1 Introduksjon
Det er eit sentralt mål for regjeringa å legge til rette for ei open forvaltning. Alle i Noreg skal ha høve til å vite korleis stat og kommune arbeider. Ei open forvaltning bidreg til å halde beslutningstakarar ansvarlege, det gir moglegheiter for påverknad og det er med på å bygge borgarane si tillit til offentleg forvaltning.
Gjennom tilslutninga til den multilaterale mekanismen Open Government Partnership (OGP) forpliktar Noreg seg til å gjere offentleg forvaltning meir open, inkluderande og ansvarleg. Som del av denne forpliktinga legg Noreg fram fleirårige handlingsplanar for Open Government Partnership. Handlingsplanane vert utarbeida som eit samarbeid mellom forvaltning og sivilt samfunn.
Dette er den femte handlingsplanen regjeringa har utarbeida for Open Government Partnership. Regjeringa har teke til seg tilbakemeldingar til tidlegare handlingsplanar, og har lagt vekt på å synleggjere korleis ulike aktørar har bidrege inn i arbeidet med planen.