1 Vurderande samandrag
Opninga av den 69. generalforsamlinga var prega av den ustabile regionale situasjonen i Midtausten og delar av Afrika, dei mange og store humanitære krisene verda står overfor, og utviklinga i Ukraina. Konfliktane i Syria, Irak, Sør-Sudan og Den sentralafrikanske republikken har tvinga millionar av menneske på flukt og ført til enorme humanitære lidingar. Krigshandlingane i Gaza og konflikten i Mali, saman med den sterke framgangen for brutale terroristorganisasjonar som ISIL og Boko Haram, utgjorde òg ein del av det dystre bakteppet for FNs generalforsamling i 2014.
Ein fellesnemnar for mange av konfliktane er at dei er komplekse, vedvarande og utan direkte utsikter til politiske løysingar. Konfliktane har òg tvinga svært mange menneske på flukt i og utanfor sitt eige land. Verda står no overfor den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen. Massive brot på menneskerettane og på andre grunnleggjande folkerettslege prinsipp, saman med utbrotet og spreiinga av det svært smittsame og dødelege ebola-viruset, prega òg dagsordenen under FNs 69. generalforsamling.
Dei store og samtidige krisene har sett det humanitære systemet til FN på ei alvorleg prøve, men har òg understreka behovet for felles løysingar. Ein tydeleg etterspurnad etter eit effektivt og handlekraftig FN stod sentralt under høgnivåveka hausten 2014. Mange land mobiliserte kraftig for global styring og forsvar av folkeretten. Tryggingsrådet til FN heldt rekordmange møte i 2014, og drøfta òg helsekrisa i samband med ebola-epidemien. Ukraina-konflikten kompliserte dynamikken i Tryggingsrådet, men berre på nokre avgrensa område.
I tillegg til dei akutte krisene har Noreg prioritert det langsiktige normative arbeidet i FNs generalforsamling, utviklingsagendaen og reformtiltaka for å styrkje FN si evne til å løyse oppgåvene sine. Noreg har styrkt den operative evna til FN gjennom politisk og diplomatisk engasjement, omfattande humanitære og utviklingspolitiske bidrag og annan støtte til FN si operative rolle. Døme på dette er støtte til å fjerne kjemiske våpen frå Syria, innsatsen mot ebola, bidrag til FNs fredsoperasjonar og politiske meklingsrolle, styrkt koordinering av FN-innsatsen på landnivå og støtte til Generalsekretæren sitt initiativ «Human Rights Up Front». På nedrustingsområdet har Noreg medverka til å auke oppslutninga om den internasjonale våpenhandelsavtalen (ATT) og humanitær nedrusting. Haustsesjonen i 1. komité om nedrustingssaker var prega av opptakten til den komande tilsynskonferansen for ikkjespreiingsavtalen (Non-Proliferation Treaty, NPT).
Utviklingspolitiske spørsmål stod sentralt under høgnivåsegmentet i Generalforsamlinga. Statsministeren, utanriksministeren og klimaministeren hadde profilerte roller i høgnivåmøta om tusenårsmåla, klima og den nye utviklingsagendaen med berekraftsmåla (Post-2015). Leiarrolla med førebuinga av den tredje internasjonale konferansen om finansiering for utvikling i 2015, arbeidet med nye berekraftsmål og gjennomføringa av dei eksisterande tusenårsmåla har stått sentralt i arbeidet til FN-delegasjonen. Noreg pressa på for effektivisering og fokusering i fonda og programma til FN og for betre koordinering, og framheva kor viktig det er at dei operasjonelle aktivitetane til FN vert tilpassa den nye utviklingsagendaen.
I tillegg har Noreg hatt ein høg profil når det gjeld likestilling, på menneskerettsområdet og innanfor internasjonal strafferett, kvinners seksuelle og reproduktive helse og rettar og diskriminering av homofile (LHBT). Trass i motstand har det vore mogleg å oppnå gode vedtak på viktige område, òg når det gjeld Nord-Korea og Iran. Både i Generalforsamlingas 3. og 6. komité spela Noreg ei viktig rolle i å konsolidere oppslutninga om viktige FN-resolusjonar i kampen mot dødsstraff, utanrettslege avrettingar og diskriminering og vald mot kvinner og seksuelle minoritetar.
Vi har vore aktive i å forsvare prinsippa om personvern i det digitale rommet, vern av diplomatiske og konsulære stasjonar, rettsstat på nasjonalt og internasjonalt nivå og vore ei tydeleg røyst for at kampen mot terrorisme må førast innanfor rettsstatens rammer. Havrettsspørsmål har stått sentralt, og Noreg har spela ei aktiv rolle i alle relevante havrettsprosessar. Noreg tok òg aktivt del under statspartsmøtet for Den internasjonale straffedomstolen (ICC), som vart arrangert i New York, og overtok mellom anna formannskapet for arbeidsgruppa for regelendringar.
Dei mange alvorlege humanitære krisene sette det humanitære arbeidet til FN under sterkt press og prega mange diskusjonar i FN gjennom hausten. Diskusjonane handla om dei enorme humanitære behova, brot på humanitærretten og manglande finansiering. Noreg heldt fram som ein sterk og synleg støttespelar for den humanitære innsatsen til FN, mellom anna gjennom støtte til ei sterkare koordinering i felten og gjennom tett dialog med sekretariatet til Verdas humanitære toppmøte. Som arrangør og medarrangør av ei rekkje seminar og møte medverka Noreg til å auke merksemda om humanitære kriser og gje ei plattform for sivilsamfunn og aktørar i felten.
Vidare har den faste norske FN-delegasjonen i New York vore leiar for gjevargruppa for det politiske kontoret til FN (DPA). Noreg er den viktigaste bidragsytaren til FN-sekretariatet si ståande gruppe av fredsmeklarar og ekspertar på konfliktførebygging som er tilgjengelege for FNs spesielle politiske oppdrag (Special Political Missions). Frå norsk side har vi medverka til å gjere kvinnelege fredsmeklarar frå sør meir synlege gjennom møte som har vore arrangert for medlemslanda og sivilsamfunnet.
FN-delegasjonen tok aktivt del i forhandlingane i FNs budsjettkomité (5. komité), og leidde forhandlingane om budsjettet for FNs spesielle politiske oppdrag. 5. komité er sterkt polarisert, det er mellom anna eit sterkt press frå ein del dominerande vestlege land for å kutte i budsjetta, og Japan og mange ikkje-vestlege medlemsland ønskjer å detaljstyre arbeidet til Generalsekretæren. Dette er ei stor utfordring for den samla effektiviteten til FN.
Noreg er tungt engasjert i dei pågåande reformene på utviklingsområdet (medrekna dei nye berekraftsmåla og finansiering for utvikling). Noreg har delteke aktivt i styra til fonda og programma til FN for å sikre betre kvalitet, meir effektiv ressursbruk og betre fokus på resultat. Noreg har òg arbeidd for å effektivisere fredsoperasjonane til FN, mellom anna gjennom å støtte det panelet som Generalsekretæren har skipa for å sjå nærare på reformer av dei samla fredsoperasjonane til FN. Vi har òg medverka til ei utgreiing om bruken av teknologi og støtta effektiviseringa av politiinnsatsen til FN i fredsoperasjonane.
Når det gjeld samarbeidsklimaet i FN, var det ikkje eintydig verre enn i tidlegare år, trass i Ukraina-konflikten og det auka konfliktnivået i Midtausten og Nord-Afrika. Arbeidet i FN er prega av langvarige skiljelinjer mellom grupper av land som representerer ulike interesser i mange internasjonale spørsmål. Det går framleis eit hovudskilje mellom vestlege land og utviklingslanda i den alliansefrie rørsla (NAM). Eit anna og til dels overlappande hovudskilje er motsetnaden mellom pluralistiske demokrati og land med eit autoritært styresett. Trass i vedvarande motsetnader på ei rekkje område har det likevel lukkast å kome fram til semje i fleire viktige saker ved å samle støtte på tvers av tradisjonelle blokker og skiljelinjer. På nedrustingsområdet i 1. komité slo Ukraina-konflikten tydeleg inn i debatten, medan vedtaka i komiteen stort sett følgde mønstera frå tidlegare år. Konfliktlinjene i 3. komité når det gjeld menneskerettar og likestilling følgde tidlegere spor, og det same gjeld i Kvinnekommisjonen, mellom anna i motstanden mot omtale av seksuell og reproduktiv helse og rettar og rettane for seksuelle minoritetar. Trass i dette var samarbeidsklimaet relativt godt, med færre negative initiativ enn året før. Men samarbeidsklimaet i 5. komité og på utviklingsområdet (2. komité) var nok meir anstrengt i år enn tidlegare. På utviklingsområdet var det til dømes krevjande forhandlingar om utviklingsaktivitetane i FN og sør-sør-samarbeidet. Dette kjem først og fremst av usemje om reform av styrande organ og ønske frå G77 om å demonstrere fleirtalsmakta si når det gjeld dette. Forhandlingane om desse to resolusjonane stranda, og dei vart tekne til votering, noko som ikkje har skjedd tidlegare i 2. komité. Dei humanitære resolusjonane var prega av G77 sitt forsvar for nasjonal suverenitet og motstanden deira mot humanitær tilgang. Manglande semje gjorde at tilretteleggjarane måtte utarbeide tekstframlegg i dei to generelle resolusjonane. Arbeidet i Tryggingsrådet var i høg grad prega av Ukraina-konflikten og dei forverra relasjonane mellom Russland og vestlege land. Dette førte først og fremst til handlingslamming når det gjeld Ukraina-spørsmålet og i tilhøvet til Syria, som i tidlegare år. Det lukkast likevel for Tryggingsrådet å gjere viktige vedtak mellom anna når det gjeld kampen mot internasjonal terrorisme og fredsoperasjonar i Afrika. Både i Generalforsamlinga og Tryggingsrådet førte det auka internasjonale konfliktnivået ikkje berre til splitting, men viste òg eit tydeleg behov for å stå saman mot globale trugsmål.
Reform av FN er eit krevjande og omstendeleg arbeid. Hovudutfordringa er som oftast ikkje mangel på idear om korleis organisasjonen kan styrkjast, men heller å få alle dei 193 medlemslanda til å einast om konkrete reformer. Under den 69. generalforsamlinga spela Noreg ei aktiv rolle i ei rekkje pågåande prosessar for å effektivisere og styrkje FN.
Noreg har teke initiativ til ein breiare prosess for reform av FN i samband med val av ein ny generalsekretær i 2016, ein prosess som vil byggje på og styrkje dei reformtiltaka som alt er påbyrja. FN-reform vil framleis stå sentralt i norsk FN-politikk i dei komande åra.
FNs 69. generalforsamling la grunnlaget for store internasjonale prosessar i 2015 på sentrale område. Dette gjeld forhandlingane og avgjerdene om å vedta nye berekraftsmål, konferansen om finansiering for utvikling og forhandlingane om ein ny klimaavtale (COP21). Året 2015 er eit svært viktig år for FN.