2 Utgifter under departementa
Tabell 2.1 Utgifter 2019 etter programområde (tal i mrd. kroner)
Programområde/ departement inkludert lånetransaksjonar | Referanse til omtale | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | Avvik budsjett og rekneskap |
---|---|---|---|---|
Kongehuset | 0,4 | 0,4 | 0,0 | |
Regjeringa | 0,4 | 0,4 | 0,0 | |
Stortinget og underliggjande institusjonar | 2,3 | 2,2 | 0,1 | |
Sum 00 Konstitusjonelle institusjonar | 2.1 | 3,2 | 3,1 | 0,1 |
02 Utanriksforvaltning | 6,1 | 6,2 | -0,1 | |
03 Internasjonal bistand | 34,4 | 34,5 | -0,1 | |
Sum Utanriksdepartementet, UD | 2.2 | 40,5 | 40,7 | -0,2 |
Sum 07 Kunnskapsføremål, KD | 2.3 | 121,9 | 122,0 | 0,0 |
Sum 08 Kulturføremål, KUD | 2.4 | 12,8 | 13,0 | -0,1 |
Sum 06 Justissektoren, JD | 2.5 | 41,7 | 41,6 | 0,1 |
Sum 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m. | 2.6 | 220,5 | 220,1 | 0,4 |
09 Arbeid og sosiale føremål | 42,4 | 43,8 | -1,4 | |
29 Sosiale føremål, folketrygda | 414,0 | 414,6 | -0,6 | |
33 Arbeidsliv, folketrygda | 10,0 | 10,3 | -0,3 | |
Sum Arbeids- og sosialdepartementet, ASD | 2.7 | 466,4 | 468,6 | -2,2 |
10 Helse og omsorg | 178,3 | 177,1 | 1,2 | |
30 Helsetenester, folketrygda | 32,1 | 32,1 | 0,0 | |
Sum Helse- og omsorgsdepartementet, HOD | 2.8 | 210,4 | 209,2 | 1,2 |
11 Barn og familie | 31,2 | 31,2 | 0,0 | |
28 Foreldrepengar, folketrygda | 20,2 | 20,5 | -0,3 | |
Sum Barne- og familiedepartementet, BFD | 2.9 | 51,4 | 51,6 | -0,2 |
17 Nærings- og fiskeriføremål | 75,2 | 76,6 | -1,3 | |
33 Arbeidsliv, folketrygda | 0,1 | 0,1 | 0,0 | |
Sum Nærings- og fiskeridepartementet, NFD | 2.10 | 75,3 | 76,6 | -1,3 |
Sum 15 Landbruk og mat, LMD | 2.11 | 19,9 | 19,8 | 0,1 |
21 Innanlands transport | 70,6 | 71,8 | -1,2 | |
22 Posttenester | 0,7 | 0,7 | 0,0 | |
Sum Samferdselsdepartementet, SD | 2.12 | 71,3 | 72,5 | -1,2 |
Sum 12 Klima og miljø, KLD | 2.13 | 14,1 | 14,2 | -0,1 |
23 Finansadministrasjon | 2.14 | 46,7 | 47,8 | -1,1 |
24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag | 4.2 | 74,1 | 73,9 | 0,1 |
Sum Finansdepartementet, FIN | 120,7 | 121,7 | -1,0 | |
Sum 04 Militært forsvar, FD | 2.15 | 60,3 | 60,2 | 0,1 |
Sum 18 Olje- og energiføremål, OED | 2.16 | 30,9 | 30,4 | 0,5 |
Sum 26 Ymse utgifter | 0,1 | 0,0 | 0,1 | |
Sum 34 Statens pensjonsfond utland | 1.7/3.1 | 254,5 | 256,9 | -2,4 |
Sum utgifter1) | 1 815,9 | 1 822,3 | -6,4 |
1) Tabell 1.6 i kapittel 1 syner meirutgifter på 1 545 mill. kroner utan lånetransaksjonar, statleg petroleumsverksemd og overføring til Statens pensjonsfond utland. Netto meirutgifter for desse postane utgjer høvesvis 3 099 mill. kroner, -669 mill. kroner og 2 414 mill. kroner. Dette gjev 6 389 mill. kroner i brutto meirutgifter med lånetransaksjonar.
Dette kapittelet inneheld ei kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av statlege utlån. Kapittelet syner utviklinga på programområde og programkategoriar dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2017, 2018 og 2019 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2019. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad.
Tabell 2.1 syner utgifter etter programområde per departement, og med referanse til avsnitt i meldinga med nærare omtale.
Tabellane i avsnitta 2.1 til 2.16 nedanfor er ordna i ei rekkefølgje som er avleidd av departementa sine kapittelnummer i statsbudsjettet. Avsnitt 2.17 inneheld ei kort omtale av statlege utlån.
Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. For detaljar knytte til kapittel og postar, sjå vedlegg 2, Løyvingsrekneskap for staten. Overføringar av unytta løyvingar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev eit oversyn over samla meirinntekter knytte til områda.
Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.
2.1 Konstitusjonelle institusjonar
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
00.10 | Kongehuset | 247,5 | 357,3 | 433,9 | 433,9 |
00.30 | Regjeringa | 402,3 | 409,0 | 439,6 | 447,5 |
00.40 | Stortinget og underliggjande institusjonar | 2 243,3 | 2 560,5 | 2 334,5 | 2 244,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 2 893,2 | 3 326,8 | 3 207,9 | 3 126,3 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Konstitusjonelle institusjonar | 2 893,2 | 3 326,8 | 3 207,9 | 3 126,3 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 81,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 355,0 mill. kroner, frå 3 207,9 mill. kroner til 3 562,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 436,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 1,5 mill. kroner. Det er overført til saman 183,2 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,2 mrd. kroner, frå 2,9 mrd. kroner til 3,1 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 15,0 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 6,0 prosent.
Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene auka med 186 mill. kroner, frå 248 mill. kroner til 434 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 44,4 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 21,4 prosent. Auken frå 2017 til 2019 var i hovudsak knytt til sikringstiltak for kongefamilien.
Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene auka med 45 mill. kroner, frå 402 mill. kroner til 447 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,7 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 9,4 prosent. Endringa frå 2017 til 2018 vart påverka av overføring av nokre saker frå Regjeringsadvokaten til ei ny prosedyreeining i Utlendingsnemnda. Auken frå 2018 til 2019 kjem særleg av store endringar i regjeringa og av at det for politikare med løn over kap. 21 Statsrådet, frå 2019 vert betalt premie til Statens pensjonskasse.
Under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar har utgiftene auka med 2 mill. kroner, frå 2 243 mill. kroner til 2 245 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 14,1 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 12,3 prosent. Båe åra er det særleg utgiftene til større ombyggingsarbeid i Prinsens gate 26, nytt post- og varemottak og ekstra garasjenedkøyring som forklarer endringane.
2.2 Utanriksdepartementet
Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (ODA).
Programområde 02 Utanriksforvaltning | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
02.00 | Administrasjon av utanrikspolitikken | 2 321,7 | 2 436,8 | 2 379,2 | 2 497,5 |
02.10 | Utanriksføremål | 3 797,5 | 2 915,0 | 3 530,0 | 3 539,1 |
Sum før lånetransaksjonar | 6 119,2 | 5 351,8 | 5 909,2 | 6 036,6 | |
Lånetransaksjonar | 189,8 | 177,9 | 190,4 | 186,8 | |
Sum 02 Utanriksforvaltning | 6 309,0 | 5 529,7 | 6 099,5 | 6 223,4 |
Programområde 03 Internasjonal bistand | |||||
---|---|---|---|---|---|
03.00 | Forvaltning av utviklingssamarbeidet 2) | 2 082,7 | 2 100,1 | 2 186,7 | 2 253,4 |
03.10 | Utviklingssamarbeidet 1), 2) | 27 836,6 | 28 194,0 | 30 799,9 | 30 823,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 29 919,3 | 30 294,1 | 32 986,6 | 33 077,1 | |
Lånetransaksjonar | 1 125,0 | 1 265,6 | 1 428,8 | 1 428,8 | |
Sum 03 Internasjonal bistand | 31 044,3 | 31 559,7 | 34 415,4 | 34 505,8 | |
Sum Utanriksdepartementet | 37 353,3 | 37 089,4 | 40 514,9 | 40 729,2 |
1) Programkategori 03.10 Utviklingssamarbeidet er ny frå 2019 og erstattar dei tidligare programkategoriane 03.10 Bilateral bistand, 03.20 Globale ordningar og 03.30 Multilateral hjelp. Tal for 2017 og 2018 er omklassifiserte.
2) I samband med endringa omtalt i note 1 vil utgifter som tidlegare vart førte på kapitla 0160, post 01, 0160, post 77, 0165, post 01 og 0169, post 01 frå 2019 inngå i programkategori 03.00. Desse utgiftene er no fordelte til kapitla 0140, post 01, 0140, post 21, 0141, post 21 og 0144, post 70. Tal for 2017 og 2018 er av om omsyn til samanlikning mellom åra omklassifiserte med høvesvis 238,0 mill. kroner og 195,5 mill. kroner.
Programområde 02 Utanriksforvaltning
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 127,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 317,7 mill. kroner, frå 5 909,2 mill. kroner til 6 226,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 190,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 46,9 mill. kroner. Det er overført til saman 166,2 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 3,6 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 0,1 mrd. kroner, frå 6,1 mrd. kroner til 6,0 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 12,5 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 12,8 prosent.
Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikspolitikken har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 2,3 mrd. kroner til 2,5 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 2,5 prosent.
Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene minka med knapt 0,3 mrd. kroner, frå 3,8 mrd. kroner til 3,5 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 23,2 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 21,4 prosent. Dei store variasjonane i utbetalte beløp per år har i hovudsak samanheng med utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.
Programområde 03 Internasjonal bistand
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 90,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 797,1 mill. kroner, frå 32 986,6 mill. kroner til 33 783,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 706,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 15,4 mill. kroner. Det er overført til saman 710,6 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,2 mrd. kroner, frå 29,9 mrd. kroner til 33,1 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 9,2 prosent.
Under programkategori 03.00 Forvaltning av utviklingssamarbeidet har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå knapt 2,1 mrd. kroner til knapt 2,3 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 7,3 prosent.
Under programkategori 03.10 Utviklingssamarbeidet har utgiftene auka med 3,0 mrd. kroner, frå 27,8 mrd. kroner til 30,8 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 9,3 prosent. Auken frå 2018 til 2019 har samanheng med at bistandsramma vart auka med 7,1 pst. i dette tidsrommet.
Utbetalingar til utviklingshjelp i perioden 2015–2019
I statsrekneskapet for 2019 er det samla utgiftsført 37 984 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp (ODA), fordelt som følgjer:
34 664,6 mill. kroner under Utanriksdepartementet (inkl. 85 pst. av innskotet i Den asiatiske investeringsbanken for infrastruktur (AIIB), som er godkjent som utviklingshjelp (ODA) og løyvd under programområde 02, kap. 116, post 90)
3 216,9 mill. kroner under Klima- og miljødepartementet (klimatiltak på kap. 1482)
36,7 mill. kroner til utviklingsprosjekt under Riksrevisjonen (utviklingsprosjekt kap. 51)
49,3 mill. kroner under Finansdepartementet (nettoført mva. på kap. 1633, fordelt med 48,2 mill. kroner på Utanriksdepartementet og underliggjande etatar og 1,1 mill. kroner på Klima- og miljødepartementet).
16,1 mill. kroner under Kunnskapsdepartementet (forsking kap. 285)
Samla utbetalingar i 2019, i alt 37 984 mill. kroner, utgjer 1,03 prosent av BNI for 2019, slik BNI for 2019 no er venta.
Tabellen nedanfor syner tal for samla norsk offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2015–2019:
År | Utbetalt i mill. kroner | Utbetalt i prosent av BNI (1) | Unytta løyving overført til neste termin (i mill. kroner) | Unytta løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett |
---|---|---|---|---|
2015 | 34 657 | 1,05 | 170 | 0,5 |
2016 | 36 738 | 1,12 | 783 | 2,1 |
2017 | 34 262 | 1,00 | 390 | 1,1 |
2018 | 34 768 | 0,94 | 852 | 2,5 |
2019 | 37 984 | 1,03 | 744 | 1,9 |
1) Rekna ut på bakgrunn av faktisk BNI det aktuelle året. I budsjettsamanheng vert utviklingshjelpa målt i prosent av forventa BNI komande budsjettår.
2.3 Kunnskapsdepartementet
Programområde 07 Kunnskapsføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
07.10 | Administrasjon | 357,2 | 408,3 | 448,8 | 450,4 |
07.20 | Grunnopplæringa | 11 829,5 | 12 262,7 | 13 175,9 | 13 164,5 |
07.30 | Barnehagar | 657,2 | 820,5 | 964,2 | 954,4 |
07.40 | Høgare yrkesfagleg utdanning1) | 0,0 | 711,0 | 795,8 | 793,9 |
07.50 | Kompetansepolitikk og livslang læring | 2 057,1 | 2 143,3 | 2 407,9 | 2 372,2 |
07.60 | Høgare utdanning1) | 36 169,3 | 37 549,3 | 39 418,0 | 39 353,5 |
07.70 | Forsking | 7 171,6 | 7 856,7 | 8 265,0 | 8 266,1 |
07.80 | Utdanningsfinansiering | 12 515,4 | 13 462,2 | 14 076,5 | 14 157,6 |
07.90 | Integrering og mangfald | 18 427,6 | 17 466,6 | 13 549,4 | 13 557,7 |
Sum før lånetransaksjonar | 89 185,0 | 92 680,6 | 93 101,6 | 93 070,3 | |
Lånetransaksjonar | 25 992,9 | 27 331,1 | 28 814,0 | 28 895,0 | |
Sum Kunnskapsdepartementet | 115 177,9 | 120 011,7 | 121 915,5 | 121 965,3 |
1) Frå 2018 vart programkategori 07.40 skild ut frå kategori 07.60. Tal for 2017 er ikkje omklassifiserte.
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 31,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 582,7 mill. kroner, frå 93 101,6 mill. kroner til 93 684,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 613,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 22,3 mill. kroner. Det er overført til saman 722,2 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 81,0 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 07 Kunnskapsføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,9 mrd. kroner, frå 89,2 mrd. kroner til 93,1 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 3,9 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 0,4 prosent.
Under programkategori 07.10 Administrasjon har utgiftene auka med 93 mill. kroner, frå 357 mill. kroner til 450 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 14,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 10,3 prosent. Auken frå 2017 til 2018 kjem mellom anna av at programkategori 07.10 fekk tilført pengar i samband med at programkategori 06.95 Integrering og mangfald vart overførd frå Justis- og beredskapsdepartementet til programkategori 07.90 under Kunnskapsdepartementet. Auken frå 2018 til 2019 kjem av at løyvingar til analyse og kunnskapsgrunnlag vart flytta frå andre programkategoriar til programkategori 07.10.
Under programkategori 07.20 Grunnopplæring har utgiftene auka med 1,3 mrd. kroner, frå drygt 11,8 mrd. kroner til knapt 13,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 7,4 prosent. Grunnopplæringa vert stort sett finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Utgiftsauken på programkategori 07.20 frå 2017 til 2019 kjem mellom anna av satsinga kvalitetsutvikling i grunnopplæringa inkludert vidareutdanning for lærarar og tilskot til lærarinnsats på første til tiande trinn. I tillegg gjekk elevtalet i frittståande skular opp, slik at tilskota til desse skulane har auka.
Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå knapt 0,7 mrd. kroner til knapt 1,0 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 24,8 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 16,3 prosent. Barnehagane vert stort sett finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane. Utgiftsauken i perioden kjem for det meste av løyvingar til eit mellombels tilskot til bemanningstettleik i barnehagen. I tillegg har det vore ein auke i tilskotet til symjing i barnehagane, og det er oppretta eit nytt tilskot for å få fleire minoritetsspråklege barn til å gå i barnehage.
Programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning vart oppretta i statsbudsjettet for 2018. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 11,7 prosent. I samband med innføring av ei ny tilskotsordning for driftsmidlar til fagskular i 2018 vart 441 mill. kroner frå rammetilskotet til fylkeskommunane og 116 mill. kroner frå budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet overført til programkategori 07.40. I tillegg vart 141 mill. kroner flytta til den nye kategorien frå andre kategoriar på budsjettet til Kunnskapsdepartementet. I 2018 vart det òg oppretta nye studieplassar. Auken frå 2018 til 2019 kjem i stor grad av at desse studieplassane vart trappa opp med nye kull.
Under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,4 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 4,2 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 10,7 prosent. Auken i perioden kjem for det meste av auka kontingent for norsk deltaking i EUs utdannings- og ungdomsprogram Erasmus+ og utgifter til tiltak som høyrer til kompetansereforma «lære heile livet».
Under programkategori 07.60 Høgare utdanning har utgiftene auka med 3,2 mrd. kroner, frå 36,2 mrd. kroner til 39,4 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 4,8 prosent. Auken i perioden skriv seg i hovudsak frå at studieplassar og rekrutteringsstillingar oppretta i 2017 og tidlegare, er førte vidare og at studieplassane er trappa opp til løpande opptak av nye kull. Samstundes har nye rekrutteringsstillingar og nye studieplassar i 2019 òg auka utgiftene. Vidare var det ein auke i resultatbasert utteljing, som følgje av auke i studiepoeng, kandidatar og doktorgradar.
Under programkategori 07.70 Forsking har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 7,2 mrd. kroner til 8,3 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 9,6 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 5,2 prosent. Auken frå 2017 til 2018 er hovudsakleg fordi den eittårige reduksjonen i løyvinga til forskingsinfrastruktur i Noregs forskingsråd tok slutt og at alle løyvingar frå departementa til verksemdskostnader i Noregs forskingsråd frå 2018 er samla under programkategori 07.70 Forsking. Det har òg vore ein auke frå 2017 til 2018 i kontingenten til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Auken frå 2018 til 2019 kjem av auke i kontingenten til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, tilbakeføring av ein mellombels reduksjon i løyvinga til Noregs forskingsråd, og løyvingar som har blitt flytta til programkategori 07.70,
Under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte har utgiftene auka med drygt 1,6 mrd. kroner, frå drygt 12,5 mrd. kroner til knapt 14,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 7,6 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 5,2 prosent. Auken i perioden kjem hovudsakleg av høgare studenttal og opptrapping mot 11 månader med studiestøtte.
Under programkategori 07.90 Integrering og mangfald har utgiftene minka med knapt 4,9 mrd. kroner, frå drygt 18,4 mrd. kroner til knapt 13,6 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 22,4 prosent. Hovudårsaka til at utgiftene har minka er at færre personar utløyser integreringstilskot til kommunane.
Utgiftene til lånetransaksjonar har auka med 2,9 mrd. kroner, frå 26,0 mrd. kroner til 28,9 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 5,1 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 5,7 prosent. Årsaka til auken frå 2017 er auke i studiestøtta gjennom Lånekassa som følgje av høgare studenttal og opptrapping mot 11 månader med studiestøtte. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar om utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.
2.4 Kulturdepartementet
Programområde 08 Kulturføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori1) | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
08.10 | Administrasjon | 165,5 | 174,5 | 175,1 | 174,9 |
08.15 | Frivilligheitsføremål | 1 597,3 | 1 820,1 | 1 974,9 | 1 965,9 |
08.20 | Kulturføremål | 7 807,6 | 8 096,6 | 8 709,6 | 8 906,8 |
08.30 | Medieføremål m.m. | 1 299,6 | 1 366,0 | 1 563,7 | 1 527,7 |
08.45 | Likestilling og ikkje-diskriminering2) | 351,6 | 378,6 | 407,7 | 403,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 11 221,6 | 11 835,9 | 12 830,9 | 12 979,2 | |
Lånetransaksjonar1) | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Kulturdepartementet | 11 221,6 | 11 835,9 | 12 830,9 | 12 979,2 |
1) Innhaldet i programkategori 08.40 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn vart i 2019 overført til Barne- og familiedepartementet under programkategori 11.50. Samanliknbare tal for 2017 og 2018 er omklassifiserte tilsvarande.
2) Programkategori 08.45 Likestilling og ikkje-diskriminering vart i 2019 overført frå Barne- og likestillingsdepartementet sin programkategori 11.40. Samanliknbare tal for 2017 og 2018 er omklassifiserte tilsvarande.
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 148,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 509,4 mill. kroner, frå 12 830,9 mill. kroner til 13 340,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 361,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 28,4 mill. kroner. Det er overført til saman 369,7 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,8 mrd. kroner, frå 11,2 mrd. kroner til 13,0 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 5,5 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 9,7 prosent.
Under programkategori 08.10 Administrasjon har utgiftene auka med 9 mill. kroner, frå 166 mill. kroner til 175 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 5,4 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 0,2 prosent.
Under programkategori 08.15 Frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 369 mill. kroner, frå 1 597 mill. kroner til 1 966 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 14,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 8,0 prosent. Auken frå 2018 til 2019 gjeld i hovudsak ordninga for meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar.
Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 7,8 mrd. kroner til 8,9 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 10,0 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak av utbetalingar til nasjonale kulturbygg og Nasjonalmuseet og at programkategorien frå 2019 inneheld utgifter som gjeld Nidaros domkyrkje m.m.
Under programkategori 08.30 Medieføremål m.m. auka utgiftene med 0,2 mrd. kroner, frå 1,3 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 5,1 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 11,8 prosent. Auken frå 2018 til 2019 gjeld i hovudsak kompensasjon for kommersiell allmennkringkasting.
Under programkategori 08.45 Likestilling og ikkje-diskriminering har utgiftene auka med 52 mill. kroner, frå 352 mill. kroner til 404 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 7,7 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 6,7 prosent. Auken kjem hovudsakleg frå mindre omdisponeringar frå andre fagområde og nye satsingar.
2.5 Justis- og beredskapsdepartementet
Programområde 06 Justissektoren | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
06.10 | Administrasjon | 573,6 | 561,5 | 572,7 | 581,7 |
06.20 | Rettsstell | 2 866,8 | 2 956,6 | 3 053,1 | 3 077,8 |
06.30 | Kriminalomsorg | 5 114,9 | 5 166,0 | 5 120,7 | 5 146,7 |
06.40 | Politi- og påtalemakt | 19 442,3 | 20 348,6 | 22 147,2 | 22 161,3 |
06.50 | Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap1) | 3 872,7 | 4 509,7 | 4 949,5 | 4 786,6 |
06.60 | Andre verksemder | 1 573,4 | 1 516,8 | 1 596,8 | 1 614,4 |
06.70 | Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. | 1 461,9 | 1 522,4 | 1 477,0 | 1 435,8 |
06.80 | Svalbardbudsjettet | 268,2 | 340,8 | 307,0 | 305,8 |
06.90 | Beskyttelse og innvandring | 4 069,7 | 2 720,0 | 2 479,7 | 2 456,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 39 243,5 | 39 642,5 | 41 703,8 | 41 566,2 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Justis- og beredskapsdepartementet | 39 243,5 | 39 642,5 | 41 703,8 | 41 566,2 |
1) Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) vart i 2019 flytta til programkategori 06.50 frå programkategori 04.10 Miltært forsvar under Forsvarsdepartementet. Rekneskapstala for 2017 og 2018 er oppjusterte med høvesvis 289,2 mill. kroner og 332,4 mill. kroner av omsyn til samanlikning mellom åra.
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 137,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 1 257,0 mill. kroner, frå 41 703,8 mill. kroner til 42 960,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 394,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 69,8 mill. kroner. Det er overført til saman 1 109,6 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,3 mrd. kroner, frå 39,2 mrd. kroner til 41,6 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 4,9 prosent.
Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 2,9 mrd. kroner til 3,1 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 3,1 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 4,1 prosent. Auken i utgifter frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak som følgje av lønns- og prisvekst og auka utgifter til teknisk utstyr.
Under programkategori 06.30 Kriminalomsorg har utgiftene over perioden vore om lag stabile på drygt 5,1 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,0 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 0,4 prosent. Den samla auken over perioden 2017–2019 heng mellom anna saman med landsdekkjande bøtetenester, og utvida tilbod innanfor rusmestring og psykisk helsevern til innsette.
Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 2,7 mrd. kroner, frå drygt 19,4 mrd. kroner til knapt 22,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 8,9 prosent. Hovudforklaringa til auken i utgiftene i perioden 2017–2019 er fleire politistillingar, gjennomføring av politireforma og tiltak innan tryggleik, beredskap og auka grensekontroll.
Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene auka med 0,9 mrd. kroner, frå 3,9 mrd. kroner til 4,8 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 16,5 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 6,1 prosent. Hovudforklaringa på auken frå 2018 til 2019 er at Justis- og beredskapsdepartementet overtok ansvaret for oppfølginga av tilskotet til Redningsselskapet og tilleggskjøp frå brukarane i Naudnett. Delar av forklaringa på auken kan knytast til kjøp av nye redningshelikopter og naudsynte tiltak for tilrettelegging av infrastruktur.
Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene auka med 41 mill. kroner, frå knapt 1,6 mrd. kroner til drygt 1,6 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 3,6 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 6,4 prosent. Variasjonar i særskilde straffesaksutgifter fører til svingingar i rekneskapstala, som mellom anna vert påverka av mengda straffesaker og deira omfang, oppnemnde forsvararar, bruken av tolkar og sakkunnige og den offentlege salærsatsa.
Under programkategori 06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. har utgiftene minka med 26 mill. kroner, frå knapt 1,5 mrd. kroner til drygt 1,4 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 5,7 prosent. Rekneskapstala varierer frå år til år og kjem i hovudsak av variasjonar i utgifter til fri rettshjelp og statens erstatningsansvar. Reduksjonen frå 2018 til 2019 kan vere resultat av at inntektsgrensa for fri rettshjelp har vore uendra sidan 2009. Det er derfor færre som har rett til fri rettshjelp.
Under programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet har utgiftene auka med 38 mill. kroner, frå 268 mill. kroner til 306 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 27,1 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 10,3 prosent. Nedgangen i netto utgifter siste året er mellom anna ein fylgje av auka skatteinngang på Svalbard. Tilskotet til svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot.
Under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene minka med 1,6 mrd. kroner, frå 4,1 mrd. kroner til 2,5 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 33,2 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 9,7 prosent. Nedgangen på utlendingsfeltet i perioden kjem i hovudsak av at talet på asylsøkjarar har vore lågt i perioden 2017–2019, høvesvis 3 560, 3 054 og 2 304 personar, samanlikna med til dømes 2015, då det kom 31 150 asylsøkjarar. Utlendingsdirektoratet (UDI) har redusert talet på mottaksplassar dei siste åra som følgje av eit stadig mindre behov. Dette gjev reduserte offentlege utgifter.
2.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Programområde 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m. | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
13.00 | Administrasjon | 2 094,6 | 1 640,5 | 1 918,6 | 1 920,8 |
13.25 | Fylkesmannsembeta | 1 978,7 | 1 978,7 | 2 080,9 | 2 019,8 |
13.30 | Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning | 5 590,2 | 6 479,0 | 7 490,6 | 7 184,3 |
13.40 | Forvaltningsutvikling og IT-politikk1) | 1 056,5 | 1 103,7 | 1 549,2 | 1 444,7 |
13.45 | Personvern | 54,9 | 54,6 | 60,8 | 60,9 |
13.50 | Distrikts- og regionalpolitikk | 1 764,8 | 1 438,7 | 1 206,5 | 1 176,5 |
13.60 | Samiske føremål | 333,5 | 337,0 | 531,7 | 532,0 |
13.67 | Nasjonale minoritetar | 27,5 | 36,7 | 41,1 | 40,4 |
13.70 | Kommunesektoren m.m. | 172 399,3 | 174 801,7 | 182 482,9 | 182 481,7 |
13.80 | Bustad, bustadmiljø og bygg | 4 659,0 | 4 596,5 | 4 668,9 | 4 734,0 |
13.90 | Planlegging, byutvikling og geodata | 1 382,5 | 1 339,6 | 1 374,1 | 1 435,5 |
Sum før lånetransaksjonar | 191 341,5 | 193 806,6 | 203 405,1 | 203 030,4 | |
Lånetransaksjonar | 16 323,2 | 15 657,0 | 17 100,0 | 17 103,2 | |
Sum Kommunal- og moderniseringsdepartementet | 207 664,7 | 209 463,6 | 220 505,1 | 220 133,6 |
1) Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) vart i 2019 flytta til programkategori 13.40 frå tidlegare programkategori 22.10 Post- og telekommunikasjonar under Samferdselsdepartementet. Rekneskapstala for 2017 og 2018 er oppjusterte med høvesvis 491,5 mill. kroner og 457,8 mill. kroner av omsyn til samanlikning mellom åra.
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 374,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 1 646,0 mill. kroner, frå 203 405,1 mill. kroner til 205 051,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 020,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 17,0 mill. kroner. Det er overført til saman 1 928,7 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 3,2 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m. har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 11,7 mrd. kroner, frå 191,3 mrd. kroner til 203,0 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 4,8 prosent.
Under programkategori 13.00 Administrasjon har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 1,9 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 21,7 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 17,1 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem av flytting av tilskot til politiske parti frå programkategori 13.00 til 13.70. Auken frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak av at ansvaret for politikken for elektronisk kommunikasjon vart overført frå Samferdselsdepartementet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet våren 2019.
Under programkategori 13.25 Fylkesmannsembeta har utgiftene over treårsperioden vore stabile på om lag 2,0 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 var utgiftene uendra, og frå 2018 til 2019 auka dei med 2,1 prosent.
Under programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning har utgiftene auka med 1,6 mrd. kroner, frå 5,6 mrd. kroner til 7,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 15,9 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 10,9 prosent. Auken frå 2017 til 2018 kjem i hovudsak av vidareføring av byggeprosjekt Stortinget tidlegare har vedteke at skal gjennomførast, og gjeld mellom anna vidareføring av utbygginga av Agder fengsel, avdeling Froland og Mandal. Auken frå 2018 til 2019 kjem mellom anna av høg etterspurnad etter brukarfinansierte byggeprosjekt og prosjektering av nytt regjeringskvartal.
Under programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling og IT-politikk har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå knapt 1,1 mrd. kroner til drygt 1,4 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 4,5 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 30,9 prosent. Auken frå 2017 til 2018 kjem mellom anna av auka løyvingar til nasjonale felleskomponentar og medfinansieringsordninga for digitaliseringsprosjekt under Difi. Auken frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak av at ansvaret for politikken for elektronisk kommunikasjon vart overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet våren 2019.
Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene minka med 0,6 mrd. kroner, frå 1,8 mrd. kroner til 1,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 18,5 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 18,2 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2019 har gitt rom for auka løyvingar til samferdsle og andre næringsretta tiltak som skal styrke vekstkraft i heile landet.
Under programkategori 13.70 Kommunesektoren m.m. har utgiftene auka med 10,1 mrd. kroner, frå 172,4 mrd. kroner til 182,5 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,4 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 4,4 prosent. Utgiftene under denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2017 til 2019 heng saman med den generelle styrkinga av dei frie inntektene til kommunesektoren og auke i utgiftene i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester. Årsaka til noko lågare auke i utgiftene frå 2017 til 2018 var m.a. reduserte tilskot til eingongskostnader i samband med kommune- og regionreforma.
Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene auka med 75 mill. kroner, frå knapt 4,7 mrd. kroner til drygt 4,7 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 3,0 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem mellom anna av lågare etterspurnad etter tilskot til utleigebustader. Auken frå 2018 til 2019 kjem mellom anna av ei ekstrautbetaling til bustøttemottakarar i februar 2019 for å dekke høge straumutgifter og ein auke i bustøtta til hushald med fleire personar.
Under programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata har utgiftene auka med 53 mill. kroner, frå knapt 1,4 mrd. kroner til drygt 1,4 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 3,1 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 7,2 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem mellom anna av eingongsverknaden av endra tilknytingsform for Kartverket i 2017. Auken frå 2018 til 2019 kjem mellom anna av auka aktivitet i dei samfinansierte prosjekta under Kartverket.
Lånetransaksjonane syner ein auke på 0,8 mrd. kroner, frå 16,3 mrd. kroner til 17,1 mrd. kroner. Det var ein nedgang på 4,1 prosent frå 2017 til 2018 og ein auke på 9,2 prosent frå 2018 til 2019. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem hovudsakleg av lågare utbetaling av grunnlån i 2018 enn i 2017, men òg at låneramma vart redusert både i 2017 og 2018. Auken frå 2018 til 2019 kjem hovudsakeleg av at ein høgare del av låneramma gjekk til utbetaling av startlån. Startlån vert stort sett utbetalte i tilsegnsåret, medan grunn- og barnehagelån vert utbetalte over fleire år. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.
2.7 Arbeids- og sosialdepartementet
Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.
Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
09.00 | Administrasjon | 472,0 | 482,4 | 563,3 | 534,4 |
09.10 | Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken | 12 283,8 | 12 861,7 | 12 434,9 | 12 603,3 |
09.20 | Tiltak for betra levekår m.m. | 334,9 | 333,7 | 373,4 | 336,7 |
09.30 | Arbeidsmarknad | 9 061,3 | 8 625,7 | 9 005,5 | 8 808,4 |
09.40 | Arbeidsmiljø og tryggleik | 1 090,7 | 1 117,5 | 1 211,3 | 1 169,2 |
09.50 | Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse | 5 955,5 | 5 278,8 | 3 902,9 | 3 731,3 |
09.60 | Kontantytingar | 2 579,2 | 2 823,1 | 3 070,0 | 3 060,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 31 777,3 | 31 523,0 | 30 561,4 | 30 244,0 | |
Lånetransaksjonar | 4 073,8 | 5 367,4 | 11 800,0 | 13 513,5 | |
Sum Arbeid og sosiale føremål | 35 851,1 | 36 890,4 | 42 361,4 | 43 757,5 |
Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
29.20 | Einslege forsørgjarar | 3 066,8 | 2 777,7 | 2 622,0 | 2 618,9 |
29.50 | Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik | 157 671,0 | 161 301,7 | 166 881,5 | 167 367,9 |
29.60 | Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m. | 10 053,0 | 10 083,0 | 10 309,6 | 10 251,6 |
29.70 | Alderdom | 211 187,3 | 221 068,3 | 231 990,0 | 232 106,9 |
29.80 | Forsørgjartap m.m. | 2 272,2 | 2 222,5 | 2 228,2 | 2 244,4 |
Sum før lånetransaksjonar | 384 250,3 | 397 453,3 | 414 031,3 | 414 589,6 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Sosiale føremål, folketrygda | 384 250,3 | 397 453,3 | 414 031,3 | 414 589,6 |
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
33.30 | Arbeidsliv | 14 784,6 | 11 753,8 | 9 985,0 | 10 255,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 14 784,6 | 11 753,8 | 9 985,0 | 10 255,0 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Arbeidsliv, folketrygda | 14 784,6 | 11 753,8 | 9 985,0 | 10 255,0 | |
Sum Arbeids- og sosialdepartementet | 434 886,0 | 446 097,4 | 466 377,7 | 468 602,1 |
Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 317,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 454,9 mill. kroner, frå 30 561,4 mill. kroner til 31 016,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 772,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 13,5 mill. kroner. Det er overført til saman 601,0 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 713,5 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 1,5 mrd. kroner, frå 31,8 mrd. kroner til 30,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 4,1 prosent. Nedgangen frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak av innbetalte sluttoppgjer i 2019 frå verksemder som har meldt seg ut av Statens pensjonskasse (SPK). Sjå omtale under programkategori 09.50 nedanfor.
Under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 12,3 mrd. kroner til 12,6 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 2,0 prosent.
Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 9,1 mrd. kroner til 8,8 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 4,8 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 2,1 prosent. Auken i utgiftene frå 2018 til 2019 heng saman med auka løyvingar til varig tilrettelagt arbeid og Arbeids- og velferdsetatens oppfølgingstenester i eigen regi.
Under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,1 mrd. kroner til 1,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 4,6 prosent. Auka utgifter frå 2017 til 2018 kjem hovudsakleg av justeringar for pris- og lønsauke for underliggjande etatar under programkategorien. Auken frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak av auka midlar knytte til oppfølging av ny IA-avtale, jf. Prop. 48 S (2018–2019).
Under programkategori 09.50 Pensjonar m.m.under Statens pensjonskasse har utgiftene minka med 2,2 mrd. kroner, frå knapt 6,0 mrd. kroner til drygt 3,7 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 11,4 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 29,3 prosent.
Under programkategorien utgiftsfører ein mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom Statens pensjonskasse (SPK). Nedgangen frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak av innbetalte sluttoppgjer (eingongsoppgjer) i 2019 frå verksemder som har meldt seg ut av Statens pensjonskasse.
Brutto utlån for bustadlånsordninga (lånetransaksjonar) på kapittel 614 er gått opp frå 4,1 mrd. kroner i 2017 til 13,5 mrd. kroner i 2019. Dette utgjer ein årleg gjennomsnittleg auke på 82 prosent. Auken kjem av høgare etterspurnad etter lån. Samla utlån for bustadlånsordninga har likevel minka fordi avdrag og innfriing av gamle lån overstig brutto utlån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31. desember 2019 er 45,7 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.
Under programkategori 09.60 Kontantytingar har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 2,6 mrd. kroner til 3,1 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 9,5 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 8,4 prosent. Programkategorien omfattar statstilskot til avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor, krigspensjon, statstilskot til pensjonstrygda for sjømenn og supplerande stønad til personar over 67 år. Auken frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak av at utgiftene til AFP har auka.
Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 558,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 159,3 mill. kroner, frå 414 031,3 mill. kroner til 414 190,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 399,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, som stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 50,5 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast».
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 30,3 mrd. kroner, frå 384,3 mrd. kroner til 414,6 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 3,4 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 4,3 prosent.
Under programkategori 29.20 Einslege forsørgjarar har utgiftene minka med drygt 0,4 mrd. kroner, frå knapt 3,1 mrd. kroner til 2,6 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 9,4 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 5,7 prosent. Nedgangen i utgiftene kan ha samanheng med regelverksendringar i overgangsstønadsordninga, at fleire foreldre har delt omsorg og lågare fødselstal.
Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik har utgiftene auka med 9,7 mrd. kroner, frå 157,7 mrd. kroner til 167,4 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 2,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 3,8 prosent.
Utgiftene til sjukepengar har sidan 2017 auka med 2,6 mrd. kroner, frå 39,8 mrd. kroner til 42,4 mrd. kroner. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar er frå 2017 reduserte med 4,7 mrd. kroner, frå 34,8 mrd. kroner til 30,1 mrd. kroner. Utgiftene til uførleik har sidan 2017 auka med 11,9 mrd. kroner, frå 83,1 mrd. kroner til 95,0 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene til uførleik med 6,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 7,8 prosent.
Frå 2018 til 2019 var det ein auke både i tilbøyelegheita til sjukefråvær, i talet på sjukepengedagar og i talet på dagar justerte for sysselsetjingsvekst. Samstundes vart det ein auke i grunnlaget for sjukepengar.
Dei siste åra har det vorte færre mottakarar av arbeidsavklaringspengar. I løpet av desember 2019 fekk 114 900 personar arbeidsavklaringspengar mot høvesvis 124 000 og 140 600 mottakarar i 2018 og 2017. Dette utgjer ein nedgang i talet på mottakarar på 7,3 prosent frå 2018 til 2019, og på 18,3 prosent frå 2017 til 2019. Færre mottakarar har trekt utgiftene til arbeidsavklaringspengar ned. Samstundes har utbetalinga per mottakar auka grunna regulering av grunnbeløpet i folketrygda.
Per desember 2019 var det i alt 352 200 mottakarar av uføretrygd. Det er ein auke på 26 300 uføretrygda frå 2017 då talet på uføretrygda var 325 900, og på 13 000 uføretrygda frå 2018 då talet på uføretrygda var 339 200. Auka utgifter i 2018 og 2019 kjem i hovudsak av fleire mottakarar, og denne auken har vore noko høgare i 2019 enn i 2018. Samstundes har gjennomsnittleg yting auka grunna regulering av grunnbeløpet i folketrygda.
Auken i tal på uføretrygda det siste året heng saman med auka innsats i sakshandsaminga av ubehandla saker, og ei raskare avklaring av personar som fekk arbeidsavklaringspengar. Regelverket for arbeidsavklaringspengar vart endra 1. januar 2018. Tida for å få arbeidsavklaringspengar vart endra frå fire til tre år for nye mottakarar og vilkåra for forlenging av stønadsperioden vart stramma inn. Dei fleste som får innvilga uføretrygd har motteke arbeidsavklaringspengar. I løpet av 2019 var denne delen på om lag 78 prosent. Det er venta fortsatt høg overgang frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd i 2020.
Under programkategori 29.60 Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m. har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 10,1 mrd. kroner til 10,3 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 0,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 1,7 prosent. Utgiftsutviklinga har vore ulik for dei ulike postane under kap. 2661. Til dømes vart det ein auke i utgiftene til grunnstønad i 2018 og ein nedgang i 2019, medan utgiftene til hjelpemiddel til betring av funksjonsevna og ortopediske hjelpemiddel auka både i 2018 og 2019. Utgiftene til hjelpestønad minka både i 2018 og 2019.
Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 20,9 mrd. kroner, frå 211,2 mrd. kroner til 232,1 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 5,0 prosent. Auken målt i fast grunnbeløp frå 2017 til 2018 var på 1,9 prosent, medan auken frå 2018 til 2019 var på 1,7 prosent. Grunnen til auken er i hovudsak at det vart fleire alderspensjonistar i aldersgruppa 67 år og over.
Frå 1. januar 2011 vart det høve til å starte uttak av alderspensjon frå 62 år. I 2017 var gjennomsnittleg tal på mottakarar mellom 62 og 66 år om lag 92 000, i 2018 var det om lag 94 000 og i 2019 var det om lag 92 000. Gjennomsnittleg tal på alderspensjonistar var om lag 905 000 i 2017, om lag 927 000 i 2018 og om lag 948 000 i 2019.
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 270,0 mill. kroner av ei samla løyving på 10,0 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene minka nominelt med 4,5 mrd. kroner, frå 14,8 mrd. kroner til 10,3 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 20,5 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 12,8 prosent.
Endringa for programkategori 33.30 for 2019 kjem hovudsakleg av at utgiftene til dagpengar har minka som følgje av færre dagpengemottakarar og lågare gjennomsnittleg utbetaling per dagpengemottakar.
2.8 Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Helsetenester, folketrygda.
Programområde 10 Helse og omsorg | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
10.00 | Helse- og omsorgsdepartementet m.m. | 1 218,5 | 1 005,4 | 1 228,9 | 1 216,4 |
10.10 | Folkehelse m.m. 1) | 1 346,7 | 897,0 | 873,2 | 970,0 |
10.30 | Spesialisthelsetenester | 140 662,2 | 147 836,7 | 158 676,7 | 158 772,4 |
10.40 | Sentral helseforvaltning 1) | 3 130,0 | 4 204,2 | 4 111,0 | 4 284,8 |
10.60 | Helse- og omsorgstenester i kommunane | 10 894,2 | 10 749,9 | 12 349,8 | 10 854,0 |
10.70 | Tannhelse | 280,8 | 319,8 | 327,5 | 328,3 |
10.80 | Kunnskap og kompetanse | 691,0 | 673,2 | 745,9 | 721,5 |
Sum før lånetransaksjonar | 158 223,5 | 165 686,2 | 178 313,1 | 177 147,5 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Helse og omsorg | 158 223,5 | 165 686,2 | 178 313,1 | 177 147,5 |
Programområde 30 Helsetenester, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
30.10 | Spesialisthelsetenester m.m. | 5 465,3 | 5 504,4 | 5 795,0 | 5 779,1 |
30.50 | Legehjelp, legemiddel m.m. | 25 369,0 | 25 666,9 | 26 101,2 | 26 083,2 |
30.90 | Andre helsetiltak | 214,2 | 224,0 | 220,0 | 225,4 |
Sum før lånetransaksjonar | 31 048,6 | 31 395,3 | 32 116,2 | 32 087,7 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Helsetenester, folketrygda | 31 048,6 | 31 395,3 | 32 116,2 | 32 087,7 | |
Sum Helse- og omsorgsdepartementet | 189 272,0 | 197 081,5 | 210 429,3 | 209 235,2 |
1) Løyvingar til drift av Folkehelseinstituttet, med unntak av Folkehelseinstituttets innkjøpskostnadar for vaksine, vart frå 2018 flytta frå programkategori 10.10 til programkategori 10.40. Samanlikningstal for 2017 er omklassifiserte ved at kap. 710 (postane 01 og 45) er flytta til 10.40, medan kap. 710, post 21 (vaksinar m.m.) ligg att på kategori 10.10. Kap. 710, post 21 er frå 2018 reindyrka til innkjøpskostnadar for vaksine, medan posten tidlegare òg inkluderte fleire kostnadselement.
Programområde 10 Helse og omsorg
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 165,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 1 784,3 mill. kroner, frå 178 313,1 mill. kroner til 180 097,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 949,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 334,1 mill. kroner. Det er overført til saman 2 677,0 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 892,6 mill. kroner, som for ein stor del er knytt til omsorgstenester og investeringstilskot til kommunane, jf. kapittel 761. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 18,9 mrd. kroner, frå 158,2 mrd. kroner til 177,1 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 6,9 prosent.
Under programkategori 10.00 Helse- og omsorgsdepartementet m.m. har utgiftene svinga over perioden mellom 1,2 mrd. kroner og 1,0 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 17,5 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 21,0 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem i hovudsak av at løyvingar til Direktoratet for e-helse, tilsvarande 370 mill. kroner, vart flytta til programkategori 10.40. Overflyttinga har samanheng med samlinga av den sentrale helseforvaltninga under same programkategori. Samstundes har utgiftene auka med 73 mill. kroner fordi løyvingar for Pasient- og brukarombod i 2018 er flytta frå tidlegare programkategori 10.20. Utgiftene auka òg fordi løyvingar til kommunanes medlemsavgift for tilkopling til helsenettet, som tidlegare vart innbetalte frå kommunane sjølve, er flytta frå Kommunal- og moderniseringsdepartementets rammetilskot til kommunane og vert løyvd direkte til Norsk Helsenett frå 2018. Auken frå 2018 til 2019 på 211 mill. kroner er i hovudsak knytte til prosjekt for å styrke digitalisering av helse- og omsorgstenesta i mellom anna Modernisert folkeregister, Helseanalyseplattformen og drift og forvaltning av nasjonale e-helseløysingar. Samstundes har utgiftene auka med 63 mill. kroner knytte til etablering og drift av Norsk helsearkiv på Tynset i 2019. For EU-kontingentar auka utgiftene frå 2018 til 2019 med om lag 10 mill. kroner.
Under programkategori 10.10 Folkehelse m.m. har utgiftene minka med knapt 0,4 mrd. kroner, frå drygt 1,3 mrd. kroner til knapt 1,0 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 33,4 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 8,1 prosent. Utgiftene er i hovudsak knytt til innkjøp av sals- og beredskapsvaksinar m.m. og at 43,6 mill. kroner i løyvingar til beredskapsavtale for pandemisk influensa vart flytt frå programkategori 10.40.
Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med 18,1 mrd. kroner, frå 140,7 mrd. kroner til 158,8 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 5,1 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 7,4 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem hovudsakleg av vekst i pasientbehandlinga og auka løyving til investeringslån til dei regionale helseføretaka.
Under programkategori 10.40 Sentral helseforvaltning har utgiftene auka med knapt 1,2 mrd. kroner, frå drygt 3,1 mrd. kroner til knapt 4,3 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 34,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 1,9 prosent. Auken frå 2017 til 2018 kjem i hovudsak av at løyvingar til Direktoratet for e-helse og Folkehelseinstituttet vart flytta frå programkategori 10.00 og 10.10. Auken frå 2018 til 2019 er knytt til ein rekke mindre endringar i ulike løyvingar. Dei største einskilde endringane frå 2018 til 2019 er reduksjon i løyvingar til arbeidet med Éin innbyggjar éin journal og at beredskapsavtale for pandemisk influensa vart flytta frå programkategori 10.40 til 10.10.
Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene over perioden ligge mellom 10,7 mrd. kroner til 10,9 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 1,0 prosent. Reduserte utgifter frå 2017 til 2018 kjem hovudsakleg av at 1,5 mrd. kroner av løyvinga til investeringstilskot for heildøgns omsorgsplassar ikkje vart nytta i 2018. Dette heng saman med at utbetalinga tek lengre tid enn venta. Løyvinga til forsøksordninga for statleg finansiering av eldreomsorga auka med om lag 0,2 mrd. kroner i 2018. Auken frå 2018 til 2019 er knytt til auka løyvingar på fleire tilskotsordningar, mellom anna tilskot til helsestasjons- og skulehelsetenesta, jordmortenesta, tilskot til fleire dagaktivitetsplassar for heimebuande personar med demens, tilskot til fleire psykologar i kommunane, tilskot til frivillige organisasjonar på rusfeltet og fleire satsingar på allmennlegefeltet. Løyvinga til forsøksordninga for statleg finansiering av eldreomsorga auka med om lag 0,1 mrd. kroner i 2019. Det var òg ei satsing knytt til oppfølging av eldre reforma Leve heile livet i 2018.
Under programkategori 10.70 Tannhelse har utgiftene auka med 47 mill. kroner, frå 281 mill. kroner til 328 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 13,9 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 2,7 prosent. I alt 20 mill. kroner av auken frå 2017 til 2019 er knytt til oppbygging av eit tilbod til personar med alvorleg angst for tannbehandling, tortur- og overgrepsofre, personar med odontofobi og personar med nedsett funksjonsevne.
Under programkategori 10.80 Kunnskap og kompetanse har utgiftene auka med drygt 30 mill. kroner, frå 691 mill. kroner til 722 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 7,2 prosent. Auken frå 2018 til 2019 er knytt til auka løyving til kvalifikasjonsprogrammet for ELTE-studentar.
Programområde 30 Helsetenester, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 28,5 mill. kroner av ei samla løyving på 32,1 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, som berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 30 Helsetenester, folketrygda har utgiftene auka nominelt med drygt 1,0 mrd. kroner, frå drygt 31,0 mrd. kroner til 32,1 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,1 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 2,2 prosent.
Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 5,5 mrd. kroner til 5,8 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 0,7 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 5,0 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem hovudsakleg av vekst i utgifter til spesialisthjelp og laboratorie- og røntgenundersøkingar.
Under programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel m.m. har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå 25,4 mrd. kroner til 26,1 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,2 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 1,6 prosent. Auken frå 2017 til 2019 er uttrykk for ein moderat auke i bruk av tenestene på grunn av årlig vekst i folketalet.
Under programkategori 30.90 Andre helsetiltak har utgiftene auka med 11 mill. kroner, frå 214 mill. kroner til 225 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 4,5 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 0,6 prosent.
2.9 Barne- og familiedepartementet
Barne- og familiedepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Barn og familie og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.
Programområde 11 Barn og familie | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori1) | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
11.00 | Administrasjon | 157,9 | 161,0 | 160,6 | 161,5 |
11.10 | Familie og oppvekst | 18 014,9 | 18 047,4 | 18 979,3 | 18 982,0 |
11.20 | Barnevernet | 9 271,2 | 8 784,0 | 9 016,4 | 8 999,9 |
11.30 | Forbrukarpolitikk | 224,5 | 229,5 | 233,7 | 235,6 |
11.50 | Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn 2) | 2 824,0 | 2 668,6 | 2 855,1 | 2 817,8 |
Sum før lånetransaksjonar | 30 492,4 | 29 890,5 | 31 245,1 | 31 196,7 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Barn og familie | 30 492,4 | 29 890,5 | 31 245,1 | 31 196,7 |
Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
28.50 | Stønad ved fødsel og adopsjon | 19 660,5 | 19 536,9 | 20 199,0 | 20 451,2 |
Sum før lånetransaksjonar | 19 660,5 | 19 536,9 | 20 199,0 | 20 451,2 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Foreldrepengar, folketrygda | 19 660,5 | 19 536,9 | 20 199,0 | 20 451,2 | |
Sum Barne- og familiedepartementet | 50 152,9 | 49 427,4 | 51 444,1 | 51 648,0 |
1) Tidlegare programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering vart i 2019 overført til programkategori 08.45 under Kulturdepartementet. Samanliknbare tal for 2017 og 2018 er omklassifiserte tilsvarande.
2) Programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn vart i 2019 overført frå programkategori 08.40 under Kulturdepartementet. Samanliknbare tal for 2017 og 2018 er omklassifiserte tilsvarande.
Programområde 11 Barn og familie
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 48,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 102,0 mill. kroner, frå 31 245,1 mill. kroner til 31 347,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 150,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 25,4 mill. kroner. Det er overført til saman 123,3 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 11 Barn og familie har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,7 mrd. kroner, frå 30,5 mrd. kroner til 31,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 4,4 prosent.
Under programkategori 11.10 Familie og oppvekst har utgiftene auka med 1,0 mrd. kroner, frå 18,0 mrd. kroner til 19,0 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 0,2 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 5,2 prosent. Det har i perioden mellom anna vore auka utbetalingar til den nasjonale tilskotsordninga for å inkludere barn og unge i ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt, auka utgifter til familievernet og tiltak mot vald og overgrep. Det har òg vore ein auke i satsane i kontantstøtteordninga og barnetrygdordninga.
Under programkategori 11.20 Barnevernet har utgiftene minka med knapt 0,3 mrd. kroner, frå 9,3 mrd. kroner til 9,0 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 5,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 2,5 prosent. Hovudårsaka til at utgiftene har minka over perioden er at refusjonsordninga for kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar vart lagd om til ei ordning med fast tilskot frå 2017. Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år som har opphald i omsorgssentera gjekk òg ned i perioden. Utgiftene til det statlege barnevernet har derimot auka i perioden som følgje av vekst i aktiviteten.
Under programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn har utgiftene minka nominelt med 6 mill. kroner, frå 2 824 mill. kroner til 2 818 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 5,5 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 5,6 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem av at særskilde tilskot til Den norske kyrkja i 2017 i samband med etableringa av kyrkja som eit eige rettssubjekt, ikkje er førte vidare i 2018. Auken frå 2018 til 2019 kjem mellom anna av det særskilde tilskotet til kyrkjevala i 2019 og fleire medlemmar i trus- og livssynssamfunn.
Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 252,2 mill. kroner av ei samla løyving på 20,2 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, som berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
Under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,8 mrd. kroner, frå 19,7 mrd. kroner til 20,5 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 0,6 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 4,7 prosent. Satsen til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon har auka i perioden. I tillegg har utgiftene auka fordi foreldrepengeordninga er utvida for tvilling- og fleirfødslar.
2.10 Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.
Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
17.10 | Forvaltning og rammevilkår | 5 031,2 | 8 123,2 | 5 793,7 | 5 877,4 |
17.20 | Forsking og innovasjon | 7 535,1 | 8 667,3 | 8 218,5 | 8 175,2 |
17.30 | Marknadsadgang og eksport | 222,1 | 206,2 | 207,1 | 213,8 |
17.40 | Statleg eigarskap | 456,7 | 105,1 | 265,9 | 262,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 13 245,2 | 17 101,8 | 14 485,2 | 14 528,4 | |
Lånetransaksjonar | 49 575,2 | 53 039,7 | 60 720,0 | 62 024,9 | |
Sum Nærings- og fiskeriføremål | 62 820,3 | 70 141,5 | 75 205,2 | 76 553,3 |
Programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
33.40 | Arbeidsliv | 87,0 | 80,0 | 85,0 | 70,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 87,0 | 80,0 | 85,0 | 70,0 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Arbeidsliv, Folketrygda | 87,0 | 80,0 | 85,0 | 70,0 | |
Sum Nærings- og fiskeridepartementet | 62 907,3 | 70 221,5 | 75 290,2 | 76 623,3 |
Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 43,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 1 063,3 mill. kroner, frå 14 485,2 mill. kroner til 15 548,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 020,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 80,1 mill. kroner. Det er overført til saman 1 033,9 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Det er òg overført 27 mill. kroner på lånepost på kapittel 0950 Forvaltning av statleg eigarskap.
Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 304,9 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,3 mrd. kroner, frå 13,2 mrd. kroner til 14,5 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 29,1 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 15,0 prosent.
Under programkategori 17.10 Forvaltning og rammevilkår har utgiftene auka med drygt 0,8 mrd. kroner, frå drygt 5,0 mrd. kroner til knapt 5,9 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 61,5 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 27,6 prosent. Det meste av reduksjonen frå 2018 til 2019 kjem av at tilskot til kommunar og fylkeskommunar for vederlag for nye oppdrettsløyve og vekst i eksisterande løyve vart mykje lågare i 2019.
Under programkategori 17.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med drygt 0,6 mrd. kroner, frå 7,5 mrd. kroner til 8,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 15,0 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 5,7 prosent. Hovudgrunnen til reduksjonen frå 2018 til 2019 er utbetalingar til nytt isgåande forskingsfartøy til Havforskingsinstituttet som på det næraste vart ferdigstilt i 2018.
Under programkategori 17.30 Marknadsadgang og eksport har utgiftene over treårsperioden vore på om lag 0,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 7,2 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 3,7 prosent.
Under programkategori 17.40 Statleg eigarskap har utgiftene minka med 195 mill. kroner, frå 457 mill. kroner til 262 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 77,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 149,3 prosent. Auken frå 2018 til 2019 gjeld tapsavsetjing for eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og auka risikokapital til Nysnø Klimainvesteringer AS.
Utgiftene under Lånetransaksjonar auka med 3,5 mrd. kroner frå 2017 til 2018 og auka med 9,0 mrd. kroner frå 2018 til 2019. Auken frå 2018 til 2019 kjem for ein stor del av at utlån under eksportkredittordninga auka med om lag 8,6 mrd. kroner. Utlån til Innovasjon Noreg har òg auka, medan kjøp av aksjar har vorte redusert. Sjå òg kapittel 2.17 der detaljar kring Innovasjon Noreg og Eksportkreditt Noreg AS sine utlån er nærare spesifiserte.
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 15 mill. kroner av ei samla løyving på 85 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytt til programområdet, som berre omfattar ein tilskotspost (overslagsløyving).
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene minka med 17 mill. kroner, frå 87 mill. kroner til 70 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 8,0 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 12,5 prosent.
Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og løyvinga er ei overslagsløyving. Stønaden vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.
2.11 Landbruks- og matdepartementet
Programområde 15 Landbruk og mat | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
15.00 | Administrasjon m.m. | 192,4 | 190,8 | 182,9 | 182,3 |
15.10 | Matpolitikk | 1 472,3 | 1 488,8 | 1 517,5 | 1 531,0 |
15.20 | Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 859,7 | 842,6 | 823,1 | 829,2 |
15.30 | Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 15 758,6 | 17 658,5 | 17 329,3 | 17 222,8 |
Sum før lånetransaksjonar | 18 283,0 | 20 180,7 | 19 852,7 | 19 765,3 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Landbruks- og matdepartementet | 18 283,0 | 20 180,7 | 19 852,7 | 19 765,3 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 87,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 162,0 mill. kroner, frå 19 852,7 mill. kroner til 20 014,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 249,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 26,2 mill. kroner. Det er overført til saman 142,4 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,5 mrd. kroner, frå 18,3 mrd. kroner til 19,8 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 10,4 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 2,1 prosent.
Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene auka med 59 mill. kroner, frå 1 472 mill. kroner til 1 531 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,1 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 2,8 prosent. Midlane har gått til kunnskapsutvikling og til drift av Mattilsynet.
Under programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling har utgiftene minka med 31 mill. kroner, frå 860 mill. kroner til 829 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 1,6 prosent. Midlane har gått til forsking, innovasjon, basisløyvingar og kunnskapsutvikling.
Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med knapt 1,5 mrd. kroner, frå knapt 15,8 mrd. kroner til drygt 17,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 12,1 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 2,5 prosent. I 2019 gjeld drygt 16,2 mrd. kroner løyvingar til næringsavtalane for landbruk og reindrift. Resten av midlane er fordelte mellom driftsmidlar og midlar til ulike tilskotsordningar utanfor næringsavtalane. I 2018 var det ekstraordinært høgt nivå til erstatning av avlingsskadar som følgje av ekstrem varme og tørke sommaren 2018 i store delar av Sør-Noreg. I 2019 var erstatningsutbetalingane lågare enn i 2018, men framleis høgare enn normalt.
2.12 Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Posttenester.
Programområde 21 Innanlands transport | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
21.10 | Administrasjon m.m. | 545,4 | 579,5 | 457,8 | 454,5 |
21.20 | Luftfartsføremål | 1 037,6 | 979,2 | 1 058,0 | 1 021,4 |
21.30 | Vegføremål | 33 676,7 | 35 466,5 | 37 286,4 | 37 075,2 |
21.40 | Særskilde transporttiltak | 2 817,2 | 3 193,1 | 3 048,0 | 3 796,3 |
21.50 | Jernbaneføremål | 22 630,2 | 22 845,4 | 26 083,6 | 26 699,3 |
21.60 | Kystforvaltning | 2 467,1 | 2 491,4 | 2 632,3 | 2 751,3 |
Sum før lånetransaksjonar | 63 174,3 | 65 555,0 | 70 566,1 | 71 798,0 | |
Lånetransaksjonar | 7 700,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Innanlands transport | 70 874,3 | 65 555,0 | 70 566,1 | 71 798,0 |
Programområde 22 Posttenester | |||||
---|---|---|---|---|---|
22.10 | Posttenester 1) | 461,8 | 619,1 | 705,3 | 705,3 |
Sum før lånetransaksjonar | 461,8 | 619,1 | 705,3 | 705,3 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Posttenester | 461,8 | 619,1 | 705,3 | 705,3 | |
Sum Samferdselsdepartementet, | 71 336,0 | 66 174,1 | 71 271,4 | 72 503,3 |
1) Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) vart i 2019 flytta til programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling og IT-politikk under Kommunal- og moderniseringsdepartementet frå programkategori 22.10 Post- og telekommunikasjonar. Rekneskapstala for 2017 og 2018 er nedjusterte med høvesvis 491,5 mill. kroner og 457,8 mill. kroner av omsyn til samanlikning mellom åra.
Programområde 21 Innanlands transport
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 231,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 3 952,2 mill. kroner, frå 70 566,1 mill. kroner til 74 518,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 720,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 184,3 mill. kroner. Det er overført til saman 2 462,1 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein netto nedgang på 1 490,1 mill. kroner, hovudsakleg på kapitla 1320, 1330, 1352 og 1357. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 8,6 mrd. kroner, frå 63,2 mrd. kroner til 71,8 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 9,5 prosent. Løyvingane til programkategori 21.30 Vegføremål auka i heile perioden. Frå 2018 til 2019 auka òg løyvingane til programkategori 21.40 Jernbaneføremål.
Under programkategori 21.10 Administrasjon m.m. har utgiftene minka med 91 mill. kroner, frå 545 mill. kroner til 455 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 6,3 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 21,6 prosent. Frå 2017 til 2018 auka løyvingane til samferdselsforsking, og det vart løyvd eit tilskot til Telemuseet. Frå 2019 vart tilskotet til Redningsselskapet overført til Justis- og beredskapsdepartementet. I samband med at ansvaret for elektronisk kommunikasjon vart overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, vart òg løyvingar under programkategori 21.10 Administrasjon overført.
Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene minka med 16 mill. kroner, frå 1 038 mill. kroner til 1 021 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 5,6 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 4,3 prosent. Endringane heng i hovudsak saman med endringar i utgiftene til kjøp av innanlandske flyruter.
Under programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene auka med 3,4 mrd. kroner, frå 33,7 mrd. kroner til 37,1 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 5,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 4,5 prosent. Utgifter til riksveginvesteringar minka frå 2017 til 2018, men auka frå 2018 til 2019. Frå 2019 vart tilskotet til reduserte bompengetakstar utanfor byområda flytta frå programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak.
Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak har utgiftene auka med 1,0 mrd. kroner, frå 2,8 mrd. kroner til 3,8 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 13,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 18,9 prosent. Både frå 2017 til 2018 og frå 2018 til 2019 gjeld den største auken i utgiftene tilskot til store kollektivprosjekt og påskjøningsmidlar til bymiljøavtalar og byvekstavtalar.
Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med 4,1 mrd. kroner, frå 22,6 mrd. kroner til 26,7 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 16,9 prosent. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene til drift og vedlikehald og til investeringar. Samstundes var det i 2019 òg eingongsutgifter som gjeld tilskot til pensjonsforpliktingar til Vygruppen AS og Mantena AS i samband med at selskapa melde seg ut av Statens pensjonskasse.
Under programkategori 21.60 Kystforvaltning har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 2,5 mrd. kroner til 2,8 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 10,4 prosent. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene til investeringar. I 2019 vart det òg oppretta ei ny tilskotsordning til hamner.
Programområde 22 Posttenester
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Rekneskapen for 2019 syner utgifter på 705 mill. kroner som samsvarar med nysaldert budsjett. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytt til programområdet, som berre omfattar ein tilskotspost.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 22 Posttenester har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,2 mrd. kroner, frå 0,5 mrd. kroner til 0,7 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 34,1 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 13,9 prosent. I heile perioden gjeld auken kjøp av post- og banktenester frå Posten Norge AS.
2.13 Klima- og miljødepartementet
Programområde 12 Klima og miljø | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
12.10 | Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | 1 369,5 | 1 930,7 | 2 154,4 | 2 159,2 |
12.20 | Klima, naturmangfald og forureining | 4 177,8 | 6 933,5 | 7 355,8 | 7 388,5 |
12.30 | Kulturminne og kulturmiljø | 756,3 | 793,6 | 814,9 | 807,8 |
12.60 | Nord- og polarområda | 443,3 | 452,0 | 428,4 | 428,7 |
12.70 | Internasjonalt klimaarbeid | 3 111,4 | 3 099,8 | 3 356,6 | 3 398,5 |
Sum før lånetransaksjonar | 9 858,4 | 13 209,6 | 14 110,1 | 14 182,7 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Klima- og miljødepartementet | 9 858,4 | 13 209,6 | 14 110,1 | 14 182,7 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 72,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 617,8 mill. kroner, frå 14 110,1 mill. kroner til 14 727,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 545,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 18,7 mill. kroner. Det er overført til saman 500,7 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 12 Klima og miljø har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 4,3 mrd. kroner, frå 9,9 mrd. kroner til 14,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 34,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 7,4 prosent. Hovudårsaka til den store auken frå 2017 til 2019 er at eigarskapen i Enova SF og forvaltninga av midlane i Klima- og energifondet vart overførte frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet i 2018. I tillegg var det òg ein auke i overføringane til fondet frå 2018 til 2019. Ein del av auken kom òg av at ansvaret for Meteorologisk Institutt og Artsdatabanken vart overført frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet i 2018. Vidare var det òg auka utgifter til Klima- og skoginitiativet.
Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå 1,4 mrd. kroner til 2,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 41,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 11,8 prosent. Auken i programkategorien kjem mellom anna av at Meteorologisk Institutt og Artsdatabanken vart flytta til Klima- og miljødepartementet i 2018. Vidare kjem auken frå 2018 til 2019 av at det vart overført midlar frå programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining, midlar som vart nytta til overvaking og kartlegging.
Under programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining har utgiftene auka med 3,2 mrd. kroner, frå 4,2 mrd. kroner til 7,4 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 66,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 6,6 prosent. Den store auken frå 2017 til 2019 under denne programkategorien har samanheng med at Klima- og miljødepartementet i 2018 tok over eigarskapen av Enova SF og forvaltninga av midlane i Klima- og energifondet. Samstundes auka overføringa til fondet i denne perioden. Ein annan viktig årsak er nye vrakpant- og returordningar for køyretøy og fritidsbåtar.
Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene auka med 52 mill. kroner, frå 756 mill. kroner til 808 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 4,9 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 1,8 prosent. Den største auken i denne programkategorien har vore i tilskota til verdsarven. Det har vidare vore ein utgiftsauke i samband med dei tunge bevaringsoppgåvene på kulturminneområdet, og ein auke i overføringane til Kulturminnefondet, i tilskota til freda kulturminne i privat eige og til kulturmiljø og kulturlandskap.
Under programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene minka med 15 mill. kroner, frå 443 mill. kroner til 429 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2018 til 2019 minka dei med 5,2 prosent. Den største nedgangen har vore i tilskota til Kings Bay AS, som eig bygningane og driv den vitskaplege verksemda i Ny-Ålesund. Nedgangen frå 2017 til 2019 kjem av at det i 2017 og 2018 vart sett av ekstra utgifter til sikring og istandsetjing av administrasjons- og servicebygget.
Under programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 3,1 mrd. kroner til 3,4 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 0,4 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 9,6 prosent. Nær heile utgiftsauken har si årsak i auka løyvingar til klima- og skogsatsinga og tiltak for å bevare regnskogen i samarbeidslanda. Ein mindre del av utgiftsauken kjem òg frå auka kjøp av klimakvotar.
2.14 Finansdepartementet
Programområde 23 Finansadministrasjon | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
23.10 | Finansadministrasjon | 1 311,3 | 1 387,3 | 1 506,7 | 1 540,8 |
23.20 | Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | 8 037,1 | 8 333,5 | 8 584,6 | 8 659,6 |
23.30 | Offisiell statistikk | 852,2 | 861,0 | 878,6 | 883,7 |
23.40 | Andre føremål | 31 042,2 | 33 100,6 | 35 685,0 | 36 717,7 |
Sum før lånetransaksjonar | 41 242,9 | 43 682,4 | 46 654,9 | 47 801,8 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Finansdepartementet | 41 242,9 | 43 682,4 | 46 654,9 | 47 801,8 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 146,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 716,3 mill. kroner, frå 46 654,9 mill. kroner til 47 371,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 430,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 1,1 mill. kroner. Det er overført til saman 596,5 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Dette er ein reduksjon på 120 mill. kroner. Av overføringa til 2020 gjeld vel halvparten større utstyrskjøp og IT-prosjekt under Skatteetaten og Tolletaten. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 6,6 mrd. kroner, frå 41,2 mrd. kroner til 47,8 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 5,9 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 9,4 prosent. Av den samla auken i perioden 2017–2019 med nærmare 6,6 mrd. kroner sto meirverdikompensasjon til kommunesektoren for vel 4,6 mrd. kroner eller 70,4 prosent.
Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,3 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 5,8 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 11,1 prosent. Som følgje av fleire kundar stod Direktoratet for økonomistyring for 51,0 prosent av samla auke frå 2017 til 2019.
Under programkategori 23.20 Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon har utgiftene auka med 0,6 mrd. kroner, frå drygt 8,0 mrd. kroner til knapt 8,7 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 3,9 prosent. I 2018, som i 2017, auka aktiviteten i Tolletaten noko. Skatteetatens utgifter, etter korrigering for oppgåveendringar, sokk båe åra.
Under programkategori 23.30 Offisiell statistikk har utgiftene auka med 32 mill. kroner, frå 852 mill. kroner til 884 mill. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 1,0 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 2,6 prosent. Programkategorien gjeld Statistisk sentralbyrå. Utgiftene i etaten vart noko lågare i både 2018 og 2019. Talet på tilsette er dei seinare åra redusert monaleg og verksemda effektivisert, utan svekking av produksjonen.
Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 5,7 mrd. kroner, frå 31,0 mrd. kroner til 36,7 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 10,9 prosent. Av auken dei to åra til saman gjeld 4,6 mrd. kroner meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren og 1,1 mrd. kroner nettoordning for statleg betalt meirverdiavgift.
2.15 Forsvarsdepartementet
Programområde 04 Militært forsvar | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
04.10 | Militært forsvar m.m. 1) 2) | 52 140,2 | 56 612,3 | 60 324,0 | 60 181,2 |
Sum før lånetransaksjonar | 52 140,2 | 56 612,3 | 60 324,0 | 60 181,2 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum 04 Forsvarsdepartementet | 52 140,2 | 56 612,3 | 60 324,0 | 60 181,2 |
1) Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) vart i 2019 flytta til programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap under Justis- og beredskapsdepartementet. Rekneskapstala for 2017 og 2018 er nedjusterte med høvesvis 289,2 mill. kroner og 332,4 mill. kroner av omsyn til samanlikning mellom åra.
2) I omtalen av trenden i rekneskapen nedanfor er det gjort ein korreksjon av tal for 2017 og 2018 slik at desse vert samanliknbare med grupperinga i 2019-omtalen. Dette gjeld kapitla 1710, post 45 (Forsvarsbygg og nybygg og anlegg; Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold) og 1760, post 44 (Forsvarsmateriell og større anskaffelser og vedlikehold; Fellesfinansierte investeringer, nasjonalfinansiert andel).
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 142,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 2 007,7 mill. kroner, frå 60 324,0 mill. kroner til 62 331,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 150,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 618,1 mill. kroner. Det er overført til saman 2 765,9 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein netto auke på 758,3 mill. kroner, som for ein stor del skriv seg frå investeringar under fleire kapittel. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 8,0 mrd. kroner, frå 52,1 mrd. kroner i 2017 til 60,2 mrd. kroner i 2019. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 8,6 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 6,3 prosent.
Driftsutgiftene auka med 4,7 mrd. kroner, frå 35,6 mrd. kroner i 2017 til 40,2 mrd. kroner i 2019. Frå 2017 til 2018 auka utgiftene med 9,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 3,6 prosent. Auken frå 2017 til 2018 kjem for ein stor del av utgifter knytt til NATO-øvinga Trident Juncture. Bakgrunnen for auken frå 2018 til 2019 er styrkingar i tråd med langtidsplanen for forsvarssektoren. Vidare fekk Sjøforsvaret tilført midlar til sikring, heving og transport etter hendinga med KNM Helge Ingstad.
Utgifter til investeringar i materiell auka med 26,0 prosent, frå 12,4 mrd. kroner i 2017 til 15,6 mrd. kroner i 2019. Auken frå 2018 til 2019 er i stor grad knytte til styrkingar i tråd med langtidsplanen for forsvarssektoren.
Utgifter til nasjonalfinansierte og fellesfinansierte investeringar i eigedom, bygg og anlegg hadde ein nedgang på 1,0 prosent, frå 2017 til 2019. Bakgrunnen for denne nedgangen er i hovudsak det høge nivået i 2017 grunna etablering av Evenes flystasjon i 2017 for lokalisering av nye overvakingsfly og som framskoten base for dei nye kampflya F-35. Dette og fornying av eksisterande bygningsmasse og andre tiltak på Ørland flystasjon medførte eit høgt investeringsnivå i 2017.
Utgiftene til norsk deltaking i operasjonar i utlandet var 1,0 mrd. kroner i 2019. Dette er om lag same nivået som i 2017, men høgare enn i 2018 då utgiftene var på 850 mill. kroner.
2.16 Olje- og energidepartementet
Programområde 18 Olje- og energiføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2017 | Rekneskap 2018 | Budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | |
18.00 | Administrasjon | 260,0 | 230,2 | 229,3 | 252,0 |
18.10 | Petroleum | 27 360,2 | 23 356,2 | 27 854,1 | 27 200,9 |
18.20 | Energi- og vassressursar | 3 736,0 | 1 185,7 | 1 092,3 | 1 199,6 |
18.30 | Forsking og næringsutvikling | 944,4 | 814,2 | 844,5 | 844,3 |
18.40 | CO2-handtering | 1 022,0 | 655,9 | 837,5 | 890,4 |
Sum før lånetransaksjonar | 33 322,5 | 26 242,3 | 30 857,7 | 30 387,2 | |
Lånetransaksjonar | 7 540,9 | 1 753,8 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Olje- og energidepartementet | 40 863,5 | 27 996,1 | 30 857,7 | 30 387,2 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 470,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2018 aukar disponibel løyving med 297,9 mill. kroner, frå 30 857,7 mill. kroner til 31 155,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 768,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 22,9 mill. kroner. Det er overført til saman 116,9 mill. kroner til 2020 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2017–2019
På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 2,9 mrd. kroner, frå 33,3 mrd. kroner til 30,4 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 21,2 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 15,8 prosent. Endringane heng for det meste saman med endringar i utgifter til investeringar under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) under programkategori 18.10 Petroleum, overføring av ansvar for Klima- og energifondet til Klima- og miljødepartementet under programkategori 18.20 Energi og vassressursar og reduserte utgifter til Noregs forskingsråd og CO2-handtering under høvesvis programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling og programkategori 18.40 CO2-handtering.
Under programkategori 18.10 Petroleum har utgiftene minka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå knapt 27,4 mrd. kroner til 27,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 14,6 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 16,5 prosent. Hovudgrunnen er variasjon i årlege investeringar for SDØE.
Under programkategori 18.20 Energi og vassressursar har utgiftene minka med 2,5 mrd. kroner, frå 3,7 mrd. kroner til 1,2 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 68,3 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 1,2 prosent. Hovudgrunnen til endringa er at ansvaret for Klima- og energifondet overført frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet i 2018.
Under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå drygt 0,9 mrd. kroner til drygt 0,8 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 13,8 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 3,7 prosent. Hovudgrunnen til endringa er reduserte overføringar til Noregs forskingsråd i 2018 som følgje av ekstraordinære løyvingar i 2017 gjennom regjeringas sysselsetjingspakke.
Under programkategori 18.40 CO2-handtering har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 0,9 mrd. kroner. Frå 2017 til 2018 minka utgiftene med 35,8 prosent, og frå 2018 til 2019 auka dei med 35,8 prosent. Hovudgrunnen til endringa i 2018 er lågare utgifter til teknologisenteret på Mongstad som følgje av at lånet frå staten til TCM DA vart nedbetalt i 2017. Utgiftsauken i 2019 har samanheng med auka utgifter til planlegging av fullskala CO2-handtering.
Under lånetransaksjonar vart det i 2017 rekneskapsført utbyteaksjar for drygt 7,5 mrd. kroner knytt til Equinors utbyteaksjeprogram, medan det i 2018 vart rekneskapsført knapt 1,8 mrd. kroner.
2.17 Statlege utlån
Dette avsnittet gjev eit oversyn over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.
Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten forvaltar dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget.1 Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike typar lån med høg eller låg risiko. Eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS er omtalt til slutt i avsnittet.
Husbanken
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2017 | 2018 | 2019 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000501 | 142 736 | 146 638 | 149 967 |
Utlån i året | Kap. 2412 / 90 | 16 320 | 15 657 | 17 102 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 5312 / 90 | -12 418 | -12 328 | -13 309 |
Utgåande behaldning | Konto 63000501 | 146 638 | 149 967 | 153 760 |
Renteinntekter | Kap. 5615 / 80 | 2 948 | 2 894 | 3 035 |
I 2019 disponerte Husbanken heile låneramma på 17 mrd. kroner.
Samla uteståande lån i Husbanken, medrekna opptente, ikkje betalte renter, var på 153,8 mrd. kroner ved utgangen av 2019. Det er om lag 3,8 mrd. kroner meir enn året før. Av låna var 55,6 mrd. kroner fastrentelån, 0,3 mrd. kroner var lån med særvilkår og 97,4 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente, ikkje betalte renter utgjorde om lag 0,5 mrd. kroner. Netto overkurs på fastrentelåna er av Husbanken rekna til om lag 1,0 mrd. kroner per 31.12.2019.
Husbanken hadde om lag 40 600 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2019. Om lag 8 500 hadde lån med fast rente, 31 000 hadde lån med flytande rente, medan dei resterande om lag 1 100 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 39 prosent, lån til kommunar 44 prosent og lån til personlege låntakarar 17 prosent.
Statens lånekasse for utdanning
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2017 | 2018 | 2019 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000201 | 163 960 | 173 675 | 183 862 |
Utlån i året | Kap. 2410/90 | 25 993 | 27 331 | 28 895 |
Tilbakebetalingar i året1) | Kap. 5310/90 | -9 838 | -10 425 | -11 121 |
Konvertering til stipend | Kap. 5310/93 | -6 440 | -6 719 | -7 068 |
Utgåande behaldning | Konto 63000201 | 173 675 | 183 862 | 194 569 |
Renteinntekter2) | Kap. 5617 / 80 | 3 977 | 4 072 | 4 481 |
1) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 861 mill. kroner i 2019, 691 mill. kroner i 2018 og 574 mill. kroner i 2017. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.
2) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2019 vart utgiftsført med 1 142 mill. kroner på kapittel 2410, post 72. Rentestønaden var 1 074 mill. kroner i 2018 og 1 050 mill. kroner i 2017.
Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 194,6 mrd. kroner ved utgangen av 2019, ein auke på 10,7 mrd. kroner frå året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg rente- og gebyrgjeld. 53,8 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Lån med fast rente utgjer 9,1 mrd. kroner, medan lån med flytande rente utgjer 131,8 mrd. kroner. Med i desse tala er òg ikkje betalte gebyr på 77,1 mill. kroner. Netto overkurs per 31.12.2019 på fastrentelåna er av Lånekassa rekna til 57 mill. kroner.
Lånekassa har om lag 947 200 registrerte låntakarar ved utgangen av 2019. Av dei har om lag 228 000 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 47 200 har lån med fast rente. Resten av låntakarane har lån med flytande rente.
Lånekassa inntektsførte i 2019 renter med 4,5 mrd. kroner på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2018 var 4,1 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 387 mill. kroner i tap på utlån i 2019 medan talet i 2018 var 346 mill. kroner. Statens innkrevjingssentral inntektsførte 244 mill. kroner i 2019 (kapittel 4618, post 85) frå innkrevjing av misleghaldne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2018 og 2017 var høvesvis 241 mill. kroner og 256 mill. kroner.
Sjå òg omtale av Lånekassa under kapittel 2.3 Kunnskapsdepartement.
Konverteringsordninga i Lånekassa
Lånekassa betaler ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend når stønadsmottakaren har gjennomført utdanninga og oppnådd ein grad. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til å dekkje framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.
Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For å få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng. For 2019 betalte Lånekassa ut 4,1 mrd. kroner som stipend. Vidare vart 7,1 mrd. kroner netto konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2019 var dermed 11,2 mrd. kroner.
Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2017 | 2018 | 2019 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63510601 | 58 204 | 49 124 | 42 684 |
Utlån i året | Kap. 0614 / 90 | 4 074 | 5 367 | 13 514 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 3614 / 90 | -13 153 | -11 808 | -10 494 |
Utgåande behaldning | Konto 63510601 | 49 124 | 42 684 | 45 703 |
Renteinntekter | Kap. 5607 / 80 | 1 173 | 977 | 951 |
Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 45,7 mrd. kroner ved utgangen av 2019. Det er om lag 3,0 mrd. kroner meir enn året før. Ved utgangen av 2019 var det om lag 44 500 lån i ordninga, mot 44 300 året før.
Statens pensjonskasse inntektsførte i 2019 renter med 951 mill. kroner på kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2018 og 2017 var høvesvis 977 mill. kroner og 1 173 mill. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd berre lån med flytande rente.
Tap på utlån i Statens pensjonskasse utgjorde i 2019 netto 0,02 mill. kroner.
Det var ei meirutgift på Statens pensjonskasses lånekapittel 0614, post 90 på 1 714 mill. kroner. Det vart innvilga fleire lån enn venta i siste del av året. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei meirinntekt på lånekapittel 3614, post 90 på 194 mill. kroner. Det vart innfridd fleire lån enn venta i siste del av året.
Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse i kapittel 2.7 Arbeids- og sosialdepartementet.
Innovasjon Noreg
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noreg sine innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiere utlån. Det er difor ikkje ein heilt eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2017 | 2018 | 2019 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000901 | 17 283 | 17 927 | 18 806 |
Netto endring | 645 | 878 | 137 | |
Utgåande behaldning | Konto 63000901 | 17 927 | 18 806 | 18 942 |
Renteinntekter | Kap. 5625 / 80 | 110 | 106 | 175 |
Innovasjon Noreg sine samla innlån frå statskassa, som er aktiverte i kapitalrekneskapen som statens utlån, utgjorde 18,9 mrd. kroner per 31.12.2019. Av dette utgjorde ordinære innlån 16,6 mrd. kroner og lån til såkorn- og investeringsfond drygt 2,3 mrd. kroner.
Innovasjon Noregs samla netto utlån per 31.12.2019 utgjorde 18,5 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 1,1 mrd. kroner. Det er ein nedgang på 0,1 mrd. kroner, frå 18,6 mrd. kroner per 31.12.2018. Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 13,8 mrd. kroner til lågrisikolån (6 055 lån), 4,4 mrd. kroner til innovasjons- og risikolån (2 007 lån)2, og 1,3 mrd. kroner til andre utlån3.
Det vart inntektsført 175 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2019. Tilsvarande tal for 2018 og 2017 var høvesvis 106 mill. kroner og 110 mill. kroner.
Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2019 utgjer 201 mill. kroner, mot 90 mill. kroner i 2018. Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2019 syner eit netto utlånstap på 44,2 mill. kroner, mot 23 mill. kroner i 2018.
Statleg eksportfinansieringsordning
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for den statlege eksportfinansieringsordninga:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2017 | 2018 | 2019 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63510901 | 76 505 | 69 359 | 61 220 |
Utlån i året | Kap. 2429, post 90 | 3 424 | 2 839 | 11 440 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 5329, post 90 | -8 275 | -13 328 | -7 993 |
Omrekning til valutakurs balansedagen1) | -2 294 | 2 349 | 373 | |
Utgåande behaldning | Konto 63510901 | 69 359 | 61 220 | 65 039 |
Renteinntekter | Kap. 5629 / 80 | 1 744 | 1 727 | 1 527 |
1) Lån i utanlandsk valuta under eksportkredittordninga vert omrekna til kursen på balansedagen.
Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD, EUR og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2018 og 2019 er slik:
Valuta (mrd.) | Talet på lån 2018 | Uteståande per 31.12.2018 | Talet på lån 2019 | Uteståande per 31.12.2019 |
---|---|---|---|---|
NOK | 98 | 19,92 | 98 | 19,13 |
USD | 74 | 4,30 | 73 | 4,07 |
EUR | 22 | 0,26 | 34 | 0,91 |
GBP | 9 | 0,06 | 7 | 0,05 |
CAD | 2 | 0,08 | 2 | 0,07 |
JPY | 1 | 1,08 | 1 | 0,97 |
SEK | 1 | 0,03 | 1 | 0,02 |
DKK | 1 | 0,01 | 1 | 0,01 |
Balansetabellen ovanfor syner at statlege eksportfinansieringslån til saman utgjorde 65,0 mrd. kroner ved utgangen av 2019, ein netto auke på 3,8 mrd. kroner frå året før. Lån i utanlandsk valuta er rekna om til norske kroner basert på valutakursen på balansedagen. Auka frå 2018 til 2019 kjem av at utlåna auka vesentleg i 2019 samanlikna med dei to føregåande åra, medan avdrag vart redusert samanlikna med 2018. Valutakursendringar førte til at verdien på utlånsporteføljen auka med nærare 0,4 mrd. kroner i 2019. Netto realisert valutavinst på avdraga som vart innbetalte i 2019, utgjorde om lag 0,9 mrd. kroner.
Det vart inntektsført renter frå ordninga med 1,5 mrd. kroner på kapittel 5629, post 80 i statsrekneskapen 2019. Tilsvarande tal for 2018 og 2017 var om lag 1,7 mrd. kroner per år.
Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av GIEK og/eller andre finansinstitusjonar.
Fotnotar
Bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse bustadlånsordning, følgjer prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Det inneber at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen òg inneheld opptente, men enno ikkje betalte renter.
Desse omfattar landsdekkjande innovasjonslån, distriktsretta risikolån, risikolån landbruk, landsdekkjande innovasjonslån European Investment Fund og distriktsretta risikolån European Investment Fund.
Andre utlån omfattar ansvarlege lån til såkornfonda, lån til pre-såkornkapital, bygdeutviklingslån til landbruket og lån til tilsette. (Innovasjon Noreg forvaltar òg bygdeutviklingslån til landbruket for Landbrukets utviklingsfond, som omfattar 2 430 lån.)