Meld. St. 36 (2014–2015)

Noregs deltaking i den 69. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

1 Noregs prioriteringar til FNs 69. generalforsamling

FNs 69. generalforsamling vert innleidd med høgnivåveka frå 22. til 26. september 2014. Den norske delegasjonen vert leidd av statsministeren, og fleire andre medlemmer av regjeringa vil delta. I år vert det halde eit høgnivåmøte om klima og ein spesialseksjon om befolkning og utvikling. I tillegg vert verdskonferansen for urfolk halden 22. og 23. september. Statsministeren skal leie eit møte for å fremje oppnåing av tusenårsmåla. Arbeidet med nye utviklings- og berekraftsmål etter 2015 vil stå sentralt i fleire profilerte arrangement.

Menneskerettar, fattigdomsreduksjon og likestilling vil vere tverrgåande omsyn for den norske innsatsen. Noreg vil arbeide for eit effektivt FN og for at organisasjonen skal styrkje rolla si som varetakar av fred og tryggleik, internasjonal lov og rett, menneskerettar, humanitære prinsipp og berekraftig utvikling. Vi vil byggje alliansar med andre medlemsland og byggje på det sterke nordiske samarbeidet.

FNs generalforsamling er den største og viktigaste internasjonale møteplassen i verda, og norske politikarar vil delta på ei lang rekkje bilaterale og multilaterale møte gjennom høgnivåveka, mellom anna eit møte i gjevarlandsgruppa for palestinarane (AHLC).

Fred og tryggleik

Det er eit overordna mål å styrkje FN si evne til å førebyggje og stoppe væpna konfliktar og å fremje langsiktig fredsbygging, mellom anna gjennom FN-leidde operasjonar. Kjønnsperspektivet skal inkluderast i norsk fredsarbeid. Vi vil arbeide for at kvinner skal ta del i fredsmekling, fredsprosessar og fredsoperasjonar. Noreg skal fremje vernemandata til Tryggingsrådet, mellom anna gjennom å støtte resolusjonar og ta del i debattar om kvinner, fred og tryggleik, seksualisert vold, barn i væpna konflikt, vern av sivile i væpna konflikt og ansvaret for å verne («Responsibility to Protect», R2P), i tillegg til å støtte konkret innsats for å styrkje den kapasiteten som FN-operasjonane har til å gjennomføre omfattande vernestrategiar.

Responsen frå FN på utfordringane i Midtausten, Sahel-regionen, Sør-Sudan, Somalia, og Den sentralafrikanske republikken (CAR) skal prioriterast. Noreg vil òg arbeide for at FN medverkar til løyse Ukraina-krisa på ein måte som tryggjar den territorielle integriteten til Ukraina. Noreg vil vere med på å utvikle idear som kan føre til å gjere Tryggingsrådet meir ope og effektivt, mellom anna gjennom deltaking i gruppa av land som arbeider for å betre arbeidsmetodane i rådet (ACT).

Noreg vil støtte opp om Generalsekretæren sitt initiativ «Rights up Front», som vil vere tema for Trygve Lie-symposiet i år. Initiativet går ut på å sikre at menneskerettsaspektet har ein plass i alle FN-aktivitetane. Føremålet er å medverke til at FN nyttar heile mandatet sitt eller organisasjonen sin til å medverke med vern av dei som er eller står i fare for å verte utsette for alvorlege brot på menneskerettane og/eller den internasjonale humanitærretten.

Noreg skal arbeide for å gjere FNs fredsbyggingskommisjon meir relevant for situasjonen på landnivå, mellom anna gjennom den komande gjennomgangen av fredsbyggingsarkitekturen. Vi vil støtte initiativ for å effektivisere fredsoperasjonane til FN, der sivilt personell saman med politiavdelingar og militært personell utfyller kvarandre i gjennomføringa av breitt utforma mandat. Vi vil fremje tidleg innsats innanfor fredsbygging som ein integrert del av fredsoperasjonar med særleg vekt på reform av tryggleikssektoren og utvikling av rettsstaten. Vi vil leggje vekt på at FN må møte tryggleiksutfordringar som til dømes grenseoverskridande kriminalitet, terrorisme, trugsmål i det digitale rommet og sjørøving på ein heilskapleg måte. Vi vil følgje drøftingane av slike tema i fleire komitear (mellom anna utvikling, lov og rett, FN-budsjettet og menneskerettar).

Noreg har ratifisert den internasjonale avtalen om våpenhandel (ATT) og vil arbeide for at han skal ta til å gjelde så snart som råd. Vidare vil vi støtte aktivt opp om gjennomføringa av både minekonvensjonen og konvensjonen om klasevåpen som ein del av den humanitære innsatsen og utviklingsaktivitetane til FN. Noreg skal arbeide for å gjennomføre det handlingsprogrammet som vart vedteke på tilsynskonferansen for avtalen om ikkje-spreiing av atomvåpen (NTP) i 2010. Dette vil vere viktig for ein vellukka tilsynskonferanse i 2015. I denne samanhengen vil Noreg arbeide aktivt for at det humanitære perspektivet, slik det kom til uttrykk gjennom Oslo-konferansen om humanitære konsekvensar av kjernefysiske sprengingar, vert forankra i det vidare arbeidet. Det vil òg verte arbeidd svært aktivt for ytterlegare styrking av det kjernefysiske ikkje-spreiingsregimet og framdrift på nedrustingsområdet. Noreg vil sikre at kjemivåpenkonvensjonen og biologivåpenkonvensjonen får ei breiast mogleg oppslutning.

Den regionale dimensjonen

Relevansen til FN må sjåast i lys av framvoksteren av regionale organisasjonar og samarbeidsstrukturar. Stadig fleire tryggleiks– og utviklingsutfordringar er grenseoverskridande, både tematisk og geografisk. Økonomisk, sosial og politisk integrasjon finn i aukande grad stad på regionalt nivå, og samanslutningar som AU og ASEAN vert viktigare aktørar. I samarbeid med andre medlemsland vil Noreg arbeide for at FN medverkar til å utvikle eit smidig multilateralt system som er tilpassa desse utfordringane og føremonene.

Berekraftig utvikling og utviklingsaktivitetane i FN

Noreg vil arbeide for at alle tusenårsmåla vert nådde innan 2015. Oppfølginga av statsminister Erna Solberg si rolle som leiar av Generalsekretærens pådrivargruppe for tusenårsmåla, samane med Rwandas president Paul Kagame, vil ha høg prioritet. Det er viktig å syte for at FN og medlemslanda gjev klar støtte til fornya innsats. Samstundes må blikket rettast mot eit nytt sett av mål som vil ta til å gjelde etter 2015. Oppfølginga av FN-konferansen om berekraftig utvikling (Rio+20) står sentralt i utforminga av dei nye globale berekraftsmåla. Noreg har teke aktivt del i den opne arbeidsgruppa til FN (Open Working Group, OWG) som leverte rapporten sin med framlegg til berekraftsmål hausten 2014. I Rio vart det vedteke at dei nye måla skal gjelde for alle land. Vi ønskjer eit målsett der miljø og økonomisk og sosial utvikling går som en raud tråd gjennom kvart einskilt mål. Fattigdomsreduksjon, menneskerettar og likestilling vil vere gjennomgåande tema for Noreg. Det vert gjort ein ekstra innsats for å fremje utdanning, global helse, fredelege samfunn og godt styresett, kvinners rettar og dessutan klima og tilgang til berekraftig energi. I dette arbeidet skal vi ta omsyn til at òg utviklingsland skal kunne gjere seg nytte av seg den snøgge økonomiske og sosiale utviklinga som vert mogleg gjennom det digitale rommet, særleg innanfor helse og utdanning, og støtte prosessar som medverkar til dette. Vi vil leggje særleg vekt på initiativet frå Generalsekretæren om berekraftig energi for alle (SE4ALL), mellom anna gjennom FN-tiåret som er tileigna dette temaet, i tidsrommet 2014-2024. Reduksjon av barnedødstal og fremjing av mødrehelse vil òg vere norske satsingsområde, saman med universell tilgang til helsetenester. Noreg skal arbeide for at FNs nye høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF) vert eit viktig instrument for å oppnå berekraftig utvikling. Klimatoppmøtet i september vil vere ein viktig milepæl.

Som ein viktig bidragsytar til utviklingsaktivitetane i FN vil Noreg arbeide for at FN leverer og dokumenterer resultat av arbeidet sitt. Noreg skal framleis gje tydelege signal om forventningar og krav til utviklingsorganisasjonane i FN, medrekna evna til å tilpasse seg nye utfordringar og ein ny utviklingsagenda etter 2015, globalt og på landnivå. Der FN har ein samkøyrd og unison bodskap på tvers av organisasjonane og einingane i sekretariatet, er det venta at FN-innsatsen vert samordna betre gjennom gode system og kompetent leiing.

Vi held fram med å støtte reforma om «Eitt FN» på landnivå. Det aktive norske engasjementet for betre leiing og koordinering innanfor FN vert realisert gjennom arbeidet med tilrådingane frå FN-reformpanelet, integrerte fredsoperasjonar og den humanitære endringsagendaen, via konsultasjonsprosessar, forhandlingar og omfattande dialog med sentrale utviklingsland, i tillegg til partnarskap med sivilsamfunnet og den private sektoren. Noreg skal arbeide for at FN koordinerer aktivitetane sine med Verdsbanken, slik at kvar einskild organisasjon nyttar dei komparative føremonene sine.

Noregs si rolle i arbeidet med den tredje internasjonale konferansen om finansiering for utvikling vil verte prioritert. Vi skal arbeide for å sikre oppslutninga om og målsetjingane for konferansen. Det er i norsk interesse at målsetjingane er ambisiøse, men ligg innanfor realistiske rammer.

FNs-leiinga og budsjettet

Noreg arbeider for eit moderne FN som kan vise til konkrete resultat. Dette krev reformgrep både ved hovudkvarteret og i felten. Difor vil Noreg engasjere seg i prosessar som tek sikte på å styrkje og effektivisere organisasjonen.

På grunn av kutt frå store bidragsytarar er det regulære FN-budsjettet i dag under kraftig press. Noreg vil arbeide for at strenge krav til innsparing ikkje vil få følgjer for vedtakinga og gjennomføringa av naudsynte reformer. Vi vil arbeide for å unngå at medlemslanda skal detaljstyre FN gjennom Generalforsamlinga. Dersom sekretariatet skal kunne oppfylle mandatet sitt, må det ha tillit frå medlemslanda for å gjennomføre oppgåvene sine.

Noreg skal heile tida vurdere ressursbruken i FN. Vi vil arbeide for at FN held fram med å fremje tiltak mot økonomisk utruskap, sikrar ein kultur for ansvarskjensle og styrkjer innsatsen for tilsyn og kontroll.

Kvinners rettar og likestilling

Noreg skal arbeide for at kvinners rettar og likestilling er ein del av heilskapen i FN-arbeidet. Noreg sit i styret for UN Women ut 2014 og er ein av dei største finansielle bidragsytarane. Noreg skal støtte opp om den globale normgjevande rolla til UN Women. Likestilling skal òg prioriterast i alle FN-einingane, medrekna andre fond, program og særorganisasjonar, og skal integrerast i arbeidet i FN-komiteane. Eit menneskerettsperspektiv vil liggje til grunn for den norske innsatsen, samstundes som dei positive verknadene av likestilling skal framhevast, medrekna kvinners medverknad til fred, økonomisk vekst og berekraftig utvikling.

Utdanning for jenter, seksuell og reproduktiv helse og rettar, kvinner, fred og tryggleik og politisk og økonomisk deltaking for kvinner vil vere særlege satsingsområde. Noreg vil ta aktivt del i forhandlingane om resolusjonar som er knytte til kvinners rettar. Særleg viktige er resolusjonane om vald mot kvinner, barneekteskap, oppfølging av Beijing-konferansen og dei to resolusjonane om å stanse førekomsten av fistula og kjønnsskamfaring, der problematikken i samband med seksuell og reproduktiv helse og rettar er særleg relevant. Noreg vil styrkje partnarskapen sin med land frå sør for å kunne byggje breiare alliansar og oppnå sterkare oppslutning om rettar og likestilling for kvinner.

Menneskerettar

Noreg vil leggje særleg vekt på resolusjonsforhandlingane i samband med sivile og politiske rettar i tillegg til kvinners rettar.

Arbeidet for å fremje ytrings-, presse- og forsamlingsfridom, og for å kjempe mot religiøs intoleranse, rasisme og hatefulle ytringar vil ha høg prioritet. I tillegg vil fridom på nett, medrekna debatten om retten til privatliv i den digitale tidsalderen og problemstillingane knytte til overvaking, vere eit tema som Noreg vil engasjere seg i.

To resolusjonar er knytte til retten til liv. Noreg vil arbeide for å auke oppslutninga om resolusjonen som oppmodar alle medlemsland som enno ikkje har avskaffa dødsstraff, til å fryse bruken av dødsstraff (moratorium). Noreg vil òg vere ein nær støttespelar for Finland, som legg fram den nordiske resolusjonen om utanrettslege og vilkårlege avrettingar.

Noreg vil spele ei aktiv rolle fram mot og under verdskonferansen om urfolk.

Vi skal halde fram med engasjementet vårt for dei resolusjonane som kastar lys over den vanskelege menneskerettssituasjonen i Syria og Nord-Korea. Saman med dei nordiske grannelanda våre skal Noreg følgje opp det arbeidet FN gjer med å styrkje traktatorgana for menneskerettskonvensjonane.

Noreg spelar ei leiande rolle i kjernegruppa som fremjar rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT). Problemstillingar i samband med rettane til homofile skal mellom anna fremjast under menneskerettsdagen 10. desember. Interaktive dialogar med spesialrepresentantar frå FN vil òg verte prioriterte.

Humanitære spørsmål

Noreg skal arbeide for at dei humanitære prinsippa vert haldne ved lag, og for at internasjonal humanitærrett vert respektert. Å sikre snøgg og uhindra tilgang for humanitære aktørar er ein hovudprioritet. Noreg vil arbeide for å styrkje vernet av sivile i væpna konflikt, og redusere åtaka på medisinsk personell og utstyr. Vi skal arbeide for at sjukehus og skolar ikkje vert nytta av væpna grupper, og for at menneske som er på flukt, får det vernet og den assistansen som dei treng. Vi vil prioritere arbeidet med å styrkje tilgangen til seksuelle og reproduktive helsetenester under humanitære krisar. Desse prioriteringane vil stå sentralt i forhandlingane om den generelle humanitære resolusjonen i Generalforsamlinga. Noreg vil støtte den innsatsen som dei råka landa gjer sjølve for førebyggje og handtere humanitære krisar, og samstundes fremje eit sterkare samarbeid mellom humanitære aktørar og utviklingsaktørar. Vi vil arbeide for at FN-kontoret for koordinering av humanitær assistanse (OCHA) og det humanitære FN-systemet får ein breiare krins av støttespelarar og samarbeidspartnarar, både blant medlemslanda i FN, i den private sektoren og i nasjonale og regionale organisasjonar. Samstundes vil Noreg framleis vere ein av dei næraste samarbeidspartnarane og støttespelarane til FN i humanitære krisar. Vi vil framleis stille krav til effektivisering av OCHA og det internasjonale humanitære systemet, og støtte opp om arbeidet deira fram mot eit humanitært toppmøte i 2016. I førebuingane fram mot toppmøtet vil Noreg prioritere tema som er knytte til konfliktområde, og fremje likestilling som eit gjennomgåande tema.

Fremjing av lov og rett

Havretts- og fiskerispørsmål er viktige for Noreg. Dette gjeld særleg diskusjonen om vern og berekraftig bruk av maritimt mangfald i internasjonale havområde og sikring av tilstrekkelege ressursar til arbeidet i Kontinentalsokkelkommisjonen. Når det gjeld fiskerispørsmål, er mattryggleik og arbeid mot ulovleg og uregulert fiske sentrale punkt for Noreg. Vi skal dessutan arbeide med tiltak som inneber betre tryggleik for skipsfartsnæringa.

I den juridiske komiteen til FN vil det verte lagt vekt på kampen mot straffefridom og styrking av internasjonal strafferett. Dette medfører mellom anna freistnader på å hindre at bruksområdet for universaljurisdiksjon vert innsnevra, ettersom dette vil avgrense den evna verdssamfunnet har til å straffeforfølgje dei alvorlegaste brotsverka.

Noreg si interesse i ein stabil internasjonal rettsorden gjeld òg for det digitale rommet. Noreg vil følge dei sentrale prosessane der desse problemstillingane vert drøfta. Det er ei overordna målsetjing at folkeretten må haldast ved lag og respekterast i det digitale rommet. Det inneber òg deltaking i diskusjonar med sikte på å kome fram til ei felles forståing av prinsippa for og bruken av folkeretten på dette området.

Arbeidet til Folkerettskommisjonen skal følgjast, særleg spørsmålet om immunitet for statstilsette, men òg andre delar som kan vere direkte relevante for norske kjerneinteresser.

Oppfølging av resultata frå høgnivåmøtet om fremjing av rettsstatsprinsipp i 2012 vil framleis stå sentralt. Det vert arbeidd for at oppfølginga skal finne stad i Generalforsamlinga i plenum og ikkje i den juridiske komiten, ettersom temaet er svært viktig og rører ved alle dei tre hovudpilarane til FN: tryggleik, menneskerettar og utvikling.