Forslag til lov om iverksetjing av visse internasjonale tiltak i samband med vedtak av Den europeiske unionen innanfor Den felles utanriks- og tryggingspolitikken
§ 1
Kongen kan treffe dei føresegnene som er naudsynte for at Noreg kan slutte seg til vedtak av Den europeiske unionen innan området for Den felles utanriks- og tryggingspolitikken.
§ 2
Føresegner som er gjevne i medhald av denne lova, gjeld med dei innskrenkingane som følgjer av folkeretten eller av avtale med framand stat.
§ 3
Den som forsettleg bryt eller medverkar til brot på føresegner som er gjevne i medhald av denne lova, kan straffast med bøter eller fengsel inntil tre år, eller begge delar. Den som aktlaust bryt eller medverkar til brot på føresegner som nemnt i første ledd, kan straffast med bøter eller fengsel inntil seks månader, eller begge delar.
§ 12 a i straffelova gjeld ikkje.
§ 4
Denne lova tek til å gjelde straks.