4 Vurderingar og forslag frå arbeidsgruppa
I rapporten frå arbeidsgruppa heiter det at spørsmålet om opplysningsplikt til barnevernet for krisesentra har vore drøfta i lengre tid, og at krisesentra sjølve har vore initiativtakarar og aktive deltakarar i debatten. I aukande grad har krisesentra sett og uttrykt behov for ein heimel for å utlevere opplysningar til barnevernet i dei tilfella der ei mor flyttar heim til ein valdeleg partnar. Men lojaliteten til kvinnene har også gjort spørsmålet om ein slik heimel konfliktfylt.
Arbeidsgruppa viste til at teieplikta skaper eit tillitsforhold og gir tryggleik for begge partar, og at det er gitt uttrykk for uro over at kvinnene ikkje vil vere så opne rundt problematikken dersom krisesentra ikkje kan garantere den nødvendige konfidensialiteten. Frykt for at informasjon frå kvinna kan bli brukt til å grunngi omsorgsovertaking i ei eventuell barnevernssak, kan føre til at terskelen for å ta kontakt med eit krisesenter kan bli høg, og til at kvinnene og barna blir verande i eit valdeleg forhold.
Arbeidsgruppa viste vidare til at krisesentra har ein unik kunnskap om vald mot kvinner, som er svært viktig for å kunne kjempe mot kvinnemishandling som samfunnsproblem på ein adekvat måte. Denne kunnskapen er først og fremst opparbeidd gjennom dialog med brukarane, og kan bli skadelidande dersom kvinna fryktar at den informasjonen ho gir, kan bli brukt mot henne.
Arbeidsgruppa gav uttrykk for at det er svært viktig at krisesentra kan halde fram med å hjelpe kvinner ut av forhold der dei blir mishandla, og at dette er den overordna målsetjinga for krisesentra. Denne hjelpa må ein rekne med er svært avgjerande og den beste løysinga for både kvinna og barna. For barna må ein i dei fleste tilfelle rekne med at det er svært viktig at dei framleis får ha mora som omsorgsperson, særleg med tanke på dei skadane barna alt kan vere utsette for. Arbeidsgruppa meinte likevel at barneverntenesta her kan vere ein viktig støttespelar for mora og kan setje inn hjelpetiltak og gi råd og rettleiing, i staden for omsorgsovertaking. Målsetjinga for krisesentra om samarbeid med kvinna, og bruk av tid og ressursar på å forklare henne at primæroppgåvene til barneverntenesta er å hjelpe både barnet og kvinna, kan gi tryggleik og kan byggje opp tilliten til hjelpeapparatet. Krisesentra har også sjølve peikt på at dei i dei siste åra har opplevd ei positiv utvikling ved at dei fleste kvinnene ikkje flyttar tilbake til overgriparen.
Arbeidsgruppa vurderte det slik at omsynet til barna tilseier at krisesentra får pålegg om ei opplysningsplikt til barneverntenesta i dei tilfella der mora flyttar tilbake til overgriparen saman med barna, og dermed utset barna for nye overgrep. Arbeidsgruppa viste til at det ikkje er konkrete haldepunkt for at kvinner faktisk lèt vere å ta kontakt med dei offentlege krisesentra som alt i dag har opplysningsplikt til barnevernet, eller dei krisesentra som tek atterhald om at dei har rett til å kontakte barnevernet utan samtykke dersom dei får kjennskap til alvorlege forhold.
Arbeidsgruppa meinte at opplysningsplikta for krisesentra, bør gjelde tilsvarande situasjonar som opplysningsplikta etter barnevernlova § 6–4 andre ledd. Det vil seie situasjonar der det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller blir utsett for andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller der barnet har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar. Opplysningsplikta omfattar både opplysning gitt av eige tiltak og etter pålegg frå barneverntenesta. På denne bakgrunn såg arbeidsgruppa det som føremålstenleg at opplysningsplikta for krisesentra blir innarbeidd i barnevernlova § 6–4.
Arbeidsgruppa understreka at innføring av ei opplysningsplikt reiser spørsmål om forhold som teieplikt, legaldefinisjon av krisesenter og det tilknytingsforholdet medarbeidarane har til krisesenteret. Arbeidsgruppa hadde den oppfatninga at desse forholda bør lovregulerast, samtidig som det blir innført ei opplysningsplikt. Arbeidsgruppa foreslo at ei opplysningsplikt for krisesentra etter barnevernlova § 6–4 skulle innførast samtidig med ei eiga lov om krisesenter, slik det er foreslått i NOU 2003:31, som også kunne innehalde ein legaldefinisjon av krisesenter og ei rettsleg avklaring av kven som skal reknast som yrkesutøvarar ved krisesentra.
Dersom krisesentertilbodet ikkje blir lovfesta, foreslo arbeidsgruppa alternativt at barnevernlova § 6–4 skulle få eit nytt fjerde ledd som gir krisesentra pålegg om ei opplysningsplikt, med denne ordlyden:
«Uten hinder av taushetsplikt skal krisesentre gi opplysninger til barneverntjenesten etter reglene i andre ledd.»
Arbeidsgruppa peikte på at dersom det ikkje blir laga ei eiga krisesenterlov, vil det vere nødvendig å vurdere nærmare kvar det kan givast ein klar definisjon av krisesentra, og kva for medarbeidarar på krisesentra som skal omfattast av opplysningsplikta, slik at det ikkje oppstår tvil om kva for ei teneste og kven som kjem inn under den lovbestemte opplysningsplikta. Arbeidsgruppa meinte at det ikkje ville vere føremålstenleg å gi ein slik definisjon av krisesentra i barnevernlova og viste til at ein slik definisjon kan bli bestemmande for andre forhold enn opplysningsplikta til barnevernet. Arbeidsgruppa meinte at det ikkje ville vere naturleg at barnevernlova på den måten regulerer generelle forhold for krisesentra.