Noregs handlingsplan 5 – Open Government Partnership (OGP) 2024-2027

Til innhaldsliste

8 Forpliktingar som er fremma, men som ikkje er klare for at ein kan leggje dei inn i planen nå, men som ein kan arbeide vidare med i inntil eitt år etter at handlingsplanen er fremma

OGP opnar for at handlingsplanen også kan omfatte forslag til forpliktingar som dei einskilde landa vurdere å arbeide vidare med, men som ennå ikkje er så gjennomarbeidde at dei er eigna som del av handlingsplanen. Desse kan verte lagde inn i planen innan eitt år eitt at han vert sett i verk.

Det er kome inn tre forslag til slike forpliktingar. Desse er ikkje handsama gjennom dei ordinære prosessane mellom forvaltninga og det sivile samfunnet, men komne inn i etterkant. Alle tre er fremma av departement.

8.1 Openheit og integritet i lobbyverksemd

Namn og nummer på forpliktinga

Openheit og integritet i lobbyverksemd

Kort omtale av forpliktinga

Fleire og fleire land har over lang tid regulert lobbyverksemda. Noreg har inga slik regulering, men har reguleringar av arkivering, journalføring og offentlegheit.

Vurdere om Noreg oppfyller internasjonale tilrådingar om openheit og integritet om lobbyverksemd.

I samband med dette er det relevant å vurdere tilrådingane frå OECD, Europarådet, IRM og GRECO.

Ansvarleg for forpliktinga

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (Avdeling for IT og forvaltningspolitikk)

Interessentar

Styresmakter

Sivilt samfunn

Andre (parlament, privat sektor o.l.)

Justis- og beredskapsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Statsministerens kontor

TI, Mediebransjen

KS, Stortinget

Tidsrom (til – frå)

2024–2027

Problemomtale

1. Kva for problem skal forpliktinga løyse?

  • Det er viktig å ha openheit og integritet i lobbyverksemda slik at ein sikrar «fair play» når ein utformar offentleg politikk.
  • Openheit og integritet kan ein sikre på ulike måtar, for eksempel gjennom lobbyregistre.
  • Det vitigaste er at det er openheit om kven som freistar å påverke styresmaktene, kva for innspel dei kjem med, kven dei rettar innspela mot og når dei kjem med innspela.

2. Kva skuldast problemet?

Mangel på openheit og integritet i lobbyverksemd. Rapporten «Svært demokratisk, men ikke demokratisk nok: En tilstandsanalyse av det norske demokratiet 2015-2021» seier mellom anna at ressurssterke lobbygrupper har stor påverknad – ikkje berre i nasjonalpolitikken, men også lokalt og regionalt. Dette bryt med eit demokratisk prinsipp om politisk likskap mellom innbyggjarane sidan nokre ressurssterke innbyggjarar i praksis vil kunne få meir politisk makt enn andre.

Omtale av forpliktinga

1. Kva er gjort så langt for å løyse problemet?

Lite. OGPs handlingsplanar, undersøkingar frå TI og deltaking i arbeid i OECD og Europarådet. Spørsmålet om å opprette lobbyregister har vore reist i Stortinget fleire gonger og i nokon kommunar.

2. Kva for løysing foreslår ein?

Utgreiing for å vurdere om Noreg oppfyller internasjonale tilrådingar om openheit og integritet i lobbyverksemd. Utgreiinga skal vidare peike på eventuelle tiltak som kan auke graden av openheit og integritet i lobbyverksemd. Eitt slikt tiltak kan vere lobbyregister, men også andre alternative tiltak må vurderast.

3. Kva for resultat vil ein oppnå ved å implementere forpliktinga?

  • At innspel frå lobbyistar aukar kvaliteten på sakshandsaminga, til dømes gjennom nye og oppdaterte fakta og andre vurderingar.
  • At innspel frå lobbyistar ikkje kjem «fremst i køa», og at innspela deira ikkje vil vere skjulte frå andre partar eller interessentar i sakene.
  • At lobbyverksemda sikrar «fair play» når ein utformar offentleg politikk.

Analyse av forpliktinga

Spørsmål

Svar

  • 1. Korleis vil forpliktinga fremje openheit?

At ein får innsyn i kven som er lobbyistar, kva for forslag dei fremmar og kven dei fremmar forslaga ovanfor. I tillegg får andre høve til å kvalitetssikre både fakta og vurderingar frå lobbyistane.

  • 2. Korleis vil forpliktinga bidra til større påreknelegheit?

Gjennom ei betre kvalitetssikring av utviklinga av offentleg politikk.

  • 3. Korleis vil forpliktinga betre høvet for borgarane til å delta gjennom å omtale, gjennomføre og overvake løysingane?

Alle kan fremje lobbyforslag. Desse vil vere opne og det vil vere mogleg å kommentere dei

Planlegge forpliktinga

Milepålar

Forventa utfall

Forventa fullføringstidspunkt

Interessentar

Starte utgreiing, NOU

Levere utgreiing

Utgreiing med forslag om tiltak

Sivilsamfunnsorganisasjonar

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

Interessentar/Støttespelarar

Forvaltning

Sivilsamfunnsorganisasjonar

Andre (f.eks. parlament, sivilsamfunn, andre)

8.2 Følge opp utgreiinga frå Ytringsfrihetskommisjonen (2022:9) og Personvernkommisjonen (NOU 2022: 11)

Justis- og beredskapsdepartementet har fremma forslag om oppfølging av utgreiinga frå Ytringsfrihetskommisjonen (2022:9) og personvernkommisjonen (NOU 2022: 11). Departementet viser til at det her er fleire kapittel som gjer greie for tilhøve som kan vere viktige for openheit. Departementet viser særleg til punkt 7 i begge NOU-ane, som handlar om høvesvis personvern i justissektoren og internett som infrastruktur for ytringsfridomen.

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår at ein bør sjå på korleis ny teknologi kan påverke den offentlege samtalen, også kommunikasjonsfridom og kjeldevern.

8.3 Arbeide for at det ikkje vert halde attende meir informasjon på helseområdet enn det er grunnlag for i lova

Presseorganisasjonane fremma forslag om ei forplikting om at offentlege styresmakter skal leggje til rette for openheit og innsyn ved å sikre at det offentlege ikkje held attende meir informasjon enn det er grunnlag for i lova. Bakgrunnen er at pressa opplever manglande innsyn i helserelaterte opplysningar ved pressedekning av ulykker, feilhandsaming og andre helserelaterte saker. I desse sakene vert pressa ofte møtt med det dei opplever som feilaktige og overdrivne føringar om GDPR og teieplikt frå sjukehus mv. Spørsmålet er difor om GDPR og teieplikta vert tolka for vidt, og om forordningas artikkel 85 vert forstått og praktisert rett.

Den førebelse forpliktinga er å arbeide for at ein ikkje held attende meir informasjon på helseområdet enn det er grunnlag for i lova, noko ein kan oppnå gjennom rett praktisering av GDPR og teiepliktreglane.

Til forsida