Noregs handlingsplan 5 – Open Government Partnership (OGP) 2024-2027

Til innhaldsliste

4 Samarbeidet innanfor ramma av Open Goverment Partnership

4.1 Openheitsrådet

I 2015 etablerte Noreg eit openheitsråd; OGP-rådet. Rådet er oppnemnt av regjeringa, og består av seks personar frå ulike organisasjonar og verksemder. Rådet har bidrege i arbeidet med å utvikle handlingsplanar for Open Government Partnership gjennom innspel til tema og prioriterte område. Rådet har også fylgt arbeidet med å utarbeide, iverksette og følge opp planane.

OGP-rådet har på eige initiativ delteke i det offentlege ordskiftet om openheitspørsmål. Mellom anna har rådet publisert korte videofilmar på nett.6 I perioden 2020/21 retta rådet særleg søkelyset mot openheit under pandemien. I 2022 vart det laga tre videoar som tok for seg openheit meir generelt og OGP spesielt.

Medlemmer av rådet har delteke på møter saman med Kommunal- og distriktsdepartementet i ulike samanhengar, seinast under OGPs regionalmøte i Roma i 2022 og på OGPs toppmøte i Tallinn i 2023.

4.2 Interessentforumet

Eit viktig element i OGP er interessentforumet («stakeholders’ forum»). Forumet består av forvaltninga og sivilsamfunnet, og møtest regelmessig for å følge OGP-arbeidet. Interessentforumet speler ei aktiv rolle i utarbeidinga av handlingsplanane, men også når ein skal iverksette og følgje opp planane.

I Noreg har det ikkje vore faste medlemmer av interessentforumet. Kommunal- og distriktsdepartementet har utarbeidd ei adresseliste over sivilsamfunnsorganisasjonar som får innbydingar til møter og anna orientering. Dette er organisasjonar departementet har gått ut frå er interesserte i arbeidet. I innbydingane har det vore oppmoda til å vidaresende møteinnkallinga til andre organisasjonar som kan vere aktuelle. Breva til interessentforumet har gjerne handla om førespurnader om innspel til handlingsplanar, orientering om møte i OGP og liknande.

Erfaring frå interessentforumet viser at få organisasjonar vel å delta i forumet når allmenne openheitsspørsmål vert handsama. Fleire aktørar prioriterer heller å delta når meir fagleg avgrensa tema, knytte opp til eige interessefelt, vert behandla.

Deltaking på møta avspeglar gjerne kva for tema som er oppe til debatt. Like fullt har relativt få organisasjonar stilt på møta. Dei fleste av dei organisasjonane som vel å møte, arbeider med openheit generelt og med openheit rundt pengestraumar. I tillegg har organisasjonane frå mediebransjen møtt.

Det har vore fleire møte i forumet under utarbeidinga av den femte handlingsplanen. Det første møtet fann stad 23. juni og utgjorde starten på arbeidet med handlingsplanarbeidet. Dette vart følgt opp av eit nytt møte 20. september. Til desse møta var alle organisasjonane inviterte. I tillegg vart det halde to temamøte der interessentane hadde spelt inn forslag til forpliktingar (høvesvis. 13. og 16. januar 2023).

4.3 Heimeside

Det er oppretta ei eiga nettside om arbeidet med Open Government Partnership (https://open.regjeringa.no/). På nettsida publiserer Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet informasjon om arbeidet med handlingsplanen og andre deler av Noreg sitt OGP-arbeid.

4.4 Nordisk +

Gjennom fleire år har Noreg spela ei aktiv rolle innanfor ramma av Open Government Partnership. Eit samarbeid som opphaveleg bestod av Danmark, Finland, Sverige og Noreg er vorte utvida til også å omfatte dei baltiske landa, Tyskland, Nederland og Skottland. Samarbeidet vert gjerne omtala som «Nordisk +» eller «Nordic +», og det vart i si noverande form initiert på toppmøtet i Ottawa i 2019.

Kontaktpersonane i landa møtast jamleg gjennom fysiske eller digitale møter. Administrasjonen i Open Governement Partnership deltek på nokre av møte. Møta har fagleg innhald, dels knytt til openheitsspørsmål, dels knytte til prosessar slik som arbeid med handlingsplanar og korleis forvaltninga arbeider overfor sivilsamfunnet.

I tillegg til møte kor alle eller dei fleste landa deltar, finn det også stad bilaterale møte.

Frå Noreg deltek ansvarleg(e) kontaktperson(ar) for OGP, gjerne saman medlemmer av OGP-rådet.

Fotnotar

6.

Sjå OGP-rådets YouTube-kanal «Open Government Partnership Noreg».
Til forsida