2 Bakgrunn
Krisesentra gir råd, støtte og rettleiing og eit mellombels butilbod til personar som har vore utsette for mishandling, vald og overgrep i heimen. Dei barna som kjem saman med mor si til eit krisesenter, har ofte sjølve vore utsette for overgrep, anten direkte eller ved å ha vore vitne til vald. Å oppsøkje krisesenteret kan vere det første steget for kvinner på veg ut av eit valdeleg forhold. Det er likevel kjent at kvinna i ein del tilfelle flyttar tilbake til overgriparen med barn som ho har omsorga for.
Det er vel dokumentert at det kan ha alvorlege skadeverknader for barnet å bli utsett for vald og overgrep, anten direkte eller som vitne til vald. Departementet viser her til NOU 2003: 31 Retten til et liv uten vold, der det går fram at barn som er vitne til vald, har tilsvarande skadeverknader som dei som blir direkte utsette for valden. Det at omsorgspersonen til barnet blir utsett for vedvarande vald, utgjer ein uhaldbar omsorgssituasjon for barnet og må derfor i utgangspunktet reknast som ein alvorleg omsorgssvikt.
Av St.meld. nr. 29 Om familien – forpliktende samliv og foreldreskap (Familiemeldinga) går det fram at regjeringa vil vurdere å påleggje krisesentra ei plikt til å melde frå til barnevernet dersom ei mor flyttar tilbake til ein valdeleg far/partnar, og det er grunn til å frykte at barnet kjem til å lide overlast.
I NOU 2003: 31 Retten til et liv uten vold blir det også tilrådd at krisesentra får ei plikt til å melde frå til barnevernet etter barnevernlova § 6–4.
Barne- og familiedepartementet sette våren 2003 ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Justisdepartementet, Politidirektoratet, Oslo tingrett og Barne- og familiedepartementet. Gruppa fekk i oppgåve å drøfte tiltak for å verne barn mot overgrep, under dette innføring av ei opplysningsplikt for krisesentra til barnevernet i situasjonar der barn er involverte.
Arbeidsgruppa leverte rapporten «Tiltak for å beskytte barn mot overgrep. Forslag om endringer i barneloven m.v.» 16. februar 2004. Rapporten blei send på høyring 5. april 2004, med høyringsfrist 2. juli 2004 til desse instansa:
Aleneforeldreforeningen
Alternativ til Vold, Drammen
Alternativ til Vold, Oslo
Alternativ til Vold, Telemark
Amnesty International Norge
Barne- og familieetaten i Oslo
Organisasjonen mot offentlig diskriminering
Norsk Politiforbund
Lensmannsetatens Landslag
Politiembetsmennenes Landsforening
Universitetet i Oslo
Barneombudet
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
DIXI ressurssenter for voldtatte
Domstoladministrasjonen
Forum for Menn og Omsorg
Foreningen 2 Foreldre
Fylkeskommunene
Fylkesmennene
Fylkesnemndene for sosiale saker
Høyesterett
Incestsenteret for menn
Institutt for menneskerettigheter
Juridisk rådgivning for kvinner
Juss-buss
Kirkelig ressurssenter for mishandlede kvinner
Kommunenes Sentralforbund
Kompetansesenter for voldsofferarbeid
Kriminalpolitisentralen
Krisesenterbevegelsen i Norge
Krisesentersekretariatet
Krisesenterforbundet
Kvinnegruppa Ottar
Landsforeningen for voldsofre
Likestillingsombudet
Likestillingssenteret
Norsk Kommuneforbund
Politidirektoratet
Redd barna
Reform ressurssenter for menn
Riksadvokaten
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Tromsø
Sentralkontoret for folkeregistrering
Sivilombudsmannen
Støttesenter mot Incest
Departementer, alle
Desse instansane har gitt realitetsfråsegner når det gjeld spørsmålet om opplysningsplikt for krisesentra til barnevernet:
Utlendingsdirektoratet
Oslo kommune, Byrådsavdeling for velferd og sosiale tjenester
Oslo kommune, Barne- og familieetaten
Kommunenes sentralforbund
Fylkesmannen i Rogaland
Fylkesmannen i Oslo og Akershus
Fylkesmannen i Vest-Agder
Fylkesmannen i Hedmark
Krisesentersekretariatet
Norsk Krisesenterforbund
Den Norske Advokatforening
Fagforbundet
Barneombudet
Redd Barna
Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)
Stiftelsen Alternativ til Vold (ATV)
Forum for Menn og Omsorg (FMO)
BarneFaren