Meld. St. 36 (2014–2015)

Noregs deltaking i den 69. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

2 Noregs hovudinnlegg i generaldebatten under FNs 69. generalforsamling

President, eksellensar, damer og herrar,

leiarane som var samla på FNs klimatoppmøte, har gjort viktige framsteg i innsatsen for å mobilisere til handling og auke ambisjonane når det gjeld klimaendring. No må vi sørgje for at dei positive resultata kan følgjast opp og utvidast mens vi førebur oss på å inngå ein avtale i Paris neste år.

Når vi møtest i Hovudforsamlinga neste år, skal vi vedta dei nye globale måla for vår felles framtid. Måla for ei berekraftig utvikling må ta utgangspunkt i suksessen med tusenårsmåla. Dei må vere både realistiske og ærgjerrige. Som tusenårsmåla bør berekraftmåla vere få og konkrete og kunne målast.

I første omgang vil det å nå dei åtte tusenårsmåla vere eit godt grunnlag for berekraftig utvikling. Som ein av leiarane for generalsekretær Ban Ki-moons pådrivargruppe for tusenårsmåla skal eg i dei 462 dagane vi har på oss, nytte alle høve til å bidra til å leggje eit slikt grunnlag.

Vi må få fortgang i arbeidet, og for å klare det må vi søkje breie partnarskapar som omfattar privat sektor, sivilsamfunn og regjeringar. Vi må gjere best mogleg bruk av nyskapande løysingar og teknologiar. Regjeringar og politiske leiarar på nasjonalt plan må ta føringa og sikre lokal eigarskap. På same tid må vi støtte det store og viktige arbeidet mange gjer for å setje tusenårsmåla ut i livet.

Den skremmande ebolaepidemien i Vest-Afrika minner oss om kor lite som skal til for å setje utvikling og framgang i fare. Vi må byggje opp helsevesen som kan støtte modige og målbevisste enkeltmenneske som Josephine Finda Sellu. Mens ho var assisterande oversjukepleiar på eit statleg sjukehus i Sierra Leone, tok ebola livet av 15 av pleiarane hennar. Ho arbeidde i ei dødsfelle, men gav seg ikkje. Ho er ein sann forkjempar for tusenårsmåla.

Skulegang, særleg for jenter, er «supermotorvegen» for å komme fattigdommen til livs. Fattigdom, diskriminering og maktbruk gjer ofte at jenter ikkje får den skulegangen dei har rett på. Seksuell vald, bortføringar og overfallsdrap er dei uslaste midla som blir brukte for å nekte jenter retten til utdanning. Eg fordømmer Boko Haram på det aller skarpaste for bortføringane av skulejenter. Når vi står overfor terroristar som truar med å ta frå barn retten til å gå på skule, bør vi la oss inspirere av Malala. Ho blei eit symbol på lagnaden til millionar av barn verda over som blir nekta skulegang. Kan ei einsleg skulejente setje seg opp mot Taliban, då må verda kunne nedkjempe ekstremisme og terrorisme.

President,

terroristar og ekstremistar prøver å nekte oss å la barn gå på skule. Fred er avgjerande for at alle skal få ei grunnskuleutdanning. Det same kan seiast om dei andre tusenårsmåla, ikkje minst fattigdomsreduksjon. Det er derfor vi må satse på land som er ramma av konflikt. Eit barn som veks opp i Syria i dag, har ingen skulegang å sjå fram til, for der er ingen skule å gå på. Ei gravid tenåringsjente i Sør-Sudan får ikkje den helseomsorga ho treng, for det er for farleg for helepersonell å reise rundt i landet.

Frå kontora i Tryggingsrådet til dei fattigslege heimane i Swat-dalen i Pakistan – vi kan alle gjere vårt for å fremje freden og få slutt på fattigdommen. Men alle slike tiltak på globalt, regionalt, nasjonalt og lokalt plan må vere samordna. Det er 70 år sidan ei gruppe leiarar møttest i Washington for å drøfte opprettinga av Dei sameinte nasjonane. Ei av grunnsetningane for den nye verdsordninga som blei skapt i 1945, var respekt for internasjonalt godkjende ladegrenser.

President,

Noreg fordømmer dei russiske brota på folkeretten og den vedvarande russiske destabiliseringa av Aust-Ukraina. Ei løysing på konflikten må vere i tråd med folkeretten og respektere den territoriale integriteten til Ukraina. Våpenkvila som blei avtalt 5. september, må respekterast, og føresegnene i avtalen må gjennomførast i praksis. Russland har eit spesielt ansvar i så måte.

Tryggingsrådet har fått i mandat å vareta freden og tryggleiken, men har ikkje evna å handtere situasjonen i Syria og Ukraina på ein effektiv måte. Vi veit kvifor. Nokre av stormaktene trur framleis på forelda idear om nullsumspel og påverknadssfærar. Vi har håp om at Rådet framleis vil stå samla mot den trusselen terroristgruppa vi kjenner som ISIL, representerer i Irak. Vi støttar FN-initiativet og har stilt oss bak tryggingsrådsresolusjon 2178 om framandkrigarar. Vi oppmodar landa i regionen til å ta ei leiarrolle i kampen mot ISIL.

Væpna konflikt og borgarkrig har ført til menneskeskapte humanitære katastrofar i Syria, Irak, Sør-Sudan, Den sentralafrikanske republikken og Somalia. Tidlegare i år var Noreg vertskap for ein givarkonferanse for Sør-Sudan, og vi skal snart vere eitt av vertslanda for ein givarkonferanse der etterdønningane etter konflikten i Gaza blir tema. Givarkonferansar er viktige, men vi kan ikkje berre sjå på dei mest presserande situasjonane. Når vi samlast til det internasjonale humanitære toppmøtet i 2016, må vi byggje vidare på dagens system og forbetre det. Vi må sørgje for at humanitær hjelp ikkje berre går til kortsiktig gjenreising, men òg til langsiktig utvikling. I tillegg bør utviklingssamarbeid hjelpe landa å førebyggje, førebu seg på, stå imot og komme på fote etter humanitære kriser i framtida.

President,

utsiktene for internasjonal fred, nasjonal tryggleik, sosial utvikling og individuell framgang er best under eit system med godt demokratisk styre og menneskerettar. Innsats for å auke respekten for menneskerettane kan medverke til å hindre væpna konfliktar og ugjerningar i stor skala. Fredsprisvinnar Shirin Ebadi, sjølv ein leiande menneskerettsforsvarar, sa i Nobel-forelesinga si: «Skal det 21. hundreåret frigjere seg frå runddansen av vald, terrorhandlingar og krig, er det ingen betre måte å gjere det på enn å forstå alle menneskerettane og la dei komme alle til gode, utan omsyn til rase, kjønn, tru, nasjonalitet og sosial status.» Det er eit syn eg deler.

Menneskerettane er den eine av dei tre FN-søylene og byggjer på Verdserklæringa om menneskerettane som denne forsamlinga vedtok 10. desember 1948. Noreg stiller seg bak «Human Rights Up Front», eit initiativ frå generalsekretæren som set vern om menneskerettane i sentrum for strategiane og dei operative aktivitetane til FN. FN treng ei sterk og bestemt menneskerettssøyle. Berre dersom vi gir menneskerettssøyla midlane som trengst, kan vi få dei resultata vi ønskjer og treng frå verdsorganisasjonen vår.

Det er først og fremst statane som har ansvaret for å beskytte og fremje menneskerettane. I praksis står det likevel mykje att å gjere. Det blir stadig oftare meldt om angrep, truslar, skremsler og represaliar mot menneskerettsforsvararar. Diskriminering er utbreidd, særleg mot minoritetar som urfolk og lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

Rettsstatsprinsippa og borgarrettane er òg grunnleggjande for å kunne utvikle privat sektor og tiltrekkje seg investeringar. Vidare veit vi at om kvinner får dra full nytte av dei sosiale og økonomiske rettane sine, utløyser det ein veldig økonomisk vekst.

President,

vi må halde fokus på å styrkje framdrifta mot tusenårsmåla i dei 462 dagane som er att. Vi må la oss inspirere av dei som står i fremste rekkje i denne innsatsen, til dømes Josephine Sellu og andre legar og sjukepleiarar som set livet på spel for å behandle pasientar med ebola.

Når vi set opp dagsordenen for utvikling etter 2015, må vi òg gjere nokre justeringar. Fred og stabilitet må vere med. Klimaspørsmål må takast opp. Godt, demokratisk styre som respekterer rettsstatsprinsippa og menneskerettane, blir avgjerande for å oppnå berekraftig utvikling for oss alle. Alt dette går enkelt og greitt ut på «å gjere det rette rett».

Takk, president.