8 Merknader til paragrafen
Til § 6–4 a
Føresegna gir private krisesenter pålegg om opplysningsplikt til barnevernet. Opplysningsplikta for dei offentlege krisesentra blir regulert av § 6–4. Opplysningsplikta skal gjelde dei tilfella som er omhandla i § 6–4, det vil seie når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4–10, 4–11 og 4–12, når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4–24, når fylkesnemnda skal behandle saker etter §§ 4–19 (samvær), 4–20 (fråtaking av foreldreansvar og adopsjon) og 4–21 (oppheving av vedtak om omsorgsovertaking). Opplysningsplikta gjeld både av eige tiltak og etter pålegg frå barneverntenesta.
Føresegna gir vidare krisesentra pålegg om ei straffesanksjonert teieplikt om forhold dei får kjennskap til i samband med at barneverntenesta hentar inn opplysningar. Føresetnaden for straffeansvar er at vedkomande er gjord merksam på at eit brot på føresegna kan få ei slik følgje.
Departementet skal i forskrift bestemme kva for krisesenter og kva for medarbeidarar som skal omfattast. Føresegna opnar også for at departementet kan gi forskrift om det nærmare innhaldet i opplysningsplikta og teieplikta.