2 Utgifter under departementa
Tabell 2.1 Utgifter 2020 etter programområde (tal i mrd. kroner)
Programområde/ departement inkludert lånetransaksjonar | Referanse til omtale | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | Avvik budsjett og rekneskap |
---|---|---|---|---|
Kongehuset | 0,3 | 0,3 | 0,0 | |
Regjeringa | 0,5 | 0,4 | 0,0 | |
Stortinget og tilknytte organ | 2,0 | 2,0 | 0,1 | |
Sum 00 Konstitusjonelle institusjonar | 2.1 | 2,8 | 2,7 | 0,1 |
02 Utanriksforvaltning | 7,8 | 7,7 | 0,1 | |
03 Internasjonal bistand | 36,4 | 36,4 | -0,1 | |
Sum Utanriksdepartementet, UD | 2.2 | 44,1 | 44,1 | 0,0 |
Sum 07 Kunnskapsføremål, KD | 2.3 | 125,8 | 125,2 | 0,6 |
Sum 08 Kulturføremål, KUD | 2.4 | 25,5 | 23,2 | 2,3 |
Sum 06 Justissektoren, JD | 2.5 | 43,4 | 42,2 | 1,3 |
Sum 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m. | 2.6 | 248,1 | 248,2 | -0,1 |
09 Arbeid og sosiale føremål | 41,8 | 40,6 | 1,1 | |
29 Sosiale føremål, folketrygda | 436,7 | 436,4 | 0,2 | |
33 Arbeidsliv, folketrygda | 44,0 | 41,2 | 2,8 | |
Sum Arbeids- og sosialdepartementet, ASD | 2.7 | 522,4 | 518,3 | 4,1 |
10 Helse og omsorg | 195,8 | 192,4 | 3,4 | |
30 Helsetenester, folketrygda | 32,9 | 32,9 | 0,1 | |
Sum Helse- og omsorgsdepartementet, HOD | 2.8 | 228,7 | 225,2 | 3,5 |
11 Barn og familie | 32,1 | 32,0 | 0,1 | |
28 Foreldrepengar, folketrygda | 21,8 | 21,8 | 0,1 | |
Sum Barne- og familiedepartementet, BFD | 2.9 | 53,9 | 53,8 | 0,1 |
17 Nærings- og fiskeriføremål | 115,2 | 113,4 | 1,8 | |
33 Arbeidsliv, folketrygda | 0,1 | 0,1 | 0,0 | |
Sum Nærings- og fiskeridepartementet, NFD | 2.10 | 115,3 | 113,5 | 1,8 |
Sum 15 Landbruk og mat, LMD | 2.11 | 20,7 | 20,6 | 0,1 |
21 Innanlands transport | 84,5 | 81,1 | 3,4 | |
22 Posttenester | 0,7 | 0,7 | 0,0 | |
Sum Samferdselsdepartementet, SD | 2.12 | 85,2 | 81,7 | 3,4 |
Sum 12 Klima og miljø, KLD | 2.13 | 17,6 | 17,5 | 0,1 |
23 Finansadministrasjon | 2.14 | 117,8 | 116,5 | 1,3 |
24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag | 4.2 | 18,5 | 24,5 | -6,0 |
Sum Finansdepartementet, FIN | 136,3 | 141,0 | -4,7 | |
Sum 04 Militært forsvar, FD | 2.15 | 61,4 | 61,9 | -0,4 |
Sum 18 Olje- og energiføremål, OED | 2.16 | 32,2 | 31,6 | 0,6 |
Sum 26 Ymse utgifter | 0,1 | 0,0 | 0,1 | |
Sum 34 Statens pensjonsfond utland | 1.7/3.1 | 116,8 | 115,9 | 0,9 |
Sum utgifter1) | 1 880,4 | 1 866,6 | 13,7 |
1) Tabell 1.7 i kapittel 1 syner mindreutgifter på 17 739 mill. kroner utan lånetransaksjonar, statleg petroleumsverksemd og overføring til Statens pensjonsfond utland. Netto meirutgifter for desse postane utgjer høvesvis 5 267 mill. kroner, -876 mill. kroner og -399 mill. kroner. Dette gjev 13 748 mill. kroner i brutto mindreutgifter med lånetransaksjonar.
Dette kapittelet inneheld ei kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av statlege utlån. Kapittelet syner utviklinga på programområde og programkategoriar dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2018, 2019 og 2020 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2020. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad.
Tabell 2.1 syner utgifter etter programområde per departement, og med referanse til avsnitt i meldinga med nærare omtale.
Tabellane i avsnitta 2.1 til 2.16 nedanfor er ordna i ei rekkjefølgje som er avleidd av departementa sine kapittelnummer i statsbudsjettet. Avsnitt 2.17 inneheld ei kort omtale av statlege utlån.
Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. For detaljar knytte til kapittel og postar, sjå vedlegg 2, Løyvingsrekneskap for staten. Overføringar av unytta løyvingar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev eit oversyn over samla meirinntekter knytte til områda.
Ved samanlikning av trenden i rekneskapen i perioden 2018 til 2020 må det takast omsyn til den store utgiftsauken i 2020 som følgje av pandemien, og som i stor grad påverkar fleire programområde og -kategoriar. Sjå òg omtale i kapittel 1 og tabell 1.5 Økonomiske tiltak som er løyvd i møte med pandemien i 2020.
Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.
2.1 Konstitusjonelle institusjonar
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
00.10 | Kongehuset | 357,3 | 433,9 | 291,1 | 291,1 |
00.30 | Regjeringa | 409,0 | 447,5 | 466,2 | 442,3 |
00.40 | Stortinget og tilknytte organ | 2 560,5 | 2 244,9 | 2 018,7 | 1 966,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 3 326,8 | 3 126,3 | 2 776,0 | 2 700,3 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Konstitusjonelle institusjonar | 3 326,8 | 3 126,3 | 2 776,0 | 2 700,3 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 75,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 183,2 mill. kroner, frå 2 776,0 mill. kroner til 2 959,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 258,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 0,1 mill. kroner. Det er overført til saman 184,8 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 0,6 mrd. kroner, frå 3,3 mrd. kroner til 2,7 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 13,6 prosent.
Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene minka med 66 mill. kroner, frå 357 mill. kroner til 291 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 21,4 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 32,9 prosent. Auken frå 2018 til 2019 og nedgangen frå 2019 til 2020 var i hovudsak knytt til sikringstiltak for kongefamilien.
Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene auka med 33 mill. kroner, frå 409 mill. kroner til 442 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 9,4 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 1,2 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem særleg av store endringar i regjeringa og av at det for politikare med løn over kap. 21 Statsrådet, frå 2019 vert betalt premie til Statens pensjonskasse. Ei av årsakene til lågare utgifter i 2020 var at pandemien bidrog til sterkt reduserte reisekostnader for regjeringa – frå 34,3 mill. kroner i 2019 til 13,0 mill. kroner i 2020.
Under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ har utgiftene minka med 594 mill. kroner, frå 2 561 mill. kroner til 1 967 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 12,3 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 12,4 prosent. Båe åra er det særleg utgiftene til større ombyggingsarbeid i Prinsens gate 26, nytt post- og varemottak og ekstra innkøyringstunnel som forklarer endringane. På utgiftsposten Større utstyrskjøp og vedlikehald som var dominert av desse prosjekta, vart det postert 726,1 mill. kroner i 2018, 337,5 mill. kroner i 2019 og 130,9 mill. kroner i 2020.
2.2 Utanriksdepartementet
Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (ODA).
Programområde 02 Utanriksforvaltning | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
02.00 | Administrasjon av utanrikspolitikken | 2 436,8 | 2 497,5 | 2 424,0 | 2 402,6 |
02.10 | Utanriksføremål | 2 915,0 | 3 539,1 | 5 138,6 | 5 081,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 5 351,8 | 6 036,6 | 7 562,5 | 7 484,2 | |
Lånetransaksjonar | 177,9 | 186,8 | 195,6 | 195,4 | |
Sum 02 Utanriksforvaltning | 5 529,7 | 6 223,4 | 7 758,2 | 7 679,6 |
Programområde 03 Internasjonal bistand | |||||
---|---|---|---|---|---|
03.00 | Forvaltning av utviklingssamarbeidet | 2 100,1 | 2 253,4 | 2 193,4 | 2 160,6 |
03.10 | Utviklingssamarbeidet | 28 194,0 | 30 823,6 | 32 803,0 | 32 898,8 |
Sum før lånetransaksjonar | 30 294,1 | 33 077,1 | 34 996,4 | 35 059,5 | |
Lånetransaksjonar | 1 265,6 | 1 428,8 | 1 365,0 | 1 365,0 | |
Sum 03 Internasjonal bistand | 31 559,7 | 34 505,8 | 36 361,4 | 36 424,5 | |
Sum Utanriksdepartementet | 37 089,4 | 40 729,2 | 44 119,5 | 44 104,1 |
Programområde 02 Utanriksforvaltning
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 78,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 166,2 mill. kroner, frå 7 562,5 mill. kroner til 7 728,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 244,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 31,9 mill. kroner. Det er overført til saman 270,9 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,2 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,1 mrd. kroner, frå 5,4 mrd. kroner til 7,5 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 12,8 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 24,0 prosent.
Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikspolitikken har utgiftene svinga rundt 2,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 3,8 prosent.
Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene auka med 2,2 mrd. kroner, frå 2,9 mrd. kroner til 5,1 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 21,4 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 43,6 prosent. Dei store variasjonane i utbetalte beløp per år har i hovudsak samanheng med utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.
Programområde 03 Internasjonal bistand
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 63,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 710,6 mill. kroner, frå 34 996,4 mill. kroner til 35 707,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 647,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 12,0 mill. kroner. Det er overført til saman 658,0 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 4,8 mrd. kroner, frå 30,3 mrd. kroner til 35,1 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 9,2 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 6,0 prosent.
Under programkategori 03.00 Forvaltning av utviklingssamarbeidet har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,2 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 7,3 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 4,1 prosent.
Under programkategori 03.10 Utviklingssamarbeidet har utgiftene auka med 4,7 mrd. kroner, frå 28,2 mrd. kroner til 32,9 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 9,3 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 6,7 prosent.
Utbetalingar til utviklingshjelp i perioden 2016–2020
I statsrekneskapen for 2020 er det samla utgiftsført 39 844,3 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp (ODA), fordelt som følgjer:
36 590,2 mill. kroner under Utanriksdepartementet (inkl. 166,0 mill. kroner/85 pst. av innskotet i Den asiatiske investeringsbanken for infrastruktur (AIIB), som er godkjent som utviklingshjelp (ODA), jf. programområde 02, kap. 116, post 90)
3 150,7 mill. kroner under Klima- og miljødepartementet (klimatiltak på kap. 1482)
35,3 mill. kroner til utviklingsprosjekt under Riksrevisjonen (utviklingsprosjekt på kap. 51)
51,4 mill. kroner under Finansdepartementet (nettoført mva. på kap. 1633, fordelt med 51,2 mill. kroner på Utanriksdepartementet og underliggjande etatar og 0,2 mill. kroner på Klima- og miljødepartementet)
16,7 mill. kroner under Kunnskapsdepartementet (forsking på kap. 285)
Samla utbetalingar i 2020, i alt 39 844,3 mill. kroner, utgjer 1,12 prosent av BNI for 2020, slik BNI for 2020 no er venta.
Tabellen nedanfor syner tal for samla norsk offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2016–2020:
År | Utbetalt i mill. kroner | Utbetalt i prosent av BNI1) | Unytta løyving overført til neste termin (i mill. kroner) | Unytta løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett |
---|---|---|---|---|
2016 | 36 738 | 1,12 | 783 | 2,1 |
2017 | 34 262 | 1,00 | 390 | 1,1 |
2018 | 34 768 | 0,94 | 852 | 2,5 |
2019 | 37 984 | 1,03 | 744 | 1,9 |
2020 | 39 844 | 1,12 | 658 | 1,7 |
1) Rekna ut på bakgrunn av faktisk BNI det aktuelle året. I budsjettsamanheng vert utviklingshjelpa målt i prosent av forventa BNI komande budsjettår.
2.3 Kunnskapsdepartementet
Programområde 07 Kunnskapsføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
07.10 | Administrasjon | 408,3 | 450,4 | 639,2 | 643,7 |
07.20 | Grunnopplæringa | 12 262,7 | 13 164,5 | 12 595,9 | 12 540,6 |
07.30 | Barnehagar | 820,5 | 954,4 | 800,5 | 765,9 |
07.40 | Høgare yrkesfagleg utdanning | 711,0 | 793,9 | 950,5 | 951,2 |
07.50 | Kompetansepolitikk og livslang læring | 2 143,3 | 2 372,2 | 2 139,6 | 2 038,9 |
07.60 | Høgare utdanning og forsking1) | 45 406,0 | 47 619,7 | 50 419,3 | 50 227,4 |
07.80 | Utdanningsstøtte | 13 462,2 | 14 157,6 | 15 218,5 | 15 190,6 |
07.90 | Integrering og mangfald | 17 466,6 | 13 557,7 | 10 936,6 | 10 210,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 92 680,6 | 93 070,3 | 93 700,1 | 92 569,3 | |
Lånetransaksjonar | 27 331,1 | 28 895,0 | 32 095,5 | 32 656,5 | |
Sum Kunnskapsdepartementet | 120 011,7 | 121 965,3 | 125 795,6 | 125 225,8 |
1) Frå 2020 vart tidlegare programkategori 07.70 Forsking lagd inn i programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking. Tal for 2018 og 2019 er omklassifiserte.
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 130,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 722,8 mill. kroner, frå 93 700,1 mill. kroner til 94 422,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 853,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 15,4 mill. kroner. Det er overført til saman 1 630,7 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 907,9 mill. kroner, som i hovudsak er knytt til programkategori 07.90, jf. kap. 0291, post 60 Integreringstilskot og til programkategori 07.70, jf. kap. 0270, post 75 Tilskot til bygging av studentbustader.
Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 561,0 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 07 Kunnskapsføremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 0,1 mrd. kroner, frå 92,7 mrd. kroner til 92,6 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 0,4 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 0,5 prosent.
Under programkategori 07.10 Administrasjon har utgiftene har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,4 mrd. kroner til 0,6 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 10,3 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 42,9 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem av at løyvingar til analyse og kunnskapsgrunnlag vart flytta frå andre programkategoriar til programkategori 07.10. Auken frå 2019 til 2020 skriv seg for det meste frå at utgiftene til forskingsprogrammet FINNUT i Noregs forskingsråd, som tidlegare var spreidd på ulike budsjettpostar, vart samla på programkategori 07.10 i 2020.
Under programkategori 07.20 Grunnopplæringa har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå knapt 12,3 mrd. kroner til drygt 12,5 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 7,4 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 4,7 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem mellom anna av tiltaket kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, inkludert tilskot til lærarinnsats på fyrste til tiande trinn. Utgiftsreduksjonen frå 2019 til 2020 skriv seg frå at 1,3 mrd. kroner i tilskot til lærarinnsats på fyrste til tiande trinn vart ført ut av programkategori 07.20 og lagt inn i rammetilskotet til kommunane.
Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene minka med 55 mill. kroner, frå 821 mill. kroner til 766 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 16,3 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 19,7 prosent. Barnehagane vert i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane. Auken frå 2018 til 2019 kjem for det meste av løyving til eit mellombels tilskot til bemanningstettleik i barnehagen. Det mellombelse tilskotet fall bort i 2020, og dette er hovudårsaka til utgiftsreduksjonen frå 2019 til 2020.
Under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning har utgiftene auka med drygt 0,2 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til knapt 1,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 11,7 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 19,8 prosent. Auken i perioden kjem fyrst og fremst av at det er løyvd pengar til ein stor auke i talet på studieplassar.
Under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå drygt 2,1 mrd. kroner til drygt 2.0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 10,7 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 14,0 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem for det meste av auka utgifter til tiltak som høyrer til kompetansereforma «lære heile livet». I tillegg har det vore ein auke i tilskotet til folkehøgskular. Frå 2020 vart EUs utdannings- og ungdomsprogram Erasmus+ (0,6 mrd. kroner) flytta frå programkategori 07.50 til programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, slik at dei samla utgiftene minka frå året før.
Under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking har utgiftene auka med 4,8 mrd. kroner, frå 45,4 mrd. kroner til 50,2 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 4,9 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 5,5 prosent. Auken i perioden skriv seg i hovudsak frå at studieplassar og rekrutteringsstillingar oppretta i 2018 og tidlegare, er førte vidare og at studieplassane er trappa opp til løpande opptak av nye kull. Samstundes har nye rekrutteringsstillingar og nye studieplassar i 2020 òg auka utgiftene. Vidare var det ein auke i resultatbasert utteljing, som følgje av auke i studiepoeng, kandidatar og doktorgradar.
Under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte har utgiftene auka med 1,7 mrd. kroner, frå 13,5 mrd. kroner til 15,2 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 7,3 prosent. Auken i perioden kjem hovudsakleg av høgare studenttal og fullføring av 11 månader med studiestøtte.
Under programkategori 07.90 Integrering og mangfald har utgiftene minka med 7,3 mrd. kroner, frå 17,5 mrd. kroner til 10,2 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 22,4 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 24,7 prosent. Hovudårsaka til at utgiftene har minka er at færre personar har utløyst integreringstilskot, og at det òg er færre som har utløyst særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar.
Utgiftene til lånetransaksjonar har auka med 5,3 mrd. kroner, frå 27,3 mrd. kroner til 32,7 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 5,7 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 13 prosent. Årsaka til auken frå 2018 er at høgare studenttal har løyst ut auke i studiestøtta gjennom Lånekassa, at støtta er trappa opp til 11 månader, og at det våren 2020 vart løyvd pengar til tilleggslån til studentar som hadde mista inntekt på grunn av koronapandemien. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar om utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.
2.4 Kulturdepartementet
Programområde 08 Kulturføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
08.10 | Administrasjon | 174,5 | 174,9 | 177,9 | 177,6 |
08.15 | Frivilligheitsføremål | 1 820,1 | 1 965,9 | 2 075,7 | 2 076,7 |
08.20 | Kulturføremål | 8 096,6 | 8 906,8 | 14 882,9 | 12 561,5 |
08.30 | Medieføremål m.m. | 1 366,0 | 1 527,7 | 7 973,3 | 7 960,4 |
08.45 | Likestilling og ikkje-diskriminering | 378,6 | 403,9 | 434,8 | 429,7 |
Sum før lånetransaksjonar | 11 835,9 | 12 979,2 | 25 544,6 | 23 206,0 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Kulturdepartementet | 11 835,9 | 12 979,2 | 25 544,6 | 23 206,0 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 2 338,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 369,7 mill. kroner, frå 25 544,6 mill. kroner til 25 914,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 708,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 9,9 mill. kroner. Det er overført til saman 2 648,6 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 2 278,9 mill. kroner, som i hovudsak er knytt til programkategori 08.20 og kompensasjonsordningar i møte med pandemien, jf. kap. 325 Kulturføremål, post 77 Kompensasjons- og stimuleringsordningar for arrangørar på kultur-, frivilligheits- og idrettsfeltet. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde kapittel og postar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 11,4 mrd. kroner, frå 11,8 mrd. kroner til 23,2 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 9,7 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 78,8 prosent, sjå omtale nedanfor.
Under programkategori 08.10 Administrasjon har utgiftene auka med 3 mill. kroner, frå drygt 174 mill. kroner til knapt 178 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 0,2 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 1,5 prosent.
Under programkategori 08.15 Frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 257 mill. kroner, frå 1 820 mill. kroner til 2 077 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 8,0 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 5,6 prosent. Auken over perioden gjeld i hovudsak ordninga for meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar.
Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med 4,5 mrd. kroner, frå 8,1 mrd. kroner til 12,6 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 10,0 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 41,0 prosent. Auken frå 2019 til 2020 kjem i all hovudsak av løyvingar til kompensasjons- og stimuleringsordningar til kultur, frivilligheit og idrett i møte med koronapandemien.
Under programkategori 08.30 Medieføremål m.m. auka utgiftene med 6,6 mrd. kroner, frå 1,4 mrd. kroner til 8,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 11,8 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 421 prosent. Auken frå 2019 til 2020 skuldast i hovudsak at NRK frå 1. januar 2020 får tilskot over statsbudsjettet og ikkje gjennom kringkastingsavgifta. Det vart i 2020 utbetalt tilskot til NRK på 6,2 mrd. kroner.
Under programkategori 08.45 Likestilling og ikkje-diskriminering har utgiftene auka med 51 mill. kroner, frå 379 mill. kroner til 430 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 6,7 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 6,4 prosent. Auken kjem hovudsakleg frå nye satsingar, mellom anna for oppfølging av endringar i diskrimineringsombodslova og likestillings- og diskrimineringslova.
2.5 Justis- og beredskapsdepartementet
Programområde 06 Justissektoren | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
06.10 | Administrasjon | 561,5 | 581,7 | 602,1 | 593,3 |
06.20 | Rettsstell | 2 956,6 | 3 077,8 | 3 213,7 | 3 211,9 |
06.30 | Kriminalomsorg | 5 166,0 | 5 146,7 | 5 452,8 | 5 368,3 |
06.40 | Politi- og påtalemakt | 20 348,6 | 22 161,3 | 22 716,3 | 22 015,2 |
06.50 | Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap | 4 509,7 | 4 786,6 | 5 472,1 | 5 013,0 |
06.60 | Andre verksemder | 1 516,8 | 1 614,4 | 1 617,0 | 1 621,2 |
06.70 | Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. | 1 522,4 | 1 435,8 | 1 575,8 | 1 568,9 |
06.80 | Svalbardbudsjettet | 340,8 | 305,8 | 425,2 | 406,1 |
06.90 | Beskyttelse og innvandring | 2 720,0 | 2 456,0 | 2 348,1 | 2 367,8 |
Sum før lånetransaksjonar | 39 642,5 | 41 566,2 | 43 423,0 | 42 165,8 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Justis- og beredskapsdepartementet | 39 642,5 | 41 566,2 | 43 423,0 | 42 165,8 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 257,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 1 109,6 mill. kroner, frå 43 423,0 mill. kroner til 44 532,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 366,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 99,7 mill. kroner. Det er overført til saman 1 985,6 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 876 mill. kroner, som i hovudsak er knytt til programkategori 06.40, jf. kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde kapittel og postar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,5 mrd. kroner, frå 39,6 mrd. kroner til 42,2 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 4,9 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 1,4 prosent.
Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med knapt 0,3 mrd. kroner, frå knapt 3,0 mrd. kroner til drygt 3,2 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 4,4 prosent. Auken i utgifter frå 2019 til 2020 kjem mellom anna som følgje av auka løyvingar til dommarstillingar og midlar til teknisk utstyr som vart gitt som økonomiske tiltak i møte med pandemien.
Under programkategori 06.30 Kriminalomsorg har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 5,2 mrd. kroner til 5,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 0,4 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 4,3 prosent. Den samla auken over perioden 2018–2020 heng mellom anna saman med at ordninga med bøtetenester vart utvida til heile landet, tilbod innanfor rusmestring og psykisk helsevern til innsette vart utvida, vedlikehaldsprosjekt og drift av nye fengsel (Agder fengsel, avdeling Froland og Mandal og Arendal fengsel, avdeling Evje).
Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 1,7 mrd. kroner, frå 20,3 mrd. kroner til 22,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 8,9 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 0,7 prosent. Auken frå 2018 til 2019 skuldast høgare utgifter til investerings- og utviklingstiltak og fleire politistillingar. Hovudforklaringa til reduksjonen i utgiftene i perioden 2019–2020 er lågare utgifter til investeringar og utviklingstiltak som følgje av pandemien, samt færre tvangsreturar.
Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 4,5 mrd. kroner til 5,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 6,1 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 4,7 prosent. Hovudforklaringa på auken frå 2019 til 2020 er knytt til kjøp av nye redningshelikopter og naudsynte tiltak for tilrettelegging av infrastruktur.
Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,5 mrd. kroner til 1,6 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 0,4 prosent. Utgiftene til særskilde straffesaker varierer som følgje av mengda straffesaker og deira omfang, oppnemnde forsvararar, bruken av tolkar og sakkunnige og den offentlege salærsatsa. Virusutbrotet våren 2020 førte til at sakene hopa seg opp i domstolane, og i lange periodar vart færre straffesaker førte for domstolane. Smitteverntiltaka har òg påverka utgiftene til særskilde straffesaker.
Under programkategori 06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. har utgiftene auka med 47 mill. kroner, frå drygt 1,5 mrd. kroner til knapt 1,6 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 5,7 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 9,3 prosent. Utgiftene har auka som følgje av at det vart utbetalt meir i valdsoffererstatning i 2020 samanlikna med 2019.
Under programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet har utgiftene auka med 65 mill. kroner, frå 341 mill. kroner til 406 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 10,3 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 32,8 prosent. Utgiftene på Svalbardbudsjettet har auka frå 2019 til 2020 av tre årsaker: Ekstra løyvingar i samband med pandemien, auka eingongsutgifter til skredsikring av Longyearbyen og forlenga seglingssesong for Sysselmannen sitt tenestefartøy. Tilskotet til Svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot.
Under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene minka med knapt 0,4 mrd. kroner, frå 2,7 mrd. kroner til 2,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 9,7 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 3,6 prosent. Nedgangen på utlendingsfeltet i perioden kjem i hovudsak av at talet på asylsøkjarar har vore lågt i perioden 2018–2020, høvesvis 3 054, 2 304 og 1 386 personar, samanlikna med til dømes 2015, då det kom 31 150 asylsøkjarar. Utlendingsdirektoratet (UDI) har redusert talet på mottaksplassar dei siste åra som følgje av eit stadig mindre behov. Dette gjev reduserte offentlege utgifter.
2.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Programområde 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m. | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
13.00 | Administrasjon | 1 640,5 | 1 920,8 | 1 741,1 | 1 793,6 |
13.25 | Fylkesmannsembeta | 1 978,7 | 2 019,8 | 2 078,9 | 1 987,6 |
13.30 | Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning | 6 479,0 | 7 184,3 | 6 391,3 | 6 814,6 |
13.40 | Forvaltningsutvikling og IT- og ekompolitikk | 1 103,7 | 1 444,7 | 2 052,8 | 2 081,8 |
13.45 | Personvern | 54,6 | 60,9 | 69,3 | 68,4 |
13.50 | Distrikts- og regionalpolitikk | 1 438,7 | 1 176,5 | 2 051,8 | 2 025,6 |
13.60 | Samiske føremål | 337,0 | 532,0 | 541,1 | 539,9 |
13.67 | Nasjonale minoritetar | 36,7 | 40,4 | 48,2 | 51,2 |
13.70 | Kommunesektoren m.m. | 174 801,7 | 182 481,7 | 208 506,5 | 207 786,5 |
13.80 | Bustad, bustadmiljø og bygg | 4 596,5 | 4 734,0 | 4 385,9 | 4 294,2 |
13.90 | Planlegging, byutvikling og geodata | 1 339,6 | 1 435,5 | 1 353,5 | 1 379,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 193 806,6 | 203 030,4 | 229 220,5 | 228 823,1 | |
Lånetransaksjonar | 15 657,0 | 17 103,2 | 18 846,0 | 19 335,3 | |
Sum Kommunal- og moderniseringsdepartementet | 209 463,6 | 220 133,6 | 248 066,5 | 248 158,3 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 397,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 1 937,7 mill. kroner, frå 229 220,5 mill. kroner til 231 158,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 335,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 54,3 mill. kroner. Det er overført til saman 1 579,3 mill. kroner til 2021 på postar merka «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 489,3 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m. har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 35,0 mrd. kroner, frå 193,8 mrd. kroner til 228,8 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 4,8 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 12,7 prosent.
Under programkategori 13.00 Administrasjon har utgiftene auka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå drygt 1,6 mrd. kroner til knapt 1,8 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 17,1 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 6,6 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak av at ansvaret for politikken for elektronisk kommunikasjon vart overført frå Samferdselsdepartementet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet våren 2019. Nedgangen frå 2019 til 2020 kjem i hovudsak av overføring av løyvinga til IKT-forsking til programkategori 13.40.
Under programkategori 13.25 Fylkesmannsembeta1 har utgiftene over treårsperioden vore på om lag 2,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 1,6 prosent.
Under programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 6,5 mrd. kroner til 6,8 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 10,9 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 5,1 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem mellom anna av høg etterspurnad etter brukarfinansierte byggeprosjekt og prosjektering av nytt regjeringskvartal. Nedgangen frå 2019 til 2020 kjem særleg av at vidareføring av ordinære byggjeprosjekt innanfor husleigeordninga har hatt vesentleg mindre omfang i 2020. Dette skjer samstundes med at det har vore ein auke i utgiftene til prosjektering og igangsetjing av byggjeprosjekt, og til anskaffing av utstyr og vedlikehald.
Under programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling og IT- og ekompolitikk har utgiftene auka med knapt 1,0 mrd. kroner, frå 1,1 mrd. kroner til 2,1 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 30,9 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 44,1 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak av at ansvaret for politikken for elektronisk kommunikasjon vart overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet våren 2019. Auken frå 2019 til 2020 kjem mellom anna av overføring av løyvinga til IKT-forsking frå programkategori 13.00 og overføring av ansvaret for Altinn frå Nærings- og fiskeridepartementet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I tillegg skuldast auken ei ekstraordinær løyving i 2020 til utbygging av breiband i samband med koronapandemien.
Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene auka med 0,6 mrd. kroner, frå 1,4 mrd. kroner til 2,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 18,2 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 72,2 prosent. Nedgangen frå 2018 til 2019 har gitt rom for auka løyvingar til samferdsle og andre næringsretta tiltak som skal gje styrka vekstkraft i heile landet. Auken frå 2019 til 2020 kjem mellom anna av tiltak i møte med koronapandemien. I tillegg kjem overføring av ansvaret for ei rekkje næringsretta ordningar til fylkeskommunane. I den samanheng vart løyvingar flytta frå andre departement til programkategori 13.50.
Under programkategori 13.70 Kommunesektoren m.m. har utgiftene auka med 33,0 mrd. kroner, frå 174,8 mrd. kroner til 207,8 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 13,9 prosent. Utgiftene under denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2018 til 2020 heng saman med den generelle styrkinga av dei frie inntektene til kommunesektoren og auke i utgiftene i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester. Den sterke auken frå 2019 til 2020 heng òg saman med ekstraordinære løyvingar til kommunesektoren i møte med koronapandemien.
Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 4,6 mrd. kroner til 4,3 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 3,0 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 9,3 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem mellom anna av ei ekstrautbetaling til bustønadsmottakarar i februar 2019 for å dekkje høge straumutgifter og ein auke i bustønaden til hushald med fleire personar. Nedgangen frå 2019 til 2020 kjem mellom anna av at tilskot til etablering og tilpassing av bustad er innlemma i kommuneramma og lågare etterspørsel etter tilskot til utleigebustader. I motsett retning trekkjer mellom anna ein mellombels auke i bustønaden i møte med koronapandemien.
Under programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata har utgiftene auka med 40 mill. kroner, frå drygt 1,3 mrd. kroner til knapt 1,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 7,2 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 3,9 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem mellom anna av auka aktivitet i dei samfinansierte prosjekta under Kartverket. Nedgangen frå 2019 til 2020 kjem i hovudsak av at aktiviteten i 2020 i større grad var normal.
Lånetransaksjonane syner ein auke på 3,7 mrd. kroner, frå 15,7 mrd. kroner til 19,3 mrd. kroner. Det var ein auke på 9,2 prosent frå 2018 til 2019 og ein auke på 13,1 prosent frå 2019 til 2020. Auken frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak av at ein større del av låneramma gjekk til utbetaling av startlån. Startlån vert stort sett utbetalte i tilsegnsåret, medan grunn- og barnehagelån vert utbetalte over fleire år. Auken frå 2019 til 2020 kjem mellom anna av ein mellombels auke i låneramma til Husbanken i 2020 på 5 mrd. kroner og 750 mill. kroner i auka eigenkapital til Kommunalbanken AS. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.
2.7 Arbeids- og sosialdepartementet
Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.
Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
09.00 | Administrasjon | 482,4 | 534,4 | 578,5 | 575,4 |
09.10 | Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken | 12 861,7 | 12 603,3 | 13 962,3 | 13 520,8 |
09.20 | Tiltak for betra levekår m.m. | 333,7 | 336,7 | 374,0 | 383,4 |
09.30 | Arbeidsmarknad | 8 625,7 | 8 808,4 | 9 116,2 | 8 967,8 |
09.40 | Arbeidsmiljø og tryggleik | 1 117,5 | 1 169,2 | 1 226,7 | 1 200,0 |
09.50 | Pensjonar mv. under Statens pensjonskasse | 5 278,8 | 3 731,3 | 5 878,9 | 5 494,2 |
09.60 | Kontantytingar | 2 823,1 | 3 060,6 | 3 318,9 | 3 315,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 31 523,0 | 30 244,0 | 34 455,5 | 33 457,0 | |
Lånetransaksjonar | 5 367,4 | 13 513,5 | 7 300,0 | 7 155,9 | |
Sum Arbeid og sosiale føremål | 36 890,4 | 43 757,5 | 41 755,5 | 40 612,9 |
Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
29.20 | Einslege forsørgjarar | 2 777,7 | 2 618,9 | 2 496,0 | 2 514,6 |
29.50 | Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik | 161 301,7 | 167 367,9 | 180 277,0 | 180 416,2 |
29.60 | Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m. | 10 083,0 | 10 251,6 | 10 395,4 | 10 019,8 |
29.70 | Alderdom | 221 068,3 | 232 106,9 | 241 260,0 | 241 253,9 |
29.80 | Forsørgjartap m.m. | 2 222,5 | 2 244,4 | 2 228,2 | 2 223,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 397 453,3 | 414 589,6 | 436 656,6 | 436 428,5 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Sosiale føremål, folketrygda | 397 453,3 | 414 589,6 | 436 656,6 | 436 428,5 |
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
33.30 | Arbeidsliv | 11 753,8 | 10 255,0 | 43 990,0 | 41 211,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 11 753,8 | 10 255,0 | 43 990,0 | 41 211,9 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Arbeidsliv, folketrygda | 11 753,8 | 10 255,0 | 43 990,0 | 41 211,9 | |
Sum Arbeids- og sosialdepartementet | 446 097,4 | 468 602,1 | 522 402,0 | 518 253,4 |
Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 998,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 601,0 mill. kroner, frå 34 455,5 mill. kroner til 35 056,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 599,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 12,6 mill. kroner. Det er overført til saman 962,2 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 144,1 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,9 mrd. kroner, frå 31,5 mrd. kroner til 33,5 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 10,6 prosent.
Under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene auka med knapt 0,7 mrd. kroner, frå knapt 12,9 mrd. kroner til drygt 13,5 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 7,3 prosent. Grunnen til auken i utgiftene frå 2019 er i hovudsak mellombels middel til handtering av koronapandemien.
Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene auka med drygt 0,3 mrd. kroner, frå drygt 8,6 mrd. kroner til knapt 9,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 1,8 prosent. Hovudgrunnen til endringa frå 2019 til 2020 var overført løyving frå 2019 som aukar disponibel løyving. Auken i utgiftene frå 2019 til 2020 heng òg saman med auka løyving til varig tilrettelagt arbeid.
Under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,1 mrd. kroner til 1,2 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 4,6 prosent, frå 2019 til 2020 auka dei med 2,6 prosent. Auken frå 2018 til 2019 kjem i hovudsak av midlar knytte til oppfølging av ny IA-avtale, jf. Prop. 48 S (2018–2019). Auken frå 2019 til 2020 er knytt til vidare oppfølging av IA-avtalen samt ei styrka oppfølging av utfordringane i arbeidslivet gjennom ei arbeidslivspakke.
Under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 5,3 mrd. kroner til 5,5 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 29,3 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 47,2 prosent. Under programkategorien utgiftsfører ein mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom Statens pensjonskasse (SPK). Lågare utgifter i 2019 enn i 2018 og 2020 kjem i hovudsak av innbetalte sluttoppgjer (eingongsoppgjer) i 2019 frå verksemder som har meldt seg ut av Statens pensjonskasse. Brutto utlån for bustadlånsordninga (lånetransaksjonar) på kapittel 614 er gått opp frå 5,4 mrd. kroner i 2018 til 7,2 mrd. kroner i 2020. Dette utgjer ein årleg gjennomsnittleg auke på 16 prosent. Auken kjem av høgare etterspurnad etter lån. Samla utlån for bustadlånsordninga har likevel minka fordi avdrag og innfriing av gamle lån overstig brutto utlån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31. desember 2020 er 39,4 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.
Under programkategori 09.60 Kontantytingar har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 2,8 mrd. kroner til 3,3 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 8,4 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 8,3 prosent. Programkategorien omfattar statstilskot til avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor, krigspensjon, statstilskot til pensjonstrygda for sjømenn, statstilskot til pensjonstrygda for fiskarar og supplerande stønad til personar over 67 år. Auken frå 2019 til 2020 kjem i hovudsak av at utgiftene til AFP har auka.
Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 228,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 50,5 mill. kroner, frå 436 656,6 mill. kroner til 436 707,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 278,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, som stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 12,6 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast».
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 39,0 mrd. kroner, frå 397,5 mrd. kroner til 436,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 5,3 prosent.
Under programkategori 29.20 Einslege forsørgjarar har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 2,8 mrd. kroner til 2,5 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 5,7 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 4,0 prosent. Nedgangen i utgiftene kan ha samanheng med regelverksendringar i overgangsstønadsordninga, lågare fødselstal og auka alder hos fyrstegongsfødande kvinner.
Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik har utgiftene auka med 19,1 mrd. kroner, frå 161,3 mrd. kroner til 180,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 7,8 prosent.
Utgiftene til sjukepengar har sidan 2018 auka med 10,3 mrd. kroner, frå 40,1 mrd. kroner til 50,4 mrd. kroner. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar er frå 2018 reduserte med 2,5 mrd. kroner, frå 33,1 mrd. kroner til 30,6 mrd. kroner. Utgiftene til uførleik har sidan 2018 auka med 11,4 mrd. kroner frå 88,1 mrd. kroner til 99,5 mrd. kroner.
Frå 2019 til 2020 var det ein auke både i tilbøyelegheita til sjukefråvær, i talet på sjukepengedagar og i talet på dagar justerte for sysselsetjingsvekst. Samstundes vart det ein auke i grunnlaget for sjukepengar. Som følgje av koronapandemien vart det frå mars 2020 innførd mellombelse utvidingar i ordningane med sjukepengar og omsorgspengar. Utvidingane har ført til ein kraftig vekst i utgiftene.
Dei siste åra har det vorte færre mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Utviklinga vart forsterka av regelverksendringane som vart innført i 2018, men i 2020 snudde dette. I gjennomsnitt for 2020 fekk om lag 120 000 personar arbeidsavklaringspengar mot om lag 119 000 og 133 000 mottakarar i 2019 og 2018. Dette utgjer ein auke i gjennomsnittleg tal på mottakarar på 1,0 prosent frå 2019 til 2020, og ein reduksjon på 9,5 prosent frå 2018 til 2020. Koronapandemien har ført til ein auke i talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 2020. Dette skuldast fyrst og fremst at regelverksendringane innførde som ein følgje av pandemien, har ført til redusert avgang, ettersom mottakarar av ytinga har fått forlengt stønadsperioden med inntil seks månader. I tillegg har fleire starta eit løp med arbeidsavklaringspengar. Fleire mottakarar har trekt utgiftene til arbeidsavklaringspengar opp frå 2019 til 2020.
Per desember 2020 var det i alt 357 600 mottakarar av uføretrygd. Det er ein auke på 18 400 uføretrygda frå 2018 då talet på uføretrygda var 339 200, og på 5 400 uføretrygda frå 2019 då talet på uføretrygda var 352 200. Auka utgifter i 2019 og 2020 kjem i hovudsak av fleire mottakarar, men denne auken var lågare i 2020 enn i 2019. Dei fleste som får innvilga uføretrygd har motteke arbeidsavklaringspengar. Den lågare auken i talet uføretrygda i 2020 samanlikna med 2019 skuldast hovudsakeleg dei ovanfor nemnte regelverksendringane i arbeidsavklaringspengar som følgje av pandemien.
Under programkategori 29.60 Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m. har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 10,1 mrd. kroner til 10,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 1,7 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 2,3 prosent. Utgiftsutviklinga har vore ulik for dei ulike postane under kap. 2661. Til dømes auka utgiftene til tilskot til biler og høyreapparat både i 2019 og 2020, medan utgiftene til grunnstønad minka både i 2019 og 2020. Det var ein auke i utgiftene til hjelpemiddel til betring av funksjonsevna og ortopediske hjelpemiddel i 2019 og ein nedgang i 2020, medan utgiftene til hjelpestønad minka i 2019 og auka noko i 2020. Koronapandemien førte til ein generell nedgang i etterspørselen etter hjelpemiddel i 2020.
Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 20,2 mrd. kroner, frå 221,1 mrd. kroner til 241,3 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 3,9 prosent. Auken målt i fast grunnbeløp frå 2018 til 2019 var på 3,6 prosent, medan auken frå 2019 til 2020 var på 1,9 prosent. Grunnen til auken er i hovudsak at det vart fleire alderspensjonistar i aldersgruppa 67 år og over.
Frå 1. januar 2011 vart det høve til å starte uttak av alderspensjon frå 62 år. I 2018 var gjennomsnittleg tal på mottakarar mellom 62 og 66 år om lag 94 000, i 2019 var det om lag 92 000 og i 2020 var det om lag 90 000. Gjennomsnittleg tal på alderspensjonistar var om lag 927 000 i 2018, om lag 948 000 i 2019 og om lag 970 000 i 2020.
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 2 778,1 mill. kroner av ei samla løyving på 44,0 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene auka nominelt med 29,5 mrd. kroner, frå 11,8 mrd. kroner til 41,2 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 12,8 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 302 prosent.
Endringa for programkategori 33.30 for 2020 kjem hovudsakleg av at utgiftene til dagpengar var sterkt påverka av auken i arbeidsløysa og dei omfattande mellombelse endringane i dagpengeordninga. Uvissa i anslaga var naturleg nok stor, og løyvinga vart gradvis redusert hausten 2020.
Av omsyn til svært mange søknader og lang sakshandsamingstid, vart det våren 2020 innført ei ordning med forskotering av dagpengar. Utbetaling av forskot er utgiftsførte i statsrekneskapen, medan tilbakebetalingar av slike, i medhald av fullmakt frå Stortinget, er inntektsførte mot same kapittel (kap. 2541, post 70). Ved utgangen av 2020 var det om lag 3,4 mrd. kroner uteståande i slike forskot.
2.8 Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Helsetenester, folketrygda.
Programområde 10 Helse og omsorg | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
10.00 | Helse- og omsorgsdepartementet m.m. | 1 005,4 | 1 216,4 | 1 821,2 | 1 764,0 |
10.10 | Folkehelse | 897,0 | 970,0 | 1 841,5 | 978,0 |
10.30 | Spesialisthelsetenester | 147 836,7 | 158 772,4 | 174 307,4 | 172 577,4 |
10.40 | Sentral helseforvalting | 4 204,2 | 4 284,8 | 4 375,4 | 4 494,6 |
10.60 | Helse- og omsorgstenester i kommunane | 10 749,9 | 10 854,0 | 12 370,1 | 11 534,5 |
10.70 | Tannhelse | 319,8 | 328,3 | 342,3 | 323,0 |
10.80 | Kunnskap og kompetanse | 673,2 | 721,5 | 711,1 | 698,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 165 686,2 | 177 147,5 | 195 769,0 | 192 370,3 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Helse og omsorg | 165 686,2 | 177 147,5 | 195 769,0 | 192 370,3 |
Programområde 30 Helsetenester, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
30.10 | Spesialisthelsetenester m.m. | 5 504,4 | 5 779,1 | 5 702,6 | 5 598,6 |
30.50 | Legehjelp, legemiddel m.m. | 25 666,9 | 26 083,2 | 27 036,8 | 27 085,9 |
30.90 | Andre helsetiltak | 224,0 | 225,4 | 200,0 | 189,3 |
Sum før lånetransaksjonar | 31 395,3 | 32 087,7 | 32 939,4 | 32 873,9 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Helsetenester, folketrygda | 31 395,3 | 32 087,7 | 32 939,4 | 32 873,9 | |
Sum Helse- og omsorgsdepartementet | 197 081,5 | 209 235,2 | 228 708,3 | 225 244,2 |
Programområde 10 Helse og omsorg
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 3 398,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 2 677,0 mill. kroner, frå 195 769,0 mill. kroner til 198 446,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 6 075,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 220,9 mill. kroner. Det er overført til saman 5 147,9 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Av overført beløp er 2 548,5 mill. kroner knytt til omsorgstenester og investeringstilskot til kommunane, jf. kapittel 761. Vidare er 1 783,4 mill. kroner knytt til fullmakta som ga løyve til kjøp av legemidlar og naudsynt utstyr i møte med pandemien, jf. kapittel 732. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 26,7 mrd. kroner, frå 165,7 mrd. kroner til 192,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 6,9 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 8,6 prosent.
Under programkategori 10.00 Helse- og omsorgsdepartementet m.m. har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 1,8 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 21,0 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 45,0 prosent. Auken frå 2018 til 2019 på 211 mill. kroner er i hovudsak knytt til prosjekt for å styrkje digitalisering av helse- og omsorgstenesta, mellom anna Modernisert folkeregister, Helseanalyseplattforma og drift og forvaltning av nasjonale e-helseløysingar. Samstundes auka utgiftene med 63 mill. kroner til etablering og drift av Norsk helsearkiv på Tynset i 2019. For EU-kontingentar auka utgiftene frå 2018 til 2019 med om lag 10 mill. kroner. Auken frå 2019 til 2020 er på 548 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at 390 mill. kroner knytt til nasjonale e-helseløysingar vart flytta frå Direktoratet for e-helse til Norsk helsenett SF, samt tilleggsløyvingar knytt til pandemien. Løyvingane vart òg auka med 131 mill. kroner til arbeidet med Helseanalyseplattforma. Samstundes har utgiftene auka med 40 mill. kroner til nytt tilskot til Verdens helseorganisasjon (WHO) og auka utgifter til EU-kontingentar.
Under programkategori 10.10 Folkehelse m.m. har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,9 mrd. kroner til 1,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 8,1 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 0,8 prosent. Auken frå 2019 til 2020 er i hovudsak knytt til etablering av tilskotet Mobilisering mot ensomhet. Mindreutgiften i 2020 er knytt til at det ikkje vart betalt for vaksiner mot covid-19. I 2020 vart det inngått avtalar om levering av vaksiner mot covid-19. Levering skjer i 2021, og betaling skjer ved levering.
Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med drygt 24,7 mrd. kroner, frå 147,8 mrd. kroner til 172,6 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 7,4 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 8,7 prosent. Auken frå 2019 til 2020 kjem hovudsakleg av auka kostnader knytt til pandemien, vekst i pasientbehandlinga, auka løyving til investeringslån og auka løyving til driftskreditt til handtering av pensjonspremiar i dei regionale helseføretaka.
Under programkategori 10.40 Sentral helseforvaltning har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 4,2 mrd. kroner til 4,5 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 4,9 prosent. Auken frå 2018 til 2019 er knytt til ei rekkje mindre endringar i ulike løyvingar. Dei største einskilde endringane frå 2018 til 2019 er reduksjon i løyvingar til arbeidet med Éin innbyggjar éin journal og at beredskapsavtale for pandemisk influensa vart flytta frå programkategori 10.40 til 10.10. Auken frå 2019 til 2020 kjem i hovudsak av auka løyvingar til pandemitiltak. Helsedirektoratet fekk 190 mill. kroner til tiltaket. Løyvinga til Statens lækjemiddelverk vart i 2020 auka med 15 mill. kroner til covid-19 tiltak. Utgiftsføringa i 2020 vert òg påverka av at Folkehelseinstituttet i 2020 har utgiftsført netto 71 mill. kroner som følgje av omlegginga til nye retningsliner for bokføring av forskotssinnsbetalingar. Dette gjev ein teknisk eingongseffekt på 71 mill. kroner.
Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene auka med knapt 0,8 mrd. kroner, frå drygt 10,7 mrd. kroner til drygt 11,5 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 1,0 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 6,3 prosent. Auken i utgifter frå 2019 til 2020 kjem i hovudsak av ein auke i løyvingar til ymse tiltak og tilskot knytt til koronapandemien, mellom anna 375 mill. kroner til tiltakspakke for sårbare grupper. Vidare er utbetalingane til investeringstilskot for heildøgns omsorgsplassar auka med 666 mill. kroner. Løyvinga til forsøksordninga for statleg finansiering av eldreomsorga auka med om lag 0,1 mrd. kroner i 2020. Utover dette er det auke i fleire løyvingar og tilskotsordningar, mellom anna tilskot til lindrande einingar og fleire satsingar på allmennlegefeltet. Samstundes er tilskot til psykologar i kommunane og dagaktivitetsplassar for heimebuande personar med demens, tilsvarande om lag 580 mill. kroner, innlemma i rammetilskotet til kommunane.
Under programkategori 10.70 Tannhelse har utgiftene auka med 3 mill. kroner, frå 320 mill. kroner til 323 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 2,7 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 1,6 prosent. Auken frå 2018 til 2020 er i hovudsak knytt til oppbygging av eit tilbod til personar med alvorleg angst for tannbehandling, tortur- og overgrepsofre, personar med odontofobi og personar med nedsett funksjonsevne.
Under programkategori 10.80 Kunnskap og kompetanse har utgiftene auka med 26 mill. kroner, frå 673 mill. kroner til 699 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 7,2 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 3,1 prosent. Endringane frå 2019 til 2020 er knytt til løyvingane til kvalifikasjonsprogrammet for ELTE-studentar og ein reduksjon på 84 mill. kroner på kap. 780 post 50 Noregs forskingsråd for å få ned avsetjingane her. Reduksjonen vart overført til kap. 701, post 21 under programkategori 10.00 for å utvikle Helseanalyseplattforma.
Programområde 30 Helsetenester, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 65,5 mill. kroner av ei samla løyving på 32,9 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, som berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 30 Helsetenester, folketrygda har utgiftene auka nominelt med 1,5 mrd. kroner, frå 31,4 mrd. kroner til 32,9 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 2,2 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 2,5 prosent.
Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 5,5 mrd. kroner til 5,6 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 3,1 prosent. Nedgangen frå 2019 til 2020 kjem hovudsakleg av lågare utgifter til tannbehandling.
Under programkategori 30.50 Legehjelp har utgiftene auka med 1,4 mrd. kroner, frå 25,7 mrd. kroner til 27,1 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 1,6 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 3,8 prosent. Auken frå 2018 til 2019 er uttrykk for ein moderat auke i bruk av tenestene på grunn av årleg vekst i folketalet. Auken frå 2019 til 2020 syner òg auka utgifter til legetenester på grunn av koronapandemien.
Under programkategori 30.90 Andre helsetiltak har utgiftene minka med 35 mill. kroner, frå 224 mill. kroner til 189 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 0,6 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 16,0 prosent. Nedgangen frå 2019 til 2020 kjem i hovudsak av reduserte utgifter til reiser, opphald og legemiddel.
2.9 Barne- og familiedepartementet
Barne- og familiedepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Barn og familie og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.
Programområde 11 Barn og familie | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
11.00 | Administrasjon | 161,0 | 161,5 | 163,2 | 162,6 |
11.10 | Familie og oppvekst | 18 047,4 | 18 982,0 | 19 562,5 | 19 594,9 |
11.20 | Barnevernet | 8 784,0 | 8 999,9 | 9 218,5 | 9 173,0 |
11.30 | Forbrukarpolitikk | 229,5 | 235,6 | 241,6 | 241,1 |
11.50 | Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn | 2 668,6 | 2 817,8 | 2 883,4 | 2 819,3 |
Sum før lånetransaksjonar | 29 890,5 | 31 196,7 | 32 069,3 | 31 990,8 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Barn og familie | 29 890,5 | 31 196,7 | 32 069,3 | 31 990,8 |
Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
28.50 | Stønad ved fødsel og adopsjon | 19 536,9 | 20 451,2 | 21 838,0 | 21 781,3 |
Sum før lånetransaksjonar | 19 536,9 | 20 451,2 | 21 838,0 | 21 781,3 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Foreldrepengar, folketrygda | 19 536,9 | 20 451,2 | 21 838,0 | 21 781,3 | |
Sum Barne- og familiedepartementet | 49 427,4 | 51 648,0 | 53 907,3 | 53 772,1 |
Programområde 11 Barn og familie
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 78,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 123,3 mill. kroner, frå 32 069,3 mill. kroner til 32 192,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 201,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 16,0 mill. kroner. Det er overført til saman 249,0 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 11 Barn og familie har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,1 mrd. kroner, frå 29,9 mrd. kroner til 32,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 2,5 prosent.
Under programkategori 11.10 Familie og oppvekst har utgiftene auka med drygt 1,5 mrd. kroner, frå drygt 18,0 mrd. kroner til 19,6 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 3,2 prosent. Det har i perioden vore ein auke i satsane i barnetrygdordninga. I tillegg kjem mellom anna auka utbetalingar frå den nasjonale tilskotsordninga for å inkludere barn og unge i ferie- og fritidsaktivitetar og til tiltak mot vald og overgrep.
Under programkategori 11.20 Barnevernet har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 8,8 mrd. kroner til 9,2 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 1,9 prosent. Hovudårsaka er at utgiftene til det statlege barnevernet har auka i perioden som følgje av vekst i aktiviteten.
Under programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn har utgiftene auka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå knapt 2,7 mrd. kroner til drygt 2,8 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 5,6 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 0,1 prosent. Utgiftene har mellom anna auka grunna fleire medlemmer i trus- og livssynssamfunn. Auken frå 2018 til 2019 var større enn vanleg, som følgje av at det vart lagt inn eit særskilt tilskot til kyrkjevalet i 2019. Ordninga med særskilde tilskot til kyrkjeval vart lagt om frå 2020, slik at det framover ikkje vil vere naudsynt med ekstratilskot til kyrkja dei åra det er val.
Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 56,7 mill. kroner av ei samla løyving på 21,8 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, som berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
Under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med drygt 2,2 mrd. kroner, frå 19,5 mrd. kroner til 21,8 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 6,5 prosent. Satsen til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon har auka i perioden. I tillegg har utgiftene auka fordi foreldrepengeordninga er utvida for tvilling- og fleirfødslar.
2.10 Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.
Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
17.10 | Forvaltning og rammevilkår | 8 123,2 | 5 877,4 | 13 776,7 | 13 661,4 |
17.20 | Forsking og innovasjon | 8 667,3 | 8 175,2 | 14 139,0 | 13 623,9 |
17.30 | Marknadsadgang og eksport | 206,2 | 213,8 | 11 803,8 | 11 798,5 |
17.40 | Statleg eigarskap | 105,1 | 262,0 | 889,5 | 887,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 17 101,8 | 14 528,4 | 40 609,0 | 39 970,8 | |
Lånetransaksjonar | 53 039,7 | 62 024,9 | 74 566,3 | 73 441,9 | |
Sum Nærings- og fiskeriføremål | 70 141,5 | 76 553,3 | 115 175,3 | 113 412,7 |
Programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
33.40 | Arbeidsliv | 80,0 | 70,0 | 100,0 | 100,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 80,0 | 70,0 | 100,0 | 100,0 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Arbeidsliv, Folketrygda | 80,0 | 70,0 | 100,0 | 100,0 | |
Sum Nærings- og fiskeridepartementet | 70 221,5 | 76 623,3 | 115 275,3 | 113 512,7 |
Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 638,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 1 017,5 mill. kroner, frå 40 609,0 mill. kroner til 41 626,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 655,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 4,8 mill. kroner. Det er overført til saman 1 689,4 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 124,4 mill. kroner.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 22,9 mrd. kroner, frå 17,1 mrd. kroner til 40,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 15,0 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 175,1 prosent.
Under programkategori 17.10 Forvaltning og rammevilkår har utgiftene auka med drygt 5,5 mrd. kroner, frå 8,1 mrd. kroner til 13,7 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 27,6 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 132,4 prosent. Hovudårsaka til auken frå 2019 til 2020 er ekstraordinært tilskot til tapsavsetjing for garantiordning for luftfarten på 6 mrd. kroner i 2020, medan tilskot til kommunar og fylkeskommunar for vederlag for nye oppdrettsløyve og vekst i eksisterande løyve auka med om lag 1,7 mrd. kroner. Vidare vart utbetalingane av tilskot til sysselsetjing av sjøfolk om lag 450 mill. kroner høgare i 2020 enn i 2019. Løyving til forvalting av Altinn-løysinga som utgjorde drygt 300 mill. kroner i 2019, vart overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett i 2020.
Under programkategori 17.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med knapt 5,0 mrd. kroner, frå knapt 8,7 mrd. kroner til drygt 13,6 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 5,7 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 66,6 prosent. Hovudgrunnen til auken frå 2019 til 2020 er ekstraordinære tiltak i møte med pandemien på om lag 4,5 mrd. kroner på Innovasjon Noreg sitt budsjett og om lag 0,8 mrd. kroner på Noregs forskingsråd sitt budsjett.
Under programkategori 17.30 Marknadsadgang og eksport har utgiftene auka med 11,6 mrd. kroner, frå 0,2 mrd. kroner til 11,8 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 3,7 prosent. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 11,6 mrd. kroner, frå 0,2 mrd. kroner til 11,8 mrd. kroner. Den kraftige auken skuldast løyving på 10 mrd. kroner til avsetjing for forventa tap for Garantiinstituttet for eksportkreditt si alminnelege garantiordning, og avsetjing til forventa tap for ny statleg garantiordning for re-forsikring av kredittforsikring på om lag 1,6 mrd. kroner.
Under programkategori 17.40 Statleg eigarskap har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå 0,1 mrd. kroner til 0,9 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 149,3 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 238,5 prosent. Auken frå 2019 til 2020 gjeld hovudsakeleg risikokapital til Investinor AS med 400 mill. kroner og auka risikokapital til Nysnø Klimainvesteringer AS med 175 mill. kroner samanlikna med førre året.
Utgiftene under Lånetransaksjonar auka med 9,0 mrd. kroner frå 2018 til 2019, og auka med ytterlegare 11,4 mrd. kroner frå 2019 til 2020. Auken frå 2019 til 2020 kjem for ein stor del av lån på om lag 8,3 mrd. kroner til Garantiinstituttet for eksportkreditt for å dekkje likviditetsbehov knytte til tap på alminneleg garantiordning. Utlån til Innovasjon Noreg har auka med om lag 5,5 mrd. kroner, medan låna under eksportkredittordninga har vorte reduserte med om lag 5,9 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.17 der detaljar kring Innovasjon Noreg og Eksportkreditt Noreg AS sine utlån er nærare spesifiserte.
Auken under lånetransaksjonar gjeld òg risikokapital til Investinor AS med 742 mill. kroner og auka risikokapital til Nysnø Klimainvesteringer AS med 325 mill. kroner samanlikna med førre året. I samband med avvikling av statens eigarskap i Aker Kværner Holding AS tok staten ved Nærings- og fiskeridepartementet imot aksjar i fire underliggjande selskap med verdi i overkant av 2 mrd. kroner og eit mindre kontantbeløp, i byte mot den 30 prosent del av aksjane som staten hadde i Aker Kværner Holding AS.
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Det er ikkje avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap, der samla utgifter er 100 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytt til programområdet, som berre omfattar ein tilskotspost (overslagsløyving).
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene auka med 20 mill. kroner, frå 80 mill. kroner til 100 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 12,5 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 42,9 prosent.
Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og løyvinga er ei overslagsløyving. Stønaden vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.
2.11 Landbruks- og matdepartementet
Programområde 15 Landbruk og mat | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
15.00 | Administrasjon m.m. | 190,8 | 182,3 | 208,7 | 210,2 |
15.10 | Matpolitikk | 1 488,8 | 1 531,0 | 1 522,0 | 1 495,7 |
15.20 | Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 842,6 | 829,2 | 858,3 | 865,8 |
15.30 | Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 17 658,5 | 17 222,8 | 18 158,3 | 18 037,2 |
Sum før lånetransaksjonar | 20 180,7 | 19 765,3 | 20 747,3 | 20 608,9 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Landbruks- og matdepartementet | 20 180,7 | 19 765,3 | 20 747,3 | 20 608,9 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 138,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 142,4 mill. kroner, frå 20 747,3 mill. kroner til 20 889,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 280,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 38,7 mill. kroner. Det er overført til saman 221,8 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,4 mrd. kroner, frå 20,2 mrd. kroner til 20,6 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 4,3 prosent.
Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene auka med 7 mill. kroner, frå 1 489 mill. kroner til 1 496 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 2,3 prosent. Midlane har gått til kunnskapsutvikling og til drift av Mattilsynet. Mindreutgiften i 2020 er i hovudsak forklart med endringar i utgifter og aktivitetar grunna koronapandemien Av smittevernomsyn har mykje vert gjort digitalt, og tilsyn og prøvetaking har vore avgrensa til det som er naudsynt og mogleg å gjennomføre.
Under programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling har utgiftene auka med 23 mill. kroner, frå 843 mill. kroner til 866 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 1,6 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 4,4 prosent. Midlane har gått til forsking, innovasjon, basisløyvingar til primærnæringsinstitutta og kunnskapsutvikling.
Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med knapt 0,4 mrd. kroner, frå knapt 17,7 mrd. kroner til drygt 18,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 4,7 prosent. I 2020 gjeld omlag 16,8 mrd. kroner løyvingar til næringsavtalane for landbruk og reindrift. Resten av midlane er fordelte mellom driftsmidlar og midlar til ulike tilskotsordningar utanfor næringsavtalane. I 2019 var erstatningsutbetalingane som gjeld avlingsskadar lågare enn i det ekstraordinære året 2018, men framleis var det høgare enn normalt. I 2020 var erstatningsutbetalingane nærare eit normalnivå.
2.12 Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Posttenester.
Programområde 21 Innanlands transport | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
21.10 | Administrasjon m.m. | 579,5 | 454,5 | 448,0 | 445,4 |
21.20 | Luftfartsføremål | 979,2 | 1 021,4 | 7 502,7 | 6 410,0 |
21.30 | Vegføremål | 35 466,5 | 37 075,2 | 40 099,5 | 38 937,8 |
21.40 | Særskilde transporttiltak | 3 193,1 | 3 796,3 | 5 278,0 | 4 399,8 |
21.50 | Jernbaneføremål | 22 845,4 | 26 699,3 | 28 548,9 | 28 108,0 |
21.60 | Kystforvaltning | 2 491,4 | 2 751,3 | 2 574,7 | 2 758,7 |
Sum før lånetransaksjonar | 65 555,0 | 71 798,0 | 84 451,8 | 81 059,8 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Innanlands transport | 65 555,0 | 71 798,0 | 84 451,8 | 81 059,8 |
Programområde 22 Posttenester | |||||
---|---|---|---|---|---|
22.10 | Posttenester | 619,1 | 705,3 | 700,3 | 689,7 |
Sum før lånetransaksjonar | 619,1 | 705,3 | 700,3 | 689,7 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Posttenester | 619,1 | 705,3 | 700,3 | 689,7 | |
Sum Samferdselsdepartementet | 66 174,1 | 72 503,3 | 85 152,1 | 81 749,6 |
Programområde 21 Innanlands transport
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 3 392,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 2 462,1 mill. kroner, frå 84 451,8 mill. kroner til 86 913,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 5 854,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 244,1 mill. kroner. Det er overført til saman 4 611,7 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein netto auke på 2 149,5 mill. kroner, hovudsakleg på kapitla 1320, 1330 og 1352. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 15,5 mrd. kroner, frå 65,6 mrd. kroner til 81,1 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 9,5 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 12,9 prosent. Løyvingane til programkategori 21.30 Vegføremål og programkategori 21.40 Jernbaneføremål auka i heile perioden. Frå 2019 til 2020 auka òg løyvingane til programkategori 21.20 Luftfartsføremål og programkategori 21.30 Særskilde transporttiltak.
Under programkategori 21.10 Administrasjon m.m. har utgiftene minka med 134 mill. kroner, frå knapt 580 mill. kroner til drygt 445 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 21,6 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 2,0 prosent. Frå 2019 vart tilskotet til Redningsselskapet overført til Justis- og beredskapsdepartementet. I samband med at ansvaret for elektronisk kommunikasjon vart overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, vart òg løyvingar under programkategori 21.10 Administrasjon overført. Reduksjonen frå 2019 til 2020 gjeld mellom anna lågare driftsutgifter i departementet på grunn av koronapandemien.
Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene auka med 5,4 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 6,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 527,6 prosent. Endringane frå 2018 til 2019 heng i hovudsak saman med endringar i utgiftene til kjøp av innanlandske flyruter. Auken frå 2019 til 2020 kjem av utgifter i samband med koronapandemien, i hovudsak for å oppretthalde eit minstetilbod av flyruter og tilskot til Avinor AS.
Under programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene auka med knapt 3,5 mrd. kroner, frå knapt 35,5 mrd. kroner til drygt 38,9 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 4,5 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 5,0 prosent. Utgifter til riksveginvesteringar auka frå 2018 til 2019. Frå 2019 vart tilskotet til reduserte bompengetakstar utanfor byområda flytta frå programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak. Auken frå 2019 til 2020 gjeld dette tilskotet og tilskot til å betale ned bompengegjeld. Vidare auka utgiftene til kjøp av riksvegferjetenester.
Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak har utgiftene auka med 1,2 mrd. kroner, frå 3,2 mrd. kroner til 4,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 18,9 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 15,9 prosent. Frå 2018 til 2019 gjaldt den største auken i utgiftene tilskot til store kollektivprosjekt og påskjøningsmidlar til bymiljøavtalar og byvekstavtalar. Auken frå 2019 til 2020 gjeld tilskot til byområde som omfattar påskjøningsmidlar til bymiljøavtalar og byvekstavtalar og ulike tilskot til kollektivtransport.
Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med 5,3 mrd. kroner, frå 22,8 mrd. kroner til 28,1 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 16,9 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 5,3 prosent. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene til drift og vedlikehald og til investeringar. I 2019 var det òg eingongsutgifter til tilskot til pensjonsforpliktingar til Vygruppen AS og Mantena AS i samband med at selskapa melde seg ut av Statens pensjonskasse. Frå 2019 til 2020 var den største auken utgifter til investeringar og tilleggsavtalar for persontransport med tog i samband med koronapandemien.
Under programkategori 21.60 Kystforvaltning har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 2,5 mrd. kroner til 2,8 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 10,4 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 0,3 prosent. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene til investeringar. I 2019 vart det òg oppretta ei ny tilskotsordning til hamner. Auken i utgifter frå 2019 til 2020 gjeld mellom anna driftsutgifter og tilskot, medan utgiftene til investeringar har gått ned.
Programområde 22 Posttenester
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 10,6 mill. kroner. Det er på programkategorien ikkje overført løyving frå 2019 slik at disponibel løyving er 700,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 10,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
Programområdet omfattar berre ein tilskotspost. Det er overført til saman 10,6 mill. kroner til 2021 på denne posten som er merkt «kan overførast». Det er ikkje meirinntekter knytt til programområdet.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 22 Posttenester har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,1 mrd. kroner, frå 0,6 mrd. kroner til 0,7 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 13,9 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 2,2 prosent. Auken frå 2018 til 2019 gjeld kjøp av post- og banktenester frå Posten Norge AS, medan nedgangen frå 2019 til 2020 heng saman med overgangen til omdeling av post annan kvar dag frå juli 2020.
2.13 Klima- og miljødepartementet
Programområde 12 Klima og miljø | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
12.10 | Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | 1 930,7 | 2 159,2 | 2 377,9 | 2 391,9 |
12.20 | Klima, naturmangfald og forureining | 6 933,5 | 7 388,5 | 10 489,9 | 10 433,9 |
12.30 | Kulturminne og kulturmiljø | 793,6 | 807,8 | 823,7 | 847,9 |
12.60 | Nord- og polarområda | 452,0 | 428,7 | 471,8 | 508,7 |
12.70 | Internasjonalt klimaarbeid | 3 099,8 | 3 398,5 | 3 474,7 | 3 357,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 13 209,6 | 14 182,7 | 17 638,0 | 17 540,0 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Klima- og miljødepartementet | 13 209,6 | 14 182,7 | 17 638,0 | 17 540,0 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 98,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 500,7 mill. kroner, frå 17 638,0 mill. kroner til 18 138,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 598,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 15,1 mill. kroner. Det er overført til saman 563,4 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 12 Klima og miljø har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 4,3 mrd. kroner, frå 13,2 mrd. kroner til 17,5 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 7,4 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 23,7 prosent. Hovudårsaka til auken gjeld klimatiltak under programkategori 12.20.
Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 1,9 mrd. kroner til 2,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 11,8 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 10,8 prosent. Endringane kjem i hovudsak av auka utbetalingar til Noregs forskingsråd.
Under programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining har utgiftene auka med 3,5 mrd. kroner, frå 6,9 mrd. kroner til 10,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 41,2 prosent. Endringane skuldast i hovudsak auka overføringar til Klima- og energifondet og auka utbetaling til CO2-kompensasjon for industrien.
Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene auka med 54 mill. kroner, frå 794 mill. kroner til 848 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 5,0 prosent. Auken har i hovudsak samanheng med funnet og formidlinga av Klemenskirken og utgravinga av Gjellestadskipet. Vidare har det vore ein auke i overføringane til Kulturminnefondet.
Under programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene auka med 57 mill. kroner, frå 452 mill. kroner til 509 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 minka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 18,6 prosent. Hovudgrunnen er auka utgifter til nytt naudaggregat på forskingsstasjonen Troll i Antarktis og auka tilskot til Kings Bay AS og Bjørnøen AS på Svalbard som følgje av bortfall av inntekter grunna koronapandemien.
Under programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid har utgiftene auka med knapt 0,3 mrd. kroner, frå 3,1 mrd. kroner til drygt 3,4 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 9,6 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 1,2 prosent. Endringane over perioden kjem av auka utgifter til kjøp av klimakvotar og av endringar i klima- og skogsatsinga. Frå 2019 til 2020 har det vore ein nedgang i utgiftene til klima- og skogsatsinga slik at utgiftene under programkategorien samla sett er lågare i 2020 enn i 2019.
2.14 Finansdepartementet
Programområde 23 Finansadministrasjon | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
23.10 | Finansadministrasjon | 1 387,3 | 1 540,8 | 1 759,5 | 1 752,6 |
23.20 | Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | 8 333,5 | 8 659,6 | 8 979,8 | 9 005,7 |
23.30 | Offisiell statistikk | 861,0 | 883,7 | 883,9 | 888,5 |
23.40 | Andre føremål | 33 100,6 | 36 717,7 | 56 222,0 | 54 868,2 |
Sum før lånetransaksjonar | 43 682,4 | 47 801,8 | 67 845,2 | 66 514,9 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 50 000,0 | 50 000,0 | |
Sum Finansdepartementet | 43 682,4 | 47 801,8 | 117 845,2 | 116 514,9 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 330,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 603,2 mill. kroner, frå 67 845,2 mill. kroner til 68 448,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 933,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 53,7 mill. kroner. Det er overført til saman 634,1 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 30,9 mill. kroner. Dei største overføringane til 2021 gjeld driftspostar under Skatteetaten med 245,9 mill. kroner og investeringar i Tolletaten med 123,9 mill. kroner. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 22,8 mrd. kroner, frå 43,7 mrd. kroner til 66,5 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 9,4 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 39,1 prosent. Av auken frå 2018 til 2019 sto meirverdikompensasjon til kommunesektoren for vel 4,1 mrd. kroner eller 68,8 prosent. I 2020 sokk meirverdikompensasjonen til kommunane med 124 mill. kroner, mest som konsekvens av koronapandemien. Gjennom mange år tidlegare var det ein jamt høg auke under denne kompensasjonsordninga. Av samla utgiftsauke frå 2019 til 2020 med vel 18,7 mrd. kroner, utgjorde koronatiltak nærare 17,6 mrd. kroner.
Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 1,4 mrd. kroner til 1,8 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 11,1 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 13,7 prosent. Som følgje av fleire kundar båe åra og av overføring i 2020 av oppgåver frå Difi, stod Direktoratet for forvaltning og økonomistyring for 77,1 prosent av samla auke frå 2018 til 2020.
Under programkategori 23.20 Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå 8,3 mrd. kroner til 9,0 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 3,9 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 4,0 prosent. Aktiviteten i Tolletaten var reelt om lag uendra gjennom perioden, medan den i Skatteetaten auka med 8,5 prosent, mellom anna fordi han 1. november 2020 tok over skatteoppkrevjarfunksjonen frå kommunane.
Under programkategori 23.30 Offisiell statistikk har utgiftene auka med 28 mill. kroner, frå 861 mill. kroner til 889 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 0,5 prosent. Programkategorien gjeld Statistisk sentralbyrå. Utgiftene i etaten vart reelt noko lågare i både 2019 og 2020. Talet på tilsette er dei seinare åra redusert monaleg og verksemda effektivisert, utan svekking av produksjonen.
Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 21,8 mrd. kroner, frå 33,1 mrd. kroner til 54,9 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 10,9 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 49,4 prosent. Det meste av auken i 2020 galdt kompensasjonar i samband med koronapandemien. Mellom anna fekk nærare 80 000 føretak til saman vel 7 mrd. kroner som kompensasjon for tapt omsetning. Det vart òg sett av 10 mrd. kroner til å dekkje delar av moglege tap i samband med ei garantiordning for lån til små og mellomstore føretak med akutt mangel på likviditet som følgje av pandemien. Garantiramma for ordninga vart sett til 50 mrd. kroner.
Under lånetransaksjonar vart det i 2020 rekneskapsført 50 mrd. kroner som kapitalinnskot i Statens obligasjonsfond. Dette fondet verka under finanskrisa i 2009 og nokre år deretter. Fondet vart no oppretta på ny for å medverke til betre likviditet og meir kapital i den norske obligasjonsmarknaden.
2.15 Forsvarsdepartementet
Programområde 04 Militært forsvar | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
04.10 | Militært forsvar m.m. | 56 612,3 | 60 181,2 | 61 400,8 | 61 850,7 |
Sum før lånetransaksjonar | 56 612,3 | 60 181,2 | 61 400,8 | 61 850,7 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum 04 Forsvarsdepartementet | 56 612,3 | 60 181,2 | 61 400,8 | 61 850,7 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 449,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 2 765,9 mill. kroner, frå 61 400,8 mill. kroner til 64 166,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 316,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 321,0 mill. kroner. Det er overført til saman 2 550,3 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med drygt 5,2 mrd. kroner, frå 56,6 mrd. kroner til knapt 61,9 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 6,3 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 2,8 prosent.
Driftsutgiftene auka med 1,5 mrd. kroner, frå 39,2 mrd. kroner i 2018 til 40,7 mrd. kroner i 2020. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 1,3 prosent. Auken frå 2018 til 2020 er i tråd med langtidsplanen for forsvarssektoren. I tillegg fekk Sjøforsvaret i 2019 tilført midlar til sikring, heving og transport etter hendinga med KNM Helge Ingstad.
Utgifter til investeringar i materiell auka med 21,8 prosent, frå 13,4 mrd. kroner i 2018 til 16,3 mrd. kroner i 2020. Auken frå 2018 til 2020 er i stor grad knytte til styrkingar i tråd med langtidsplanen for forsvarssektoren.
Utgifter til nasjonalfinansierte og fellesfinansierte investeringar i eigedom, bygg og anlegg hadde ein auke på 6,0 prosent, frå 2018 til 2020. Bakgrunnen for denne auken er i hovudsak oppgradering av Evenes flystasjon, oppbygging av kampflybasen på Ørland flystasjon samt ny eigedom, bygg og anlegg i forbinding med etableringa av eit jegerkompani på Garnisonen i Sør-Varanger.
Utgiftene til norsk deltaking i operasjonar i utlandet var 850 mill. kroner i 2018 og 948 mill. kroner i 2020. Auken over perioden er på 11,5 prosent og er knytte til styrkebidraget til enhanced Forward Presence i Litauen, drift av sjukehus i Kabul og til innsatsen i SAHEL-regionen.
2.16 Olje- og energidepartementet
Programområde 18 Olje- og energiføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2018 | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2020 | |
18.00 | Administrasjon | 230,2 | 252,0 | 292,6 | 286,5 |
18.10 | Petroleum | 23 356,2 | 27 200,9 | 28 894,4 | 28 468,2 |
18.20 | Energi og vassressursar | 1 185,7 | 1 199,6 | 1 277,9 | 1 071,0 |
18.30 | Forsking og næringsutvikling | 814,2 | 844,3 | 1 089,0 | 1 088,8 |
18.40 | CO2-handtering | 655,9 | 890,4 | 646,0 | 684,4 |
Sum før lånetransaksjonar | 26 242,2 | 30 387,2 | 32 199,9 | 31 598,8 | |
Lånetransaksjonar | 1 753,8 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Olje- og energidepartementet | 27 996,0 | 30 387,2 | 32 199,9 | 31 598,8 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 601,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2019 aukar disponibel løyving med 116,9 mill. kroner, frå 32 199,9 mill. kroner til 32 316,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 718,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto mindreinntekter på 0,3 mill. kroner. Det er overført til saman 311,8 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2018–2020
På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 5,4 mrd. kroner, frå 26,2 mrd. kroner til 31,6 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 15,8 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 4,0 prosent. Endringane heng for det meste saman med auka utgifter til investeringar under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) under programkategori 18.10 Petroleum. Vidare har det vore variasjonar i årlege utgifter til flaum- og skredførebygging under 18.20 Energi og vassressursar og til planlegging av fullskala CO2-handtering under programkategori 18.40 CO2-handtering. I 2020 har det vore auka utgifter til økonomiske tiltak i møte med koronapandemien under høvesvis programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling og programkategori 18.00 Administrasjon.
Under programkategori 18.00 Administrasjon har utgiftene auka med 56 mill. kroner, frå 230 mill. kroner til 287 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 9,4 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 13,7 prosent. Hovudgrunnen er auka utgifter til departementet si oppfølging av CO2-handteringsprosjekta og økonomiske tiltak i møte med koronapandemien.
Under programkategori 18.10 Petroleum har utgiftene auka med 5,1 mrd. kroner, frå 23,4 mrd. kroner til 28,5 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 16,5 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 4,7 prosent. Hovudgrunnen er variasjon i årlege investeringar for SDØE.
Under programkategori 18.20 Energi og vassressursar har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 1,1 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 1,2 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 10,7 prosent. Hovudgrunnen til endringane er variasjon i årlege utgifter og forseinkingar i prosjekt innanfor flaum- og skredførebygging.
Under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,8 mrd. kroner til 1,1 mrd. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2019 til 2020 auka dei med 29,0 prosent. Hovudgrunnen til endringa i 2020 er auka løyvingar til Noregs forskingsråd og NORWEP som eit økonomisk tiltak i møte med pandemien.
Under programkategori 18.40 CO2-handtering har utgiftene auka med 28 mill. kroner, frå 656 mill. kroner til 684 mill. kroner. Frå 2018 til 2019 auka utgiftene med 35,8 prosent, og frå 2019 til 2020 minka dei med 23,1 prosent. Endringane skuldast i hovudsak variasjonar i utgifter til planlegging av fullskala CO2-handtering som avheng av framdrifta til prosjektet.
Under lånetransaksjonar vart det i 2018 rekneskapsført knapt 1,8 mrd. kroner knytt til Equinor ASA sitt utbyteaksjeprogram.
2.17 Statlege utlån
Dette avsnittet gjev eit oversyn over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.
Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten forvaltar dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget.2 Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike typar lån med høg eller låg risiko. Eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS er omtalt til slutt i avsnittet.
Husbanken
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2018 | 2019 | 2020 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000501 | 146 638 | 149 967 | 153 760 |
Utlån i året | Kap. 2412 / 90 | 15 657 | 17 102 | 18 585 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 5312 / 90 | -12 328 | -13 309 | -13 251 |
Utgåande behaldning | Konto 63000501 | 149 967 | 153 760 | 159 094 |
Renteinntekter | Kap. 5615 / 80 | 2 894 | 3 035 | 3 045 |
I 2020 disponerte Husbanken heile låneramma på 21 mrd. kroner.
Samla uteståande lån i Husbanken, medrekna opptente, ikkje betalte renter, var på 159,1 mrd. kroner ved utgangen av 2020. Det er om lag 5,3 mrd. kroner meir enn året før. Av låna var 53,4 mrd. kroner fastrentelån, 0,2 mrd. kroner var lån med særvilkår og 105,1 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente, ikkje betalte renter utgjorde om lag 0,4 mrd. kroner. Netto overkurs på fastrentelåna er av Husbanken rekna til om lag 3,0 mrd. kroner per 31.12.2020.
Husbanken hadde om lag 37 400 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2020. Om lag 7 600 hadde lån med fast rente, 28 900 hadde lån med flytande rente, medan dei resterande om lag 900 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 37 pst, lån til kommunar 48 prosent og lån til personlege låntakarar 15 prosent.
Tap på utlån i Husbanken (kap. 2412, post 71) utgjorde 30,6 mill. kroner i 2020 mot 29,7 mill. kroner i 2019 og 3,5 mill. kroner i 2018.
Statens lånekasse for utdanning
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2018 | 2019 | 2020 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000201 | 173 675 | 183 862 | 194 569 |
Utlån i året | Kap. 2410/90 | 27 331 | 28 895 | 32 656 |
Tilbakebetalingar i året1) | Kap. 5310/90 | -10 425 | -11 121 | -11 297 |
Konvertering til stipend | Kap. 5310/93 | -6 719 | -7 068 | -7 028 |
Utgåande behaldning | Konto 63000201 | 183 862 | 194 569 | 208 900 |
Renteinntekter2) | Kap. 5617 / 80 | 4 072 | 4 481 | 4 601 |
1) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 868 mill. kroner i 2020, 861 mill. kroner i 2019 og 691 mill. kroner i 2018. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.
2) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2020 vart utgiftsført med 1 204 mill. kroner på kapittel 2410, post 72. Rentestønaden var 1 142 mill. kroner i 2019 og 1 074 mill. kroner i 2018.
Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 208,9 mrd. kroner ved utgangen av 2020, ein auke på 14,3 mrd. kroner frå året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg rente- og gebyrgjeld. 61,6 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Lån med fast rente utgjer 9,1 mrd. kroner, medan lån med flytande rente utgjer 138,3 mrd. kroner. Med i desse tala er òg ikkje betalte gebyr på 76,9 mill. kroner. Netto overkurs per 31.12.2020 på fastrentelåna er av Lånekassa rekna til 182 mill. kroner.
Lånekassa har om lag 973 700 registrerte låntakarar ved utgangen av 2020. Av dei har om lag 243 400 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 44 400 har lån med fast rente. Resten av låntakarane har lån med flytande rente.
Lånekassa inntektsførte i 2020 renter med 4,6 mrd. kroner på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2019 var 4,5 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 534 mill. kroner i tap på utlån i 2020 medan talet i 2019 var 387 mill. kroner. Statens innkrevjingssentral inntektsførte 229 mill. kroner i 2020 (kapittel 4618, post 85) frå innkrevjing av misleghaldne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2019 og 2018 var høvesvis 244 mill. kroner og 241 mill. kroner.
Sjå òg omtale av Lånekassa under kapittel 2.3 Kunnskapsdepartement.
Konverteringsordninga i Lånekassa
Lånekassa betaler ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend når stønadsmottakaren har gjennomført utdanninga og oppnådd ein grad. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til å dekkje framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.
Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For å få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng. For 2020 betalte Lånekassa ut 4,2 mrd. kroner som stipend. Vidare vart 7 mrd. kroner netto konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2020 var dermed 11,2 mrd. kroner.
Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2018 | 2019 | 2020 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63510601 | 49 124 | 42 684 | 45 703 |
Utlån i året | Kap. 0614 / 90 | 5 367 | 13 514 | 7 156 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 3614 / 90 | -11 808 | -10 494 | -13 453 |
Utgåande behaldning | Konto 63510601 | 42 684 | 45 703 | 39 406 |
Renteinntekter | Kap. 5607 / 80 | 977 | 951 | 943 |
Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 39,4 mrd. kroner ved utgangen av 2020. Det er om lag 6,3 mrd. kroner mindre enn året før. Ved utgangen av 2020 var det om lag 38 900 lån i ordninga, mot 44 500 året før.
Statens pensjonskasse inntektsførte i 2020 renter med 943 mill. kroner på kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2019 og 2018 var høvesvis 951 mill. kroner og 977 mill. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd berre lån med flytande rente.
Tap på utlån i Statens pensjonskasse utgjorde i 2020 netto -0,09 mill. kroner.
Det var ei mindreutgift på Statens pensjonskasses kapittel 0614, post 90 på 144 mill. kroner. Det vart innvilga færre lån enn venta i siste del av året. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei meirinntekt på kapittel 3614, post 90 på 453 mill. kroner. Det vart innfridd fleire lån enn venta i siste del av året.
Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse i kapittel 2.7 Arbeids- og sosialdepartementet.
Innovasjon Noreg
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noreg sine innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiere utlån. Det er difor ikkje ein heilt eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2018 | 2019 | 2020 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000901 | 17 927 | 18 806 | 18 942 |
Netto endring | 878 | 137 | -475 | |
Utgåande behaldning | Konto 63000901 | 18 806 | 18 942 | 18 468 |
Renteinntekter | Kap. 5625 / 80 | 106 | 175 | 132 |
Innovasjon Noreg sine samla innlån frå statskassa, som er aktiverte i kapitalrekneskapen som statens utlån, utgjorde 18,5 mrd. kroner per 31.12.2020. Av dette utgjorde ordinære innlån 17,9 mrd. kroner og andre lån 0,6 mrd. kroner.
Innovasjon Noregs samla netto utlån per 31.12.2020 utgjorde 19,3 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 0,9 mrd. kroner. Det er ein auke på 0,8 mrd. kroner, frå 18,5 mrd. kroner per 31.12.2019. Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 14,2 mrd. kroner til lågrisikolån (5 579 lån), 5,4 mrd. kroner til innovasjons- og risikolån (2 414 lån)3, og 0,6 mrd. kroner til andre utlån4.
Det vart inntektsført 132 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2020. Tilsvarande tal for 2019 og 2018 var høvesvis 175 mill. kroner og 106 mill. kroner.
Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2020 utgjer 221 mill. kroner, mot 201 mill. kroner i 2019. Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2020 syner eit netto utlånstap på 91,3 mill. kroner, mot 44,2 mill. kroner i 2019.
Statleg eksportfinansieringsordning
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for den statlege eksportfinansieringsordninga:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2018 | 2019 | 2020 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63510901 | 69 359 | 61 220 | 65 039 |
Utlån i året | Kap. 2429, post 90 | 2 839 | 11 440 | 5 563 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 5329, post 90 | -13 328 | -7 993 | -19 377 |
Omrekning til valutakurs balansedagen1) | 2 349 | 373 | 43 | |
Utgåande behaldning | Konto 63510901 | 61 220 | 65 039 | 51 269 |
Renteinntekter | Kap. 5629 / 80 | 1 727 | 1 527 | 1 592 |
1) Lån i utanlandsk valuta under eksportkredittordninga vert omrekna til kursen på balansedagen. Beløpet for 2020 er eit nettotal som består av -88 mill. kroner i valutajustering, 8 mill. i kapitaliserte renter og 123 mill. kroner i break cost-krav mot låntakar. Sistnemnde oppstod som følgje av restrukturering av låneforhald og er ikkje garantert av GIEK eller andre finansinstitusjonar, i motsetning til kapitaliserte renter. I 2019 var det ikkje tilsvarande krav om break cost, medan kapitaliserte renter utgjorde 7 mill. kroner.
Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD, EUR og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2019 og 2020 var slik:
Valuta (mrd.) | Talet på lån 2019 | Uteståande per 31.12.2019 | Talet på lån 2020 | Uteståande per 31.12.2020 |
---|---|---|---|---|
NOK | 98 | 19,13 | 76 | 14,23 |
USD | 73 | 4,07 | 58 | 3,31 |
EUR | 34 | 0,91 | 36 | 0,72 |
GBP | 7 | 0,05 | 8 | 0,05 |
CAD | 2 | 0,07 | 2 | 0,07 |
JPY | 1 | 0,97 | 1 | 0,87 |
SEK | 1 | 0,02 | 1 | 0,01 |
DKK | 1 | 0,01 | 2 | 0,08 |
Balansetabellen ovanfor syner at statlege eksportfinansieringslån til saman utgjorde 51,3 mrd. kroner ved utgangen av 2020, ein netto reduksjon på 13,8 mrd. kroner frå året før. Lån i utanlandsk valuta er rekna om til norske kroner basert på valutakursen på balansedagen. Reduksjonen frå 2019 til 2020 kjem av at utlåna vart redusert vesentleg i 2020 samanlikna med 2019, ned mot meir normalt nivå dei føregåande åra, medan avdraga vart vesentleg høgare samanlikna med 2019. Auken i avdrag kom av konsolideringar og av at garantistar av ulike årsaker såg seg nøydd til å gå inn i ulike engasjement på grunn av likviditetsproblem, overkontrahering og generelle marknadsvilkår. Valutakursendringar førte til at verdien på utlånsporteføljen minka med 88 mill. kroner i 2020, sjå note 1 til tabellen ovanfor. Netto realisert valutavinst på avdraga som vart innbetalte i 2020, utgjorde om lag 2,7 mrd. kroner.
Det vart inntektsført renter frå ordninga med 1,6 mrd. kroner på kapittel 5629, post 80 i statsrekneskapen 2020. Tilsvarande tal for 2019 og 2018 var høvesvis om lag 1,5 mrd. kroner og 1,7 mrd. kroner.
Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av GIEK og/eller andre finansinstitusjonar. Ved restrukturering av låneforhald, der det vert rekna eit break cost-krav mot låntakar, vil slike krav ikkje vere sikra på same måte. Desse krava er ikkje garanterte og inneber dermed ein noko høgare tapsrisiko for eksportkredittordninga samanlikna med ordinær utlånsportefølje som er garantert. Krav om break cost er inkludert som ein del av låneavtalen for å sikre staten sine samla verdiar. Restrukturering av låneforhald vert inngått under føresetnad om vidare drift. Dei aktuelle krava er ikkje kome til forfall enno. Per 31.12.2020 var det registrert 123,3 mill. kroner i slike krav. Det har ikkje vore slike krav tidlegare år.
Fotnotar
Fylkesmannen fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det nye namnet er Statsforvaltaren.
Bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, følgjer prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Det inneber at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen òg inneheld opptente, men enno ikkje betalte renter.
Desse omfattar landsdekkjande innovasjonslån, distriktsretta risikolån, risikolån landbruk, landsdekkjande innovasjonslån European Investment Fund og distriktsretta risikolån European Investment Fund.
Andre utlån omfattar lån til pakkereisearrangørar, lån til investeringsfond for Nordvest-Russland og Aust-Europa, bygdeutviklingslån til landbruket og lån til tilsette. (Innovasjon Noreg forvaltar òg bygdeutviklingslån til landbruket for Landbrukets utviklingsfond, som omfattar 1 672 lån.)