4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.
Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).
4.1 Statens balanse med notar
Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.
Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)
Tekst | Note | 31.12.13 | 31.12.14 | Endring |
---|---|---|---|---|
Eigedelar | ||||
60. Kontantbehaldning | 1 | 89 464 | 115 632 | 26 168 |
61. Spesielle fond og forsikringar | 2 | 5 308 109 | 6 626 286 | 1 318 177 |
62. Verdipapir | 3 | 225 949 | 150 098 | -75 851 |
63. Utlån og uteståande krav | 4 | 444 920 | 489 095 | 44 175 |
64. Ordinære fond | 5 | 77 309 | 105 651 | 28 342 |
65. Forskot | 6 | -248 | 649 | 898 |
66. Kapital i statsbankane | 7 | 659 | 659 | 0 |
68. Fast kapital i statsverksemdene | 8 | 212 698 | 227 211 | 14 513 |
69. Eigenbehaldning statspapir | 9 | 59 995 | 63 565 | 3 570 |
70.–72. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar | 10 | -4 124 | -1 207 | 2 917 |
77. Overkurs/underkurs statspapir | 11 | -8 137 | -8 948 | -811 |
78. Kurs- og tryggingselement knytte til obligasjonar med førerett | 12 | -3 716 | 0 | 3 716 |
Sum eigedelar | 6 402 877 | 7 768 690 | 1 365 813 | |
Gjeld og eigenkapital | ||||
80. Statsgjelda | 13 | 604 045 | 485 453 | -118 592 |
81. Kontolån frå ordinære fond | 14 | 85 694 | 115 925 | 30 231 |
82. Verksemder med særskilde fullmakter | 15 | 14 377 | 15 980 | 1 603 |
84. Deposita og avsetjingar | 16 | -1 015 | 5 745 | 6 760 |
87. Overførte unytta løyvingar | 17 | 14 247 | 12 366 | -1 881 |
Sum gjeld | 717 349 | 635 470 | -81 879 | |
99. Avslutningskonto (eigenkapital) | 18 | 5 685 528 | 7 133 220 | 1 447 692 |
Sum gjeld og eigenkapital | 6 402 877 | 7 768 690 | 1 365 813 |
1) Det kan vera avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.
Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.
Statens eigedelar auka med 1 365,8 mrd. kroner i 2014, frå 6 402,9 mrd. kroner til 7 768,7 mrd. kroner. Mykje av endringa kjem av auka verdi i Statens pensjonsfond utland (kontogruppe 61). Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto nedgang på 81,9 mrd. kroner i 2014, frå 717,3 mrd. kroner til 635,5 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 1 447,7 mrd. kroner frå 5 685,5 mrd. kroner til 7 133,2 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtalt i notane nedanfor.
Notar:
Note 1. Kontantbehaldninga til staten var 26,2 mrd. kroner høgare ved utgangen av 2014 enn ved utgangen av 2013. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.
Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 1 318,2 mrd. kroner. Dette kjem for det meste av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond med 1 398,2 mrd. kroner for SPU og 17,9 mrd. kroner for SPN. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen, og vert nærare omtalt i kapittel 3. Bokført verdi for Norfund auka med om lag 2,1 mrd. kroner i 2014. Statens finansfond og Statens obligasjonsfond vart avvikla i 2014 og bokført fondskapital på 50 mrd. kroner for kvart av fonda vart ført attende til staten, og står no i null. Netto vinst ved innløysing av Statens obligasjonsfond var 2,3 mrd. kroner, jf. note 18. Tilbakeføring av fondskapitalen i Statens obligasjonsfond er omtalt i Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014. Tilbakeføring av fondskapitalen i Statens finansfond er omtalt i Prop. 36 S (2014– 2015) Ny saldering av statsbudsjettet 2014.
Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, minka med 75,9 mrd. kroner. Dette kjem for det meste av ein nedgang på 81,0 mrd. kroner i obligasjonar med førerett (OMF), desse står no i null ettersom byteordninga vart avvikla i 2014. Det vart tilført 5,0 mrd. kroner i ny eigenkapital til Statkraft SF. Statens sal av alle aksjar i Cermaq ASA førte til ein netto nedgang på 2,5 mrd. kroner. Børsnotering og sal av aksjar i Entra ASA førte til ein netto nedgang med 505 mill. kroner. Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversikt over statens aksjeinteresser. Arbeids- og sosialdepartementet fekk i 2014 samtykke frå Stortinget til å kreditere konto 628006 Leigebuarinnskot og debitere konto 980000 konto for forskyvingar i balansen med 4,1 mill. kroner. Jf. Innst. 260 S (2013–2014).
Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 44,2 mrd. kroner. Av dette kjem 8,9 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens Lånekasse for utdanning og 6,7 mrd. kroner frå Husbanken. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse auka med 13,6 mrd. kroner. Investeringslåna til helseføretaka auka med 794 mill. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka auka med 5,6 mrd. kroner. Utlån frå Eksportkreditt AS auka netto med 10,1 mrd. kroner. Utlåna til Teknologisenter for CO2-handtering på Mongstad (TCM DA) hadde ein netto nedgang på 1,1 mrd. kroner.
Note 5. Ordinære fond auka med 28,3 mrd. kroner. Infrastrukturfondet auka med 20,9 mrd. kroner. Energifondet auka med 0,7 mrd. kroner. Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging (Klimafondet) auka med 9,5 mrd. kroner, medan fondskapitalen for miljøvennleg gassteknologi vart ført attende til staten og minka med 2,0 mrd. kroner.
Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 14. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Unnatak frå hovudregelen er Tøyenfondet og Observatoriefondet, som berre er aktiverte i 64-gruppa og ikkje i 81-gruppa. Stiftinga Unifor forvaltar dei finansielle eigedelane til desse to fonda etter avtale med Universitet i Oslo, og midlane er ikkje plasserte i Noregs Bank. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).
Note 6. Forskot auka med 898 mill. kroner. Forskot i Statens vegvesen auka med 904 mill. kroner, medan forskot på rammetilskot til kommunar gjekk ned med 6 mill. kroner.
Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2014.
Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 14,5 mrd. kroner. Kapitalen i SDØE auka med 13,2 mrd. kroner, medan kapitalen i Statsbygg auka med 1,3 mrd. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljar om kapitalen i statsverksemdene.
Note 9. Eigenbehaldning av statspapir auka med 3,6 mrd. kroner. Statsobligasjonar auka med 3,1 mrd. kroner, og statskassevekslar auka med 0,5 mrd. kroner.
Note 10. Statlege verksemders mellomvære med statskassa minka med 2,9 mrd. kroner, frå -4,1 mrd. kroner i 2013 til -1,2 mrd. kroner i 2014, slik at verksemdene har 1,2 mrd. kroner til gode per 31.12.2014.
Det er i rekneskapen tilbakeført ei avsetjing på 1,05 mrd. kroner knytte til driftskredittramma til helseføretaka, sjå omtale i statsrekneskapen 2013. Ved ein feil vart ikkje ei pengeoverføring gjort av Noregs bank før årsskiftet 2013/2014, og beløpet vart difor registrert i HOD sitt mellomvære med statskassa per. 31.12.2013. Dette forhaldet påverkar samanlikninga av endring i mellomvære frå 2013 til 2014.
Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postera differansar og uoppklåra saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter. Det vart i 2014 postert 1,2 mill. kroner til debet konto for forskyving i balansen og til kredit kontogruppe 70/71. Dette gjeld desse verksemdene (tal i kroner):
Klima- og miljødepartementet | -200 000,00 |
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard | -981 710,00 |
Samla | -1 181 710,00 |
Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.
Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2014 bokført med -8,9 mrd. kroner. Dette er ei endring på 0,8 mrd. kroner frå -8,1 mrd. kroner året før.
Note 12. Kurs- og tryggingselement (konto 780001) var knytte til ordninga med obligasjonar med førerett (OMF) og er per 31.12.2014 bokførte med null, ettersom byteordninga vart avvikla i 2014. Dette er ei endring på 3,7 mrd. kroner frå året før. Sjå òg kontogruppe 62 med tilhøyrande note 3 ovanfor.
Note 13. Statsgjelda minka med 118,6 mrd. kroner. Statskassevekslar gjekk ned med 77,9 mrd. kroner. Kortsiktige kontolån minka med 95,4 mrd. kroner, medan faste lån opptekne innanlands auka med 54,8 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2014 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.
Note 14. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponera fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond, jf. note 5.
Kontogruppe 81 auka med 30,2 mrd. kroner. Infrastrukturfondet under Samferdselsdepartementet auka med 20,9 mrd. kroner. Energifondet auka med 0,7 mrd. kroner. Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging (Klimafondet) auka med 9,5 mrd. kroner i 2014. medan fondskapitalen for miljøvennleg gassteknologi vart ført attende til staten og minka med 2,0 mrd. kroner. Den almenne garantiordninga under GIEK (NFD) auka med 1,6 mrd. kroner. Sjå detaljar i tabell 3.1 i vedlegg 3.
Note 15. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføra utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 1,6 mrd. kroner. Midlane utgjer 16,0 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3. Auken i 2014 gjeld særleg til Universitets- og høgskulesektoren med 0,7 mrd. kroner og Noregs forskningsråd med 0,7 mrd. kroner.
Note 16. Deposita og avsetjingar auka med 6,8 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland auka med 5,5 mrd. kroner. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) auka med 610 mill. kroner, medan samla avsetjing i Statens vegvesen og Jernbaneverket auka med 690 mill. kroner. Avsetjinga i svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) auka med 4,0 mill. kroner. Detaljar om svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.
Note 17. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2014 til 2015 utgjer til saman 12,4 mrd. kroner, som er 1,9 mrd. kroner mindre enn overført løyving frå 2013 til 2014.
Note 18. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2014 auka med 1 447,7 mrd. kroner, frå 5 685,5 mrd. kroner til 7 133,2 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–17 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av tabellen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.
Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner): | |
---|---|
61. Auka verdi Statens pensjonsfond | 1 416 088 |
99. Dekking av underskot før lånetransaksjonar i balansen | -3 844 |
87. Redusert avsetjing av overførte midlar | 1 881 |
Anna endring i eigenkapitalen: | 33 567 |
61. Auka verdi Norfund, ikkje ført på 90-post | 1 167 |
61. Nettovinst ved innløysing av Statens obligasjonsfond | 2 333 |
62. Nettovinst verdipapir | 8 532 |
63. Auka utlån til helseføretaka | 1 471 |
63. Redusert lån TCM | -1 092 |
63. Auka driftskredittramme, helseføretaka | 5 550 |
64. Inneståande fond, ikkje ført 90-post | 1 242 |
65. Endring i avsetjing av forskot under Veg | 904 |
68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene | 14 513 |
70–72 Korrigering av mellomværende etter fullmakt | -1 |
80. Statsgjelda, mellomrekning som følgje av feilen i tidspunktet for tilbakeføringa av driftskredittramma, sjå note 10 | -1 050 |
Sum | 1 447 692 |
4.2 Finansinntekter og finansutgifter
Staten hadde i 2014 renteinntekter på 14,7 mrd. kroner og renteutgifter på 11,2 mrd. kroner. Netto renteinntekter vart dermed 3,5 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2013 til 2014 gjekk renteutgiftene ned med 1,0 mrd. kroner og renteinntektene gjekk ned med 0,4 mrd. kroner.
Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)
2012 | 2013 | 2014 | |
---|---|---|---|
1. Renteinntekter i alt1) | 16 782 | 15 041 | 14 662 |
Renter frå statsbankane og statsføretaka | 7 795 | 8 370 | 9 014 |
Renter av kapital i statens forretningsverksemd | 74 | 85 | 80 |
Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette: | 8 913 | 6 585 | 5 568 |
renter av innskot og andre krav | 6 992 | 4 281 | 2 624 |
renter av lån til helseføretaka | 464 | 430 | 394 |
renter av lån til aksjeselskap | 267 | 282 | 163 |
renter frå folketrygda | 1 | 2 | 1 |
Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga | 1 189 | 1 589 | 2 386 |
2. Renteutgifter i alt2) | 12 848 | 12 256 | 11 211 |
Av innanlandsk statsgjeld | 12 819 | 12 186 | 11 117 |
Av utanlandsk statsgjeld | 0 | 0 | 0 |
Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008 | 29 | 71 | 93 |
Netto renteinntekter/renteutgifter (-) | 3 934 | 2 784 | 3 451 |
1) Sjå òg kapittel 2.17 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS.
2) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81. Kap. 1650, post 01 syner driftsutgifter til statsgjeldforvaltning på 30,8 mill. kroner. Medrekna renteutgifter på 11 117,4 mill. kroner syner programområde 24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag samla utgifter før lånetransaksjonar på 11 148,2 mill. kroner.
Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er på 9,0 mrd. kroner. Av dette er 3,6 mrd. kroner frå Husbanken, 3,8 mrd. kroner frå Lånekassa, 1,2 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 472 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 23 mill. kroner frå SIVA.
Renteinntekter av innskot og andre krav på 2,6 mrd. kroner er i hovudsak førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 0,8 mrd. kroner renteinntekter av byteavtalar og 1,5 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir.
Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka frå og med 2008 på kapittel 0732 Regionale helseføretak vart 93,2 mill. kroner. Renteutgiftene på 11,1 mrd. kroner under kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 11,3 mrd. kroner i renteutgifter på obligasjons- og vekselgjeld, 2,7 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 0,2 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassera overskotslikviditet som kontolån til staten. Dessutan er det netto inntektsført 3,1 mrd. kroner på gjenkjøps- og rentebyteavtalar.
Stortinget gav 24. oktober 2008 Finansdepartementet fullmakt til utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med førerett innanfor ei samla ramme på 350 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 5 (2008–2009) og Innst. S. nr. 12 (2008–2009) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett. Det er i 2014 bokført 0,8 mrd. kroner i vederlag under ordninga (jf. kapittel 5605, post 85) og 0,6 mrd. kroner i utgifter (bokført som del av kapittel 1650, post 89). Ordninga vart avvikla i 2014.
Per 31.12.2014 var statsgjelda 485,5 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden og staten som netto kravshavar står i Prop. 17 S (2014–2015) Fullmakt til å ta opp statslån o.a.
4.3 Garantiar
Staten kan ikkje gje garantiar som kan føra til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långjevarar.
Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2013 og 2014. Per 31.12.2014 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 178,1 mrd. kroner. Dette er 21,6 mrd. kroner meir enn i 2013. Under Nærings- og fiskeridepartementet auka ansvaret i 2014 med 18,8 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under GIEK. Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 4,4 mrd. kroner. Garanti for grunnkapitalen i Den nordiske investeringsbank under Finansdepartementet auka med 0,8 mrd. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2014 var på 98,2 mill. kroner. Under den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» er det utbetalt 61,7 mill. kroner på grunn av tap. I miljølåneordninga gjennom Den nordiske investeringsbank vart det i 2014 konstatert eit tap, og Noreg måtte i samsvar med gjeven garanti dekkja 33,1 mill. kroner.
Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane.
Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12 (tal i mill. kroner)
Garantiansvar per 31.12.2013 | Utbetalt ved tap i 2014 | Garantiansvar per 31.12.2014 | |
---|---|---|---|
Utanriksdepartementet | 20 759,2 | 25 199,8 | |
Arbeids- og sosialdepartementet | 237,6 | 243,9 | |
Helse- og omsorgsdepartementet | 3,7 | 2,7 | |
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet | 2,8 | 2,4 | |
Nærings- og fiskeridepartementet1) | 113 244,9 | 65,1 | 132 064,4 |
Samferdselsdepartementet | 6 910,0 | 5 890,0 | |
Finansdepartementet | 15 334,3 | 33,1 | 14 732,4 |
Sum | 156 492,6 | 98,2 | 178 135,6 |
1) Fullmaktsramma for garantiordning for førstehåndsomsetjing av fisk per 31.12.2013 er flytt til Nærings- og fiskeridepartementet. Sjå tabell 4.1 Garantiansvar i vedlegg 4.
4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen
Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:
Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget.
Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalda eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.
Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.
Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.
Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Eit unnatak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi.
Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.
Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemders mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.
Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.
Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 18 i kapittel 4.1.