2 396,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 54,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 17,4 mill. kroner. Det er overført til saman 34,8 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,2 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,3 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 5,6 prosent.

Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene auka med 20 mill. kroner, frå 191 mill. kroner til 211 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 2,9 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 7,4 prosent.

Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene minka med 6 mill. kroner, frå 352 mill. kroner til 346 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 0,7 prosent. Utgiftsnivået i 2012 var høgare enn i 2013 og 2014 mellom anna som følje av utgifter på om lag 30 mill. kroner til 22. juli-kommisjonen.

Under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar har utgiftene auka med 192 mill. kroner, frå 1 594 mill. kroner til 1 786 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 5,3 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 6,5 prosent. Båe åra var det særleg utgiftene til større ombyggings- og vedlikehaldsarbeid som vaks. I 2014 gav grunnlovsjubileet ekstra utgifter.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (den offisielle utviklingshjelpa, ODA).

Programområde 02 Utanriksforvaltning

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

02.00

Administrasjon av utanrikstenesta

1 925,4

2 028,7

1 929,3

2 067,8

02.10

Utanriksføremål

2 251,4

3 617,6

5 115,6

5 120,0

Sum før lånetransaksjonar

4 176,8

5 646,3

7 044,9

7 187,8

Lånetransaksjonar

0,1

0,1

0,4

0,2

Sum 02 Utanriksforvaltning

4 176,9

5 646,4

7 045,2

7 188,1

Programområde 03 Internasjonal bistand

03.00

Administrasjon av utviklingshjelpa

1 376,1

1 451,4

1 574,7

1 594,8

03.10

Bilateral hjelp

4 184,9

3 800,6

3 890,7

3 950,0

03.20

Globale ordningar1)

12 018,1

14 729,7

15 261,0

15 230,8

03.30

Multilateral hjelp

6 723,8

7 136,5

7 013,3

7 003,8

Sum før lånetransaksjonar

24 302,9

27 118,2

27 739,8

27 779,4

Lånetransaksjonar

787,5

911,0

922,5

922,5

Sum 03 Internasjonal bistand

25 090,4

28 029,2

28 662,3

28 701,9

Sum Utanriksdepartementet

29 267,3

33 675,6

35 707,5

35 890,0

1) For programkategori 03.20 Globale ordningare er tal for åra 2012 og 2013 justerte ned med høvesvis 2 669,2 mill. kroner og 2 189,5 mill. kroner. Dette som følgje av endra departementsstruktur frå 1.1.2014, og for å presentera samanliknbare tal. Reklassifiseringa gjeld kapittel 166, postane 01 og 73 som er flytta til programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid under Klima- og miljødepartementet.

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 142,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 396,8 mill. kroner, frå 7 044,9 mill. kroner til 7 441,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 253,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 78,8 mill. kroner. Det er overført til saman 309,5 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,2 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,0 mrd. kroner, frå 4,2 mrd. kroner til 7,2 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 35,2 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 27,3 prosent.

Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikstenesta har utgiftene auka med 142 mill. kroner, frå drygt 1,9 mrd. kroner til knapt 2,1 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 5,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 1,9 prosent.

Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene auka med knapt 2,9 mrd. kroner, frå knapt 2,3 mrd. kroner til 5,1 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 60,7 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 41,5 prosent. Dei store variasjonane i utbetalt beløp per år heng saman med utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.

Programområde 03 Internasjonal bistand

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 39,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 760,0 mill. kroner, frå 27 739,8 mill. kroner til 28 499,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 720,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 22,3 mill. kroner. Det er overført til saman 700,9 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,5 mrd. kroner, frå 24,3 mrd. kroner til 27,8 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 11,6 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 2,4 prosent.

Under programkategori 03.00 Administrasjon av utviklingshjelpa har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,4 mrd. kroner til 1,6 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 5,5 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 9,9 prosent.

Under programkategori 03.10 Bilateral hjelp har utgiftene minka med drygt 0,2 mrd. kroner, frå 4,2 mrd. kroner til knapt 4,0 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 9,2 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 3,9 prosent. Noko av nedgangen den siste perioden kjem av at tiltak innanfor fornybar energi i 2013 er løyvde på eigen post (kapittel 166, post 74) under programkategori 03.20.

Under programkategori 03.20 Globale ordningar har utgiftene auka med 3,2 mrd. kroner, frå 12,0 mrd. kroner til 15,2 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 22,6 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 3,4 prosent. Det er særleg utgifter innanfor fornybar energi (kapittel 166 Miljø og berekraftig utvikling) og helse (kapittel 169 Globale helse- og vaksineinitiativ) som har auka monaleg.

Under programkategori 03.30 Multilateral hjelp har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 6,7 mrd. kroner til 7,0 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 6,1 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 1,9 prosent.

Utbetalingar av uviklingshjelp i perioden 2010–2014

Rekneskapen for 2014 syner at det vart utbetalt samla 32 136 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp, av dette 28 701,9 mill. kroner på Utanriksdepartementet sitt budsjett og 3 433,9 mill. kroner på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett (kapittel 1482). Dette utgjer 1,00 prosent av BNI for 2014, slik BNI for 2014 er venta no. Oversikta nedanfor syner utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2010–2014.

År

Utbetalt i mill. kroner

Utbetalt i prosent av BNI1)

Unytta løyving overført til neste termin (i mill. kroner)

Unytta løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett

2010

27 651

1,06

557

2,0

2011

27 049

0,96

556

2,0

2012

27 760

0,93

636

2,3

2013

30 219

0,97

1 357

4,4

20142)

32 136

1,00

727

2,2

1) Tal for BNI frå nasjonalrekneskapen per 4. mars 2015. Tal for BNI i 2013 og 2014 er førebels.

2) Inkl. tiltak under Klima- og miljødepartementet, kap. 1482.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

07.10

Administrasjon

275,1

272,4

269,5

282,0

07.20

Grunnopplæring

6 960,4

7 514,8

8 982,5

9 033,0

07.30

Barnehagar

341,8

321,2

374,1

369,0

07.50

Vaksenopplæring

1 325,7

1 482,0

1 743,1

1 705,9

07.60

Høgare utdanning og fagskuleutdanning

27 266,6

28 797,5

30 494,4

30 742,0

07.70

Forsking

4 887,9

5 427,6

5 712,7

5 712,1

07.80

Utdanningsfinansiering

11 062,2

11 532,0

11 500,1

11 556,3

Sum før lånetransaksjonar

52 119,7

55 347,5

59 076,5

59 400,4

Lånetransaksjonar

19 715,3

21 404,7

22 027,7

22 204,9

Sum Kunnskapsdepartementet

71 834,9

76 752,2

81 104,2

81 605,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 323,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 505,7 mill. kroner, frå 59 076,5 mill. kroner til 59 582,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 181,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 64,7 mill. kroner. Det er overført til saman 293,3 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 177,2 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 07 Kunnskapsdepartementet har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 7,3 mrd. kroner, frå 52,1 mrd. kroner til 59,4 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 6,2 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 7,3 prosent.

Under programkategori 07.20 Grunnopplæring har utgiftene auka med knapt 2,1 mrd. kroner, frå knapt 7,0 mrd. kroner til drygt 9,0 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 8,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 20,2 prosent. Grunnopplæringavert stort sett finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Einstor del av løyvinga over programkategori 07.20går til tilskot til private skular, kvalitetsutviklingi grunnopplæringa og vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Utgiftsauken kjem mellomanna av satsinga på vidareutdanning for lærar og at tilskot til rentekompensasjon til rehabilitering av skule- og symjeanlegg vart overført frå Kommunal- moderniseringsdepartementet til Kunnskapsdepartementet. I tillegg har det vorte fleire elevar i dei private skulane.

Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene auka med 27 mill. kroner, frå 342 mill. kroner til 369 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 14,9 prosent. Nedgangen i utgifter frå 2012 til 2013 kjem av at investeringstilskot og tilskot til mellombelse lokale vart avvikla etter kvart som kommunane nådde full barnehagedekning, og at løyvingar til dei faste oppgåvene fylkesmennene har på barnehagefeltet, er rammeoverførte til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Auken i utgifter frå 2013 til 2014 kjem av auka løyvingar til satsing på kvalitet og kompetanseheving til personalet i barnehagen.

Under programkategori 07.50 Vaksenopplæring har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 1,3 mrd. kroner til 1,7 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 11,8 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 15,1 prosent. Det meste av auken i treårsperioden kjem av auka kontingent for norsk deltaking i EUs program for livslang læring. Løyvingane til Program for basiskompetanse i arbeidslivet vart òg auka, og det vart i 2014 gjeve tilskot til nytt lokale ved Narviksenteret.

Under programkategori 07.60 Høgare utdanning og fagskuleutdanning har utgiftene auka med knapt 3,5 mrd. kroner, frå 27,3 mrd. kroner til 30,7 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 5,6 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 6,8 prosent. Auken frå 2012 til 2013 og 2014 kjem for det meste av at studieplassar oppretta i perioden 2009 til 2012 er førte vidare, slik at kapasitetsauken i høgre utdanning kunne halde fram. Løyvingane i 2014 til nye studieplassar og nye stipendiatstillingar har òg auka utgiftene. Vidare har studentane teke fleire studiepoeng. Dessutan har løyvingar til brukarutstyr i byggjeprosjekt ført til auka utgifter.

Under programkategori 07.70 Forsking har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå 4,9 mrd. kroner til 5,7 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 11,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 5,2 prosent. Det meste av auken frå 2012 til 2013 er auka kontingent til EUs rammeprogram for forsking. Auken frå 2013 til 2014 kjem for det meste av auka løyvingar til mellom anna fri prosjektstøtte og deltaking i europeisk forskingssamarbeid, og som følgje av at gåveforsterkingsordninga er innførd på ny.

Under programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 11,1 mrd. kroner til 11,6 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 4,2 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 0,2 prosent. Årsaka til auken frå 2012 er høgare studenttal.

Utgiftene til lånetransaksjonar har auka med 2,5 mrd. kroner, frå 19,7 mrd. kroner til 22,2 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 8,6 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 3,7 prosent. Årsaka til auken er høgare studenttal. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.

2.4 Kulturdepartementet

Programområde 08 Kulturføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

08.10

Administrasjon m.m.

122,6

120,3

140,0

143,5

08.15

Samfunns- og frivilligheitsføremål

1 140,9

1 539,6

1 977,2

1 965,5

08.20

Kulturføremål

6 538,5

6 892,0

7 156,7

7 213,8

08.30

Medieføremål

1 148,4

1 207,1

1 214,2

1 224,2

08.40

Den norske kyrkja1)

1 656,4

1 714,0

1 885,3

1 913,4

Sum før lånetransaksjonar

10 606,7

11 473,0

12 373,4

12 460,4

Lånetransaksjonar1)

0,1

0,1

0,0

0,0

Sum Kulturdepartementet

10 606,8

11 473,1

12 373,4

12 460,4

1) Programkategori 08.40 Den norske kyrkja er frå 1.1.2014 etablert under Kulturdepartementet. Samanliknbare tal for 2012 og 2013 er flytta frå tidlegare programkategori 01.90 under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, inkludert lånetransaksjonar i 2013.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 87,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 204,5 mill. kroner, frå 12 373,4 mill. kroner til 12 577,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 117,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 108,0 mill. kroner. Det er overført til saman 221,1 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,9 mrd. kroner, frå 10,6 mrd. kroner til 12,5 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 8,2 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 8,6 prosent.

Under programkategori 08.10 Administrasjon m.m. har utgiftene auka med 21 mill. kroner, frå 123 mill. kroner til 143 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 19,2 prosent. Størstedelen av auken frå 2013 til 2014 kjem av at kyrkjeavdelinga vart flytta frå det tidlegare Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet til Kulturdepartementet.

Under programkategori 08.15 Samfunns- og frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 825 mill. kroner, frå 1 141 mill. kroner til 1 966 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 34,9 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 27,7 prosent. Størst auke i 2014 hadde kompensasjonsordninga for meirverdiavgift for frivillige organisasjonar, med 252 mill. kroner.

Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå 6,5 mrd. kroner til 7,2 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 5,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 4,7 prosent. Størst prosentvis auke i 2014 hadde museumsfeltet, med 6,9 prosent.

Under programkategori 08.30 Medieføremål har utgiftene auka med 76 mill. kroner, frå 1 148 mill. kroner til 1 224 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 5,1 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 1,4 prosent.

Under programkategori 08.40 Den norske kyrkja har utgiftene auka med 257 mill. kroner, frå 1 656 mill. kroner til 1 913 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 11,6 prosent. Størstedelen av auken frå 2013 til 2014 kjem av overføring av budsjettansvaret for rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, auke i løyvingane til trusopplæringsreforma og generell løns- og prisauke. Meirutgiftene heng i stor grad saman med tilsvarande meirinntekter, jf. særskilde fullmakter.

2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Programområde 06 Justissektoren

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

06.10

Administrasjon

380,9

436,7

408,8

425,1

06.20

Rettsstell

2 440,8

2 371,4

2 410,4

2 450,7

06.30

Kriminalomsorg

3 933,0

4 084,2

4 124,4

4 264,2

06.40

Politi- og påtalemakt

13 426,3

14 367,1

14 972,5

15 401,5

06.50

Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap

1 924,5

3 543,0

3 864,0

3 707,8

06.60

Andre verksemder

1 198,3

1 274,5

1 488,3

1 530,4

06.70

Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m.

1 305,0

1 618,0

1 669,4

1 661,1

06.80

Svalbardbudsjettet

-240,4

176,1

317,7

1 512,2

06.90

Beskyttelse og innvandring

3 710,9

3 854,4

3 858,1

3 881,8

Sum før lånetransaksjonar

28 079,3

31 725,4

33 113,6

34 834,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Justis- og beredskapsdepartementet

28 079,3

31 725,4

33 113,6

34 834,9

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 721,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 862,0 mill. kroner, frå 33 113,6 mill. kroner til 33 975,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 859,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 729,7 mill. kroner. Det er overført til saman 788,0 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 6,8 mrd. kroner, frå 28,1 mrd. kroner til 34,8 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 13,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 9,8 prosent.

Under programkategori 06.10 Administrasjon har utgiftene auka med 44 mill. kroner, frå 381 mill. kroner til 425 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 14,7 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 2,7 prosent. Auken frå 2012 til 2013 har samanheng med nye stillingar til analyse og krisehandtering og arbeid med samordning og tilsyn. Nedgangen frå 2013 til 2014 kjem mellom anna av at noko av auken frå 2012 til 2013 var mellombels og at Kriminalomsorgen si sentrale forvaltning vart flytta ut frå departementet 1. juli 2013.

Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene over perioden vore stabile rundt 2,4 mrd. kroner.

Under programkategori 06.30 Kriminalomsorg har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå drygt 3,9 mrd. kroner til knapt 4,3 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 4,4 prosent. Auken har samanheng med kapasitetsutvidande tiltak i sektoren.

Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 2,0 mrd. kroner, frå 13,4 mrd. kroner til 15,4 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 7,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 7,2 prosent. Ei viktig årsak er at løyvingane til politiet er auka, slik at nyutdanna politifolk frå Politihøgskulen kan tilsetjast. Det er òg gjeve løyving til å tilsetja fleire sivile i politietaten. Utgifter til trygging og beredskap og IKT, og til fleire uttransporteringar av personar utan lovleg opphald, er òg auka.

Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene auka med 1,8 mrd. kroner, frå 1,9 mrd. kroner til 3,7 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 84,1 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 4,7 prosent. Det meste av auken kjem av løyvingar til Naudnett og redningshelikoptertenesta.

Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 20,1 prosent. Det aller meste av auken kjem av høgare særskilde straffesaksutgifter. Auken kjem òg av utgifter knytt til den nye vergemålsreformen som trådte i kraft i juli 2013.

Under programkategori 06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. har utgiftene auka med knapt 0,4 mrd. kroner, frå 1,3 mrd. kroner til knapt 1,7 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 24,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 2,7 prosent. Auken frå 2012 til 2013 kjem for det meste av høge utbetalingar av erstatning til valdsofre.

Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet syner netto utgifter på 1,5 mrd. kroner for 2014. Tilskotet til svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot, som òg inneheld skatteinntekter til Svalbard. Skatteinntektene på Svalbard i 2014 vart mykje lågare enn venta. Nedgangen kjem av ein enkeltståande skattesak. Difor auka òg tilskotet til Svalbardbudsjettet i 2014. Sjå òg tabellane 5.1–5.3 i vedlegg 5 Andre rekneskapar og spesifikasjonar, der detaljar kring svalbardrekneskapen er nærare spesifiserte.

Under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene auka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå 3,7 mrd. kroner til 3,9 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 3,9 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 0,7 prosent.

2.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Programområde 13 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

13.00

Administrasjon og fellestjenester m.m.1)

1 809,3

1 942,4

1 877,1

1 933,2

13.25

Fylkesmannsembeta2)

1 618,6

1 657,2

1 696,1

1 791,2

13.30

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning3)

3 186,9

3 252,4

3 531,6

3 392,2

13.40

Forvaltningsutvikling og IKT-politikk4)

359,1

396,3

422,5

435,1

13.45

Personvern5)

37,9

40,2

40,9

43,0

13.50

Distrikts- og regionalpolitikk

2 667,7

2 664,5

2 248,4

2 243,4

13.60

Samiske føremål6)

268,7

291,7

298,9

300,0

13.67

Nasjonale minoritetar7)

15,0

18,2

20,3

21,1

13.70

Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m.

143 763,9

149 913,8

158 494,0

158 486,3

13.80

Bustad, bustadmiljø og bygg

6 976,2

7 053,6

4 900,5

4 835,5

13.90

Planlegging, byutvikling og geodata8)

642,6

732,8

943,0

942,7

Sum før lånetransaksjonar

161 345,9

167 963,2

174 473,3

174 423,8

Lånetransaksjonar

17 707,6

16 499,1

17 513,0

17 467,7

Sum Kommunal- og moderniseringsdepartementet

179 053,5

184 462,3

191 986,3

191 891,5

1) Programkategori 13.00 Administrasjon og felletjenester m.m. inneheld òg utgifter til fellestenester i regjeringskvartalet og partistøtte. Tala for 2012 og 2013 innheld utgifter som tidlegare vart presenterte under kategoriane 01.00, 01.20 og 01.30 under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD).

2) Programkategori 13.25 Fylkesmannsembeta er frå 2014 lagt inn under KMD. Samanliknbare tal for 2012 og 2013 er flytta frå programkategori 01.10 som tidlegare låg under FAD.

3) Programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning er frå 2014 lagt inn under KMD. Samanliknbare tal for 2012 og 2013 er flytta frå programkategori 01.80 som tidlegare låg under FAD.

4) Programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling- og IKT-politikk er frå 2014 lagt inn under KMD. Samanliknbare tal for 2012 og 2013 er flytta frå programkategori 01.60 som tidlegare låg under FAD.

5) Programkategori 13.45 Personvern er frå 2014 lagt inn under KMD. Samanliknbare tal for 2012 og 2013 er flytta frå programkategori 01.70 som tidlegare låg under FAD.

6) Programkategori 13.60 Samiske føremål er frå 2014 lagt inn under KMD. Samanliknbare tal for 2012 og 2013 er flytta frå programkategori 01.33 som tidlegare låg under FAD.

7) Programkategori 13.67 Nasjonale minoritetar er frå 2014 lagt inn under KMD. Samanliknbare tal for 2012 og 2013 er flytta frå programkategori 01.40 som tidlegare låg under FAD.

8) Programkategorien13.90 Planlegging, byutvikling og geodata er oppretta under KMD frå 2014. Tala som er presenterte på programområdet for åra 2012 og 2013 er henta frå frå programkategori 12.50 Kart, geodata og eigedomsinformasjon som tidlegare låg under Miljøverndepartementet.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 49,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 966,3 mill. kroner, frå 174 473,3 mill. kroner til 175 439,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 015,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 251,5 mill. kroner. Det er overført til saman 1 154,9 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 45,3 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 13 Kommunal- og moderniseringsdepartementet har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 13,1 mrd. kroner, frå 161,3 mrd. kroner til 174,5 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 3,8 prosent.

Under programkategori 13.00 Administrasjon og fellestjenester m.m. har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,8 mrd. kroner til 1,9 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 7,4 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 0,5 prosent. Auken frå 2012 til 2013 kjem særleg av auka løyvingar til vakt- og tryggingstiltak for departementsbygga og til plan- og utgreiingsarbeid etter åtaka 22. juli 2011. Nedgangen frå 2013 til 2014 kjem av at desse løyvingane var knytt til prosjekt som vart ferdige.

Under programkategori 13.25 Fylkesmannsembetene har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner til 1,8 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 8,1 prosent. Auken frå 2013 til 2014 kjem av at fylkesmannsembeta har fått eit fast løns- og driftsansvar for den einskilde nasjonalpark-/ verneområdeforvaltar. Midlar til dette vart overført frå kapittel 1420 Miljøverndirektoratet.

Under programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 3,2 mrd. kroner til 3,4 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 4,3 prosent. Auken frå 2013 til 2014 er i hovudsak knytt til igangsetjing og vidareføring av byggjeprosjekt. Den store utbygginga på Campus Ås er hovudforklaringa på aktivitetsveksten.

Under programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling og IKT-politikk har utgiftene auka med 76 mill. kroner, frå 359 mill. kroner til 435 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 10,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 9,8 prosent. Auken frå 2012 til 2014 kjem av auka løyvingar til utvikling og drift av ein sams infrastruktur for elektronisk ID og sikker digital post, styrking av IKT-tryggleiken i statleg sektor og etablering av ein tilsynsfunksjon for universell utforming av IKT-løysingar i Direktoratet for forvaltning og IKT.

Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene minka med drygt 0,4 mrd. kroner, frå knapt 2,7 mrd. kroner til drygt 2,2 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 0,1 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 15,8 prosent. Nedgangen frå 2013 til 2014 kjem av at midlar frå programkategori 13.50 er omprioritert for å gje rom for å auka løyvingane til fysisk infrastruktur, mellom anna vedlikehald av fylkesvegar, vekstfremmande skattelettar og forsking.

Under programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m. har utgiftene auka med 14,7 mrd. kroner, frå 143,8 mrd. kroner til 158,5 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 5,7 prosent. Utgiftene under denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2012 til 2014 heng saman med den generelle styrkinga av dei frie inntektene.

Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene minka med drygt 2,1 mrd. kroner, frå 7,0 mrd. kroner til 4,8 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 1,1 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 31,4 prosent. Nedgangen frå 2013 til 2014 kjem av at fleire tilskot vart flytta til dei departementa som har det faglege ansvaret for ordningane. Dette gjeld løyvingane til rentekompensasjon for skule-, symjeanlegg og kyrkjebygg og løyvingane til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Ordningane vart overførte til høvesvis Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Under programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,6 mrd. kroner til 0,9 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 14,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 28,6 prosent. Auken frå 2012 til 2013 kjem av løyvinga til geodesiobsevatoriet i Ny-Ålesund og midlar til tinglysningssystemet Regina. Auken frå 2013 til 2014 kjem i hovudsak av auka løyving til elektronisk tinglysing og overføring av midlar frå det tidlegare Miljøverndepartementet i samband med overføring av Planavdelinga til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Lånetransaksjonane syner ein nedgang på 0,2 mrd. kroner frå 17,7 mrd. kroner til 17,5 mrd. kroner. Det var ein nedgang på 6,8 prosent frå 2012 til 2013 og ein auke på 5,9 prosent frå 2013 til 2014. Nedgangen frå 2012 til 2013 er knytt til at auka aksjekapital i Kommunalbanken var eingonsløyving i 2012. Auken frå 2013 til 2014 kjem mellom anna av innfasing av auka låneramme i Husbanken i 2011, 2012 og 2013. Heile låneramma til Husbanken vart disponert i 2013 og 2014. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.

2.7 Arbeids- og sosialdepartementet

Arbeidsdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

09.00

Administrasjon

417,9

419,1

414,6

421,1

09.10

Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken

11 450,0

12 227,2

12 329,3

12 694,4

09.20

Tiltak for betra levekår m.m.

272,8

298,2

335,0

324,2

09.30

Arbeidsmarknad

7 205,4

7 403,2

7 381,1

7 280,6

09.40

Arbeidsmiljø og tryggleik

860,7

890,5

1 534,9

1 520,5

09.50

Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse

10 761,3

10 202,4

10 491,5

10 433,3

09.60

Kontantytingar

3 275,7

2 938,0

2 611,0

2 599,5

Sum før lånetransaksjonar

34 243,8

34 378,5

35 097,5

35 273,6

Lånetransaksjonar

23 148,3

36 358,5

27 400,0

27 245,9

Sum Arbeid og sosiale føremål

57 392,1

70 737,0

62 497,5

62 519,5

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda1)

29.20

Einslege forsørgjarar

3 794,3

3 744,5

3 654,3

3 683,0

29.50

Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik

131 195,1

134 832,3

137 547,7

137 741,3

29.60

Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.

8 630,7

8 590,3

9 032,0

9 016,3

29.70

Alderdom

150 525,0

164 602,1

179 238,0

179 196,6

29.80

Forsørgjartap m.m.

2 574,7

2 627,5

2 480,8

2 468,6

Sum før lånetransaksjonar

296 719,8

314 396,7

331 952,8

332 105,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Sosiale føremål, folketrygda

296 719,8

314 396,7

331 952,8

332 105,7

1) Tidlegare programkategori 29.90 Diverse utgifter er frå 2014 flytta til programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel m.m. under Helse- og omsorgsdepartementet. Samanliknbare tal for 2012 og 2013 er difor reklassifiserte til programkategori 30.50. Dette er årsaka til at sumtala for programområdet er endra for desse åra.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.30

Arbeidsliv

10 879,4

11 136,7

12 260,0

12 386,2

Sum før lånetransaksjonar

10 879,4

11 136,7

12 260,0

12 386,2

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, folketrygda

10 879,4

11 136,7

12 260,0

12 386,2

Sum Arbeids- og sosialdepartementet

364 991,3

396 270,4

406 710,3

407 011,5

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 176,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 787,5 mill. kroner, frå 35 097,5 mill. kroner til 35 885,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 611,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 417,0 mill. kroner. Det er overført til saman 912,5 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 154,1 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,0 mrd. kroner, frå drygt 34,2 mrd. kroner til knapt 35,3 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 0,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 2,6 prosent.

Under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene auka med 1,2 mrd. kroner, frå 11,5 mrd. kroner til 12,7 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 6,8 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 3,8 prosent. Hovudgrunnen til auken frå 2012 til 2013 er utgifter til IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten.

Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 7,2 mrd. kroner til 7,3 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 2,7 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 1,7 prosent. Minken frå 2013 til 2014 kjem mellom anna av at det er gjennomført færre tiltaksplassar enn planlagt. I tillegg kjem ein større del av tilsegna for aktivitet i 2014 til utbetaling i 2015, enn det som var forventa.

Under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik har utgiftene auka med knapt 0,7 mrd. kroner, frå knapt 0,9 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 70,7 prosent. Hovudgrunnen til endringa frå 2012 til 2013 var at det i 2013 vart gjeve auka løyvingar til drift av Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet. Hovudgrunnen til endringa frå 2013 til 2014 var at det i 2014 vart gjeve ei løyving på 0,6 mrd. kroner, til å dekkja utbetaling av tilleggskompensasjon til pionerdykkjarar i Nordsjøen.

Under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå knapt 10,8 mrd. kroner til drygt 10,4 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 2,3 prosent.

Under programkategorien utgiftsfører ein mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom Statens pensjonskasse (SPK). For statlege verksemder som betaler pensjonspremie til SPK, vert premien inntektsført under programkategorien. Auken i utgiftene frå 2013 til 2014 kjem av at pensjonsutbetalingane auka meir enn pensjonspremieinntektene i 2014, og at berekna arbeidsgivaravgift auka for dei kundane som ikkje er premiebetalande.

Brutto utlån for bustadlånsordninga (lånetransaksjonar) på kapittel 614 har auka frå 23,1 mrd. kroner i 2012 til 27,2 mrd. kroner i 2014. Auken kjem av større etterspurnad etter lån og av vekst i gjennomsnittleg utbetalt beløp per lån. Netto auke i utlån for bustadlånsordninga er mindre enn auken i brutto utlån fordi delar av auken i nye lån vert motsvara av innfriing av gamle lån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31.12.2014 er 97,1 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.17 der detaljar kring utlåna frå bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.

Under programkategori 09.60 Kontantytingar har utgiftene minka med 0,7 mrd. kroner, frå 3,3 mrd. kroner til 2,6 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 10,3 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 11,5 prosent. Programkategorien omfattar avtalefesta pensjon (AFP), krigspensjon, pensjonstrygda for sjømenn og supplerande stønad til personar over 67 år. Nedgangen frå 2013 til 2014 kjem i hovudsak av at utgiftene til avtalefesta pensjon har minka.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 152,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 111,5 mill. kroner, frå 331 952,8 mill. kroner til 332 064,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 41,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Det er ikkje meirinntekter eller refusjonar knytte til programområdet, sidan det stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 168,5 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 35,4 mrd. kroner, frå 296,7 mrd. kroner til 332,1 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 5,6 prosent.

Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik har utgiftene auka med 6,5 mrd. kroner, frå 131,2 mrd. kroner til 137,7 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 2,2 prosent.

Utgiftene til sjukepengar for arbeidstakarar var på 34,1 mrd. kroner i 2014, ein auke på 3,4 mrd. kroner frå 2012. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar var på 34,8 mrd. kroner i 2014, ein nedgang på 0,6 mrd. kroner frå 2012. Utgiftene til uførepensjon var på 63,8 mrd. kroner i 2014, ein auke på 3,7 mrd. kroner frå 2012.

Talet på sjukedagar som folketrygda har betalt for, er om lag uendra frå 2013 til 2014, medan betalinga for kvar sjukedag har auka. Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for (korrigert for sjukmeldingsgradering), auka frå eit gjennomsnitt på 8,9 arbeidsdagar i 2013 til 9,0 arbeidsdagar i 2014.

Per desember 2012 var det 166 900 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Ved utgangen av 2013 var talet på mottakarar gått ned til 163 200. Nedgangen heldt fram i 2014. Per desember 2014 var det 151 300 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Hovudgrunnen til nedgangen i utgifter til arbeidsavklaringspengar er færre mottakarar. Samstundes har utbetalinga per mottakar auka grunna regulering av grunnbeløpet i folketrygda.

Talet på uførepensjonistar har minka frå 309 900 ved utgangen av 2012 til 305 900 ved utgangen av 2013. Ved utgangen av 2014 har talet på uførepensjonistar auka til 311 900. Viktige grunnar til nedgangen i 2013 er høg avgang til alderspensjon og redusert tilgang frå arbeidsavklaringspengar. Ein viktig grunn til auken i 2014 er at mange mottakarar av arbeidsavklaringspengar nådde maksimal varigheit i ordninga og at ein stor del av desse gjekk over til uførepensjon.

Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 28,7 mrd. kroner, frå 150,5 mrd. kroner til 179,2 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 9,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 8,9 prosent.

Auken frå 2012 til 2013 målt i fast grunnbeløp var på 5,4 prosent, medan auken frå 2013 til 2014 var på 5,0 prosent. Grunnen til auken er i hovudsak at det vart fleire alderspensjonistar.

Ein del av auken frå 2012 til 2014 kjem av at det vart høve til å starta uttak av alderspensjon frå 62 år frå 1. januar 2011. Ved utgangen av 2012 hadde 56 900 personar i aldersgruppa 62–66 år teke ut alderspensjon, ved utgangen av 2013 var talet 70 100, og ved utgangen av 2014 var talet 81 400. I tillegg har det vore ein auke i talet på alderspensjonistar over 67 år.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 126,2 mill. kroner av ei samla løyving på 12,3 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller refusjonar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene auka med 1,5 mrd. kroner, frå 10,9 mrd. kroner til 12,4 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 11,2 prosent. Endringa for programkategori 33.30 kjem for det meste av at utgiftene til dagpengar har auka som følgje av fleire arbeidsledige med rett til dagpengar.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Stønad ved helsetenester.

Programområde 10 Helse og omsorg

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

10.00

Helse- og omsorgsdepartementet m.m.

297,2

314,5

661,0

658,7

10.10

Folkehelse

1 779,7

1 902,5

1 905,2

2 089,9

10.20

Helseforvaltning

1 836,7

2 097,9

1 895,4

2 065,5

10.30

Spesialisthelsetenester

107 478,5

112 334,0

118 786,0

118 812,4

10.50

Legemiddel

313,3

320,1

311,9

333,2

10.60

Helse- og omsorgstenester i kommunane

3 600,5

3 659,1

6 231,8

6 440,2

10.70

Tannhelse

124,6

164,6

204,2

203,2

10.80

Kunnskap og kompetanse

677,0

750,4

709,1

709,4

Sum før lånetransaksjonar

116 107,5

121 543,2

130 704,6

131 312,4

Lånetransaksjonar

4,9

1,5

0,7

0,7

Sum Helse og omsorg

116 112,5

121 544,7

130 705,3

131 313,1

Programområde 30 Stønad ved helsetenester

30.10

Spesialisthelsetenester m.m.

3 953,9

4 327,0

4 852,0

4 842,2

30.50

Legehjelp, legemiddel m.m.1)

20 288,2

20 833,1

21 967,0

22 024,2

30.90

Andre helsetiltak

226,5

197,3

195,0

190,3

Sum før lånetransaksjonar

24 468,6

25 357,4

27 014,0

27 056,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Stønad ved helsetenester

24 468,6

25 357,4

27 014,0

27 056,7

Sum Helse- og omsorgsdepartementet

140 581,0

146 902,1

157 719,3

158 369,8

1) Tidlegare programkategori 29.90 Diverse utgifter under Arbeids- og sosialdepartementet er frå 2014 flytta til programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel m.m. under Helse- og omsorgsdepartementet. Samanliknbare tal for 2012 og 2013 er tilsvarande reklassifiserte med høvesvis 478,2 mill. kroner og 480,6 mill. kroner.

Programområde 10 Helse og omsorg

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 607,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 701,2 mill. kroner, frå 130 704,6 mill. kroner til 131 405,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 93,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 400,5 mill. kroner. Det er overført til saman 368,3 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 15,2 mrd. kroner, frå 116,1 mrd. kroner til 131,3 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 8,0 prosent.

Under programkategori 10.00 Helse- og omsorgsdepartementet m.m. har utgiftene auka med knapt 0,4 mrd. kroner, frå 0,3 mrd. kroner til knapt 0,7 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 5,8 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 109,4 prosent. Auken frå 2013 til 2014 kjem i hovudsak av større løyvingar til elektronisk samhandling, og at desse løyvingane for 2014 vart flytta frå programkategoriane 10.20 og 10.80.

Under programkategori 10.10 Folkehelse har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 1,8 mrd. kroner til 2,1 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 6,9 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 9,8 prosent. Avviket mellom budsjett og rekneskap kjem mellom anna av meirutgifter som følgje av opptente meirinntekter, jf. særskilde fullmakter.

Under programkategori 10.20 Helseforvaltning har utgiftene auka med drygt 0,2 mrd. kroner, frå 1,8 mrd. kroner til knapt 2,1 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 14,2 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 1,5 prosent. Minken frå 2013 til 2014 kjem mellom anna av at løyvingar til IKT-tiltak vart flytta til et nytt budsjettkapittel.

Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med 11,3 mrd. kroner, frå 107,5 mrd. kroner til 118,8 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 4,5 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 5,8 prosent. Auken frå 2013 til 2014 kjem mellom anna av vekst i pasientbehandlinga.

Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene auka med drygt 2,8 mrd. kroner, frå 3,6 mrd. kroner til drygt 6,4 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 1,6 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 76,0 prosent. Årsaka til auken er hovudsakleg flytting av tilskotspost til heildøgns omsorgsplassar i sjukeheim og omsorgsbustader frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og post for kompensasjon for renter og avdrag. Vidare var det større løyvingar til Omsorgsplan 2015, psykisk helse, rusfeltet og oppfølging av samhandlingsreforma.

Under programkategori 10.70 Tannhelse har utgiftene auka med 79 mill. kroner, frå 125 mill. kroner til 203 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 32,1 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 23,4 prosent. Auken kjem mellom anna av større løyvingar for å styrke innsatsen på tannhelsefeltet og for å heva kompetansen i tannhelsesektoren. 30 mill. kroner av auken er omdisponeringar frå stønadsordningane i folketrygda, og utgiftene under programkategori 30.10 har difor minka tilsvarande.

Under programkategori 10.80 Kunnskap og kompetanse har utgiftene auka med 32 mill. kroner, frå 677 mill. kroner til 709 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 10,8 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 5,5 prosent. Minken frå 2013 til 2014 kjem mellom anna av at løyvinga til Norsk Helsenett SF vart flytta til eit nytt budsjettkapittel.

Programområde 30 Stønad ved helsetenester

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 42,7 mill. kroner av ei samla løyving på 27,0 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 30 Stønad ved helsetenester har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,6 mrd. kroner, frå 24,5 mrd. kroner til 27,1 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 3,6 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 6,7 prosent.

Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med 0,9 mrd. kroner, frå knapt 4,0 mrd. kroner til drygt 4,8 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 9,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 11,9 prosent. Auken frå 2013 til 2014 kjem mellom anna av ein monaleg vekst i utgifter til laboratorieundersøkingar og styrking av tannbehandling.

Under programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel m.m. har utgiftene auka med 1,7 mrd. kroner, frå 20,3 mrd. kroner til 22,0 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 2,7 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 5,7 prosent. Auken kjem mellom anna av at folketrygda har fått høgare utgifter til legemiddel, refunderte eigenandelar under eigenandelstak 1, refusjonar til allmennlegar, og at programkategori 29.90 Diverse utgifter under Arbeids- og sosialdepartementet er flytta til programkategori 30.50 frå 2014, sjå fotnote under områdetabellen.

2.9 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Barn, likestilling og inkludering og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.

Programområde 11 Barn, likestilling og inkludering

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

11.00

Administrasjon

173,4

171,9

174,8

177,2

11.05

Integrering og mangfald

6 995,5

7 571,2

8 336,5

8 346,1

11.10

Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

17 156,3

17 275,8

17 503,7

17 389,9

11.20

Tiltak for barn og ungdom

8 146,6

9 404,2

8 652,9

8 710,7

11.30

Forbrukarpolitikk

193,2

202,9

205,7

200,6

Sum før lånetransaksjonar

32 664,9

34 626,0

34 873,7

34 824,6

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum barn, likestilling og inkludering

32 664,9

34 626,0

34 873,7

34 824,6

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

28.50

Stønad ved fødsel og adopsjon

16 430,5

17 107,5

18 092,0

18 289,3

Sum før lånetransaksjonar

16 430,5

17 107,5

18 092,0

18 289,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Foreldrepengar, folketrygda

16 430,5

17 107,5

18 092,0

18 289,3

Sum Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

49 095,4

51 733,5

52 965,7

53 114,0

Programområde 11 Barn, likestilling og inkludering

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 49,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 103,6 mill. kroner, frå 34 873,7 mill. kroner til 34 977,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 152,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 145,1 mill. kroner. Det er overført til saman 146,1 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 11 Barn, likestilling og inkludering har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,2 mrd. kroner, frå 32,7 mrd. kroner til 34,8 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 0,6 prosent.

Det meste av auken i perioden kjem frå programkategoriane 11.05 Integrering og mangfald og 11.20 Tiltak for barn og ungdom.

Under programkategori 11.05 Integrering og mangfald har utgiftene auka med knapt 1,4 mrd. kroner, frå 7,0 mrd. kroner til drygt 8,3 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 8,2 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 10,2 prosent. Hovudårsaken er auke i talet på busette flyktningar som utløyser integreringstilskot til kommunane.

Under programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 17,2 mrd. kroner til 17,4 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 0,7 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 0,7 prosent. Hovudgrunnen til auken i utgiftar frå 2013 til 2014 er auka utbetalingar av kontantstøtte.

Under programkategori 11.20 Tiltak for barn og ungdom har utgiftene auka med 0,6 mrd. kroner, frå 8,1 mrd. kroner til 8,7 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 15,4 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 7,4 prosent. Hovudgrunnen til auken er meirutgifter over kapittel 854, post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Frå 2014 vart delen av utgiftene som skal refunderast, redusert frå 100 prosent til 80 prosent utover den kommunale eigendelen. Endringa i ordninga førte til at mange kommunar sette fram krav for 2013 og tidlegare år som elles ville ha vore sendt inn i seinare budsjettår. Dette førte til ein auke i utbetalingar i 2013 og ei mindreutbetaling i 2014. Det har òg vore ein auke i utgiftene til kommunalt og statleg barnevern.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 197,3 mill. kroner av ei samla løyving på 18,1 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

Under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon har utgiftene auka med 1,9 mrd. kroner, frå 16,4 mrd. kroner til 18,3 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 6,9 prosent.

Dei viktigaste grunnane er at fleire mødre enn før har rett til foreldrepengar ved fødsel, at stønadsmottakarane har fått høgare inntekt, og at lengda på foreldrepengeperioden og fedrekvoten vart auka med to veker frå 1. juli 2013.

2.10 Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

17.00

Administrasjon1)

434,5

458,2

474,0

471,9

17.10

Infrastruktur og rammevilkår2)

3 690,8

3 951,3

4 120,8

4 214,1

17.20

Forsking, innovasjon og internasjonalisering3)

6 040,8

6 191,2

6 974,6

6 965,2

17.30

Statleg eigarskap

48,0

39,7

141,7

116,7

Sum før lånetransaksjonar

10 214,0

10 640,4

11 711,1

11 767,8

Lånetransaksjonar

70 226,9

71 458,7

77 470,0

75 307,2

Sum Nærings- og fiskeridepartementet

80 441,0

82 099,1

89 181,1

87 075,0

1) Programkategori 17.00 Administrasjon inneheld for åra 2012 og 2013 òg samanliknbare tal frå tidlegare programkategori 16.10 Administrasjon under programområde 16 Fiskeri- havbruks- og kystforvaltning. Det er lagt til 135,3 mill. kroner og 154,7 mill. kroner for høvesvis 2012 og 2013.

2) Programkategori 17.10 Infrastruktur og rammevilkår inneheld for åra 2012 og 2013 òg samanliknbare tal frå dei tidlegare programkategoriane 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning under FKD og 01.50 Konkurransepolitikk under FAD. Frå tidlegare programkategori 16.30 er det lagt til 424,9 mill. kroner og 471,8 mill. kroner for høvesvis 2012 og 2013. Frå tidligare programkategori 01.50 er det lagt til 98,6 mill. kroner og 103,6 mill. kroner for høvesvis 2012 og 2013.

3) Programkategori 17.20 Forsking, innovasjon og internasjonalisering inneheld for åra 2012 og 2013 òg samanliknbare tal frå den tidlegare programkategorien 16.20 Forsking og innovasjon under FKD. Det er lagt til 1 625,3 mill. kroner og 1 749,7 mill. kroner for høvesvis 2012 og 2013.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.40

Arbeidsliv

68,8

102,0

100,0

90,0

Sum før lånetransaksjonar

68,8

102,0

100,0

90,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, Folketrygda

68,8

102,0

100,0

90,0

Sum Nærings- og fiskeridepartementet

80 509,8

82 201,1

89 281,1

87 165,0

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 56,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 1 307,4 mill. kroner, frå 11 711,1 mill. kroner til 13 018,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 250,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 219,3 mill. kroner. Det er overført til saman 1 366,8 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 2 162,8 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,6 mrd. kroner, frå 10,2 mrd. kroner til 11,8 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 4,2 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 10,6 prosent.

Under programkategori 17.00 Administrasjon har utgiftene auka med 37 mill. kroner, frå 435 mill. kroner til 472 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 5,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 3,0 prosent. Auken frå 2013 til 2014 reflekterer pris- og lønsvekst og heng elles mellom anna saman med auka tilskot til internasjonale organisasjonar.

Under programkategori 17.10 Infrastruktur og rammevilkår har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 3,7 mrd. kroner til 4,2 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 7,1 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 6,6 prosent. Hovudgrunnen til auken frå 2013 til 2014 er utbetaling av tilskot til kommunar ved etablering av nye oppdrettsanlegg (del av vederlag for konsesjonar) med om lag 150 mill. kroner. I tillegg auka mellom anna utbetalingar til Altinn i samband med vedlikehald og vidareutvikling av løysinga.

Under programkategori 17.20 Forsking, innovasjon og internasjonalisering har utgiftene auka med drygt 0,9 mrd. kroner, frå drygt 6,0 mrd. kroner til knapt 7,0 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 12,5 prosent. Hovudgrunnen til den store auken frå 2013 til 2014 er auka løyvingar til forsking. Mellom anna auka løyvingane til Noregs forskingsråd med 120 mill. kroner, medan utbetalingar knytt til romverksemd auka med nærare 300 mill. kroner. Det siste har særleg samanheng med at Noreg slutta seg til ein ny programperiode for EU sine satellittnavigasjonsprogram Galileo og EGNOS.

Under programkategori 17.30 Statleg eigarskap har utgiftene auka med 69 mill. kroner, frå 48 mill. kroner til 117 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 17,2 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 193,6 prosent. Hovudgrunnen til auken er meir bruk av eksterne rådgjevings- og meglertenester i samband med sal av eigardelar, og tilskot til avskriving av tap på lån til Secora AS som vart gjeve i samband med sal av selskapet.

Utgiftene under Lånetransaksjonar viste ein liten auke frå 2012 til 2013, som mellom anna kjem av at ein ny eksportfinansieringsordning var under oppbygging i 2012. Auken frå 2013 til 2014 på knapt 4 mrd. kroner kjem mellom anna av tilførsel av 5 mrd. kroner i eigekapital til Statkraft SF i 2014. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Innovasjon Noreg og Eksportkreditt Noreg AS er nærare spesifiserte.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 10,0 mill. kroner av ei samla løyving på 100 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan området berre omfattar ein tilskotspost.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 21 mill. kroner, frå 69 mill. kroner til 90 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 48,3 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 11,8 prosent.

Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og løyvinga er ei overslagsløyving. Auken i utgiftene kjem av at ordninga frå 1. juli 2011 vart lagd om til å vera inntektsbasert. I tillegg har det vore stor utskifting av fiskefartøy, noko som har ført til at fiskarar har meldt seg ledige. Stønad under arbeidsløyse for fiskarar og fangstmenn vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.

2.11 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

15.00

Administrasjon m.m.

154,2

155,7

149,5

156,1

15.10

Matpolitikk

1 421,4

1 452,3

1 430,5

1 459,2

15.20

Forsking og innovasjon

409,5

427,4

438,5

438,5

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

14 635,4

15 170,6

15 465,2

15 405,4

Sum før lånetransaksjonar

16 620,5

17 206,0

17 483,7

17 459,2

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Landbruks- og matdepartementet

16 620,5

17 206,0

17 483,7

17 459,2

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 24,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 294,3 mill. kroner, frå 17 483,7 mill. kroner til 17 778,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 318,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 62,3 mill. kroner. Det er overført til saman 273,5 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,8 mrd. kroner, frå 16,6 mrd. kroner til 17,5 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 1,5 prosent.

Under programkategori 15.00 Administrasjon m.m. har utgiftene halde seg på eit nominelt jamt nivå over åra. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 1,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 0,3 prosent. Midlane har gått til drift av Landbruks- og matdepartementet.

Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene auka med 38 mill. kroner, frå 1 421 mill. kroner til 1 459 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 2,2 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 0,5 prosent. Midlane har gått til kunnskapsstøtte og til drift av Mattilsynet.

Under programkategori 15.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med 29 mill. kroner, frå 410 mill. kroner til 439 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 2,6 prosent. Midlane har gått til forsking, innovasjon og basisløyvingar.

Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå 14,6 mrd. kroner til 15,4 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 1,5 prosent. Den største delen, om lag 14,5 mrd. kroner, er løyvingar til næringsavtalane for landbruk og reindrift. Resten av midlane er fordelte mellom driftsmidlar for Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning, som frå 1.7.2014 vart slått saman til Landbruksdirektoratet, kunnskapsstøttemidlar og midlar til ulike tilskotsordningar utanfor næringsavtalene.

2.12 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post og telekommunikasjonar.

Programområde 21 Innanlands transport

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

21.10

Administrasjon m.m.

454,5

449,5

531,8

530,5

21.20

Luftfartsføremål

937,2

932,8

977,7

960,3

21.30

Vegføremål

17 204,5

22 285,1

24 215,9

25 004,4

21.40

Særskilde transporttiltak

1 377,7

1 557,4

1 861,6

1 832,8

21.50

Jernbaneføremål

13 315,6

15 041,9

19 383,7

18 862,1

21.60

Kystforvaltning1)

2 655,3

2 747,7

2 708,3

2 818,8

Sum før lånetransaksjonar

35 944,8

43 014,4

49 679,0

50 008,9

Lånetransaksjonar

0,0

10 030,0

20 000,1

20 000,0

Sum Innanlands transport

35 944,8

53 044,4

69 679,1

70 008,9

1) Programkategori 21.60 Kystforvaltning er frå 2014 etablert under Samferdselsdepartementet. Samanliknbare tal for 2012 og 2013 er flytta frå tidlegare programkategori 16.60 som låg under Fiskeri- og kystdepartementet.

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

22.10

Post og telekommunikasjonar

371,6

682,9

558,4

646,5

Sum før lånetransaksjonar

371,6

682,9

558,4

646,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum utgifter Post og telekommunikasjonar

371,6

682,9

558,4

646,5

Sum Samferdselsdepartementet

36 316,4

53 727,3

70 237,5

70 655,4

Programområde 21 Innanlands transport

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 329,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 1 134,1 mill. kroner, frå 49 679,0 mill. kroner til 50 813,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 804,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 482,6 mill. kroner. Det er overført til saman 1 703,5 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,1 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 14,1 mrd. kroner, frå 35,9 mrd. kroner til 50,0 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 19,7 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 16,3 prosent. Hovudgrunnen til auken er at løyvingane under programkategori 21.30 Vegføremål og programkategori 21.50 Jernbaneføremål har auka i heile perioden. Dette heng saman med oppfølginga av Nasjonal transportplan.

Under programkategori 21.10 Administrasjon m.m., har utgiftene auka med 76 mill. kroner frå 454 mill. kroner til 530 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 1,1 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 18,0 prosent. Auken heng saman med at Samferdselsdepartementet frå 1. januar 2014 fekk ansvaret for kystforvaltninga og samstundes fekk overført tilsette frå Fiskeri- og kystdepartementet.

Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene auka med 23 mill. kroner, frå 937 mill. kroner til 960 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 0,5 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 2,9 prosent.

Under programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene auka med 7,8 mrd. kroner, frå 17,2 mrd. kroner til 25,0 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 29,5 prosent. Noko av denne auken kjem av kompensasjon etter opphevinga av vegfritaket i meirverdiavgiftslova frå 1. januar 2013. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 12,2 prosent. Aktivitetsnivået i sektoren har auka, og dei auka utgiftene gjeld både drift og vedlikehald og riksveginvesteringar.

Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak har utgiftene auka med knapt 0,5 mrd. kroner, frå knapt 1,4 mrd. kroner til drygt 1,8 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 13,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 17,7 prosent. Den største auken gjeld påskjønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda, der utgiftene auka med 337 mill. kroner tilsvarande 50,1 prosent frå 2013 til 2014. Auken er i samsvar med klimaforliket, jf. Meld. St. 21 (2011–2012) og Innst. 390 S (2011–2012).

Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med drygt 5,5 mrd. kroner, frå 13,3 mrd. kroner til knapt 18,9 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 13,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 25,4 prosent. Auken gjeld både drift og vedlikehald og investeringar som Jernbaneverket har ansvaret for.

Under programkategori 21.60 Kystforvaltning har utgiftene auka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå knapt 2,7 mrd. kroner til 2,8 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 2,6 prosent.

Lånetransaksjonar

I 2014 vart det løyvd 20 mrd. kroner som innskot av fondskapital i eit infrastrukturfond.

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 88,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 83,3 mill. kroner, frå 558,4 mill. kroner til 641,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 4,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 3,2 mill. kroner. Det er ikkje overføringar til 2015 på programområdet.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 22 Post og telekommunikasjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 275 mill. kroner, frå 372 mill. kroner til 647 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 83,8 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 5,3 prosent.

Mykje av utgiftsendringane heng saman med endra behov for statleg kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame post- og banktenester frå Posten Noreg AS.

2.13 Klima- og miljødepartementet

Programområde 12 Klima og miljø

(i mill. kr)

Programkategori2)

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

12.10

Fellesoppgåver, kunnskap, internasjonalt arbeid m.m.

1 158,4

1 233,3

1 149,1

1 154,5

12.20

Klima, naturmangfald og forureining1)

2 443,1

2 632,8

2 912,5

2 926,7

12.30

Kulturminne og kulturmiljø

522,0

535,6

692,0

696,4

12.60

Nord- og polarområda

316,9

314,3

348,7

364,2

12.70

Internasjonalt klimaarbeid3)

2 870,3

3 057,2

2 877,6

3 474,5

Sum før lånetransaksjonar

7 310,7

7 773,2

7 979,9

8 616,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Miljøverndepartementet

7 310,7

7 773,2

7 979,9

8 616,4

1) Tidlegare programkategori 12.40 Klima og forureining er avvikla frå 2014. Tal for åra 2012 og 2013 er lagt inn i programkategori 12.20 Klima, Naturmangfald og forureining med høvesvis 778,3 og 29,9 mill. kroner.

2) Tidlegare programkategori 12.50 Kart, geodata og eigedomsinformasjon er frå 2014 flytta til programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata under KMD. Samanliknbare tal for 2012 og 2013 er tilsvarande flytta til KMD med høvesvis 642,6 og 732,8 mill. kroner.

3) Programkategori 12.70 internasjonalt klimaarbeid er nyoppretta under KLD frå 2014. Samanliknbare tal for åra 2012 og 2013 er flytta frå programkategori 03.20 Globale ordningar under Utanriksdepartementet (UD) og frå programkategori 23.40 Andre føremål under Finansdepartementet (FIN). Flyttinga frå UD gjeld kapittel 166, postane 01 og 73(skogsatsinga) med høvesvis 2 669,2 og 2 189,5 mill. kroner. Flyttinga frå FIN gjeld kapittel 1638, postane 21 og 22 (kjøp av klimakvotar) med høvesvis 201,1 og 867,7 mill. kroner.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 636,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 1 226,5 mill. kroner, frå 7 979,9 mill. kroner til 9 206,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 590,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 39,7 mill. kroner. Det er overført til saman 546,7 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 12 Klima og miljø har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,3 mrd. kroner, frå 7,3 mrd. kroner til 8,6 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 6,3 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 10,8 prosent. Hovudgrunnen til auken er omstruktureringa mellom departementa frå 2014.

Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, kunnskap, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene svinga rundt 1,2 mrd. kroner over treårsperioden. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 6,5 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 6,4 prosent. Det har vore ein liten auke i utbetalingane til miljøforsking og miljøovervaking frå 2013 til 2014. Frå 2014 vart Planavdelinga til KLD overført til KMD. Dermed fall òg fleire store postar bort, i tillegg til at personalkostnadane vart reduserte. Samla sett har denne nedgangen i utgiftene vore mykje større enn auken på forskings- og overvakingsområdet.

Under programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå drygt 2,4 mrd. kroner til drygt 2,9 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 7,8 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 11,2 prosent. Ei viktig årsak til auken er den nye CO2-kompensasjonsordninga for industrien. Denne ordninga aleine utgjer godt over halvparten av auken frå 2013 til 2014. Det har og vore ein auke i statlege tileigningar av grunn til nasjonalparkar og skogvern, og at utbetalingar til vrakpant for bilar har auka noko.

Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene auka med 174 mill. kroner, frå 522 mill. kroner til 696 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 30,0 prosent. Årsaka til auken er hovudsakleg at løyvinga til Norsk kulturminnefond i 2013 ved ein feil ikkje vart utbetalt. Tilsvarande sum vart løyvd på nytt i 2014. Dette innebar at utbetalinga i 2014 vart dobbelt så høg som vanleg.

Under programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene auka med 47 mill. kroner, frå 317 mill. kroner til 364 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 15,9 prosent. Auken i utbetalingar kjem hovudsakleg av auka løyvingar til forskingsinnsats på programområdet.

Under programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid har utgiftene auka med 0,6 mrd. kroner, frå 2,9 mrd. kroner til 3,5 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 6,5 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 13,6 prosent. Det er normalt at behovet for kjøp av klimakvotar varierer mykje frå år til år. Noregs kjøp av klimakvotar var særskilt stort i 2013. I tillegg endrar kvoteprisane seg mykje i løpet av eit år. Samstundes er det auke i utbetalingane i samband med klima- og skoginitiativet.

2.14 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

23.10

Finansadministrasjon

1 100,7

1 155,8

1 124,3

1 159,8

23.20

Skatte- og avgiftsadministrasjon

6 497,7

6 712,1

6 754,3

6 992,6

23.30

Offisiell statistikk

763,5

733,7

753,3

772,1

23.40

Andre føremål1)

16 791,7

19 098,2

21 053,8

20 594,0

Sum før lånetransaksjonar

25 153,5

27 699,8

29 685,7

29 518,5

Lånetransaksjonar

37,6

0,0

0,0

0,0

Sum Finansdepartementet

25 191,1

27 699,8

29 685,7

29 518,5

1) For programkategori 23.40 Andre føremål er tal for åra 2012 og 2013 justerte ned med høvesvis 201,1 mill. kroner og 867,7 mill. kroner. Dette som følgje av endra departementsstruktur frå 2014, og for å presentera samanliknbare tal. Justeringa gjeld kjøp av klimakvotar på kap. 1638, postane 21 og 22 som er overførte til programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid under Klima- og miljødepartementet.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 167,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 739,0 mill. kroner, frå 29 685,7 mill. kroner til 30 424,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 906,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 258,6 mill. kroner. Det er overført til saman 683,4 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka med knapt 4,4 mrd. kroner, frå 25,2 mrd. kroner til 29,5 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 10,1 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 6,6 prosent. Det meste av auken både frå 2012 til 2013 og frå 2013 til 2014 gjeld meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren.

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med 59 mill. kroner, frå 1,1 mrd. kroner til 1,2 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 0,4 prosent.

Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 6,5 mrd. kroner til 7,0 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 4,2 prosent. Dei seinaste åra er det særleg utgiftene til grensekontrollen og til IT-fornyingar i Skatteetaten som har vakse.

Under programkategori 23.30 Offisiell statistikk har utgiftene auka med 9 mill. kroner, frå 763 mill. kroner til 772 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 3,9 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 5,2 prosent.

Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 3,8 mrd. kroner, frå 16,8 mrd. kroner til 20,6 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 13,7 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 7,8 prosent. Båe åra er det særleg meirverdiavgift på tenester til offentleg veg som har ført til høgare utbetalingar av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren. Tenester til offentleg veg vart omfatta av ordninga i 2012.

2.15 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

04.10

Militært forsvar

41 489,5

43 571,4

44 373,6

46 675,4

Sum før lånetransaksjonar

41 489,5

43 571,4

44 373,6

46 675,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum 04 Forsvarsdepartementet

41 489,5

43 571,4

44 373,6

46 675,4

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 2 301,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 3 823,3 mill. kroner, frå 44 373,6 mill. kroner til 48 196,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 521,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 934,2 mill. kroner. Det er overført til saman 2 433,7 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 5,2 mrd. kroner, frå 41,5 mrd. kroner til 46,7 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 7,1 prosent.

Driftsutgiftene har nominelt auka med 6,6 prosent, frå 32,3 mrd. kroner i 2012 til 34,4 mrd. kroner i 2014. Auken samsvarar stort sett med årlege priskompensasjonar.

Utgifter til investeringar i materiell auka nominelt med 32,7 prosent, frå 7,5 mrd. kroner i 2012 til 9,9 mrd. kroner i 2014. Utgifter til nasjonalfinansierte investeringar i eigedom, bygg og anlegg auka med 34,9 prosent, frå 1,8 mrd. kroner i 2012 til 2,4 mrd. kroner i 2014. Mindreforbruket av dei disponible løyvingane til materiellinvesteringar i 2014 gjeld i hovudsak programmet for kjøp av nye kampfly med baseutbygging. Programmet har kravt tilpassingar andre stader i investeringsporteføljen til Forsvaret. Med handsaminga av Innst. 157 S (2012–2013) til Prop. 28 S (2012–2013) Endringar i statsbudsjettet 2012 under Forsvarsdepartementet stødde Stortinget at det vart overført om lag 3,2 mrd. kroner på kapittel 1760, post 45 til kampflyinvesteringar for etterfølgjande år. I 2014 vart det nytta om lag 1,5 mrd. kroner av dette, medan resterande midlar vart overført frå 2014 til 2015.

I perioden 2012 til 2014 syner rekneskapen at utgifter til norsk deltaking i operasjonar i utlandet har minka med 42,5 prosent, frå 1 273 mill. kroner i 2012 til 732 mill. kroner i 2014. Dette kjem av den planlagde uttrekkinga av styrker frå Afghanistan.

2.16 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2012

Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Rekneskap 2014

18.00

Administrasjon1)

251,7

224,1

212,3

224,8

18.10

Petroleumssektoren2)

26 563,0

34 371,9

37 834,6

36 263,3

18.20

Energi- og vassressurssektoren3)

1 950,5

2 017,5

2 166,5

2 194,6

18.30

Forsking og næringsutvikling4)

711,8

711,6

755,5

758,5

18.40

CO2-handtering4)

2 297,0

2 790,6

2 143,3

2 048,8

Sum før lånetransaksjonar

31 774,0

40 115,7

43 112,2

41 490,1

Lånetransaksjonar

2,0

10 000,0

12 500,0

12 500,0

Sum Olje- og energiføremål

31 776,0

50 115,7

55 612,2

53 990,1

1) Einskilde mindre løyvingar som låg under programkategoriane 18.25 og 18.30 i 2012 og 2013 er frå 2014 gått inn i programkategori 18.00. Tal for 2012 og 2013 er reklassifiserte tilsvarande for å tilrettelegga for samanlikning.

2) Tidlegare programkategori 18.70 Statleg petroleumsverksemd er frå 2014 gått inn i programkategori 18.10 Petroleumssektoren. Tal for 2012 og 2013 er reklassifiserte tilsvarande.

3) Tidlegare programkategori 18.25 Energiomlegging, utanom einskilde mindre løyvingar, er frå 2014 gått inn i progamkategori 18.20 Energi- og vassressursar. Tal for 2012 og 2013 er reklassifiserte tilsvarande.

4) Programkategori 18.40 CO2-handtering er nyoppretta i 2014. Samanliknbare rekneskapstal for åra 2012 og 2013 er reklassifiserte til denne kategorien, og omfattar kapittel 1833 CO2-handtering og løyving til CLIMIT under Noregs forskingsråd som tidlegara låg under programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 622,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2013 aukar disponibel løyving med 206,1 mill. kroner, frå 43 112,2 mill. kroner til 43 318,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 828,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 77,9 mill. kroner. Det er overført til saman 258,9 mill. kroner til 2015 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2012–2014

På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 9,7 mrd. kroner, frå 31,8 mrd. kroner til 41,5 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 26,3 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 3,4 prosent. Endringane heng for det meste saman med auka utgifter til investeringar under SDØE under programkategori 18.10 Petroleumssektoren.

Under programkategori 18.00 Administrasjon har utgiftene minka med 27 mill. kroner, frå 252 mill. kroner til 225 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 minka utgiftene med 11,0 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 0,3 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen er at det i 2012 vart løyvd særskilte midlar til kunnskapsinnhenting i uopna deler av det nordaustlege Norskehavet og gjennomføring av konsekvensutgreiing for petroleumsverksemd i dei norske havområda ved Jan Mayen og i området vest for avgrensingslinja i Barentshavet.

Under programkategori 18.10 Petroleumssektoren har utgiftene auka med 9,7 mrd. kroner, frå knapt 26,6 mrd. kroner til knapt 36,3 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 29,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 5,5 prosent. Hovudgrunnen til auken er høgare investeringar under SDØE.

Under programkategori 18.20 Energi- og vassressurssektoren har utgiftene auka med 244 mill. kroner, frå knapt 2,0 mrd. kroner til 2,2 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 3,4 prosent, og frå 2013 til 2014 auka dei med 8,8 prosent. Hovudgrunnane til auken er auka løyvingar til NVEs arbeid med flaum- og skredførebygging, mellom anna som følgje av flaumen på Austlandet i 2013, og auka overføringar til Energifondet.

Under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling har utgiftene auka med 47 mill. kroner, frå 712 mill. kroner til 759 mill. kroner. Frå 2012 til 2013 var utgiftene uendra, og frå 2013 til 2014 auka dei med 6,6 prosent. Hovudgrunnen til auken er auka overføringar til Noregs forskingsråd.

Under programkategori 18.40 CO2-handtering har utgiftene minka med 248 mill. kroner, frå 2,3 mrd. kroner til drygt 2,0 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka utgiftene med 21,5 prosent, og frå 2013 til 2014 minka dei med 26,6 prosent. Auken heng for det meste saman med CO2-handteringsprosjekta på Mongstad. Utgifter til kjøp av forskingstenester frå TCM DA auka i 2013 og 2014 medan planlegging og førebuing av fullskala CO2-handtering på Mongstad vart avslutta i 2013.

Under lånetransaksjonar vart kapitalen i Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging auka med 10 mrd. kroner i 2013 og 9,25 mrd. kroner i 2014. I 2014 vart det løyvd 3,25 mrd. kroner i innskotskapital i Statnett SF.

2.17 Statlege utlån

Dette avsnittet gjev eit oversyn over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.

Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten forvaltar dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget.1 Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike slags lån med høg eller låg risiko. Eksportfinansieringordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS er omtalt til slutt i avsnittet.

Husbanken

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2012

2013

2014

Inngåande behaldning

Konto 630005

114 433

121 836

129 004

Utlån i året

Kap. 2412 / 90

16 784

16 493

17 468

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5312 / 90

-9 380

-9 325

-10 799

Utgåande behaldning

Konto 630005

121 836

129 004

135 672

Renteinntekter

Kap. 5615 / 80

3 610

3 513

3 607

Samla uteståande lån i Husbanken, medrekna opptente, ikkje betalte renter, var på 135,7 mrd. kroner ved utgangen av 2014. Det er om lag 6,7 mrd. kroner meir enn året før. Av dei uteståande låna var 59,9 mrd. kroner fastrentelån, og 75,1 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente, ikkje betalte renter utgjorde om lag 0,6 mrd. kroner. Overkurs per 31.12.2014 på fastrentelåna har Husbanken rekna til om lag 1,1 mrd. kroner.

Husbanken hadde om lag 53 600 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2014. Om lag 16 400 hadde lån med fast rente, 35 400 hadde lån med flytande rente, medan dei resterande om lag 1 800 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 44,1 prosent, lån til kommunar 34,8 prosent og lån til personlege låntakarar 21,1 prosent.

Husbanken inntektsførte i 2014 renter med 3,6 mrd. kroner under kapittel 5615, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2013 og 2012 var høvesvis 3,5 mrd. kroner, og 3,6 mrd. kroner.

Husbanken hadde i 2014 eit brutto tap på utlån på 8,8 mill. kroner. Tilsvarande tal for 2013 var 11,6 mill. kroner. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar eller inngåtte avtalar, var netto tap på utlån 7,1 mill. kroner. Av det samla brutto tapet var om lag 0,6 mill. kroner knytt til personlege låntakarar, som er vesentleg lågare enn i 2013. Tapa knytte til ikkje-personlege låntakarar var 8,2 mill. kroner i 2014. Tapa for Husbanken vert dekte med ei særskild løyving på kapittel 2412, post 71 Tap på utlånsverksemd, og omfattar tap på hovudstol, tap på opptente, ikkje betalte renter ved inngangen til året, og årets renter knytt til avskrivne tap.

Sjå òg omtale av Husbanken under kapittel 2.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Statens lånekasse for utdanning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2012

2013

2014

Inngåande behaldning

Konto 630002

119 068

126 147

137 831

Utlån i året

Kap. 2410 / 90

19 715

21 405

22 205

Tilbakebetalingar i året1)

Kap. 5310 / 90

-7 619

-7 768

-7 811

Konvertering til stipend

Kap. 5310 / 93

-5 016

-1 953

-5 461

Utgåande behaldning

Konto 630002

124 147

137 831

146 764

Renteinntekter2)

Kap. 5617 / 80

3 495

3 579

3 753

1) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 474 mill. kroner i 2014, 492 mill. kroner i 2013 og 624 mill. kroner i 2012. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.

2) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2014 vart utgiftsført med 977 mill. kroner på Lånekassa sitt kapittel 2410, post 72. Rentestønaden for 2013 var 918 mill. kroner og for 2012 og 877 mill. kroner.

Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 146,8 mrd. kroner ved utgangen av 2014, som er 8,9 mrd. kroner meir enn året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen tillagde renter. 43,3 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Andre ikkje renteberande krav er opptente, ikkje betalte renter på 271 mill. kroner og ikkje betalte gebyr på 69 mill. kroner. Uteståande renteberande rente er 1,5 mrd. kroner. Lån med fast rente i Lånekassa utgjer 28,1 mrd. kroner. Netto renteerstatning ved innfriing av alle fastrentelån 31.12.2014 vil vere ein overkurs på 250,6 mill. kroner. Lånekassa hadde om lag 836 200 registrerte låntakarar ved utgangen av 2014. Av dei hadde om lag 223 400 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen) og om lag 143 500 lån med fast rente. Resten av låntakarane hadde lån med flytande rente.

Lånekassa inntektsførte i 2014 3,8 mrd. kroner i renter på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2013 og 2012 var høvesvis 3,6 mrd. kroner og 3,5 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 258 mill. kroner i tap på utlån på kapittel 2410, post 74 i 2014, medan tala i 2013 og 2012 var høvesvis 289 mill. kroner og 244 mill. kroner. Statens innkrevjingssentral inntektsførte 307 mill. kroner i 2014 (kap. 4634, post 85) for innkrevjing av misleghaldne og avskrivne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2013 og 2012 var høvesvis 255 mill. kroner og 261 mill. kroner.

Sjå òg omtale av Lånekassa under kapittel 2.3 Kunnskapsdepartementet.

Konverteringsordninga i Statens lånekasse for utdanning

Lånekassa betaler ut heile basisstøtta som lån for dei som er omfatta av støtteordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av støttebeløpet kan konverterast til stipend dersom støttemottakarane gjennomfører utdanninga dei har fått støtte til. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvt midlar til å dekkja framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For 2014 var desse på 3,9 mrd. kroner. Samla netto utgifter til stipend omfattar òg lån som er konverterte til stipend på kapittel 5310, post 93. I 2014 vart 5,5 mrd. kroner konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dette er 3,5 mrd. kroner meir enn i 2013, og 0,4 mrd. kroner meir enn i 2012. Nedgangen i 2013 kjem av ei faseforskyving av konverteringa av lån grunna omlegging av ordninga i 2013. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2014 var dermed 9,4 mrd. kroner.

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2012

2013

2014

Inngåande behaldning

Konto 635106

42 556

58 055

83 415

Utlån i året

Kap. 0614 / 90

23 148

36 358

27 246

Tilbakebetalingar i året

Kap. 3614 / 90

-7 650

-10 998

-13 609

Sum utlån

Konto 6351061)

58 055

83 415

97 052

Renteinntekter

Kap. 5607 / 80

1 189

1 589

2 386

1) På konto 63.51.06 i kapitalrekneskapen, Utlån under Arbeids- og sosialdepartementet inngår i tillegg til bustadlånsordninga òg nokre andre, mindre beløp. Samla bokført beløp på konto 635106 per 31.12.2014 var 97 073 mill. kroner.

Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 97,1 mrd. kroner ved utgangen av 2014. Det er om lag 13,6 mrd. kroner meir enn året før. Ved utgangen av 2014 var det om lag 84 500 lån i ordninga, mot 74 900 året før.

Statens pensjonskasse inntektsførte i 2014 renter med 2,4 mrd. kroner under kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2013 og 2012 var høvesvis 1,6 mrd. kroner og 1,2 mrd. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyr berre lån med flytande rente.

Statens pensjonskasse hadde i 2014 ingen tap på utlån. Tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar på tidlegare avskrivne lån utgjorde i 2014 0,1 mill. kroner.

Det var ei mindreutgift på lånekapittel 614, post 90 på 154 mill. kroner. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei meirinntekt på lånekapittel 3614, post 90 på 1,1 mrd. kroner. Grunnen er at talet på innfridde lån auka i siste delen av året. Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse i kapittel 2.7 Arbeids- og sosialdepartementet.

Innovasjon Noreg

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noregs innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiera utlån. Det er difor ikkje ein heilt eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2012

2013

2014

Inngåande behaldning

Konto 6300091)

15 850

16 442

17 135

Netto auke

592

694

147

Utgåande behaldning

Konto 6300091)

16 442

17 135

17 283

Renteinntekter

Kap. 5625 / 80

289

246

235

1) På konto 630009 i kapitalrekneskapen, Utlån til statsbankar under Nærings- og handelsdepartementet, inngår i tillegg til Innovasjon Noreg òg SIVA SF med eit mindre beløp. Samla bokført beløp på konto 630009 per 31.12.2014 var 17 983 mill. kroner.

Innovasjon Noregs samla innlån frå statskassa per 31.12.2014 var på 17,3 mrd. kroner. Av dette utgjorde ordinære innlån om lag 15,4 mrd. kroner og lån til såkorn- og investeringsfond om lag 1,9 mrd. kroner.

Innovasjon Noregs samla netto utlån per 31.12.2014 utgjorde 17,2 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 1,1 mrd. kroner, mot 16,7 mrd. kroner per 31.12.2013. Netto auke utgjer 0,5 mrd. kroner.

Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 14,2 mrd. kroner til lågrisikolån (om lag 9 700 lån), knapt 2,7 mrd. kroner til ordinære innovasjons- og risikolån (om lag 1 450 lån) og knapt 1,5 mrd. kroner til andre utlån. Andre utlån omfattar ansvarlege lån til såkornfond, ansvarlege investeringsfond til Nordvest-Russland og Aust-Europa og bygdeutviklingslån til landbruket. Den sistnemnde ordninga utgjer om lag 6 000 lån og vert forvalta av Innovasjon Noreg for Landbrukets utviklingsfond.

Det vart inntektsført 235 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2014. Tilsvarande tal for 2012 og 2013 var høvesvis 289 og 246 mill. kroner.

Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2014 syner eit netto utlånstap på 13,6 mill. kroner, som er 12,6 mill. kroner lågare enn i 2013. Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2014 utgjer 157 mill. kroner, mot 224 mill. kroner i 2013.

Statleg eksportfinansieringsordning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for den statlege eksportfinansieringsordninga. Den kom til i 2011 som ei mellombels ordning og vart frå 1. juli 2012 permanent ved skipinga av det heileigde statlege selskapet Eksportkreditt Noreg AS:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2012

2013

2014

Inngåande behaldning

Konto 635109

6 693

29 852

44 372

Netto auke

23 159

14 520

10 095

Utgåande behaldning

Konto 6351091)

29 852

44 372

54 467

Renteinntekter

Kap. 5629 / 80

343

987

1 159

1) På konto 635109 i kapitalrekneskapen, Andre utlån under Nærings- og handelsdepartementet, inngår i tillegg til statlege eksportfinansieringslån ved utgongen av 2014 òg 21,4 mill. kroner i mellomfinansieringslån til Nofima AS og 6,2 mill. kroner i ekstraordinært lån til tørrfisknæringa. Samla bokført beløp på konto 635109 per 31.12.2014 var 54 494 mill. kroner.

Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2014 er slik:

Valuta

Antal lån

Totalt uteståande per 31.12.14 (tal i mrd. kr)

NOK

107

25,41

USD

74

4,54

EUR

6

0,12

GBP

9

0,05

Som det går fram av den fyrste tabellen, utgjorde uteståande statlege eksportfinansieringslån til saman 54,5 mrd. kroner ved utgangen av 2014. Omrekninga av valuta til norske kroner er basert på kursen då låna vart utbetalte. For å oppnå same beløp i norske kroner ved innbetalingar av avdrag, er det gjeve fullmakt til å utgiftsføra valutatap under kapittel 2429, post 89 og inntektsføra valutavinst under kapittel 5329, post 89.

Det vart inntektsført renteinntekter frå ordninga med 1 159 mill. kroner under kapittel 5629, post 80 i statsrekneskapen 2014.

Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av GIEK og/eller andre finansinstitusjonar, slik at tapsrisikoen i låneordninga er svært låg.

Fotnotar

1.

Frå 2010 vart det teke i bruk eit meir einskapleg system for bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Desse verksemdene skal bokføra alle renteinntekter i statsrekneskapen ut frå prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret. Det inneber òg at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen, skal innehalda opptente, men enno ikkje betalte renter.

Til forsida