5 Konsekvensar for inngåtte kontraktar av tiltak etter lova
Gjennomføring av tilslutning til bindande EU-vedtak vil kunne gjere det uråd å oppfylle inngåtte kontraktar. I den utstrekning tiltaka vil føre til økonomisk tap for vedkomande kontraktspart, kan det etter omstenda tenkjast reist spørsmål om dei representerer eit slikt inngrep i gjeldande kontraktstilhøve at staten vil kunne stå overfor spørsmål om skadebot etter Grunnlova §§ 97 og 105. Endeleg avgjerd i slike spørsmål må takast av domstolane.
Dette vil måtte vurderast for det einskilde iverksetjingsvedtaket, og det vil vere vesentleg for norske styresmakter å redusere risikoen for skadebotansvar så langt som mogeleg. I utgangspunktet vil ein av nemnde grunn la vere å gje tiltak tilbakeverkande kraft. Vidare vil ein kunne la vere å bruke tiltaka, eller avgrense bruken av dei, overfor private partar dette gjeld, og som på førehand har innretta seg på særlege måtar, til dømes ved inngåing av kontraktar og ferdiggjering av produkt etter kontrakten, eller der det på førehand er gjeve offentleg løyve.