2 Departementets vurderingar og forslag - § 3-12 første ledd
2.1 Departementets forslag i høyringsnotatet
Samelova av 12. juni 1987 nr. 56 § 3-12 første ledd har i dag følgjande ordlyd:
«Det opprettes et Samisk språkråd. Sametinget oppnevner rådets medlemmer og fastsetter hvem som skal være rådets leder og nestleder.»
Språkrådet sine funksjonar er bestemt i § 2 i forskrift fastsett av Kulturdepartementet 30. januar 1992. I høyringsnotatet gjorde Kultur- og kyrkje departementet framlegg om å endre § 3-12 første ledd slik at ein ikkje lenger er pålagt å ha eit språkorgan, men legg ansvaret for arbeidet med vern og vidare utvikling av dei samiske språka i Noreg til Sametinget. Departementet foreslo følgjande endring: «Sametinget har ansvaret for å legge til rette for vern og videre utvikling av samiske språk i Norge.»
2.2 Høyringsinstansanes syn
Fleire av høyringsinstansane støttar dette punktet i lovforslaget der Sametinget får ansvaret for å legge til rette for vern og vidare utvikling av dei samiske språka i Noreg. Universitetet i Tromsøviser til Stortingsmelding nr. 55 (2000-2001) der det blir teke til orde for å gje Sametinget større innverknad og auka kompetanse i saker som er av spesiell interesse for det samiske urfolket, og uttalar følgjande: «Universitetet i Tromsø støtter derfor forslaget om ny § 3-12 første ledd, som overlater til Sametinget å avgjøre hva som er den beste måten å organisere språkarbeidet på. Vi forutsetter at denne organiseringen styrker synliggjøringen av samisk språkpolitisk og språkfaglig arbeid i Sametinget. Det er videre en forutsetning at de økonomiske vilkårene for å ivareta ansvaret for vern og utvikling av samisk språk til enhver tid sikres.»
Sametinget har i si høyringsfråsegn foreslått følgjande endring i utkastet til § 3-12 første ledd: «Sametinget har fullmakt til å legge til rette for vern og videre utvikling av samisk språk i Norge på grunnlag av Grunnlovens § 110 a, internasjonale konvensjoner og den Europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.»
I Sametinget si grunngjeving for den foreslåtte endringa heiter det:
«I loven bør det stå at Sametinget gis fullmakt til å forvalte samisk språk i Norge og ikke at Sametinget får ansvaret for forvaltningen, da Sametinget er avhengig av de enkelte års bevilgninger på statsbudsjettet og kan således ikke ta det hele og fulle ansvar for denne saken så lenge Sametinget ikke har ubegrensede ressurser til disposisjon. Sametinget skal også i følge lovforslaget rapportere til departementet om utviklingen og da er det naturlig at departementet eller staten fortsatt har ansvaret for utvikling av samisk språk i Norge. Med fullmakt til å forvalte vil Sametinget kunne forvalte innenfor de rammer som til enhver tid er til disposisjon fra statens side. Det er også viktig at det understrekes i loven at forvaltningen av samisk språk skal skje på grunnlag av § 110 a i Grunnloven og på grunnlag av internasjonale konvensjoner som Norge har sluttet seg til og den Europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk som går lenger enn Samelovens språkbestemmelser i å definere hva som skal forefinnes på minoritetsspråk av offentlig informasjon.»
Fylkesmannen i Finnmark uttalar at han finn det rimeleg at § 3-12 og forskrifta blir endra i tråd med måten forvaltninga av samisk saker nå er organisert på.
Reindriftsforvaltninga peikar på at når Sametinget får kompetanse til å organisere arbeidet med språkvern og språkutvikling, så er det viktig at Sametinget opprettheld eit språkstyre som har eit fagleg ansvar for godkjenning av ordlister m.v. Dei uttalar vidare at dette organet også bør ha kompetanse til å fatte endeleg avgjerd i spørsmål der det oppstår usemje om formuleringa i offentlege dokument.
Norske Reindriftsamers Landsforbund foreslår at det i samelovas språkreglar klarare må kome fram at Sametinget også har ansvaret for vern av reindriftsterminologien.
Forslaget til lovtekst gjeld samiske språk i Noreg. Tidlegare har ein ofte berre brukt nemninga det samiske språket. Om dette uttalar Kommunal- og regionaldepartementet følgjande: «Kommunal- og regionaldepartementet merker seg at man i utkast til lov forplikter seg overfor de ulike samiske språk/dialektene. Vi støtter dette, og anser dette som en prinsipiell viktig videreutvikling av same- og språkpolitikken.»
Kautokeino kommunemeiner det er bra at ein no nyttar nemninga samiske språk for å likestille samiske dialekter/språk i Noreg. Reindriftsforvaltninga meiner at nemninga språk bør nyttast i lovteksten, og ikkje språk/hovuddialektar. Dei meiner dette vil få tydelegare fram at det er tre offisielle samiske språk i Noreg.
Norske Reindriftsamers Landsforbund er einig med departementet i at ein må presisere at det finnest fleire samiske språk/hovudddialektar; nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk og austsamisk/skoltesamisk, og at alle skal ha lik rett til vern og vidare utvikling. Universitetet i Tromsø viser også til at lovforslaget skal sikre arbeidet med vern og utvikling av dei samiske språka/dialektane, men understrekar at også dialektmangfaldet innan nordsamisk må takast vare på i språkarbeidet.
2.3 Departementets vurderingar
2.3.1 Høyringsnotatet
I høyringsnotatet skreiv Kultur- og kyrkjedepartementet m.a. følgjande i si vurdering av lovforslaget:
«Utkast til nytt § 3-12 første ledd er i tråd med prinsippa som det er gjort greie for i Stortingsmelding nr. 55 (2000-2001) Om samepolitikken om å overføre meir kompetanse til Sametinget. Lovforslaget inneber at arbeidet for samiske språk blir organisert av det organet som har best kunnskap om samiske forhold og kjenner behova best.
Etter gjeldande rett er kompetansen til å fastsette nærare reglar for organiseringa av arbeidet for samisk språk lagt til Kongen, jf. samelova § 3-12 andre ledd ovanfor. Denne kompetansen er ved kgl. res av 20. desember 1991 nr. 823 lagt til Kulturdepartementet, no Kultur- og kyrkjedepartementet. Departementet gjer framlegg om at ein ved lov gjev Sametinget kompetanse til å organisere arbeidet for samiske språk. Dette inneber at det blir opp til Sametinget å avgjere korleis dette språkarbeidet skal gå føre seg, t.d. om det skal vere eit særskilt organ og kva for oppgåver eit slikt organ evt. skal ha. Men forslag til lovtekst presiserer at formålet med språkarbeidet skal vere språkvern og språkutvikling.»
Det blei i høyringsnotatet presisert at Kultur- og kyrkjedepartementet framleis vil ha eit overordna ansvar for arbeidet med samiske språk gjennom forvaltninga av samelova sine språkreglar. Departementet har framleis eit tilsynsansvar, og vil kunne gripe inn ovafor Sametinget i kraft av å vere forvaltar av språkreglane i samelova, som heimlar Sametinget sin kompetanse. I høyringsnotatet blei det òg vist til at lovforslaget er i tråd med prinsippa i Grunnlova § 110 a og ulike internasjonale konvensjonar om samisk språk som Noreg har ratifisert, t.d. den Europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.
Sametinget har i si høyringsfråsegn gjort framlegg om ei endring i høve til departementet sitt forslag. Sametinget ønskjer ei formulering der dei får «fullmakt til» å leggje til rette for vern og vidare utvikling av samisk språk i Noreg. Bakgrunnen for dette er at Sametinget meiner dei ikkje kan ta ansvaret for å forvalte samisk språk så lenge dei ikkje har uavgrensa ressursar til disposisjon. Sametinget peikar òg på at så lenge dei ifølgje lovforslaget skal rapportere til departementet om situasjonen for samiske språk, vil det vere naturleg at departementet eller staten framleis har ansvaret for utvikling av samiske språk i Noreg.
Departementet viser til høyringsnotatet der det blir presisert at Kultur- og kyrkjedepartementet framleis vil ha eit overordna ansvar for arbeidet med samiske språk gjennom forvaltninga av samelova sine språkreglar. Lovforslaget var meint å innebere at Sametinget skal arbeide for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg, og at Sametinget sjølv kan få avgjere korleis dei nærare vil organisere dette arbeidet.
Når det gjeld å gje Sametinget det nærare ansvaret for arbeidet med samiske språk, er det i samsvar med det som er situasjonen i dag. Etter gjeldande rett har Samisk språkråd «ansvaret for å utvikle og bevare samisk språk i Norge», jf. forskrift til samelovens språkregler § 2 nr. 2. I følgje Sametinget er rådet sine oppgåver no flytta over til Samisk språkstyre og Sametinget si språkavdeling etter at Sametinget omorganiserte si verksemd. Lovforslaget vil difor ikkje pålegge Sametinget noko nytt eller meir omfattande ansvar enn det dei allereie har påteke seg.
2.3.2 Nytt forslag til § 3-12 første ledd
Departementet meiner det er uheldig dersom lovforslaget er egna til å skape tvil om kven som har det overordna ansvaret for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg. Departementet finn difor grunn til å endre sitt opphavlege forslag til § 3-12 første ledd, sjå nedanfor. Det følgjer både av Grunnlova § 110 a og internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til, at styresmaktene har eit overordna ansvar for å legge til rette for vern og utvikling av samiske språk. Styresmaktene følgjer opp dette ansvaret ved å påleggje Sametinget å drive samisk språkarbeid, og må ta omsyn til desse pliktene i sine løyvingar til Sametinget. Sjå elles omtalen under kap. 4 Økonomiske og administrative konsekvensar.
Det er likevel ikkje etter departementet si oppfatning nødvendig å bruke omgrepet «fullmakt» i lovforslaget slik Sametinget gjer framlegg om for å klargjere ansvarsforholdet. «Fullmakt» er lite egna i denne samanhengen då det ikkje er eintydig og kan bidra til å gjere lovteksten uklar. Det vil heller ikkje gå fram av lovteksten at Sametinget har plikt til å arbeide for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg. Som nemnd ovafor eksisterer det allereie ei slik plikt etter forskriftene til samelovens språkreglar, og departementet ønskjer ikkje å endre dette.
Sametinget har i sitt framlegg til ny § 3-12 første ledd vist til at forvaltninga av samiske språk skal skje på grunnlag av § 110a i Grunnlova og på grunnlag av internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til, og meiner at det er viktig at dette kjem til uttrykk i lova. Departementet finn inga grunn til å presisere at det samiske språkarbeidet skal skje på grunnlag av Grunnlova § 110 a og internasjonale konvensjonar som Noreg har ratifisert. Dette er noko som ligg til grunn for og som det blir teke omsyn til ved all lovforvaltning i Noreg. Det er difor ikkje nødvendig å slå fast i lovteksten noko som er sjølvsagt, nemleg at norske styresmakter opptrer i samsvar med Grunnlova og internasjonale konvensjonar som Noreg er bunden av. Ved å vise til nokre, men ikkje alle relevante internasjonale konvensjonar i lovteksten, vil ein òg kunne skape tvil om kva for plikter som er omfatta av lovteksten.
På bakgrunn av det som er sagt ovafor finn departementet grunn til å endre sitt opphavlege forslag til § 3-12 første ledd. I samsvar med drøftinga som her er gjort, gjer departementet følgjande framlegg til ny § 3-12 første ledd: «Sametinget skal arbeide for vern og videre utvikling av samiske språk i Norge.»
Departementet finn det ikkje naturleg å presisere nærare i lovteksten kva dette språkarbeidet skal omfatte eller korleis arbeidet skal organiserast innanfor dei rammene lovforslaget set slik Reindriftsforvaltninga og Norske Reindriftsamers Landsforbund gjer framlegg om. Dette er best i samsvar med dei prinsippa som er lagt til grunn i samepolitikken.
2.3.3 Samiske språk
Forslaget til lovtekst gjeld samiske språk i Noreg. Tidlegare har ein ofte berre brukt nemninga det samiske språket. Departementet vil med fleirtalsformuleringa presisere at ein i Noreg har fleire samiske språk; nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk og austsamisk/skoltesamisk. Sametingets arbeid skal omfatte alle desse. Samstundes vil det vere ein viktig del av arbeidet å ta vare på dialektane innanfor desse språka.
Fleire av høyringsinstansane har merka seg denne endringa, og støttar departementet sitt forslag. Departementet har i samråd med Sametingets språkavdeling nytta nemninga samiske språk i utkastet til ny lovtekst.