1 Innhald og bakgrunn for proposisjonen
1.1 Proposisjonens hovudinnhald
Kultur- og kyrkjedepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven) § 3-12. Forslaget til lovendring inneber ei ny organisering av arbeidet for samiske språk. Lovforslaget endrar gjeldande rett ved at ein ikkje lenger er pålagt å ha eit eige språkorgan, men overlet til Sametinget å avgjere kva som er den beste måten å organisere arbeidet på. Formålet med endringa er å legge til rette for at arbeidet for samisk språk blir organisert av det organet som har best kunnskap om samiske forhold og kjenner behova best.
Som ein følgje av forslag til endring av samelova § 3-12, er det nødvendig å endre forskrift til samelovens språkregler av 30. januar 1992 nr. 79 på fleire punkt. Kultur- og kyrkjedepartementet har difor utarbeidd forslag til ny forskrift til samelovens språkreglar som har vore sendt på høyring saman med forslaget til lovendring.
1.2 Bakgrunnen for lovforslaget
Proposisjonen er dels ei oppfølging av Stortingsmelding nr. 55 (2000-2001) Om samepolitikken, og dels ei tilpassing til Sametinget sin nye organisasjonsstruktur som blei sett i verk 1. januar 2001.
Stortingsmelding nr. 55 (2000-2001) gjer greie for den prosessen som har vore sidan Sametinget blei oppretta i 1989, for å gje samane auka makt og innverknad ved å styrke Sametinget som det ansvarlege organet for utviklinga av det samiske samfunnet. Dette har m.a. medført at Sametinget i dag er tillagt forvaltingsansvar for visse administrative forhold, t.d. fordeling av økonomiske tilskot og oppnemning av representantar til ulike offentlege organ. I meldinga blir det sagt at ein vil «gi Sametinget større innflytelse og økt avgjørelsesmyndighet i saker som er av spesiell interesse for den samiske befolkningen,», jf St.meld. nr. 55 (2000-2001) s. 36. På denne måten vil ein oppnå målsettinga om at samisk og norsk kultur skal ha likeverdige vilkår og at samisk språk og kultur skal ha gode vilkår for å utvikle seg i Noreg. Vidare blir det i meldinga sagt at oppgåver som i hovudsak rettar seg mot det samiske folket, bør bli tekne hand om av Sametinget «slik at beslutningene blir tatt av det organet som har best kunnskap om samiske forhold og kjenner behovene best», jf. St.meld. nr. 55 (2000-2001) s. 37.
25. mai 2000 fatta Sametinget vedtak om at tinget sine underliggjande råd, blant dei Samisk språkråd, skulle omorganiserast og leggjast inn under Sametinget frå 1. januar 2001.
Til grunn for Sametinget sitt vedtak ligg utgreiinga «Ansvar og administrasjon» av 23. mars 2000. Omorganiseringa byggjer på utgreiinga sitt forslag om ein «integrert sektoransvarleg avdelingsstruktur.» Dette inneber at Samisk språkråd blei lagt ned og erstatta med eit Samisk språkstyre som behandlar og vedtek reint språkfaglege spørsmål, t.d. skriveformer og terminologiar. Språkstyret sin administrasjon er lagt til ei ny språkavdeling i Sametinget. Omorganiseringa inneber at dei reint språkfaglege oppgåvene blir lagde til eit særskilt språkstyre, medan dei adminstrasjonsprega oppgåvene ligg til administrasjonen ved direktøren og dei fagpolitiske oppgåvene til Sametinget.
Kultur- og kyrkjedepartementet har teke opp med Sametinget spørsmålet om kva for konsekvensar Sametinget sitt vedtak etter deira syn ville ha i høve til samelova § 3-12 med forskrifter. Etter brevveksling og møte med Sametinget uttalte departementet følgjande i brev til Sametinget av 20. juni 2001: «Kulturdepartementet har i si vurdering av saka kome til at Sametinget ikkje har kompetanse innanfor det nogjeldande regelverket til å fatte eit vedtak som inneber at eit lovfesta organ blir lagt ned og omorganisert slik det følgjer av vedtaket i sak 23/00 nr. 6, jf. nr. 4. Kulturdepartementet har i utgangspunktet ingen innvendingar til realiteten i vedtaket. Departementet er oppteke av at forholda blir lagde best mogleg til rette for arbeidet for samisk språk, og vil utarbeide forslag til endringar i samelova kapittel 3 med forskrifter.»
1.3 Arbeidet med proposisjonen
25. januar 2002 sendte Kultur- og kyrkjedepartementet eit notat med forslag om endring av samelova § 3-12 med forskrifter på høyring til følgjande instansar og institusjonar:
Sametinget
Samerådet
Norske Samers Riksforbund
Samenes landsforbund
Samenes folkeforbund
Norske reindriftssamers landsforbund
Østsamene i Neiden
Skoltene i Norge
Nordisk samisk språknemnd
Nordisk samisk institutt
Reindriftsadministrasjonen
Finnmark fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Nordland fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Fylkesmannen i Finnmark
Fylkesmannen i Troms
Fylkesmannen i Nordland
Fylkesmannen i Nord-Trøndelag
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag
Alle departementa
Universitetet i Tromsø
Samisk høgskole
Norsk språkråd
Aja språksenter
Samisk språksenter, Porsanger
Samisk språksenter i Skånland/Evenes
Samisk språksenter Arran, Drag i Tysfjord
Isak Saba senteret, Nesseby
Tana kommune /Deanu gielda
Kautokeino kommune/Guovdageainnu suohkan
Karasjok kommune/Kárásjoga gielda
Porsanger kommune/Porsánggu gielda
Nesseby kommune/Unjárgga gielda
Kåfjord kommune/Gáivuona suohkan
Båtsfjord kommune
Kvalsund kommune
Alta kommune
Sør-Varanger kommune
Vadsø kommune
Vardø kommune
Berlevåg kommune
Gamvik kommune
Lebesby kommune
Måsøy kommune
Nordkapp kommune
Hammerfest kommune
Hasvik kommune
Loppa kommune
Lyngen kommune
Nordreisa kommune
Skjervøy kommune
Storfjord kommune
Balsfjord kommune
Bardu kommune
Berg kommune
Bjarkøy kommune
Karlsøy kommune
Lenvik kommune
Målselv kommune
Torsken kommune
Tranøy kommune
Kvænangen kommune
Tromsø kommune
Dyrøy kommune
Gratangen kommune
Harstad kommune
Ibestad kommune
Kvæfjord kommune
Lavangen kommune
Salangen kommune
Skånland kommune
Sørreisa kommune
Andøy kommune
Evenes kommune
Lødingen kommune
Sortland kommune
Narvik kommune
Tjeldsund kommune
Vestvågøy kommune
Vågan kommune
Øksnes kommune
Ballangen kommune
Beiarn kommune
Bodø kommune
Fauske kommune
Gildeskål kommune
Hamarøy kommune
Meløy kommune
Saltdal kommune
Skjerstad kommune
Sørfold kommune
Tysfjord kommune
Brønnøy kommune
Dønna kommune
Grane kommune
Hattfjelldal kommune
Hemnes kommune
Høylandet kommune
Leksvik kommune
Levanger kommune
Malvik kommune
Meråker kommune
Namdalseid kommune
Namsos kommune
Namsskogan kommune
Nærøy kommune
Rana kommune
Rennebu kommune
Rissa kommune
Snåsa kommune
Røros kommune
Røyrvik kommune
Selbu kommune
Steinkjer kommune
Stjørdal kommune
Trondheim kommune
Tydal kommune
Vefsn kommune
Verdal kommune
Verran kommune
Vikna kommune
Bindal kommune
Bø (Vesterålen) kommune
Flakstad kommune
Hadsel kommune
Herøy kommune
Leirfjord kommune
Lurøy kommune
Moskenes kommune
Nesna kommune
Rødøy kommune
Røst kommune
Steigen kommune
Sømna kommune
Træna kommune
Vega kommune
Flatanger kommune
Fosnes kommune
Frosta kommune
Grong kommune
Inderøy kommune
Leka kommune
Lierne kommune
Mosvik kommune
Overhalla kommune
Agdenes kommune
Bjugn kommune
Frøya kommune
Hemne kommune
Hitra kommune
Holtålen kommune
Klæbu kommune
Meldal kommune
Melhus kommune
Midtre Gauldal kommune
Oppdal kommune
Orkdal kommune
Osen kommune
Roan kommune
Skaun kommune
Snillfjord kommune
Ørland kommune
Åfjord kommune
Den alminneleg høyringsfristen var sett til 7. mars samme år. Sametinget fekk høve til å uttale seg om forslaget på bakgrunn av dei andre høyringsfråsegnene innan 18. april 2002. I tillegg til dei utpeika høyringsinstansane har alle som har bede om det, fått høyringsnotatet tilsendt for å kunne komme med ei evt. fråsegn.
Det kom inn i alt 27 høyringsfråsegner til notatet. Følgjande instansar har hatt realitetsmerknader til høyringsnotatet: Sametinget, Reindriftsforvaltninga, Kommunal- og regionaldepartementet, Fylkesmannen i Finnmark, Kautokeino kommune, Universitetet i Tromsø og Norske Reindriftsamers Landsforbund. Innhaldet i høyringsfråsegnene blir behandla seinare i proposisjonen i tilknyting til dei enkelte punkta i lovforslaget, men generelt kan ein seie at dei fleste høyringsinstansane sluttar seg til hovudinnhaldet i forslaga i høyringsnotatet.