3 Statens pensjonsfond
Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 11 199,3 mrd. kroner ved utgangen av 2020, tilsvarande ein auke på 844,3 mrd. kroner frå utgangen av 2019. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.
Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)
2019 | 2020 | Endring | |
---|---|---|---|
SPU | 10 086 229 | 10 907 094 | 820 864 |
SPN | 268 740 | 292 197 | 23 457 |
Statens pensjonsfond | 10 354 969 | 11 199 290 | 844 321 |
3.1 Statens pensjonsfond utland
Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2020 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Equinor ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskotet over tid svare til venta realavkastning av SPU.
SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føre tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.
Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane frå fondet til statskassa spesifiserte.
Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein auke i verdiane i SPU på 820,9 mrd. kroner i 2020. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 106,8 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2020 vart det overført 417,4 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2020 netto finanstransaksjonar2, jf. lov om Statens pensjonsfond § 4, på 9,1 mrd. kroner etter sal av aksjar i Equinor. Avkastninga av plasseringane til fondet var 1 122,4 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 217,3 mrd. kroner3 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 169,7 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 677,4 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 57,9 mrd. kroner som følgje av svekka kronekurs i 2020. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 1 069,7 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).
Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Equinor ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2020 er netto avsetjing -301,5 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.
Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)
Overføring til SPU | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Januar | 4 400 | 330 |
Februar | 1 700 | -1 800 |
Mars | 1 700 | -61 000 |
April | 1 700 | -30 000 |
Mai | 2 000 | -36 000 |
Juni | 2 000 | -39 000 |
Juli | 2 000 | -39 000 |
August | -3 600 | -39 000 |
September | -3 600 | -27 000 |
Oktober | -3 600 | -24 000 |
November | -3 600 | -5 000 |
Desember | 16 800 | 3 800 |
Sum kontantoverføringar til/frå(-) SPU*) | 17 900 | -297 670 |
+ Oppgjer av mellomrekninga frå i fjor | 7 992 | -2 458 |
- Netto avsetjing til SPU i år, inkl. finanspostar | 28 350 | -301 492 |
For lite (-) /mykje overført til SPU i år | -2 458 | 1 363 |
*) For 2020 vart det til saman overført 297,7 mrd. kroner fra fondet. I 2019 vart det overført 2 458 mill. kroner for lite til fondet frå statskassa, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2019. Dei kontante overføringane frå SPU til statskassa i 2020 enda opp med å vere 1 363 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2019 skulle tilseie, slik at statskassa har ei fordring på SPU. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.
Samla verdi av fondet ved utgangen av 2020 er bokført til 10 907,1 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarer til marknadsverdien av fondet på 10 908,5 mrd. kroner og mellomrekninga på 1,4 mrd. kroner i favør av statskassa. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.
Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i eigedom. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet vert nærare omtalt i Meld. St. 24 (2020–2021) Statens pensjonsfond 2021.
Den 25. februar 2021 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.
Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarer til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2020. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 10 908,5 mrd. kroner ved utgangen av 2020. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 10,9 prosent for heile 2020 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 12,1 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 7,5 prosent og dei unoterte eigedomsinvesteringane -0,1 prosent.
Verdien av den norske krona svekka seg i 2020 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 57,9 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.
Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2020 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,05 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 1 282 mill. kroner i 2020 mot 291 mill. kroner i 2019. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank, medrekna eksterne forvaltarar, 5 305 mill. kroner i 2020, mot 4 312 mill. kroner i 2019. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 11 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2020, og kostnadsutviklinga vert nærare omtalt i Meld. St. 24 (2020–2021) Statens pensjonsfond 2021, der årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg.
Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)
Notar | 2019 | 2020 | |
---|---|---|---|
Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50) | 1 | 256 915 | 106 825 |
Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96) | 2 | 0 | 9 110 |
Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50) | 3 | -228 564 | -417 426 |
Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet | 28 350 | -301 492 | |
Avkastning av plasseringane til fondet | 4 | 1 814 470 | 1 122 356 |
Samla endring SPU | 1 842 820 | 820 864 |
1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.
Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):
Kap. | Post | 2019 | 2020 | |
---|---|---|---|---|
INNTEKTER | ||||
5507 | Skatt og avgift på utvinning av petroleum | |||
71 | Ordinær skatt på formue og inntekt | 43 011 | 16 725 | |
72 | Særskatt på oljeinntekter | 90 490 | 11 663 | |
74 | Arealavgift m.m. | 1 505 | 1 418 | |
Sum kap. 5507 | 135 006 | 29 805 | ||
5508 | 70 | Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 5 371 | 5 602 |
5509 | 70 | Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 2 | 1 |
5440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
24 | Driftsresultat | 97 376 | 59 075 | |
30 | Avskrivingar | 22 674 | 22 439 | |
80 | Renter av statens kapital | 2 791 | 2 483 | |
85 | Renter på mellomvære | -32 | -9 | |
Sum kap. 5440 | 122 809 | 83 988 | ||
5685 | 85 | Utbyte frå Equinor ASA | 20 057 | 15 030 |
Sum inntekter frå petroleumsverksemda | 283 245 | 134 425 | ||
UTGIFTER | ||||
2440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
30 | Investeringar | 26 331 | 27 601 | |
Sum utgifter til petroleumsverksemda | 26 331 | 27 601 | ||
Sum netto kontantstraum | 256 915 | 106 825 | ||
2800 | Statens pensjonsfond utland | |||
50 | Overføring til fondet | 256 915 | 106 825 |
Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar
Det var ikkje finanstransaksjonar som påverkar resultatoppsettet for SPU i 2019. I 2020 vart det seld aksjar i Equinor for 9 110 mill. kroner.
Kap. | Post | 2019 | 2020 | |
---|---|---|---|---|
4811 | Equinor ASA | |||
96 | Aksjar | 0 | 9 110 | |
Sum finanstransaksjonar | 0 | 9 110 | ||
2800 | Statens pensjonsfond utland | |||
96 | Finanspostar overført til fondet | 0 | 9 110 |
Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet
Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):
Kap. | Post | 2019 | 2020 | |
---|---|---|---|---|
5800 | Statens pensjonsfond utland | |||
50 | Overføring frå fondet | 228 564 | 417 426 |
Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet
Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):
2019 | 2020 | |
---|---|---|
Resultat frå porteføljen før vinst/tap valuta | ||
Inntekt/kostnad frå: | ||
– aksjar | 1 486 909 | 883 788 |
– obligasjonar | 192 820 | 198 080 |
– unotert eigedom | 16 175 | -1 017 |
– finansielle derivat | 353 | -6 891 |
– utlån med sikkerhetsstillelse | 4 529 | 4 028 |
– innlån med sikkerhetsstillelse | -1 926 | -751 |
Skattekostnad1) | -6 827 | -7 513 |
Renteinntekt/kostnad | 77 | 25 |
Annan inntekt/kostnad | -8 | -35 |
Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2) | 1 692 103 | 1 069 713 |
Vinst/tap valuta | 126 679 | 57 948 |
Porteføljeresultat | 1 818 782 | 1 127 661 |
Forvaltningskostnad | -4 312 | -5 305 |
Resultat og totalresultat | 1 814 470 | 1 122 356 |
1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks årsrapport for SPU.
2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 9 og 12. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):
Renter | Utbyte | Real. vinst/tap | Ureal. vinst/tap | Andre postar | Sum | |
---|---|---|---|---|---|---|
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå: | ||||||
– aksjar (4.1) | 157 477 | 103 946 | 622 365 | 883 788 | ||
– obligasjonar (4.2) | 62 213 | 71 432 | 64 436 | 198 080 | ||
– eigedom (6.1) | 8 3751) | -9 392 | -1 017 | |||
– finansielle derivat (4.3) | -1 186 | -5 702 | -3 | -6 891 | ||
Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (12.1) | 4 028 | 4 028 | ||||
Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (12.1) | -751 | -751 | ||||
Renteinntekt/kostnad | 25 | 25 | ||||
Skattekostnad (9.1) | -7 513 | -7 513 | ||||
Annan inntekt/kostnad | -35 | -35 | ||||
Porteføljeresultat før vinst/tap valuta | 69 427 | 157 477 | 169 675 | 677 406 | -4 272 | 1 069 713 |
Summen av renteinntekter (69,4 mrd. kroner), aksjeutbyte (157,5 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (-4,3 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (5,3 mrd. kroner) utgjer 217,327 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.
1) Talet inkluderer renter og utbyte som ikkje er fordelte.
Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)
Eigedelar | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Mellomrekning med statskassa1) | 2 458 | 0 |
Konto i Noregs Bank2) | 10 083 771 | 10 908 457 |
Sum eigedelar | 10 086 229 | 10 908 457 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Mellomrekning med statskassa1) | 0 | 1 363 |
Eigenkapital | 10 086 229 | 10 907 094 |
Sum gjeld og eigenkapital | 10 086 229 | 10 908 457 |
1) Dei kontante overføringane frå SPU til statskassa i 2020 vart 1 363 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2019 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2020 ei fording som statskassa har på fondet, og som vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2021. Tilsvarande tal per 31.12.2019 var eit krav på 2 458 mill. kroner i favør av SPU som vart avrekna i overføringane i 2020.
2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:
Tal i mill. kroner | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Eigedelar | ||
Innskot i bankar | 14 476 | 18 258 |
Utlån med sikkerhetsstillelse | 222 946 | 192 526 |
Avgiven kontantsikkerhet | 1 090 | 5 715 |
Uoppgjorde handlar | 3 169 | 4 460 |
Aksjar | 6 714 195 | 7 538 156 |
Utlånte aksjar | 426 623 | 438 353 |
Obligasjonar | 2 316 823 | 2 343 362 |
Utlånte obligasjonar | 479 852 | 520 978 |
Finansielle derivat | 3 335 | 2 551 |
Unotert eigedom | 264 538 | 272 507 |
Andre eigedelar | 3 737 | 3 574 |
Sum eigedelar | 10 450 786 | 11 340 440 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Innlån med sikkerhetsstillelse | 338 266 | 390 380 |
Motteken kontantsikring | 6 754 | 6 004 |
Uoppgjorde handlar | 13 894 | 20 326 |
Finansielle derivat | 3 294 | 7 619 |
Anna gjeld | 495 | 2 350 |
Skuldig forvaltningskostnad | 4 312 | 5 305 |
Sum gjeld | 367 015 | 431 983 |
Eigenkapital SPU | 10 083 771 | 10 908 457 |
Sum gjeld og eigenkapital | 10 450 786 | 11 340 440 |
3.2 Statens pensjonsfond Noreg
Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.
Folketrygdfondet offentleggjorde 23. februar 2021 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2020.
Aksje- og obligasjonsplasseringane vert førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. Eigenkapitalen i SPN var ved utgangen av 2020 292,2 mrd. kroner, mot 268,7 mrd. kroner året før. I årsmeldinga til Folketrygdfondet vert dei ulike eigedels- og gjeldspostane fordelte til høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen. Sjå note 5 Porteføljeområde i Folketrygdfondet sin rekneskap for SPN. Fordelinga syner at bokført verdi av SPNs aksjeportefølje ved utgangen av 2020 var 190,3 mrd. kroner, og bokført verdi av renteporteføljen var 101,9 mrd. kroner. Tilsvarande tal for 2019 var høvesvis 166,6 mrd. kroner og 102,2 mrd. kroner.
I 2020 syner resultatet til SPN eit overskot på 23,5 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.6 Renteinntekter utgjorde 2,7 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 5,1 mrd. kroner. Verdipapirvinstane var på 16,3 mrd. kroner, med 11,1 mrd. kroner i vinst på eigenkapitalplasseringar, 3,6 mrd. kroner i vinst på renteplasseringar og 1,5 mrd. kroner i vinst på finansielle derivat. Netto andre inntekter var på -0,5 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 164 mill. kroner, som er 0,06 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2020. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld. St. 24 (2020–2021) Statens pensjonsfond 2021.
Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2020. Avkastninga av fondet i 2020 var på 8,8 prosent. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 7,4 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 8,1 prosent.
Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2020 revidert av revisjonsselskapet KPMG, som er oppnemnt av Finansdepartementet.
Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)
2019 | 2020 | |
---|---|---|
Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet: | ||
– aksjar | 19 657 | 11 135 |
– obligasjonar og andre renteberande papir | 416 | 3 642 |
– finansielle derivat | 901 | 1 531 |
Renteinntekter | 2 706 | 2 741 |
Utbyte | 5 977 | 5 086 |
Andre porteføljeinntekter/-kostnader | 75 | -480 |
Transaksjonskostnader | -23 | -34 |
Porteføljeresultat | 29 709 | 23 621 |
Forvaltningskostnader | -170 | -164 |
Totalresultat SPN1) | 29 539 | 23 457 |
1) Summen av renteinntekter (2 741 mill. kroner), aksjeutbyte (5 086 mill. kroner) og netto andre inntekter (-480 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (164 mill. kroner), utgjer 7 184 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.
Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)
2019 | 2020 | |
---|---|---|
Eigedelar | ||
Bankinnskot | 6 590 | 5 770 |
Krav knytte til attsalsavtalar | 2 267 | 2 197 |
Stilt kontantsikring | 30 | 13 |
Uoppgjorde handlar | 18 | 170 |
Aksjar | 153 471 | 181 782 |
Utlånte aksjar | 13 023 | 8 303 |
Obligasjonar og andre renteberande papir | 99 099 | 98 747 |
Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir | 9 576 | 6 003 |
Finansielle derivat | 2 478 | 3 879 |
Krav | 89 | 93 |
Sum eigedelar | 286 641 | 306 957 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Innlån knytt til attkjøpsavtalar | 2 814 | 2 623 |
Motteken kontantsikring | 14 580 | 11 367 |
Uoppgjorde handlar | 17 | 157 |
Finansielle derivat | 470 | 603 |
Skuldig forvaltningsgodtgjersle | 20 | 10 |
Sum gjeld | 17 901 | 14 760 |
Eigenkapital SPN | 268 740 | 292 197 |
Sum gjeld og eigenkapital | 286 641 | 306 957 |
Fotnotar
Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.
Sjå omtale i note 2 til tabell 3.3.
Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, utgjer 217,3 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.
Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2020 (-301 492 mill. kroner) er netto kontantstraum (106 825 mill. kroner) og netto finanstransaksjonar (9 110 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (417 426 mill. kroner).
Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.
Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.