Meld. St. 32 (2014–2015)

Norske interesser og politikk i Antarktis

Til innhaldsliste

6 Forsking og kunnskap

6.1 Verdien av norsk forsking i Antarktis

Norge er ein av dei fremste polarforskingsnasjonane i verda. Av naturlege grunnar er det innsatsen i Arktis som dominerer, men Norge har òg ei lang historie med forsking, ekspedisjonar, kartlegging og næringsverksemd i Antarktis. Denne tradisjonen, saman med logistikkressursane og fagmiljøa våre, gjev gode føresetnader for norsk forsking i Antarktis.

Figur 6.1 Kveldssol på den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land.

Figur 6.1 Kveldssol på den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land.

Foto: Stein Tronstad, Norsk Polarinstitutt.

Det er ein styrke at norsk polarforsking er knytt både til Arktis og Antarktis. Studiar av miljø og økosystem, is, hav og atmosfære i begge polområda gjev grunnlag for å forstå globale fenomen, som til dømes klimaendringar, og langtrekkjande fenomen som langtransporterte forureiningar, økosystemdynamikk, atmosfæriske prosessar og havstraumar. Kompetansen om Arktis kan vi nytte når vi studerer utviklinga i Antarktis. Antarktis vert påverka av og påverkar sjølv globale klimaendringar, mellom anna gjennom endringar i dei flytande isbremmane, luft- og havsirkulasjonen og havnivået. Her har Norge sterke forskingsmiljø som medverkar til å utvikle den internasjonale kunnskapen.

Kvalitet er eit overordna mål for all forsking og ein føresetnad for vitskapleg innverknad og posisjon. Relativ førekomst av siteringar er eit mål som ofte vert nytta for kvalitet. Norsk polarforsking ligg over verdsgjennomsnittet når det gjeld kor ofte publikasjonane i snitt vert siterte,1 men eit stykke bak dei leiande nasjonane. Vi har føresetnader for å kome opp blant dei ti beste gjennom kompetansebygging, rekruttering av dugande forskarar og høg grad av internasjonalt samarbeid. Norsk polarforsking står overfor eit generasjonsskifte i åra som kjem. Det vert viktig at nye forskarar får høve til å utvikle og nytte kompetansen sin i Antarktis.

Eit godt kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for at partane under antarktissamarbeidet kan forvalte miljøet i traktatområdet på ein god og effektiv måte. Norge medverkar her med ny kunnskap gjennom forsking. Forsking er òg viktig for at vi skal oppfylle pliktene våre i miljøprotokollen og CAMLR-konvensjonen. Eit døme på dette er at kunnskapen om korleis ulike aktivitetar verkar inn på miljøet er viktig for å planleggje og gjennomføre verksemd i samsvar med miljøprotokollen. God kunnskap om dei marine økosystema er ein føresetnad for å sikre ei berekraftig forvalting og hausting av ressursane i havområda rundt Antarktis. Forsking er òg avgjerande for å utnytte nye bruksområde, til dømes ved marin bioprospektering, jf. kapittel 8.9. I Antarktis finst det dessutan interessante høve til å drive romforsking. Med minimale forstyrringar frå vassdamp og radiostøy er kontinentet til dømes eit godt utgangspunkt for astronomiske og kosmologiske målingar, jf. kapittel 8.7.

I tillegg til den sjølvsagde eigenverdien av god vitskap har forskingsverksemda ein overordna verdi for norske interesser og norsk politikk i Antarktis, og støttar opp under Norge som ein kunnskapsbasert og ansvarleg polarnasjon.

Regjeringa vil:

  • Leggje til rette for utvikling av kunnskap i og om Antarktis.

  • Leggje til rette for rekruttering, innan gjeldande budsjettrammer, av nye og etablerte forskarar til forsking i Antarktis.

6.2 Status for norsk forsking i Antarktis

Norsk forsking i Antarktis medverkar til å dekkje kunnskapsbehov for forvaltinga og til å utvikle ny grunnleggjande kunnskap, gjennom både eigen aktivitet og deltaking i det internasjonale forskingssamarbeidet i Antarktis. Norsk polarforsking var rangert som nummer tre for Arktis og som nummer 21 for Antarktis i 2010 (målt i talet på publikasjonar). Dei største forskingsnasjonane i Antarktis er USA, Storbritannia, Australia og Tyskland. Sjølv om Arktis er viktigast for norsk polarforsking, er det aukande merksemd og interesse for norsk forsking i Antarktis.

Grunnlaget for denne innsatsen er infrastruktur, kompetanse og internasjonalt samarbeid.

6.3 Infrastruktur

Under dei geografiske og klimatiske tilhøva i Antarktis er god infrastruktur ein føresetnad for all forsking, overvaking og kartlegging. Den norske infrastrukturen er bygd opp for å støtte opp under forskings- og overvakingsaktiviteten.

Forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land vart oppgradert til heilårsstasjon i 2005 og gjer det i dag mogleg å drive forsking og overvakingsverksemd gjennom heile året. Stasjonen har utstyr for måling av meteorologiske data og UV-lys og er feltstasjon for glasiologiske, biologiske og geofysiske feltprogram. TrollSat les ned satellittdata om vêr og klima, romvêr, istilhøve og miljø. Det er mogleg å auke mengda av kontinuerlege og automatiserte måleseriar ved Troll. Slik aktivitet vil utnytte føremona med ein heilårsstasjon. Det er eit mål å utnytte forskingsinfrastrukturen best mogleg. Med tanke på ressursbruk og dei unike tilhøva som Troll gjev for forsking og overvaking, er det ønskeleg å auke den heilårlege forskinga og overvakinga. Norske forskarar har dessutan bruk for tilgang til utanlandsk forskingsinfrastruktur i Antarktis. Med aukande internasjonal interesse for forsking i Antarktis er det fleire land som etablerer nye sommar- og heilårsstasjonar for forsking og overvaking. Dette gjer det enklare med koordinering, samarbeid og deling av både utstyr og data på tvers av nasjonalitetar. Troll og logistikktenestene som er knytte til stasjonen, legg til rette for at Norge kan gå i spissen for auka koordinering av forskinga og for samarbeidet mellom dei ulike forskingsstasjonane i Dronning Maud Land.

Figur 6.2 HM Kong Harald vitjar Troll, februar 2015. Dette var første gongen ein regjerande monark vitja det antarktiske kontinentet.

Figur 6.2 HM Kong Harald vitjar Troll, februar 2015. Dette var første gongen ein regjerande monark vitja det antarktiske kontinentet.

Foto: Stein J. Bjørge (Aftenposten).

I rapporten Norsk forskingsinnsats i Antarktis 2013–2022 frå 2012 peikte den tidlegare nasjonalkomiteen for polarforsking i Norges forskingsråd på at medan forskingsinfrastrukturen på land kan utnyttast betre, treng den marine forskinga betre tilgang til infrastruktur. Eit nytt nasjonalt, isgåande forskingsfartøy, Kronprins Haakon, er under bygging og skal vere operativt i 2018. Med dette fartøyet får norske forskarar ei unik plattform for havforsking, klimaforsking og anna polarforsking både i Antarktis og i Arktis.

Regjeringa vil:

  • Medverke til at ledig infrastrukturkapasitet vert utnytta gjennom aktiv prioritering og kapasitetsbygging.

  • At det innanfor fastlagde rammer vert lagt til rette for at utanlandske institusjonar som ønskjer å etablere seg på Troll, skal få oppfylt dette ønsket.

  • Leggje til rette for optimal utnytting av det nye forskingsfartøyet Kronprins Haakon, mellom anna i internasjonalt forskingssamarbeid om marine økosystem og bestandar.

6.4 Kompetanse

Den største norske forskingsaktøren i Antarktis er Norsk Polarinstitutt. Instituttet har ei sentral rolle i topografisk og geologisk kartlegging, miljøovervaking og forvaltingsretta forsking, og er fagleg og strategisk rådgjevar for styresmaktene i polare spørsmål. I Antarktis driv Norsk Polarinstitutt både marin og terrestrisk forsking som er relevant for dei gjeldande forvaltingsregima i området, mellom anna CCAMLR. Instituttet medverkar også til internasjonal klimaforsking, særleg på is, hav og økosystem. Gjennom støtteordninga NARE (Norwegian Antarctic Research Expeditions) legg Norsk Polarinstitutt til rette for gjennomføring av statleg finansiert antarktisforsking. Norsk Polarinstitutt er òg ansvarleg for logistikk og operasjonar i Dronning Maud Land, og dessutan for stasjonsdrift og arealplanlegging på Troll. Havforskingsinstituttet er ein sentral aktør i norsk marin polarforsking, kartlegging og rådgjeving. Aktiviteten til Havforskingsinstituttet i Antarktis er for det meste knytt til CCAMLR og forvaltinga av levande marine ressursar, med særlig fokus på dei ressursane som kan utnyttast kommersielt. Overvaking av krillbestanden er sentralt her, mellom anna gjennom datainnsamling frå kommersielle fartøy og dedikert toktverksemd. Både Havforskingsinstituttet og Norsk Polarinstitutt tek del i arbeidet med det vitskaplege underlaget for fiskeriregulering og spørsmål om marine verneområde i Antarktis.

Det er fleire andre norske forskingsmiljø frå universitets- og instituttsektoren som òg spelar ei rolle i den internasjonale kunnskapsutviklinga om Antarktis. Det gjeld både forsking på Antarktis som geografisk område og forsking som tek utgangspunkt i dei forskingstilhøva som Antarktis byr på, men som har meir generelle siktemål, som til dømes klimaforsking og atmosfæreforsking.

Forsking er avgjerande òg når det gjeld norsk næringsverksemd i Antarktis, særleg marin kompetanse. Den norske staten yter store tilskot til forskinga i Antarktis. Mesteparten (om lag 70 prosent) av norsk polarforsking i Antarktis vert finansiert ved løyvingar over statsbudsjettet til Norsk Polarinstitutt, Havforskingsinstituttet og instituttsektoren, og om lag 14 prosent vert løyvt over forskingsprogramma til Norges Forskingsråd. Samstundes medverkar næringslivet sjølv med både planlegging og finansiering av forsking i Antarktis. Næringslivet finansierte i 2010 om lag 3 prosent av antarktisforskinga.

Komplekse problemstillingar i samband med forvalting, klima og miljø i Antarktis krev ei tverrfagleg tilnærming. Polare problemstillingar kan i større grad òg illustrerast frå samfunnsvitskaplege og humanistiske perspektiv.

Regjeringa vil:

  • Medverke til utvikling og bruk av teknologi for automatiske målingar og fjernmåling (til dømes satellittar, fly, dronar og farkostar utan mannskap).

  • Leggje til rette for utvida bruk av fiskefarty i forskingsverksemd.

6.5 Internasjonalt samarbeid

I dag finst det eit omfattande internasjonalt forskingssamarbeid i Antarktis, både gjennom dei etablerte organisasjonane og på prosjektbasis. Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) utgjer, saman med arbeidet i vitskapskomiten til CCAMLR, rammeverket for internasjonalt forskings- og overvakingssamarbeid i Antarktis. SCAR er ein komité under Den internasjonale vitskapsunionen (ICSU) og har som oppgåve å setje i verk, fremje og samordne vitskapleg forsking i Antarktis.

I 2010 var 43 prosent av publikasjonane frå norsk forsking i Antarktis basert på internasjonalt samarbeid. Det utgjer en stor del, men ligg noko under snittet for norsk forsking generelt (56 prosent i 2013). Måla om auka kvalitet og optimal utnytting av forskingsinfrastrukturen tilseier at norsk forsking i Antarktis i endå større grad bør rettast inn mot internasjonalt samarbeid og publisering i velrenommerte internasjonale vitskaplege tidsskrift. Den aukande internasjonale forskingsaktiviteten i Antarktis gjev grunnlag for nytt internasjonalt og tverrfagleg samarbeid og større innbyrdes tilgang til infrastruktur og forskingsdata. Samstundes gjer EU sitt forskingsprogram Horisont 2020 det mogleg å auke den EU-finansierte antarktisforskinga, som er relativt låg i dag.

Forsking i Antarktis er svært ressurskrevjande og krev omfattande tverrfagleg kompetanse og samarbeid om infrastruktur og forskingsdata. Gjennom internasjonalt forskingssamarbeid kan vi innhente kunnskap som det elles ikkje er mogleg for eit einskilt land å gjere.

Regjeringa vil:

  • At Norge skal ta ei sentral rolle i det internasjonale arbeidet for å skipe eit fleirsidig infrastruktur- og datasamarbeid i Antarktis.

  • Stimulere norske antarktisforskarar til å ta meir aktivt del i SCAR-arbeidsgruppene og auke publiseringa i internasjonale vitskaplege tidsskrift.

6.6 Mål for norsk forsking i Antarktis

Regjeringa set følgjande overordna mål for norsk forsking i Antarktis:

  1. Utnytte norsk forsking og norske føremoner i Antarktis til å styrkje Norge som polarforskingsnasjon.

  2. Støtte opp under og gje premissar for norsk forvalting og aktivitet i Antarktis.

  3. Medverke til å innhente heilskapleg kunnskap om dei globale klima- og miljøendringane, mellom anna ved å utnytte synergien mellom polarforsking i sør og i nord.

  4. Skaffe fram forskingsbasert kunnskap som medverkar til at Norge på best mogleg måte styrkjer og oppfyller pliktene våre som traktatpart.

Den generelle forskingspolitikken vert trekt opp i Forskingsmeldinga, Meld. St. 18 (2012–2013) «Lange linjer – kunnskap gir muligheter». I meldinga vert det streka under at kvaliteten i norsk forsking må styrkjast. Det må leggjast til rette for meir djervskap og fornying, sterkare internasjonalisering og meir samspel om både utvikling og bruk av kunnskap. Gjennom internasjonal statistikk er det dokumentert at det trengst kvalitetsheving og internasjonalisering i delar av norsk polarforsking.

Figur 6.3 Måling av ismasserørsler, Fimbulisen.

Figur 6.3 Måling av ismasserørsler, Fimbulisen.

Foto: Norsk Polarinstitutt.

Langtidsplanen for forsking som regjeringa la fram hausten 2014, vert eit viktig grunnlag for prioritering i dei nærmaste åra.2 Planen har tre hovudmål: Å styrkje konkurransekrafta og innovasjonsevna, å løyse store utfordringar i samfunnet og å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet. I planen vert seks tematiske prioriteringar framheva, der hav, klima, miljø og innovativt næringsliv peikar seg ut som sentrale tema for forsking i Antarktis.

Norges forskingsråd har utarbeidd to plandokument som tilrår ei styrking av forskingsinnsatsen i Antarktis: Norsk forskingsinnsats i Antarktis 2013–2022. Rapport frå Polarkomiteen (Norges forskingsråd, 2012; sjå omtale i kapittel 6.3) og Norsk polarforsking. Forskingspolicy (Norges forskingsråd, 2013). Dokumenta byggjer på brei deltaking frå forskingsmiljøa og er eit solid grunnlag for faglege prioriteringar av framtidig innsats i regi av Forskingsrådet.

Boks 6.1 «Earth System Science»

«Earth System Science» (ESS) omfattar studia av einskildprosessane og vekselverknadene i alle nivå mellom biosfæren, geosfæren, atmosfæren, kryosfæren og hydrosfæren, og byggjer på data frå alle dei fem sfærane. I tillegg påverkar menneska (antroposfæren) prosessar innanfor og mellom desse sfærane, og vert òg påverka av dei same prosessane. Det er fleire årsaker til at polområda er særleg interessante i ESS-samanheng:

  • Dei økologiske systema er ofte enklare.

  • Både dei naturlege variasjonane og effektane av menneskeleg aktivitet kan vere større i polområda enn andre stader.

  • Fleire av drivkreftene for og effektane av dei globalt dominerande prosessane ligg i polare område (termohalin-sirkulasjon, isdekke).

Visse globalt viktige prosessar finst berre i polare område (nordlys, sørlys og andre plasmafenomen).

Ut frå den posisjonen og dei interessene som Norge har i Antarktis, er det samstundes andre viktige omsyn og krav til forskinga. I tillegg til å utvikle ny innsikt og kunnskap skal forskinga byggje opp under norsk posisjon, politikk, forvalting og næringsverksemd i området. Han skal òg gjennomførast i tråd med dei miljøkrava som er fastsette for området.

Regjeringa vil:

  • Oppmode institusjonane om å samarbeide meir med næringslivet og den offentlege sektoren om forskarutdanning innanfor polarforsking.

  • Oppmode næringslivet til i større grad å investere i kunnskap om Antarktis og ta del i det internasjonale polarforskingssamarbeidet.

6.7 Kunnskapsbehov i samband med klimaendringar

Antarktis spelar, saman med Arktis, ei nøkkelrolle i det globale klimasystemet. Innlandsisen på Grønland og i Antarktis utgjer om lag 99 prosent av all ferskvassisen i verda. Berre isen i det vestlege Antarktis inneheld vassmengder nok til å auke havnivået med fleire meter. Auka smelting av isdekka i Antarktis og på Grønland vil vere irreversibel, og vil ha dramatiske og globale verknader på lang sikt.

Den kraftigaste temperaturauken har funne stad i vestlege og nordlege delar av Antarktishalvøya med ein auke på 0,53 °C per tiår for perioden 1951–2006. Den observerte auken i temperatur kjem av varm luft som vert ført til halvøya med sterkare vestavindar. Oppvarminga i Vest-Antarktis er knytt til høgare overflatetemperatur i den tropiske delen av Stillehavet. Det er uklart kor mykje av oppvarminga i Antarktis som kjem av menneskeleg påslag, og kor mykje som kjem av naturleg variasjon.

I Antarktis viser satellittdata at den gjennomsnittlege utbreiinga av havisen har auka litt i området som heilskap, men at det er store regionale skilnader. Om denne auken er eit teikn på ei varig endring er usikkert, fordi utbreiinga av isen varierer monaleg frå år til år rundt Antarktis. Den tilgjengelege kunnskapen tilseier at det er rimelig å rekne med at havisen i Antarktis etter kvart vil minke i utbreiing og tynnast.

I Antarktis strøymer ismassane frå innlandsisen i dei indre, høgtliggjande områda mot kysten. Når isen når havet, flyt han utover og dannar ein krans av flytande is – den såkalla isbremmen. Varmare havvatn, som trengjer inn under isbremmen, kan føre til smelting og oppløysing av isbremmane. Dette er i stor grad avgrensa til den antarktiske halvøya og området ved Amundsenhavet i Vest-Antarktis. Klimapanelet til FN konkluderer med at tapet av is langs kysten av Antarktis (kalving og smelting) er større enn den auken på innlandsisen som kjem av større nedbørsmengder. Modellar viser at Antarktis framleis vil medverke til at havnivået stig.

Figur 6.4 Iskjerneboring i Fimbulisen.

Figur 6.4 Iskjerneboring i Fimbulisen.

Illustrasjon: Eirik Berger (Norsk Polarinstitutt).

Vurderingane vi har om moglege klimaendringar i Antarktis i framtida byggjer på sirkulasjonsmodellar som ser atmosfære, is og hav i samanheng. Sjølv om modellresultata framleis er usikre, er forskingsmiljøa samde om at temperaturen over Antarktis vil kunne auke med fleire grader i dette hundreåret dersom utsleppa av drivhusgassar til atmosfæren held fram med å auke i det same tempoet som i dag. Det er venta at overflatetemperaturen i Antarktis i år 2100 framleis vil liggje godt under frysepunktet over det meste av kontinentet, og at temperaturauke ikkje vil medverke til at innlandsisen smeltar.

Figur 6.5 Den første iskjerna som vert teken ut av isen.

Figur 6.5 Den første iskjerna som vert teken ut av isen.

Foto: Jan-Gunnar Winther, Norsk Polarinstitutt.

Manglande kunnskap er likevel ei grunnleggjande hindring mot å få ei full forståing av klimaendringar i Antarktis og kva Antarktis har å seie for det globale klimaet. Forsking i Antarktis generelt og klimaforsking spesielt er svært ressurskrevjande og krev ein omfattande tverrfagleg kompetanse. Gjennom internasjonalt forskingssamarbeid kan vi hente inn kunnskap på klimaområdet som det elles ikkje er mogleg for ein einskild nasjon å oppnå.

Boks 6.2 Klimaprosjektet ICE-iskoller

ICE-iskoller er eit klimaprosjekt der føremålet har vore å studere iskollene på isbremmane langs kysten av Dronning Maud Land. Iskoller er samanpressa is som hevar seg der kor isbremmane er i kontakt med havbotnen. Desse forankringspunkta påverkar isbremmane, mellom anna ved å bremse rørslene til bremmane ut i havet. Målet er å finne ut om, og i så fall korleis, desse iskollene påverkar kor snøgt isen flyttar seg mot havet, og kva dette har å seie for smelting av is og om havet stig eller ikkje. Målsetjinga i dette prosjektet er altså å forstå betre korleis isen rører seg i det komplekse systemet som isbrear, iskoller og isbremmar utgjer. Resultata frå forskinga vil verte nytta i ismodellar.

Feltarbeidet som er knytt til dette prosjektet, vart gjennomført gjennom tre Antarktis-somrar frå 2011 til 2014. Prosjektet ICE-iskoller har vore leidd av Norsk Polarinstitutt gjennom det nasjonale kompetansesenteret for is- og klimaforsking i polarområda (ICE).

Regjeringa vil:

  • Leggje til rette for auka forskingssamarbeid med andre land med omsyn til den rolla Antarktis spelar i det globale klimasystemet, og korleis endringar i ismassane vil påverke havnivået.

Boks 6.3 Geologiske kart

Berggrunnen i Dronning Maud Land har vore undersøkt og kartlagd av geologar frå fleire land, mellom anna Sør-Afrika, Japan, India, Tyskland, Russland og Norge. I tillegg til berggrunnskart som Norsk Polarinstitutt har gjeve ut, er det òg produsert geologiske kart av National Institute of Polar Research (NIPR) i Japan, Federal Institute for Geosciences and Natural Resources (BGR) i Tyskland og National Centre for Antarctic & Ocean Research (NCAOR) i India/Geological Survey of India. Ein del kartdata er òg publiserte i doktorgradsavhandlingar og vitskaplege publikasjonar. Eksisterande kart finst i ulike målestokkar og med ulike standardar og normer for klassifisering av bergartseiningar. Per i dag finst det ingen kartseriar, målestokkar eller normer for inndeling av berggrunnen som er einskaplege, og det finst ikkje noko geologisk oversiktskart over Dronning Maud Land.

Norsk Polarinstitutt har difor sett i verk eit fireårig prosjekt (2014–2017) som går ut på utvikle eit standardisert geologisk oversiktskart over berggrunnen i Dronning Maud Land. Prosjektet er finansiert av Utanriksdepartementet. Målet med prosjektet er å overføre og samanstille kartmateriale av eldre og nyare dato til ein digital, einsarta geologisk GIS-database. Eksisterande kart skal digitaliserast i originalversjon, og det nye kartet kompilerast i målestokken 1:250 000. Det vil verte nytta ein einskapleg internasjonal kodingsstandard for oversiktskartet. GIS-databasen skal administrerast, haldast ved like og oppdaterast av Norsk Polarinstitutt. Målgruppene vil vere forskarar som arbeider i Dronning Maud Land, norsk forvalting og andre forskings- og utdanningsinstitusjonar og den interesserte ålmenta som ønskjer informasjon om geologiske tilhøve i Antarktis.

6.8 Topografisk og geologisk kartlegging

Det meste av Antarktis er dekt av is, men der fjella stikk opp av isen, finst det nakne fjellområde som er frie for vegetasjon. Dette gjev geologane høve til å studere korleis bergartane vart danna, og kva ulike geologiske prosessar som har funne stad i jordskorpa. I dei seinare åra er det òg teke i bruk geofysiske metodar for å hente inn informasjon om berggrunnen som finst under isen. Antarktis viser eit stort geologisk mangfald. Det finst fossilførande sedimentære bergartar, lava og djupmagmatiske bergartar og ei rekkje ulike metamorfe bergartar, og dessutan aktive vulkanar og glasiale avsetningar. Dei særeigne spisse fjellformasjonane som er så karakteristiske for landskapet i sentrale delar av Dronning Maud Land, er eit resultat av den geologiske utviklinga i Antarktis gjennom millionar av år.

Norsk Polarinstitutt har det nasjonale ansvaret for topografisk og geologisk kartlegging av Dronning Maud Land. Dette har ført til ein serie naturmiljøkart i målestokken 1:100 000 og detaljkart i området rundt Troll-stasjonen. Desse karta har òg informasjon om geomorfologi, glasiologi og biologi.

Den første geologiske kartlegginga av Dronning Maud Land vart gjord under den norsk-britisk-svenske Maud-ekspedisjonen i 1949–52. Gjennom dei siste 30 åra er det gjennomført ei rekkje ekspedisjonar der geologisk kartlegging høyrer med. Den norske innsatsen innanfor geologisk kartlegging i Antarktis har likevel vore heller liten. Dette kjem først og fremst av at kostbar og krevjande logistikk og vanskar med å ta seg fram krev store ressursar. Difor er den noverande kunnskapen om geologien i Dronning Maud Land av avgrensa omfang, og det er behov for å auke kompetansen og kapasiteten på dette feltet.

Regjeringa vil:

  • Tryggje overvaking og kartlegging i norske biland i Antarktis.

  • Arbeide for at kartlegging og overvaking er på eit nivå som tryggjer norske interesser og internasjonale plikter.

Fotnotar

1.

NIFU 2 (for perioden 2005-2009).

2.

Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024.

Til forsida