3 Departementets vurderingar og forslag - § 3-12 andre ledd
3.1 Departementets forslag i høyringsnotatet
Samelova av 12. juni 1987 nr. 56 § 3-12 andre ledd har i dag følgjande ordlyd:
«Kongen gir nærmere regler om rådets sammensetning, organisasjon, funksjonstid, oppgaver m.v.»
I høyringsnotatet gjorde Kultur- og kyrkjedepartementet framlegg om å oppheve den noverande regelen i § 3-12 andre ledd som ein følgje av den foreslåtte endringa i § 3-12 første ledd. Endringa inneber at kompetansen til å organisere arbeidet for samiske språk blir lagt til Sametinget, jf. omtalen under punkt 2.3.1. Samstundes gjorde departementet framlegg om ny § 3-12 andre ledd med følgjande ordlyd: «Sametinget utarbeider hvert fjerde år en rapport til Kongen om situasjonen for samiske språk i Norge.»
3.2 Høyringsinstansanes syn
Sametinget har i si høyringsfråsegn ikkje uttala seg særskilt om forslaget til ny § 3-12 andre ledd.
Kommunal- og regionaldepartementet støttar forslaget.
Fylkesmannen i Finnmark uttalar følgjande om den foreslåtte rapporteringsordninga: «I forskriftens (§2) punkt 4 a og b står det at omfanget av bruken av samisk språk i lokale og regionale organ og samiske institusjoner, som omfattes av samelovens kapittel 3 og denne forskriften, skal rapporteres til Kulturdepartementet. Dette gjelder også Fylkesmannen, mens lover, regler og forskrifter vi forvalter har sentrale forvaltningsorgan som avsender. Vi vil derfor bemerke at det ville være naturlig at også departementers og direktoraters bruk av samisk i henhold til § 3-2 i sameloven ble gjenstand for rapportering.»
Reindriftsforvaltninga viser til lovforslaget, og uttalar at «Det kan tenkes at det er tilstrekkelig ut fra det forhold at det er i Sametingets interesse at samisk språk har gode vilkår.» Dei meiner at det ikkje vil vere tilstrekkeleg at Sametinget omhandlar samisk språk i si årsmelding, og grunngjev dette med at det i ei slik årsmelding kan vere vanskeleg å gå djupt nok ned i problemstillingane slik at samisk språk får det nødvendige vern.
3.3 Departementets vurdering
Som nemnd under punkt 2.3.1 vil Kultur- og kyrkjedepartementet framleis ha eit overordna ansvar for samelova sine språkreglar. For å kunne føre tilsyn med lova på ein best mogleg måte, er det viktig at departementet har informasjon om situasjonen for samiske språk i Noreg og om Sametingets språkarbeid.
Utkastet til lovtekst er formulert i lys av den nogjeldande forskrifta § 2 nr. 4 der det i 1.pkt. heiter at Samisk språkråd utarbeider ein årleg rapport til Sametinget om situasjonen for samisk språk i Noreg. Det vil seie at det allereie i dag eksisterer ei årleg rapporteringsordning heimla i forskrift til samelovens språkreglar. Det følgjer av den nogjeldande forskrifta § 2 nr. 4 andre ledd at Sametinget skal oversende Samisk språkråd sin årlege rapport til Kulturdepartementet, og leggje rapporten ved Sametingets årlege melding til Kommunaldepartementet.
Departementet tek difor ikkje her sikte på å opprette ein ny rapporteringsordning, men vil framleis knytte rapporteringa til Sametingets årsmelding som blir lagt fram for Kongen (Kommunal- og regionaldepartementet), jf. samelova § 1-3. Årsmeldinga blir lagt fram for Stortinget som ein del av ei stortingsmelding kvart år. Etter nogjeldande ordning omtalar Sametingets årsmelding språk, og slik vil det framleis vere, men forslaget til lovtekst sikrar at ein kvart fjerde år får ei grundig vurdering av situasjonen for dei samiske språka. Det vil ikkje vere naturleg med ei slik omfattande rapportering oftare enn kvart fjerde år. Rapporteringa blir då knytt til prinsippmeldinga om samepolitikken som Kommunal- og regionaldepartementet legg fram kvart fjerde år.
Når det gjeld kva ein rapport om situasjonen for samiske språk i Noreg nærare skal innehalde, vil det m.a. vere naturleg å legge til grunn formuleringane i den nogjeldande forskrifta § 2 nr. 4 der ein finn ei opplisting av tema for ei utgreiing om situasjonen for samiske språk i Noreg. Rapporten bør vise korleis dei ulike føresegnene i samelova kapittel 3 blir følgd opp i praksis. Dette inneber at rapporten m.a. bør omhandle omfanget av bruken av samiske språk i alle offentlege organ som blir omfatta av reglane, t.d. i departementa når dei utarbeider forslag til lover og forskrifter som skal omsetjast til samisk etter reglane i samelova § 3-2.
Vidare bør ein slik rapport m.a. innehalde informasjon om opplæring i og på samisk i offentlege utdanningsinstitusjonar, omfanget av bruken av dei samiske språka i dei ulike samiske busetjingsområda, og omtale forslag til tiltak for vern og styrking av dei samiske språka i Noreg.